Sommarmagasinet Grannar 2013

Page 31

Lyden av sommar Grethe Hopland Ravn Journalist Grannar

SKRÅBLIKK Det er sommar, det er etter alle solemerke både varmt, godt og nydeleg vêr. I slike stunder når ein sit på trappa ein vakker kveld, med litt vin i glaset og ser sola gå ned bak Børkjeneset, er det ikkje så vanskeleg å kjenna freden smyga seg inn i mellom musklar og skjelett. Om då statskanalen i form av Nattønsket sender romantiske brevduer gjennom ein sprakande eter er det ikkje fritt for at ein tar ei aldri så lita tidsreise tilbake i tid. Ikkje så langt tilbake då, men for ein 75-modell er det noko mektig og magisk over første halvdel av 90-talet. Sommaren ’91 var året Michael Bolton raspa opp mangt eit ungt pikehjarta med sin legendariske «When a man loves a woman». Det var i grunnen ikkje sjølve Michael Bolton som sørgde for både vibrerande kneskåler og bankande hjarta, men stemma hans. For ikkje å snakka om tidlause «slows», på den lokale disco’en, midlertidig omfamna av ein lokal superhelt som lukta ei blanding av maskulinitet og sveitt manneparfyme. Denne somma ren va r eg 16 å r! Ungdomsskulen var eit tilbakelagt stadium, og verda sto for mine føter. Kveldane var lange, og etter mitt minne både lyse og varme, og min faste følgjesvein gjennom sommarnatta var Nrk P1. Det var ikkje berre Michael Bolton som song meg i senk, men også Bryan Adams losa meg romantisk gjennom dei stille timane, mens han song berre for meg. «Everything I do – I’ll do it for you» Det visuelle uttrykket slukte eg gjennom smukkasen Kevin Costner i rolla som Robin Hood, og lista for aktuelle draumeprinsar blei med dette lagt skyhøgt. Kven kan vel slå Kevin Costner, i skinnklede, ridande på ein hest i eit forsøk på å redda prinsessa, mens Bryan Adams song med andenaud i bakgrunnen! Sukk…! Som 16-åringar flest, svinga eg meg sorglaust gjennom sommarferien, mens det meste handla om framtidsdraumar, listepop og soft-is. Paula Abdul prega den batteridrivne kassettspelaren min med låten «Rush Rush» i rolege stunder, mens DJ Jazzy Jeff og Fresh Prins fekk hip-hop-foten til å rykka med låten «Summertime». For ikkje å snakka om R.E.M og «Loosing my religion», eller Mariah Carey med den hjarteskjerande «I don’t wanna cry» som passar utmerka godt for ei real kjærleikssorg. Når du er 16 år, er du liksom litt meir vaksen (trur du), enn året før.

Navlestrengen er ikkje heilt klipt av, men det er ikkje så langt ifrå. Fasade er eit nøkkelord når ein er 16 år, på lik linje med vener, aksept, flørt og ikkje minst «vanskelege» foreldre, som meiner navlestrengen er tjukkaren enn den i realiteten er. I skrivande stund er det 22 (!) år sidan eg var «young and sweet – only sixteen», men eg kan framleis kjenne lukta av Nivea solkrem og Lóreal hårspray som fekk luggen min til å stå i perfekt boge cirka 20 centimeter opp frå panna. Eg hugsar også den gode dongerishortsen som sat som eit skot og den moteriktige Levi’s genseren som eg stal frå klesskapet til far min. Tennissokkane med tre striper var hakket kulare enn dei med berre to striper, og raude basketsko var ein soleklar innertiar. Det har runne mykje vatn i havet sidan sommaren 1991, og sommarkveldane er ikkje heilt dei same som før. No skal sommarkveldane delast med min eigen Kevin Costner, vel å merka utan kvit hest, våre tre håpefulle og ein firbeint lodott som har «Ædda Bædda» som livsmotto. Då er det ekstra godt når kvelden nesten blir til natt, og eg kan setja meg ned på trappa, med vin i glaset og nattradioen surrande i bakgrunnen. Om då slagerar frå 1991 tonar ut i sommarnatta, tar det ikkje lange tida før tidsreisa mi er eit faktum. God sommar!

31


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.