Programhefte 2013

Page 6

TI ÅR MED MUSIKKFEST Gloppen kammermusikkfestival var i si tid eit initiativ frå Adele Eikenes og Are Frode Søholt – og hadde sin spede oppstart i 2003. Are Frode var produsent og leiar frå starten og fekk med seg på laget kulturengasjerte glopparar, musikkvener frå ulike studiestader, lokale musikarar, både profesjonelle og amatørar. Det var fire arrangement med eit høgt kunstnarleg nivå. Budsjettet var minimalt;ingen honorar og 475 selde billettar til 50 kroner pr. pers. På den første konserten – 15. august 2003 – vart det framført songar av Schubert, Debussy, Barber og andre. Det var eit vakkert program – konsentrert rundt vokal kammermusikk. For åra framover hadde ein ambisjonar om konsertar med kunstnarar frå fylket, Noreg og verda, - OG eit ynskje om å gje noko ekstra til musikkinteresserte born og unge frå fylket. Og desse ambisjonane er framleis ei god rettesnor. I år kan vi invitere til 15 offentlige arrangement og 11 seminar for spesielt inviterte, dei fleste av dei retta mot born og unge. Mykje har endra seg, og noko består! Blant dei unge som var med på den første festivalen finn vi Ingvild Storhaug – som sidan har vore attende fleire gongar – mellom anna som heks i 2008, og i år som produsent for «Folketonar for vår tid». Tone Støylen, som no er distriktsmusikar i Gloppen, var engasjert som akkompagnatør i 2003. Og frå 2004 har vi ein nydeleg biletserie med Madelene Berg som då var 14 og med som seminardeltakar. I år er ho tilbake som profesjonell musikar. Andre namn gjennom åra: Det Norske Solistkor, Håvard Gimse, Peter Schreier, Per Arne Glorvigen, Jan Erik Vold, Einar Økland med fleire. Bestillingverk og urframføringar har vorte ein viktig tradisjon for festivalen. Marcus Paus, Ola Gjeilo, Kjell Habbestad og no Magnar

www.gloppenmusikkfest.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.