Page 1

GLO PPEN MUSIK KFEST2013 29. AUGUST – 1. SEPTEMBER

JUB EL!

PROGRAMHEFTE


ADMINISTRASJON OG STYRE Festivasjef /dagleg leiar: Hanne B Oftedal Kunstnarleg leiing Nora Taksdal Audun Andre Sandvik Per Kristian Skalstad Styret for Stiftinga Gloppen Musikkfest Styreleiar: Kjell Arnestad Nestleiar og økonomiansvarleg: Anders Rinde Styremedlemmar: Lars Endre Gimmestad, Reidun Sandøy Os, Solfrid Bjørkum, Inger Marie Sande. Stabsleiarar Festivalkoordinatorar: Viviann Alme og Ane Bergliot Oftedal Inspisientar: Ane Bergliot Oftedal, Ingrid W Eskeland, Ruben A K Ramslien, Ruben Skinlo, Vivian Alme

www.gloppenmusikkfest.no

Kjøkkensjefar: Reidun Sandøy Os og Margot Andenes Barsjef: Ivar Bruun Folkeopplysar og ansvarleg for musikkfaglege tekstar: Arne Søholt Skribent og ansvarleg for musikaromtale: Nora Taksdal Lagleiar Musicians United 2013: Jan Kjetil Øygard Frivillege: elevar frå Firda vidaregåande skule og medlemmar av venneforeininga Grafisk arbeid Firda vgs mediesenter Geir Skagen


JUBEL! KJÆRE PUBLIKUM Gloppen Musikkfest har teke mål av seg til å stå fram som fylket sin klassiske musikkfestival. Den store økonomisk støtta frå norsk kulturråd og frå Sogn og Fjordane fylkeskommune er prov på at vi er i ferd med å lukkast. God og nødvendig støtte får vi også frå Gloppen kommune og frå næringslivet i fylket og lokalt. Den økonomiske ryggdekninga gjer oss i stand til å presentere eit variert program med kunstnarar av ypparste kvalitet. Slik også i jubileumsåret: familiekonsert med Bergen Filharmoniske, folkemusikk med spennande vri, kammermusikk, solistkonsertar og litterært nattbad. Musikarar og songarar med namn frå den lokale, nasjonale og internasjonale arena. Ta deg tid til å studere programmet og vel deg ut dine arrangement! Prøv gjerne noko som er litt framant og nytt for deg! Vi lovar deg ei god oppleving. Vel møtt! Kjell Arnestad styreleiar


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

GLOPPEN KOMMUNE

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE www.gloppenmusikkfest.no


(Foto Geir Skagen)

KJÆRE PUBLIKUM! Det er med glede og forventning vi ønsker velkommen til 10 års-jubileum i Gloppen! I år sammenfaller flere store jubileer, og med «Jubel!» som overskrift håper vi årets festival skal sette oss i riktig feststemning! Vi får igjen besøk av noen av de beste musikere vi kjenner, og vi gleder oss til å spille sammen med dem! Ny og gammel musikk, – spillegleden skal gjennomsyre alt sammen! Vi sees og høres på konsert! Hilsen Per Kristian , Nora og Audun


TI ÅR MED MUSIKKFEST Gloppen kammermusikkfestival var i si tid eit initiativ frå Adele Eikenes og Are Frode Søholt – og hadde sin spede oppstart i 2003. Are Frode var produsent og leiar frå starten og fekk med seg på laget kulturengasjerte glopparar, musikkvener frå ulike studiestader, lokale musikarar, både profesjonelle og amatørar. Det var fire arrangement med eit høgt kunstnarleg nivå. Budsjettet var minimalt;ingen honorar og 475 selde billettar til 50 kroner pr. pers. På den første konserten – 15. august 2003 – vart det framført songar av Schubert, Debussy, Barber og andre. Det var eit vakkert program – konsentrert rundt vokal kammermusikk. For åra framover hadde ein ambisjonar om konsertar med kunstnarar frå fylket, Noreg og verda, - OG eit ynskje om å gje noko ekstra til musikkinteresserte born og unge frå fylket. Og desse ambisjonane er framleis ei god rettesnor. I år kan vi invitere til 15 offentlige arrangement og 11 seminar for spesielt inviterte, dei fleste av dei retta mot born og unge. Mykje har endra seg, og noko består! Blant dei unge som var med på den første festivalen finn vi Ingvild Storhaug – som sidan har vore attende fleire gongar – mellom anna som heks i 2008, og i år som produsent for «Folketonar for vår tid». Tone Støylen, som no er distriktsmusikar i Gloppen, var engasjert som akkompagnatør i 2003. Og frå 2004 har vi ein nydeleg biletserie med Madelene Berg som då var 14 og med som seminardeltakar. I år er ho tilbake som profesjonell musikar. Andre namn gjennom åra: Det Norske Solistkor, Håvard Gimse, Peter Schreier, Per Arne Glorvigen, Jan Erik Vold, Einar Økland med fleire. Bestillingverk og urframføringar har vorte ein viktig tradisjon for festivalen. Marcus Paus, Ola Gjeilo, Kjell Habbestad og no Magnar

www.gloppenmusikkfest.no


Åm. Vi er stolte av at vi kan bidra til at det skrivast ny musikk i Noreg. I 2004 var både Audun Sandvik og Per Kristian Skalstad på plass, og sidan har dei vore her! I dag er dei kunstnarlege leiarar i selskap med Nora Taksdal, og vi som administrerer festivalen og de som publikum nyt godt av deira posisjon i norsk og europeisk musikkliv. Langsamt har festivalen utvikla seg – frå fokus på vokalmusikk til kammermusikk, frå ein arena for musikkstudentar med nokre profesjonelle utøvarar til ein festival med artistar og musikarar i nasjonalt og internasjonalt toppsjikt. Samstundes har det skjedd ei kolossal endring i lokalitetar og utstyr: I 2009 åpna Trivselshagen, og med den heilt nye mulegheiter: Kultursal, flygel, bibliotek, nye rom og nytt utstyr. Samlokalisering av kulturskule, Firda vgs og andre betyr og mykje for ein organisasjon som er avhengig av samarbeid og av å låne instrument og utstyr av andre. For nokre år sidan flytta vi festivalen frå sommarferien til starten av skuleåret – slik at både vi, skulane og viktige samarbeidspartnarar som kulturskulen, biblioteket og Firda vgs kan få meir ut av samarbeidet. Dei siste åra har det og vorte viktig at vi er ein festival for heile Sogn og Fjordane, – og vi set stor pris på at både fylkeskommunen og Gloppen kommune ynskjer å gje oss denne posisjonen. Ei stor takk til alle som har støtta opp som publikum, som frivillege, som samarbeidspartnarar, støttespelarar, rådgivarar og utfordrarar. I år som tidlegare år håper vi du som publikum finn noko du likar, at du vert begeistra, let deg bli gripen, kanskje forundra eller overraska. Vi ønskjer dykk velkomne i år og vel møtt i åra framover. Med helsing Hanne B Oftedal – festivalsjef


KR KR KR

Sparekonto Høgrente Spar inntil 30 000 kroner i året med 3,5 % rente ssf.no/hogrente • tlf. 57 82 97 00

www.gloppenmusikkfest.no

meirennbank.no


KUNSTNARLEG LEIING:

PER KRISTIAN («PK») SKALSTAD er Gloppen musikkfest (GMF) sin fiolinist og dirigent. Han spelar på fiolinen til sjølvaste Johan Halvorsen, som til liks med PK vaks opp i kulturbyen Drammen. Med ein omfattande kulturkarrière å vise til, vigslar PK seg no i aukande grad til direksjon. Det siste året har han figurert på konsert- og operapodium i inn- og utland, og fått ei glitrande rad avisomtalar. Fire born er heller inga hindring for maestro PK. Sjølv under GMF er han å finne på joggetur på Sandane, i same tempo som han vanlegvis boltrar seg på sin kunstnarlege løpebane. PK har elles eit frapperande talent som imitator, med mange markante musikarar på parodi-repertoaret sitt. I AUDUN SANDVIK gjekk det utan tvil ein profesjonell fotballspelar (Brann!) tapt då han som ung fekk kyssesykje. Heldigvis har Audun like gode driblefingrar som –føter, og no fintar han enkelt vekk dei fleste andre cellostjernene. Som solist mellom andre med KORK og Det norske kammerorkester blir han stadig attkjent på gata etter solo-framføringar på TV. Han er også ein populær cellolærar ved Musikkhøgskolen. Som bergensar stortrivst Audun i hovudstaden etter at han tok maraton-, skiløypene og skjergarden i eige. Han eig ein seglbåt saman med Anders Nilsson, og dei utgjer ein særs gjestfri kaptein-duo. Bratsjisten NORA TAKSDAL er i år for første gong formelt med i den kunstnarlege leiinga for GMF, men ho har lurt både i og framanfor kulissene i fire år. Som flytteunge med mor frå Vadsø og far frå Jæren, har Nora røtene sine over heile landet – dvs ingen stader. Derfor har ho definert seg både som ihuga gløppar og oslopatriot, sidan ho bur i Oslo med dei tre døtrene sine. Nora er solobratsjist i KORK og laus-journalist med artiklar i musikkmagasin og innslag i P2. Ho er den einaste av dei kunstnarlege leiarane som ikkje joggar på Sandane. Nora er ein vandrar. Ho synest nordfjordlandskapet fortener rom og omhug.


Foto: Magnus Skrede

Kultur skapar trivsel! SFE støttar lag, organisasjonar og arrangement i Sogn og Fjordane. Dette gjer vi fordi kultur og idrett skapar trivsel og bulyst. Sogn og Fjordane Energi • www.sfe.no • 57 88 47 00

www.gloppenmusikkfest.no


MUSIKARAR:

Foto: CF-Wesensten/kolonihaven.no

Vår faste pianist SVEINUNG BJELLAND er ein av hovudgrunnane til at stadig fleire oppsøkjer Gloppen Musikkfest. Han er ein ettertrakta solist og kammermusikar på internasjonale podium. Han har studert med professor Hans Leygraf ved Mozarteum i Salzburg, og ved Hochschule der Künste i Berlin. I 1999 vart Bjelland kåra til «Årets unge solist» av Rikskonsertane. Han har fått fleire prisar, som Levin-prisen og Shell-prisen. Sveinung har vore solist med alle dei største orkestera våre, under profilerte dirigentar. Han har vore med på mange innspelingar. Sveinung er også ein særs dyktig fotograf. Det er ei ære å ha han her kvart år. Vi er særs nøgd med å ha ein jærbu på programmet i år. Tenoren MAGNUS STAVELAND frå Bryne. Han har studert i Oslo og København. Magnus opptrer rundt i verda på dei leiande operascenene, saman med dirigentar og medsolistar av format. Han er også å finne på mange glimrande cd-ar. Likevel er han ein avslappa og behageleg natur, og sine veners ven. Vi ser særleg fram til hans framføring av Schubert-lieder i Trivselshagen laurdag kveld.

ARVE TELLEFSEN har gått i bresjen for norsk klassisk musikk Foto: Tim Bjørn

i bokstaveleg tala ein mannsalder. I oppveksten kunne han berre drøyme om det musikklivet vi har i dag, og som han har ein stor del av æra for. Arve måte gå stega åleine, og dei har sett djupe spor. Som leiar av Oslo Kammermusikkfestival får han mange av våre unge utøvarar fram i lyset. Arve har ein varm, raus, saftig og djerv klang – både som menneske og fiolinist – som er i særklasse. Og han er råsprek, med killer-instinkt på fotballbana, noko tilskuarane vil kunne fastslå ved grasmatta på Sandane laurdag kl. 17.00. Det er i takksemd og begeistring vi ønskjer Arve velkomen til Gloppen.


Tid til gode relasjonar

w w w . o k o n o r. n o

Tid til gode relasjonar

Økonor Gloppen Sørstrandvegen 6, Pb 100 Når vi tar rekneskapet får du meir tid til kundar 6821 Sandane Ø og medarbeidarar - til beste for di verksemd. Tlf. 57 86 86 00 S

Når vi tar rekneskapet får du meir tid til kundar og medarbeidarar - til beste for di verksemd.

6 T

Økonor Gloppen Telefon: 57 86 86 00 · E-post: gloppen@okonor.no www.gloppenmusikkfest.no


Foto: Jan Ivar Vik

Cellist AAGE KVALBEIN føyer seg inn i rekkja av atletiske GMF-strykarar. Han er ein lynkjapp milslukar, både på ski og på sine veltrente bein. Han og Audun er stadig i kondis-kappestrid mellom trestammane i oslomarka. Aage spelte ei årrekkje i Oslo Trio, saman med pianist Jens Harald Bratlie og fiolinist Stig Nilsson (far til GMF-fiolinist Anders). Aage er aktiv både som solist, kammermusikar og sjølsagt på GMF-fotballbana. Publikum har stor glede av hans cd- og konsertserie «Vin og musikk», som kombinerer øyrets og ganens gleder. Aage har sitt daglege virke som professor ved Norges Musikkhøgskole.

IDA BRYHN tilhøyrer Noregs aukande skare med briljante bratsjis-

Foto: Blunderbuss

tar og er ein av dei kollegaene Nora set størst pris på, etter som Ida får fram både det elegante, uttrykksfulle og ettertenksame gjennom spelet sitt. Ida er ettertrakta ved kammermusikkfestivalar over heile verda. Ho studerte sjølv i Oslo og Stockholm, og i Boston hos professor Kim Kashkashian. Etter nokre år i Oslo-filharmonien er Ida no solobratsjist både i Det Norske Kammerorkester og i Philharmonia Orchestra i London. Ho er i tillegg ein avhalden pedagog. Til hausten tiltrer ho som bratsjprofessor ved engelske Royal College of Music. Ida har ein eigen festival i familehuset i Frankrike, i ein låve frå 1700-talet med klingande golv av kirsebærtre.

ANDERS NILSSON, fiolin, har dei seinare åra delt sitt musikkvirke mellom moras heimland, Noreg, og farens opphavelege heimland, Sverige. Anders snakkar tidvis på grensa til svorsk, men i Gloppen ser vi stort på dét for han er slik ein vidunderleg musikar. Som Audun seier: «Anders som spiller, er som solen der den stiger opp.» Det er berre å kjøpe ein av cd-ane hans for å vurdere sjølv. Han var i fjor solist med Oslo-filharmonien, spelte inn cd, og heldt ei rekkje konsertar som solist eller konsertmeister i ulike orkester, m.a. KORK. Anders er kunstnarleg leiar ved Hardanger Musikkfest. Han har vunne mange internasjonale prisar. Anders Spelar på ein fiolin frå 1714, bygd av Alessandro Gagliano i Napoli.


Fiolinist KARI STANDAL PAVELICH er fødd i Ålesund, men er busett på Nordfjordeid. Ho er godt kjent som operasjef på Eid, og blei tildelt Fylkeskulturprisen i 2005 for pionérinnsatsen sin. I 1998 grunnla ho Opera Nordfjord saman med mannen sin, songaren Michael Pavelich. Kari er utdanna fiolinist mellom anna frå USA. Det er inspirerande for GMF å samarbeide med ein musikar som har medverka til ei så rik musikkblomstring i fylket som Kari. Fiolinist MADELENE BERG – oppvaksen på Nordfjordeid med finske foreldre – var med på GMF i fjor og vart fluksens reengasjert. Ho er no busett i Oslo der ho studerer til bachelor. Madelene er ei av dei unge solistane i Sogn og Fjordane, allereide med ei rikhaldig merittliste. Ho begynte som seksåring hos Olga Pavlova ved kulturskulen på Eid. Sidan heldt ho fram ved Barratt-Dues Musikkinstitutt i Oslo med Alf Richard Kraggerud som lærar. Ho har deltatt ved ei rekkje kurs, festivalar og konsertseriar over heile Europa, og har også studert ved Chetnam School of Music i Manchester. Med sitt vidd og gode humør er Madelene svært populær blant sine GMF-kollegaer.

ØYVIND BJORÅ er ekte oslogut, frå Ekebergåsen ved hovudstadens vogge. Han er nett blitt far til det tredje barnet sitt: dottera Ingeborg. Øyvind imponerte stort på fotballbana under GMF i forfjor, då det blei tatt sportsbilde av han som gjorde inntrykk, ikkje minst på kona hans. Øyvind har studert ved Barratt-Dues Musikkinstitutt og i USA. Han har vore 1. konsertmeister i dei profesjonelle orkestra i Trondheim og Bergen, og har no tilsvarande stilling i Den Norske Opera. Som ein glimrande fiolinist, alltid påpasseleg konsertmeister og utdanna dirigent, er han ein ettertrakta ensembleleiar, mellom anna for Det Norske Kammerorkester.

www.gloppenmusikkfest.no


GRO SANDVIK solofløytist i Bergen Filharmoniske Orkester 1967-2005. Fra 1964 hadde hun den samme posisjonen i Stavanger Symfoniorkester. Hun er nå professor emerita ved Griegakademiet, UiB, der hun har undervist siden 1965. Hun har i alle år hatt en aktiv og særdeles omfattende karriere som solist og kammermusiker og har bestilt og urfremført en rekke verk. Hennes store interesse for musikalsk kommunikasjon på alle plan har blant mye annet resultert i flere fremførelser av J. Corigliano´s fløytekonsert The Pied Piper Fantasy der hun som solist hadde med seg 100 fløytespillende barn på podiet. Som dedikert og ettertraktet pedagog har hun vært fast gjest ved store internasjonale fløytefestivaler i blant annet USA, på Costa Rica og i Polen. Hun er også æresmedlem av Norsk Fløyteforum og Bergens Kammermusikkforening og fikk i 2012 Kongens Fortjenstmedalje for sin innsats. Gro har seminar med alle distriktmusikarane på torsdag, og masterclass med fløytelevar frå heile fylket laurdag formiddag.

ELDRID LUNDEN er norsk poesis grand old lady. Ho vart fødd i 1940 i Naustdal i Sunnfjord, og debuterte i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli. Til no har ho gjeve ut ti diktsamlingar, den hittil siste, Flokken og skuggen, kom i 2005. Mange av dikta prøver å sirkle inn det vi ikkje heilt kan setje ord på; noe om skuggene og det som finst der, noe om lys og mørke, noe om møtet med eit anna menneske. Ved sida av dikta har ho skrive essays, og ho har arbeidd som ungdomsskulelærar og ved lærarutdanninga i Volda. Frå 1982 var ho med å starte og drive Forfattarstudiet i Bø, ved Høgskulen i Telemark. Der har ho gjennom åra hjulpe fram mange norske forfattarrøyster, frå 1996 med tittelen professor i skrivekunst. Eldrid Lunden har mellom anna fått Brageprisens heiderspris i 2000, og i 2003 vart ho utnemd til æresdoktor ved universitetet i Gøteborg.


TORSDAG 29. AUGUST

FREDAG 30. AUGUST

14.00

10.00

Magnar Åm snakkar om verket «heimanfrå» som skal urframførast på konserten fredag kveld klokka 20:00. Aulaen, Firda vgs. Gratis.

ved Nora Taksdal og Per Kristian Skalstad. Aulaen, Firda vgs. Gratis.

18.00

Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane frå heile fylket i bilhallen på Frydenbø bilsenter. Gratis. Gloppen Hotell sel tapastallerken – Frydenbø serverer kaffe og te.

Møt komponisten

– Er det sant, du kan ride i luften? Opningskonsert – med Bergen Filharmoniske Orkester. Peer Gynt-suite av Edvard Grieg.

Kåseri - om årets festivalprogram 12.00

– Noe lett kom med lyset

18.30

I samarbeid med Gloppen kommune og Trivselshagen. Kultursalen, Trivselshagen. Bill kr 350/100.

Mottaking med ord og tonar

20.00

– Ti tonen har fått hele mitt sinn

Torsdagskveld frå Gloppen hotell Audun Sandvik, Sveinung Bjelland m.fl. Kammerkonsert med laus snipp. Stovene på Gloppen hotell. Bill i døra, kr 100/50.

Biblioteket i Trivselshagen. Gratis. 20.00

Folketonar for vår tid – med Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Elin Grytting, Jon Oddvar Kandal. Bestillingsverket «heimanfrå» av Magnar Åm, for fire folkemusikarar og strykarar. Kultursalen, Trivselshagen. Billett kr 300/50 22.00

– Ei opa rørsle i lufta - SOGN OG FJORDANE SIN KLASSISKE MUSIKKFESTIVAL

Litterært Nattbad. Eldrid Lunden i samtale med Hege Woxen. Musikk ved Unni Løvlid. Biblioteket i Trivselshagen. Billett kr 150/50.

Billett for heile kvelden: kr 350/50 www.gloppenmusikkfest.no


LAURDAG 31. AUGUST

SØNDAG 1. SEPTEMBER

14.00

15.00

med Nora Taksdal o.a. på Gloppen Hotell. Billett kr 50. Mat og drikke vert å få kjøpt. 17.00

Matiné i Vereide kyrkje med strykeensemble, Magnus Staveland og Arve Tellefsen. I samarbeid med Vereide kyrkje. Billett kr 250/50

Kafékonsert

Kjensla av eit mislykka brassespark – i garderoben… Fotballkamp. Musicians United mot musikkungdomen på Firda vgs 19.00 – 23.00

Konsertkveld. Musikk, mat og vin i Trivselshagen. 19.00

– Ein levande sommarfuglveng Sveinung Bjelland med gjestar. 20.00

– Nokon må ha vore her før Magnus Staveland med følge. 21.00

– Berørt av ein felles rytme Strykande kammermusikarar. 22.00

– Sangen som syng

Arve Tellefsen – med ord og tonar. Publikum kan kjøpe seg inn på ein eller fleire av konsertane. Billett kr 150/50 for einskildkonsert.

Billett for heile kvelden: kr 350/50

– Sekundet i æva

INFORMASJON Festivalpass inkludert Bergen Filharmoniske Orkester kr 1150,-/400,Festivalpass utan Bergen Filharmoniske Orkester sin konsert kr 800,-/300,Vi har ikkje honnørbillettar, men særs gode prisar for born og unge. Er du mellom 16 og 19 år? Be om billetten «Kulturkort for ungdom». Medlemmar av veneforeininga får kr 50,- i avslag på dei fleste konsertane og festivalpass til kr 1000,- med BFO og kr 650,- utan BFO. Kjøper du pass må du ringe/gå på Heradshuset for å få plassbillett til BFO og folketonekonserten fredag. Billettar på billettluka.no der ikkje anna er oppgitt. Der får du og kjøpt festivalpass. Billettar og pass kan også kjøpast på Heradshuset.


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

Advokatane

LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A

Gloppen mållag

Vest Optikk

www.gloppenmusikkfest.no

Eikenæs


Fitjestøylen (Foto: Geir Skagen)

BESTILLINGSVERKET

«HEIMANFRÅ» AV MAGNAR ÅM

Komposisjonen heimanfrå for fire folkemusikarar og strykeoktett er bestilt av Gloppen Musikkfest med midlar frå Norsk kulturråd, og blir urframført under årets musikkfest. Folkemusikarane det er skrive for, er Unni Løvlid, song; Elin Grytting, song; Sigrid Moldestad, song og fele; John Oddvar Kandal, fele. Dette seier komponisten om verket: «To folketonar er vovne inn i verket: I himmelen, i himmelen med tekst av Laurentius Laurinus frå 1622, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1917, og Jesus, din søte forening å smake med tekst av J.L.C. Allendorf frå 1712, omsett til dansk av Peder J. Hygom i 1740, her i Norsk Salmeboks bokmålversjon. I tillegg har eg spegelvendt I himmelen, i himmelen, slik at ein tredje «folketone» har oppstått. Berre utdrag av tekstane er tekne med. Melodien til Jesus, din søte forening å smake kjem frå heimtraktene til farsslekta mi, Ryfylke, og teksten har ein himmellengt i seg, men


fokuserer mest på korleis ein best kan leve livet sitt i tråd med dei himmelske ideala. Melodien til I himmelen, i himmelen kjem frå Heddal (men eg forestiller meg at den kjem frå himmelen), og teksten fokuserer på korleis det kan vere der (i himmelen, altså...). «heimanfrå» kan bety både at ein er langt heimanfrå og at ein får noko heimanfrå. Musikk er eit språk som kan ha begge desse vinklingane i seg samtidig, på den eine sida det einsame i å vere ein annan stad enn der ein kjenner ein høyrer til, og på den andre sida den heilande påminninga om kor godt det er at ein faktisk høyrer til. Det er då ein ser at ein godt kan vere skild frå heimen og likevel bere den med seg i alt ein er og gjer, slik den tredje melodien, den spegelvende I himmelen, ber med seg det den speglar, men likevel er som i ei anna verd: originaltonen går i dur, den spegelvende går i moll; der originaltonen går opp, går den spegelvende ned. Dei møtest som i ei stille vassflate, desse to.» Magnar Åm

MAGNAR ÅM er fødd i Trondheim i 1952. Han er utdanna organist og kantor ved Bergen Musikkonservatorium, og har studert komposisjon med Ketil Hvoslef i Bergen og Ingvar Lidholm ved Musikhögskolan i Stockholm. Åm debuterte som organist i 1971. Sitt gjennombrot som komponist fekk han med verket Bøn (1972) for strykarar, kor og sopransolist. Han er komponist på heiltid, no busett i Volda, der han kvar haust også underviser i «Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi» ved Høgskulen i Volda. Åm komponerte først i tradisjonell stil, men seinare har han bevega seg meir i retning av fritonalitet. Produksjonen hans spenner frå vokal- og kammermusikk via installasjonar til store orkesterverk.

www.gloppenmusikkfest.no


Av hans seinare ting kan vi nemne oratoriet ømhetens tre (1999), fagottkonserten einsam/omfamna (2004), harpekonsertane vere meininga (2005) for harpe og strykesekstett og dette blanke no (2005) for harpe og jentekor, fiolinkonserten stalagmittid (2004) med brokker av Fartein Valens skisser til ein femte symfoni «utstilt» i verket og oratoriet/operaen God’s I’s – arias of innocence and growth (2007). Orkesterverket det er ’kje snøen som fell, det er me som stig fra 2006 fekk publikumsprisen for beste samtidsverk under Young Euro Classics i Berlin samme år.


JOHN ODDVAR KANDAL frå Breim er ein av våre aller fremste spelemenn, og er ein framifrå representant for folkemusikktradisjonane og felespelet i Breim. Allereie året etter at han deltok på sin første landskappleik i 1974, spelte han seg opp i A-klassen. Saman med orkesteret sitt, Kandals Orkester, har han delteke på på ei rekkje kappleikar og festivalar med svært gode plasseringar. Han har dessutan drive mykje med opplæring, og er for tida timelærar ved Noges Musikkhøgskole. John Oddvar er i dag ei stor inspirasjonskjelde for fleire kjente felespelarar frå Nordfjord, og mellom desse nemner vi særleg Sigrid Moldestad og Britt Pernille Frøholm. I desember 2011 mottok John Oddvar Kandal kulturprisen frå Gloppen kommune, og i 2012 fekk han tildelt Folkemusikkprisen 2012 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

BILETGLIMT

www.gloppenmusikkfest.no


ELIN PEHRSON GRYTTING er fødd i Bærum, men har budd på Sandane sidan 1976. Ho tok utdanning på Østlandets Musikkonservatorium med obo som hovudinstrument. Etter kvart vigde ho seg meir og meir til folkemusikk, og vart i 1989 tilsett som folkemusikar i den fylkeskommunale folkemusikkgruppa i Sogn og Fjordane. Ho er i dag A-klassing i vokal folkemusikk. Ho har og høgskule-/universitetsutdanning i folkedans, lokalhistorie og forming. For Elin er det viktig å formidle denne kunnskapen vidare gjennom turnear for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken, men også ved å undervise. Mellom anna underviser ho ved Ole Bull Akademiet. I 1998 ga ho ut cd-en «Almuens Sanger. Diktarpresten Claus Frimann». Men det viktigaste arbeidet har vore å lære born og unge, men òg vaksne, å bli glade i den flotte folkemusikken og folkedansen vår. Ho har delteke på ei mengd festivalar, både i inn- og utland, og har motteke fleire stipend og prisar. I 2011 fekk ho Gloppen kommunes kulturpris.


SIGRID MOLDESTAD har bakgrunn frå spelemannsmiljøet i Nordfjord, og seinare som utøvar i gruppene Spindel og Gamaltnymalt. Men det er som soloartist ho har markert seg dei siste åra, og i 2007 kom soloplata «TAUS felefortellingar»; ein musikalsk hyllest til kvinnelege spelemenn frå hennar heimtrakter 150 år attende i tid. Carl Peter Opsahl omtalte i VG songen «Samuline» som «…en av årets sterkeste låtopplevelser.» For dette albumet fekk Sigrid Spellemanprisen. Cd-en «Sandkorn» kom ut i 2010. Her blandar ho eigne songar med nynorske gjendiktingar av Robert Burns, samt tekstar av Jakob Sande. Sigrid svingar leikande lett innom både blues, country, bluegrass og pop, men ho har alltid folkemusikken som den sterkaste komponenten. Saman med sine faste medmusikarar Sigbjørn Apeland, Anders Hall, Anders Bitustøyl og Jørgen Sandvik lanserte ho våren 2012 sitt tredje album «Himlen har sove bort mørkret» til gode kritikkar. I 2008 fekk ho Gloppen kommunes Kulturpris, og i 2010 vart ho tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusikar. Samme år fekk ho Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane, og i 2012 vart ho tildelt Hilmar Alexandersens musikkpris. I 2013 vart Sigrid tildelt Statens kunstnarstipend.

BILETGLIMT

www.gloppenmusikkfest.no


UNNI LØVLID er A-klassing i vokal folkemusikk, og vart som første musikar utropt til «Årets artist» under Folkelarm 2006. I tillegg til å vere soloutøvar er ho med i trioen RUSK, og har samarbeidd med musikarar som Frode Haltli og Håkon Thelin. Ho er kjend for sine prosjekt i krysninga folkemusikk – samtidsmusikk. Unni gav ut si første soloplate «So ro liten tull» i 1999, seinare også utgitt i bokform. I 2005 lanserte ho «VITA», spelt inn på Emanuel Vigeland-mausoleet. I 2008 vart RITE lansert med eigenskrive materiale, og våren 2013 kom albumet LUX der ho samarbeider med Håkon Thelin og Draup. Albumet, som er innspelt på Emanuel Vigeland-mausoleet, fekk strålande kritikkar. Unni har turnert verda over, og vore solist med fleire kor og orkester. I 2007 fekk ho Spellemannprisen innan samtidsmusikk saman med Kringkastingsorkesteret og Grex vocalis for produksjonen «Draumkvedet» av Arne Nordheim. I 2012 urframførte ho verket Terskelsongar av Ørjan Matre med BIT20.


Foto: Steve J. Sherman

Torsdag 29. august Kultursalen, Trivselshagen. Bill kr 350/100

www.gloppenmusikkfest.no


DISTRIKTSMUSIKARANE I SOGN OG FJORDANE I 1987 vart det etablert distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane. I dag er Førde, Gloppen og Sogndal med i ordninga. Ei distriktsmusikarstilling består av 50 prosent utøvande og 50 prosent undervisning. Arbeidsoppgåvene omfattar hovudsakleg undervisning i kulturskulen i tillegg til skule- og barnehagekonsertar med ujamne mellomrom. Distriktsmusikarane representerer også ein verdfull ressurs for dei mange musikktiltaka i fylket gjennom den avtalefesta fylkeskvoten der distriktsmusikarane er med på ulike prosjekt. Gloppen Musikkfest er glade for at vi har fått lov til å samle heile gjengen til seminar og konsert! Distriktsmusikarane i Gloppen Ann-Margit Silfverhielm, song Otto Ose, trompet, fiolin, bass Thomas Aanonlie, slagverk Henrik Silfverhielm, cello Tone Støylen holgersson, piano Distriktsmusikarane i Sogn Hans Holgersson, cello Leif Aslaksrud, basstrombone Bjørn Gisle Seter, song

Distriktsmusikarane i Førde Christine Marøy, song Arvid Anthun, trompet Henri G. Eftevand, fiolin Helga Lied Wyrtz Akiko Anasawa, piano Jakob Wyrtz, gitar


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

www.gloppenmusikkfest.no


Litt om musikken og komponistane bak den JOHAN SVENDSEN Romanse for fiolin, op. 26 i G-dur. Johan Svendsen (f. 1840 i Christiania, d. 1911 i København) er ved sida av Edvard Grieg den mest ruvande personen i norsk musikk på 1800-talet. Som komponistar utfylte desse to kvarandre på ein heil slåande måte: der Grieg sto svakast, hadde Svendsen si styrke – og omvendt. Svendsen var den første store symfonikaren blant norske komponistar. Og det skal vere etter å ha bli kjent med Svendsens 1. symfoni, at Grieg skreiv «Må aldrig opføres! E.G.» på første sida av partituret til sin eigen symfoni i c-moll. Svendsen var dessutan ein av dei største dirigentane Norden har fostra. I 1883 vart han kapellmeister ved Det Kongelige Kapel i København, ei stilling han hadde i 26 år. Det skal og nemnast at Svendsen var ein glimrande fiolinist. Opuslista til Svendsen er ikkje særleg omfattande, ca. 30 komposisjonar, og i 40-årsalderen verka det som den kompositoriske åra hans tørka ut. Mest kjent er dei to symfoniane, dei fire norske rapsodiane, strykeoktetten og ikkje minst Romanse i G-dur for fiolin og orkester, op. 26, som var noko av det siste han skreiv før han gjekk inn i stillinga som kapellmeister i København. Denne komposisjonen står i ei særstilling blant Svendsens verk. Her viser han si evne til å skape lange melodiske liner som han kombinerer med harmonisk og klangleg meisterskap. Noko som gjer denne komposisjonen til ein juvel som har gått sin sigersgang over store deler av verda.


DMITRIJ SJOSTAKOVITSJ To stykker for strykeoktett, op. 11. Dmitrij Sjostakovitsj (f. 1906 i St. Petersburg, d. 1975 i Moskva). Ved sida av Igor Stravinskij og Sergej Prokofjev blir Sjostakovitsj rekna for å vere den viktigaste russiske komponisten på 1900-talet, men i motsetnad til dei to hine, vart Sjostakovistj verande i Sovjet heile livet. Dette var ikkje heilt uproblematisk. Etter at Stalin hadde vore og sett operaen Lady Macbeth i 1936, var Sjotakovitsj utsett for sterkt negative kritikkar, mellom anna i avisa Pravda (Kaos i stedet for musikk). Her vart Sjostakovitsj kalla «formalist» og «folkets fiende» Musikken var karakterisert som «grov», «primitiv» og «vulgær». Stalin såg på musikken hans som ufolkeleg og ønskte ein meir nasjonalistisk musikk. Sjostakovitsj tilpassa seg krava til Stalin, og då han kom med sin 5. symfoni i 1937 kalla han den for «ein sovjetisk kunstnars svar på berettiga kritikk». Sjostakovitsj har ei omfattande verkliste. Han var særs produktiv og allsidig. Han skreiv 15 symfoniar. Han skreiv ei mengd kammermusikk, scenemusikk, klavermusikk og filmmusikk. To stykker for strykeoktett, op. 11, skreiv Sjostakovitsj berre 19 år gamal. Samstundes skreiv han på sin første symfoni. Han la til side strykeoktetten til han hadde fullført symfonien. Då han vende attende til oktetten endra han forma på den. I utgangspunktet skulle det bli ein suite på fem satsar. Men i hovudet var han allereide i gang med si første klaversonate og sin andre symfoni. Han endte såleis opp med å skrive berre to satsar: I. Preludium. Adagio II. Scerzo. Allegro molto. I begge satsane møter Sjostakovitsj som ung modernist: røff, med pikante dissonansar, svært rytmisk, men og med meir lyriske innslag. Det heile er gjennomført med eit kraftfullt driv.

www.gloppenmusikkfest.no


WILLIAM WALTON «Touch her Soft Lips and Part» William Walton (f. 1902 i Oldham, d. 1983 i Ischia, Italia) er vel ikkje mellom dei mest kjente komponistane, men han har ein ganske variert produksjon bak seg, m.a. to symfoniar, ei rekkje kammermusikk- og korverk. Mest kjemt er vel oratoriet Belshazzar’s Fiest for baryton, kor og orkester. Under krigen fekk han fritak frå militæret for å kunne skrive musikk til britiske propagandafilmar. «Touch her Soft Lips and Part» er frå ein suite på 5 satsar. Opphaveleg vart denne musikken skriven til filmen Henry V i 1944. «Touch her Soft Lips and Part» er ein romantisk melodi, arrangert for Gloppen Musikkfest sine strykarar.

LONDONDERRY AIR Londonderry Air er ein irsk folkemelodi som kom utpå trykk første gong i 1855 i George Petries samling Ancient music of Ireland under tittelen Farewell to Cucullain. Songen er svært populær, særleg blant irskætta verda over. Det er skrive mange tekstar til melodien. Ein av dei meir kjente er Danny Boy, som er spesielt populær i irske miljø i USA. Melodien er også arrangert av mange komponistar og arrangørar, og det fins tallause versjonar av den i ulike sjangrar.

Derry / Londonderry


JOHANN SEBASTIAN BACH Frå Goldberg-variasjonane BWW 988 Bach levde frå 1685 til 1750. Ikkje berre er han barokkens mest ruvande komponist, men kanskje den mest ruvande komponisten nokon gong. Han hadde ein ufatteleg stor produsjon. Han skreiv messer, oratorium, pasjonar, kantater (ca. 500), konsertar, klavermusikk. Mykje er kyrkjemusikk, men han skreiv og ein god del verdsleg musikk, slik som t.d. Goldbergvariasjonane. Bakgrunnen for denne komposisjonen er litt spesiell. Komposisjonen er skriven for cembalo, og bygger på eit sarabande-tema med 30 variasjonar. Johan Gottlieb Goldberg var Bachs elev. Han var samstundes cembalist hos grev Keyserlingk. Denne greven hadde store søvnproblem, og han bestilte desse variasjonane fordi han ønskte at Goldberg skulle spele dei for han om natta. Greven var særs begeistra for musikken, og betalte ut eit klekkeleg honorar til komponisten. Vi får her høyre eit utdrag frå Goldbergvariasjonane, arrangert for stryketrio.

www.gloppenmusikkfest.no


DMITRIJ SJOSTAKOVITSJ Klavertrio nr. 1 i c-moll, op. 8 Om Sjostakovitsj: sjå ovanfor. Sjostakovitsj var berre 17 år gammal då han skreiv denne trioen, rett før han skreiv sin første symfoni. Trioen vart lenge liggande ukjent fordi fleire takter var blitt borte, men han er seinare blitt rekonstruert. Tonespråket i trioen er friskt og sjarmerande. Komposisjonen vart opphaveleg kalla Poème og består av ein sats med variert tempo og musikalsk karakter (Andante – Moderato – Poco piu mosso/Allegro con brio/Allegretto).

CÉSAR FRANCK Sonate i A-dur for fiolin og klaver César Franck (f. 1822 i Liège, d. 1890 i Paris) var ein framifrå pianist, men det var likevel ved orgelet han skulle ha sin arbeidsplass. Han var tilsett som organist ved St. Clotilde-kyrkja i Paris i 32 år. Franck var dessutan ein framifrå komponist. Naturleg nok skreiv han mest for orgel, men han har også m.a. skrive ein symfoni, og ikkje minst Sonate i A-dur for klaver og fiolin. Nemnast må og den velkjente Panis angelicus for tenor, harpe, cello og orgel. Interessant for oss nordmenn er det og at han skreiv ein opera kalla Hulda, basert på skodespelet Halte-Hulda av Bjørnstjerne Bjørnson. Fiolinsonaten er utan tvil ein av hans mest kjente komposisjonar, og blir av mange sett på som ei av dei vakraste sonatene for fiolin og klaver som er skrive.


Sonaten har fire satsar med ein klar indre samanheng: I. Allegretto ben moderato, II. Allegro, III. Ben moderato: Recitative-Fantasia, IV. Allegretto poco mosso. Særleg i sistesatsen får vi demonstrert Francks evne til å skrive polyfont. Satsen er utforma som ein kanon, der fiolinen i klaveret imiterer kvarandre.

ANTON BRUCKNER Strykekvintett i F-dur WAB 112, 3. sats Adagio, i Gess-dur Anton Bruckner (f. 1824, d. 1896) var ein austeriksk komponist og organist. Som komponist er han særleg kjent for sine symfoniar, messer og motettar. Stilistisk er han påverka av sit store forbilde Richard Wagner, men i motsetnad til Wagner var han ein smålåten, nærast sjølvutslettande person. Han var dessutan djupt religiøs, noko som gjennomsyrer musikken hans, også instrumentalmusikken. Strykevintetten var skriven i 1879. Urframføringa fann stad i 1881, og vart svært godt motteken. Kvintetten var eitt av dei mest framførte verka hans medan han levde. Den har fire satsar. Vi får høyre den tredje, Adagio i Gess-dur. Denne satsen har vore den mest populære og oftast framførte satsen. Kritikaren Wilhelm Altmann sier om denne musikken: «Om denne adagiosatsen var det einaste Bruckner hadde skrive for strykarar, ville hans ry som komponist vore sikra for all framtid» Vidare seier han at denne satsen «tar oss direkte til himmelen.»

www.gloppenmusikkfest.no


FELIX MENDELSSOHN Strykeoktett, op. 20 Den tyske komponisten Mendelssohn (f. 1809, d. 1847) let etter seg ein stor produksjon, trass i at han blei berre 38 år gammal: symfoniar, fleire orkesterovertyrer, ein fiolinkonsert, klaverkonsertar og ei mengd andre verk for klaver, kammermusikk, oratorium, scenemusikk, kvartettsongar, duettar og ei rekkje romansar. Alle kjenner vi vel Bruremarsjen frå Ein midsommarnattsdraum. I siste halvdel av 1800-talet vaks det fram ein sterk reaksjon mot Mendelssohns musikk, særleg anført av Richard Wagner. I det nazistiske Tyskland blei han, fordi han var jøde, forsøkt utradert av musikkhistoria. Dette synet har endra seg. I dag ser vi bildet av eit utruleg omfangsrikt og mangslunge livsverk, som viser at komponisten tok alt anna enn lett på komposisjonsarbeidet. Strykeoktett, op. 20 har 4 satsar: I. Allegro moderato con fuoco; II. Andante; III. Scerzo. Allegro leggierissimo; IV. Presto Mendelssohn var berre 16 år gammal då han skreiv denne i 1825. Han skreiv den som fødselsdagsgåve til sin ven og fiolinlærar Eduard Rietz. Noko av det mest forbløffande med denne musikken er at ein så ung komponist viser slik personleg og velutvikla musikkspråk tvers i gjennom. Denne oktetten blir i dag rekna for å vere det aller ypparste i sin sjanger.


www.gloppenmusikkfest.no www.gloppenmusikkfest.no

Programhefte 2013  

Alt om musikkfesten 2013

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you