Gloppen musikkfest årsmelding 2014

Page 1

ÅRSMELDING 2014

ÅRSMELDING 2014

www.gloppenmusikkfest.no

facebook.com/gloppenmusikkfest

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

1


«I veldig rulling veltande inn». Spelarane til Musicians United i kampen mot elevane på Firda vgs.

BAKGRUNN Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og eit treff mellom gode musikarvener. I 2008 vart Stiftinga Gloppen Musikkfest etablert. I 2013 - på den ellevte festivalen - feira vi ti-årsjubileum. Med festivalane i 2014 og 2015 og anna aktivitet gjennom året er vi godt i gang med dei neste ti åra.

Gjennom åra har GMF som organisasjon endra seg mykje – men kjernen er den same: Musikkfesten har som mål å skape eit aktivt kunstog kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå - ikkje berre i Gloppen, men i heile fylket. Den kunstnarlege visjonen har vore nedfelt i vedtektene våre sidan oppstart i 2003. Frå 2013 har GMF gjort grep og fått viktig støtte frå mellom anna fylkeskommunen, i arbeidet fram mot å verte ein klassisk musikkfestival for heile fylket. Gjennom ti år er det skapt fine tradisjonar rundt konsertar, masterclass, tingingsverk og anna aktivitet. Ein fast stab av frivillege har vore og er ein viktig suksessfaktor. Det er gledeleg å sjå at staben stadig vert utvida, og særleg at mange av dei unge kjem tilbake år etter år og etter kvart er klare for nye og større oppgåver. I 2009 fekk Gloppen og Sandane eit nytt kulturhus, Trivselshagen, og dette har hatt stor betydning for oss som konsertarrangørar og for festivalen. Samstundes har det vore viktig for oss å halde fast på konsertarenaer utanom kulturhuset, og stadig tenkje nytt omkring korleis vi kan møte publikum på nye arenaer. Konsertarenaer og konsertflater har etterkvart fått sin faste plass i programmet, mens andre element er i stadig endring. Musikkfesten har sterk lokal forankring. Vi samarbeider tett med institusjonar som Gloppen

2

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

«Feleskratt song gjenom Huse» med Atle Sponberg som vert. folkebibliotek, Gloppen kulturskule, og andre skular og barnehagar i ”heimekommunen”, og med fylkeskommunale institusjonar og instansar som Firda vidaregåande skule, fylkeskommunen si kulturavdeling, distriktsmusikarane i fylket, skular i nærliggande kommunar m.m. GMF deltek etterkvart i mykje av det som skjer av kulturaktivitet i kommunen utanom sjølve festivalen, og her er vi med på å skape tradisjonar i lag med andre kulturinstitusjonar og einskildpersonar. Vi engasjerer oss i «Kulturnatt i Nordfjord» og har stått bak paraplyen «Vinterfest» der regionale og lokale kulturarbeidarar og institusjonar får presentere seg gjennom konsertar og andre arrangement ei langhelg i januar. Årlege tingingsverk er mellom dei tradisjonane vi er mest stolte av og glade for. Vi kan nemne Ola Giljane (2007), Marcus Paus (2008), Kjell Habbestad (2012) Unni Løvlid og Magnar Åm (2013) og Bugge Wesseltoft (2014). Gloppen kommune og fylket er prega av sterk satsing og mykje kulturell aktivitet innan ulike sjangrar. Gloppen kommune vart m.a. kåra til ein av dei beste kulturkommunane av Telemarksforsking i 2011, 2012 og 2013. Det er likevel rett å seie at det i floraen av festivalar og kulturtilbod i kommunen og fylket er trong for, og plass til Gloppen Musikkfest. Ingen andre festivalar eller arrangørar i fylket har den

klassiske kammermusikken som sin viktigaste sjanger og uttrykk. Gloppen Musikkfest har utvikla seg til å verte viktig for fylket og regionen. Folk som bur i området har fått eit eigarforhold til festivalen og dei andre arrangementa Gloppen Musikkfest er involvert i. Festivalen har som nemnt, gjennom dei siste åra, fått eit tydelegare regionalt fotfeste. I åra framover blir det lagt stor vekt på å vidareutvikle dette. Gjennom bevisst samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Firda vgs med sine fylkesdekkande tilbod innan musikk, dans og drama, Sogn og Fjordane teater, Førdefestivalen, «Den kulturelle skulesekken» og fylkesdekkande nettverk, er festivalen inne i ei spennande og positiv utvikling. Festivalen skal eksponere det fremste av kunstnarleg kvalitet uansett uttrykk og sjanger – for heile fylket! Samstundes er det ei sentral målsetting og visjon at vi bidreg til at eit godt lokalt og regionalt kulturliv kan utvikle seg vidare. Denne ambisjonen ligg bak at vi er så sterkt involvert i arrangement utanom festivalen og at vi prioriterar sterkt seminar, masterclass osv, både undervegs i festivalen og utanom.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

3


ORGANISASJON Som vi har sagt før: Gjennom dei siste åra er det gjort eit betydeleg arbeid med å utvikle organisasjonen frå å vere tufta på Are Frode Søholt si gründerverksemd til å bli ein organisasjon der fleire involverte har og tar ansvar, og der vi kan skilte med profesjonalitet i dei fleste ledd og funksjonar. Dette arbeidet har halde fram i 2014.

STYRET – er GMF sitt øvste organ

Festivalen har i 2014 hatt dette styret: Styreleiar Kjell Arnestad Pensjonist - tidlegare rektor ved Firda vgs Nestleiar Anders Rinde Kantor i Gloppen Erling Sande Konserndirektør for strategi og utvikling hos Sogn og Fjordane Energi Henrik Silfverhielm Cellist, distriktsmusikar i Gloppen Solfrid Bjørkum Songar og songpedagog, Firda vgs Reidun Sandøy Os Lærar Nordstranda skule Samla har styret kompetanse på mange felt: Produksjon, musikkfag, promotering, sponsorarbeid m.m., og vi har knytt til oss samarbeidspartar frå ulike delar av samfunnslivet som skule, næringsliv og kultur. Styret har gått frå å vere eit organ for formelle vedtak til også å vere eit engasjert og arbeidande styre. I 2014 hadde styret 7 styremøte, og i tillegg har representantar for styret og dagleg leiar hatt ei rekkje møte.

KUNSTNARLEG LEIING – har det

kunstnarlege ansvaret for GMF sin profil Audun Sandvik Solocellist i Kringkastingsorkesteret Per Kristian Skalstad Dirigent, fiolinist og bratsjist Nora Taksdal Solobratsjist i Kringkastingsorkesteret Den kunstnarlege leiinga og dagleg leiar har jamn kontakt gjennom telefon, e-post og fysiske møte.

PROGRAMRÅD - skal legge fram forslag til

4

Styreleiar i Gloppen Musikkfest Kjell Arnestad.

Per Kristian Skalstad Dirigent, fiolinist og bratsjist Nora Taksdal Solobratsjist i Kringkastingsorkesteret Tore Hovde Musikar og lærar ved Firda vgs Hanne B. Oftedal Festivalsjef/dagleg leiar, musikar, musikkterapeut, forteljar Hege Woxen (med ansvar for litteratur) Forfattar og litteraturvitar

ADMINISTRASJON – har ansvar for å gjennomføre styrevedtaka

Festivalsjef/Dagleg leiar: Hanne B Oftedal Produksjonsleiar: Hanne B. Oftedal Intern rekneskapsførar: Anders Rinde Festivalkoordinator: Viviann Alme (kulturadministrator) og Ane Bergliot Sandnes Oftedal (student)

program for styret. Programrådet besto i 2014 av følgjande:

Overnattingsansvarleg: Tone S. Søholt Lærar og mangeårig frivillig)

Audun Sandvik Solocellist i Kringkastingsorkesteret

Mat- og bevertningssjef: Reidun Sandøy Os Billettansvarleg: Solfrid Bjørkum

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

«Drivi av Storstormane». Bergen Symfoniorkester, Håvard Gimse og Douglas Boyd i kultursalen.

DRIFT GJENNOM ÅRET Frå 1.janaur 2013 har Hanne B Oftedal vore engasjert som dagleg leiar og festivalsjef. Ho har den jamne kontakten med kunstnarleg leiing og programråd, musikarar og andre utøvarar, lokalt kulturliv og næringsliv, presse og media, set opp program for festivalen, held orden på annonsering, heimeside, facebooksida vår og tek i mot e-post, telefon osv. Ho har og jamnleg kontakt med styreleiar, kasserar, andre i styret og administrasjonen samt kunstnarleg leiing. I forkant av festivalen var det naturleg nok ei rekkje formelle og uformelle møte mellom festivalsjef, dugnadsadministrasjon, kunstnarleg leiing og styret. Det same gjeld andre lokale og regionale samarbeidspartar som t.d. bibliotek, Firda vgs, fylkeskommunen, kulturskulen, distriktsmusikarane o.a. Dagleg leiar har oversikt og innsikt i det meste som skjer. Ein liten del av arbeidet er lønna, men det meste av hennar arbeid og alt anna arbeid vert framleis gjort på dugnad. I høve særskilde arrangement som «Unge klassiske solistar» vert også andre trekt inn som administratorar og ressursar i produksjon og administrasjon, og får noko godtgjering for dette.

REKNESKAP OG REVISJON Anders Rinde har det daglege ansvaret for økonomi, og saman med dagleg leiar set han opp budsjett, har orden på inn- og utbetalingar og har kontakt med rekneskapsførar. Festivalen kjøper rekneskapstenester frå Accountor Gloppen og revisjon frå Firda Revisjon & Rådgjeving AS, Førde.

FRIVILLEGE Festivalen har ein dugnadsgjeng på bortimot 50 dugande og erfarne folk som tar seg av matlaging, transport, CD-sal, inspisientarbeid, rigging, sal av drikkevarer og sosiale aktivitetar. Dette er og viktige funksjonar for at musikarar og publikum skal ha det bra og kjenne seg velkomne og ivaretekne. I desse funksjonane brukar vi stort sett lokale entusiastar i alle aldersgrupper som på denne måten bidreg til at Musikkfesten er liv laga. Gloppen Musikkfest si eiga Veneforeining er ein viktig samarbeidspartnar i samband med avviklinga av festivalen. Medlemane her bidreg med mykje dugnadsarbeid i samband med måltid og servering, og gir også hjelpande hender i andre samanhengar i løpet av festivalen. Dei siste åra har vi også lagt vekt på å knytte til oss elevar frå musikklina på Firda vgs. som gjennom ulike festivalarrangement får grunnleggande erfaring med å produsere og arrangere konsertar og anna på eit profesjonelt nivå.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

5


LOKAL OG REGIONAL FORANKRING Festivalen har eit omfattande nettverk innan den norske musikarmarknaden, og har på den måten lukkast i å trekke til seg utøvarar på internasjonalt nivå. Festivalen har og ei solid forankring i lokalmiljøet ved eit nært samarbeid med institusjonar som Gloppen folkebibliotek, Gloppen kulturskule, Distriktsmusikarane i Gloppen, Firda vidaregåande skule og lokalt næringsliv. Gjennom 2013 og 2014 er samarbeidet med fylkeskommunen si kulturavdeling styrka og utvida, noko som og gjenspeglar seg i aktivitet og programoppsett. GMF er glade for å kunne vere eit bindeledd mellom musikarar og andre utøvarar på nasjonalt og internasjonalt nivå og det lokale og regionale kulturlivet. I 2011 vart samarbeidet med Gloppen kommune og Firda vgs formalisert gjennom samarbeidsavtalar, og vi kan med glede sjå at det på fleire område har gjort samarbeidet godt. Firda vidaregåande skule blir brukt som hovudbase for musikarane. Festivalen får bruke ulike lokale ved skulen, som øvingsrom, aula, klasserom og kantine, utan kostnader. Firda vgs stiller også med gratis kopiering. Elevar på Musikk/Dans/Drama (MDD) er etter kvart viktige som scenearbeidarar og inspisientar. Til gjengjeld får elevane på MDD seminar og meisterklassar med tilreisande musikarar. I 2013 spelte dei ei avgjerande rolle som dansarar og musikarar i prosjektet «Heilage Sunniva – ei vidunderleg ferd» som vi gjennomførte i samarbeid med Festspela i Bergen, Bjørgvin bispedømme og Selje kommune. Avtalen med Gloppen kommune inneber eit tett samarbeid med Gloppen kulturskule, Distriktsmusikarane, Gloppen Folkebibliotek og kafeen i Trivselshagen. Gloppen Musikkfest får kommunalt tilskot samt noko rimelegare leige av kultursalen i Trivselshagen. Musikkfesten og kommunen samarbeider om stemming og vedlikehald av flygelet i kultursalen. Til gjengjeld gjev musikkfesten tenester inn mot skular og barnehagar. Desse tenestene har i mange år fungert som førearbeid til barneframsyning under festivalen. I 2013 samarbeida vi med Gloppen kulturskule om to ulike seminar for kulturskuleelevar frå heile fylket. Gloppen Folkebibliotek får utvida si CD-samling ved at musikkfesten kjøper inn det repertoaret som er under festivalen.

6

Slåttetrommere og ministranter på Selja. (Foto: Magnus Skrede) Vereide kyrkje har i alle år vore ein viktig konsertarena for musikkfesten og kantor og kyrkje er ein viktig medarrangør for oss. I 2013 var vi også sterkt involvert i kyrkja sitt 850-års jubileum. Gloppen Musikkfest er medlem i «Festivalforum Gloppen», som er ein paraplyorganisasjon for festivalane i Gloppen. Føremålet med dette er å synleggjere denne delen av kulturlivet i Gloppen gjennom m.a. å gje ut felles brosjyre. Ein vil og freiste få kontakt med større bedrifter med tanke på å få sponsoravtalar som kjem fleire av festivalane til gode, t.d. Widerøes Flyveselskap, Fjord1 o.a. Medlemskap i Festivalforum kostar musikkfesten kr. 1000,- pr år. Festivalen har hatt to større samarbeidspartnarar i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi. I 2012 vart sponsoravtalar for perioden 2012 – 14 underskrivne med begge. Accountor Gloppen (tidlegare Økonor Gloppen) gjekk inn som ein større sponsor i 2012, og i 2013 skreiv vi under to-årig avtale med dei. Etter kvart har vi også andre små og store verksemder med i vårt festivallaug. Både kommunen og fylkeskommunen er inne som sentrale støttespelarar, og omtalar festivalen som eitt av dei kulturelle høgdepunkta i fylket.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Frå opninga av fotoutstilling i Trivselshagen. Fotograf Andreas Eikseth Nygjerd i samtale med styreleiar i musikkfesten Kjell Arnestad i Trivselshagen.

ØKONOMI I 2013 fekk GMF som den einaste festivalen i fylket tre-årig festivalstøtte frå Norsk kulturråd. Det gjer økonomien meir føreseieleg. Det er også ei viktig fjør i hatten for GMF og noko vi stolt kan syne til i kontakt med andre støttespelarar, sponsorar o.a. I 2013 fekk vi også ei 2-årig utviklingsavtale med fylkeskommunen (2014-2015) med tilhøyrande prosjektløyving - i tillegg til driftstøtte. Andre viktige støttespelarar i vår økonomiske røyndom er sjølvsagt Gloppen kommune. Her fekk vi 2014 festivalstøtte og støtte til prosjektet «Kritikarseminar for 10-klassingane» Sogn og fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga og Accountor Gloppen saman med mange mindre sponsorar, yter til saman ca kr. 18000,-.

Statssekretær i kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvaag stod for den offisielle opninga av Gloppen Musikkfest 2014.

Samla sett er økonomien betre enn den har vore før. Fra 1.januar 2013 har vi også sett oss råd til å halde dagleg leiar i ei lita stilling, først fire timar og etterkvart seks timar pr veke. Dette held vi fram med i 2015 men framleis vert det meste av det administrative arbeidet gjort

på dugnad. Vi har eit ynskje om å kunne lønne administrasjonen i større grad enn vi gjer i dag, for at dei som er involverte skal kunne prioritere arbeidet med GMF, og slik halde oppe det kunstnarlege nivået på festivalen og samarbeidet med lokalmiljøet.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

7


Miriam Bergset frå Eid i aksjon på Youngstorget under Åtgaum i mai 2013. I januar 2014 sto ho på scena i Trivsleshagen i lag med dei andre. Foto: ikkje kjent

GLOPPEN MUSIKKFEST GJENNOM ÅRET 2014 VINTERFEST

JUBEL – med dei unge

Også i 2014 gjekk ulike kulturaktørar, arrangørar og produsentar saman om ei kulturell helg i januar. Denne tilskipinga starta som ei feiring eitt år etter opninga av kulturhuset Trivselshagen i 2009, og har etterkvart utvikla seg til eitt arrangement der mange dreg lasset i lag og på den måten støttar opp om kvarandre sine arrangement. I 2014 vart Vinterfest lagt saman med opning av siste byggjesteg i Trivselshagen: idretthallen.

Klassisk festkonsert med unge klassiske musikarar frå heile fylket. Kultursalen i Trivselshagen 18.januar

Gloppen Musikkfest var med på Vinterfest 2014 slik: I arrangementskomiteen - og bidrog med den kunnskap og dei erfaringar vi har. Konserten «JUBEL – med dei unge!» Meir om dette nedanfor.

FYLKESJUBILEUM GMF var som nemnt med på feiringa av fylket 5.mai i Oslo. Sjølve festivalen gjekk inn i rekkja av fine arrangement i fylkesjubileet, og vi var involverte i fleire andre delar av markeringa også. Og fylkesjubileet vart avrunda med konserten «JUBEL – med dei unge» 18.januar 2014 – på Sandane.

8

Gloppen Musikkfest har i fleire år hatt lyst til å slå eit slag for unge, talentfulle, klassiske musikarar frå Sogn og Fjordane - dei unge frå fylket som har valt å utdanne seg innan klassisk musikk. Dei har gjerne vore synlege i lokalmiljø og i fylket medan dei gjekk i kulturskulen og vidaregåande, men så… ? Gjennom utviklingsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune fikk vi støtte til, og kunne ta initiativ til ein konsert der desse unge fekk høve til å kome «heim» for å vise fylket kva dei driv med. Arbeidet med denne konserten starta opp hausten 2013. I oktober gjekk vi ut med brev til unge musikarar frå fylket mellom 20 og 30 år, som vi visste var i utdanningsløp og/eller i starten av si profesjonelle karriere som klassiske musikarar og songarar. 22 unge vart inviterte til å sende inn lyd/videoopptak av seg sjølve. 13 unge frå heile fylket sende inn opptak, og 8 av desse vart plukka ut til mønstringskonsert i Trivselshagen i januar 2014. Juryen som plukka ut desse, bestod av Nora Taksdal (frå kunstar-

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Ein vakker bukett unge musikarar! «JUBEL - med dei unge» i januar.

leg råd GMF), Solfrid Bjørkum (frå Firda vgs) og Øyvind Lyslo (musikkkonsulent i fylkeskommunen). Sjølve konserten gjekk av stabelen 18.januar i kultursalen i Trivselshagen. Åtte unge i sin finaste stas, med Akkompagnatør Sigstein Folgerø gav publikum ei unik oppleving av vakker musikk, ungt pågangsmot og strålande samspel mellom unge talent og ein profesjonell pianist. Mari Askvik, 25 år frå Leikanger - Song Miriam Bergset, 24 år frå Nordfjordeid - Fiolin Magnus V Bjørgo, 22 år frå Solund - Tuba Marita Holme, 22 år frå Gloppen - Klarinett Ragnhild Sannes, 25 år frå Naustdal - Cello Andreas Løken Taklo, 22 år frå Florø - Klaver

konserten fekk kvar av dei unge ein time med Folgerø, og for dei som bur og studerer i Oslo vart dette gjennomført i god tid før konserten. Gjennom dagen på Sandane fekk dei god tid til prøver med ham, i salen og ikkje minst høve til samvær med kvarandre. Det siste var ein bonus vi ikkje hadde sett ville kome, men som fleire av dei unge løfta fram som ein særs viktig del av tiltaket. Til å opptre på konserten vart også tre elevar hos våre lokale samarbeidpartar, Gloppen kulturskule og Firda vidaregåande skule, som fylgjer talentprogram på Griegakademiet og Barrat Dues musikkinstitutt, inviterte. Berre ei av dei hadde høve til å vere med, nemleg Helena Bjarkadottir med song.

Thomas S Melheim 22 år frå Lærdal og Dag Håheim 24 år frå Jølster - Gitar-duo

Sjå elles programmet for konserten til sist i årsmeldinga.

Vi engasjerte Sigstein Folgerø som akkompagnatør for dei unge. Til dageleg er han akkompagnatør bl.a. på Noregs Musikkhøgskole og har også vore med under Dronning Sonjakonkurransen. Det var viktig for oss at vi gjennom å engasjere ein habil akkompagnatør kunne gje dei unge eit fagleg løft, eit møte med ein som kunne vere med å inspirere, kome med gode musikalske innspel og bidra til å gjere konsert- situasjonen trygg. I framkant av

Og så – som ein ekstrapremie: To av dei unge vart invitert til å spele på Musikkfesten i august. Sjå nedanfor.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

9


I samband med grunnlovsjubileet var Forbundet KYSTEN involvert i Stortinget si markering i Bjørvika i og Nora Taksdal invitert til å kåsere i Operaen om likskap mellom båtbygging og (harding)felemakeri. Foto: ikkje kjent

GRUNNLOVSJUBILEUM I samband med grunnlovsjubileet var Forbundet KYSTEN involvert i Stortinget si markering i Bjørvika i Oslo 18 - 20. juli. Temaet var «Båten som nasjonsbygger». Mange hundre båtar frå heile landet og nabolanda låg til kai. Stemnet kunne presentere Norges største maritimhistoriske flåte noensinne, og det vil sansynligvis gå 100 år til ei ny mønstring av eit slikt kaliber. Vikingskip, seglskip, robåtar, dampbåtar og andre farkostar frå heile Norden, «Vesterøyene» og Balkan fylte pirene i hovudstaden, og ulike foredragshaldarar og kunsthandverkarar var i aksjon på land, mellom anna med båtbygging, seil- og knivmakeri, felemakeri og mykje anna. Gloppen Musikkfest var tidleg ute med å annonsere vårt festivaltema – nasjonbygging, og Nora Taksdal vart i den samanheng invitert til å kåsere i Operaen om likskap mellom båtbygging og (harding)felemakeri, og om deira rolle i oppbygginga av Noreg som nasjon. Dette gjorde ho som ein kombinasjon av kåseri og konsert får hovudscena. Der trakk ho fram sjølve fjordfylket, med kysten og Sognefjorden som heimstad for Gulatingsloven og som Noregs vogge, som det beste biletet på båten si rolle for vårt land. Nordfjord har ein rik båtbygger- og feletradisjon, og her i Gloppen ligg sjølvaste Holvikjekta, den siste jekta som gikk i fart på Vestlandet, og som mange omtalar som fjorden si stavkyrkje. 10

Ho engasjerte også den prislønna hardingfelespelaren og -byggjaren Ottar Kåsa frå Vinje i Telemark (no busett i Bø) som spelte slåtter under konserten og elles bygde ein hardingfele på brygga. Nora fortel: Under konserten spilte jeg en rekke solostykker og kåserte om likheten mellom båtbygging og fiolinmakerkunst gjennom tidene. Jeg viet oppmerksomhet til landets nyeste kystlag - nemlig det i Gloppen - en nyhet som ble hilst med sterk applaus fra publikum. Jeg reklamerte for det kommende kåseriet til vår «festival-roer» RolfErik Poppe som er berømt i kystlagskretser. Jeg snakket også mye om årets Gloppen Musikkfest: om vår tradisjon, vår maritime profil ved den kommende festival, og om Sogn og Fjordane fylkes viktige rolle som fjord- og kystfylke og sete for Gulatinget. Jeg gikk grundig inn på årets artister og program, om vår planlagte feiring av grunnloven, og om Gloppens sterke båtbyggerog folkemusikktradisjon.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Våre to festivalkomponistar Håkon Thelin og Bugge Wesseltoft hadde kåseri for musikklinjeelevane på Firda vgs om komposisjonsarbeidet sitt.

KULTURNATT Kulturnatt i Nordfjord vart arrangert 9. november 2014. GMF hadde ikkje eige arrangement, men var, saman med dei kommunale og fylkeskommunale kulturinstitusjonane i Gloppen, med i komiteen som arbeidde fram programmet for kvelden.

VENEFOREININGA

SAMARBEID GMF har som ambisjon å samarbeide med andre kulturinstitusjonar i Gloppen og Sogn og Fjordane – slik at vi kan dra vekslar på og utvikle kvarandre gjensidig. I den samanheng er Firda vgs, fylket sin einaste skule med musikk, dans og drama, ein viktig ressurs for oss, og vi for dei.

Gloppen Musikkfest har eiga veneforeining som tel omlag 50 medlemar. Veneforeininga er viktig i mange samanhengar, mellom anna står medlemane for ein betydeleg dugnadsinnsats rundt sjølve festivalen. Innsatsen består av hjelp til transport, matlaging, servering og billettsal. I tillegg syter venemedlemane for positiv omtale av Gloppen Musikkfest, dei rekrutterer nye medlemar, og dei inviterer vener på besøk under festivalen. Medlemar av veneforeininga får rabatt på festivalpass, og rabatt på billettar dersom dei deltek på dugnad. Vi har og hatt eigne arrangement berre for venemedlemar. Dei blir særskilt inviterte til programslepp og arrangement som Musikkfesten har utanom sjølve festivalen.

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

Talet aukar jamnt og trutt, og vi opplever at medlemmane etterkvart er ei viktig ressurs som idéskaparar til program og annan aktivitet.

«Dette er svært lærerikt og meiningsfullt for våre elevar. Dei bruker skriving i norskfaget inn mot musikkfaglege problemstillingar. Dei plukkar seg ut konsertar under musikkfesten

«Gloppen Musikkfest er ein viktig samarbeidspart for Firda vgs. Festivalen gir elevane våre muligheit til å oppleve profesjonelle musikarar på høgt nivå i seminar og konserter, samt få innblikk i korleis ein musikar jobbar i forkant av konsertar. Det gjev inspirasjon til jobbing og øving mot eigne mål.» I 2014 var samarbeidet mellom Firda vgs og GMF rundt festivalen slik: Kritikarseminar Som tidlegare år hadde musikklinjeelevane kritikarseminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

11


«Ljos i lykti». Konsertkveld i Trivselshagen. Anders Kjellberg Nilsson og Frida Fredrikke Waaler Wærvågen.

som dei skriv konsertmeldingar ut i frå og får tilbakemelding frå Habbestad/Borchgrevink undervegs. Å få eit slikt seminar med profesjonelle kritikarar er gull verdt for elevane og skulen.» Nokre av elevane sine meldingar vart publisert i lokalavisa Firda Tidend Frivillege Også i 2014 var mange elevar med som frivillege under festivalen. Dei har vore assistentar for meir erfarne inspisientar, riggehjelp, kjøkkenhjelp m.m. For GMF er dei ein uvurderleg ressurs i avviklinga av festivalen. «Arbeidsoppgåver som generelt ligg til det å gjennomføre ein festival er verdifull læring som gjev eit godt supplement i til det vi driv med og det vanlege læringsmiljøet på musikklinja.» Møt komponisten Våre to festivalkomponistar Bugge Wesseltoft og Håkon Thelin hadde kåseri for musikklinjeelevane om komposisjonsarbeidet sitt. Wesseltoft med fokus på improvisasjon som eit viktig element, Thelin om kontrabassens mogelegheiter og begrensningar som ein inspirasjonskjelde. Det er ein viktig døropnar til nyskriven musikk at elevane får høyre om tankar og arbeid bak det å skapa musikk. Vi vonar det vil verke inspirerande for dei unge å bli kjende med denne sida av eit profesjonelt musikkliv. 12

Kåseri om festivalprogram Nora Taksdal og Per Kristian Skalstad hadde kåseri for musikklinje-elevane om dei verka som skulle framførast under festivalen.

GLOPPEN KOMMUNE Samarbeidet med vertskommunen vår er naturleg nok både viktig og mangfaldig. Vi har tett dialog med både kultursjef, kulturhusleiar og leiarar og tilsette ved dei ulike kulturinstitusjonane i Gloppen. I tillegg har vi årleg kontakt med skular og barnehagar gjennom seminar, musikarbesøk, utstillingar m.m. I 2014 fekk 10-andeklassingane ved Gloppen Ungdomskule og Hyen kombinerte skule kritikarseminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink før dei alle var på BFO sin konsert. I etterkant skreiv dei alle konsertmelding og fekk tilbakemelding frå Habbestad og Borchgrevink på desse.

GLOPPEN KULTURSKULE GK er ein viktig ressurs for oss. Vi ynskjer å vere eit musikalsk og kunstnarleg supplement til det kulturskulen sjølv har å by på, og vi finn stadig nye måtar og arenaer vi kan ha eit praktisk samarbeid på også, til glede og utvikling for både lærarar og elevar på kulturskulen og for oss som organisasjon. I 2013 samarbeidde vi om to meisterklasser: I januar vart alle strykeelevar i fylket invitert til seminar med Nora

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

«…for sælebots Skuld» - BUGGEs aften. Bugge Wesseltoft rådde grunnen i kultursalen. Han og flygelet stod i sentrum med sitt eige tingingsverk – for klaver solo, laptop og eit knippe kammermusikarar. Taksdal, og i august heldt Gro Sandvik seminar for fløytistar frå S&FJ og Møre og Romsdal.

BRÅTT I 2013 vart det starta opp ein ny festival i Hornindal – Brått – og vi hadde eit godt samarbeid med dei både då og i 2014. I samarbeid med Firda vgs ga vi elevar og lærarar frå Hornindal seminar på skulen, og ein heil dag med kulturopplevingar på Sandane • Alle ungdomskuleelevane i Hornindal kom til Sandane torsdag 29.august og fekk seminar i musikk, dans og naturfag med lærarar frå Firda vgs • Alle elevane fekk vere publikum på BFO sin konsert

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE – DISTRIKTSMUSIKARANE - FYLKESMUSIKARANE Fylkeskommunen har vore ein viktig brikke i arbeidet fram mot at GMF har fått tre-årig festivalstøtte frå kulturrådet. Som del av dette har dei gjort det klart at dei ynskjer at vi skal være fylket sin klassiske festival og blinka ut nokre område dei vil at vi skal ta særleg ansvar for. Dette gjeld særleg arbeidet med å løfte dei unge klassiske musikarane frå fylket, men programarbeid o.a. rundt BFO sitt engasjement i Sogn og Fjordane er og nemnt. Fylkes-

kommunen er ein av partane som «eig» konserten med BFO, og i det høvet har vi gjennom godt samarbeid mellom fagmiljøa i Gloppen, Gloppen Musikkfest, fylkeskommunen og administrasjonen i Gloppen har hatt ein god programprosess. Samarbeidet mellom GMF og fylkeskommunen er formalisert gjennom ei eiga utviklingsavtale. For GMF er det avgjerande at aktiviteten vår gjev «ringar i vatnet» også for dei profesjonelle musikarane fylket har sjølv. Det er såleis ei glede å kunne samle alle distriktsmusikarane under festivalen, og slik opne ein arena der dei kan få syne seg fram i full bredde. I 2013 vart samarbeidet utvida ved at det vart arrangert eit formidlingsseminar med professor emeritus ved Griegakademiet og fløytist Gro Sandvik som leidde fram mot konserten i Frydenbø sin bilhall dagen etter. I 2014 vart dette vidareført med seminaret: «Den gode prøvetida – om å samarbeide og øve i gruppe» med fiolisnist, bratsjist og dirigent Per Kristian Skalstad

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

13


«Frå Ferdir og framande Land» Sveinung Bjelland med vener på laurdagskvelden.

FESTIVAL: GLOPPEN MUSIKKFEST 2014 - EG VEIT MEG EIT LAND • Gjekk føre seg siste veka i august • Varte ei heil veke • Tilsaman 22 arrangement • Konsertar, utstilling, kåseri og seminar • Unge og eldre utøvarar • Arrangement for born, unge og vaksne I programheftet for festivalen skreiv styreleiar Kjell Arnestad og festivalsjef Hanne B Oftedal: Kjære publikum! Det er ei glede å kunne ynskje velkomen til Gloppen Musikkfest 2014. Det tyder at vi er i gong med eit nytt tiår i festivalen si historie, og vi vonar det skal verte eit nytt tiår med god opplevingar for deg som publikummar, for musikarar vi har invitert hit, og for oss som lagar til festival. Etter fylkesjubiléet og vårt eige 10-årsjubileum i fjor, gler Gloppen Musikkfest seg til å gå vidare inn i feiringa av den norske Grunnlova. Vi vil løfte fram musikken som nasjonsbyggjar og identitetsskapande faktor i Noreg - og resten av verda. Musikken og kunsten i det heile er ein av bærebjelkane i samfunnet og i ein nasjons identitet. 14

Vi vil presentere havet, båten og fjorden som kulturbyggjar i Noreg, men gjennom festivalveka skal vi og verte kjend med musikk som syner oss andre nasjonars identitet og kultur. Under festivalen vil publikum som vanleg møte kammermusikarar av ypperste klasse i samspel og mannjamning. I tillegg kan vi i år presentere ein av Noregs mest profilerte jazzmusikarar! Nye arenaer og nye uttrykk er ein del av programmet – og vi gler oss til å presentere unge talent frå eige fylke og andre stader i landet. Også i år har vi eit nært samarbeid med skulane i Gloppen. Grunnskuleelvar er inviterte til å vere med som kor i familieframsyninga «Let’s make an opera». Dei yngste elevane har hatt besøk av oss og fått eit lite formidlingsprogram med tema som Kva er ein opera? Korleis vert den til? Kva handlar denne framsyninga om? Dialogar og songar i framsyninga er på engelsk, men vi trur at med ein alderstilpassa introduksjon vil framsyninga verte tilgjengeleg også for dei låge klassetrinna. Tiandeklassingane får skriveseminar med to av dei mest røynde musikkkritikarane i Noreg, og får også med seg konserten med Bergen Filharmoniske orkester. Ungdomskuleelevane frå Hornin-

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Torsdagskveld frå …Karnilstunet! Kammerkonsert med laus snipp i den gamle låven som ligg inntil vestlandets største tinghaug. dal får også i år ein heil dag med opplevingar på Firda vgs – kultur og realfag – før dei også skal på konserten med BFO. Elevane ved musikklinja på Firda vgs får seminar, kåseri, workshops og konsertar inn i skulekvardagen, og fleire av dei er også med som hjelparar på festivalen. Det gjev røynsle med å arrangere og eit blikk inn i eit profesjonelt musikarliv. Til å opne festivalen har vi fått statssekretær i kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvaag. Og i det høve har vi invitert politikarar og sentrale kulturarrangørar i fylket til eit kortseminar: Korleis kan ein skape kultur med kvalitet – også i distrikta? Kan Gloppen med alle sine festivalar og fagmiljø vere ein drivkraft i fylket som også ellers har så mykje kultur? Vi vonar at du som er publikum på festivalen får gode opplevingar i dagane som kjem. Velkomen! Gloppen Musikkfest er ein klassisk musikkfestival – med plass for andre sjangrar og uttrykk. Og det var med stolthet og glede vi gjennom festivalprogrammet kunne gje publikum eit stort spenn i opplevingar og inntrykk.

Vi vil få peike på: • Det storslåtte og det intime – Bergen filharmoniske orkester gav oss ein av Beethovens mest kjende symfoniar, mens Unni Løvlid og Håkon Thelin (song og kontrabass) gav oss Are Frode Søholt sin lyrikk • Klassiske utøvarar av nasjonal og internasjonal klasse gjekk inn i musikalske møte med ein av norsk jazz sine store namn: Bugge Wesseltoft, og saman framførte dei BW sitt verk «For sælebots skuld». • Born og unge frå Rogaland og studentar frå Universitetet i Stavanger kom til festivalen og møtte barnekor og profesjonelle musikarar i framsyninga «Let’s make an opera!» • Noko gjekk føre seg i «storstova», kultursalen i Trivselshagen, og noko gjekk føre seg i den gamle låven i Karnilstunet. Mellom desse to var vi innom både Aulaen på Firda vgs, Nordfjord folkemuseum, biblioteket og Frydenbø sin bilhall. • Unge talent fekk spele i lag med garva musikarar, alle distriktsmusikarane sette kvarandre stemne til lunsjkonsert, den gamle musikken og det nyskrivne vart framført, dei unge utøvarane og dei store stjernene spelte i lag.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

15


• Norsk nasjonalromantikk den eine kvelden og fyrrig argentinsk tango den andre kvelden. • Musikk av dei store klassiske komponistane på ein konsert, nyskriven musikk i skjæringspunkt mellom jazz, elektronika og klassisk på ein annan. • Musikk og bilete, felemaking og båtbygging, ein lang rotur og dei lange linjene i musikkhistoria. • Tilbod til skulane, til born og unge og tett samarbeide med fagmiljøa i Gloppen og fylket. • Nasjonsbygging og nasjonal identitet, representert ved Eivind Alnæs, Beethoven og fleire • Kyst, fjordar, båt, Noregs grunnlov fekk sin plass gjennom Rolf Erik Poppe sin rotur, Nora Taksdal sitt kåseri om felemaking båtog musikkhistorie, musikarane sin rotur i Nordfjordbåt på Gloppefjorden og konsert i Karnilstunet,tett ved Vestlandets største tinghaug • Alle distriktsmusikarane i fylket samla til seminar og konsert • Fotoutstilling i foajeen i Trivselshagen med den unge fotografen Andreas Eikeseth Nygjerd sine bilete av kunstnarar frå fylket. • Intimkonsertar på scena i Trivselshagen. • Andreas Løken Taklo og Mari Askvik, to av dei unge solistane, i vakkert samspel med dei etablerte musikarane • Atle Sponberg fekk fram musikalsk identitet som tema gjennom sin forrykande avslutning på konsertkvelden. Argentinsk tango, strykarar og laus snipp. Humor og lidenskap i skjønn foreining.

SEMINARPROGRAM 2014 Gloppen Musikkfest ser det som ei viktig oppgåve å gje musikkfagleg påfyll til musikarar og musikkmiljø i kommunen og fylket. Det gjer at vi kvart år prioriterer å arrangere seminar og workshops med nokre av utøvarane våre, og at vi gjev eit tilbod til barneskulane som er med på å opne dørar inn til den klassiske musikken si verd. I år har vi dess tilboda til born, unge og fylket sine eigne musikarar.

AUGUST - I FORKANT AV FESTIVALEN Grunnskulane Festivalsjef Hanne B Oftedal som og er profesjonell forteljar med lang røynsle i denne type arbeid, reiste i forkant av festivalen rundt til dei fleste elevane i 1-7 klasse i Gloppen med

16

eit formidlingsprogram som var knytt opp til familieframsyninga «Let’s make an opera». Dialogar og songar i denne framsyninga skulle framførast på engelsk, men vi hadde god tru på at ein med ein alderstilpassa introduksjon, liknande det vi har hatt før, ville framsyninga verte tilgjengeleg også for dei låge klassetrinna. Barnekor Born får Nordstranda og Sandane skule skal vere med i framsyninga «Let’s make an opera» som kor. Dei vil arbeide med dette under leiing av Magni Vereide Kroken før det vert prøver med dirigent Per Kristian Skalstad i festivalveka, og med heile ensemblet på framsyningsdagen.

UNDER FESTIVALEN Onsdag 27. august: Improvisasjon og rytmeleik Jazzmusikaren, pianisten, komponisten og pedagogen Bugge Wesseltoft heldt seminar og workshop for elevane på musikklinja ved Firda vgs. Torsdag 28. august: «Om vinden leikar, vil også eg» Seminar for alle distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane med dirigent, fiolinist og bratsjist Per Kristian Skalstad, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, om korleis skape det gode samarbeidet og ein god øvingssituasjon i musikargrupper. Kritikarseminar Ida Habbestad og Hild Borchgrevink gav også i år unge på Firda vgs ei innføring i korleis lytte til musikk, korleis oppleve og vurdere konsertar og sidan skrive om det ein har opplevd. Elevane fekk tilbakemelding på det dei skreiv frå dei to, og ein del tekstar vart publiserte i lokalavisa og på nett. Ungdomskuleelevane i Gloppen fekk tilsvarande seminar, med litt mindre omfang. Deira seminar vart knytt opp til norsk- og musikkfaget. Det inneheldt m.a. ein gjennomgang av den musikken Bergen filharmoniske orkester skulle framføre, og alle 10.klasse elevane i kommunen fekk billett til den konserten.

KULTURSAMARBEID - KULTRUPROFIL Statssekretær i kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvaag hadde takka ja til å kome og stå for den offisielle opninga av Gloppen Musikkfest fredag 29.august. Gloppen musikkfest ville nytte høvet til å samle nokre viktige regionale aktørar innan kulturlivet for å møte

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

regjeringa sin representant innan dette fagfeltet som er så viktig for fylket vårt. Vi ville sette fokus på kvalitet i kulturlivet, også i distrikta, og drøfta rammevilkåra for kultur i fylket med statssekretæren. Sentrale og aktuelle regionale politikarar vart inviterte, og vi inviterte også dei to knutepunktfestivalane vi har i fylket vårt til å presentera seg. Vi fekk korte innlegg om: • Gloppen musikkfest – eit eksempel på ein festival med regionale ringverknader

• Knutepunktfestivalane: Vår rolle regionalt og våre utfordringar v/Norsk Countrytreff og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival • Utdanning av kulturaktørar v/rektor Hallgeir Hansen ved Firda v.g.s • Kvalitet i kulturlivet i distrikta? v/ statssekretær Vinje Borgundvaag Det vart også plass til kommentarar og drøftingar i plenum

LITT MEIR OM NOKRE AV PROSJEKTA UNDER ÅRETS FESTIVAL Bergen Filharmoniske Orkester – i den storslåtte enden av festivalprogrammet BFO ynskte å leggje sin Gloppen-konsert til Musikkfesten i 2014 også, og vi sa at det var ein god ting for oss om vi kunne få til eit konsertprogram som var knytt til festivalen sitt tema og program. GMF har såleis vore aktive i programmeringsarbeidet framfor BFO sine konsertar i fylket i 2014 med møter i Bergen, e-postkontakt og telefonar. Det synes som det har vore eit godt fagleg bidrag i prosessen. Det har tidlegare vore ein tendens til eit litt «lett» program når dei skulle spele i Sogn og Fjordane. Mykje Grieg, og ofte med redusert bemanning, har vore eit kjenneteikn. Det synes som det har gjort samarbeidet godt at orkesteret opplever å verte tekne på alvor, at fylket sine arrangørar har med nokon som kjem med ynskjer, og at konserten får stå i ein større samanheng. BFO kom med dette programmet: • Prokofiev: Klassisk symfoni • Alnæs: Pianokonsert (Håvard Gimse) • Beethoven: Symfoni nr 5 Douglas Boyd, dirigent Håvard Gimse, piano Håvard Gimse var med på å plukke ut flygelet till kultursalen og var også med på opninga av kulturhuset Trivselshagen i 2009. Det var ei glede å ha han tilbake. Om valet av Alnæs: Alnæs er en sentral og ruvande norsk komponist, skribent, kantor, pedagog m.m, og vi tykte det var på sin plass å få han fram i «Gloppelyset». Og i 2014 var det hundre år sidan denne klaverkonserten vart urframført.

Hege Woxen leier Litteræart nattbad. Nora Taksdal hadde kåsert om verket då Oslo filharmoniske orkester framførte det, og dette gjentok ho i Gloppen. Om valet av Beethoven: Ein Beethovensymfoni er alltid storslått, og skjebnesymfonien - Symfoni nr. 5 i c-moll op. 67 er ein av dei mest spelte og velkjente, og ein av dei mest berømte komposisjonar i wienerklassisismen og vestlig kunstmusikk. Litterært Nattbad - i den minimale enden av skalaen… og då tenkjer vi både på arena og lydnivå, men ikkje kvalitet; der går vi som vanleg for for det beste. Her fekk publikum møte Hege Woxen, Unni Løvlid og Håkon Thelin som framførte Thelins nyskrivne verk over tekster av Are Frode Søholt. Verket skal urframførast under Festspillene i Bergen 1.juni, og det er ei stor glede for Musikkfesten å få presentere forfattaren Are Frode Søholt på denne måten. Hege Woxen innleidde om forfattarskapen.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

17


ARRANGEMENTSPROGRAM for GLOPPEN MUSIKKFEST 2014 Måndag 25.august: Kl 18: Fotoutstilling Den unge og allereie prisløna portrettfotografen Andreas Eikeseth Nygjerd har flytta heim til fylket og etablerer seg som fotograf med portrett som spesialfelt. Han har dei siste åra hatt eit langsiktig prosjekt med å portrettere kunstnarar frå fylket innan ulike sjangrar og uttrykk, frå hans eigen generasjon, og nokre av desse bileta vil vi stille ut under Musikkfesten. Staden vert foajéen i Trivselshagen, og vi samarbeider med biblioteket om utstillingsopning måndag 25.august. GRATIS

Kl 20: «Det er sjølve Have, ukløyvt og utøymt, endelaust» Kåseri: «Nordkapp – Lindesnes: 700 000 åretak i en hundre år gammel Oselver». Roaren RolfErik Poppes reiseforteljing frå ei åreferd langs heile Noregs kyst. I samarbeid med Nordfjord folkemuseum - Musea i Sogn og Fjordane og det nystarta Kystlaget – Nordfjorbåtlaget. Kr 150

Torsdag 28. august:

Tysdag 26.august: Kl 14: «Æveheims orgeltone» Kåseri om årets festivalprogram v/Nora Taksdal og Per Kristian Skalstad for elevane på Firda vgs og publikum generelt. GRATIS

Onsdag 27. august: Improvisasjon og rytmeleik Jazzmusikaren, pianisten, komponisten og pedagogen Bugge Wesseltoft held seminar for elevane på musikklinja ved Firda vgs. Kritikarseminar I samarbeid med Gloppen kommune arrangerer vi seminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink for alle tiandeklassingane i Gloppen. Korleis lytte til musikk, oppleve og vurdere konsertar? Seminaret er knytt opp til norskog musikkundervisninga. Alle elevane får også billett til konserten med Bergen Filharmoniske orkester, og alle elvane skriv kvar si melding om denne konserten. BRÅTT-besøk BRÅTT-festivalen i Hornindal arrangeres for andre gong i år,- og vi har også i år fått til eit samarbeid mellom BRÅTT, Hornindal kommune, Musikkfesten og Firda vgs. Alle ungdomskuleelevane i Hornindal får ein dag med

18

undervisning i musikk, dans, drama og realfag på Firda vgs. Deretter får dei kåseri om BFO sitt konsertprogram (v/Nora Taksdal) før alle elvane får høyre og sjå BFO i kultursalen.

«Om vinden leikar, vil også eg» Seminar for distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane med dirigent, fiolinist og bratsjist Per Kristian Skalstad, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kritikarseminar Ida Habbestad og Hild Borchgrevink vil også i år gje unge på Firda vgs ei innføring i korleis lytte til musikk, oppleve og vurdere konsertar og sidan skrive om det ein har opplevd. Elevane får tilbakemelding på det dei skriv frå dei to – og ein del tekstar vert publiserte i lokalavisa og på nett. Kl 14: Møt komponisten: Komponistane og musikarane Bugge Wesseltoft og Håkon Thelin fortel om arbeidet med å komponera og gjev oss eit blikk inn i det vi får høyre på konsertane fredag 29.august. GRATIS Kl 15:30: «I veldig rulling veltande inn» Fotballkamp mellom Musicians United og elevane på Firda vgs. GRATIS Kl 17: Bak notane Nora Taksdal kåserer om konsertprogrammet til BFO, og ser musikken i lys av festivalens tema – nasjonsbygging og identitet. GRATIS

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Kl 18: «Drivi av Storstormane»: Konsert med Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent Douglas Boyd • Prokofiev: Klassisk symfoni • Eyvind Alnæs: Klaverkonsert – med solist Håvard Gimse • Beethoven: Symfoni nr 5, «Skjebnesymfonien» Kr 370/200 Kl 21: Torsdagskveld frå …Karnilstunet! Kammerkonsert med laus snipp i den gamle låven som ligg inntil vestlandets største tinghaug. Audun Sandvik er vert, og med seg har han festivalmusikarar og andre. Gloppen hotell sel mat og drikke. Kr 150

Fredag 29. august: Kl 12: «So Skumskavlen stend» Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane – lunsjkonsert i Frydenbø bilhall. Gloppen hotell se Fjordtapas, Frydenbø syter for kaffe/te/minerlavatn. GRATIS Kl 18.30: «I dei vestlege Himlar» Mottaking i biblioteket i Trivselshagen med ord og tonar, GRATIS Kl 20: - «…for sælebots Skuld» - BUGGEs aften Bugge Wesseltoft får råde grunnen i kultursalen. Han og flygelet står i sentrum, men han vil og fargelegge rommet med andre musikarar og sitt eige tingingsverk – for klaver solo, laptop og eit knippe kammermusikarar: Bjørn Nyman, Stefan Bernardsson, Nora Taksdal. Audun Sandvik, og Håkon Thelin. Kr 300 Kl 22: «Eit luftorkester i bringa mi» Litterært nattbad med dikt av Are Frode Søholt, tonesett av Håkon Thelin, og framført av Unni Løvlid, vokal og Håkon Thelin, kontrabass. Introduksjon til Søholts forfattarskap ved litteraturvitar Hege Woxen. Kr 150 400 for heile kvelden

Laurdag 30. august Kl 14: «Nordhave breidt og fritt» Om havet og båten som brakte lova til landet. I samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane. Musikk-kåseri ved Nora Taksdal. Kr 150 Kl 16: «Let’s make an opera!» I samarbeid med Hå og Klepp kulturskule og Universitetet i Stavanger presenterer vi Benjamin Brittens opera om Little Sweep. Ein produksjon laga av Kathrine Imerslund, Elisabeth Nordberg Schultz m.fl. Dirigent Per Kristian Skalstad. Orkester sett saman av musikarar frå Sogn og Fjordane. Kr 200/50 Kl 19 – 23: «LJOS I LYKTI» Konsertkveld. Musikk, mat og vin i Trivselshagen 19: «Frå Ferdir og framande Land» Sveinung Bjelland med vener 20: «Låt og Ljom» Strykarar og blåsarar gjev oss det vakraste dei veit og dei får akkompagnement av den unge pianisten Andreas Løken Taklo 21: «Dragande Himildraum» Berit Norbakken Solseth, sopran – Sveinung Bjelland, klaver 22: «Feleskratt song gjenom Huse» Atle Sponberg er vert. Tango, quiz og smektande musikk kan ventast. Kr 150 for ein konsert, kr 400 for heile kvelden

Søndag 31. august Kl 15: «Dei klåraste Kjeldur» Matiné med kammermusikk- og soloverk, m.a. Arnold Schönberg: «Verklärte Nacht» – strykesekstett, Berit Norbakken Solseth og andre festivalmusikarar, samt den unge songaren Mari Askvik! Kr 250

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

19


«Let’s make an opera!» Benjamin Brittens opera om Little Sweep i samarbeid med Hå og Klepp kulturskule og Universitetet i Stavanger. Årets familiekonsert:

«The Little Sweep» Ideen til dette prosjektet kom frå at vår kunstnarlege leiar Per Kristian Skalstad som våren 2014 hadde oppdraget som dirigent for ei framsyning i regi av Hå og Klepp kulturskular. Kunne vi klare å flytte framsyninga og forteljinga om Sam sine opplevingar i England får den same tida som Noreg fekk sin grunnlov, til Gloppen? Hå og Klepp kulturskule i samarbeid med Universitetet i Stavanger hadde produsert denne framsyninga. Den hadde premiere i Rogaland i februar 2014, og skulle på turne til bl.a. Oslo operafestival hausten 2014. Då kunne dei kanskje klare å ta turen til Sogn og Fjordane også? Det er nedfelt i vedtektene for GMF at vi skal gje born og unge konsert/musikkopplevingar på høgt kunstnarleg nivå. Vi skal vidare bidra til talent-utvikling og -utveksling hos og mellom barn og unge. Familieframsyningar har vi hatt i alle år, nokre av dei større enn andre. Vi vil her særleg trekke fram “Heksene - ein opera til skrekk og advarsel” av Marcus og Ole Paus i 2008. Dette ville vere ein fin vidareføring av det vi har gjort tidlegare år. Vi trur at det å hente hit unge talent som får vise seg fram i en så profesjonell samanheng vil være til inspirasjon for born og unge her i fylket også.

20

Framsyninga var som sagt ferdig produsert i Rogaland, og songsolistar, ein pianist, produsentar og kulisser kunne fraktast til Gloppen dagen før framsyning. Dirigenten hadde vi på plass. Orkesteret vart sett saman av profesjonelle musikarar frå Sogn og Fjordane. Og barnekor kunne vi vel klare å få opp og gå? Magni Vereide Kroken vart engasjert, og koret sett saman av songarar frå fleire ulike skular i Gloppen. Dei hadde tre prøver før festivalveka, ein med Skalstad tidleg i veka, ein med orkester, og så hadde alle aktørar felles prøve nokre hektiske timar fredag kveld og laurdag føremiddag før framsyninga laurdag kl 16. Slik vart det skapt møteplass mellom born, unge og vaksne frå ulike deler av landet - i ein felles interesse og oppgåve. Stor stas for alle involverte! Framsyninga vart framført på engelsk. Det sette visse grenser for kva publikum vi kunne vende oss til. Men med forprosjektet i skule og ein tilsvarande introduksjon på sjølve framsyninga vart det mogeleg for born heilt ned i dei lågaste klassetrinna, og dels under skulealder, å følgje handlinga. Vi la og vekt på å fortelje om det flotte og spanande i at born og unge kan vere med i slike framsyningar, og det vart ein fin linje frå barnekoret frå Gloppen via kulturskulelevane frå Hå og Klepp til solistane som no var studentar ved UiS. Ei av dei var

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Det vart mykje latter når desse eminente musikarane, så drilla i musikalsk samspel, skulle koordinere åtte årer, 16 hender og ein båt. Elisabet Gimmestad frå Gloppen som ein gong starta i Gloppen kulturskule og no står på terskelen til ein karriere som operasongar. Handlinga Handlinga i operaen går føre seg i England for om lag 200 år sidan. Det er på same tid som Noreg fekk si grunnlov. Mrs. Baggott har tinga feiing av alle pipene på godset Iken Hall kor ho er hushjelp. Ho er nøye på at det blir gjort skikkeleg! Fattigguten Sam er 8 år og har nett blitt seld av far sin til feiarane Clem og Black Bob. I dag er det første gong Sam skal bli sendt opp i ei pipe. Han er veldig redd, for det har hendt at feiarborna blir sitjande fast og blir kvald oppi pipa. Sam sit fast i pipa og ropar på borna som bur på Iken Hall. Dei spring omkring i det store huset og leiker gjøymsle. Ved å dra i tauet som er festa rundt livet hans klarer dei å få han ned. Borna synest synd på Sam og vil redde han. Med hjelp frå barnejenta Rowan vaskar dei Sam, gir han nye klede, mat og gøymer han i skåpet slik at ikkje Mrs. Baggott og feiarane ikkje skal finne han. Til slutt klarer dei også å lure han vekk frå Iken Hall og dei slemme feiarane. Sam er fri! Framsyninga vart ein suksess med godt besøk, flotte prestasjonar frå både unge og eldre, og stor glede blant alle involverte.

Båten Som sagt tidlegare ville vi lyfte fram båten som ein viktig del av nasjonen Norge sin identitet. Undervegs i festivalen vart dette gjort gjennom kåseri, utstilling og rotur på fjorden. Ved eit lukkeleg samantreff hadde Nordfjord fokemuseum, samstundes som festivalen gjekk av stabelen, ei stor utstilling knytt til Holvik-jekta, den siste jekta som gjekk i fart langs vestlandskysten. Jekta ligg lagra i nærleiken av Sandane sentrum. Rolf Erik Poppe fortalde og synte bilete frå sin tur frå Nordkapp til Lindesnes i eit gamalt eksemplar av Noregs nasjonalbåt, ein Oselvar. Kåseriet vart halde midt i utstillinga om Holvik-jekta. Audun Sandvik innleia med tonar frå hans cello frå 1695, også eit fantastisk eksempel på godt handverk. Nora Taksdal tok plass mellom gjenstandar og bilete får livet i og rundt Holvik-jekta. Ho trakk historiske linjer mellom felebyggjartradisjon og båtbyggjartradisjon, og sette det heile i perspektiv av verdshistoria. Det nyskipa Nordfjordbåtlaget stilte med åttring som musikarane fekk ro på tur med. Det vart mykje latter når desse eminente musikarane, så drilla i musikalsk samspel, skulle koordinere åtte årer, 16 hender og ein båt.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

21


«Låt og Ljom» Strykarar og blåsarar - Stéfan Jón Bernharðsson - gjev oss det vakraste dei veit og dei får akkompagnement av den unge pianisten Andreas Løken Taklo.

Unge solistar Det var ei glede å kunne invitere to av dei flotte utøvarane får konserten ”JUBEL med dei unge” til å vere med under festivalen 2014. Slik vart det på nytt skapt møteplass mellom unge i startgropa på ein profesjonell karriere og allereie etablerte musikarar. GMF er glad for å

kunne bidra til at dei unge får ein arena å syne seg fram på. Andreas Løken Taklo var med som pianist og akkompagnatør både på «Torsdagskveld frå Karnilstunet» og under konsertrekka laurdag kveld. Mari Askvik song på matineen i kyrkja søndag ettermiddag.

FESTIVALMUSIKARNE I 2014 FESTIVALMUSIKARAR Berit Nordbakken Solset, sopran Unni Løvlid, vokal Anders Nilsson, fiolin Atle Sponberg, fiolin Nora Taksdal, bratsj Frida Fredrikke Waaler Wærvågen, cello Audun Sandvik, cello Håkon Thelin, kontrabass Bugge Wesseltoft, klaver Sveinung Bjelland, klaver Bjørn Nyman, klarientt Stefán Jón Bernardsson, horn Ida Habbestad, kritikar Hild Borchgrevink, kritikar Rolf Erik Poppe, roar

22

DISTRIKTSMUSIKARANE Førde Arvid Anthun, trompet Helga Lies´d Wytz, fløyte Jakob Wyrtz, gitar Christine Marøy, sopran Henri Eftevand, fiolin Sogndal Dorina Komani, klaver Bjørn Gisle Sæter, bass Leif Aslaksrud, trombone Hans Holgersson, cello Gloppen Otto Ose, fiolin Thomas Aanonlie, slagverk Tone Støyle Holgersson, klaver Synnøve Nordvik, sopran Henrik Silfverhielm, cello

Orkester – THE LITTLE SWEEP Kari S Pavelich, fiolin Otto Ose, fiolin Olga Pavlova, bratsj Henrik Sifverhielm, cello Maciej – Stronowski, klaver Dorina Komani, klaver Torgrim Halse, slagverk Per Krsitian Skalstad, dirigent UNGE SOLISTER Andreas Løken Taklo, klaver Mari Askvik, sopran

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

GLOPPEN MUSIKKFEST 2014 I TAL Arrangement

Publikum

Operapromotering - barneskulane Opning fotoutstilling Programkåseri ved Nora Taksdal Workshop med Bugge Wesseltoft Ro deg ned, kåseri med Rolf Erik Poppe Kritikarseminar på Firda vgs Kritikarseminar for ungdomskuleelevar Møt komponisten, med Wesseltoft og Thelin Hornindalelever på besøk Bak notene med Nora Taksdal Kontrorkonsertar Bergen Filharmoniske Orkester Karnilstunet Distriktsmusikarane på Frydenbø bilsenter

340 48 77 75

Kulturseminar, Borgundvaag m.fl Mottaking Konsert med Bugge Wesseltoft Litterært nattbad Musikkkåseri Let’s make an opera Konsertrekke 1 Konsertrekke 2 Konsertrekke 3 Konserrekke 4 Matine i kyrkja

Framsyningar

Utøvarar

25 90 79 60 7 70 387 98 390

7 1 1 1 1 1 3 1 4 1 4 1 1 1

1 2 1 1 2 2 2 2 8 1 8 70 15 18

15 38 211 70 14 178 112 103 103 122 104 2816

1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 39

3 6 3 1 39 3 7 3 17 11 226

Sandane 8. juni 2015

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

23


VEDLEGG 1

MARITA HOLME er 22 år gamal, og kjem frå

«JUBEL – med dei unge» PROGRAM Klaverinnslag v/Sigstein Folgerø Ludwig van Beethoven: Romanse i F-dur op. 50 Miriam Bergset, fiolin

Marita ønskjer seg ein yrkeskarriere som utøvande musikar, eller ein kombinasjon mellom å vere utøvande og å undervise.

Peter Tsjaikovskij: Pezzo Capriccioso Ragnhild Sannes, cello Nikita Koshkin: Tennis Waltz og Ragtime frå Cambridge Suite Leo Brouwer: Musica Incidental Campesina (Suite i 4 satsar) Thomas Schoofs Melheim og Dag Håheim, gitar Claude Debussy: Le tombeau des naïades frå Trois chansons des Bilits Georg Friedrich Händel: Sta nell’Ircana frå operaen Alcina Mari Askvik, song PAUSE Johannes Brahms: Sonate nr. 1 op. 120, 3. og 4. sats Marita Holme, klarinett Frédéric Chopin: Barcarolle i Fiss-dur op. 60 Andreas Løken Taklo, klaver John Williams: Tuba Concerto, 1. og 3. sats Magnus Vangsnes Bjørgo, tuba Givanni Paisiello: Nel Cor Piu Non Mi Sento Helena Bjarkadottir, song

Gloppen. Ho fekk si første opplæring i Gloppen Kulturskule, der ho også har vikariert som lærar. Etter musikklina på Firda vgs. gjekk vegen til Griegakademiet i Bergen, der ho no er inne i sitt tredje studieår. Der har ho hatt Christian Stene og Håkon Nilsen som lærarar. Ho har også deltatt i masterclass med m.a. Linda Merrick og Michael Collins.

MAGNUS VANGSNES BJØRGO kjem frå

Solund og er 22 år gamal, og. Han går no tredje året på det fireårige studiet for utøvande musikarar ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo. Det var musikklina på Firda vgs. som gav han mesteparten av den musikalske ballasten han trong for å satse for fullt på musikk. Målet er å kunne leve av å vere utøvande musikar i eit profesjonelt ensemble. I dag er han godkjent vikar i Forsvarets Stabsmusikkorps, Den Kgl. Norske Marines Musikkorps, Kringkastingsorkesteret og Den Norske Opera og Ballett.

RAGNHILD SANNES er fødd i 1988, og kjem

frå Naustdal. Ho begynte å spele cello som åtteåring, og er no i ferd med å avslutte sin mastergrad i utøving ved Barratt Due Musikk-institutt. Med Bjørn Solum som lærar har ho vald å fordjupe seg i russisk musikk frå 1900-talet. Ved Barratt Due har ho vore fast gruppeleiar i Symfoniorkesteret og Kammerorkesteret dei siste fem åra, og spelar jamnleg med Oslo Camerata. Ho har også fått høve til å spele med Oslo Filharmoniske orkester, Operaorkesteret, og har delteke på internasjonale festivalar i Pilsen, Tsjekkia og Cambrigde, England. I sin faste duo, Duo Cellistica, spelar ho omlag 60 konsertar i året. Ho har fått undervisning av m. a. Truls Mørk, Richard Aaron, Raphael Wallfisch, Gavriel Lipkind og Oleg Kogan. Ragnhild sitt største ønskje er å leve av musikken og ho drøymer om å spele med nasjonale symfoniorkester, halde eigne konsertar og lage sitt eige undervisningsopplegg for born og unge.

MIRIAM BERGSET er fødd 1989, og kjem frå

Nordfjordeid. Ho begynte å spele fiolin som niåring. Frå ho var 13 var ho med i Ung Symfoni, og var oppteken i Unge Musikere ved Griegakademiet som 15-åring. Etter at ho vann

24

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Duo-klassen i Ungdommens Musikk-meisterskap i 2007 har ho hatt speleoppdrag både under Nordlysfestivalen i Tromsø og i Ljubljana. Ho tok Bachelor i utøvande ved Norges Musikkhøgskole 2009 - 2012 med Harald Aadland og Detlef Hahn som lærarar. Sidan 2009 har ho vore medlem av Ensemble Allegria, og har delteke i Opera Nordfjord sitt operaorkester jamnleg sidan ho var 14 år gammal. Ho har delteke i fleire UKM, og har vore to gonger i landsmønstringa. Miriam har hatt solistoppdrag med Sogn og Fjordane Symfoniorkester, Universitetets Symfoniorkester i Bergen, Ung Symfoni og Bergen Unge Kammerorkester. I tillegg har ho motteke stipend frå m.a. Norsk Tipping/Norsk Kulturskuleråd, Sparebanken Vest/BFO, Asbjørn Valakers Minnefond, Tom Wilhelmsens stiftelse, Jansons Legat, samt Ungdommens Kulturpris for Eid Kommune. Tek no Master of Performance ved Royal College of Music i London med Detlef Hahn som lærar.

Mari Askvik er frå Leikanger i Sogn, og er 25 år gammal Ho kjem frå ein musikalsk familie, og interessa for song og musikk kom tidleg. Som 15-åring begynte ho på Kongshaug Musikkgymnas. I 2007 vart ho tatt opp på bachelorstudiet i klassisk song ved Griegakademiet, og i 2009 kom ho inn på nyoppretta bachelorstudium i opera ved Operahøgskolen. Etter endt bachelorgrad i opera, kom ho rett inn på master i opera ved same skule. Der ho no er inne på siste studieåret. I august deltok ho i Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse, og i oktober debuterte ho på Den Norske Opera & Ballet som Shiri i den nyskrivne operaen Ad Undas - solaris korrigert av Øyvind Mæland, og i mars skal ho tilbake til operaen som Dorabella i Cosi fan tutte av Mozart. Mari ynskjer å leve som klassisk songar og operasongar. Ho syng kyrkjemusikk, gjer eventjobbar, gjer ulike typer konserter og trivs godt med variasjonen i frilanserlivet. «Dette er jo det fine med å ha operakompetansen,» seier ho, «at eg kan søkje meg til faste utøvande stillinger, i alle land, men også jobbe som frilansar og bruke stemmen og kompetansen min på heilt andre måtar og stadig utvikle meg.»

Før det gjekk han musikklina på Firda vgs. og eit år på Toneheim Folkehøgskule. I fjor var han utvekslingsstudent ved Universität Mozarteum i Salzburg. Dei vidare planane er å ta pedagogikk ved Griegakademiet, for deretter å fortsetje med masterstudiar innan utøvande musikk.

THOMAS SCHOOFS MELHEIM er 22 år

gamal og kjem frå Lærdal. Han studerer klassisk gitar ved Griegakademiet på 3. året, med professor Stein-Erik Olsen som lærar. Før det gjekk han musikklina på Firda vgs. I tillegg til klassisk gitarspel, er han også dirigent for tre kor i Bergen.

ANDREAS LØKEN TAKLO er fødd i Florø og

vaks opp på Grov i Eikefjorden. Han byrja å spele piano då han var ni år, og interessa for spelinga og klassisk musikk vart berre større og større som åra gjekk. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes, den gong busett i Førde som lærar. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland og Italia. Andreas vann førstepris i Haarklou-konkurransen under Pianofestivalen i Førde, både i 2008 og -09. Ein konkurranse i München sommaren 2011 var stor suksess, og Andreas vann solist-oppdrag i både Paris og München. Han har også spelt solokonsertar i heimlandet, mellom anna i Drøbak kirke, Griegakademiet, Barratt Due musikkinstitutt og i Florø kyrkje. Andreas deltek ofte på kurs og festivalar rundt omkring i Europa. I 2011 vart han invitert til Sandviken Master Classes i Sverige og til Opus 11-festivalen i Århus. No for tida studerer Andreas ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og har jamnleg undervisning av Noregs beste pedagogar og pianistar. Han er ein aktiv kammermusikar, og har spelt på konsertar både på Munchmuseet og i operahuset i Bjørvika.

DAG HÅHEIM er 24 år gammal og kjem frå

Jølster. Han tar no bachelorgraden ved Griegakademiet, og skal ta avsluttande eksamen til våren.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

25


VEDLEGG 2

Om musikarane i Gloppen 2014 Solocellist AUDUN SANDVIK – kjem frå Bergen. Han er ein av tre kunstnarlege leiarar for festivalen. Audun spelar på ein cello bygd i Roma i 1685. Audun er utdanna i Noreg (m.a. hos Aage Kvalbein og Truls Mørk,) og i USA (hos Janos Starker.) Han er ein etterspurd kammermusikar og solist, og er aktiv som solocellist i Det Norske Kammerorkester. I tillegg er Audun eit råskinn på fotballbana, og i maraton- og skiløypene. Dirigent og fiolinist PER KRISTIAN SKALSTAD, også kunstnarleg leiar i Gloppen, har vore glødande patriot sidan han opna auga ved bredden av Drammenselva i 1972. På den tida var Drammen “heilt harry”. Per Kristian skal ha mykje av æra for at drammensarane, i løpet av livet hans, har blitt dei mest nøgde innbyggjarane i landet, i ein levande by full av musikk og kunst. Per Kristian har ytt til dette ved å konsertere, dirigere og undervise i heimbyen og særleg ved å produsere heile fire nye drammensarar. Sjølvsagt bur han i heimbyen. Per Kristian set Gloppen (nesten) like høgt som Drammen.

NORA TAKSDAL frå Nøtterøy er solobratsjist i

Kork, og gjestar Gloppen Musikkfest for 4. gong. Ho har bakgrunnen sin frå Vertavokvartetten og Bergen- og Oslo-Filharmonien, og opptrer både som pedagog, solist og kammermusikar. Nora skriv og artiklar i ulike musikkmagasin og lagar radioinnslag i P2 om klassisk musikk. Nora er ein drøymande fjellvandrar. Med røter og etternamn frå Jæren, har ho tapt hjartet sitt til Vestlandet, og nynorske dikt. (Dikt som mange austlendingar, uforståeleg nok, syns er triste.)

BUGGE WESSELTOFT er årets festivalkom-

ponist og treng knapt å presenterast. Firda-elevane har vorte bortskjemde med å få internasjonalt leidande artistar inn i klasserommet. I år kan både dei og publikum gle seg til musikalske møte med ein uvanleg allsidig jazzmusikar. Bugge (f 1964) er frå Porsgrunn og vaks opp med ein far som var jazzgitarist. Bugge er pianist, perkusjonist, komponist, produsent og kammermusikar. Han har vore gjest og festivalartist utallege stader i Noreg og utlandet. Han er ein stor improvisator med usvikeleg teft for harmonikk. Sjølv bèr han i seg draumen om å spela klassisk-inspirert piano og har dei siste åra samarbeidd med t d 26

Det norske kammerorkester. Han set m a pris på klangane til dei franske impresjonistane. Sopranen BERIT NORBAKKEN SOLSET er en av GMFs kjære husvenner. Kanskje har du sett henne mange ganger uten å kjenne henne igjen? Stadig ny hårsveis og -farge er nemlig typisk for Berit. Men stemmen er ikke til å ta feil av. Enten hun synger renessansemusikk, barokk, wienerklassisk eller samtidsmusikk, gjør vår sopran inntrykk gjennom tindrende stemme, dyp fortolkningsevne og scenisk nærvær. Berit var i flere år medlem av Det norske solistkor, men står (eller snarere løper) nå på egne ben som solist. Hun opptrer sammen med ledende ensembler og dirigenter i Norge og utlandet. Ifjor var hun solist i «Johannespasjonen» av Bach, med Bergen Domkor og Gloppens egen Kjetil Almenning som dirigent. Pianist SVEINUNG BJELLAND har i fleire år vore en kjærkommen deltakar ved Gloppen Musikkfest. Han er ein ettertrakta solist og kammermusikar på internasjonale podium. Han har studert med professor Hans Leygraf ved Mozarteum i Salzburg, og ved Hochschule der Künste i Berlin. I 1999 vart Bjelland kåra til “Årets unge solist” av Rikskonsertane. Han har fått fleire prisar, som Levin-prisen og Shell-prisen. Sveinung har vore solist med alle dei største orkestera våre, under profilerte dirigentar. Han har vore med på mange innspelingar. Sveinung er også ein særs dyktig fotograf.

BJØRN NYMAN, soloklarinettist i Kork, vok-

ste opp i Finland. Drømmen var å spille trommer som «Dyret» i Muppet-show. Musikkskulen ville det annerledes og nå er han dyrisk god på klarinett isteden. Björn fikk sin første jobb som soloklarinettist som 19-åring. Siden har han vunnet mange høythengende internasjonale priser. Han har studert med Hans Christian Bræin og Leif Arne Pedersen ved Norges Musikkhøgskole - hvor han selv underviser i dag - samt med Yehuda Gilad i Los Angeles. Björn er stadig solist med orkester, også med flere urfremførelser. Hva var vel Gloppen Musikkfest uten en briljant messingblåser? Hormist STÉFAN JÓN BERNHARÐSSON er i seg selv et slags vandrende og spillende Norden. Han er fra sagaøya Island, har mastergrad fra Norges Musikkhøgskole og opptrer regelmessig i hele Skandinavia. Stefan er ansatt som alternerende solohornist i Islands Symfoniorkester i Reykjavik. Han har vært med under Gloppen

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


ÅRSMELDING 2014

Musikkfest tidligere. Med vidd, refleksjoner og glitrende spill er han en avholdt kollega og kammermusiker. Stefan bekrefter at våre naboer i vest står for en rotekte og levende kulturarv, at de manøvrerer trygt i all slags vær, og at de heldigvis til enhver tid har djervheten i behold.

sjølvsagt at ho omsider kom seg til Gloppen Musikkfest 2014. Ho spelar på ein Nicolas Dupot-cello laga i 1823, same året som kong Karl Johan vedtok å byggja slottet i Christiania. Eit stort år for byggje-kunsten. Og sjølvsagt har Frida celloklang som ei dronning.

ANDERS NILSSON med hovudvirke i Noreg,

ROLF-ERIK POPPE drog på seg ein båt-

Sverige og det nøytrale Sveits, og med norsksvensk opphav, er Anders eit fredens symbol i grunnlovsåret. Ikkje berre bringer han sjelefred og lukke til folk ved sitt solospel. Han opptred òg som konsertmeister i kammerorkestret i Basel, i Kringkastingsorkestret og Trondheimsolistane, ved operahus i Sverige og fleire andre stader. Anders er ein av Audun og Nora sine kammermusikkfavorittar. Han har spelt mykje saman med Sveinung Bjelland, og dei har hausta internasjonale lovord for CDen med fransk impresjonistisk musikk. Anders styrer Hardanger Kammermusikkfest - ein av få (om nokon?) stader og festivalar som kan måla seg med Gloppen.

ATLE SPONBERG er landkrabbe-alibi i den

fjordprega musikkfesten vår. Han kjem frå Gjøvik, og Mjøsa er som kjend ikkje særleg salt. Likevel har fela brakt Atle over dei sju hav og vel så det. Som solist og 1. konsertmeister i Kringkastingsorkestret er han kjend i heile landet. Atle sin varme og kjærleik til musikken piplar over scenekanten og gjennom tv-rutene. I Tromsø er gleda stor etter at han vart fiolinprofessor der frå i fjor. Han er òg ettertrakta som ensembleleiar - og i musikalsk «stand-up» med lynkjappe replikkar. Det forfina og sprell levande spelet hans kjem til si rett anten han leiker seg med barokk, tango, kammermusikk eller i moderne musikk. Atle er òg lidenskapeleg skiløpar, både i Stradivarius sine fordums fiolin-skogar i Val di Fiemme (Marcialonga), i «Birken» og i Oslomarka.

FRIDA FREDRIKKE WAALER WÆRVÅGEN

høyrer til den unge gjengen med unge norske cellovirtuosar. Frida spelar like strålande som ho ler. Og så kjem ho frå sjø- og marinebyen Horten i Vestfold, breddfull av gravhaugar og med staute røter frå bronsealderen og vikingtida. Ho kunne derfor greitt hamla opp med professorane Aage Kvalbein og Truls Mørk ved Musikkhøgskulen. Seinare drog ho ut - til dei svenske cellomeistrane Frans Helmerson og Thorleif Thedéen - i høvesvis Köln og Stockholm (Edsbergs slott). Frida har vunne så mange prisar og halde så mange konsertar at vi ikkje kan fatte det. Men det viktigaste er

elskande fanklubb frå Kringkastingsorkestret, med Nora i spissen, då han sumaren 2011 rodde Noreg på langs. I ein meir enn 100 år gamal oselvar (Noregs nasjonalbåt) tok han saman med venen Axel Bjørklid 700 000 åretak frå Nordkapp til Lindesnes. «Poppe» er ein mann av villmarka og bylgjene, og vert melankolsk av for mykje inneliv. «Kvifor vera inne når alt håp er ute?» er hans livsmotto. Han klatrar, spring og isbadar. Åreferden var hans tredje «Norgepå-langs»-tur. Tidlegare har det skjedd til fots og på ski. Poppe skal fortelje oss om den eventyrlege reisa si. Han er sjølv ein begåva fotograf, teiknar og målar - med skarpe iakttakingar. Som landskapsarkitekt brenn han for estetikk. Han har klare meiningar om norsk byggeskikk og landskapsforvaltning i tillegg til dei rike naturopplevingane sine. Det er ei glede for GMF at Poppe kjem nett same året som Gloppen får sitt eiget kystlag.

UNNI LØVLID er ein anerkjent og aktiv

songar frå Hornindal. Ho går i mange musikalske landskap – samtidsmusikk og folkesong. Ho og Thelin har gjort fleire prosjekt og turnear saman – sist i fjor sommar då dei var innom alle stavkyrkjene i fylket med eit salmeprogram.

HÅKON THELIN. Klassisk musiker med et

solid arbeide I utforsking av kontrabassens muligheter bak seg. Han er utdannet (2003) fra Norges musikkhøgskole der han tok hovedfag i teoretisk og praktiske perkusjonsteknikker på kontrabassen. Fra 2007-2011 var han kunststipendiat på Norges musikkhøgskole hvor han arbeidet med et prosjekt kalt A New World of Sounds – advancements in contemporary double bass techniques. Dokumentasjon og refleksjon er publisert på nettsiden www.haakonthelin.com. Thelin underviser i dag på musikkhøgskolen, blant annet i faget «Improvisasjonsbasert samtidsmusikk» og «Komposisjon workshop». Thelin har gitt ut to soloalbum, og for Light vant han Spellemannprisen 2011 i klassen samtidsmusikk.Saman med trekkspelar Frode Haltli og saksofonist Rolf-Erik Nystrøm utgjer han trioen Poing.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014

27


HOVUDSPONSORAR 2014

MUSIKKFESTEN 2014 ER STØTTA AV

Musea i Sogn og Fjordane GLOPPEN KOMMUNE FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

MUSIKKFESTEN 2014 ER OGSÅ STØTTA AV

Eikenæs

Advokatane

LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A

Vest Optikk

Grafisk design og ukrediterte foto: Geir Skagen 28

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2014


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.