Page 1

GLO PPEN MUSIK KFEST2014 25. - 31. AUGUST

EG VEIT MEG EIT LAND PROGRAM


ADMINISTRASJON OG STYRE Festivalsjef /Dagleg leiar: Hanne B Oftedal Kunstnarleg leiing Nora Taksdal Audun Andre Sandvik Per Kristian Skalstad Styret for Stiftinga Gloppen Musikkfest Styreleiar: Kjell Arnestad Nestleiar og økonomiansvarleg: Anders Rinde Styremedlemmar: Erling Sande, Reidun Sandøy Os, Solfrid Bjørkum, Henrik Silfverhielm Stabsleiarar Festivalkoordinator: Ane Bergliot Oftedal. Inspisientar: Ane Bergliot Oftedal, Viviann Alme, Ingrid W Eskeland

www.gloppenmusikkfest.no

Kjøkkensjefar: Reidun Sandøy Os og Margot Andenes Barsjef: Ivar Bruun Folkeopplysar og ansvarleg for musikkfaglege tekstar: Arne Søholt Skribent og ansvarleg for musikaromtale: Nora Taksdal Lagleiar Musicians United 2014: Jan Kjetil Øygard Frivillege: elevar frå Firda vgs og medlemmar av venneforeininga Grafisk formgjevar programhefte o.a.: Geir Skagen


(Foto Geir Skagen)

KJÆRE PUBLIKUM! Så er vi klare for en ny fest i Gloppen – Musikkfest! Det er flott å ønske velkommen til feiring av Grunnloven i selve fjordfylket. Fjorden og havet har bundet Norge sammen, har brakt oss inntrykk utenfra, og med det bidratt til både musikk, kultur og grunnlov! Som tidligere år: Det er en glede for oss å lete og finne tonen sammen, og alle de toner som finnes mellom oss musikere – og i fellesskap og samvær med dere, vårt publikum. Vi sees og høres på konsert! Nora Taksdal, Audun Sandvik, Per Kristian Skalstad


EG VEIT MEG EIT LAND KJÆRE PUBLIKUM! Det er ei glede å kunne ynskje velkomen til Gloppen Musikkfest 2014. Det tyder at vi er igong med eit nytt tiår i festivalen si historie, og vi vonar det skal verte eit tiår med god opplevingar for deg som publikummar, for musikarar vi har invitert hit, og for oss som lagar til festival. Etter fylkesjubiléet og vårt eige 10-årsjubileum i fjor, gler Gloppen Musikkfest seg til å gå vidare inn i feiringa av den norske Grunnlova. Vi vil løfte fram musikken som nasjonsbyggjar og identitetsskapande faktor i Noreg - og resten av verda. Musikken og kunsten i det heile er ein av bærebjelkane i samfunnet og i ein nasjons identitet. Vi vil presentere havet, båten og fjorden som kulturbyggjar i Noreg, men gjennom festivalveka skal vi og verte kjend med musikk som syner oss andre nasjonars identitet og kultur. Under festivalen vil publikum som vanleg møte kammermusikarar av ypperste klasse i samspel og mannjamning. I tillegg kan vi i år presentere ein av Noregs mest profilerte jazzmusikarar! Nye arenaer og nye uttrykk er ein del av programmet – og vi gler oss til å presentere unge talent frå eige fylke og andre stader i landet.

www.gloppenmusikkfest.no


Også i år har vi eit nært samarbeid med skulane i Gloppen. Grunnskuleelevar er inviterte til å vere med som kor i familieframsyninga «Let’s make an opera». Dei yngste elevane har hatt besøk av oss og fått eit lite formidlingsprogram med tema som: Kva er ein opera? Korleis vert den til? Kva handlar denne framsyninga om? Dialogar og songar i framsyninga er på engelsk, men vi trur at med ein alderstilpassa introduksjon vil framsyninga verte tilgjengeleg også for dei låge klassetrinna. Tiandeklassingane får skriveseminar med to av dei mest røynde musikkritikarane i Noreg, og får også med seg konserten med Bergen Filharmoniske Orkester. Ungdomskulelevane frå Hornindal får også i år ein heil dag med opplevingar på Firda vgs – kultur og realfag – før også dei skal på konserten med BFO. Elevane ved musikklinja på Firda vgs får seminarar, kåseri, workshops og konsertar inn i skulekvardagen, og fleire av dei er også med som hjelparar på festivalen. Det gjev røynsle med å arrangere og eit blikk inn i eit profesjonelt musikarliv. Til å opne festivalen har vi fått statssekretær i Kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvaag. Og i det høvet har vi invitert politikarar og sentrale kulturarrangørar i fylket til eit kortseminar: Korleis kan ein skape kultur med kvalitet – også i distrikta? Kan Gloppen med alle sine festivalar og fagmiljø vere ein drivkraft i fylket som også ellers har så mykje kultur? Vi vonar at du som er publikum på festivalen får gode opplevingar i dagane som kjem. Velkomen! Kjell Arnestad Hanne B Oftedal


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

GLOPPEN KOMMUNE

Musea i Sogn og Fjordane FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE www.gloppenmusikkfest.no


KUNSTNARLEG LEIING: Solocellist AUDUN SANDVIK – kjem frå Bergen. Han er ein av tre kunstnarlege leiarar for festivalen. Audun spelar på ein cello bygd i Roma i 1685. Han er utdanna i Noreg (m.a. hos Aage Kvalbein og Truls Mørk), og i USA (hos Janos Starker.) Han er ein etterspurd kammermusikar og solist, og er aktiv som solocellist i Det Norske Kammerorkester. I tillegg er Audun eit råskinn på fotballbana, og i maraton- og skiløypene. Dirigent og fiolinist PER KRISTIAN SKALSTAD, også kunstnarleg leiar i Gloppen, har vore glødande patriot sidan han opna augene ved breidda av Drammenselva i 1972. På den tida var Drammen «heilt harry». Per Kristian skal ha mykje av æra for at drammensarane, i løpet av livet hans, har blitt dei mest nøgde innbyggjarane i landet, i ein levande by full av musikk og kunst. Per Kristian har ytt til dette ved å konsertere, dirigere og undervise i heimbyen - og særleg ved å produsere heile fire nye drammensarar. Sjølvsagt bur han i heimbyen. Per Kristian set Gloppen (nesten) like høgt som Drammen. Med dette er alt sagt om festivalengasjementet hans.

NORA TAKSDAL frå Nøtterøy er solobratsjist i Kork, og gjestar Gloppen Musikkfest for 4. gong. Ho har bakgrunnen sin frå Vertavokvartetten og Bergen- og Oslo-Filharmonien, og opptrer både som pedagog, solist og kammermusikar. Nora skriv og artiklar i ulike musikkmagasin og lagar radioinnslag i P2 om klassisk musikk. Nora er ein drøymande fjellvandrar. Med røter og etternamn frå Jæren, har ho tapt hjartet sitt til Vestlandet, og nynorske dikt. (Dikt som mange austlendingar, uforståeleg nok, syns er triste.)


KR KR KR

Sparekonto Høgrente Spar inntil 30 000 kroner i året med 3,5 % rente ssf.no/hogrente • tlf. 57 82 97 00

www.gloppenmusikkfest.no

meirennbank.no


MUSIKARAR:

Sopranen BERIT NORBAKKEN SOLSET er ein av GMFs kjære husvenner. Kanskje har du sett henne mange gonger utan å kjenne henne att? Stadig ny hårsveis og -farge er nemleg typisk for Berit. Men stemma er ikkje til å ta feil av. Anten ho syng renessansemusikk, barokk, wienerklassisk eller samtidsmusikk, gjer sopranen vår inntrykk med si tindrande stemme, djupe fortolkningsevne og sceniske nærvere. I tillegg sjarmerer ho sine Gloppen-kollegaer med nordnorsk humor og oppriktigheit. Ho er fødd i Finnsnes i Troms, og bur idag i Ishavsbyen Tromsø. Berit var i fleire år medlem av Det norske solistkor, men står (eller snarere løper) no på eigne bein som solist. Ho opptrer saman med leiande ensembel og dirigentar i Noreg og utlandet. I fjor var ho solist i «Johannespasjonen» av Bach, med Bergen Domkor og Gloppens eigen Kjetil Almenning som dirigent. Berit har også samarbeidd nært med festivalpianist Sveinung Bjelland. Pianist SVEINUNG BJELLAND har i fleire år vore ein kjærkommen deltakar ved Gloppen Musikkfest. Han er ein ettertrakta solist og kammermusikar på internasjonale podium. Han har studert med professor Hans Leygraf ved Mozarteum i Salzburg, og ved Hochschule der Künste i Berlin. I 1999 vart Bjelland kåra til «Årets unge solist»av Rikskonsertane. Han har vunne fleire prisar, som Levin-prisen og Shell-prisen. Sveinung har vore solist med alle dei største orkestera våre, under profilerte dirigentar. Han har vore med på mange innspelingar. Sveinung er også ein særs dyktig fotograf. BJÖRN NYMAN, soloklarinettist i KORK, vaks opp i Finland. Draumen var å spele trommer som «Dyret» i Muppet-show. Musikkskulen ville det annleis og no er han «dyrisk» god på klarinett i staden. Björn fekk sin første jobb som soloklarinettist som 19-åring. Sidan har han vunne mange høgthengande internasjonale prisar. Han har studert med Hans Christian Bræin og Leif Arne Pedersen ved Norges Musikkhøgskole - der han sjølv underviser i dag - samt med Yehuda Gilad i Los


energi kultur bulyst

Sogn og Fjordane Energi ønskjer at fylket vårt skal vere ein god stad å bu. Derfor samarbeider vi med eit rikt kulturliv som skapar trivsel og bulyst i lokalsamfunna våre. Sjå meir på sfe.no

www.gloppenmusikkfest.no


Angeles. Björn er stadig solist med orkester, også med fleire urframføringar. På same måte som med pianist Bjelland er spelet til Björn kjenneteikna av djervskap, og det gjeld også med kortstokken. Kva var vel Gloppen Musikkfest utan ein briljant messingblåsar? Hornist STEFÁN JÓN BERNHARÐSSON er i seg sjølv eit slags vandrande og spelande Norden. Han er frå sagaøya Island, har mastergrad frå Norges Musikkhøgskole og opptrer regelmessig i heile Skandinavia. Stefan er tilsett som alternerande solohornist i Islands Symfoniorkester i Reykjavik. Han har vore med under Gloppen Musikkfest tidligere. Med vidd, refleksjonar og glitrande spel er han ein avhalden kollega og kammermusikar. Stefan stadfestar at våre naboar i vest står for ein rotekte og levande kulturarv, at dei manøvrerer trygt i all slags vêr, og at dei heldigvis har djervskapen i behald til ei kvar tid. ANDERS NILSSON Med hovudvirke i Noreg, Sverige og det nøytrale Sveits, og med norsk-svensk opphav, er Anders eit fredens symbol i grunnlovsåret. Ikkje berre fører han med seg sjelefred og lukke til folk ved sitt solospel. Han opptrer òg som konsertmeister i kammerorkestret i Basel, i Kringkastingsorkestret og Trondheimssolistane, ved operahus i Sverige og fleire andre stader. Anders er ein av Audun og Nora sine kammermusikkfavorittar. Han har spelt mykje saman med Sveinung Bjelland, og dei har hausta internasjonale lovord for CDen med fransk impresjonistisk musikk. Det gler oss at Anders òg styrer ein kammermusikkfestival på Vestlandet! I vakre Ullensvang finn ein Hardanger Kammermusikkfest - ein av få (om nokon?) stader og festivalar som kan måla seg med Gloppen.


Tid til gode relasjonar

w w w . o k o n o r. n o

Tid til gode relasjonar

Økonor Gloppen Sørstrandvegen 6, Pb 100 Når vi tar rekneskapet får du meir tid til kundar 6821 Sandane Ø og medarbeidarar - til beste for di verksemd. Tlf. 57 86 86 00 S

Når vi tar rekneskapet får du meir tid til kundar og medarbeidarar - til beste for di verksemd.

6 T

Økonor Gloppen Telefon: 57 86 86 00 · E-post: gloppen@okonor.no www.gloppenmusikkfest.no


ATLE SPONBERG er landkrabbe-alibi i den fjordprega musikkfesten vår. Han kjem frå Gjøvik, og Mjøsa er som kjend ikkje særleg salt. Likevel har fela brakt Atle over dei sju hav og vel så det. Som solist og 1. konsertmeister i Kringkastingsorkestret er han kjend i heile landet. Atles varme og kjærleik til musikken piplar over scenekanten og gjennom tv-rutene. I Tromsø er gleda stor etter at han vart fiolinprofessor der frå i fjor. Han er òg ettertrakta som ensembleleiar - og i musikalsk «stand-up» med lynkjappe replikkar. Det forfina og sprell levande spelet hans kjem til sin rett anten han leikar seg med barokk, tango, kammermusikk eller i moderne musikk. Atle er òg lidenskapeleg skiløpar, både i Stradivarius’ fordums fiolinskogar i Val di Fiemme (Marcialonga), i «Birken» og i Oslomarka, kor han berre er blitt forbigått ein gong: av ekteparet Ulvang/Nykkelmo (med kvar sin unge i pulk). FRIDA FREDRIKKE WAALER WÆRVÅGEN høyrer til gjengen med unge norske cellovirtuosar. Europas leiande musikarar brukar namnet hennar som «tongue-twister» - i djup respekt. Frida spelar like strålande som ho ler. Og så kjem ho frå sjø- og marinebyen Horten i Vestfold, breiddfullt av gravhaugar og med staute røter frå bronsealderen og vikingtida. Ho kunne derfor greitt hamle opp med professorane Aage Kvalbein og Truls Mørk ved Musikkhøgskulen. Seinare drog ho ut - til dei svenske cellomeistrane Frans Helmerson og Thorleif Thedéen - i høvesvis Köln og Stockholm (Edsbergs slott). Frida har vunne så mange prisar og halde så mange konsertar at vi ikkje kan fatte det. Men det viktigaste er sjølvsagt at ho omsider kom seg til Gloppen Musikkfest 2014. Ho spelar på ein Nicolas Dupot-cello laga i 1823, same året som kong Karl Johan vedtok å byggja slottet i Christiania. Eit stort år for byggje-kunsten. Og sjølvsagt har Frida celloklang som ei dronning.


UNNI LØVLID er A-klassing i vokal folkemusikk, og vart som første musikar utropt til «Årets artist» under Folkelarm 2006. I tillegg til å vere soloutøvar er ho med i ulike ensemble og har samarbeidd med musikarar i mange sjangre. Ho er kjend for sine prosjekt i krysninga folkemusikk – samtidsmusikk. Unni har gjeve ut fleire plater - for born og vaksne – til strålande kritikkar! Unni har turnert verda over, og vore solist med fleire kor og orkester. I 2007 fekk ho Spellemannprisen innan samtidsmusikk saman med Kringkastingsorkesteret og Grex vocalis for produksjonen «Draumkvedet» av Arne Nordheim. I 2012 urframførte ho verket Terskelsongar av Ørjan Matre med BIT20. Ho og Håkon Thelin har gjennomført fleire prosjekt i lag – m.a. turne i alle fylkets stavkyrkjer med eige salmeprogram. HÅKON THELIN. Klassisk musikar med eit solid arbeid i å utforske kontrabassen sine muligheiter bak seg. Han er utdanna fra Norges Musikkhøgskole med hovedfag i teoretiske og praktiske perkusjonsteknikkar på kontrabassen. Fra 2007-2011 var han kunststipendiat på Norges Musikkhøgskole der han arbeidde med eit prosjekt kalt A New World of Sounds – advancements in contemporary double bass techniques. Thelin underviser i dag på musikkhøgskolen, blant anna i faget «Improvisasjonsbasert samtidsmusikk» og «Komposisjon workshop». Thelin har gitt ut to soloalbum, og for Light vant han Spellemannsprisen i 2011 i klassen samtidsmusikk. Sammen med accordionist Frode Haltli og saksofonist Rolf-Erik Nystrøm utgjer han trioen Poing. HÅVARD GIMSE spelar i år med Bergen Filharmoniske Orkester når dei under musikkfesten framfører Eivind Alnæs sin klaverkonsert. Gimse er frå Kongsvinger, og utdanna ved Norges Musikkhøgskole, Mozarteum i Salzburg og Musikkhøgskolen i Berlin. Han har motteke ei rekkje prisar, og har sidan 1992 gitt ut meir enn 30 CD-innspelingar. For glopparane er han kanskje mest kjend som den som valde ut konsertflygelet som står i Kultursalen, og som sjølv var til stades og spelte på og introduserte flygelet ved opninga av Trivselshagen i 2009. Det skal sjølvsagt fram denne torsdagen.

www.gloppenmusikkfest.no


ROLF-ERIK POPPE drog på seg ein båt-elskande fanklubb frå Kringkastingsorkestret, med Nora i spissen, då han sommaren 2011 rodde Noreg på langs. I ein meir enn 100 år gamal oselvar (Noregs nasjonalbåt) tok han saman med venen Axel Bjørklid 700 000 åretak frå Nordkapp til Lindesnes. Poppe, som han vert kalla av venene, er ein mann av villmarka og bølgjene og vert melankolsk av for mykje inneliv. «Kvifor vera inne når alt håp er ute?» er livsmottoet hans. Han klatrar, spring og isbadar. Åreferda var hans tredje «Norge-på-langs»tur. Tidlegare har det skjedd til fots og på ski. Poppe skal fortelje oss om den eventyrlege reisa si. Han er sjølv ein gåverik fotograf, teiknar og målar - med skarpe iakttakingar. Som landskapsarkitekt brenn han for estetikk. Han har klare meiningar om norsk byggeskikk og landskapsforvaltning, i tillegg til dei rike naturopplevingane sine. Det er ei glede for GMF at Poppe kjem nett same året som Gloppen får sitt eige kystlag. ANDREAS EIKESETH NYGJERD (f. 1984) studerte portrettfotografi under meisterfotograf Hans Jørgen Brun i Bergen i perioden 20112014, der han avslutta med beste moglege karakter på sveineprøva. I år vart han også kåra til “Årets student” i Norges Fotografforbunds Landskonkurranse. På seinhausten 2014 etablerar han eige atelier med studio og galleri på Sandane, kor han vil fordjupe seg vidare i portrettfotografiet. I utstillinga i Trivselshagen syner han eit utval portrett av personlegdomar innan kulturlivet lokalt, med nokre nasjonale innslag, fotografert i perioden 2010-2014.


MÅNDAG 25. AUGUST 18.00  «Den dag i morgon» Fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd syner portrett av unge kunstnarar frå fylket. Musikalske innslag. Trivselshagen. GRATIS.

TYSDAG 26. AUGUST 1400 «Æveheims orgeltone» Kåseri om årets festivalprogram v/Nora Taksdal og Per Kristian Skalstad. Aulaen, Firda vgs. GRATIS.

ONSDAG 27. AUGUST 20.00 «Det er sjølve Have, ukløyvt

og utøymt, endelaust»

«Nordkapp – Lindesnes: 700 000 åretak i en hundre år gammel oselver». Roaren sjølv Rolf-Erik Poppes reiseforteljing. Musikalske innslag. Nordfjord folkemuseum. Bill kr 150/50. NB! Avgrensa tal plassar.

TORSDAG 28. AUGUST 14.00 Møt komponistane Komponistane Bugge Wesseltoft og Håkon Thelin fortel om arbeidet med å skrive musikk. Aulaen på Firda vgs. GRATIS.

www.gloppenmusikkfest.no

15.30 «I veldig rulling veltande

inn»

Fotballkamp mellom Musicians United og elevane på Firda vgs. STIL-bana. GRATIS. 17.00  Bak notane Nora Taksdal kåserer om konsertprogrammet til BFO. Gloppen folkebibliotek. GRATIS. 18.00  «Drivi av Storstormane» Konsert med Bergen Filharmoniske Orkester i kultursalen, Trivselshagen. Bill kr 370/200. 21.00 

Torsdagskveld frå …Karnilstunet! Kammerkonsert med laus snipp i låven i Karnilstunet. Audun Sandvik m fl. Gloppen Hotell står for sal av mat og drikke. Bill kr 150/50.

FREDAG 29. AUGUST 12.00  «So Skumskavlen stend» Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane – lunsjkonsert i Frydenbø bilhall. Fjordtapas frå Gloppen Hotell. GRATIS. 18.30  «I dei vestlege Himlar» Mottaking i biblioteket i Trivselshagen med ord og tonar. GRATIS.


«…for sælebots Skuld» - BUGGEs aften

20.00 

Bugge Wesseltoft får råde grunnen i Kultursalen. Han og flygelet står i sentrum, men rommet blir og fargelagt med andre musikarar. Bill kr 300/100. 22.00  «Eit luftorkester i bringa mi» LLitterært nattbad. Dikt av Are Frode Søholt, tonesett av Håkon Thelin og framført av Unni Løvlid, vokal og Håkon Thelin, kontrabass. Introduksjon ved litteraturvitar Hege Woxen. Bill kr 150/50. 350 kroner for heile kvelden.

LAURDAG 30. AUGUST 14.00  «Nordhave breidt og fritt» Om havet og båten som brakte lova til landet. Musikk-kåseri ved Nora Taksdal. Nordfjord Folkemuseum. Bill kr 150/50 NB! Avgrensa tal plassar. 16.00  «Let’s Make an Opera!» Familieframsyning. Elevar og studentar frå Hå og Klepp kulturskule og Universitetet i Stavanger, samansett orkester, dirigent Per Kristian Skalstad og barnekor frå Gloppen presenterer Benjamin Brittens opera «The Little Sweep». Bill kr 200/50.

19.00 - 23.00 «LJOS I LYKTI» Konsertkveld. Musikk, mat og vin i Trivselshagen. 19.00 «Frå Ferdir og framande Land» Sveinung Bjelland med vener. 20.00 «Låt og Ljom» Strykarar og blåsarar gjev oss det vakraste dei veit og dei får akkompagnement av den unge pianisten Andreas Løken Taklo. 21.00 «Dragande Himildraum» Sopran Berit Norbakken Solset med vener. Sveinung Bjelland, klaver. 22.00 «Feleskratt song gjenom Huse» Atle Sponberg er vert. Tango, quiz og smektande musikk kan ventast. Bill kr 150/50 for ein konsert, kr 400/150 for heile kvelden. Mat og drikke vert å få kjøpt.

SØNDAG 31. AUGUST 15.00  «Dei klåraste Kjeldur» Matiné i Vereide kyrkje. Kammermusikk- og soloverk, m.a. Arnold Schönberg: «Verklärte Nacht», Berit Norbakken Solset og andre festivalmusikarar, samt den unge songaren Mari Askvik. Bill kr 250/50. Festivalpass kr 1500, Ungdomspass kr 400 (NB! inkluderer ikkje Bergen filharmoniske orkester).

Billettar på www.trivselshagen.no - og i døra


Foto: Steve J. Sherman

Torsdag 28. august klokka 18.00 Kultursalen, Trivselshagen. Bill kr 370/200 NB! Har du festivalpass m책 du hugse 책 ta kontakt med Heradshuset for 책 f책 plassbillett til denne konserten

www.gloppenmusikkfest.no


ARE FRODE SØHOLT (1974–2012) var utdanna songar frå Griegakademiet i Bergen. Ved sida av musikarkarrieren og fleire ulike kulturadministrasjonsjobbar, skreiv han dikt, dei første allereie da han var elev ved Firda v.g.s. Han vart først publisert i litteraturtidsskriftet Vinduet i 1994, og i debutantantologien Signaler i 2001. I 2010 debuterte han med diktsamlinga «Ho står i rommet mitt og brenn» på Tiden forlag. Året etter kom den neste, «Antisorg», medan den tredje diktsamlinga, «Luftorkester», vart utgjeve posthumt i 2012. Tre bøker på rad, som gjerne kan lesast som ein trilogi, der nokre av temaene er kjæresteforhold som tar til og tar slutt, gleda ved å synge eller lese eller gå i fjellet, og sorga som kan legge seg grå og tung over alt; tre bøker som til saman utgjer eit altfor kort, men veldig fint forfattarskap.


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

Advokatane

LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL M.N.A

Vest Optikk www.gloppenmusikkfest.no

Eikenæs


BUGGE WESSELTOFT er årets festivalkomponist og treng knapt nokon nærare presentasjon. Firda-elevane er blitt bortskjemde med å få internasjonalt leiande artistar inn i klasserommet. I år kan både dei og publikum gle seg til musikalske møte med ein uvanleg allsidig jazzmusikar. Bugge (f. 1964) er frå Porsgrunn og vaks opp med ein far som var jazzgitarist. Bugge er pianist, perkusjonist, komponist, produsent og kammermusikar. Han har vore gjest og festivalartist tallause stader i Noreg og utlandet. Han er ein stor improvisator med usvikeleg teft for harmonikk. Sjølv bèr han i seg draumen om å spele klassisk-inspirert piano og har dei siste åra samarbeidd med t.d. Det norske kammerorkester. Han set m.a. pris på klangane til dei franske impresjonistane. Det er ei ære for Gloppen Musikkfest å ynskje Bugge Wesseltoft varmt velkomen.


MUSIKKFESTEN ER STØTTA AV

www.gloppenmusikkfest.no


Frå distriktsmusikarane sin konsert i lokala til Frydenbø bil i fjor.

Distriktsmusikarane i Førde

Arvid Anthun Helga Lied Wyrtz Jakob Wyrtz Akiko Anazawa Christine Marøy Henri Eftevand

DISTRIKTSMUSIKARANE I SOGN OG FJORDANE Sogn og Fjordane har hatt distriktsmusikargrupper sidan 1987. I dag er det grupper i Førde, Gloppen og Sogndal. DM-stillingane har 50 prosent utøvande og 50 prosent undervisningsoppgåver. Dei underviser hovudsakleg i kulturskulen. I tillegg produserer og syner dei skule- og barnehagekonsertar i heile fylket. Distriktsmusikarane er ein viktig fagleg ressurs for dei mange musikktiltaka i fylket. Gjennom den avtalefesta fylkeskvoten er dei med på ulike prosjekt. For tredje gong er heile gjengen samla hos oss til konsert – og for andre gong har vi fått vere med å skipe til fagseminar for dei. Det høver godt for ein festival som ynskjer å vere med på å løfte kulturlivet i fylket – også utanom festivaldagane

Distriktsmusikarane i Gloppen

Otto Ose Thomas Aanonlie Tone S Holgersson Synnøve Nordvik Henrik Silfverhielm Distriktsmusikarane i Sogn

Dorina Komani Bjørn Gisle Seter Leif Aslaksrud Hans Holgersson


LET’S MAKE AN OPERA BENJAMIN BRITTEN: «THE LITTLE SWEEP» Handlinga går føre seg i England for om lag 200 år sidan. Det er på samme tid som Noreg fekk si grunnlov. Mrs. Baggott har tinga feiing av alle pipene på godset Iken Hall der ho er hushjelp. Ho er nøye på at det blir gjort skikkeleg! Fattigguten Sam er 8 år og har nett blitt seld av far sin til feiarane Clem og Bob. I dag er det første gong Sam skal bli sendt opp i ei pipe. Han er veldig redd, for det har hendt at feiarborna blir sitjande fast og blir kvald oppi pipa. Sam sit fast i pipa og ropar på borna som bur på Iken Hall, og som spring rundt og leikar gjøymsle. Ved å dra i tauet som er festa rundt livet hans klarer dei å få han ned. Borna synest synd på Sam og vil redde han. Med hjelp frå barnejenta Rowan vaskar dei Sam, gir han nye klede, mat og gøymer han i skåpet slik at ikkje Mrs. Baggott og feiarane skal finne han. Til slutt klarer dei også å lure han vekk frå Iken Hall og dei slemme feiarane. Sam er fri! Benjamin Britten blei fødd i England i 1913 (same året som kvinner i Noreg fekk lov til å stemme) og levde heilt til 1976. For oss som er vaksne er ikkje det så lenge sidan. Han var komponist og dirigent. Gjennom heile livet var han takknemleg for, og sterkt påverka av dei musikkopplevingane og den musikkutdanninga han fekk som born. Då han vart vaksen ville han skrive musikk slik at andre born kunne få nokre av dei same opplevingane som han hadde hatt. Han ville at den klassiske musikken skulle verte tilgjengeleg for born og unge. Det vil Gloppen Musikkfest også! Eit av hans mest kjende orkesterverk er Variations and Fugue on a Theme of Purcell, eller meir kjend som The Young Persons Guide to the Orchestra.

www.gloppenmusikkfest.no


«Let’s Make an Opera» er ei framsyning der «The Little Sweep» er operaen som ein gjeng med born og unge finn ut at dei vil lage. Framsyninga er skriven for eit ensemble av profesjonelle songarar og born. I tillegg vert publikum invitert inn i framsyninga som kor. Hos oss er det barnekoret som skal hjelpe publikum med desse songane. Britten ville at kven som helst skulle få kjenne verdien av opera og musikk gjennom å vere med sjølve. Han meinte at det er godt for alle menneske å få uttrykkje seg frimodig gjennom song – og det kan vi vere einige med han i! Framsyninga er blitt til i eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger - Institutt for musikk og dans, og Kulturskulane i Hå og Klepp. Ved å invitere inn internasjonalt erfarne instruktørar bidreg samarbeidsprosjektet til utvikling av både heilt unge songtalent og vidarekomne songstudentar på terskelen til eit profesjonelt songarliv. Gloppen Musikkfest er glad for at dei vil ta turen til Gloppen – slik at born, unge og vaksne her også kan få sjå den – og få oppleve gleda over å lage noko fint i lag med andre.


Litt om musikken og komponistane bak den SERGEJ PROKOFJEV

Symfoni nr. 1 i D, op. 25 «Klassisk symfoni» Sergej Prokofjev (1891 – 1953) forlet, som Igor Stravinskij, Sovjetunionen etter revolusjonen i 1917, men vende tilbake og busette seg permanent i Moskva i 1936. Til skilnad frå Stravinskij oppfatta Prokofjev seg heile livet som sovjetrussisk komponist. Symfoni nr. 1 skreiv han i 1916/17. Denne symfonien viser at Prokofjev var sterkt påverka av dei neo-klassiske impulsane som gjorde seg gjeldande på denne tida. Dette var ei slags ny-klassisk stilretning, og var ein reaksjon mot seinromantikken, impresjonismen og ekspresjonismen. Dei neoklassiske komponistane ville skape musikk «med begge beina på jorda»: enkel og ryddig. Det var dei klassiske ideala om klårleik og balanse som sto i høgsetet, og det blei nytta klassiske former som symfoni, konsert, sonate og suite. Dei skreiv absolutt musikk - altså musikk som ikkje skal beskrive nokon bestemt forteljing eller handling - med tonal forankring. I sin sjølbiografi skriv Prokofjev: «Eg trur at om Haydn hadde levd i dag, ville han ha halde fast ved sin eigen stil. Dette er den typen symfoni eg ville skrive: ein symfoni i klassisk stil». Symfonien har fire satsar: 1. Allegro; 2. Larghetto; 3. Gavotta: Non troppo allegro; 4. Molto vivace. Satsane er svært korte, og heile symfonien varer ikkje lenger enn om lag 14 minutt. Til samanlikning kan til dømes ein enkelt symfonisats hos Gustav Mahler vare opptil ein halv time. Prokofjev var ein produktiv komponist med ei omfattande opusliste. Om vi skal trekke fram eit par andre verk han er særskild kjend for, må det bli balletten Romeo og Julie og musikkeventyret Peter og ulven.

www.gloppenmusikkfest.no


EYVIND ALNÆS

Klaverkonsert i D-dur, op. 27

Eyvind Alnæs (1872 – 1932) var organist, kordirigent og komponist, og er vel i dag mest kjent for sine romansar, korverk og koralharmoniseringar. Som organist og akkompagnatør var han i si samtid rekna for å vere mellom dei aller beste. Mange av oss vil neppe kjenne til musikken hans i særleg grad, men dei av oss som har sunge i kor har truleg ein eller annan gong vore med og framført hans Jiulemotett for blandet kor, solo og orgel. Alnæs skreiv og nokre symfoniske verk, mellom anna to symfoniar, to variasjonsverk og ein klaverkonsert. Desse verka er tradisjonelle i formen og står stilmessig og harmonisk nær seinromantikken, med tydeleg påverknad frå Tsjaikovskij og Sinding. Ikkje så rart, kanskje, at kritikarane var litt lunkne til denne musikken, når vi veit at Arnold Schönberg skreiv Pierrot Lunaire i 1912 og at Igor Stravinskijs Vårofferet hadde urframføring i 1913. Dette var ny musikk for eit nytt århundre! Alnæs og andre som framleis hadde eit seinromantisk uttrykk blei sett på som passé. Klaverkonserten vart urframført i 1914. Deretter gjekk den meir eller mindre i gløymeboka, men har i seinare tid hatt ein viss renessanse m.a. takka vere BFO og pianist Håvard Gimse, som har hatt den på sitt repertoar. Konserten har tre satsar: 1. Allegro moderato; 2. Lento; 3. Allegro assai, tempo di valse. Konserten har kraftige og markante tema i 1. sats, eit «vemodig og patetisk» anstrøk i 2. sats, medan 3. satsen er meir munter og laussluppen. Konserten er frisk og melodiøs, men har til tider ein litt overlesst instrumentasjon. Likevel er det liten tvil om at denne musikken har kvalitetar det er vel verd å låne øyre til.


LUDVIG VAN BEETHOVEN Symfoni nr. 5 i c-moll, op. 67

Beethoven måtte tåle mykje motgang i livet. Då han var om lag 30 år gammal vart det klart for han at han kom til å miste høyrsla. Han måtte også kjempe mot eit heftig temperament og einsemd, og som unggut måtte han føre ein kamp for familiens eksistens etter at mor hans døydde. Det er kampen mot all denne motgangen han vil skildre i sin 5. symfoni, «Skjebnesymfonien», som vart skriven nett i dei åra då han vart meir og meir døv. «Eg vil gripe skjebnen ved strupen. Den skal ikkje greie å knekke meg», skreiv Beethoven til ein ven. Dei tre første satsane viser oss kampen mot lagnaden, medan 4.-satsen, i all sin prakt og triumf, viser Beethovens vilje til å sigre over lagnaden. 1. sats, Allegro con brio startar med det velkjende bankemotivet, eller skjebnemotivet, og fangar merksemda vår med ein gong. Den vedvarande bruken av motivet gjer at det aldri slepper taket på oss. Jamvel under det mjuke og lyriske sidetemaet ligg motivet og hamrar trugande i botnen. Beethoven skal sjølv ha sagt om dette bankemotivet at «slik bankar skjebnen på døra». 2. sats, Andante com moto er forma som ein variasjonssats. I motsetnad til Mozart, måtte Beethoven slite ganske mykje før han kom fram til eit musikalsk resultat han var nøgd med. Mange bevarte skisser viser korleis han prøvde ut, strauk over, forkasta, skreiv om, før han kom fram til det endelege resultatet i denne satsen - ein vakker, vemodsfylt melodi. 3. sats, Scherzo. Tradisjonelt skal tredjesatsen i ein symfoni vere ein lett og elegant menuett. Hos Beethoven blir menuetten avløyst av ein temperamentsfull og humoristisk sats som blir kalla scherzo. Ordet er italiensk, og betyr spøk. Men scherzo-satsen i denne symfonien er ikkje særleg humoristisk, snarare lunefull, idet bankemotivet frå førstesatsen dukkar opp att i lett forkledning. 4. sats, Allegro er ein triumfmarsj, og sjølv om skjebnemotivet dukkar opp også i denne satsen, er det liten tvil om at Beethoven her vil vise

www.gloppenmusikkfest.no


korleis livets gode krefter til sist vil sigre over den vonde lagnaden. Beethoven utvidar her orkesteret med piccolofløyte, kontrafagott og tre tromboner for å skape den rette klangfargen. «Gjennom kamp til siger» kan kanskje vere eit høveleg motto for denne symfonien.

ARNOLD SCHÖNBERG

Verklärte Nacht, op. 4 Arnold Schönberg vart fødd 1874 i Wien, og døydde 1951 i Los Angeles. Trass i at han var så godt som sjølvlært som komponist, er det vel få, om nokon, som i sterkare grad har vore med på å utmeisle den musikalske modernismen i det 20. århundre. Dei første verka han komponerte har eit seinromantisk uttrykk, påverka av komponistar som Richard Wagner, Gustav Mahler og Richard Strauss. Gradvis fjernar han seg meir og meir frå tonaliteten, og blir meir eksperimentell og atonal. Pierrot Lunaire frå 1912 er eit godt døme på den ekspresjonistiske stilen han då hadde utvikla. Her innfører han ein ny type song som vart kalla Sprechgesang. Etter kvart utviklar han tolvtonestilen. Saman med elevane sine, Anton Webern og Alban Berg, utgjer dei «Den 2. wienerskulen». Då Hitler kom til makta i 1933 måtte Schönberg, fordi han var jøde, forlate heimlandet. Han flytta då til Los Angeles. Strykesekstetten Verklärte Nacht vart skriven i 1899 i typisk seinromantisk stil, men vekte ein god del oppsikt då den kom. Dei lange linjene, alle dissonansane og kromatikken, og dei mange modulasjonane gir mange frampeik om kva som skulle kome seinare. Schönberg møtte ein god del motstand for det radikale og grenseprengjande tonespråket, og ein gong blei verket nekta framført fordi det inneheldt ein dissonans som ikkje fanst omtalt i lærebøkene. Scönberg var inspirert av ein tekst av Richard Dehmel då han skreiv denne musikken. Det blir såleis eit stykke programmusikk for kammerbesetning. Teksten skildrar ei kvinne og ein mann som går gjennom ein mørk skog, opplyst av måneskin. Kvinna deler ein mørk løyndom med den nye kjærasten sin: ho er gravid som ei følgje av sitt tidlegare forhold. Inspirert av den vakre naturen og stemninga som omgir dei, forsikrar mannen at kjærleiken dei har funne gjer at dette blir deira felles barn: Å, sjå, kor universet skin! Det er ein glans som omgir alt.


LUDVIG VAN BEETHOVEN Klavertrio, op. 70 nr. 1 (Ghost)

Opus 70 består av to klavertrioar, beståande av klaver, fiolin og cello. Opuset vart publisert i 1809, året etter at han hadde skrive ferdig sin femte symfoni, «Skjebnesymfonien». Den første trioen i D-dur er kjend under tilnamnet Ghost, og er ein av hans aller mest kjende komposisjonar i denne sjangeren. Det er på grunn av den uvanlege instrumenteringa og den uhyggjelege stemninga i den langsame andresatsesatsen at den fekk tilnamnet Ghost, eit namn som er blitt hengjande ved dette verket sidan. Men det er fåfengt å lytte etter «skrømt» i dei to andre satsane, som sprudlar av liv og speleglede. Dette verket er nokså representativt for den stilistiske perioden Beethoven er inne i no, og som omfattar nokre av hans aller mest berømte verk, til dømes symfoni nr. 5, «Skjebnesymfonien», og symfoni nr. 6, «Pastoralesymfonien». Dette var ein periode som på mange måtar var prega av uvisse, særleg fordi han ikkje hadde faste og pålitelege inntektskjelder. Det var også på denne tida det vart klart for han at han kom til å miste høyrsla. Trioen har tre satsar: 1. Allegro vivace e con brio; 2. Largo assai ed espressivo; 3. Presto

MAX BRUCH

8 stykker for klarinett, bratsj og piano, op. 83 Max Bruch (1838 – 1920) er mest kjend for sin vakre Kol Nidrei (Adagio over hebraiske melodiar), Skotsk fantasi op. 46, og sine to fiolinkonsertar. Bruch fekk oppleve stor popularitet, men etter kvart bleikna interessa for han. Ikkje på grunn av manglande talent, men meir fordi hans melodiske stil, med sterke innslag av folkemusikk, miste sin popularitet til fordel for eit meir progressivt og framtidsretta uttrykk, anført av m. a. Liszt og Wagner i den «nytyske skulen». Op. 83 vart skriven i 1908. Bruch var då 70 år gammal. Han skreiv stykket til sonen sin, som var ein framifrå klarinettist. Det er ein

www.gloppenmusikkfest.no


sann fryd å høyre denne musikken med sitt mangfald av folketone-liknande melodiar og harmoniske oppbygging. Vi får høyre sats 2. Allegro con moto; 3. Andante con moto; 5. Rumenische Melodie: Andante; 6. Nachtgesang (Nocturne): Andante con moto

ROBERT SCHUMANN

Adagio og Allegro, op. 70

Robert Schumann (1810 – 1856) inntar ein heilt sentral posisjon i musikkhistoria på 1800-talet. Han begynte etter ønskje frå mora å studere jus. Ein karriere som «brødlaus kunstnar» var lite å trakte etter. Etter eit par år hoppa han av jus-studiet til fordel for klaverstudium. Han ville bli virtuos, ein «klaverets Paganini», men han overanstrengte seg og vart lam i ein finger. Då begynte han i staden som musikkskribent og komponist. Han var med på å grunnlegge Neue Zeitschrift für Musik, der han seinare vart redaktør. Han var ein glimrande og fantasifull skribent som vart høgt respektert. Artiklane han skreiv blei signert med pseudonyma Florestan eller Eusebius. Allereie no var han klar over at han hadde eit splitta sinn: Eusebius representerte det innadvendte, overfølsomme. Florestan representerte det utadvendte, lidenskapelege og brusande. Utover i 1850-åra forverra dei psykiske lidingane seg, og etter eit forsøk på å ta sitt eige liv vart han innlagt på asyl, der han døydde to år seinare. 1849, då han skreiv op. 70, var hans mest produktive år kva gjeld tal på komposisjonar. Det var også stor variasjonsrikdom i det han skreiv. Han skreiv korverk, songar, klaverstykke, verk for solist(ar) og orkester og fleire kammermusikalske stykke for soloinstrument og piano. I somme av desse stykka tar han i bruk det relativt nye ventilhornet. Eitt av måla til Schumann på denne tida var å skrive fullgod musikk som amatørar kunne bruke for å forbetre teknikken sin. Hausmusik vart denne musikken kalla; meiningsfull, artistisk musikk som kunne bli spelt i private heimar. Adagio og Allegro for horn og klaver er eit slik stykke «husmusikk», men ein skal vere ein særs dyktig amatør for å meistre dei tekniske utfordringane stykket byr på. Stykket oppnådde stor popularitet.


JOHN TAVENER

Akmatova Songs for sopran og cello Den britiske komponisten John Tavener (1944 – 2013) er særleg kjend for dei sakrale verka sine. Desse er skrivne i eit enkelt tonespråk, inspirert av gregoriansk song og ortodoks liturgi, og der er ikkje uvanleg å plassere han saman med komponistar som Arvo Pärt og Henrik Górecki, inn i den samtidsmusikalske retninga som gjerne blir omtalt som sakral minimalisme. Det var etter at han i 1977 konverterte til den russisk-ortodokse kyrkja at han endra sin musikalske stil til den han er kjend for i dag. Av viktige verk han har skrive, nemner vi Akhmatova Requiem (1980), Icon of Light (1984), Akathist of Thanksgiving (1988) og The Protecting Veil (1989). Anna Akhmatova (1889 – 1966) er rekna for å vere ein av Russlands største diktarar. I 1921 vart mannen hennar avretta av bolsjevikane for antirevolusjonære aktivitetar, og sjølv om ho då var skild frå han, såg ho seg tvungen til litterær taushet. Denne tausheten kan også delvis forklarast med at hennar nye ektemann, Nikolai Punun, seinare døydde i ein av fangeleirane til Stalin. Mellom 1925 og 1940 var ho underlagd publiseringsforbod. Mot slutten av 1930-åra begynte ho på eitt av sine mest kjente verk, Requiem. Diktet er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, men vart ikkje utgitt før etter hennar død. John Tavener har tonesett også dette diktet. I Akhmatova Songs har Tavener vald ut dikt frå ulike periodar av diktarens liv. I dei tre første dikta, Dante, Pushkin and Lemontov og Boris Pasternak antyder ho stor respekt for andre poetar. I det fjerde diktet, Couplet, som berre har to verseliner, viser ho mistru til rosande ord om eiga dikting. Etter det kjem The Muse, ei skildring av hennar eigen trong til å skrive når ei muse kjem til henne om natta. I det siste diktet, Death, skildrar ho sin eigen dødslengt, og ser fram mot sin eigen uunngåelege død.

www.gloppenmusikkfest.no


Tavener har sagt at han i denne versjonen for sopran og cello ønskjer å spegle det enkle i dikta hennar. I den avsluttande satsen, Death, blir det musikalske materiealet frå dei tidlegare satsane samla. Poeten tar farvel med sitt kjære heimland og går om bord i eit skip med ein kahytt berre for henne.

EDVARD GRIEG

Tyske sanger op. 48 I september 1889 gav Grieg uttrykk for at han hadde vendt seg bort frå det nasjonale. Målet var å nå vidare ut, og han blir meir kosmopolitisk i stilen sin. Dette kjem klart til uttrykk i op. 48, Tyske sanger, der han gir heilt avkall på eit norskprega tonefall. Han går til det aller beste i tysk poesi, og vel tekster av Heine, Geibel, Uhland, von der Vogelweide, Goethe og Bodenstedt. Nordahl Rolfsen laga svært gode omsetjingar til norsk av desse forfattarane. Her viser Grieg si evne til å gå inn i dikta, og la stemninga i dei ulike dikta få sitt sitt musikalske uttrykk. Både i Lauf der Welt (Verdens gang) og Die verschwiegene Nachtigall (Nattergalen) merkar vi slektskap til dei tyske folketonane, og alle songane er umiskjenneleg Lieder – berre med eit griegsk tilsnitt. Op. 48 inneheld følgjande songar: Nr 1. Gruss (Heine) (Hilsen); Nr. 2. Dereinst, Gedanke mein (Geibel) (Jeg vet, min tanke); Nr. 3. Lauf der Welt (Uhland) (Verdens gang); Nr. 4. Die verschwiegene Nachtigall (W. v. d. Vogelweide) (Nattergalen); Nr. 5. Zur Rosenzeit (Goethe) (I rosentiden); Nr. 6. Ein Traum (Bodenstedt) (En drøm).

JOHAN KVANDAL

Norske stevtoner, op. 40 Den norske komponisten Johan Kvandal (1919 – 1999) var son til komponisten David Monrad Johansen. Han studerte komposisjon og teori med Peer Stenberg, Arild Sandvold og Geirr Tveitt. Seinare heldt han fram med komposisjonstudiar i Paris hos m. a. Nadia Boulanger.


I dei tidlegaste verka sine viser Kvandal tydeleg påverknad frå dei nasjonale straumdraga på 1920-30-talet. Han var også oppteken med å kombinere norsk folkemusikk og klassiske former. Parisopphaldet fekk avgjerande betydning for det vidare arbeidet, og det stilistiske grunnlaget hans blir meir prega av neoklassisisme, men med varierande innslag av neoekspresjonistiske trekk og av norsk folkemusikk. Dei to stevtonane Å med soli kan eg meg samanlikne og Å her møter mangt (begge frå Setesdal) er henta frå samlinga Norske stevtoner, op. 40 som i alt inneheld 11 stevtonar. BENJAMIN BRITTEN Prologue og Epilogue frå Serenade for Tenor, Horn and Strings, op. 31 Britten (sjå omtale annan stad) skreiv denne komposisjonen under den andre verdskrigen. Verket består eigentleg av 8 delar, men her får vi høyre opningsdelen, Prologue, og avslutningsdelen, Epilogue. Desse delane utgjer ramma kring dei andre delane, og er skrivne for horn åleine. Britten instruerer hornisten til berre å spele på dei naturlege overtonane, noko som gir satsane ein heilt særeigen karakter. Dette fordi nokre av overtonane anten kling litt for høgt, eller litt for lågt i høve til den tempererte dur-moll-skalaen øyret vårt er vant til. Epilogen skal klinge fjernt, og blir såleis ofte spelt frå bak scena.

EDVARD GRIEG

To brune øyne (H. C. Andersen), op. 5 nr. 1; En svane (Henrik Ibsen) op. 25 nr. 2; Fra Monte Pincio (Bj. Bjørnson), op. 39 nr. 1 Romansane utgjer ein vesentleg del av Griegs produksjon. Han har skrive om lag 170 romansar i alt, og dei er fordelt på heile produksjonstida hans. «Jeg tror ikke jeg besitter mere talent for sangkomposisjon enn for enhver annen genre i musikken,» skriv Grieg i eit brev til den amerikanske musikkforskaren Henry Finck. Og han held fram: «Hvorav kommer det så at nettop romansen spiller så fremtredende rolle i min

www.gloppenmusikkfest.no


produksjon? Ganske enkelt av den omstendighet at også jeg som andre dødelige en gang i mitt liv (for å tale med Goethe) var genial. Genialiteten var: kjærligheten. Jeg elsket en ung pike med en vidunderlig stemme og med et likeså vidunderlig foredrag. Denne pike ble min hustru og livsledagerinne inntil denne dag. Hun er for meg blitt – det tør jeg si – den eneste sanne interpret av mine sanger.» ZOLTÁN KODÁLY Duo for fiolin og cello, op. 7 Den ungarske komponisten Zoltán Kodály (1882 – 1967) var både komponist, musikkforskar og pedagog. Ved sida av Bartók blir han rekna som skaparen av den nyare ungarske musikken. Han oppteikna, delvis i samarbeid med Bartók, ei mengd ungarske folkemelodiar. Etter den adre verdskrigen blei han ei drivande kraft i gjenoppbygginga av ungarsk musikkliv. Saman med andre medarbeidarar utforma han eit læreverk, ei song- og musikkopplæring basert på ungarsk musikk, som i 1960-åra vart innført i dei aller fleste grunnskulane i landet. Mange norske musikkpedagogar har studert og blitt inspirert av Kodály-metodikken. Det finst sterke folkloristiske innslag i komposisjonane hans, som t. d. i Danser fra Galánta og i syngespelet Hary János, der han brukar det ungarske folkemusikkinstrumentet cimbalom (hakkebrett). Duo for fiolin og cello, op. 7 vart komponert under utbrotet av den første verdskrigen, men vart ikkje oppført før ti år seinare. I løpet av 1900-talet er dette blitt ein hjørnestein i det relativ begrensa tilfanget av duoar for fiolin og cello. Duoen har tre satsar som følgjer eit tradisjonelt hurtig-langsam-hurtig-skjema. I den første satsen, Allegro serioso, non troppo finn vi fleire folkloristiske referansar. Den rolege andresatsen, Adagio – Andante, opnar med cello solo, før fiolinen føyer seg til. Finalesatsen, Maestoso e largamente, ma non troppo lente – Presto opnar med eit roleg, majestetisk avsnitt. Etter denne introduksjonen tar det heile av i ein sprudlande Presto.


www.gloppenmusikkfest.no www.gloppenmusikkfest.no

Programhefte 2014  

Alt om musikkfesten 2014.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you