Page 1

ÅRSMELDING 2015

ÅRSMELDING 2015

www.gloppenmusikkfest.no

facebook.com/gloppenmusikkfest

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

1


Ein god Musikkfestven, Tora Augestad, opna festivalen i år. Ho har vore på festivalen fleire gongar, og det var ei ære at ho tok seg tid til å kome tilbake. Tora er også kunstnarleg leiar for vår søster i sør Hardanger musikkfest

BAKGRUNN – og vegen fram til GMF 2016 Gloppen Musikkfest starta i 2003 som ei foreining og eit treff mellom gode musikarvener. I 2008 vart Stiftinga Gloppen Musikkfest etablert. I 2013 – på den ellevte festivalen - feira vi ti-årsjubileum. Med festivalane i 2014 og 2015 og anna aktivitet gjennom året er vi godt i gang med dei neste ti åra.

Gjennom åra har GMF som organisasjon endra seg mykje – men kjernen er den same: Musikkfesten har som mål å bidra til eit aktivt kunstog kulturmiljø på høgt kunstnarleg nivå - ikkje berre i Gloppen, men i heile fylket. Den kunstnarlege visjonen har vore nedfelt i vedtektene våre sidan starten i 2003. Frå 2013 har GMF gjort grep og fått viktig støtte frå mellom anna fylkeskommunen, i arbeidet fram mot å verte ein klassisk musikkfestival for heile fylket. I 2009 fekk Gloppen og Sandane eit nytt kulturhus, Trivselshagen, og dette har vore viktig for oss som konsertarrangørar og for festivalen – ikkje minst ved at det der er eit godt flygel. Samstundes har det vore viktig for oss å halde fast på konsertarenaer utanom kulturhuset, og stadig tenkje nytt omkring korleis vi kan møte publikum på nye plassar7. Konsertarenaer og konsertflater har etter kvart fått sin faste plass i programmet, mens andre element er i stadig endring. Musikkfesten har sterk lokal forankring. Vi samarbeider tett med institusjonar som Gloppen folkebibliotek, Gloppen kulturskule, og andre skular og barnehagar i ”heimekommunen”, og med fylkeskommunale institusjonar og instansar som Firda vidaregåande skule, fylkeskommunen si kulturavdeling, distriktsmusikarane i fylket, skular i nærliggande kommunar m.m. GMF deltek etter kvart i mykje av det som skjer

2

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Nils Gjerland - leiar for fylkeskulturutvalet kom med helsing. Styreleiar og dagleg leiar tok i mot. av kulturaktivitet i kommunen utanom sjølve festivalen, og her er vi med på å skape tradisjonar i lag med andre kulturinstitusjonar og einskildpersonar. Vi har engasjert oss i ”Kulturnatt i Nordfjord”, og dei åra det har vore arrangert har vi vore involvert i ”Vinterfest” der regionale og lokale kulturarbeidarar og institusjonar får presentere seg gjennom konsertar og andre arrangement ei langhelg i januar.

tydelegare regionalt fotfeste. I åra framover blir det lagt stor vekt på å vidareutvikle dette. Gjennom bevisst samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Firda v.g.s. med sine fylkesdekkande tilbod innan musikk, dans og drama, Sogn og Fjordane teater, Førdefestivalen, ”Den kulturelle skulesekken” og fylkesdekkande nettverk, er festivalen inne i ei spennande og positiv utvikling.

Årlege tingingsverk er mellom dei tradisjonane vi er mest stolte av og glade for. Vi kan nemne Ola Giljane (2007), Marcus Paus (2008), Kjell Habbestad (2012), Unni Løvlid og Magnar Åm (2013) og Bugge Wesseltoft (2014).

Gjennom ti år er det skapt fine tradisjonar rundt konsertar, masterclass, tingingsverk og anna aktivitet. Ein fast stab av frivillege, har vore og er ein viktig suksessfaktor. Det er gledeleg å sjå at staben stadig vert utvida, og særleg at mange av dei unge kjem tilbake år etter år og etter kvart er klare for nye og større oppgåver.

Gloppen kommune og fylket er prega av sterk satsing og mykje kulturell aktivitet innan ulike sjangrar. Gloppen kommune har m.a. vore kåra til ein av dei 10 beste kulturkommunane i landet dei siste åra(Telemarksforsking). Det er likevel rett å seie at det i floraen av festivalar og kulturtilbod i kommunen og fylket er trong for, og plass til Gloppen Musikkfest. Ingen andre festivalar eller arrangørar i fylket har den klassiske kammermusikken som sin viktigaste sjanger og uttrykk. Gloppen Musikkfest har utvikla seg til å verte viktig for fylket og regionen. Folk som bur i området har fått eit eigarforhold til festivalen og dei andre arrangementa Gloppen Musikkfest er involvert i. Festivalen har som nemnt, gjennom dei siste åra, fått eit

Det er og viktig å løfte fram kjernen av gode kunstnarar som etter kvart har gjort seg kjent med fylket og fortalt om festivalen til sine kollegaer. Vi opplever at det er lett å få gode musikarar til festivalen – vi har eit godt rykte! Festivalen skal eksponere det fremste av kunstnarleg kvalitet uansett uttrykk og sjanger – for heile fylket! Samstundes er det ei sentral målsetting og visjon at vi bidreg til at eit godt lokalt og regionalt kulturliv kan utvikle seg vidare. Denne ambisjonen ligg bak at vi er så sterkt involvert i arrangement utanom festivalen og at vi prioriterer sterkt seminar, masterclass osv., både undervegs i festivalen og utanom.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

3


ORGANISASJON Som vi har sagt før: Gjennom dei siste åra er det gjort eit betydeleg arbeid med å utvikle organisasjonen frå å vere tufta på Are Frode Søholt si gründerverksemd til å bli ein organisasjon der fleire involverte har og tar ansvar, og der vi kan skilte med profesjonalitet i dei fleste ledd og funksjonar. Dette arbeidet har halde fram i 2015

STYRET – er GMF sitt øvste organ

Festivalen har i 2015 hatt dette styret: Styreleiar Kjell Arnestad Pensjonist - tidlegare rektor ved Firda vgs Nestleiar Anders Rinde Kantor i Gloppen Erling Sande Konserndirektør for strategi og utvikling hos Sogn og Fjordane Energi Henrik Silfverhielm Cellist, distriktsmusikar i Gloppen Solfrid Bjørkum Songar og songpedagog, Firda vgs Reidun Sandøy Os Lærar Nordstranda skule Samla har styret kompetanse på mange felt: Produksjon, musikkfag, promotering, sponsorarbeid m.m., og vi har knytt til oss samarbeidspartar frå ulike delar av samfunnslivet som skule, næringsliv og kultur. Styret har gått frå å vere eit organ for formelle vedtak til også å vere eit engasjert og arbeidande styre. Styret hadde i 2015 sju styremøte, og i tillegg har representantar for styret og dagleg leiar hatt ei rekkje møte

KUNSTNARLEG LEIING – har det

kunstnarlege ansvaret for GMF sin profil Audun Sandvik Solocellist i Kringkastingsorkesteret Per Kristian Skalstad Dirigent, fiolinist og bratsjist Nora Taksdal Solobratsjist i Kringkastingsorkesteret

Per Kristian Skalstad Dirigent, fiolinist og bratsjist Nora Taksdal Solobratsjist i Kringkastingsorkesteret Tore Hovde Musikar og lærar ved Firda vgs Hanne B. Oftedal Festivalsjef/dagleg leiar, musikar, musikkterapeut, forteljar Hege Woxen (med ansvar for litteratur) Forfattar og litteraturvitar

ADMINISTRASJON – har ansvar for å gjennomføre styrevedtaka

Festivalsjef/Dagleg leiar: Hanne B Oftedal Produksjonsleiar: Hanne B. Oftedal Intern rekneskapsførar: Anders Rinde

Den kunstnarlege leiinga og dagleg leiar har jamn kontakt gjennom telefon, e-post og fysiske møte.

Festivalkoordinator: Viviann Alme (kulturadministrator) og Ane Bergliot Sandnes Oftedal (student)

PROGRAMRÅD - skal legge fram forslag til

Overnattingsansvarleg: Tone S. Søholt Lærar og mangeårig frivillig

program for styret. Programrådet besto i 2015 av følgjande: Audun Sandvik Solocellist i Kringkastingsorkesteret

4

Styreleiar i Gloppen Musikkfest Kjell Arnestad i samtale med fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd.

Mat- og bevertningssjef: Reidun Sandøy Os Billettansvarleg: Solfrid Bjørkum og Anders Rinde

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

I framsyninga Dans og musikk - gjennom ROM og TID fekk publikum oppleve historier med øyre, auge og kropp og elevar frå dramalinja på Firda vgs førte dei frå stasjon til stasjon.

DRIFT GJENNOM ÅRET Frå 1.januar 2013 har Hanne B. Oftedal vore engasjert som dagleg leiar og festivalsjef. Ho har den jamne kontakten med kunstnarleg leiing og programråd, musikarar og andre utøvarar, lokalt kulturliv og næringsliv, presse og media, set opp program for festivalen, held orden på annonsering, heimeside, facebook-sida vår og tek imot e-post, telefon osv. Ho har og jamleg kontakt med styreleiar, kasserar, andre i styret og administrasjonen samt kunstnarleg leiing. I forkant av festivalen var det naturleg nok ei rekkje formelle og uformelle møte mellom festivalsjef, dugnadsadministrasjon, kunstnarleg leiing og styret. Det same gjeld andre lokale og regionale samarbeidspartar som t.d. bibliotek, Firda v.g.s., fylkeskommunen, kulturskulen, distriktsmusikarane o.a. Dagleg leiar har oversikt og innsikt i det meste som skjer. Ein liten del av arbeidet er lønna, men det meste av hennar arbeid og alt anna arbeid vert framleis gjort på dugnad. I høve særskilde arrangement som ”Unge klassiske solistar” vert også andre trekt inn som administratorar og ressursar i produksjon og administrasjon, og får noko godtgjering for dette.

REKNESKAP OG REVISJON Anders Rinde har det daglege ansvaret for økonomi, og saman med dagleg leiar set han opp budsjett, har orden på inn- og utbetalingar og har kontakt med rekneskapsførar. Festivalen kjøper rekneskapstenester frå Accountor Gloppen og revisjon frå Firda Revisjon & Rådgjeving AS, Førde.

FRIVILLEGE Festivalen har ein dugnadsgjeng på bortimot 50 dugande og erfarne folk som tar seg av matlaging, transport, CD-sal, inspisientarbeid, rigging, sal av drikkevarer og sosiale aktivitetar. Dette er og viktige funksjonar for at musikarar og publikum skal ha det bra og kjenne seg velkomne og ivaretekne. I desse funksjonane brukar vi stort sett lokale entusiastar i alle aldersgrupper som på denne måten bidreg til at Musikkfesten er liv laga. Gloppen Musikkfest si eiga Veneforeining er ein viktig samarbeidspartnar i samband med avviklinga av festivalen. Medlemane her bidreg med mykje dugnadsarbeid i samband med måltid og servering, og gir også hjelpande hender i andre samanhengar i løpet av festivalen. Dei siste åra har vi også lagt vekt på å knytte til oss elevar frå musikklinja på Firda v.g.s. som gjennom ulike festivalarrangement får grunnleggande erfaring med å produsere og arrangere konsertar og anna på eit profesjonelt nivå.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

5


LOKAL OG REGIONAL FORANKRING Festivalen har eit omfattande nettverk innan den norske musikarmarknaden, og har på den måten lukkast i å trekke til seg utøvarar på internasjonalt nivå. Festivalen har og ei solid forankring i kulturlivet i fylket ved eit nært samarbeid med institusjonar som Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga hos fylkeskommunen o.a. fylkesdekkande institusjonar. I ”heimekommunen” er Gloppen folkebibliotek, Gloppen kulturskule, Distriktsmusikarane i Gloppen, Firda vidaregåande skule og lokalt næringsliv viktige samarbeidspartar. Gjennom 2013 og 2014 er samarbeidet med fylkeskommunen si kulturavdeling styrka og utvida, noko som og syner att i aktivitet og programoppsett. GMF er glade for å kunne vere eit bindeledd mellom musikarar og andre utøvarar på nasjonalt og internasjonalt nivå og det lokale og regionale kulturlivet. I 2011 vart samarbeidet med Gloppen kommune og Firda v.g.s. formalisert gjennom samarbeidsavtalar, og vi kan med glede sjå at det på fleire område har gjort samarbeidet godt. Firda vidaregåande skule blir brukt som hovudbase for musikarane. Festivalen får bruke ulike lokale ved skulen, som øvingsrom, aula, klasserom og kantine, utan kostnader. Firda v.g.s. stiller også med gratis kopiering. Elevar på Musikk/Dans/Drama (MDD) er etter kvart viktige som scenearbeidarar og inspisientar. Til gjengjeld får elevane på MDD seminar og meisterklassar med tilreisande musikarar. I 2013 spelte dei ei avgjerande rolle som dansarar og musikarar i prosjektet ”Heilage Sunniva – ei vidunderleg ferd” som vi gjennomførte i samarbeid med Festspela i Bergen, Bjørgvin bispedømme og Selje kommune, og dette samarbeidet har vore ein viktig plattform for vidare satsing – særleg i den store framsyninga ”Dans og musikk – gjennom ROM og TID” som vi skipa til i 2015. Avtalen med Gloppen kommune inneber eit tett samarbeid med Gloppen kulturskule, Distriktsmusikarane, Gloppen folkebibliotek og kafeen i Trivselshagen. Gloppen Musikkfest får kommunalt tilskot samt noko rimelegare leige av kultursalen i Trivselshagen. Musikkfesten og kommunen samarbeider om stemming og vedlikehald av flygelet i kultursalen. Til gjengjeld gjev Musikkfesten tenester inn mot skular og barnehagar. Desse tenestene har i mange år fungert som førearbeid til barneframsyning under festivalen. I 2013 samarbeida vi med 6

Glad lokalpolitikar har levert bakst til musikarane og fått seg t-skjorte! Gloppen kulturskule om to ulike seminar for kulturskuleelevar frå heile fylket. Gloppen folkebibliotek har fått utvida si CD-samling ved at Musikkfesten har kjøpt inn det repertoaret som er under festivalen. Vereide kyrkje har i alle år vore ein viktig konsertarena for Musikkfesten og kantor og kyrkje er ein viktig medarrangør for oss. I 2013 var vi også sterkt involvert i kyrkja sitt 850-års jubileum. Gloppen Musikkfest er medlem i «Festivalforum Gloppen», som er ein paraplyorganisasjon for festivalane i Gloppen. Føremålet med dette er å synleggjere denne delen av kulturlivet i Gloppen gjennom m.a. å gje ut felles brosjyre. Ein vil og freiste å få kontakt med større bedrifter med tanke på å få sponsoravtalar som kjem fleire av festivalane til gode, t.d. Widerøes Flyveselskap, Fjord1 o.a. Medlemskap i Festivalforum kostar musikkfesten kr. 1000 pr. år. Festivalen har hatt to større samarbeidspartnarar i Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi. Frå 2015 har Sparebanken valt å gå ut av denne type samarbeid, men vi har inngått ny avtale med SFE og i tillegg er

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Lunsjkonsert i bilhallen til Frydenbø Sogn og Fjordane på Sandane med Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane. både Frydenbø Sogn og Fjordane og Accountor inne som hovudsponsorar. Vi har også ei rekkje små og store verksemder med i vårt festivallaug. Både kommunen og fylkeskommunen er inne som sentrale støttespelarar, og omtalar festivalen som eit av dei kulturelle høgdepunkta i fylket.

ØKONOMI I 2013 fekk GMF som den einaste festivalen i fylket treårig festivalstøtte frå Norsk kulturråd. Det gjer økonomien meir føreseieleg. Det er også ei viktig fjør i hatten for GMF og noko vi stolt kan syne til i kontakt med andre støttespelarar, sponsorar o.a. I desember 2015 fekk vi den glade nyheit at Norsk kulturråd har forlenga denne støtta med to nye år.

Sogn og Fjordane Energi, Frydenbø, Accountor Gloppen saman med mange mindre sponsorar, yter til saman ca kr. …… Samla sett er økonomien betre enn den har vore før. Fra 1.januar 2013 har vi også sett oss råd til å halde dagleg leiar i ei lita stilling, først fire timar og etter kvart seks timar pr. veke. Dette heldt vi fram med i 2014 og 2015, men framleis vert det meste av det administrative arbeidet gjort på dugnad. Vi har eit ynskje om å kunne lønne administrasjonen i større grad enn vi gjer i dag, for at dei som er involverte skal kunne prioritere arbeidet med GMF, og slik halde oppe det kunstnarlege nivået på festivalen og samarbeidet med lokalmiljøet.

I 2013 fekk vi også ei 2-årig utviklingsavtale med fylkeskommunen (2014-2015) med tilhøyrande prosjektløyving - i tillegg til driftsstøtte. Det er gitt signal om at vi skal sjå på forlenging av denne på nyåret i 2016. Andre viktige støttespelarar i vår økonomiske røyndom er sjølvsagt Gloppen kommune. Her fekk vi i 2015 festivalstøtte gjennom midlar frå kulturetaten og næringsfondet.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

7


Unge klassikarar med sin akkompagnatør Sveinung Bjelland.

GLOPPEN MUSIKKFEST GJENNOM ÅRET 2015 VINTERFEST I 2015 vart det ikkje arrangert Vinterfest. Frå 2016 har Gloppen Musikkfest fått mandat til å kalle inn og koordinere Vinterfest i Gloppen.

UNGE KLASSISKE MUSIKARAR Dei siste åra har Gloppen Musikkfest fått høve til å intensivere arbeidet med å lyfte fram dei unge frå fylket som har teke steget ut i eit utdanningsløp og/eller ein karriere som klassiske musikarar. Utviklingsavtalen med fylkeskommunen er sentral her – ved at den tilfører midlar og ved at arbeidet vert forankra hos fylkeskommunen. Det er ei kjensgjerning at fylket vårt ikkje har ein storby og dermed ikkje EIN stor scene/arena eller eit orkester der unge (og andre) frå fylket har ein naturleg plass for å syne seg fram. Dei unge har gjerne vore synlege i lokalmiljø og i fylket medan dei gjekk i kulturskulen og vidaregåande, men så …? Vi er og eit grisgrendt fylke, der det til tider kan opplevast som langt frå den eine bygda til den andre - og det gjer og at desse unge ofte ikkje veit om kvarandre. GMF har som ambisjon • å lyfte dei unge fram – gjere dei synlege for publikum og arrangørar i regionen

8

• skape nettverk mellom dei unge • vere med å gje dei faglege utfordringar og vekstmogelegheiter I 2015 er desse tiltaka gjennomført: A. Konsert i kultursalen i Trivselshagen 14. mars 2015 Hovudfokuset vårt har i 2015 som i 2014 vore å skipe til denne konserten – som i år vart avvikla i kultursalen i Trivselshagen på Sandane laurdag 14. mars. Men før vi og dei unge var klare for konsert var det gjort eit solid arbeid: • Hausten 2014 sendte vi ut nesten 30 brev til unge vaksne mellom 20 og 30 år frå heile fylket, som er i utdanning eller på anna måte ligg i startgropa for ein yrkeskarriere som klassiske musikarar. Dei vart inviterte til å sende inn opptak av seg sjølv. • Opptaka fungerte som ein ”søknad” om å få vere med på konsert. Og vart vurdert av ein fagjury under leiing av Nora Taksdal. Ho er til dagleg solobratsjist i KORK , er ein av tre kunstnarlege leiarar for Gloppen Musikkfest og har vore med i juryen i NRK sin store konkurranse for unge klassiske utøvarar, Virtuos. I juryen var det og med representantar for fylkeskommunen si kulturavdeling og Firda v.g.s.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Magnus V. Bjørgo spelar på konserten med Unge solistar i kultursalen i Trivselshagen på Sandane i mars.

• Etter at opptaka var vurderte inviterte vi til saman seks unge til å spele på konserten i Trivselshagen 14. mars. Av ulike årsaker – dei er talentfulle og ettertrakta, og engasjert i konsertverksemd både nasjonalt og internasjonalt - melde to av dei avbod, men vi fekk gleda av å presentere: Magnus V. Bjørgo, 23 år frå Solund – tuba Helga Farestveit, 22 år frå Sogndal – song Marita Holme, 23 år frå Gloppen – klarinett Andreas Løken Taklo, 22 år frå Florø – klaver Som akkompagnatør og ”coach” hadde vi engasjert ein av Noregs beste pianistar – Sveinung Bjelland. Dei fekk ein øvingstime med han på førehand, og god tid til gjennomkøyring då alle møttest laurdag 14. mars på Sandane. Tanken er at Bjelland med all si røynsle musikalsk og frå ulike konsertsamanheng kunne vere med å lyfte dei unge. Bjelland har vitja Musikkfesten ei rekkje gongar, er til dagleg professor i klaver ved Universitetet i Kristiansand og ein mykje nytta solist og kammermusikar. Programmet på den klassiske festkonserten med unge solistar frå fylket vart variert og spennande! Og dei unge vart møtt av eit entusiastisk publikum.

Som i 2014 ynskte vi å invitere ein eller fleire av dei unge til å spele på årets festival. I 2014 var det Andreas Løken Taklo og Mari Askvik. I 2015 vart det Marita Holme. I programmet for konserten hadde vi denne omtala av dei fire: Magnus Vangsnes Bjørgo - er 23 år, er oppvaksen i Solund kommune og studerer no utøvande klassisk tuba ved Norges Musikkhøgskole. Før det var han elev på musikklinja på Firda v.g.s. I løpet av sine fire år som student i Oslo har han gjort seg bemerka som ein talentfull og lovande musikar, både som solist og som medmusikant. Han har delteke på fleire internasjonale orkesterakademi og solistkonkurransar og har spelt for fleire av verdas fremste tubaistar som Rex Martin, Gene Pokorny og Perry Hoogendijk. Helga Farestveit, - er 22 år, frå Sogndal. Studerer på Musikkonservatoriet i Kristiansand, klassisk song utøvende, 1 år, bachelor. Har teke klassisk songtimar hjå Bjørn Gisle Seter v/ kulturskulen i Sogn sidan eg var 15 år gamal. Etter eit år på vokal�linja ved Follo fhs, bestemte eg meg for å satse for fullt på song. Eg har brei sceneerfaring, med både teater, song og musikal. Eg tek ein del oppdrag privat som

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

9


Helga Farestveit syng på konserten med Unge solistar i kultursalen i Trivselshagen på Sandane i mars.

songar i tillegg til å vere med på større produksjonar og konsertar. Draumen min er å leve av å vere songerinne! Marita Elise Holme - er 24 år gammal og held på med siste år i bachelorgrada si, utøvande musikk ved Griegakademiet i Bergen. Ho starta å spele klarinett som sjuåring ved Gloppen kulturskule med Geir Eikenes og Elisabeth Røgeberg som lærarar, og fortsette her heilt til ho kom inn på musikklinja på Firda vidaregåande skule i 2007. Året etter ho var ferdig på Firda v.g.s. fekk ho jobbe eit år som vikar på Gloppen kulturskule. Alt dette har vore svært viktig for at ho har fortsatt å satse på musikken. Etter snart fire år på Griegakademiet har ho møtt og jobba med svært flinke musikarar. Masterclass med t.d Michael Collins, Lee Morgan, Andreas Sundèn, og lærarar som Christian Stene og Håkon Nilsen gir massevis av inspirasjon. Draumen er å kunne leve av musikken. Og det å få komme heim til Sandane og spele er alltid ekstra stas. Andreas Løken Taklo: - er fødd i Florø og oppvaksen på Grov i Eikefjorden. Som niåring begynte han å spele piano. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes som lærar. Interessa for spelinga og klassisk musikk kom fort. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland og Italia, der han har vore prisvinnar fleire gongar. I Italia 10

resulterte konkurransane i at han fekk spele som solist med festivalorkesteret. Andreas vann førstepris i Haarklou-konkurransen under Pianofestivalen i Førde, både i 2008 og -09. Ein pianokonkurranse i München sommaren 2011 vart stor suksess, og Andreas vann solistoppdrag i både Paris og München. I tillegg har han spelt solokonsertar i Russland, og i heimlandet, mellom anna i Drøbak kyrkje, på Griegakademiet, Barratt Due musikkinstitutt og i Florø kyrkje. Andreas deltek ofte på meisterklasser og festivalar rundt omkring i Europa, blant anna har han vore på fleire kurs i Italia med Konstantin Bogino. Han har også hatt mange meisterklassar med Jiri Hlinka. No for tida studerer Andreas ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo med den tyske pianisten Michael Endres som lærar. Andreas er også ein som har hatt sine tre år ved musikklinja på Firda v.g.s. Om å vere med som deltakar på denne konserten seier ein av dei unge – Marita Holme dette: Det har betydd mykje for meg å vere med på Unge solistar. Det var på mange måtar det som opna auga mine for kva eg ville drive med, og at det fanst fleire i same fylket med same draum. Unge solistar har stilt opp med akkompagnatørar som Sigstein Folgerø og Sveinung Bjelland. Pianistar som eg ellers aldri hadde vore so heldig å få jobbe med.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Marita Elise Holme frå Sandane var i år invitert til festivalen som Ung musiker. Her spelar ho i ei av stasjonane i framsyninga «Dans og musikk - gjennom ROM og TID» Heile arrangementet har vore veldig profesjonelt lagt opp. I tillegg får vi møte andre unge solistar frå same fylke (som eg ikkje visste eksisterte) som vi kan samarbeide med seinare. Vi har blant anna starta opp ein trio med piano, cello og klarinett som eit resultat av dette. Eg har kun positivt å seie om dette arangementet, og det har vore med på å opne uante mogelegheiter for meg.

B. Ung klassisk utøvar til Gloppen Musikkfest - og i 2015 var det altså Marita Holme Når vi inviterer ein av dei unge legg vi vekt på at ho eller han skal få syne seg både som solo og kammermusikar i lag med dei andre festivalmusikarane, OG at vi har auge for at ho eller han får sin naturlege plass i ensemblet. Det er altså ikkje eit uttrykk for at denne eine vi inviterer er betre enn dei andre. Dei er alle på eit nivå som kunne gjere det fint å ha dei med på festivalen. Marita var med slik: Musikarane kjem! Marita deltok på lik linje med mange av dei andre festivalmusikarane i overraskande besøk i klassane i grunnskulane i Gloppen, på kontorkonsertar o.a. I danseframsyninga ”Dans og musikk – gjennom ROM og TID” var Marita den musikaren som gav gruppa med Firda-elevar som dansa i 2000-talsbygget musikalsk fylgje. Her spelte ho Penderecki sitt preludium for klarinettsolo.

Kammermusikk: Torsdagskveld frå Gloppen hotell. Her var Marita med på linje med dei andre festivalmusikarane i ulike innslag. Laurdagskvelden fekk Marita vere midtpunkt og solist i ensemblet, og dei spelte Piazzolla – etter Marita sitt ynskje. Søndag var ho med på kyrkjekonserten og spelte då også saman med dei andre festivalmusikarane. Gallerikonsert. I år hadde vi små konsertar kvar formiddag i galleriet til fotograf Andreas Eikeseth Nygjerd – og Marita sa ja til å vere musikaren som hadde ansvaret for ei av dei. Om å vere med som musikar på festivalen seier Marita sjølv m.a. dette: Skulebesøk: Eg har alltid grua meg til å snakke framfor folk. Det er ofte dette eg gruar meg mest til når eg skal ha konsert … Når ein har eit ark som «skiljer» deg frå publikum/ barna får ein ikkje ordentleg tak i merksemda deira. Difor lausreiv eg meg frå manus og let barna delta i samtalen/musikken. På denne måten heldt dei seg interessert. For meg var dette veldig nyttig på den måten at eg fekk eit nytt syn på publikumskontakt, og korleis eg har lett for å distansere meg frå publikum i staden for å spele på lag med dei.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

11


Gallerikonsert: Gallerikonserten blei ein mykje større ting enn eg hadde sett for meg (pga. at TV2 plutseleg kom). Men det gikk fint, og eg fekk erfare at ein må vere profesjonell og samla uansett situasjon. Lunsjkonsert på Firda: Det var veldig artig å sjå igjen dei som tidlegare har vore lærarane mine. Viss eg skulle gjort noko annleis hadde eg kanskje valt eit repertoar som var meir publikumsvenleg. Men det er vanskeleg å velje ut repertoar for solo klarinett som ikkje er veldig moderne. Danseforestilling: Det var morosamt å erfare korleis musikken kan bli tolka i bevegelsar. Dette er noko eg aldri har gjort før, men eg fann stor interesse i å jobbe med dans. Og ikkje minst veldig interessant å jobbe med Toini Kristensen. Dansarane fekk jobba med ein fantastisk dansar og person, samtidig som det var veldig interessant for meg å vere med. Hotellet: Vi fekk notar rett før vi skulle på scena, så eg fekk definitivt utfordra meg på å ta ting på sparket. Eg er vandt til å øve til ting blir so bra som det kan bli, men i denne situasjonen måtte eg ta ting der og då ... Opplevingar som dette er absolutt noko eg har godt av! Eg har godt av å kjenne på usikkerhet. Klassisk kammer: Klassisk kammermusikk-konserten var utan tvil det kjekkaste. At eg fekk spele med så fantastiske musikarar er ein ting dei aller fleste berre kan drøyme om! Så eg følte meg verkeleg heldig der eg satt. Kammermusikk er noko av det kjekkaste eg veit. Det er kjekt å kunne kommunisere med nokon gjennom musikken, utan å måtte bruke ord. Kyrkjekonsert: Kyrkjekonserten var litt det same som torsdagskvelden på hotellet. Det var ikkje særleg planlagt, og vi øvde ikkje noko særleg på det vi skulle framføre. Eg fekk eit pianopartitur og fekk beskjed om å transponere ei valfri stemme. Det var sjølvsagt lærerikt og eg hadde godt av å bli utfordra. Men eg skulle gjerne sett at programmet var bestemt litt før. Alt i alt: Eg følte meg som ein del av musikarane på festivalen. Eg hadde sett for meg at eg ville bli behandla som litt «uvitande», men dei andre musikarane behandla meg verkeleg bra, og som om eg var ein av dei profesjonelle. Eg føler meg absolutt heldig som har fått vere ein del av dette! Det er ein muligheit som veldig få får, og som eg kjem til å hugse for resten av livet!

Dialogen med og tilbakemeldingane frå Marita og dei andre unge er viktig for oss. C. Unge klassiske utøvarar i mediebiletet - og på andre arenaer enn vår konsertscene. Gjennom dei åra vi har hatt denne spesielle satsinga på å synleggjere dei unge klassiske 12

utøvarane, har vi sjølvsagt vore opptekne av at media skal vere med å synleggjere dei også. Derfor har vi • brukt vår eiga facebook-side som ein viktig arena for bilete, informasjon om utøvarane, om våre konsertar og andre ting dei unge driv med. Vi har og lagt ut lydklipp frå konsertane. • sendt pressemeldingar og bilete til NRK S&Fj, Firda, Firda Tidend og andre lokalaviser i fylket. • tatt dei unge med som utøvarar når media eller andre har invitert oss. Døme her er ”Åtgaum” i Oslo i 2013 og TV2 sitt besøk på Sandane i september 2015. • arbeidt målretta for at ein eller fleire av dei unge skulle få vere med på NRK S&Fj sine storsatsingar Julelutt 2014 og 2015. I framkant av ”Unge solistar-konserten” i 2014 vart dei to gitaristane Dag Håheim og Thomas Schoofs Melheim invitert til eit kort besøk i studio i Førde. I samband med Julelutt 2014 tok vi kontakt med innspel om å inkludere denne sjangeren også, men fekk ingen respons. I samband med ”Unge solistar-konserten” i 2015 vart det sendt ut pressemelding og teke kontakt med ulike media, men frå NRK fekk vi ingen respons. Derimot - nokre veker etterpå vart vi kontakta av Stian Sjursen Takle som ville sjå på mogelegheita av å bruke NRK-tid på desse unge. Etter det har dagleg leiar i GMF brukt utallege timar på å fylgje dette opp – i håp om at nokon fekk vere med på Julelutt 2015. Det spesielle i år var at vi kunne tilby den unge dansaren Jonas Øren som er frå Høyanger der konserten skulle gå føre seg – i samspel med ein av våre unge klassiske utøvarar – Andreas Løken Taklo. Det har vore hardt og tungt arbeid å få dette til. Dei hadde gløymt desse unge og denne sjangeren i programmeringsarbeidet, og det var ikkje sett av verken tid eller pengar til dei i produksjonen. Vi hadde i grunnen gitt opp då vi fekk tilslag på ein søknad til Sparebankstiftinga som kunne dekke reise og eit lite honorar for to utøvarar – og berre få dagar før konserten fekk vi ja frå produksjonsleiinga og dei to unge heiv seg rundt og øvde inn musikk og dans saman. Vi er særs nøgde med at vi har fått dei med i Julelutt 2015-produksjonen, og vonar ”løypa no er gått opp” og at årets innsats for dette bidreg til at vi kan få lettare innpass i neste runde. I samband med at Taklo og Øren fekk vere med

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Andreas Løken Taklo frå Eikefjorden var ein av fire unge musikarar som i år fekk presentere seg gjennom «Unge solistar»-tiltaket til musikkfesten. på konserten i Høyanger henta vi dei også til Sandane for at dei kunne vere med på danselinja på Firda v.g.s. si årlege hovudframsyning - til stor begeistring for elevane og publikum. Erfaring frå 2015 – og vegen vidare For Musikkfesten er dette særs meiningsfullt arbeid. Tilbakemeldingane frå dei unge som har vore med på mønstringskonsertane og på festivalen er gjennomgåande gode. Vi ser samstundes at det hadde vore fint om fleire melde seg på til mønstringskonsertane, og vi høyrer at det for ein del er ein for høg terskel å vere med på eit slikt arrangement, men dei har samstundes eit ynskje om å møte andre unge klassiske musikarar frå fylket. På bakgrunn av dei erfaringane vi har gjort oss dei siste to åra, og tilbakemeldingane frå dei unge, både dei som har vore med og andre vi har kontakt med, vil vi vidareføre arbeidet med å lyfte fram unge solistar får fylket gjennom å a) invitere til samlingar der nettverk, samspel og utvikling står i sentrum, men utan den ”silinga” som vi har hatt på dei to konsertane i 2014 og 2015. Det skal vere ope for alle å melde seg på. Vi kjem til å leggje vekt på workshops og foredrag rundt ulike aktuelle tema og kammermusikk. Samlinga vil verte avslutta med ein kammerkonsert. Som i arbeidet med mønstringskonsertane vil vi engasjere

ein røynd pianist som akkompagnatør. Det er også aktuelt å hente hit andre røynde kammermusikarar som kan leie øvingar med dei unge. Andre aktuelle tema (som har vore etterspurd) er ”Korleis etablere eiga bedrift?” og ”Korleis marknadsføre seg sjølv?” b) invitere til tilsvarande mønstringskonsertar som vi har hatt dei siste to åra, men ikkje kvart år. Det krev mykje av administrasjonen i Musikkfesten, og ved å arrangere dette annakvart år vert det kanskje meir attraktivt å melde seg på?

KLASSISK KAMMER I VEST Turneen ”Klassisk kammer i vest” vart arrangert i mars 2015 i eit samarbeid mellom Gloppen Musikkfest og lokale arrangørar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. To av Noregs beste kammermusikarar - Audun Sandvik, cello og Sveinung Bjelland, klaver hadde sjølv valt konsertprogrammet og ynskte seg ”ut på tur” med det. PROGRAM for konsertane var: • Ludwig van Beethoven : 7 variasjoner over ” Bei Männern, welche Liebe fühlen” • Sergei Rachmaninoff : Sonate for cello og klaver, g-moll op. 19 (1901) • Dmitri Sjostakovitsj : Sonate for cello og klaver, d-moll op 40

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

13


Sponsor Frydenbø Sogn og Fjordane lanserer ein ny bilmodell, og Audun Sandvik var henta inn som kulturelt innslag. Her i samspel med Håvar Endal Husevåg - frå musikklinja Frå pressemeldinga saksar vi: Programmet for turneen er sett saman av det ein kallar kjernerepertoaret for cello og klaver. Publikum får både smektande vakker musikk, dramatikk og musikk som rommar dei store kjenslene. Dei har valt eit for musikarane teknisk og emosjonelt utfordrande repertoar. Men cellosonatane av Rachmaninov og Sjostakovitsj er også uendeleg vakker og svært høyrevenleg musikk. Når utøvarane i tillegg har velutvikla evner til å kommunisere med publikum, både musikalsk og verbalt, skulle turneen ha alle mogelegheiter til å bli vellykka. Publikum er i dei beste hender og kan roleg setje seg ned og berre lytte. Dei to musikarane har vore på Gloppen Musikkfest ei rekkje gongar, og Audun er også ein del av den kunstnarlege leiinga. Når dei to no ville ut på turné med dette programmet, ynskte dei å reise til fleire plassar i Sogn og Fjordane. Da er det godt at kulturhus, kyrkjer og andre har investert i gode instrument. Eit godt flygel og gode medarrangørar må til for å få til desse konsertane. Audun og Sveinung er aktive både som solomusikarar, kammermusikarar og pedagogar. Audun spelar også som solocellist i Kringkastingsorkesteret og Det Norske Kammerorkester samt underviser på Norges musikkhøgskule. Sveinung har hausta strålande kritikkar for sine konsertar og CD-innspelingar både nasjo14

nalt og internasjonalt. Han er i dag professor i klaver ved Universitetet i Agder. Saman har dei to gjort ei rekkje konsertar gjennom mange år. Dei gleder seg til å møte publikum i fjordfylket. Vi vonar publikum set pris på vitjinga. •

Sandane, Trivselshagen: 15. mars – som naturleg nok var vårt eige arrangement

Førde, Førdehuset: 16. mars – i samarbeid med Førdehuset

Florø, kulturhuset: 17. mars – i samarbeid med Florø kommune

Fjaler, Hauglandsenteret, 18. mars – i samarbeid med Rikskonsertane

Ålesund, - i samarbeid med Ålesund kammermusikkfestival

Fosnavågen, - i samarbeid med Ålesund Kammermusikkfestival og Stormen kulturhus

Publikumsoppslutninga var særs varierande, men GMF ser på det som eit prosjekt vi hausta mykje erfaring gjennom, både når det gjeld samarbeid, fasilitetar (t.d. kva for stand dei ulike flygla var i) og korleis ein slik turné kan og bør promoterast. Men viktigast for oss og musikarane: Med ein slik turné gjer vi klassisk musikk kjend og tilgjengeleg for eit større publikum. I Førde lukkast det også å arrangere masterclass for pianistar frå Førde kulturskule.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

«Dancing queen» dansarar får Gloppen kulturskule og Kringkastingsorketeret sitt discoband.

Frydenbø i Sogn og Fjordane vart og ein viktig samarbeidspart ved at dei lånte oss bil som musikarane nytta.

DANS og MUSIKK – GJENNOM TID og ROM Som eit første steg mot den store framsyninga under festivalen 2015 arrangerte vi i april og juni workshop over to gongar tre dagar for danselinja ved Firda vidaregåande skule og danseelevar ved Gloppen kulturskule – med Toini Kristensen. I tillegg kom dansar Jonas Øren til Gloppen for å gjere seg kjent med kultursalen og andre omgjevnader med tanke på å lage koreografi til den siste og samlande delen av framsyninga under festivalen. Også han hadde i den samanheng undervisning på danselinja.

KULTURNATT

Gloppen Musikkfest har eiga veneforeining som tel omlag 50 medlemar. Veneforeininga er viktig i mange samanhengar, mellom anna står medlemane for ein betydeleg dugnadsinnsats rundt sjølve festivalen. Innsatsen består av hjelp til transport, matlaging, servering og billettsal. I tillegg syter venemedlemane for positiv omtale av Gloppen Musikkfest, dei rekrutterer nye medlemar, og dei inviterer vener på besøk under festivalen. Medlemar av veneforeininga får rabatt på festivalpass, og fribillettar dersom dei deltek på dugnad. Vi har og hatt eigne arrangement berre for venemedlemar. Dei blir særskilt inviterte til programslepp og arrangement som Musikkfesten har utanom sjølve festivalen. Talet aukar jamt og trutt, og vi opplever at medlemane etter kvart er ei viktig ressurs som idéskaparar til program og annan aktivitet.

Kulturnatt i Nordfjord vart arrangert 13.november 2015. GMF hadde ikkje eige arrangement, men var, saman med dei kommunale og fylkeskommunale kulturinstitusjonane i Gloppen, med i komiteen som arbeidde fram programmet for kvelden.

VENEFOREININGA Gloppen Musikkfest har eiga veneforeining som tel omlag 50 medlemar. Veneforeininga ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

15


SAMARBEID GMF har som ambisjon å samarbeide med andre kulturinstitusjonar i Gloppen og Sogn og Fjordane – slik at vi kan dra vekslar på og utvikle kvarandre gjensidig. I den samanheng er Firda v.g.s., fylket si einaste skule med musikk, dans og drama, ein viktig ressurs for oss, og vi for dei. Musikkfesten står midt i eit tett og godt samarbeid med gode fagmiljø, næringsliv og offentlege institusjonar. Vi takkar særleg fagmiljøa ved Firda v.g.s., Gloppen kulturskule og Gloppen folkebibliotek og fylkeskommunen si kulturavdeling for verdifulle innspel, og våre mange små og store sponsorar for støtte og engasjement, og sist, men ikkje minst, alle frivillige - som gjer at vi kan lage festival.

FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE Firda vidaregåande vert brukt som hovudbase for festivalen sine musikarar og er såleis ein viktig ressurs for oss. Skulen stiller med ulike lokale til øving, kantine til mat, festivalkontor og fri kopiering. Ein samarbeidsavtale mellom festivalen og skulen ligg i botn og bidreg også til gode møter for elevane på musikk, dans og drama. ”Gloppen Musikkfest er ein viktig samarbeidspart for Firda v.g.s. Festivalen gir elevane våre muligheit til å oppleve profesjonelle musikarar på høgt nivå i seminar og konserter, samt få innblikk i korleis ein musikar jobbar i forkant av konsertar. Det gjev inspirasjon til jobbing og øving mot eigne mål.” Elevane på Musikk/Dans/Drama – er også med som scenearbeidarar, inspisientar, kjøkkenhjelp m.m. under festivalen. ”Arbeidsoppgåver som generelt ligg til det å gjennomføre ein festival, er verdfull læring som gjev eit godt supplement til det vi driv med og det vanlege læringsmiljøet på skulen.” I samband med festivalen i 2015 var tilbodet til og samarbeidet mellom Firda vidaregåande skule og GMF slik: Dans og musikk - gjennom ROM og TID - Hovudsamarbeidet dette året mellom Firda v.g.s. og Gloppen Musikkfest. Allereie i april og juni fekk elevane på danselinja og kulturskulen workshop med koreograf Toni Kristensen frå Kunsthøgskulen i Oslo. I framsyninga Dans og musikk - gjennom TID og ROM fekk publikum oppleve historie med øyre, auge og kropp. Saman laga dei ei framsyning der publikum 16

vandra gjennom dei fire ulike bygga på skulen. Danseelevane dansa, dramaelevane guida publikum mellom stasjonane og Musikkfesten sine musikarar stod for det musikalske. Det vart ein spennande prosess, kor elevane var aktivt med i utforminga av framsyninga. Og resultatet svarte til forventningane både hos oss, elevane og publikum. Det er ei glede for GMF at vi gjennom slike prosjekt kan skape kontakt og samarbeid mellom elevane og profesjonelle kunstnarar. Kritikarseminar – Kritikarseminaret med Hild Borchgrevink og Ida Habbestad for 3dje klasse på musikklinja er blitt ein tradisjon. Og kvart år gler vi oss over gode tekstar frå elevane. Og kvart år gler vi oss over at dette tilbodet som vart ”fødd” i Gloppen vert nytta av fleire og fleire festivalar rundt i landet. Seminaret er lagt opp slik: Del 1: Tre timars seminar om å skrive konsert/ musikkritikk. Ei innføring i korleis lytte til musikk, korleis oppleve og vurdere konsertar og sidan skrive om det ein har opplevd. Del 2 : Elevane vert fordelt på dei ulike konsertane, går på konsert og skriv kritikkar. Undervegs får dei tilbakemelding og rettleiing frå Habbestad og Borchgrevink. Dei beste kritikkane blei plukka ut og kom på trykk i Firda Tidend. ”Å få eit slikt seminar med profesjonelle kritikarar er gull verd for skulen.” Workshop/masterclass for elevane på musikklinja med musikarar frå Music for a While. •

Tora Augestad hadde ein fantastisk flott masterclass med alle songarane der nokre elevar var aktive og nokre var passive.

Resten av elevane jobba med samspel og improvisasjon i kvar sine grupper med dei to improvisasjonskunstnarane Stian Carstensen og Mathias Eick.

Vokalistar i Discoband - Diskokveld Elevar på musikklinja fekk gjennom audition mogelegheit til å vere med på den siste konserten laurdag kveld. Fire elevar blei plukka ut og var med på 4-5 songar ilag med musikarar frå Kringkastingsorkesteret. Ei stor oppleving for dei som fekk sjansen! Konsert med distriktsmusikarane - på Frydenbø. Dei elevane på musikklinja som ikkje var opptekne med å hjelpe til på barnehagekonsert (sjå konsertprogrammet) var på konsert med distriktsmusikarane som ein del av den obligatoriske undervisninga.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Tora Augestad hadde masterclass med alle songarane på Firda vgs.

GLOPPEN KOMMUNE Samarbeidet med vertskommunen vår er naturleg nok både viktig og mangfaldig. Vi har tett dialog med både kultursjef, kulturhusleiar og leiarar og tilsette ved dei ulike kulturinstitusjonane i Gloppen. I tillegg har vi årleg kontakt med skular og barnehagar gjennom seminar, musikarbesøk, utstillingar m.m. Gjennom samarbeidsavtalen med kommunen vert GMF involvert i programarbeidet for konsertane med Bergen filharmoniske orkester og vi samarbeider og om vedlikehald og stemming av flygel i kultursalen. Gloppen Ungdomsskule I 2015 fekk tiandeklassingane ved Gloppen Ungdomsskule kritikarseminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink. Seminaret vart knytt opp til norsk- og musikkfaget. Det inneheldt m.a. ein gjennomgang av den musikken som var framført under framsyninga ”Dans og musikk gjennom TID og ROM” – som heile Gloppen ungdomsskule var publikum på. I etterkant skreiv alle tiandeklassingane konsertmelding frå denne, og fekk tilbakemelding frå Habbestad og Borchgrevink på desse.

GLOPPEN KULTURSKULE GK er ein viktig ressurs for oss. Vi ynskjer å vere eit musikalsk og kunstnarleg supplement til det kulturskulen sjølv har å by på, og vi finn stadig nye måtar og arenaer vi kan ha eit praktisk samarbeid på også, til glede og utvikling for både lærarar og elevar på kulturskulen og for oss som organisasjon. I 2015 samarbeidde vi om to meisterklasser: I januar vart alle strykeelevar i fylket invitert til seminar med Nora Taksdal, og i august heldt Gro Sandvik seminar for fløytistar frå S&FJ og Møre og Romsdal. I

workshops fram i mot og i framsyninga ”Dans og musikk – gjennom ROM og TID” var ca 20 kulturskulelevar involvert.

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE – DISTRIKTSMUSIKARANE - FYLKESMUSIKARANE Fylkeskommunen har vore ein viktig brikke i arbeidet fram mot at GMF har fått fleirårig festivalstøtte frå Kulturrådet. Som del av dette har dei gjort det klart at dei ynskjer at vi skal være fylket sin klassiske festival og blinka ut nokre område dei vil at vi skal ta særleg ansvar for. Dette gjeld særleg arbeidet med å løfte dei unge klassiske musikarane frå fylket, men programarbeid o.a. rundt BFO sitt engasjement i Sogn og Fjordane er og nemnt. Samarbeidet mellom GMF og fylkeskommunen er formalisert gjennom ei eiga utviklingsavtale. For GMF er det avgjerande at aktiviteten vår gjev ”ringar i vatnet” også for dei profesjonelle musikarane fylket har sjølv. Det er såleis ei glede å kunne samle alle distriktsmusikarane under festivalen, og slik opne ein arena der dei kan få syne seg fram i full bredde. I 2013 vart samarbeidet utvida ved at det vart arrangert eit formidlingsseminar med professor emeritus ved Griegakademiet og fløytist Gro Sandvik som leidde fram mot konserten i Frydenbø sin bilhall dagen etter. I 2014 vart dette vidareført med seminaret: ”Den gode prøvetida – om å samarbeide og øve i gruppe” med fiolinist, bratsjist og dirigent Per Kristian Skalstad. I 2015 fekk musikarane også tilbod om seminar, men av ulike praktiske årsaker vart det ikkje aktuelt for dei.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

17


GLOPPEN MUSIKKFEST 2015 Musikk for ei tid - ei tid for musikk I programheftet for 2015 skreiv vi: Så var vi der igjen – ein ny haust, eit nytt skuleår, ein ny festival, ein ny Musikkfest! Ja, endeleg skal alt det vi har spekulert på, planlagt, gleda oss til å fortelje om og dele, ut til publikum. Musikalske opplevingar, tonar, ord, bilete, rørsler. Noko gamalt, noko nytt, noko frå ei anna tid, noko frå vår tid. Sprelske påfunn, sarte tonar, lys og skugge. Noko om born, noko for born.

festven, Tora Augestad. Ho har vore på festivalen fleire gongar, og det var ei ære at ho tok seg tid til å kome tilbake, som songar, som del av bandet Music for a While, og som representant for Hardanger Musikkfest, vår syster i sør. Kort oppsummert kan vi seie at festivalen: • gjekk føre seg siste veka i august • varte ei heil veke • baud på konsertar, utstilling, kåseri og seminar

Vi vonar du tek deg tid til å nyte. Gje musikken og dansen TID og ROM!

• hadde arrangement for born, unge og vaksne

Festivalen i 2015 var spunnen rundt den evige endringa musikk og anna kunst vert til gjennom. Nye tider krev nye uttrykk, men av og til må vi og gå tilbake til røtene, og i 2015 såg vi på musikk frå ulike epokar, hus frå ulike tider - og rørsler, bilete og dans fekk vere med å illustrere dette.

• hadde seks seminar/workshops for born og unge

Til å opne festivalen spurte vi ein god Musikk-

• inneheldt til saman 21 konsertarrangement

Utanom konsertprogrammet gav tilbodet: Musikarane kjem! • 7 kontorkonsertar hos sponsorar og samarbeidspartar • 25 klassebesøk

ARRANGEMENTOVERSIKT 2016 Måndag 31. august

Onsdag 2. september

Musikarane kjem! Kontor, skule, eldre

Musikarane kjem! Kontor, skule, heime-hos o.a.

11:30 Gallerikonsert hos Eikeseth Nygjerd Fotografi – i sentrum, med Henrik Silfverhielm 19:00 Opning av utstilling hos Eikeseth Nygjerd Fotografi – med Nora Taksdal, Hege Woxen, Audun Sandvik

Tysdag 1. september Musikarane kjem! Kontor, skule, heime-hos o.a.

11:30 Gallerikonsert hos Eikeseth Nygjerd Fotografi, med Stian Carstensen 12:30 Prøveframsyning – Dans og musikk gjennom ROM og TID, for Gloppen ungdomsskule 13:45 Prøveframsyning – Dans og musikk gjennom ROM og TID, for Firda vidaregåande skule

Kritikarseminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink, Gloppen ungdomsskule 11:30 Gallerikonsert hos Eikeseth Nygjerd Fotografi, med Marita Holme

18

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Torsdag 3.september Musikarane kjem! Kontor, skule, heime-hos o.a. 8:30 – 11.30 Kritikarseminar med Ida Habbestad og Hild Borchgrevink, for tredje klasse musikk ved Firda vidaregåande skule 11.30 Gallerikonsert hos Eikeseth Nygjerd Fotografi, med fiolinistane Per Kristian Skalstad, Ragnhild Hemsing og Ai-Ling Chiou 12:00 -16:00 Workshops på Firda vidaregåande skule, med Stian Carstensen, Tora Augestad og Mathias Eick. For alle elevane på musikklinja 17:00 Mottaking med musikk og helsingar, opning av festivalen, foajeen i Trivselshagen 18.00 ”DANS og MUSIKK – gjennom ROM og TID” Danse- og dramaelevar frå Firda v.g.s., Gloppen kulturskule, festivalmusikarar, Jonas Øren og Dag Rune Sjølie. I Firda v.g.s. sine hus, Trivselshagen og i kultursalen • Stasjon 1: Gamlebygget frå 1920-talet, Synnøve Bjørset • Stasjon 2: Realskulebygget frå 1950-talet, Ragnhild Hemsing • Stasjon 3: Aulaen frå 1970-talet, KORK sitt discoband m musikklinjeelevar • Stasjon 4: Foajeen i kulturhuset frå 2000-talet, Marita Holme • Kultursalen: Dansarane Jonas Øren og Dag Rune Sjølie, festivalmusikarar

22.00: Litterært nattbad. Hege Woxen sine dikt, Hild Borchgrevink er badevert, Nora Taksdal, Audun Sandvik, Per Kristian Skalstad spelar, Gloppen folkebibliotek Laurdag 5.september 10:00-14:00 Fløyteseminar for elevar frå heile fylket - med Gro Sandvik. I samarbeid med Gloppen kulturskule 11:30 På en grønmalt benk … Eviggrøne melodiar får den gong då, med musikarar frå Kringkastingsorkesteret, på Gloppen Omsorgssenter. 14:00 Konsertkåseri: Musikk for ei tid – ei tid for musikk. Nora Taksdal og elevar frå Firda vidaregåande skule 16: Familiekonsert: ”Mr. Ping” m/Knut Lothe, Aulaen Firda v.g.s. 19: Konsertkveld i Trivselshagen. Mat og drikke var å få kjøpt • 19:00 Kjærleik og andre mistydingar Tora Augestad m/vener • 20:00 Klassisk kammer – musikk frå ulike tidsepokar med strykarar og blåsarar • 21:00 Klassisk Disco! – KORK sitt discoband m.fl. Konsert og dans

Søndag 6. september Kl 15.00: Kyrkjekonsert – klassiske perler frå ulike tidsepokar, med strykarar, blåsarar, trekkspel og vokal, Vereide kyrkje

21.00: Torsdagskveld frå … Gloppen Hotell. Kammermusikk presentert i uformelle omgjevnader i kjellaren på Gloppen hotell. Pølser, øl, kammer og fotball. Festivalmusikarane. Vert: Audun Sandvik

Fredag 4.september Musikarane kjem! Kontor, skule, heime-hos o.a. 11:30 Gallerikonsert hos Eikeseth Nygjerd fotografi, med trombonist Petter Winroth og fagottist Embrik Snerte 12.00: Lunsjkonsert – med distriktsmusikarane i fylket, Frydenbø bilsenter 12:00 og 13:00 Barnehagekonsertar med Pål Hausken og Martin Taxt 20.00: Music for a While, kultursalen

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

19


MUSIKARAR OG UTØVARAR 2016 Audun Sandvik – solocellist i Kringkastingsorkesteret(KORK) og ein aktiv kammermusikar, også i KORK sitt discoband Nora Taksdal – solobratsjist i Kringkastingsorkesteret(KORK), skribent og kåsør, kammermusikar – og del av KORK sitt discoband Per Kristian Skalstad – dirigent, fiolinist og bratsjist Petter Winroth - solotrombonist i Kringkastingsorkesteret(KORK) og arrangør og tangentførar i KORK sitt discoband Embrik Snerte – solofagottist i Kringkastingsorkesteret(KORK) og el-basstraktør i KORK sitt discoband Ragnhild Hemsing – fiolin, til dans, som kammermusikar og i discobandet Ai-Ling Chiou – fiolin, i discobandet og som kammermusikar Julie Ervik – vokal i KORK sitt discoband Stig Hegrenes – lærar på Gloppen ungdomsskule, slagverk i discobandet under danseframsyninga Marita Holme – klarinett Synnøve Bjørset – fele, hardingfele Stian Carstensen – trekkspel, banjo og alt mogeleg anna, Music for a While Mathias Eick – trompet, Music for a While Martin Taxt - tuba, Music for a While, barnehagekonsert

Pål Hausken – slagverk, Music for a While, barnehagekonsert Tora Augestad – vokal, kabaretartist, skodespelar, Music for a While Jonas Øren - dansar og koreograf Dag Rune Sjølie - dansar Hege Woxen – lyrikar Hild Borchgrevink – vert for litterært nattbad og seminarhaldar Ida Habbestad – skribent og seminarhaldar DISTRIKTSMUSIKARANE i FØRDE Christine Marøy, song Arvid Anthun, trompet Henri G. Eftevand, fiolin Helga Lied Wyrtz, fløyte Jakob Wyrtz, gitar Akiko Anazawa, piano DISTRIKTSMUSIKARANE I GLOPPEN Ann-Margrit Silfverhielm, song Otto Ose, trompet, fiolin, bass Henrik Silfverhielm, cello Thomas Aanonlie, slagverk Tone Holgersson, piano DISTRIKTSMUSIKARANE I SOGN Bjørn Gisle Seter, song Hans Holgersson, cello Leif Aslaksrud, basstrombone Dorina Komani, piano

DANS OG MUSIKK - GJENNOM ROM OG TID Litt meir om Dans og musikk – gjennom TID og ROM Framsyninga Dans og musikk - gjennom ROM og TID vart til ut ifrå eit ynskje om å inkorporere dans i ein eller fleire arrangement under Musikkfesten – og det faktum at vi hadde ein bygningsmasse frå fire ulike tidsepokar med tilsvarande musikalsk og arkitektonisk ulikskap og karakter. Dansaren og koreografen Toini Kristensen vart begeistra for ideen, danselinja ved Firda v.g.s. var begeistra, vi fekk støtte frå Kulturrådet – og dermed var det mogeleg å setje i gang prosessen med å skape ein heilhetleg framsyning. Vi ville at publikum skulle få oppleva historie med

20

øyre, auge og kropp. Dans og rørsler som på ulikt vis reflekterte perioden bygga vart til, dramaelevenes gjenskaping av særtrekk ved dei ulike epokane som bidro til å sette publikum inn i tidsånden, musikk skapt i dei fire epokane, strålande musikarar på kvar stasjon og Jonas Ørens frodige koreografi i den siste og samlande delen gjorde framsyninga til noko heilt unikt. Om framsyninga skreiv Hild Borchgrevink dette i programheftet vårt: Rørsle, lyd og historie I prosjektet Dans og musikk - gjennom ROM og TID vil publikum få oppleva historie med øyre, auge og kropp. Saman med danseelevar frå

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

Ragnhild Hemsing, Nora taksdal, Audun Sandvik, Embrik Snerte i Devienne fagottkvartett. Foto Aa. Gloppestad Firda v.g.s. og Gloppen kulturskule har koreograf Toini Kristensen laga ei framsyning der publikum skal vandre gjennom dei fire ulike bygga som rammar inn skuleplassen på Firda. Samstundes reiser vi òg gjennom norsk skuleog arkitekturhistorie. Denne vandrekonserten munnar så ut i ein heilt ny koreografi laga til den største salen i Trivselshagen - av dansaren Jonas Øren frå Høyanger. I verkstader tidlegare i vår har danseelevane sjølv utvikla koreografi tilpassa kvart av bygga. Saman med Kristensen har dei teke utgangspunkt i musikk skrive i same tid som dei fire husa er bygd i. - Elevane har utforska kva som skjer med dansen når han kjem inn i eit rom som har ein identitet og ei historie, og kva som skjer med rommet når vi dansar der, fortel Kristensen. Ho har lang røynsle som lærar og koreograf, først frå danselinja i Bodø og sidan frå Statens Balletthøgskule. Då det eldste skolebygget på Firda sto ferdig i 1922, var det eitt av fire landsgymnas i Noreg. Med ein slik skule følgde det også tilreisande, og framleis kan ein merka korleis Sandane er open for nye menneske og nye uttrykk, til dømes gjennom korleis Gloppen Musikkfest knyter saman lokale krefter og profesjonelle utøvarar. - Eg er glad for at dansarane får jobbe med levande musikarar i dette prosjektet, seier Kristensen. - Firda .v.g.s. er heldige som har undervisning i musikk, dans og drama samla på ein plass. Slik vert det mogleg å læra av kvarandre på tvers av fag. Etter krigen fekk gamleskulen på Firda selskap av realskulebygget. På 1970-talet kom ny aula og administrasjonsfløy, bygd slik at dei tre husa ligg kring skuleplassen som ei hestesko. Kulturhuset Trivselshagen frå 2009 gjer ramma kring plassen komplett.

Før framsyninga kunne starte vart publikum delt i fire grupper gjennom farga lappar som dramaelevane delte ut. Gruppene starta på ulike stasjonar. Slik fekk ei gruppe oppleve 2000-talet først, ein 1970-talet først osb. I gamlebygget frå 1920-talet, med røter tilbake til 1814 og Eidsvoldsbygningen fekk vi høyra felespelar Synnøve Bjørset frå Jølster som spelte ”Fanitullen” til elevane sin dans. På vegen dit tok dramaelevane oss med til eit imaginært 17-maitog. Nasjonalkjensla fekk bløme! På veg mot realskulebygget frå 1950-tallet fekk publikum gå i langsam kø med rasjoneringskort og matmerker. Inne i huset spelte fiolinisten Ragnhild Hemsing musikk av Arne Nordheim, ”Partita für Paul” - tileigna den sveitsiske målaren Paul Klee. Neste stopp var aulaen frå 1970-tallet. På vegen dit vart vi tekne med inn i eit lydlaust, men dramatisk demonstrasjonstog. I aulaen – som verkeleg var danselokalet på 70-talet, var det disco for alle pengane med flagrande lys frå discokule, ABBA sin melodi ”Dancing Queen” og ei stor gruppe kulturskuleelevar i fargerike kostyme. På veg over plassen mot det nyaste bygget Trivselshagen frå 2009, vart publikum utsett for eit strengt regime med visitasjon, kontroll og mykje venting. Det gjorde eit sterkt inntrykk. Til sist vart publikum samla inne i kultursalen i Trivselshagen for å sjå tingingsverket laga av Jonas Øren, som han framførte saman med dansaren Dag Rune Sjølie. Framsyninga i kultursalen var ei oppleving utanom det vanlege. Ein profesjonell danseframsyning har berre vore framført i Trivselshagen ein gong før (Jo Strømgren kompani i 2009) og profesjonell dans med levande musikarar på scena har aldri vore gjennomført tidlegare. Vi vonar det ikkje er siste gongen GMF eller andre får dette til.

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

21


SEMINARPROGRAM 2015

UNGE KLASSIKARAR

Gloppen Musikkfest ser det som ei viktig oppgåve å gje musikkfagleg påfyll til musikarar og musikkmiljø i kommunen og fylket. Det gjer at vi kvart år prioriterer å arrangere seminar og workshops med nokre av utøvarane våre, og at vi gjev eit tilbod til barneskulane som er med på å opne dørar inn til den klassiske musikken si verd.

Det var ei glede å kunne invitere ei av dei flotte utøvarane frå konserten med unge klassikarar til å vere med under festivalen 2015. Slik vart det på nytt skapt møteplass mellom unge i startgropa på ein profesjonell karriere og allereie etablerte musikarar. GMF er glad for å kunne bidra til at dei unge får ein arena å syne seg fram på.

I 2015 hadde vi desse tilboda til born, unge og fylket sine eigne musikarar.

Marita Holme var aktiv på gallerikonsert, ”Musikarane kjem!” (kontor- og skulekonsertar), under danseframsyninga og på kammerkonserten laurdag kveld.

Danseworkshop – for elevane på danselinja og kulturskulen i Gloppen Kritikarseminar – for tredje klasse på musikklinja og tiande klasse på Gloppen ungdomsskule Fløyteseminar – med elevar frå heile fylket. Tilbodet gjekk også til fløytistar i Møre og Romsdal Improvisasjons- og songworkshop - med musikarar frå ”Music for a While”, for alle elevane på musikklinja

Sandane 13. juni 2016

Kjartan Aa Berge Styremedlem

22

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015


ÅRSMELDING 2015

GLOPPEN MUSIKKFEST 2015 I TAL Arrangement Unge klassikarar Masterclass – Sveinung Bjelland, Førde Klassisk kammer i vest – Sandane Klassisk kammer i vest – Førde Klassisk kammer i vest - Florø Klassisk kammer i vest – Fjaler, UWC Klassisk kammer i vest – Ålesund Klassisk kammer i vest - Fosnavåg Musikarane kjem! – til skulane Musikarene kjem! – til arbeidsplassar Opning fotoutstilling Gallerikonsertar Prøveframsyning 1 : DANS og MUSIKK – gjennom ROM og TID Prøveframsyning 2 : DANS og MUSIKK – gjennom ROM og TID Kritikarseminar Gloppen ungdomskule Krtikerseminar på Firda v.g.s. Workshops Firda vidaregåande skule Mottaking DANS og MUSIKK – gjennom ROM og TID Torsdagskveld frå Gloppen Lunsjkonsert Barnehagekonsert 1 Barnhagekonsert 2 Music for a While Litterært nattbad På ein grønmalt benk … Konsertkåseri Mr. Ping Konsertkveld: Tora Augestad Konsertkveld: Klassisk kammer Konsertkveld: Klassisk disco Kyrkjekonsert

Publikum

Framsyningar

Utøvarar

75 7 45 9 8 81 67 6 375 450 67 77

1 1 1 1 1 1 1 1 25 7 1 5

5 1 2 2 2 2 2 2 1 15 2 8

350

1

60

350 75 25 75 50 120 100 300 57 62 120 30 75 62 124 92 103 200 120 3682

1 1 1 3 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 1 68

60 2 2 3 3 60 15 15 2 2 6 4 2 6 1 5 7 15 15 325

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

23


HOVUDSPONSORAR 2015

MUSIKKFESTEN 2015 ER STØTTA AV

Musea i Sogn og Fjordane GLOPPEN KOMMUNE FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE

MUSIKKFESTEN 2015 ER OGSÅ STØTTA AV

Eikenæs

Vest Optikk

Grafisk design: Geir Skagen 24

ÅRSMELDING STIFTINGA GLOPPEN MUSIKKFEST 2015

Gloppen musikkfest - Årsmelding 2015  

Årsmelding 2015 for Gloppen musikkfest, Sandane.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you