Page 1

EIT MOGLEGHEITSSTUDIUM FOR GRØN VEKST I SOGN OG FJORDANE VERSJON 1.0


2


INNHALD 5 1. INNLEIING 6 2. BAKGRUNN 8 3. DET GLOBALE BAKTEPPET I ENERGISEKTOREN 11 TEMA: GJE DET GRØNE UTVIKLINGSPROSJEKTET EIN GOD START 12 4. MOTIVASJONSFAKTORAR FOR GRØN VEKST 12 4.1 «Rein energi for alle» 14 5. EIT BLIKK PÅ DEN LOKALE NÆRINGA 15 TEMA: STÅ LØPET UT I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET 16 6. KONKRETE INNSPEL FRÅ INTERESSENTANE 16 6.1 «Meir risikokapital» 16 6.2 “Fleire grøne gründerar” 17 6.3 “Betre samarbeid mellom kommune og næringsliv” 17 6.4 “Tettare samarbeid med dei store kraftselskapa” 17 6.5 “Tettare samarbeid mellom næringsliv og forsking/utdanning/akademia” 17 6.6 “Fleire samarbeid mot internasjonale marknader” 18 6.7 “Sterkare grøn merkevare” 18 6.8 “Rekruttering” 19 TEMA: SKAP INTERN SEMJE I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET 20 7. ULIKE MÅTAR Å INNOVERE PÅ I GRØN SEKTOR 21 7.1 Innovere på oppsettet til verksemda 21 7.1.1 Innovative forretningsmodellar 21 7.1.2 Nettverksinnovasjon 21 7.1.3 Å innovere i strukturar 21 7.1.4 Prosessinnovasjon 22 7.1.5 Forslag 22 7.1.6 Døme: Green data 23 7.1.7 Døme: Grøn rekruttering 23 7.1.8 Døme: Felles forskings- og utviklingsprosjekt 26 7.2 Innovere på produkt 26 7.2.1 Produktyting 26 7.2.2 Å innovere i produktsystem 26 7.2.3 Forslag 27 7.2.5 Døme: Sterkare saman - Indonesia 28 7.2.6 Døme: Nettverksutvikling av produkt - Green Innovation Network 28 7.3 Innovere på kunde- og brukaropplevingar 28 7.3.1 Innovasjon 29 TEMA: SIKRE GOD LEIING I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET 30 7.3.2 Med kanalar 30 7.3.3 Merkevareinnovasjon 30 7.3.4 Innovasjon 30 7.3.5 Forslag 31 7.3.6 Døme: Grøne, smarte kommunar 31 7.3.7 Døme: Eit grønt servicekontor i fylket 32 8. FRÅ INNSIKT TIL HANDLING 33 TEMA: SIKRE INVOLVERING I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET 35 9. AVSLUTNING

3


4


1. INNLEIING Forum for Grøn Energi er ein interesseorganisasjon for fornybarbransjen i Sogn og Fjordane med mål om å stimulere til vekst i grøne næringar i fylket. I dette dokumentet har ei rekke interessentar i energibransjen i Sogn og Fjordane vore intervjua. Målet har vore å identifisere tankar og idear om korleis utvikle fylket vidare for å sikre vekst i grøne næringar. Rapporten er høgttenkjande og drøftande med subjektive inntrykk og vurderingar som grunnlag for å vise moglegheiter i fylket. Innspela er prøvd sett opp mot til dømes FNs berekraftsmål, Doblin sine 10 måtar å innovere på og generelle utviklingsutfordringar, med mål om å kunne inspirere til grøn innovasjon og samarbeid.. Denne moglegheitsstudien skal vere eit levande drøftingsgrunnlag og er ingen fasit. Det vert opp til aktørane i fylket å handle på det moglegheitsbiletet som til ei kvar tid rår i marknaden. Denne rapporten håper vi utfordrar og inspirerer til å tenkje litt nytt i forhold til nye måtar å innovere på, nye måtar å involvere på og nye måtar å samarbeide på for auka grøn verdiskaping.

5


2. BAKGRUNN Saman kan vi auke grøn verdiskaping lokalt Det er ikkje vanskeleg å peike på kvifor grøn vekst vil vere viktig for Sogn og Fjordane. Ikkje berre er grøn vekst viktig i eit berekraftig perspektiv globalt, men det er òg viktig for vidare utvikling av det lokale næringslivet på ein stor megatrend. Det vil rett og slett vere stort potensiale for verdiskapning. Mest truleg vil ein lukkast best om ein lukkast saman over tradisjonelle skiljeliner. Nye tider krev nye arbeidsmåtar. Difor har vi i arbeidet med dette dokumentet freista sjå på nosituasjonen som eit grunnlag for korleis aktørane i fylket kan bidra til ei auke i grøn og berekraftig verdiskaping. Snarare enn å summere opp kvar einskilt bedrift sine utfordringar og moglegheiter, peikar vi i dette arbeidet på det vi opplever som felles utfordringar, samt idéar og initiativ for å løyse utfordringar og for å skape ei auke i grøn vekst. Vi håper at desse forslaga kan stimulere til handling og samarbeid, og at dette blir eit forarbeid til vidare felles idéutvikling. Vi håper difor at du les dette med eit ope sinn og kreative auge og at du tenkjer på korleis du og di verksemd kan tenke nytt med omsyn til grøn innovasjon og grønt samarbeid. Det er mange spørsmål og moglegheiter som har reist seg i kartleggingsarbeidet. Korleis kan til dømes den grøne næringa i Sogn og Fjordane bidra til å realisere FN sitt sjuande berekraftsmål om “Rein energi for alle”? Kva med dei 16 andre berekraftsmåla? Korleis kan bedrifta, kommunen, forskaren, gründeren og studenten jobbe saman for å skape nye grøne arbeidsplassar? Kan vi ved å utvide tilnærminga vår til innovasjon løyse lokale utfordringar, overkome barrierar for vekst og samtidig bidra til å løyse dei store, globale klimautfordringane? Vi fokuserer her på grøn innovasjon i Sogn og Fjordane, og vi håper ideane er til inspirasjon for å iverksette nye innovasjonstiltak i og på tvers av selskap, bransjar og sektorar. Vi trur at dersom fleire aktørar

6


samlar seg og jobbar systematisk i lag mot ein felles visjon, så har ein ei stor moglegheit til å lukkast med internasjonale nyskapingsprosjekt med utgangspunkt i Sogn og Fjordane. Dagens rolle for Forum for Grøn Energi er å støtte satsingar og peike på nye moglegheiter. Moglegheita er der for at ein kan utvikle denne organisasjonen til å konkret jobbe med grøne “samskapingsprosjekt” i vår del av det nye Vestland fylke. Det er ikkje organisasjonen i seg sjølv som er viktig, men at det vert etablert tydeleg leiing i arbeidet for å sikre fart og retning. Ein ting er i alle fall sikkert – ingenting skjer av seg sjølv!

7


3. DET GLOBALE BAKTEPPET I ENERGISEKTOREN Det grøne skiftet er omfattande, og vi veit at om lag 80 % av all energiforbruk framleis er frå fossile energikjelder (i følgje REN21 – Renewables 2018 Global Status Rapport), og berre litt over 10 % er knytt til moderne, fornybare energikjelder. Fornybarfylket Sogn og Fjordane kan ta ei større rolle i å flytte prosentane i riktig retning.

Som bakgrunn for å sjå på marked med stort potensiale, kan vi sjå på kva sektorar som bruker energi. Vi ser at om lag halvparten av jordas straumforbruk går til temperering (varme og kjøling), ein tredjedel går til transport og 20 % går til rein elektrisitetsproduksjon. Med dei erfaringane som finst hos bedriftene i Sogn og Fjordane knytt til mellom andre oppvarming frå passive energikjelder som fjord og grunn, så er det eit døme på korleis ein kan løfte internasjonale satsingar der ein har konkurransekraft.

8


Når vi ser meir spesifikt på kvar energien kjem frå, så ser vi at vasskrafta er den største aktøren i fornybarmarknaden. Slik er det i Sogn og Fjordane òg. Vindkraft og solkraft er på veg oppover medan havenergi bidreg så langt berre marginalt til verdas energiproduksjon. Det er difor framleis 73,5 % som kjem frå fossile energikjelder, og denne store prosentdelen skal på få år reduserast kraftig. Dersom vi som fornybarfylke er kraftig på ballen dei neste åra, så har vi ein sjanse til å kapre store marknadsdelar innan dei områda vi er gode på. Ikkje minst har havenergi eit enormt potensial, noko som er godt nytt for vår region som har tung kompetanse i maritim næring i tillegg til stolte skipstradisjonar og høg fornybarkompetanse. Desse tre komponentane kan samla sett utviklast til å bli ein eksportartikkel frå vår region, dersom vi evnar å gripe moglegheitene saman.

9


Med dette som bakteppe meiner vi ein burde kunne verte inspirere til handling lokalt. Dersom vi kan klare å utvikle og eksportere teknologi, kunnskap, prosessar og tenester lokalt som kan nyttast over store delar av verda, så meiner vi det vil gje grunnlag for sterk vekst i grøne næringar i regionen vår. Og om det er interessant for deg som lokal aktør, så meiner vi tida er moden for å gjere visjonar og ønske om til konkret handling. Det handlar i stor grad om “kva vi skal leve av etter oljen”, og ein ting er sikkert – det er ikkje oljen!

10


TEMA

GJE DET GRØNE UTVIKLINGSPROSJEKTET EIN GOD START Det viser seg at det å få ein god start er viktig for å få eit godt resultat. Ofte kan det hende att mistydingar, det er manglar frå start eller ein har ikkje nok fakta og innsikt i botnen til at prosjektet gjev verdi til slutt. Det å gjere eit grundig arbeid i starten byggjer tillit og gjer at ein kan få med seg sentrale aktørar på eit tidlegare tidspunkt, noko som aukar sjansen for suksess.

11


4. MOTIVASJONSFAKTORAR FOR GRØN VEKST Stadig fleire verksemder i offentleg og privat sektor tar i bruk FNs berekraftsmål som rammeverk og rettesnor i plan-og strategiarbeid. Berekraftsmåla gjev ein tydeleg peikepinne på kvar innovasjon og utvikling må skje og kvar marknaden etterspør nye, betre og meir berekraftige løysingar.

4.1 «Rein energi for alle» Innan bærekraftsmål 7, “rein energi for alle” er det tydeleg at fornybarfylket Sogn og Fjordane allereie har ein sterk nasjonal posisjon, men potensialet er mykje større - ikkje minst om ein tør å tenke internasjonale marknader og internasjonal innverknad. Inn i berekraftsmål nummer sju ligg det ei rekke delmål som er tidfesta til ein horisont fram mot år 2030. Det første er at ein innan 2030 skal sikre ålmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris. Det andre delmålet er at ein innan 2030 skal sjå ei monaleg auke i delen av fornybar energi i verda sitt samla energiforbruk. Det tredje delmålet seier at ein innan 2030 skal doble energieffektivitetsraten på verdsbasis.

12


Det vert peika på at ein innan 2030 skal ein styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, her under fornybar energi, energieffektivisering og ein avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, samt fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi. Det vert òg peika på at innan 2030 skal ein utbygge infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med landa sine respektive støtteprogram.

13


5. EIT BLIKK PÅ DEN LOKALE NÆRINGA Den grøne næringa i Sogn og Fjordane er prega av sterke, etablerte vasskraftmiljø. Med Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi og Sognekraft i spissen har fylket produksjon og kompetanse i Noregstoppen. Vidare er det fleire småkraftverk med eit stort, urealisert potensial, ei svært spanande hydrogensatsing i Arena-prosjektet til Hub for Ocean, forsking- og høgskulemiljø med spisskompetanse på fornybar og klima, samt nokre spreidde initiativ innan såkalla ny fornybar – her under sol, vind, termisk, bølgje og bio. I fylket er det fleire aktørar i ulike sektorar og bransjar som med kvar sine føresetnader og mål jobbar med grøne initiativ på ulike måtar. Det er kommunar, gründerar, kraftselskap, ingeniørar, designarar, forskarar, studentar, eldsjeler, politikarar og utviklarar som kvar dag bidreg i det grøne skiftet. Med dei miljøa vi har innan fornybar, maritim næring, marin næring og IKT så skimtar vi eit stort unytta potensial, særskilt med omsyn til å skape og utvikle verksemder med internasjonale ambisjonar. For å bere fram fleire nye kommersialiseringar, få større innverknad, utvikle ny og betre teknologi som når fleire menneske, lukkast i internasjonale marknader og for å skape vekst må vi jobbe smartare, meir innovativt og meir i fellesskap. Det er vår tydelege oppfatning at det er sterke ønske om og behov for å jobbe meir saman, bryte opp siloar og samarbeide tettare. Utfordringa ligg ofte i å konkretisere og operasjonalisere slike samarbeid. Fjordane Virtuelle Campus er eit døme på ei satsing i fylket vårt som har samla bedrifter og skaffa finansiering til ei større nettverkssatsing. Dette kan vere til inspirasjon for fleire.

14


TEMA

STÅ LØPET UT I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET At ting tek tid er ikkje noko nytt, men det er overraskande mange prosjekt som feilar på grunnlag av ei urealistisk tilnærming til lengda på prosessen. Ofte vert ein utolmodsame og vil sjå pengane raskt, eller ein har ikkje stamina nok til å stå løpet, korkje mentalt eller finansielt. Det å gjere seg opp ei meining om lengda på prosjektet og så vurdere om ein har motivasjon til å stå løpet tidleg i prosjektet kan vere avgjerande viktig. Historia om haren som sprang halvvegs gjennom skogen og så snudde fordi det vart for langt å springe igjennom fortel at mange vellukka løp kan verte erstatta med forgjeves innsats om ein ikkje står løpet ut.

15


6. KONKRETE INNSPEL FRÅ INTERESSENTANE Dialogen med grøne aktørar i fylket har vi ført gjennom frukostmøte, pop-up-treff, bedriftsmøter og samtalar på telefon og e-post. I det følgjande har vi samla nokon av innspela og observasjonane som går på utfordrings- og moglegheitsbildet. 6.1 «Meir risikokapital» Det vert investert relativt tungt i vasskraft og infrastruktur rundt det i dei store etablerte miljøa. Samstundes vert det opplevd som ei utfordring for mindre selskap og initiativ at det er mangel på kapital der risikoprofilen er høgare. Her har gründerane eit ansvar for å redusere risiko og tydeleggjere skaleringspotensialet i sine løysingar ved betre marknadsanalyse, organisering og nettverssamarbeid. På same tid ligg det eit potensial i at etablerte kraftaktørar og investormiljø regionalt satsar tyngre på dei løysingane som har internasjonalt potensiale. 6.2 “Fleire grøne gründerar” Sogn og Fjordane er i noregstoppen på fornybar produksjon. Samtidig veit vi at den soleklare majoriteten i fylket er knytt til tradisjonell vasskraft, og at om ein ser bort frå dette har vi få fornybarselskap samanlikna med andre fylke. Ein er med andre ord svak på ny fornybar og gründersatsingar i samanlikning med andre fylke. I dialogen med Innovasjon Noreg og andre i verkemiddelapparatet ser ein at det er få førespurnader om bistand til å utvikle ny teknologi eller nye løysingar innan ny fornybar. Korleis kan ein klare å få fleire av dei som sit med idear eller løysingar rundt i fylket til å ta det nødvendige steget for å kommersialisere ideane sine? Vilkåra for å utvikle nye gründerbedrifter er absolutt til stades lokalt, men det fordrar i dagens struktur i mange tilfelle velvilje og interesse for samarbeid med dei store aktørane. Nye mekanismar for å løfte fram eit mangfald av løysingar med skaleringspotensiale trur vi vil vere viktig for fylket.

16


6.3 “Betre samarbeid mellom kommune og næringsliv” Kommunane spelar ei svært viktig rolle i det grøne skiftet. Dei er på mange område premissgjevarar og innkjøparar. Kommunane er såleis i aukande grad sentrale utviklingsaktørar som fasiliterer samskaping med innbyggjarar, frivilligheit og næringsliv. Kommunane treng imøtekomande bedrifter som ønskjer å bidra i samskapingsprosjekt fram mot felles målsettingar i lokalsamfunnet, og bedriftene treng kommunar som er medvitne rolla si som utviklingsaktør. 6.4 “Tettare samarbeid med dei store kraftselskapa” I særs gründerar, små- og mellomstore bedrifter og akademia ønskjer tettare samarbeid med dei store, etablerte aktørane. Kanskje må dei store aktørane ta ei større grad av ansvar for kvalifisering av og vidareutvikling av idear og løysingar saman med gründerane? Etablerte selskap kan med fordel oppmode til lokalt entreprenørskap og ekstern medverknad for å få realisert ein større grad av potensialet som bedrifta heilt sikkert innehar. Utvikling av samarbeid og nye samarbeidsformer mellom stor og liten, offentleg og privat, vil etter alle solemerke ha eit stort potensial i Sogn og Fjordane. 6.5 “Tettare samarbeid mellom næringsliv og forsking/utdanning/akademia” Tyngdepunktet for utvikling av ny fornybar og ny grøn teknologi er rundt dei store FoU-miljøa nasjonalt. I Sogn og Fjordane mangler ein dei store FoU-miljøa, men samtidig har ein leiande kompetanse blant utdanningsinstitusjonene, i Vestlandsforsking og i dei store selskapa. Desse aktørane sit med mykje innsikt og analysekompetanse, testkompetanse og søknadskompetanse som både små og store næringsaktørar kan knytte seg tettare saman med. Næringslivet kan hente mykje godt grunnlag til nye kommersialiseringar dersom ein jobbar systematisk med lokale kompetansemiljø som sit med mykje innsikt i fakta, marknader og trendar.

17


6.6 “Fleire samarbeid mot internasjonale marknader” Sogn og Fjordane er ein lite folkerik del av verda, og såleis vert heimemarknaden liten. I det grøne skiftet er ikkje berre marknaden større utanfor fylket vårt, men behovet er i tillegg langt større andre stadar enn lokalt. Det vi er og skal bli flinke på her i fylket vil difor i dei fleste tilfelle både ha større nytte og større forretningspotensial utanfor fylkes- og landegrensene. Men om ein skal ut i den store verda, så krev dette andre måtar å jobbe på. Difor kan det vere føremålstenleg å sjå på forpliktande eksport-samarbeid mellom ulike bedrifter i eit nettverk for å ha kompetanse og musklar nok til å finne store og små marknader i andre delar av verda. Fylket har potensiale til å eksportere både teknologi og kompetanse. 6.7 “Sterkare grøn merkevare” Sogn og Fjordane er ein i stor grad rein region, men har ikkje i dag jobba systematisk godt nok med å eksportere merkevara. Det ligg eit potensiale i å gjere “Made in Sogn og Fjordane” til noko som har sin eigen verdi. Her kan vi levere varer og tenester som kan bidra i den nye energimiksen, produsert på fornybare ressursar i eit reint og berekraftig naturlandskap. Dersom ein går saman i ein merkevarestrategi som synleggjer breidda av det vi allereie har av grøne bedrifter, så vil vi kunne byggje dette som ein felles identitet og inspirere fleire til å utvikle idear og bedrifter lokalt. 6.8 “Rekruttering” Rekruttering er eit heitt tema om dagen. Av fem som reiser ut for å ta høgare utdanning, så er det berre ein som kjem attende. Det er eit stort problem. Men det er òg ei moglegheit, dersom vi gjer noko med det. Det er sterke signal frå dagens ungdom om at dei ønskjer å ha jobbar med meining og jobbar som er berekraftige, og då er det eit lite paradoks at eit fylke full av meiningsfulle og berekraftige jobbar ikkje klarer å inspirere ungdomen til å søke hit. For stadig fleire ungdomar veg meining og berekraft tyngre enn kjøpekraft, og dei verdiane vi er leveringsdyktige på i vårt fylke kan verte konkurransedyktige.

18


TEMA

SKAP INTERN SEMJE I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET Det høyrest så enkelt ut å verte samde om noko og gå for det, og i starten kan mykje vere rosenraudt i eit prosjekt. Men om ein ikkje har god nok forankring i starten så vil sjansen auke drastisk for at målbileta ein hadde i starten eigentleg var heilt ulike. Det å sikre intern semje med dei involverte partane er difor avgjerande viktig for å sikre at alle står samla gjennom utviklingsløpet.

19


7. ULIKE MÅTAR Å INNOVERE PÅ I GRØN SEKTOR Basert på innspela frå aktørane, så kan vi sjå føre oss fleire vegar fram mot auka verdiskaping. Ein god start er å sjå på ulike måtar å innovere på, som grunnlag for å utfordre gjeldande strukturar og som ein del av arbeidet med å identifisere nye moglegheiter.

Figuren her viser til Doblin sine 10 typar innovasjon og består av tre kategoriar: 1. Oppsettet til verksemda a. Dette inkluderer innovasjon i forretningsmodell, nettverk, struktur og prosess. 2. Produkt a. Dette inkluderer produktyting og produktsystem 3. Kunde- og brukaroppleving a. Dette inkluderer service, kanalbruk, merkevare og kundeinvolvering I det følgjande skal vi gå nærare inn på kvar einskilt måte å innovere på, og sjå på korleis desse kan brukast for å skape ny og meir grøn aktivitet

20


i Sogn og Fjordane. Døma er henta frå innspel som har kome i prosessen og idear som har vorte fostra gjennom samtalar og møteplassar. 7.1 Innovere på oppsettet til verksemda 7.1.1 Innovative forretningsmodellar finn nye måtar å konvertere selskapet sine produkt, tenester og ressursar til inntekt. Å byggje innovative og innbringande forretningsmodellar set krav til ei djup forståing for kunden, deira behov, og kvar forretningsmoglegheitene og innteningsmoglegheitene ligg. Doblin seier om innovative forretningsmodellar at dei ofte utfordrar dei etablerte sanningane om kva som vert tilbydd, kva det skal koste eller korleis ein skaper inntening i bransjen. Det ligg generelt store moglegheiter og ventar for dei som evnar å utfordre desse. 7.1.2 Nettverksinnovasjon handlar om å skape metodar for å nytte prosessar, teknologi, produkt og tenester, kanalar og merkevarer på tvers av selskap og organisasjonar. Gjennom samarbeid i nettverk kan ein nytte eigne styrkjer, og utfylle med andre sin kompetanse og ressursar. Vidare kan ein dele på risiko i investeringar, og senke terskelen for å jobbe med utviklingsprosjekt. Nettverka og samarbeida kan ta mange ulike former, og kan formast på tvers av bransjar og geografi. 7.1.3 Å innovere i strukturar er fokusert rundt organisering av selskapet og selskapets ressursar og eigedelar – fysiske, menneskelege og immaterielle – på nye måtar for å skape verdi. Dette kan spenne frå alt frå å utvikle bransjen sine beste innovasjonssystem og rekrutteringspraksis til nye måtar å organisere IT eller kapitalforvaltning. 7.1.4 Prosessinnovasjon tek føre seg aktivitetane og drifta som produserer selskapet sine produkt og tenester. Å innovere i prosessar kan gjerast med enkle grep eller systematisk utviklingsarbeid, men også ved større endringar som gjer at prosessen definerer kjernekompetansen i selskapet. Med lange tradisjonar og fagleg tunge miljø innan fornybar produksjon har fleire av bedriftene i Sogn og Fjordane prosesskompetanse som er leiande i internasjonal målestokk. Prosess-

21


kompetansen gjev konkurransefordelar og er i tillegg etterspurt og eksporterbar. 7.1.5 Forslag til korleis ein kan innovere på oppsettet av verksemda Gjennom samtaler med aktørar i den grøne næringen i fylket har mellom andre følgjande forslag kome opp til korleis selskapa kan innovere med tanke på korleis verksemda er organisert: • Utviding av forretningsmodell horisontalt eller vertikalt: Dekke fleire behov til kundane dine eller ta større del av verdikjeda • Nye betalingsmodellar – til dømes frå fastpris til abonnement • Ikkje produsere, men lisensiere vekk internasjonalt. • Green data - utnytte moglegheitene i Big Data • Felles forskings- og utviklingsprosjekt • Innovasjonssamarbeid med offentlig sektor som kunde. Gode støtteordningar og stor satsing frå regjeringa. • Nettverkssamarbeid om kunde, brukar- og leverandørinvolvering i tenesteutvikling • Felles grøn rekruttering • Felles innovasjonsporteføljer; ein samarbeider med andre bedrifter på innovasjonsprosjekt og får felles nytte av prosjekta og innsikta • Innføre betre styringssystem i bedriftene, t.d. innovasjonsstyringssystem • Samlokalisering – ein samarbeider meir med dei ein sit nærme. 7.1.6 Døme: Green data Uansett om ein kallar data den nye oljen, det digitale gullet eller rett og slett noko svært nyttig, så er det eit enormt potensial i datautnytting for norske selskap. Fangst og bruk av stordata skaper nye forretningsmodellar og betre avgjerdslegrunnlag i interne prosessar. På tvers av verksemder er det store moglegheiter i samarbeid og deling av data. I industrien har DNV GL med sin veracity-plattform skapt eit økosystem som mogleggjer datadeling og digitalt samarbeid på tvers. I media og handel jobbast det intenst med å konvertere brukarinnsikt til verdi, og i telekom og bank/finans jobbar ein i større og større grad ut frå såkalla

22


plattformmodellar. Regionalt er forskingssamarbeidet TEKNOLØFT eitt av initiativa som ser på fangst og bruk av stordata i mellom anna energibransjen. 7.1.7 Døme: Grøn rekruttering Det grøne næringslivet i Sogn og Fjordane må tenke smartare rundt rekruttering og kompetansebygging enn andre stader i landet der ein har høgare tilflytting. I Sogndal uteksaminerast det no årleg 20-25 bachelorstudentar med tverrfagleg kunnskap knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi, samt kunnskap om metode, økonomiske og administrative verkemiddel med meir. Rundt 40 % av studentane går rett ut i jobb, mens mange går vidare til masterstudie til dømes i Climate Change Management - også det i Sogndal. Etablering av fornybarstudiet er eit godt døme på eit samarbeid mellom utdanning, forsking og næringsliv. For at ein skal lukkast med vekst i dei grøne næringane i fylket må ein sørgje for å nytte seg av kompetansen som spring ut av dette miljøet - i tillegg til å halde fram med å skape nye kanalar for å sikre kompetanse. Eit grønt traineeprogram på tvers av grøne verksemder, sommarprosjekt for studentar, samarbeid rundt bachelor- og masteroppgåver, grøne pitchekonkurransar, grøne akseleratorar og ei samla grøn kompetansesatsing er alle idear som ikkje krev radikale innovasjonstiltak eller finansiering, men som først og fremst krev at ein samlast og samarbeider. 7.1.8 Døme: Felles forskings- og utviklingsprosjekt Då Forum for Grøn Energi vitja Vestnorsk Brüsselkontor, kom det fram at fornybarnæringa på Vestlandet deltek mindre i forskings- og innovasjonsretta aktivitetar og finansieringsordningar i regi av til dømes EU, Forskningsrådet og Innovasjon Norge enn gjennomsnittet på landsbasis. Det ligg altså eit stort potensial i å nytte seg av verkemiddelapparatet betre, ikkje minst i samarbeid mellom fleire bedrifter og forskingsmiljø. I fleire verksemder er det mangel på ressursar, både i form av tid og kompetanse, til å søke relevante FoU-midlar, men dette kan løysast ved at verksemder i større grad samarbeider i slike prosessar.

23


24


25


7.2 Innovere på produkt 7.2.1 Produktyting handlar om korleis ein utviklar produkt med eigenskapar og kvalitetar som skil seg frå andre. Dette gjeld både i utviklinga av nye produkt og i oppdateringar og utvidingar som tilfører ny verdi. Avkastninga på investerte ressursar er ofte lågare i produktinnovasjon. Produkt krev ofte større investeringar, dei har kortare “holdbarheit” og kan kopierast. Dette betyr ikkje at ein ikkje skal ha fokus på produkt – det må ein ha for å løyse de store berekraftsutfordringane. 7.2.2 Å innovere i produktsystem er å kople saman individuelle produkt og tenester for å skape system og porteføljer som er mangfaldige og skalerbare. Gjennom å jobbe med modular, integrasjonar og andre måtar å byggje band mellom ulike produkt og tenester på, kan ein byggje økosystem som fostrar lojalitet frå kunden. For bedriftene i Sogn og Fjordane kan ein sjå på korleis ein som enkeltselskap kan skape slike økosystem, men òg korleis ein i samarbeid med andre kan lage felles produktsystem og porteføljer, særleg med omsyn på internasjonale marknader. 7.2.3 Forslag til korleis ein kan innovere i produkt og produktsystem • Tenke kryssal - kva andre behov har kundane dine som allereie har tillit til deg? • Sterkare saman: konseptualisere og marknadsføre meir i heilskaplege tenester internasjonalt • “Sogn og Fjordane as a service”: Eksportere vår spisskompetanse i produktsystem • Utfordre gründerar på å utvikle nye produkt som fell utanfor eiga kjerneverksemd • Problemstillingsbank • Grønt investeringsfond i ny fornybar • Nettverksutvikling av produkt

26


7.2.4 Døme: Felles problemstillingsbank og grønt investeringsfond Med tyngdepunktet på tradisjonell vasskraft er det færre selskap innan ny fornybar energi i Sogn og Fjordane. Intraprenørskapet og entreprenørskapet innan nye fornybare løysingar har eit veldig mykje større potensial enn kva som vert realisert i dag. For å stimulere til større mangfald i fylket kan ein tenkje løysingar i retning av problemstillingsbankar der selskap som sjølv ikkje prioriterer eller har kompetanse på eit forretningsområde kan utlyse midlar, kontorfellesskap, teknisk utstyr og andre ressursar for å bidra til at gründerane eller andre mindre selskap tek tak i problemstillinga. 7.2.5 Døme: Sterkare saman - Indonesia Det er generelt eit aukande behov for energi i verda framover. I tillegg skal eksisterande fossil energi fasast ut til fordel for fornybar. Dette gjer at handlingsrommet byrjar verte enormt stort for bedrifter som er knytt til den fornybare energisektoren. Det å løfte blikket utanfor eigen region vil auke marknadsmoglegheitene monaleg og sikre at lokale bedrifter kan sjå stor vekst i sal av varer, tenester og kompetanse inn i nye marknader. For å lukkast i utlandet må ein vere fokusert og spesialisert på den regionen ein skal inn i. Dette tek tid og ressursar, og vi tenkjer det difor kan vere lurt at fleire går saman og jobbar felles mot ein utvald region med eit stort marknadspotensial. Fleire av medlemmane i Forum for Grøn Energi ser mot Indonesia som ein mogleg eksportmarknad for våre produkt og vår kompetanse her i Sogn og Fjordane. Indonesia er ein av verdas mest folkerike regionar med 260 millionar menneske, og det er sterk vekst i både etablerte og nye marknadsområde. Noreg jobbar aktivt med å betre handelsvilkåra mellom landa, og Indonesia vert stadig enklare å gjere handel med. Norske produkt og tenester nyt stor respekt i Indonesia innan fleire område, ikkje minst innan energisektoren der vi har verdsleiande bransjekunnskap. Og ser ein på breidda av berekraftsmåla, så kan det tenkjast at aktørane i fyl-

27


ket vårt kan levere på eit breiare spektrum av marknadsutfordringar. Fleire regionar i Indonesia har ytra eit sterkt ønske om å frigjere seg frå dieselaggregat og i staden nytte lokale energikjelder for å sikre rikeleg, stabil og rimeleg energiforsyning i framtida. Det er ein viss skepsis mot solenergi og vindkraft, medan termisk energi og bølgjekraft er veldig ettertrakta. Det ein ser er at dei fleste selskapa blir for små åleine – ein står sterkare saman ved å marknadsføre seg som del av eit økosystem av leverandørar, underleverandørar og solide industrimiljø. Saman klarer ein å ha tolmodet og langsiktigheita som ei satsing inn mot desse regionane vil krevje. 7.2.6 Døme: Nettverksutvikling av produkt Green Innovation Network Green Innovation Network (GIN) er døme på eit lokalt/regionalt initiativ som samarbeider langs fleire av Doblin sine 10 innovasjonstypar. Bedriftsnettverket skal i fellesskap tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar nasjonalt og internasjonalt. Bedriftene innehar blant anna kompetanse om fornybar energi, planlegging av bygg og infrastruktur, energieffektivisering, forretningsutvikling og kompetanseutvikling. Nettverket samarbeider både med omsyn til marknad og i FoU der dei samarbeider om søknad til Horisont 2020. 7.3 Innovere på kunde- og brukaropplevingar 7.3.1 Innovasjon på service aukar opplevd verdi av produkt. Det gjer produkt enklare å teste og bruke og det hevar kvaliteten på heile kundeopplevinga. Gjort riktig hevar serviceinnovasjon det gjennomsnittlege produktet til opplevingar som kundane kjem tilbake til gang på gang. Kanskje er ikkje energiteknologien din den beste, men likevel den mest føretrekte på grunn av best service?

28


TEMA

SIKRE GOD LEIING I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET Utvatning av ansvar er ei hyppig årsak til at arbeid stoppar opp. Det er difor viktig at ein vurderer dei ulike partane sin motivasjon for gjennomføring og at ein sikrar ein leiande part som har motivasjon og «grit» nok til å stå løpet ut, trass i all motgang. Dette kan vere eit selskap i eit bedriftsnettverk, ein organisasjon eller ein utvald medarbeidar med gjennomføringsevne som held trådane samla og driv prosjektet framover. Å gje denne krafta både tillit, ansvar, moglegheiter og ressursar kan vere ein suksessfaktor i eit kvart utviklingsprosjekt.

29


7.3.2 Med kanalar meiner Doblin alle måtane eit selskap når ut med produkta og tenestene til kundar og brukarar på. Innovatørar innan kanalbruk finn fleire og komplementære måtar å nå kundar med produkta sine på, til dømes i ulike kombinasjonar av online og fysisk utsal, eller ved å utvikle eigne salsplattformar. Tilgjengeleggjering av lokale løysingar i nye kanalar kan utløyse eit stort potensial. 7.3.3 Merkevareinnovasjon bidreg til at kundar og brukarar kjenner igjen, hugsar og føretrekk dine produkt framføre konkurrentar og substitutt. Vellukka innovasjonar gjev eit kundeløfte som tiltrekk kjøparar og formidlar ein identitet som kunden assosierer seg sterkt med. Regionen vår er rik på døme av sterke merkevarer som er føretrekte nasjonalt og internasjonalt, og det bidreg til vekst i desse næringane. Til dømes er tekstilprodukt frå Nordfjord eit cluster av sterke merkevarer som saman gjer Nordfjord til eit “klesmekka”, ein status eit enkelt merke vanskelegare hadde fått til. 7.3.4 Innovasjon i kundeinvolvering dreiar seg om å verkeleg forstå kundane og deira djuptliggande behov og motivasjon, og å bruke denne innsikta til å danne meiningsfulle band mellom kunde og selskap. Dei beste på dette området tilbyr arenaer for utforsking som hjelp kundane å finne måtar å bruke løysingane på. I energisektoren vil kundeinvolvering vere viktig for å fremje bruken av lokale løysingar som løyser konkrete problem lokalt og internasjonalt. Noreg som energinasjon kjem lett til i samtalar med ulike aktørar i ulike regionar på grunn av eit samla godt omdøme, der fylket vårt er ein av spydspissane innan kompetanse og erfaring.

30


7.3.5 Forslag til korleis ein kan innovere på kunde- og brukaropplevingar • Eit grønt “servicekontor” i Sogn og Fjordane som sett den internasjonale kunden i kontakt med riktig miljø * • Felles kundekanalar på tvers av selskap • “Sogn og Fjordane virtual show room” i satsingssland • Felles internasjonal merkevaresatsing • Felles initiativ om å samle kundedata • Grøne, smarte kommunar * • Kunde-, brukar-, og innbyggjarutval og workshops • Digital portal for grøne idear frå publikum • Innovasjon i salsprosessar - selje produkt på ein ny måte • Grøne brukarmøteplassar og sosiale hendingar 7.3.6 Døme: Grøne, smarte kommunar Kommunane har eit stort ansvar – og store moglegheiter til å utgjere ein skilnad i det grøne skiftet. Gjennom å ta målretta, ambisiøse og forpliktande val om å bli “den grøne, smarte og innovative kommunen”, vil ein kunne utløyse det store potensialet som ligg i samhandlinga på tvers av sektorar og bransjar, til dømes innan transport, energi, samfunnsplanlegging, bygg og anlegg, IT med meir. Kommunane i Sogn og Fjordane kan byggje tydelegare merkevarer som tiltrekk seg folk, kompetansemiljø og investeringar. Som bestillarar og innkjøparar er kommunen premissgjevarar for lokal næringsutvikling og sentrum for samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar. Dette ligg i kommunen si rolle som utviklingsaktør. 7.3.7 Døme: Eit grønt servicekontor i fylket Det er krevjande for norske aktørar å jobbe internasjonalt, men det er også krevjande for utanlandske investorar eller kundar å finne aktørar frå fylket å investere i, samarbeid med eller kjøpe frå. Kunne eit grønt servicekontor i fylket ha tatt på seg denne rolla som den som aktivt koplar Sogn og Fjordane med verden? Denne kunne vore tilknytta ein næringshage, ei næringsforening eller tilsvarande.

31


8. FRÅ INNSIKT TIL HANDLING Vi har no sett på ulike måtar å innovere på og skissert nokre døme på kva ein kan ta tak i, basert på tilbakemeldingane frå interessentane vi har snakka med. Neste fase vil vere å gjere tankar om til handling. For å lukkast med nyskapingar krev dette ofte streng disiplin og gode prosessar som sikrar at ein gjer kvalifiserte og godt forankra val i tråd med marknaden sine behov. Mange av moglegheitene som vert skisserte her i dokumentet kan gjennomførast internt i ulike bedrifter, medan andre vil kunne føre til betre resultat dersom ein driv utviklingsarbeid i nettverk. Det er sjølvsagt meir krevjande, men òg meir gjevande når ein lukkast. Vi trur nettopp det er i nettverk at lokale aktørar kan hente dei store gevinstane i ein region som Sogn og Fjordane. De må såleis etablerast forpliktande samarbeid med ei grunnfinansiering for å kunne kome vidare i arbeidet. Dette bør vere gjenstand for ein etableringsprosess mellom villige aktørar.

Når ein kjem så langt som til konkrete prosjekt, så er det ein måte å kvalitetssikre prosessangjennom ei såkalla ”innovasjonstrakt”. Såleis vil ein ha større sjanse for å lukkast med å kvalifisere idear som kan løftast fram til kommersielle produkt og tenester i marknaden. Vi går ikkje nærare konkret inn på «korleis få det til» på dette punktet no, då ei konkret etablering vil krevje ein stor innsats og er avhengig av aktørbiletet og finansieringa.

32


TEMA

SIKRE INVOLVERING I DET GRØNE UTVIKLINGSARBEIDET Samskaping - altså det å finne saman på tvers av skiljeliner og skape verdiar saman - er noko av det smartaste ein kan gjere i mange samanhengar om ein ønskjer positiv utvikling. Det må då sjølvsagt ligge ein verdi i dette ut over å vere kjekt, og det bør gje verdi for fleire partar. Det er difor viktig med ein god start, konsensus over skiljelinene og godt definerte prosessar med klare mål som gjer at alle heng med i prosessane. Godt definerte prosjekt ser fort kvar det bør involverast og kven som bør involverast, og med dette reduserer ein risiko og aukar effekten av prosjektet.

33


34


9. AVSLUTNING Dette dokumentet har hatt som mål å peike på ei rekke moglegheiter som ligg framføre aktørane i fylket. Vi trur at dei aktørane som er svoltne på utvikling har alle høve til å kunne utvikle nye produkt og tenester i nye marknader, for på den måten å bidra til auke grøn verdiskaping. Vi trur til dømes at samtlege aktørar lokalt kan finne nye moglegheiter dersom ein “vaskar” kjerneverksemda gjennom berekraftsmåla og Doblin sine 10 typar å innovere på. Vi trur at samtlege aktørar slit med ein del typiske utviklingshindringar og vi trur samtlege aktørar har nytte av å sjå på samhandling med andre for å opne nye moglegheiter. Vi håpar dette bidrar til å belyse nokre moglegheiter innan innovasjon og samarbeid i den grøne næringa. Om Forum for Grøn Energi skal ha ei aktiv rolle inn i eitt eller fleire utviklingsprosjekt, blir eit spørsmål om ressursar og velvilje frå aktørane. Uansett håper vi at du som lesar av dette dokumentet kanskje let deg inspirere til å utforske nærare dine moglegheiter. Vi som jobbar i fornybarbransjen i Sogn og Fjordane har ikkje berre store moglegheiter framføre oss, vi har òg eit stort ansvar for å bidra inn i det grøne skiftet. Ansvarleg utgjevar: Forum for Grøn Energi med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune Prosjektleiar: Christian Albertsen, Tinkr AS

35


www.gronenergi.no

Tinkr / Frequency.no

Profile for Frequency Norge

Forum For Grøn Energi - Fornybar-rapport 2019  

Rapport for Forum For Grøn Energi

Forum For Grøn Energi - Fornybar-rapport 2019  

Rapport for Forum For Grøn Energi

Advertisement