Page 1

INFORMASJONSMAGASIN FOR INNBYGGJARANE I FLORA KOMMUNE OG VÅGSØY KOMMUNE

ide 4

ten - s s i m i t p o Reform

Ungdomen

mobiliserer

- side 16

Bygdeengasjemen

t - side 8

tviklin

eu Tenest

ide 10

n-s g i Kin

BLI KJENT MED DEN NYE KYSTKOMMUNEN KINN


2

BLI KJENT MED KYSTKOMMUNEN KINN! Med dette magasinet ønsker fellesnemnda og administrasjonen i Kinn kommune å gje deg eit meir samanhengande innblikk i arbeidet vi gjer i samanslåingsprosessen mellom Vågsøy og Flora. Informasjonstilfanget rundt kommunesamanslåinga er enormt stort, og det kan vere vanskeleg å orientere seg i jungelen av informasjonskjelder og ulike debattar på ulike nivå i aviser og sosiale medium. Vi gjev deg difor dette magasinet her som tek føre seg ulike tema i intensjonsavtala mellom Flora og Vågsøy. Intensjonsavtala er eit samarbeidsdokument som er vedteke av eit fleirtal av dei folkevalde både i Vågsøy og Flora og ho er styrande for samanslåingsprosessen. Basert på tilbakemeldingar og spørsmål vi har fått frå innbyggjarane våre, orienterer vi her i magasinet om kva som ligg i dei ulike delane av intensjonsavtala. Vi håper dette er oppklarande for mange. Både på politisk og administrativt leiarnivå gler vi oss til at samanslåinga er eit faktum frå 1. januar 2020. Det er allereie hundrevis av dyktige medarbeidarar i sving for å finne dei beste løysingane for den framtidige storkommunen vår. Vi har eit uttalt mål om å etablere den sterkaste kystkommunen mellom Ålesund og Bergen, og med våre to byar og 17.500 innbyggjarar vert vi den åttande største kommunen i nye Vestland fylke. Dette gjev oss bokstavleg tala eit hav av moglegheiter i den nye kommunen vår! I tillegg til dette magasinet så har vi fleire kanalar for informasjon. Du finn oss på www.kinn. kommune.no der det ligg ute mykje godt faktagrunnlag, spørsmål og svar rundt samanslåinga. Du finn oss òg på www.facebook.no/kinn.kommune.no der vi held følgjarane oppdaterte på utviklinga i prosessen. Der vert det mellom anna lagt ut videointervju med folk som forklarer ulike aspekt ved samanslåingsprosessen. Totalt sett håper vi difor at du finn dei svar du treng om samanslåinga. Vi er sjølvsagt tilgjengeleg for deg på kommunehuset, på telefon og e-post om du har direkte spørsmål til oss. Faktisk er vi 1600 tilsette som snart får ein ny arbeidsgjevar i Kinn kommune! Saman med deg ser vi fram til å byggje den nye kommunen i åra som kjem. Vi vil få store utfordringar å ta tak i, og ting kjem ikkje av seg sjølv utan hardt arbeid. Vi som bur på kysten veit dette betre enn nokon andre – vi må som alltid skape våre eigne verdiar for å sikre vår eiga velferd! Kristin Maurstad Terje Heggheim Leiar i fellesnemnda og ordførar i Vågsøy kommune

Prosjektrådmann i Kinn kommune

Ansvarleg ugjevar: Fellesnemnda i Kinn kommune. Produsent: Frequency, Måløy og Florø. Fotograf: Øystein Torheim/Frequency, Shutterstock og privat. Tekst: Frequency og Tinkr. Grafisk design: Frequency. Trykk: Tinde Trykk, Ulsteinvik. www.frequency.no 2018


3

FØLG OSS PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM FOR MEIR INFORMASJON OM KINN KOMMUNE FACEBOOK.COM/KINN.KOMMUNE.NO | INSTAGRAM.COM/KINN.KOMMUNE


DETTE ER SAKA

4

Kommunane er inne i ei brytningstid der ein må tenkje nytt for å møte framtidas utfordringar. Kommuneekspert Geir Vinsand fortel her om kvifor han meiner Kinn kommune er rigga for framtida. Geir Vinsand

REFORMOPTIMISTEN Vinsand er ein av dei mest profilerte ekspertane på kommunereforma i Noreg. I dag arbeider han aktivt med utgreiingsarbeid, analyse og konsulentarbeid for fleire ulike kommunar via sitt selskap NIVI Analyse. Sjølv er han reform-optimist og meiner Kinn kommune både er Noregs mest spesielle og mest spennande samanslåing. - I alle fylke - med unntak av Sogn og Fjordane snakkar ein om “gullkysten”. I Sogn og Fjordane har ein hatt fullt fokus på dei indre saft-kommunane. Kinn er ei moglegheit til å bygge ein ny gullkyst, og eg meiner Kinn er den første av mange framtidige samanslåingar - der havet, ikkje tunellane, er det som bind kommunane saman. Eg mener Kinn bør få status som nasjonal modellkommune for kystmobilisering frå 2020. KINN BLIR VIKTIG FOR VESTLAND FYLKE Vinsand har eit stort engasjement for norsk kommune- og regionsutvikling. Med bakgrunn frå

Terje Heggheim

Kommunaldepartementet er det kanskje ikkje så rart. Han meiner Kinn verkelig kan bli bra. At Kinn har moglegheit til å ta ei utanrikspolitisk rolle. Og ei viktig rolle i utviklinga av det nye fylket Vestland. Men først, litt meir om den pågåande kommunereforma. Den førre store reforma blei gjennomført på 1960-tallet, og reduserte talet på kommunar i Noreg frå 744 til 454 kommunar. Eit samrøystes storting vedtok den nye kommunereforma 9. juni 2015, og reforma har hittil ført til 47 nye kommunar, med ein reduksjon frå 428 til 356 kommunar totalt.


5

Vinsand trekker fram tre viktige årsaker til at reforma blir gjennomført: • Ubalanse mellom oppgåver kommunen skal utføre og lokale ressursar og kompetanse. Kommunane skal i dag utføre rundt 170 lovpålagde oppgåver for innbyggjarane • Endringar i busetnadsmønster og kommunikasjonar • Eit nytt fokus på innovasjon. Mål om at kommunane skal gå frå utføring av lovpålagte velferdsoppgåver til å verte eit utviklande organ med hovudansvar for samfunnsutvikling. - Den siste årsaka meiner eg er den viktigaste for Kinn. Kommunane si rolle vil endre seg dei neste tiåra. I det ligg nye oppgåver, nye roller for politikarane, og at fleire utviklingsoppgåver som i dag ligg hos fylkeskommune, fylkesmann og ulike faglege etatar vil flyttast ned til kommunane. Dette krev ei anna organisering enn tidlegare. Det er her Kinn er så spennande, seier Geir Vinsand. KINN ER LETT Å KRITISERE Kinn er den første kommunen som er vedtatt av Stortinget med så store køyreavstandar mellom komunesentra. Sjølv reagerte Geir Vinsand då han såg kommunekartet den første gongen. - Kinn har ein merkeleg kommunekropp! Eg var overraska første gong eg såg dette forslaget på bordet. Kinn er utruleg lett å kritisere, og det er lett å nemne ulemper med Kinn, ikkje minst i forhold til avstandane. Det er lett å drive aksjonisme mot denne organiseringa. Slik eg ser det kan ein ikkje vurdere Kinn ut frå tradisjonell fusjonsteori. I dei fleste samanslåingsprosessane er det meir snakk om ei samansmelting der det allereie er ein felles bu- og arbeidsmarknad, og ofte er det berre ein liten køyretur mellom kommunesentra. Slik er det ikkje med Kinn, påpeikar Vinsand. I dag tek det i følgje Google Maps 1 time og 38 minutt å køyre frå Måløy til Florø. For Vinsand er havrommet stikkordet. Ein maritim kommune som verkeleg kan satse på utvikling av kysten. - Kinn vil frå dag 1 vere ein av Noregs mest interessante kommunar. Framover vil det skje store endringar i kommunens oppgåver, der skilnaden mellom kommunane ikkje vil vere på kor gode dei er på lovpålagt velferdsproduksjon, men på kor godt dei gjer det som utviklingsaktørar, enten det gjeld næringsutvikling, klimautfordringar og naturforvaltning eller å bli ein viktig nasjonal aktør. Alt ligg til rette for at Kinn kan få ein sterk nasjonal posisjon frå dag 1, med ei kystlinje som har utenrikspolitisk betydning. Kommunen vil kunne få ei stor påvirkingskraft og få heilt sentrale roller i samfunnsutviklinga i samarbeid med nasjonale styresmakter og det nye Vestlandsfylket.

Potensialet er med andre ord stort. Men historien viser at eit stort potensiale ikkje alltid fører til eit bra resultat. DEI FIRE S-ANE Vinsand viser til at det er fire punkt som er heilt sentrale for å forstå kvifor det er så stor motstand mot reforma i fleire kommunar i Noreg. 1. 2. 3. 4.

Senterstrid Sentraliseringsfrykt Strid om samferdsle Stapeisane

- Ein del av desse fire S-ane er av økonomisk karakter og handlar om inntekts- og utgiftsfordeling, frykt for auking av lokale skattar og overtakelse av naboens høge gjeld. Det handlar også om opplevde forskjellar i identitet, tilhørighet og frykt for politisk marginalisering. Biletet er sammensatt og ofte styrt av stor usikkerhet om konsekvensar av ei kommunesamanslåing. Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får, avsluttar Vinsand.

DEI FIRE S-ANE Senterstrid: - Dette er ei klassisk problemstilling, og ein av hovudårsakane til at vi har så mange kommunar i Noreg. Dette er hovudgrunnen til at Ørsta og Volda ikkje er slått i saman. I Kinn er dette forsøkt løyst med eit delt kommunesenter. Sentralisering: - Det er ei stor frykt for sentralisering. Det blir opplevd som ei reell fare for at Flora vil ta til seg alt av vesentlege funksjonar og økonomisk støtte. Politisk marginalisering av den minste kommunen og nedbygging av bygdene er typiske problemstillingar. Samferdsle: - Ingen lokaldemokrati i heile verda kan diskutere samferdsle like lenge som politikarane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er ingen andre stadar at dei har så mykje utbyggingsselskap, politiske prosessar og omkampar som kommunane i desse to fylka. Dette er viktige tema også for Kinn, og det at ein finn felles plattform og prioriteringar her vil vere viktig Stapeisane: - I nokre samanslutningar kan stapeisane dominere og forhindre ein opplysande debatt om utfordringar og løysingar. Med det meiner eg politiske leiarar som set sine eigne meiningar og sin eigen posisjon framfor fellesskapets interesser. Kommunesamanslåingar kan ta form av reine EU-kampen, noko som gjev ein veldig polarisert debatt om mulige konsekvenser av ein større kommune. Erfaringar med kommunesamanslåingar viser at det som regel ikkje er grunnlag for dramatiske konklusjonar. Og vi har ofte eit feil bilete av særleg dei frivillige samanslutningane, som i dei fleste tilfelle har hausta positive erfaringar. Ingen av samanslutningane etter år 2000 er reversert.


DETTE ER SAKA

6

Kommunane vil i større grad måtte ta ei utviklarrolle for å møte utfordringane. Leiar i fellesnemnda Kristin Maurstad fortel her om korleis Kinn kommune skal ta rolla som den sterkaste utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen. Kristin Maurstad

KINN SKAL GJE MAKTA TILBAKE TIL KYSTEN -Vi må sikre meir makt og påverknad for kysten, og etableringa av Kinn kommune er viktig for gjennomslagskrafta vår i framtida. Kinn vil verte den åttande største kommunen i nye Vestland fylke og vil verte ei sterk stemme på kysten, seier Kristin Maurstad. Ho er ordførar i Vågsøy kommune og leiar i Fellesnemnda som jobbar med etableringsprosessen av Kinn. Kysten av Sogn og Fjordane har dei seinare åra ikkje klart å oppretthalde ein sterk posisjon i fylket, og dette har gjort sitt til at aktivitetar og offentlege arbeidsplassar i større grad har vore etablerte i midtre og indre strøk av fylket. - No står vi

ovanfor ei stor omveltning med strukturendringar både i kommunane og fylkeskommunane, og det betyr ein ny sjanse til å revitalisere kysten som utviklingsaktør og maktsenter i regionen. Med 17.500 innbyggjarar i Kinn vert vi store og sterke


7

VEKSTPOTENSIALET ER STORT Utnytting av havressursane er noko Kristin Maurstad peikar på som eit enormt potensial i regionen vår som vi berre har sett den spede byrjinga på. - Alt ligg til rette for ein stor vekst i aktivitet og arbeidsplassar i regionen vår. Vi har eit kompetent næringsliv som på mange område er verdsleiande på det dei jobbar med, men samstundes kan kommunen bidra til å tilrettelegge for endå større vekst når vi no får sjansen til å ta tak i utviklingsutgåver i tillegg til primæroppgåvene våre, seier Maurstad. Kommunereforma er eit resultat av eit politisk ønske om å gje fleire og nye oppgåver til kommunane og på den måten styrkje kommunane som forvaltningsnivå. Dette skal sikre nærleik til aktivitetsområdene, og ein kommune som Kinn vil naturleg få ei sterk rolle innan både marin og maritim sektor ut frå naturlege føresetnader som allereie ligg i regionen vår. Maurstad peikar òg på IKT og fornybar energi som megatrendar der Kinn kommune naturleg kan ta ein sterk posisjon basert på eksisterande næringsliv. - Det er mange som peikar på at vi kan løyse framtidsutfordringane gjennom interkommunale avtalar, og mykje kan nok utviklast på den måten. Men det å etablere ein sterk kommune som på eiga hand har utviklingskraft, det vil gje mykje meir potens og framdrift i arbeidet med å styrkje regionen vår. Dette er ein av hovudårsakene til at Kinn-etableringa er så viktig for kysten vår, meiner Maurstad.

og kan utvikle kommunen på ein heilt annan måte enn om vi står kvar for oss, meiner Maurstad. UTVIKLE DET VI NATURLEG ER BEST PÅ I intensjonsavtalen som styrer samanslåingsarbeidet mellom Flora og Vågsøy, står det at den nye kommunen skal vere ein sterk utviklingsaktør og bygge på dei aktiva området har. Nye båtruter, Stad Skipstunnel og Kystvegen vil opne for ein heilt ny dynamikk på kysten. Den nye kommunen skal utvikle det potensialet dette vil gje innan kommunikasjonar og kulturbasert reiseliv. Havet og marine ressursar er peika ut som eit nasjonalt satsingsområde. Den nye kommunen skal forsterke rolla som viktig for landet gjennom satsing på hamn, næringsareal, tilrettelegging for fiskeflåten, mottaks- og serviceanlegg på land og tilrettelegging for oppdrettsnæringa. Dette skal vere ei prioritert oppgåve for den nye kommunen sine næringsselskap. Framtidig organisering av næringsarbeidet skal prioriterast. Det same gjeld organisering av hamnene.

KINN VERT VESTLANDS ÅTTANDE STØRSTE KOMMUNE Kinn kommune vil verte den åttande største kommunen i nye Vestland fylkeskommune og den nest største kommunen i dagens Sogn og Fjordane. Med sine 17.500 innbyggjarar er ein knappe 11.000 innbyggjarar bak Vestlands tredje største kommune Alver (samanslåing av Lindås, Radøy og Meland) med sine 28.900 innbyggjarar. Sunnfjord kommune vert hakket større med sine 21.900 innbyggjarar, medan Kinn vert vesentleg større enn Sogndal (samanslåing av Balestrand, Leikanger og Sogndal) med sine 11.600 innbyggjarar og Stad (samanslåing av Selje og Eid) med sine 8.900 innbyggjarar. I den andre enden av folketalsskalaen i Vestland fylkeskommune finn vi Modalen med 388 inbyggjarar, Fedje med 575 innbyggjarar og Solund med 800 innbyggjarar.


DETTE ER SAKA

8

Nye Kinn kommune vil bestå av ei rekke aktive bygder som samla skal bidra til vekst og trivsel i den nye kommunen. Malene Lunde Sætren fortel korleis bygda Deknepollen vil bidra og kva forventningar bygda har til Kinn kommune.

Malene Lunde Sætren

BYGDENE ER HJARTET I DEN NYE KOMMUNEN Malene Lunde Sætren er medlem av bygdelaget «Velkommen til Deknepollen» og er ei dame som engasjerer seg sterkt i lokalsamfunnet på mange område. – Eg har tru på den gode dialogen mellom kommune og bygd for å nå felles mål i samfunnsutviklinga. Kva er vel ein kommune utan aktive og attraktive bygder, spør Malene med glimt i auget. Deknepollen er ei av mange aktive bygder i dagens Vågsøy kommune, og fokuset i bygda er heilt klart på vekst og trivsel. - På den eine sida jobbar vi mykje med sosiale møteplassar og arrangement

for å sikre at bygda er attraktiv og at folk trivast her. På den andre sida brukar vi tid på å støtte dei som ønskjer å utvikle bygda gjennom tilrettelegging for tomteareal, reguleringsplanar, leilegheits-


9

FØREBUDD PÅ NYE TIDER Deknepollen er ei bygd som husar fleire viktige kommunale institusjonar som barneskule, idrettshall, omsorgssenter og barnehage. - For oss i Deknepollen er det viktig å bidra til at desse institusjonane har gode vilkår og at vi klarer å behalde slike tenester som skaper aktivitet og trafikk i bygda. Sjølvsagt må vi forvente at ting kan endre seg der til dømes ein skule eller ein kultursal kan verte flytta til ei anna bygd, og det må vi vere førebudde på. Til sjuande og sist er det viktige at det er totaltilbodet i kommunen som er godt og at det er mest mogleg nærleik til tenester som typisk krev nærleik, meiner Malene. Kommunale tenester som ikkje krev fysisk nærleik, meiner Malene med fordel kan effektiviserast gjennom digitalisering og moderne kommunikasjonsverktøy slik at dei vert betre tilgjengelege gjennom mobil og PC.

SPØRSMÅL OG SVAR Må eg reise til Florø sitt servicetorg for å få svar på spørsmål om byggesak? Nei. Intensjonsavtala seier at det skal vere eit servicetorg både i Florø og Måløy. Servicetorga skal hjelpe innbyggarane innan dei mest etterspurde tenestene. Digitalt vil den nye kommunen vere ope 24 timar i døgnet, heile veka. Dette inneber at du vil få moglegheita til å utføre dine oppgåver knytt til kommunen kor tid du vil, kor enn du er. bygg, næringsutvikling og så vidare. Særskilt på det sistnemnde er vi opptekne av ein god dialog med kommunen slik at vi får igjennom saker fort og smidig, fortel Malene. FELLESSKAP MELLOM BYGDENE Malene er oppteken av å lære av andre, og har late seg inspirere av korleis bygdeutvikling føregår i Flora som ein no skal slå seg saman med. - Det er mange som gjer seg ulike tankar om korleis vi skal bygge fellesskap med heilt nye «venner» i ei kommunesamanslåing. For meg ser eg på dette som ei spennande moglegheit. Ein ting er at vi innad kan lære av kvarandre og søke «beste praksis» for korleis ei bygd kan utvikle seg og skape aktivitet. Ein annan ting er at vi kan stå sterkare saman utad for å oppnå gevinstar opp mot fylke og stat. Vi vil alltid ha eit spesielt hjarte for heimbygda vår uavhengig av kommunen, men eg trur òg at vi har rom for fleire gode venner i ein ny kommunestruktur, seier Malene.

Korleis skal kommunen jobbe med plan- og utviklingsoppgåver? Intensjonsavtala seier at arbeid med plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging skal prioriterast. I praksis betyr dette at Kinn kommune vil få større kapasitet til å handsame din plan- eller byggesak. Dette inneber også at det å drive med utvikling av næring og finne seg eigna areal til ulike føremål på både land og i sjø vert enklare. Korleis blir det med samfunns- og næringsutvikling i den nye kommunen? Intensjonsavtalen seier at den nye kommunen skal vere ein sterk utviklingsaktør og bygge på dei aktiva området har. For å følgje opp dette er det oppretta fleire grupper som har som mål å få på plass organiseringa av utviklingsarbeid. Til dømes er Måløy Vekst, Nordfjord Hamn og Aksello involvert i arbeidet. Finn fleire ofte stilte spørsmål og svar på kinn.kommune.no


DETTE ER SAKA

10

Kinn kommune vert den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med 17.500 innbyggjarar og 1.600 tilsette. For å utvikle gode tenester og skape ein god arbeidsplass, legg kommunen til grunn sju sentrale tenesteprinsipp i styringa av kommunen. Her forklarer rådmann Terje Heggheim litt om desse prinsippa.

Terje Heggheim

KINN SKAL VERTE DEN BESTE PÅ DET NESTE Terje Heggheim er tilsett som prosjektrådmann i Kinn kommune og jobbar med å få til ein best mogleg overgang til den nye kommunen frå 2020. – Hundrevis av dyktige tilsette er i sving med å skape ein kommune for framtida som skal følgje det eg kallar «neste praksis», altså løysingar som er tilpassa framtidas behov hos innbyggjarane våre, seier rådmann Heggheim. Kommunen si primære oppgåve er å yte gode tenester til innbyggjarane sine. I Kinn kommune har ein eit særskilt fokus på nærleik til tenestene. Med dette meiner ein fysisk nærleik når det kjem til tenester som helse, omsorg, skule og barne-

hage. I tillegg ligg det i dette at ein skal vere nær innbyggjarane gjennom digital tilgjenge. – Kinn kommune skal vere tilgjengeleg for innbyggjarane 24 timar i døgeret. Ein skal kunne kontakte kommunen midt på mørkaste natta og få tilbake-


11

har teke grep og rigga seg for framtida. - Det verserer mange tal fram og tilbake rundt samanslåinga. Nokre reknar seg fram til suksess og andre til dundrande konkurs. Saka er at vi kan ikkje sitte i 2018 og vedta korleis dette skal verte i 2030. Vi må brette opp ermene og jobbe i fellesskap for å sikre at vi vert produktive nok i tenesteytinga, attraktive nok for tilflytting og kreative nok for nyskaping og vekst. Vi i kommuneadministrasjonen skal gjere vår del for at Kinn kommune vert ein kommune som andre vil sjå til for inspirasjon, seier Heggheim. KINN SKAL VERTE EIN «SUPERKOMMUNE» Nokre kallar Kinn for «superkommune» og andre «plusskommune». Heggheim seier at bakgrunnen for dette er at kommunen må vere noko meir i morgon enn den er i dag. - Vi står ovanfor store utfordringar i kommunesektoren, ikkje minst knytt til den såkalla eldrebølgja der det vert fleire eldre som skal sikrast velferdsgoder per yrkesaktiv innbyggjar. Dette vil skape eit enormt press på kommuneøkonomien innan særskilt helse- og omsorgssektoren. For å møte utfordringa må vi sikre tilgang til dei flinkaste og flittigaste personane vi kan få tak i. I tillegg må kommunen bidra som utviklingsaktør slik at kommunenøkonomien kan bere frukter av vekst i skatteinntekter og tilflytting. Alt heng saman. Å stå åleine som mindre kommunar vil gje oss mykje større utfordringar knytt til økonomisk vekst, næringsutvikling, rekruttering og politisk støtte sentralt. Med Kinn kommune er vi på lag med framtida og dei leiande politiske føringane, og dette vil gjere at vi lukkast, meiner Heggheim. melding på når ein kan forvente oppfølgjing. Vi skal vere på høgde med dei beste serviceinstitusjonane i Noreg, seier rådmann Terje Heggheim. KOMMUNEN MÅ SKAPAST I FELLESSKAP For rådmannen er det viktig å understreke at Kinn kommune må skapast i samarbeid mellom innbyggjarane og aktørane innan kommunegrensene. - Vi vil ikkje få noko gratis, men må ta ansvar for vår eiga framtid. Kor god kommunen vert å bu og jobbe i er opp til oss sjølve å legge til rette for. Vi her på kysten har alltid teke ansvar for eiga framtid. I det siste har vi falle litt bakpå og ikkje teke den posisjonen vi burde ha som kystregion, men med Kinn kommune er vi tilbake i manesjen og kan sikre den naudsynte veksten som skal til for å sikre gode velferdstenester i framtida, meiner Heggheim. Stortinget har vedteke Kinn kommune og vil legge til rette for at stortingsvedtaket vert følgt opp med gode levekår for dei kommunane som

AVSTANDAR ER INGA HINDRING Det praktiske arbeidet i kvardagen for dei kommunalt tilsette er han ikkje uroa over i det heile. - Kinn vert ein sterk kystkommune, og på kysten er det havet som bind oss saman. Avstanden mellom Florø og Måløy er kort om ein tek sjøvegen, og det er naturleg at vi i større grad flyttar transport både av folk og gods over frå veg til kjøl. Delt kommunesenter vil sikre utvikling av kompetansearbeidsplassar i alle delar av kommunen, og kommunikasjonslinene mellom avdelingane vil vere korte gjennom digitale verktøy. Vi må ta inn over oss den teknologiske utviklinga og ikkje sjå oss blinde på gamle kommunikasjonsmetodar. Tidlegare var det ein revolusjon då ein kunne ro over fjorden til legekontoret. I dag er kommunen alltid tilgjengeleg på mobiltelefonen og gjennom videokonferanse. Behovet for å sitte i det same rommet vert viska ut på ein del tenester, og ein kan like enkelt kople saman kompetanse frå Kina som frå Kinn, seier Heggheim.


12

DEI SJU TENESTEPRINSIPPA I KINN KOMMUNE Alle innbyggjarane i Flora og Vågsøy nyttar seg i dag av ulike kommunale tenester, anten det er skular, kommunale vegar eller omsorgsbustadar. Kinn har ambisiøse mål om korleis ein skal utvikle tenestene framover. - Ein ting som er heilt sikkert er at vi ikkje klarer å oppretthalde dagens velferdssamfunn om vi organiserer tenestene og rolla til kommunen som i dag. Det er enorme demografiske endringar, og ein framskriv at det i 2040 vil vere dobbelt så mange over 80 som det er i dag. Dette er utfordringar som er felles for dei fleste kommunar, og som vil krevje innovasjon og nyskaping på eit heilt anna nivå enn i dag, seier prosjektrådmann Terje Heggheim. FRAMTIDAS KOMMUNE I STØYPESKEIA Regjeringa og departementa har iverksatt fleire tiltak for å svare til desse endringane. Dei mest kjende er samhandlingsreforma, reforma «leve heile livet» og no sist stortingsmeldinga «innovasjon i offentlig sektor» som skal lanserast i 2020 og legge føringar for framtidas kommunar. Tema som går igjen er velferdsteknologi, kommunar som utviklingsaktørar, samskaping og større krav til samarbeid med frivillig sektor, næringsliv og

brukarar. Kinn kommune har ambisjonar om å vere langt framme i utviklinga, og har mykje av denne kunnskapen og prinsippa med seg inn i sitt arbeid med å bygge ein ny organisasjon og nye tenester. Heggheim definerer sju prinsipp som skal vere styrande for tjenesteleveransane til kommunen.

Norunn Stavø

ELDREBØLGJA I KINN Ein snakkar ofte om endringane som kjem om 20 og 30 år, men ein ser at allereie i eit fem-års perspektiv vil belastninga på dei kommunale tjenestene bli større. - Kinn kommune skal vere godt budd på å møte desse utfordringane, ikkje minst via det å vere ein aktiv og utviklande kommune som sikrar at ein har råd til å gje god tjenestekvalitet, seier Norunn Stavø, kommunalsjef med ansvar for helse, sosial og omsorg i Flora. I intensjonsavtala for Kinn kommune er det eit

tydeleg mål at ein skal arbeide for framtidas omsorg med utstrakt bruk av velferdsteknologi. I tillegg må ein sette fokus på brukarmedverknad og samskaping med pårørande og frivillige. - Teknologi er ein del av løysinga. Det kan gjere at ein får meir effektive tenester og at folk kan få betre livskvalitet i sine eigne bustadar. På samme tid trur eg det vil vere heilt vesentleg å tenke annleis på kva ein kommune skal levere av tenester. Ein må samhandle i større grad med frivillige, næringsliv og ein må formalisere dei pårørande si rolle i endå større grad enn ein gjer i dag, seier Stavø.


13

1

2

NÆRLEIK TIL TENESTENE

FOREBYGGING OG TIDLIG INNSATS

I Kinn skal ein ha tenester der ein bur. I intensjonsavtalen står det tydeleg at ein skal «ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga».

Ein skal ha fokus på forebygging i alle livets fasar. Utallige studiar viser at tidlig innsats anten det gjeld store eller små behov er den mest effektive måten å drive helsearbeid, og gjev også høgst livsverd for brukaren. Når vi brukar meir midlar tidlig, brukar vi mindre på å reparere.

3

4

HEILSKAP OG SAMHANDLING

GOD KVALITET

I dag er ein i begge kommunar for dårlege til å samhandle og jobbe på tvers. Dette blir spesielt tydeleg for dei som har store tenestebehov i dag innan helse og omsorg, men også for dei som blir sendt frå saksbehandlar til saksbehandlar med byggjesøknaden sin. Vi må snakke saman meir internt, og sikre at innbyggjarane opplever ein administrasjon som ser heilskapen.

Du som innbyggjar skal oppleve god kvalitet på tenestene som blir leverte til deg. Ein vesentleg del av dette er å avklare forventingar og vere tydeleg tidleg om kva du kan forvente av oss som kommune.

5

6

SAMHANDLING OG SAMSKAPING MED INNBYGGJARANE

Vi skal ha tidenes kompetanseløft i Kinn. Ikkje fordi nivået er lågt i dag, men fordi kompetanseutvikling er med på å løfte kvaliteten på tenestene våre. I intensjonsavtala står det at Kinn skal vere «ein kunnskapsutviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette» og at ein skal «rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon».

Du som innbyggjar skal oppleve god kvalitet på tenestene som blir leverte til deg. Ein vesentleg del av dette er å avklare forventingar og vere tydeleg tidleg om kva du kan forvente av oss som kommune.

7

24/7 FORVALTNING

Ved hjelp av betre tekniske system skal kommunen vere der for deg når du treng det. I det ligg at du skal vere mindre avhengig av opningstider både for å finne informasjon og for å levere nødvendig dokumentasjon, søknadar og informasjon til oss.

DETTE ER SAKA

DYKTIGE MEDARBEIDARAR

Eldrebølgja vil krevje ein ekstraordinær innsats i kommunane for å klare å møte utfordringa med langt færre yrkesaktive per eldre innbyggjar. Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg i Flora kommune, Norunn Stavø, forklarer litt om utfordringa og løysingane på denne.


14

MYKJE HAR ENDRA SEG SIDAN 1964 Å drive ein kommune vil ikkje vere det same i framtida som i dag. Verda er i endring, og den kommunale sektoren er i stadig utvikling med andre problemstillingar i dag enn på 1960-talet. – Kinn kommune er dei folkevalde i Vågsøy og Flora sitt tilsvar på dei økonomiske og sosiale utfordringane vi står ovanfor i åra som kjem. Men kanskje aller viktigast, samanslåinga svarar på ønsket om eit kraftsenter på kysten av Sogn og Fjordane, seier ordførar i Flora, Ola Teigen. Vi har alle høyrt om den såkala «eldrebølgja», der det vert stadig fleire eldre per yrkesaktiv innbyggjar. Dette er ei av dei største utfordringane for dei kommunale tenestene som vil sette eit enormt press på resursane. – Vi vil få tøffe utfordringar framover og desse er ikkje berre økonomiske. For å møte utfordringane må vi både effektivisere tenester, auke kompetansen for å gje betre tenester og sjølvsagt skape nye verdiar som sikrar kvaliteten på tenestene i framtida, forklarer Teigen. ENDRINGAR ER ALLTID TØFFE I Noreg har dei folkevalde stortingspolitikarane sett at det har vore naudsynt med ei omfattande kommunereform sidan tidene har forandra seg sidan førre kommunesamanslåing i 1964. Sjølv om dei store utfordringane enno ikkje har meldt seg med full styrkje, så har dei folkevalde valde å vere framsynte og sett i gang ei reform både på fylkeskommunalt og kommunalt nivå for å møte dei demografiske framskrivingane som er gjort, mellom anna knytt til den såkalla «eldrebølgja». - For mange har det vore tøft å akseptere at verda er i endring og at Vågsøy og Flora opphøyrer som eigne kommunar frå 2020. Det skjønar eg. Dei fleste har det godt slik vi har det i kommunane våre, så kvifor skal vi endre eksisterande kommunestrukturar? Svaret er at vi ikkje har noko val dersom vi ønskjer å møte framtida proaktivt i staden for å hamne i ulukka seinare. Vi kan ikkje gå med lukka auge inn i framtida. Her har dei sentrale folkevalde vore framsynte og lagt grunnlaget for at kommunar frivillig har kunne gå saman for å styrkje driftsgrunnlaget for dei næraste tenestene våre. Kinn er ei slik frivillig samanslåing av to

kommunar som vert ei av dei største, sterkaste og mest framtidsretta samanslåingane i Noreg, forklarer Teigen. KYSTRESSURSANE SKAL SIKRE VELFERDA Kinn kommune vert den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med 17.500 innbyggjarar. Kystressursane er peika på som det store vekstpotensialet for Noreg i åra som kjem, og få eller ingen andre kommunar i Noreg har det same potensialet som nye Kinn kommune når det gjeld å skape nye verdiar som skal sikre velferdsgodene i framtida. - Kommunane vil framover få ei mykje større rolle som utviklingsaktør slik at vi kan sikre vekst i næringsliv og folketal. Debatten kring kommunesamanslåingane går gjerne på detaljar kring budsjett og rapportar som eksisterer i dag, men ingen kan vedta framtida eller lese denne ut av ein rapport. Vi har ikkje noko anna val enn å skape den framtida vi ønsker sjølve, og nettopp dette er intensjonen bak Kinn kommune, fortel ordførar Ola Teigen. Dei overordna måla til politikarane på Stortinget er større og meir robuste einingar, og vilkåra vil etter kvart verte tilrettelagt for at dei større samanslåingane vil kunne få tilført fleire oppgåver og meir ressursar for å sikre at resultatet av kommunereforma vert vellukka. - Samanslåinga mellom Flora og Vågsøy er på lag med framtida og dei leiande føringane i norsk og internasjonal politikk. Og ikkje minst er samanslåinga eit resultat av folk flest sine prioriteringar, der ein ønskjer å jobbe i større fagmiljø, med framtidsretta oppgåver, med nærleik til ten-


DETTE ER SAKA

15

Kommuneøkonomien er under press, noko både politikarar og tilsette har sett i lengre tid. Kommunereforma er skapt for å gjere kommunane i betre stand til å møte utfordringane. Her forklarer ordførar i Flora, Ola Teigen, litt om årsaka til den naudsynte omstillinga i kommunesektoren.

ester og ikkje minst ønsker yngre folk å bu i meir urbane sentra. I Kinn er vi så heldige å ha to sentrale kystbyar innanfor den same kommunegrensa, med havet som det naturlege knytepunktet i kommunen, seier Teigen. NYE TIDER, NYE LØYSINGAR Teigen viser til at Kinn kommune får tilført fleire titals millionar i ekstra overføringar i høve samanslåinga dei neste åra, pengar som allereie i dag sikrar kvalitet og utvikling i primærtenestene i dagens budsjett. I løpet av 15 år vil den nye kommunestrukturen og finansieringa av denne sette seg, og effektane av samanslåinga vil vise seg gjennom større aktivitet lokalt. - Det er viktig å forstå at Kinn kommune ikkje er ein konkurrent til Vågsøy eller Flora – det er

Ola Teigen

ei løysing for desse to geografiske områda. Både Flora og Vågsøy vart skapt i 1964 ut frå dåtidas samfunnsutvikling, og dei har vist seg å fungere godt gjennom den perioden vi har vore gjennom dei siste 50 åra. Ingen hadde vel i dag sett fornufta i at Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy skulle vere ulike kommunar? No i våre dagar har tidene og behova forandra seg igjen. Folk bur i ulike bygder og byar i regionen vår og desse har behov for ein sterk kommune og utviklingsaktør som kan sikre gode tenester i nærleiken. Difor har fleirtalet av dei folkevalde bestemt at Kinn kommune er svaret på framtidas beste organisering av lokaldemokratiet vårt, og eg er glad for at vi no er i full gang med å realisere dette framtidsretta og spennande prosjektet, fortel ordførar i Flora, Ola Teigen.


DETTE ER SAKA

16

Ungdomane er framtida i Kinn kommune, og ungdomsråda i både Flora og Vågsøy er i ferd med å samkøyre seg for å utvikle eit felles ungdomsråd og skape ein felles stadidentitet. Her forklarer Amila Adzemovic i ungdomsrådet i Vågsøy litt om prosessane som ungdomspolitikarane er inne i. Amila Adzemovic

DEN POLITISKE UNGDOMEN MOBILISERER I dag har både Flora og Vågsøy ungdomsråd med flittige og flinke ungdomar som engasjerer seg i ei rekke ulike politiske saker. Når kommunane no slår seg saman, så vil det ungdomspolitiske arbeidet endre seg òg. – Vi ungdomane er allereie godt i gang med å tenke samarbeid på nye måtar og over gamle grenser. Eg trur vi har mykje å lære av kvarandre og vi gler oss til å få ei «vi-kjensle», seier leiar i ungdomsrådet i Vågsøy, Amila Adzemovic. I tillegg til at ungdomen deltek i det politiske arbeidet i bystyret i Flora og komunestyret i Vågsøy, så er det òg engasjerte i fellesnemnda sitt arbeid særskilt knytt til ungdomspolitikk og stadidentitet.

NYE TREFFPUNKT FOR UNGDOMEN Arbeidet i fellesnemnda har gjort at ungdomen allereie har fått ein ny arena å møtast på. – Vi har allereie byrja verte mykje betre kjent


17

og mykje meir aktive og involverte enn det vi i Vågsøy er. Vi håper at samanslåinga av kommunane gjer at vi klarer å engasjere ungdom frå heile området og at vi kan få tilført nye og spennande arbeidsoppgåver som vi kan ta tak i. Eg trur vi har mykje å bidra med, seier Amila Adzemovic i ungdomsrådet i Vågsøy kommune.

SPØRSMÅL OG SVAR I dag har Vågsøy og Flora kvar sin vidaregåande skule – Kinn kommune kan vel ikkje ha to vidaregåande skular? Det er fylkeskommunen som bestemmer dette. Intensjonsavtala seier at Kinn kommune har som mål å arbeide for å styrke tilbodet og miljøet rundt dei to vidaregåande skulane, fagskulen og høgskulen. Det skal framleis vere to skular i kommunen. Førde kommune har i dag to vidaregåande skular. Når vert det nye ungdommens bystyre/ungdomsråd etablert? Ungdommens bystyre/ungdomsråd for Kinn kommune vert etablert samtidig som det ordinære kommunestyret for Kinn kommune. gjennom arbeidet vi gjer over dei gamle kommunegrensene. Vi møtest i ulike fora og besøker kvarandre både i Florø og Måløy, i tillegg til treffpunkt på fylkeskommunalt nivå. Det er spennande å vere med på dette arbeidet gjennom ungdomsrådet, fortel Amila. Arbeidet med stadidentitet handlar om å finne og skape fellesnemnarar som kan samle innbyggjarane i Kinn kommune, og kystkulturen har heile vegen vore ein sjølvsagt fellesnemnar som knyt saman dei to regionane. UNGDOMEN VERT PRIORITERT I tillegg til stadidentitet som tema, så er dei òg engasjerte i arbeidet med å utvikle urbane sentra, skulepolitikk og miljøpolitikk. Alle desse punkta er omtalt i intensjonsavtalen, og ungdomspolitikarane føler dei har fått god plass til dei viktigaste ungdomssakene i prioriteringane til den nye kommunen. - Ungdomens bystyre i Flora er mykje større

Kva skjer med skulane, barnehagane og omsorgsbustadene? Vil vi misse desse tilboda i lokalsamfunna våre? Intensjonsavtala seier at vi skal ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga. Dette betyr at samanslåinga av kommunane ikkje medfører at omsorgsbustader, legekontor, sjukeheimar, skular eller barnehagar vert nedlagde eller flytta. Når kjem den nye symjehallen i Måløy, og den nye fotballhallen i Florø? Intensjonsavtala seier at Måløy og Florø skal byggast ut som attraktive, urbane og kulturelle sentra ved å prioritere realisering av gjeldande plan for symjeanlegg, fleirbrukshall med spesialfunksjonar og kulturfasilitetar i Vågsøy og fullskala fotballhall i Florø. Vi kan ikkje seie noko om kor tid dette kjem, men samanslåinga vil betre sjansane vesentleg for at dette vert realisert. Finn fleire ofte stilte spørsmål og svar på kinn.kommune.no


18

Edvard Iversen

I 2019 VEL VI KINN-POLITIKARAR Valet hausten 2019 vil verte gjennomført som om samanslåinga til Kinn kommune allereie har skjedd, slik at alle innbyggjarane i den nye kommunen vil kunne stille til val og ha stemmerett til det nye kommunestyret. – No må folk engasjere seg i dette valet og i nominasjonsprosessane slik at vi får eit godt og representativt kommunestyre for heile Kinn kommune, seier Edvard Iversen i Fellesnemnda. 8. juni 2017 vedtok Stortinget samanslåing av 121 kommunar til 47 nye kommunar. Talet på fylke vart samstundes redusert til 11. For innbyggjarane her lokalt betyr dette at Vågsøy og Flora vert slått saman til Kinn kommune. I tillegg vert Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Vestland fyl-

keskommune. Begge desse forvaltningsnivåa skal ved valet få ny politisk leiing ved hjelp av våre stemmer her lokalt. PARTIA SLÅR SEG SAMAN Edvard Iversen er medlem av Fellesnemnda og


DETTE ER SAKA

19

Dei siste kommunevala er gjennomført i Vågsøy kommune og Flora kommune. Valet i 2019 vert altså til Kinn kommune. Her forklarer medlem i fellesnemnda, Edvard Iversen, kva prosessar som partia no skal igjennom for å få fram politiske kandidatar til komunestyret i Kinn kommune.

leiar av Vågsøy Venstre, og der er det full mobilisering for å førebu seg på ei ny tid i lokaldemokratiet. - Alle partia må no samkøyre lokallaga i Vågsøy og Flora til å verte lokallag for Kinn kommune, for ved valet i 2019 skal vi velje politikarar til den nye kommunen som Stortinget har vedteke. Dette er både spennande og utfordrande for lokallaga. Vi skal sette saman nye styre med folk vi kanskje ikkje har mykje kjennskap til, og så skal vi køyre ein nominasjonsprosess som skal ivareta interessene for heile den nye kommunen, forklarer Iversen. NOMINASJONSPROSESSEN LIKE VIKTIG SOM VALDAGEN Edvard Iversen er særskilt oppteken av nominasjonsprosessen som er sjølve kjernen i demokratiet vårt. - Det er ved nominasjonsprosessane vi i realiteten vel ut politikarane våre. Vi har eit repre-

sentativt demokrati, og det forundrar meg ein del at mange ikkje tek dette innover seg. Det er fort å kritisere politikarane og deira vedtak etter at dei er valde, men alle har høve til å delta i nominasjonsprosessen. Ein kan til og med stille til val sjølve, dersom ein meiner at ein kan bidra positivt til demokrati og lokalsamfunn med ideane sine. Slik er folkestyret vårt organisert, og eg trur dette er eit veldig bra system så lenge folk engasjerer seg breitt i samfunnsdebatten og ikkje berre driv aksjonisme på enkeltsaker, seier Iversen. Det er altså ikkje berre på valdagen at folket kan bestemme kva slags politikarar som ein vil skal representere interessene sine i kommunestyret. Det er ikkje minst gjennom nominasjonsprosessen at folket får høve til å velje kandidatane og sikre at det er ei fordeling av kandidatar mellom dei ulike bygdene og byane i Kinn kommune. - Den såkalla «kjøtvekta» mellom dei to gamle kommunane er ikkje relevant ved valet. I 2019 vil det vere mange ulike grunnar til å sette opp kandidatar i dei ulike partia, og skiljet mellom dei to gamle kommunane vil ikkje vere ein faktor som dei etablerte partia vil vektlegge, slik eg forstår det politiske miljøet. Snarare tvert imot. Ein vil sjå på ting som nærleik til tenestene, bygdepolitikk, sentrumsutvikling, skulepolitikk, helse og omsorg og så vidare. Altså vil til dømes alle bygdene i Kinn kommune ha interesse av å samle seg rundt ein strategi for levande bygder i heile den nye kommunen, meiner Iversen. OPPMODAR TIL ENGASJEMENT Iversen oppmodar alle innbyggjarane i Kinn kommune om å engasjere seg i dei ulike partia, stille opp på lister, spele inn kandidatar til partilistene og ikkje minst møte opp ved valet for å sikre makt til dei politikarane ein meiner fortener posisjonen. - Eg håper alle partia no gjer gode grep for å slå saman lokallaga i Vågsøy og Flora og at ein klarer å mobilisere til større politisk engasjement i den nye Kinn kommune. Den aksjonismen vi har sett i Vågsøy i det siste er uheldig, der ein i etterkant av demokratiske val og demokratiske prosessar gjennomført av dei folkevalde tek omkamp på lovleg fatta vedtak. Slikt skaper mykje støy og undergrev demokratiet. I nye Kinn må vi vere strenge på det representative demokratiet vårt og la dei politiske drakampane skje i den tidslina som er lagt og dei fora som er skapt, meiner Edvard Iversen.


20

ARBEIDSGJEVARAVGIFT I KINN KOMMUNE For alle tilsette i både privat og offentlig verksemd må det betalast ulike avgifter i tillegg til løn, til dømes arbeidsgjevaravgift. Dette er midlar som ikkje går til kommunane, men som går til staten. I dag har Vågsøy ei arbeidsgjevaravgift på 10,6%, medan Flora har ei avgift på 14,1%. Den differansierte arbeidsgjeveravgifta er eitt av dei mest omfattande distriktpolitiske verkemidla i Noreg. Korleis vil det bli i Kinn frå 2020 i og med Flora og Vågsøy i dag har ulik sats? KVA ER STATUS I DAG? I dag er Vågsøy i sone 2 med 10,6% arbeidsgjevaravgift (AGA), medan Flora er definert som sone 1a. Det betyr at bedrifter i ordinære næringar i Flora i dag betaler 10,6% AGA fram til dei har betalt kroner 500 000. Deretter betaler dei 14,1% sats.

Som ein ser av Tabell 1 blir kva sone du ligg i avgjort av fleire ulike faktorar. Ein viktig faktor er folketal i forhold til areal og kva del av landet ein høyrer til. Dette er hovudårsaka til at Førde, Flora og Sogndal er i sone 1a. I høve forholdstal innbyggjarar vs areal for inndeling i dei ulike sonene, burde Vågsøy i utgangspunktet vere i sone 1a, tilsvarande Flora. Det er difor departementet sitt skjøn som gjer at Vågsøy i dag er i sone 2, ikkje sone 1a. Kjelde: https://www.skatteetaten.no/satser/arbeidsgiveravgift-soneinndeling/

KORLEIS VIL ARBEIDSGJEVARAVGIFTA BLI I KINN? Det er to vesentlege faktorar som påverkar kva arbeidsgjevaravgift ein får i Kinn kommune; korleis Kinn skjønsmessig blir vurdert og korleis behandlinga av differensiert arbeidsgjevaravgift vert gjort i det Europeiske Frihandelsforbundet, EFTA. DET SISTE FØRST: EFTA har godkjent den differensierte arbeidsgivaravgifta for perioden 2014 og ut 2020. Det vil bli føreteke ein revisjon av dagens ordning og nivået på satsane, med verknad frå 1. januar 2021. Det vil difor vere uklart kva som vil vere nivået på satsane i 2021, og kva kriterier som skal vere på plass for å hamne i dei ulike sonene. Eit vesentleg poeng her viser KS til: I kommuneproposisjonen for 2016 blei det klargjort at dersom to eller fleire kommunar som er i ulike soner slår seg saman, vil satsen på AGA i den samanslegne kommunen bli vidareført innan dei «gamle» kommunegrensene som om det framleis var to kommunar, fram til 2021. I tillegg til usikkerheita rundt revisjon av arbeidsgjevaravgifta og godkjenning i EFTA, vil det òg vere moglegheiter for skjønsmessig vurdering av

Kinn. Fellesnemnda ved leiar Kristin Maurstad søkte i slutten av april Det kongelege kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Kinn kommune vert vurdert til sone 2, altså det som i dagens system er nivået Vågsøy ligg på i dag. Hovudargumenta for kvifor ein bør få ei skjønsmessig vurdering er mellom andre: • Store avstandar mellom kommunesentra • Nedgang i offentlige arbeidsplassar og eit næringsliv som er i bransjar med reduksjon i stillingar på nasjonalt nivå • Ein meiner at det vil vere legitimt med ei differensiert arbeidsgjevaravgift i eit 10-15 års perspektiv Det er uklart når ein får eit vedtak i denne saken, men ein håpar på ei avklaring på kva sone Kinn vil komme i i løpet av våren 2018. Deretter vil revisjonen av AGA på nasjonal basis definere den endelege avgifta. Kjelder: http://www.ks.no/fagomrader/samfunn-og-demokrati/kommunereformen/ arbeidsgiveravgift-ved-kommunesammenslaing/ http://www.kinn.kommune.no/soeknad-om-differensiert-arbeidsgjevaravgift-ikinn-kommune.6111689-433987.html


Sone

Ordinære næringar

Landbruk og fiske

Døme på område

1

14,1 %

14, 1%

Østfold, Akershus, Oslo, dei større kommunane i Sør-Norge og Sør- vestlandet.

14,1 %*

10,6%

2

10,6%

10,6%

Denne satsen er vanlegast i Sogn og Fjordane

3

6,4 %

6,4 %

Gjeld mindre kommunar i Oppland og Hedmark og ein del i Trøndelag

4

5,1 %

5,1%

Einskilte kommunar i Trøndelag, samt dei fleste kommunane i Nordland og Troms

4a

7,9%*

5,1 %

Bodø og Tromsø

5

0%

0%

Finnmark fylke, (Svalbard)

Den einskilte kommune er plassert i ulike grupper, men det finst nokre tydelege mønster. Sjå Tabell 1.

DETTE ER SAKA

1a

Her betaler ordinære næringar 10,6% opp til ein sum som gjer at ein kjem opp til 14,1 %. Dette gjeld kommunar som Flora, Sogndal, Førde

TABELL 1

21

Vågsøy kommune og Flora kommune er i dag i ulike soner for fastsetting av arbeidsgjevaravgifta. Vågsøy har i dag lågare sats enn Flora og det er uklart korleis dette vil slå ut ved revidering av ordninga i 2021. Her er fakta i saka.


22

INTENSJONSAVTALA MELLOM VÅGSØY OG FLORA INNLEIING Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020. Vi ønskjer at Bremanger kommune etter forhandlingar blir med i den nye kommunen. Det vert å utarbeide ein visjon som tar utgangspunkt i at vi skal leve i ein kommune med gode fungerande lokalsamfunn, der ein realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. For å utvikle identitet og felles verdiar ønskjer vi innbyggjardeltaking i arbeidet med visjonen. 1. MÅL Vi vil: • Bli ein attraktiv tilflyttingskommune • Bli den sentrale utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane • Styrke vår attraktivitet som lokalisering for næringsverksemd • Sikre ei berekraftig utvikling med målretta satsing på klima og miljø • Styrke lokal stadidentitet og fellesskapskjensle til innbyggjarane i den nye kommunen Det kan vi oppnå ved å: • Realisere 45-minutts-regionen (Måløy-Svelgen-Florø) for å sikre gode kommunikasjonar i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunane er samde om at det viktigaste målet med 45-minuttsregionen er å raskast mogleg reise mellom Måløy og Florø. Det primære ønskje er bru over Bikjelsneset-Tongane, og veg over Terøya. Kommunane vil vurdere andre alternativ dersom det primære ønsket viser seg umogleg å realisere. • Etablere eit båtsamband med fleire avgangar mellom Vågsøy, Bremanger og Flora og som korresponderer godt med anna samferdsle • Satse på Florø Lufthamn for å sikre eit framtidsretta og godt rutetilbod • Arbeide vidare med Stad skipstunnel for å sikre etablering av nye næringar • Arbeide for betre vegstandard på det fylkeskommunale vegnettet • Arbeide for å styrke tilbodet og miljøet rundt dei to vidaregåande skulane, fagskulen og høgskulen • Arbeide for framtidas omsorg med utstrakt bruk av velferdsteknologi

• Skape verdiar av mogelegheitene som ligg i havrommet, farleiene og hamnene • Arbeide for etablering av regionale og statlege arbeidsplassar i Måløy og Florø • Skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde • Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering • •Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø gjennom ein god, føreseieleg og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk • Bygge ut Måløy og Florø som attraktive, urbane og kulturelle sentra ved å prioritere realisering av gjeldande plan for symjeanlegg, fleirbrukshall med spesialfunksjonar og kulturfasilitetar i Vågsøy og fullskala fotballhall i Florø • Prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging 2. TENESTENE Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal: • Ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga • Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling • Vere ein kunnskapsutviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette • Rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon 3. KOMMUNESENTER Flora og Måløy skal ha delt kommunesenterfunksjon. Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar i Måløy og Florø skal forholdsmessig vere som før samanslåinga. Organisering av hamn og næringsarbeidet skal skje på ein måte som sikrar både heilskapleg samordning og satsing på komparative fortrinn i alle delar av kommunen. Eit døme er fiskeriaktiviteten i Vågsøy og petroleum i Flora. I Måløy skal det etablerast kompetansemiljø til felles utvikling av mellom anna samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.


23

4. PRINSIPP FOR STYRING OG ORGANISERING

8. SAMORDNING AV PLANVERK

Politisk Kommunen skal ha formannskapsmodellen etter Kl. § 8 som styringsform. Tal folkevalde: Bystyret/kommunestyret skal ha 39 medlemer.

Vi skal orientere kvarandre om kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Kvar kommune skal peike ut sine viktigaste tiltak, slik at den andre kommunen får innsyn i dei. Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa.

Fellesnemnda skal ha 5 medlemer frå Flora og 4 frå Vågsøy, jamfør Inndelingslova § 26. Den politiske møteverksemda skal ta heile den nye kommunen i bruk blant anna ved å veksle stort sett likt mellom Måløy og Florø for avvikling av bystyre/ kommunestyre og formannskapet. Det skal etablerast eit ungdomens bystyre/kommunestyre. Administrativt og fagleg • Det skal etablerast éin administrasjon med desentraliserte rådhusfunksjonar, servicetorg og samfunnskontakt • Spesialiserte fagfunksjonar som har ute-funksjon (t.d. helsestasjon og barnevern), skal lokaliserast i dagens kommunehus • Servicetorga skal hjelpe innbyggjarane innan dei mest etterspurde tenestene og kunne bli nytta til mogeleg «næringspark» med privat og offentleg tenestyting • Tilsette skal kunne kople seg på uavhengig av stad, klient og teknologi • Det skal vere fleksibilitet og mobilitet uavhengig av organisatorisk plassering og tverrfaglege einingar på administrativt nivå på tvers av profesjonsgrenser • Kompetanseoppbygginga skal systematiserast for alle ledd i organisasjonen • Kommunen skal utvikle sterke fagmiljø på område som samfunnsplanlegging, oppvekst, helse og omsorg og kultur 5. KOMMUNENAMN OG VÅPEN Kommunenamnet vert Kinn kommune. Fellesnemnda arbeider med val av kommunevåpen. 6. INTERKOMMUNALE SELSKAP OG SAMARBEID Fellesnemnda skal gå gjennom samarbeidet med andre kommunar. Målet er at vi skal løyse dei fleste av oppgåvene sjølve. 7. ØKONOMI Denne delen av avtalen gjeld til Fellesnemnda er etablert. Vi er samde om å vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomiske bereevne. Vi skal: • orientere kvarandre gjennom styringsgruppa om investeringar og økonomiplanar slik dei ligg i vedteken økonomiplan • peike ut dei viktigaste tiltaka slik at den andre kommunen får innsyn i dei • ikkje selje verdiar som t.d. kraftaksjar utan etter drøfting

9. ARBEIDSGJEVARPOLITIKK Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at denne er etablert. Det betyr at: • Alle tilsette sine noverande rettar vert akseptert i ein ny kommune i samsvar med lov og avtaleverk • Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand • Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP og SPK Det partsamansette utvalet med dei tillitsvalde (PSU, jf. Inndelingslova § 26) skal lage eit omstillingsdokument som: • Harmoniserer ulike reglement (tilsettingsregelment, permisjonsreglement, m.m.) • Utarbeider ein felles lønspolitikk for alle tilsette • Harmoniserer lønsskilnader over tid • Tilbyr avgangsstimulerande tiltak til leiarar 10. UTVIKLINGSAKTØR Den nye kommunen skal vere ein sterk utviklingsaktør og bygge på dei aktiva området har. Nye båtruter, Stad Skipstunnel og Kystvegen vil opne for ein heilt ny dynamikk på kysten. Den nye kommunen skal utvikle det potensialet dette vil gje innan kommunikasjonar og kulturbasert reiseliv. Havet og marine ressursar er peika ut som eit nasjonalt satsingsområde. Den nye kommunen skal forsterke vår rolle som viktig for landet gjennom satsing på hamn, næringsareal, tilrettelegging for fiskeflåten, mottaks- og serviceanlegg på land og tilrettelegging for oppdrettsnæringa. Dette skal vere ei prioritert oppgåve for den nye kommunen sine (sitt) næringsselskap. Framtidig organisering av næringsarbeidet skal prioriterast. Det same gjeld organisering av hamnene.


Frequency.no

SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL FINN DU PÅ NETTSTADEN TIL KINN KOMMUNE WWW.KINN.KOMMUNE.NO

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Kinn kommune  

Informasjonsmagasin om den nye kystkommunen Kinn.

Advertisement