Nynorsk utgåve: URNESLØVEN OG FLAGGERMUSA MED SUPERVERNKREFTER

Page 1

Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter

Foto: Dronegutta

– Ei historie om å ta godt vare på kulturminne og naturen dei er ein del av.


Det var ein gong ei flaggermus i Urnes stavkyrkje I 2017 blei det oppdaga flaggermuslort i Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn. Det blei sett i gang undersøkingar som viste at lorten kom frå ei flaggermus av arten brunlangøyre. Dette funnet skapte mykje oppstyr! Fagfolk kom for å undersøkje kva som hadde skjedd. Aviser skreiv om saka. Kvar var flaggermusa, og kva hadde den gjort? Det viste seg at flaggermusa hadde tissa på ein stolpe inne i kyrkja. Forskarar undersøkjer om dette kan ha skadd treverket i den verdfulle kyrkja, som står på UNESCO si verdsarvliste. Med utgangspunkt i denne saka har Fortidsminneforeningen laga barnemaskoten Fortimus og forteljinga «Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter». Den gamle Urnesløva vaknar til live og gir flaggermusa eit viktig oppdrag. Ei lita «vikingbie» blir ein god hjelpar. Dette er historia om å ta godt vare på kulturminne og naturen dei er ein del av.

Kva gjer ein med ei freda flaggermus som gjer skade i eit freda og umisteleg kulturminne?


Kven er Urnesløva?

Eg er Urnesløva. Mange seier at eg er eit farleg fabeldyr frå den persiske oldtida – ein mantikora. Men korleis kom eg hit til Sogn? Og kvar fekk eg øksa mi frå?

Teikneoppgåve: Har du sett Urnesløva? Her kan du teikne den!

Foto: Ola H. Fjeldheim

Urnesløva er merket til Fortidsminne­ foreningen. Den er skoren ut på ein av stolpane inne i Urnes stavkyrkje. Den har kroppen til ei løve og hovudet til eit menneske. Halen tilhøyrer ein slange eller ein skorpion.


Foto: Dronegutta

Urnesløva og flaggermusa med supervernkrefter

Fortimus har akkurat teke ein natterunde langs Lustrafjorden og rundar neset ved Ornes. Inn i tretoppane flyg han. Der er yndlingsmaten hans – nattsommarfuglane. Han fangar ein stor møll og ser seg rundt. Det er eit mørkt kyrkjetårn rett framfor han. Fin stad å henge for å ete møllen, tenkjer Fortimus og smett inn ei opning. Det er nattemørkt der inne. Han har floge rett inn i Urnes stavkyrkje, den einaste stavkyrkja på UNESCO si liste over dei viktigaste kulturminna i verda. Han skrik ut i det mørke rommet. Eit høgt skrik, i ein høg tone. Slik blir kyrkja heilt tydeleg for han. Øyra og auga hans «ser» alt. Han flyg gjennom eit slags gitter, mot fargane. Mot blad, blomstrar, englar og hovud med gullhår. Blomstrane på veggen er dei største han har sett. Er det ein fugl der? Fortimus kvepp til. Nei, det er visst berre eit måla blad på veggen. Fortimus blir heilt gripen av den vesle, vakre kyrkja. Han er jo så glad i gamle hus! Kanskje han skal bu her i sommar? Eg må sjå meir, tenkjer han og flyg ut i det store rommet. Sjå på alle dei rare skapningane i utskjeringane øvst på stolpane! Kva slags dyr er dette? Han har heilt gløymt møllen han skulle ete.


KVA ER DET DU GJER???

Han flyg rundt, høgt og lågt i den vesle kyrkja. Så kjenner han plutseleg at han må gjere frå seg. Fortimus har jo ete mange møll og andre insekt heile natta. Han må på do! Han gøymer seg ved ein av stolpane og håpar at ingen oppdagar uhellet. – Kva er det du gjer? seier plutseleg ei djup stemme. I skuggane inne i kyrkja er det ein skapning som liknar på ei løve, men med eit hovud som ikkje passar til kroppen. Den lange halen høyrer liksom heller ikkje saman med resten. Slange eller skorpionhale? Fortimus blir redd! I tillegg til alt det snåle som ikkje stemmer med denne kroppen, har skapningen øks med seg. – Tissar du her fleire gonger, får du med meg å gjere. Skapningen er streng i stemma, og Fortimus kjenner at han skjelv. – Kven er du, eigentleg? spør han forsiktig. – Eg er Urnesløva, seier skapningen. Løve, tenkjer Fortimus. – Synest du eg er ei rar løve? brummar det frå mørkeret. – Mange meiner at eg er ein mantikora. Eg kom hit i 1130 då kyrkja blei bygd. Eg passar på at den blir bevart til evig tid, seier den. – Det var den gongen, i mellomalderen. Du som kan fly, du kan jo ta ein kikk på utskjeringa av meg på stolpen der oppe. – Kjem du frå Sogn? spør flaggermusa. – Nei, eg er eit persisk fabeldyr. Det er best du passar deg, for eg har krafta og temperamentet til ei løve.


Foto: Dronegutta

Du må ikkje gjere noko som kan skade gamle Urnes stavkyrkje. Den er freda, høyrer du!

– Du må ikkje gjere noko som kan skade gamle Urnes stavkyrkje. Den er freda, høyrer du! Treverket kan smuldre opp når du tissar på det, seier Urnesløva. Fortimus flyg høgare opp i kyrkja – redd for denne skapningen. Han vil ikkje bli eten opp av ei løve eller kva det no er for noko! Dessutan bør løva passe seg litt, for flaggermus er òg freda. Fortimus er av ein sjeldan art som må takast vare på – nett som den gamle kyrkja. – Eg er òg freda, seier han og set seg på takkrona. – Meg kan du ikkje skade. – Ei freda flaggermus i ei freda kyrkje – kva skal vi gjere med deg, då? seier Urnesløva. – Her kan du i alle fall ikkje bu, slik som du et og skit. Løva brummar og tenkjer, halen slår fram og tilbake. – Eg treng hjelp, seier den omsider. – Det er så mykje å passe på med dei gamle bygningane rundt om i landet. Eg byrjar å bli litt sliten etter alle desse åra. Eg treng ein hjelpar som er kjapp og sterk. Kjapp. Fortimus smiler eit breitt glis med spisse tenner. – Mantikora, seier du. Eg er ein Plecotus auritus, berre så du veit det. Eg er ein brunlangøyre. Familien min heiter glattnase. Eg har øyre som er

iiiiiiii k!

H

! LP E J


nesten like store som kroppen min, og eg flyg fort i mørkeret. Eg kan hjelpe deg med å passe på, flyge frå stad til stad, men berre om sommaren. Eg søv heile vinteren, så då må du finne nokon andre til å hjelpe deg. – Eg får heller ta vintervakta sjølv, seier Urnesløva. – Er du sterk, då? Du treng krefter som ei løve. Du anar ikkje kor mange farar som trugar gamle hus! Er det nokon som er redd for ei lita flygande mus, då? Halen til Urnesløva daskar fram og tilbake. – Ja, det er faktisk mange som synest eg er skikkelig skummel, seier Fortimus. Han ser for seg alle dei gongene folk har blitt skremde når han har sust gjennom hagar på kveldstid. Ein gong flaug han og veslesøster Fiona lågt over eit hagebord der det sat ein familie og åt pølser ein sein kveld. Då blei det mange høge hyl! – Vi er jo ein heil familie då, seier Fortimus. – Eg kan spørje familien min om dei kan hjelpe til. Vi er veldig glade i gamle hus alle saman. Eg har forresten ei tante som bur på Steinvikholm slott i Trøndelag. Ho er kul. Tante Fresia ser ut som ein riddar frå mellom­ alderen. Henne må du treffe! Ho har sverd, så ho er noko for ei løve med øks å bryne seg på.


Foto: Icephotography

Ein heil familie av flygande vernevennar. Urnesløva knurrar nesten godmodig når den seier: – Avtale. Krefter som ei løve, tenkjer Fortimus. Hjelp, det har han jo ikkje. Ingen i familien hans heller, sjølv om tante Fresia er steintøff. Men han høyrer godt. Veldig godt. – Eg høyrer betre enn deg, seier han litt kjekt. – Eg er raskare enn deg, held han fram. Løva svarar ikkje. Fortimus ser seg rundt. Skuggen er borte. Det er ingen hale å sjå. Det er best å kome seg unna dette uhellet ved stolpen, tenkjer Fortimus og stikk ut i skogen. Det er enno nokre timar att av natta. Og han har ei avtale. Med sjølvaste Urnesløva. Han susar vidare, fangar insekt på insekt, flyg i raske svingar og inn i tretoppar. Det er stilt, fuglane søv, han snappar insekt på blad. Så høyrer han noko. Ein surrelyd som er kjend, men som ikkje burde vere her midt på natta. Lyden av ei flygande bie. Han skrik.


– Eg har floge meg bort, seier ei tynn og redd stemme. – Eg veit ikkje kvar familien min er. Rett framfor seg har Fortimus ei lita bie med ein slags flygehjelm på hovudet. Vengene slår hektisk. Ei surrete bie, tenkjer Fortimus. – Kven er du, då? spør han. – Eg er ei gamal bie. Det vil seie, eg er ikkje gamal, men eg er av ei gamal slekt, seier stemma. – Eg er ei brunbie. – Er du gamal? spør bia. – Eg, som akkurat har fått i oppdrag å passe på ei kyrkje med utskjeringar frå vikingtida, seier Fortimus. – Vi snakkar nesten tusen år! Det er gamalt! For ikkje å snakke om slekta mi – den er urgamal! 60 millionar år. – Slekta mi var faktisk saman med vikingane, seier bia, litt sterkare i stemma. – Somme kallar oss «vikingbier». Kan du forresten hjelpe meg heim til Gaupne? Eg byrjar å bli så trøytt. Fortimus, ganske imponert over den vesle skapningen av vikingslekt, ber bia setje seg på ryggen hans. – Kom, så dreg vi. – Finn du fram då, det er jo så mørkt? spør bia. – Eg brukar øyra godt, svarar Fortimus.


Foto: Dronegutta

– Takk for hjelpa. Fortimus slepper av bia ved bikuben i Gaupne. – Du er snillare enn du ser ut til, seier den. – Vent litt, så skal du få styrkegodis av meg. – Ta ein drope! Bia har kome ut av bikuben med noko gyllent og seigtflytande. – Dette er superhonningen til bestemor, seier bia. – Den blir du sterk av. – Meiner du at ein liten gul drope gir ekstra krefter? Fortimus ser undrande på den vesle bia, som nikkar til svar. Nysgjerrig tek han dropen i munnen. Den smakar søtt, søtare enn alt anna han har ete. Så skjer det noko. Det søte forsvinn, og det kjennest ut som om kroppen veks. Men det raraste av alt er den store styrken han kjenner i hovudet. – Det må vere dette Urnesløva snakka om, ropar han ivrig. – Eg har fått krefter som ei løve! Og slik gjekk det til at Fortimus blei kjend som flaggermusa med supervernkrefter. Urnesløva sin modige hjelpar som saman med familien sin flyg rundt i nattemørkeret og passar på at gamle hus blir tekne godt vare på. Som skrik ut når nokon vil rive fine, gamle bygningar. Som har ei hemmeleg kjelde av superhonning hos vennen sin, «vikingbia». Det skal berre éin drope til – så lenge vi passar godt på bier og flaggermus.


› Blir kalla «vikingbia» etter funn frå vikingtida i Oslo og York › Er den eldgamle norske bierasen › Er ein kritisk truga art som kan forsvinne › Lagar honning › Trivst godt i norsk klima Takk til seniorrådgivar Bjørn Dahle i Norges Birøkterlag og Naturformidling van der Kooij for faglege råd om brunbier og flaggermus. Vi takkar òg litteraturvitar Johanne Stende for litterær rådgiving og hjelp. Tekst: Astrid Galstad, Fortidsminneforeningen. Design: Miksmaster Creative

Foto: Anja Laupstad Vatland

Visste du at brunbia


Foto: Naturformidling van der Kooij

Verdt å vite om brunlangøyre › Kroppen er 4–5 cm lang › Øyra er nesten like lange som kroppen › Vengespennet er på 24–28 cm › Har store auge

› Skrik gjennom nasen › Går frå lys til mørk tone i eitt skrik › Jaktar på insekt i trea › Et gjerne nattsommarfuglar (møll)


Visste du at norske flaggermus › Skrik med ein høgfrekvent lyd › Brukar høyrsla til å finne fram på nært hald › Har fem fingrar og fem tær › Brukar bakbeina som kam og greier seg ofte › Er eit pattedyr (føder ungar) › Som regel får 1 unge i året › Er ei eldgamal dyregruppe – 60 millionar år › Et insekt og edderkoppdyr (Noreg/Europa) › Kan ete meir enn 3000 insekt i løpet av ei natt › Har 24–38 tenner › Heng opp-ned i dvale om vinteren › Kan bli 30–40 år gamle › Er freda i Noreg og Europa

Eg er ein brunlangøyre (Plecotus auritus)

Prøv å skrike som Fortimus! Kven trur du er flaggermusa sine fiendar i naturen? Svar: kattar, ugler, haukar, falkar, mårar


Brett din eigen Fortimus 1

2

3

5

7

9

Veit du om noko som skal passast pĂĽ for evig og alltid?

At noko er freda betyr

Visste du at

At det skal takast vare pĂĽ for framtida og at det er verna av lovar og reglar. BĂĽde kulturminne, natur og dyr kan vere freda.

Fortidsminneforeningen eig Urnes stavkyrkje. Den blei bygd rundt 1130 og er kjend for fantastiske utskjeringar i tre. Urnes er ei av dei eldste og best bevarte stavkyrkjene i landet.


4

KVA ER EI RAUDLISTE? Norsk raudliste for artar er ei oversikt over artar som er truga og kan forsvinne frå den norske naturen. På denne lista står alt frå pattedyr, fuglar og fiskar til sommarfuglar og bier. RAUDLISTA FOR HUS Fortidsminneforeningen har laga ei eiga liste over gamle hus som er truga og som kan bli rivne.

6

VERDSARV Urnes stavkyrkje er særleg verdfull. I 1979 blei kyrkja ført opp på UNESCO si verdsarvliste. Bygningane og stadene på denne lista er uerstattelege for menneska på jorda. UNESCO Er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.

8

Stavkyrkjequiz

Veit du om andre stader som står på UNESCO si verdsarvliste?

Ein går ut frå at det fanst omkring 1000 stavkyrkjer i Noreg rundt år 1350. Kor mange av dei norske stavkyrkjene er bevarte i dag? A) 8 B) 15 C) 58 D) 28 Kor mange stavkyrkjer eig Fortidsminneforeningen? A) 10 B) 2 C) 28 D) 8 Éi norsk stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Kva for ei? A) Urnes B) Gol C) Borgund D) Heddal Svar: 28, 8, Urnes


Fortimus og familien hans Barn og vaksne frå heile landet har gitt namn til Fortimus og familien hans i ein namnekonkurranse. Dei er alle saman glade i gamle bygningar. Fetter Flagrus likar livet på landet, gardar og stabbur. Tante Fabula drøymer om alle dei fine kyrkjene. Grandonkel Fredo er den godmodige munken som passar på klosterruinar frå mellomalderen. Fetter Fender likar seg ved sjøen med fyr og fort. Følg Fortimus, veslesøster Fiona, tøffe tante Fresia og resten av familien på oppdrag og eventyr ved dei historiske eigedomane til Fortidsminneforeningen! www.fortidsminneforeningen.no

Tante Fresia

Grandonkel Fredo

Fortimus

Veslesøster Fiona

-Flaggermusa med supervernkrefter-

Tante Fabula

Fetter Fender

Fortidsminneforeningen er ein frivillig kulturvern­ organisasjon som sidan 1844 har kjempa for å bevare dei verdfulle kulturminna i landet. Takk for at du ved å vitje eigedomane våre støttar oss i arbeidet med å ta vare på kulturarven for alle – for alltid.

Design og illustrasjon: Miksmaster Creative. www.miksmaster.no

Fetter Flagrus