Page 1

grytten. menn som ingen treng. omsl.qxp_Layout 1 01.07.16 20.01 Side 1

Menn som ingen treng

Menn som ingen treng er Frode Gryttens niande novellesamling, og det er ni år sidan sist han utgav noveller, denne sjangeren som kanskje står forfattaren nærmast. Samlinga rissar opp eit kart over Norge og Europa – her finst desperasjon, kjærleik, håpløyse og komikk.

F RODE GRYTT E N

Menn som kjører vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Menn med uvanlige kjønnsorgan. Einsame menn. Fredelige menn. Valdelige menn. Ærlige menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom. Menn frå Rjukan. Menn frå Lillestrøm. Menn frå Fyllingsdalen. Menn frå Warszawa. Menn i eit nytt og skrudd Norge. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng.

Frode Grytten (f. 1960) er ein av Norges fremste novelleforfattarar. Han har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort lesande publikum. I 2014 debuterte Grytten som dramatikar med stykket Sånne som oss på Den Nationale Scene. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til ei rekke språk.

FORLAGET OKTOBER 2016 | ISBN 978-82-495-1688-9

Forlaget Oktober

forfattarportrett: Paul S. Amundsen bokbunad: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Framsidefoto: William Eggleston, Untitled © Eggleston Artistic Trust. Courtesy Cheim & Read, New York

F RO D E GRYTTE N

Menn som ingen treng Noveller | Forlaget Oktober


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 1

men n som in gen tre ng


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 2


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 3

f ro de g ry tte n Menn som ingen treng Noveller

forlaget oktob e r 2 0 1 6


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 4


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 5

in n h ald 1974 Mann, 72 Airbag Andersen, Anders Kokepunkt Ytre karakteristika Vintertog Finnmark sk4609 Vent til du ser meg danse

7 31 49 75 97 129 159 179 205 231


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 6


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 7

1974


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 8


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 9

s o m m a r e n 1 9 7 4 f o r e l s k a mor mi seg i ein mann som heitte Lars Paalgaard. På sankthanskvelden dukka han opp ved hytta vår i ein kvit, open Ford tBird. Han tok oss med på tur langs kysten, over bruene og ut mot havet. Eg og bror min sat i baksetet, stira på denne mannen som uventa hadde komme inn i livet vårt. Han var kledd i svart dress og kvit skjorte. I halsen hadde han eit lisseslips med hjarte av sølv. Han røykte Winston-sigarettar og song med til musikken frå bilradioen. Mor forklarte at Lars Paalgaard elska convertibles, han kjørte nesten alltid med taket nede, uansett vêr og vind. Ho sa at han ville sjå himmelen over seg, føle det varme eller kalde draget, trekke inn dufta av sjø. Eller dufta av møkk, la Paalgaard til mens han snudde seg halvvegs mot oss. Eg elskar lukta av møkk, sa han. Vi kjørte ut i eit landskap eg ikkje kunne hugse eg hadde vore i før. Vi suste opp bakkar og langs bøar, forbi små bruk som låg spreidde ut i viker og hamner. 9


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 10

Her og der fanst nye hus med hagar og plenar som endå ikkje var planta til. Frå bilseta steig det opp ei søtlig duft, så annleis enn frå vår Opel. Denne bilen hadde ikkje eingong sete baki, det likna meir ein sofa. No og då løfta mor solbrillene opp på hovudet, ho ville vise sjåføren at ho følgde han med auga. Det lyse håret hennar flagra i vinden, ho forsøkte å få det under kontroll med eit blått sjal. Ho såg ut som om ho ikkje lenger var mora vår. Eg hørte dekkstøyen og kjente den varme kveldslufta mot ansiktet. Veslebror min sat med munnen open, som om han også song med. Eg bad han klappe igjen, han såg ut som ein mongo. Etter å ha kjørt ein halvtimes tid senka Lars Paalgaard farten og svinga inn til sida. Det stod fleire bilar parkert langs vegen, og ein mann i kvite kortbukser dirigerte t -Birden på plass. På grusbanen nede ved sjøen kunne eg sjå karusellar og eit pariserhjul. Eg hørte hyl og latter. Først då vi kom nærmare, oppdaga vi kor stappa det var med folk. Dei vimsa fram og tilbake, sprang utan plan eller stod i klynger og køar. Ungar gikk rundt med ballongar og sukkerspinn i nevane. Fedrar forsøkte å fiske opp gevinstar med små metallklyper. Nokre freista å vinne på lykkehjula, nokre skaut med luftgevær eller heiv ballar mot boksar. Frå karusellane kom det rop, og borte ved berg-og-dalbanen stod det eit skilt: t ø r du ? Ein må ta nokre sjansar i livet, sa Lars Paalgaard og kitla mor mi i sida på flørtande vis. Aldri i verda, sa ho og gjorde seg fri. Ho tok opp lommeboka frå handveska si. Skal vi møtast ved bilen igjen om ein 10


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 11

time? spurte ho og gav meg ein femtilapp. Eg tok imot og visste ikkje om eg skulle takke eller levere setelen tilbake. Eg hadde aldri nokon gong fått så mykje pengar av foreldra mine. Eg vil prøve krasjebilane, sa veslebror min og limte seg inntil meg. Fredrik var seks år yngre enn eg. Han var fødd for tidlig, og det var gjerne derfor mor mi hadde gjort han til sin favoritt, ho hadde fortalt meg at ho hadde vore sikker på at ho skulle miste han. Dei sommarvekene vi var på hytta, kopla Fredrik seg alltid på meg. Han dilta etter, måtte heile tida vite kvar eg var. Han blei erta av dei større gutane fordi han var liten og tynn. Eg boksa og var svær i kjeften, ingen torte å bølle med meg. På tivoliet var rollene omvendt, eg dilta etter Fredrik, eg lét han gjøre det han ville. Fleire jenter kikka interessert på meg og fniste, men eg makta ikkje å tenke på noko anna enn om far min kjente til dette opplegget med Lars Paalgaard. Eg nekta å tru det. Far var heime i Odda for å jobbe, og planen var at han skulle komme neste helg. Då vi ein time seinare gikk tilbake opp grusvegen, stod Lars Paalgaard og mor lent inntil t-Birden. Han såg avslappa ut, hadde hendene i lommene og ein røyk i kjeften. Ho vinka til oss med ein diger bamse. Rett før vi var oppe, merka eg meg at Paalgaard sjekka smekken sin. Han drog i glidelåsen og lo mot mor mens han kviskra noko i øyret hennar. Ho støtta seg flirande mot han på ein måte som eg tenkte var feil. I den augneblinken skjønte eg at eg ikkje på noko vis var utanfor fare. Eg kunne bli såra eller skadd på ein måte 11


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 12

som ville vere fatal, ikkje bare på grunn av eigne handlingar, men også på grunn av andres feilvurderingar. Mor spurte om det hadde gått fint, og om vi hadde brukt opp femtilappen. Eg svarte ikkje. Fredrik sa at vi hadde prøvd Magasuget, der vi hadde blitt skotne tjue meter opp i vêret, før dei sleppte oss ned igjen. Vi sette oss inn i bilen utan å seie meir. Den siste kveldssola farga t-Birden rosa. Paalgaard gav gass, og bilen duva inn i skumringa. Eg snudde meg og såg tilbake på tivoliet der dei blinkande lysa no var i ferd med å bli synlige. Ulike stader langs vegen, ute på oddar og nede på strender, hadde folk tent bål. t-Birden glei suverent av garde. Han likna ingenting på bilar eg tidligare hadde sete på med. Vinden var varm mot ansiktet, sjølv i 70–80 kilometer i timen. Klokka var rundt elleve då vi svinga inn på vegen til hytta. Folk var framleis ute, ingen ville legge seg og kanskje gå glipp av sommarens vakraste natt. Lyden av den faste gjengen steig opp i natta som ei gul bølgje. Dei sat røykande utanfor hyttene, dei spelte fotball borte på graset, dei fleste var samla rundt bålet nede ved fjorden. I dagane før sankthans hadde vi dratt saman greiner og restar etter skogsdrift, til og med ein gammal robåt hadde vi fått tak i. Vi kom utanfrå, men skulle alltid ha det største bålet i bygda. Kvar sommar kjørte far oss til Skånevik, og så blei vi der fram til eit par veker før skulestart. Det var smelteverket som eigde hyttene, og dei tilsette fikk låne gratis. Dei blei kalla sportshytter, utan at eg nokon gong forstod korfor, det var ingenting sportslig 12


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 13

med dei. Vår faste var lafta og raudmåla, ho låg øvst i skråninga som starta oppe ved vegen og rulla ned mot fjøresteinane. I sommarvekene var heile området fylt med dynamitt-ungar som hadde fedrar organiserte i avdeling 5 av n k i f . Alle kjente alle, og det var som om ein bit av Odda hadde blitt flytta nokre mil lenger sør, til ein stad som lukta betre, såg betre ut og hadde sol mykje lenger om kvelden. Vi stupte og hoppa frå kaia ved butikken. Vi fiska og spelte ball heile dagen. Vi gutane jaga dei lokale jentene, dei som ikkje kjente oss frå før, og som framleis var nysgjerrige på kven vi var. Jentene frå Odda som var her på ferie saman med oss, hadde for lengst avslørt oss som søppel. Mødrene blei som oftast verande sommaren gjennom, fedrane kjørte til og frå, dukka opp når dei hadde langfri eller ferieveker. På den tida hadde eg tatt til å skjønne at ikkje alle fedrane, heller ikkje min eigen far, nødvendigvis var altfor interesserte i å komme seg kjapt til Skånevik. Åleine heime kunne dei drikke på sjappene, sove lenge, sleppe mas og kjeft, ungar og kjerring. Sjølv hadde eg den våren tatt til å ligge med dottera til direktøren på verket, og eg lengta bare heim. Ho var to år eldre enn eg, og det gikk allslags rykte om ho i Odda. Ho ringte meg ein ettermiddag for å invitere meg opp. Eg ante ikkje eingong at ho visste om meg, men eg tenkte ingenting på dei rykta som verserte. Eg tok ein dusj og gikk gangvegen til villaen på Toppen. Eg torte likevel ikkje å ta på ho eller gjøre noko som helst før neste gong ho ringte og eg rusla opp den 13


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 14

same vegen. Då plasserte ho handa mi på det høgre brystet sitt, det låg under eit lag av genser, skjorte og singlet. Ho sa ingenting den ettermiddagen, bare drog meg opp til eit soverom i andre etasje. Ho verken stansa meg eller forhandla med meg, eg måtte ikkje gå med på det eine eller det andre, slik andre jenter dreiv på med. Etterpå sa ho at eg måtte skunde meg og gå før mor hennar kom heim og fann oss. Eg samla kleda mine og kasta eit blikk på ho før eg gikk ut på gangen. Ho låg halvnaken med trusa på låra. Ho var tynn med lysebrunt hår som var knytt i ein hestehale. Ho hadde tjukke lepper og auga nesten lukka. Nede blei eg ståande ved eit vindauge med utsikt over Odda. Kvar gong eg gikk opp til det huset for å ligge med ho, forsvarte eg meg med at dette var hennar feil. Det var ho som hadde ringt meg. Det var ho som ønskte dette. Men eg kunne ikkje stanse. Eg ville høre pusten hennar når ho forvandla seg frå å vere ei alle såg, til å bli ei eg tenkte at bare eg fikk sjå. Eg ville halde rundt ho og vere saman med ho og gjøre alt dette som eg ikkje visste kva var. Ho var så annleis, ho var ein stad forbi skam eller synd, begjæret hennar var utan reservasjon. Ikkje stopp, sa ho til meg. Vent med å komme, sa ho. Ikkje gjør det slik, sa ho. Gjør det heller sånn, sa ho og viste meg. Om kveldane stod eg på rommet eg delte med Fredrik. Eg såg opp på dei tente lysa i villaen på Toppen, eg stod der og venta på at ho skulle ringe. Om du hadde gått forbi hytta vår ei sommarnatt i 1974, er eg sikker på at du ville ha ønskt å vere saman 14


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 15

med dei folka, tatt ein øl saman med dei, og du ville ha preika drit med dei og du ville ha sunge songar rundt bålet saman med dei. Du ville ha ønskt at mor di var like vakker som mor mi. Du ville ha stått der og tenkt at no var alt perfekt, dette her må vare for alltid. Den kvelden vi steig ut av t-Birden, tok Lars Paalgaard meg i handa og takka for turen. Eg er glad for endelig å ha møtt deg, sa han, før han gjentok det same då han tok Fredrik i handa. Eg hugsar eg tenkte at han var ein slags gentleman, han heldt oss som om han ønskte at vi skulle forstå at han verkelig meinte det. Etter at vi såg baklysa på bilen forsvinne mellom trea, gikk eg rett opp til hytta. Mor mi ropte etter meg, ho spurte om eg ikkje ville ha noko å ete, ei pølse eller ei steik. Også Fredrik kom springande etter meg, men eg ville vere åleine. Inne i hytta verka det som ingenting stod stille. Alt snurra rundt, eg visste ikkje om eg skulle legge meg, eller om eg skulle bli sitjande oppe. Eg kunne ikkje hugse at eg hadde vore så sint nokon gong. Eg fann fram alle kassettane mine for å velje ut ein bestemt som skulle overdøyve lydane av latter og preik utanfrå, men bandet krølla seg i spelaren og eg blei ståande for å fikse kassetten før eg drog ut bandet og heiv alt saman på golvet. Etter ei stund kom mor. Ho banka på si eiga dør, som om ho var usikker på korleis eg kom til å reagere. Ho sa at Marita hadde spurt etter meg, ho sat nede ved bålet. Går du ned til ho? spurte mor mi. Eg svarte ikkje. Vil du ikkje ned til Marita? spurte ho. Nei, sa eg til slutt. Går det bra med deg? 15


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 16

spurte mor. Nei, svarte eg. Har eg gjort noko gale? spurte ho. Eg gikk rett forbi ho og ut av hytta. Eg tok til å gå ned den skrå bakken som låg lik eit naturlig amfi mot fjøra. Fredrik kom opp på sida av meg, men eg dytta han i skuldra. Han snubla og blei liggande i graset. Han ropte namnet mitt. Eg hadde bestemt meg for å fortelje Marita at eg hadde tatt til å pule ho dottera til direktøren. Å halde kjeft ville vere det same som å halde ho for narr, hadde eg komme fram til. Eg hadde ikkje sagt noko tidligare i sommar, eg tenkte at ho hadde ingenting med det, for vi var ikkje kjærastar. Vi bare hang i hop kvar sommar, ho jobba borte på butikken, og det var der eg hadde sett ho først. Alle gikk ut frå at vi var kjærastar, eller at vi i det minste kom til å bli kjærastar ein dag. Ho sat litt vekke frå dei andre då eg kom ned. Eg sette meg utan å seie hei. Kvar har du vore? spurte Marita. På tivoli, sa eg. Ho hadde hendene falda rundt knea. Det var noko i auga som gjorde at eg tenkte at ho allereie visste, ho hadde sett gjennom meg heile denne første veka. Eg orka ikkje blikket hennar og såg vekk. Borte ved bålet skimta eg skuggar som rørte seg ved flammane. Poteter i folie og ølflasker som gikk frå hand til hand. Eg hørte glas som trefte glas, og folk som ropte skål. Nokre dritungar kom springande bak oss og hylte ertande: kjærastar, kjærastar. Kva er gale? spurte Marita. Ingenting, sa eg, det går fint. Eg kjenner deg ikkje igjen, sa ho. Ikkje eg heller, sa eg. Vi sat stille. Ein fyr borte ved bålet hadde dratt fram gitaren og 16


grytten. menn som ingen treng. mat. sabon next.qxp 19.07.16 19.40 Side 17

song. Alle song med. Vil du gå ein tur med meg? spurte Marita. Eg reiste meg med ei mjuk kjensle av forundring i kroppen. Då vi kom eit stykke lenger vekk frå bålet, tok Marita handa mi. Ho såg seg tilbake, mot lysa frå hyttene og husa som utgjorde det vesle sentrumet inne i vika. Eg kjente ei svak duft frå huda hennar og håret som kilte meg i ansiktet. Ho pressa seg inntil meg. Munnen hennar søkte min. Eg strauk ho på ryggen, så over baken. Ho tok meg inn i skogen, heldt meg i handa og drog meg mot seg. Ho snudde seg kjapt, eg såg det bleike ansiktet hennar mellom dei mørke grantrea. Ho trekte ned kjolen frå skuldrene slik at eg kunne kjærteikne brysta hennar. Eg la ho ned på bakken og løfta opp kjolen hennar. Eg hørte ho grine då eg varsamt kom inn i ho. Etter at vi hadde lege saman, tenkte eg at ho var alt eg hadde ønskt meg, og no var ho tapt for meg. Ho måtte også ha visst det då ho tok meg med hit. Dette var ikkje måten å gjøre det på. Dette var ein måte å gjøre det slutt på. Vi låg der i mosen mellom dei tette trea, ho kyssa kinnet mitt, eg kjærteikna halsen hennar, men det var ei bestemt kjensle som spreidde seg rundt i kroppen, og som trengte inn i heile meg, blei pumpa ut i hender og fingrar, inn i tunga, prikka meg i huda.

17

Frode Grytten - "Menn som ingen treng"  

Bla i boka. Leseprøve på novellesamlinga "Menn som ingen treng" av Frode Grytten.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you