Page 1

aanestad. sibylle. omsl.qxp 23.06.16 17.51 Side 1

over fjellet til ein blaut vestlandsvår, om fotografi

i ngrid z . a a n e s ta d Sibylle

Sibylle er ein roman om å vera systrer og køyra

og mørke rom, om å kle seg ut til kvinne, sovna

Om Sol, seier ho (2013) «Det Aanestad gjør så elegant, er å få frem kompleksiteten i det å være avhengig av andre. I alle Annas relasjoner er det noe som dirrer, personene er på samme tid nære og fjerne. Man blir usikker på hvem som trenger hvem, det veksler, og intensiteten holdes oppe. Og det er denne rolige intensiteten som, sammen med det vakre språket, gjør Aanestads fjerde roman til en høydare denne bokhøsten» ida vågsether, stavanger aftenblad

i ng ri d z . aane stad

Sibylle

og vakna i eit gammalt hus, om eit djupt hòl i eit ganske alminneleg liv.

for la g e t ok t ob e r 2 0 1 6 is b n 978-82-495-1712-1 Forfattarportrett: Cato Lein Omslagsfoto: Sibylle Bergemann | o s t k r e uz Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | e x i l d e s i gn

forlag e t ok tober

ing ri d z. aan estad (fødd 1983) debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag. I 2010 mottok ho Forlaget Oktobers jubileumsstipend, og i 2012 fekk ho Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend. Sibylle er den femte romanen hennar.

Om Stormkyss (2010) «Aanestad lykkes nok en gang med å skape en spesiell form for ikke-handling i skriften; som elektronisk glitch eller en slags hørselstest beveger teksten seg i diskré moduleringer, det spede jenteuniverset folder seg ut med sine gleder og sorger, men virker ofte så bortvendt og halvsovende at det blir provoserende. Ingenting kaller på din oppmerksomhet, men nettopp i denne stillheten finnes noe uhørt, det finnes ikke noe press, og et rom åpner seg, hvor det plutselig blir mulig å lytte. Det er godt gjort» susanne christensen, klassekampen Om Eg kjem med toget (2008) «Årets store positive overraskelse! … med denne vakre, strippede romanen skriver hun seg rett inn blant de beste» geir vestad, hamar arbeiderblad Kritikernes favoritter 2008

rom an | forlage t ok t ob e r

«Aanestad kan for vår del gjerne være Aanestad til verdens ende» månedens bøker, klassekampen


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 1

s i by lle


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 2


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 3

Ingrid Z. Aanestad

sibylle Roman

f o r lag et o k to b e r 2016


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 4


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 5

Den sprukne murpussen på bygardane liknar hud. Ved overgangsfeltet stoppar bilane for henne. Ho går forbi ein kafé, det ligg barn og søv i sola utanfor, tynne teppe dekker vognopningane. Vårvinden er kjølig, hendene hennar kalde. Ho rettar på taska som gneg ut mot skuldra, spiralblokker stikk opp frå opninga. Ein luftstraum som luktar såpe og tøymjuknar kjem ut frå vifta ved sida av eit kjellarvindauge. Ho svingar inn ved kyrkja. Eit skilt seier at det skal herska ro og orden på kyrkjegarden, at det ikkje er lov å springa og ropa. Graset mellom gravene er slite og gammalt med grøn mose i flekkar. På toppen av minnelunden står ein skulptur, ei kvinne med bøygd nakke og håret rulla mjukt inn. Ved føtene hennar ligg ein bukett visna lyng og ein engel med påteikna smil. Det står sløkte gravlykter på sokkelen, fuglefigurar i keramikk, opne tulipanar i grøn plastvase. Ein oval stein er måla med raudt og svart i marihønemønster. Sibylle set seg på ein benk og ser utover. Trea er nakne. Skolettane hennar har fått eit lag lyst gatestøv på seg. 5


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 6

To svarttrastar står på muren ut mot gata, dei gule nebba peiker ut i lufta. Varebilar og taxiar køyrer forbi. Ei kvinne stoppar på fortauet og vender andletet opp mot sola, ho lukkar auga, ho dreg litt i skjerfet så halsen blir blotta.

6


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 7

På trikken sit ei jente med raude lepper og leppestift i handa. Saman med henne sit to andre, dei snakkar høgt og ler. Ho med leppestiften duttar det raude feittet på leppene til jenta som sit overfor henne, med korte, lette rørsler. Trikken svingar, ho dreg leppestiften til seg og vurderer resultatet. Ho pressar sine eigne lepper mot kvarandre. Den andre hermar. Når ho smiler, kjem blank tannregulering til syne bak leppene. Den tredje jenta bruker stiften sjølv, ho speglar seg i mobiltelefonskjermen, teiknar overleppa med tydeleg amorboge. Ho tek fram eit papirlommetørkle og legg det mellom leppene, lukkar munnen raskt og opnar han, avtrykket sit igjen på papiret. Ho sender det rundt til dei andre som gjer det same. Sibylle reiser seg for å stiga av trikken, ho høyrer låtten deira heilt til dørene lukkar seg bak henne. Sibylle låser seg inn. Ho sjekkar postkassen i oppgangen, finn ein lønnsslipp til far og adressert reklame frå ei matbutikkjede, på golvet ligg ein bunke gratisaviser med informasjon frå bydelen. Den øvste rekka med postkassar er bulkete på toppen. 7


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.33 Side 8

Ho vrenger av seg jakka i gangen, løyser undertrøya, skyv taska inn i kroken med foten. Døra inn til stova står på vidt gap, små solkattar skeinar inn over golvet. Sibylle går til kjøkkenvindauget og ser ned på trikken som svingar i krysset. Det gnislar. Utanfor kafeen på hjørnet står ein mann med pappkrus i handa. Ho pressar panna mot glaset, set att ein oval feittflekk. Over servanten på badet heng ingen spegel, men eit innramma fotografi av ei kvinne med frekner og tjukke faldar av hud under auga. Rynkene i panna hennar er jamne og djupe, det er eit gulaktig lys i biletet. Sibylle kler av seg og lukkar seg inn i dusjkabinettet, skrur opp kranen. Det strøymer vatn over henne, først kaldt, så varmare, ho står midt under strålen med auga att, munnen open. Vatnet sildrar, perlar seg. Ho legg seg på sofaen etterpå, stikk dei nakne føtene inn i sprekka mellom putene. Den gule fløyelen er glatt mot vristene, kinnet. Sibylle pustar inn i sofaputa og kjenner den fuktige varmen frå pusten, ei lukt av støv og tøy og noko ukjent som er ho sjølv.

8


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.34 Side 9

Sibylle hakkar lauk og varmar olje i ei panne, finn fram krydder frå hylla. Ho lagar curry med kikerter og grønsaker, ho koker ris, raspar ingefær. Far kjem inn i kjøkkenet med ytterjakka på, ei stripete lue som han dreg av hovudet, han seier at det luktar vidunderleg. Han rufsar Sibylle i det våte håret. Ho rører i gryta. Har du hatt det godt i dag? seier han. Eg har lært kondisjonalis, seier Sibylle. Je serais, tu serais, il serait, nous serions, vous seriez, ils seraient. No comprendo, seier han og snur seg mot henne, knakkar panna hennar lett med handa. Du er for smart. Eg skulle vera glad, seier ho. Du skulle vera glad. Ho skulle vera glad. Far har hengt frå seg yttertøyet, han vaskar hendene med oppvasksåpe under springen og løftar ned to djupe tallerkenar frå kjøkkenskåpet, han gir dei til Sibylle, som legg opp mat. Dei plukkar kvar si skei frå bestikkhaldaren og stiller seg inntil kjøkkenbenken 9


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.34 Side 10

for å eta. Dei er stille, skeiene skrapar mot porselenet. Kanskje me skulle skaffa oss ein riskokar, seier far. Sibylle set frå seg og fyller ein kopp vatn, drikk og skyl munnen fri for mat. Takk, seier far. Han går til vindauget og opnar det, set ei bok imellom så det skal halda seg ope. Han blir ståande litt og sjå ut, han stryk seg over det glatte hovudet. Bak ved nakken er det eit mjukt søkk. Eg ordnar resten, seier han.

10


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.34 Side 11

Far halvsøv i lenestolen. Det ligg aviser overalt, på golvet, bordet, i sofaen. Tomme koppar, appelsinskal. Sibylle sit med ei tynn strømpebukse trædd på armen, prøver å stoppa små hòl med blank naglelakk. Me burde rydda, seier far. Synne bryr seg ikkje, seier Sibylle. Ho bryr seg endå mindre enn oss. Ho begynner på ei ny strømpebukse, knyter handa, trær på, er forsiktig med neglene så dei ikkje lagar nye hòl. Me har pengar nok til nye klede, seier far og ser på den vesle haugen med samanrulla nylonstoff som Sibylle har plassert framføre seg på stovebordet. Eg veit det, seier Sibylle. Eg mista ei kvinne i dag, seier far. Ho var ikkje så gammal heller. Alt såg ut til å gå bra, og så, poff, vende det, me fekk henne ikkje tilbake. Han rettar seg opp i stolen.

11


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.34 Side 12

Sibylle vaknar av at far dusjar, det brusar gjennom veggen. Ho vrir seg og plukkar telefonen opp frå golvet, løftar han opp over andletet og lukkar auga, tek eit bilete. Nasen lagar ein spiss liten skugge i andletet, augeloka er nesten heilt kvite. Det var ei på trikken i går som sa at eg såg ut som om eg jobba på sjukehuset, seier far og legg ost på ei brødskive. Ho hadde rett, seier Sibylle. Kanskje såg eg ekstra sliten ut etter den dagen. Sibylle sit ved kjøkkenbordet, ho støttar hovudet opp med knyttneven mot haka. På kjøleskåpsdøra heng lister, ein kalender, takkekort med bilete av barn i lyse klede. Kanskje ville ho ha noko av deg, litt omsorg, seier Sibylle. Ho stryk med handa over leppene. Viss dei skulle operera meg for noko, seier Sibylle. Ikkje noko alvorleg, mandlene eller blindtarmen. Kunne du vore den som bedøvde meg då? 12


aanestad. sibylle.qxp_materie 30.06.16 18.34 Side 13

Far reiser seg og slår av kaffitraktaren, han snur seg mot henne. Han har vakna no, han ser på henne. Kunne du gitt meg ei lita beroligande pille på førehand? Far ristar på hovudet.

13

Ingrid Z. Aanestad - "Sibylle"  

Bla i boka. Leseprøve på romanen "Sibylle" av Ingrid Z. Aanestad.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you