Page 1


h책heim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 1

Sva rt b elte


h책heim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 2


h책heim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 3

Svart belte Roman

Marianne Clementine H책heim

FORLAGET OKTOBER 2015


h책heim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 4


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 5

Liv blir til her eg bur. Om våren legg søyene seg ned og føder rett i hendene våre, pappa fjernar slim frå små munnar så dei første breka kan sleppe ut. Somme lam får namn etter blomar, andre etter planetar. Kvar familie har namn som går i arv, og eg kan peike ut kvar einaste ein, kjenner dei att på krøllene og augo. Besteforeldra mine bygde huset vi bur i, dreidde året rundt med slipesteinen. Eg har ofte rømt til skogs med eit mål om å bli der i dagevis, lære meg å leve av naturen slik eg innbiller meg at dei ville ha gjort, men har alltid gått lei smaken av surblad og vore inne att til kveldsmat.

5


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 6

Det er sommar, slåttegraset tørkar av seg sjølv på bakken, når vi kastar oss ut i elva, kan vi rope så høgt vi berre orkar. Pappa lagar raude striper i synsfeltet med traktoren, han røyker bak rattet og klagar aldri. Lamma beveger seg som skyer og vind, oppdagar alt for første gong kvar gong, spring kvite og galne gjennom fjellet. Eg har fått min første sommarjobb og lært meg å drikke pulvercappuccino. Snart kan eg kjøpe fleire bandskjorter og cd-ar enn nokon nokosinne har gjort før meg, og vere oppe heile natta. Juni og turistsesong på hotellet, bussane rullar inn på parkeringsplassen og spyr menneske ut av klamme munnar. Dei fotograferer fjella og vatnet, graset og husa. Stimar med kvite bøttehattar og knitrande kamera. På kjøkkenet arbeider eg ved sida av verdas vakraste mann. Han er kokk, og eg veit ikkje om han er flink, men når han bøyer seg over skjerefjøla, blir luggen så lang og munnen så sint. Han er livstrøytt og litt roten, på ein fin måte. Eg er styggroten, fordi eg står over oppvaskkummen, kor sveitte blandar seg med klumpar av blåmuggost og slintrer av fårikål, fordi eg er tretten år og går med fornuftige skor, fordi eg ikkje kan leggje eyeliner, fordi eg ikkje klarer å bevege meg som noko anna enn ei lita jente med sykkelen sin parkert utanfor.

6


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 7

Han spør om det regnar ute, om vi har fleire reine tallerkar, om eg er lei av Limp Bizkit-cd-en som har gått på repeat heile dagen. Eg seier ja eller nei. Skulle ønske det var meir å seie. Skulle ønske eg hadde historier på tungespissen som kunne falle naturleg, opne noko mellom oss, men historiene mine er så få, og det er så langt frå min plass til hans.

7


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 8

Det eg tek med meg inn på jobb, får plass i armane mine. Stødige nevar, opptrakka stiar og brunost med sukker på, det krøllar seg saman og er trygt. Når eg opnar døra, og det kolliderer med dei andre sine ting, læt det som eit kjøtstykke mot linoleumen. Der inne jobbar det menneske alle stader frå, frå hòler i bakken og sprekkar i asfalten. Dei er merkte i andleta og harde der eg er mjuk. Eg tjuvlyttar til samtalene deira dag ut og dag inn, blir kjend med det høglydte stammespråket, dyttar dei same orda rundt i munnen utan at det blir riktig. Medan dei sklir våte langs golvet, står eg støtt, tungt, oppdragent. Kan eg finne det harde i meg sjølv, eller eksisterer det berre i dei andre? Kva kostar den rette ryggen og dei rastlause føtene?

8


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 9

Cause to stand up / out in the crowd You are one in a million And I love you so / let’s watch the flowers grow Soundtracket til byrjinga på forfallet er så fint, The Invisible Band med Travis. Eg er forelska i ein svensk mann som er altfor gammal og aldri kjem til å ta meg med på fest på stranda. Det er vakkert og umogeleg, slik som knust glas og skotske band. Kvar dag knyter eg eit plastforkle rundt livet, opnar alle porer, vaskar og set ting på plass der dei skal vere. Tallerkane står i stablar, bestikket ligg i separate boksar, og eg stel alt som minner om han. Når ingen ser på, tek eg polaroidbilete ned frå korktavla og post-it-lappar med handskrifta hans frå sausbehaldarar. Eg veit ikkje kva eg skal gjere med det, men det verkar riktig å bere på: små bitar av eit framandt liv i mine dagbøker.

9


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 10

Første gong eg kastar opp, er det mest for å sjå om det går, fingrane i halsen er forslag til ei løysing. Eg er på jobb og brukar ti minutt på å brekke meg tørt og vondt over toalettet i gangen. Bitar av pasta og heile maiskorn beviser at eg kan få det til, den plutseleg mjuke kroppen ber lovnad om at det kan bli godt. Eg innser at det ikkje er vanskelegare enn dette: Viss eg tek tak og dreg av alle krefter, vil eg måtte sjå annleis ut etterpå. Ein annan kropp er noko nytt, og dermed verdifullt.

10


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 11

Eg var så lita første gong eg spurde mamma om det var meininga at låra mine skulle vere så breie når eg sat. Ho svarte at det sjølvsagt ikkje var noko gale med låra mine, men korleis kunne det stemme, når tynne lår såg heilt annleise ut? Det fanst tynne lår, og det fanst lår som mine. Skilnaden har gjort andletet mitt grønt i garderobar, i symjebasseng, på klassefestar. Dei tynne låra alltid finast, jentene lette å slenge over aksla og tvinge ned i snøen. Sidan eg var ti år, har eg drøymt om det store opprøret, å seie nei til mine eigne behov og med det byte plass i verda. Korleis det endeleg har blitt mogeleg no, veit eg ikkje, men det er som eit skybrott. Ein vid open himmel og hamrande regn, eg lèt att augo og held munnen open.

11


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 12

Eg forelskar meg djupt og inderleg i den nye historia om meg sjølv, kor eg har eit nei som er mitt, kor eg kan bestemme kva ting smakar og korleis dei kjennest i magen. Kroppen, og dermed heile eg, kan formast og formast igjen etter min vilje. Aldri før har eg vore så spent. Med sitrande hender begynner eg å skrelle meg sjølv. Først pillar eg vekk neglebanda, tygg opp huda rundt neglene, dreg av lange tapetstrimlar. Eg dreg i huda på leppene til det berre er glinsande raudt att. Fotsolane må splittast med saks, hudstykka som losnar, er så store at eg sorterer dei som matavfall. Eg opnar kroppen langsamt, tek tak der eg er tynnast, og flerrar opp. Mellom kragebeina er det ei mjuk grop eg hatar, eg nynnar og pressar fingrane innover. Kroppen sukkar og slepper huda, kjøtet syng når det møter lufta, eg fyller kompostbingen med substans eg ikkje treng.

12


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 13

Sjå: Ein ny slange kjempar seg ut av ein tørr ham. Eg et cornflakes med vatn på og skjer brødskiver som knapt eksisterer, finn stadig nye angrepsvinklar. Svolten held meg varm og vaken. Dette er livets mirakel: å vakne kvar dag til eit litt anna spegelbilete, å føle større og større avsky ved tanken på loff og honning. Omsorga eg føler for kroppen som veks fram, må vere lik omsorga ei mor føler for sitt nyfødde barn: I går var han der ikkje, i dag betyr han alt.

13


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 14

Kom hit og prøv å få meg til å føle meg liten. Kom med raude augo, svarte panneluggar og historier om festar på Ibiza. Ryggrada mi står i brann, og eg er Gud over den rumlande magen. Svensken spør etter sine vanlege gryter og panner, og det er heilt greitt at han ikkje ser kva som skjer her under plasten. Det viktige er korleis talet på vekta søkk, som ein sluk i elva, nedover, inn i stadig større munnar. Det er lett å leggje tunga mot stålet når det smakar så godt.

14


håheim. svart belte.qxp 14.08.15 22.58 Side 15

I tredje etasje i det gamle, gule huset heng eit portrett av bror min og meg. Vi er tre og fem år gamle. Han har skjorte og tversoversløyfe, eg har matroskjole, vi er kongeblå og kvite og framtida. Foreldra våre hadde nettopp slått seg ned, bygd på huset kor pappa voks opp, gjort alt større, opna for heilt nye barndomsminne, sett oss springe berrføtt over plenen. Dei grov djupare enn dongerilommene rakk for å skaffe oss alt vi trong, tok seg råd til fotograf for aldri å gløyme kor fulle av solskin vi var. Eg har brukt barndommen på å redde meitemark frå vasspyttar etter regnvêr, lese bøker om førstehjelp for smådyr, lært meg korleis ein spjelkar ein fugleveng i teorien. Det har handla om å halde i live og reparere. No skrapar eg meg sjølv i ganen med lange negler og rissar runar inn i dei tjukkaste delane av kroppen for å få noko til å skrumpe inn og ramle av.

15

Profile for Forlaget Oktober

Marianne Clementine Håheim - Svart belte  

Bla i boka. Leseprøve Marianne Clementine Håheims roman "Svarte belte".

Marianne Clementine Håheim - Svart belte  

Bla i boka. Leseprøve Marianne Clementine Håheims roman "Svarte belte".

Advertisement