Det er naturleg å vere menneske av Erling Indreeide

Page 1

det

er naturleg
å vere menneske
erling indreeide det er naturleg å vere menneske Vegen til Geiranger funderingar og ferdaminne forlaget oktober 2024

kringla heimsins

Her i krinsen er eg heime. Her er heimen min, her

i Heimsrommet, Kosmos Universet. Her kan eg reise. Her kan eg kome heim

til Oslo lufthamn Gardermoen og vidare heim.

| 5

møda og vegen

I fall livet er vegen, er målet ukjent, og dette er vegen til Geiranger, gamlevegen. Her er eg, eg er på veg til Geiranger. Eg følgjer gamlevegen. Det er ein solskinsdag. Nei, eg er ikkje på veg til Geiranger, eg berre går her. Eg er ikkje på veg til Geiranger, eg skal ikkje dit. Eg følgjer vegen til Geiranger, gamlevegen, men det er ikkje til Geiranger eg skal. Kva er det ein skal fram til? Denne vegen har eg gått i så mange slags ærend. Her er eg kjend, attkjend; eg kjenner meg att mellom alt dette kjende, alle desse påminningane. Det kan ha vore i 1949 eller 1950, eg kan ha vore fire eller fem år. Eg var for liten til å vere med til Mølls. Eg var for liten til å gå den lange vegen, meinte dei vaksne, eg meinte motsett. Då eg stod opp att etter middagskvilda, var mor og søstera mi farne. Ho var to år eldre, godt og vel to år eldre enn eg, då som no, ein konstans i dette omskiftelege universet, men like ulokalisert som alle andre abstraksjonar, altså konstansen, ein matematisk konstans. Det er konstansen som er ulokalisert. Både søstera mi og eg er framleis lokaliserte, og no er eg her, på gamlevegen til Geiranger. Det eine året er ikkje det andre likt, vi veit det. Likevel tel vi år, som om det eine året var det andre likt, og held matematikk for å vere eksakt vitskap. Eg var lite tilfreds med den vendinga saka hadde teke, og sa klart ifrå om det. Eg fekk vite at dei store ungane, dei som var så store at dei hadde slutta å kvile middag, dreiv på og leika seg med bilar oppe i grushòla, og eg sprang så fort eg kunne opp gjennom

6 |

geilen. Eg visste at der oppe i grushòla vart vegar bygde og tekne i bruk til mange slags transport. Hus og låvar og omfattande anlegg var sette i stand, og imellom alle desse føretaka var det tungt trafikkerte vegar. Lastebilar dura bortover med gruslass til vidare utbygging av vegane. Mjølkebilen kom og fór, mjølkespann vart lempa på og av. Det var så mangt å ordne med, mange tunge tak, mange farlege situasjonar og heltegjerningar. Dette visste eg, og eg ropte på god avstand at no kom eg med. Dette var eit av åra då ny veg til Geiranger var under bygging. No skulle det snart verte køyrande med bil. Det skulle verte bilveg til moster på Møll. Det var teke ut masse til vegen frå haugen ovanfor huset der eg budde, og som resultat av det var det no ei lita grushòle der. Men det var visst for mykje mold i grusen, så uttaket vart fort avslutta. No stod grushòla tom, og bra var det. Grushòla vart ein leikeplass. Eg berre går her, inn gjennom dalen i solskinet, ein vakker dag, ein vakker veg, ikkje lenger brukande for andre enn gåande. Ja, dagen er brukande for både gåande og køyrande, men vegen er brukande berre for gåande. Krøtterfot trakkar, stein har ramla ned frå skredene, vatn har øyrt, lyng og einer grodd. Grushòla er trakka ned og har grodd til, slik at andre enn innvigde knapt kan sjå spor av inngrepet. Eg følgjer gamlevegen inn gjennom dalen i solskinet. På somme strekningar er vegen skjult av vierkratt. Fór far min her med hest og kjerre i sin ungdom, på veg til Geiranger for å skysse turistar? Nei, han gjorde nok ikkje det. Vegen var for kronglete og bratt ned Møllsbakkane for slikt køyretøy. Dei sende kjerrene sjøvegen og fór med hestane lausreipa att og

| 7

fram, dei som skulle til Geiranger og skysse turistar. I mi tid stod kjerra i ein krok på låven. Det burgunderraude plysjtrekket på passasjersetet var dekt av støv, og då eg børsta rein ein flekk, såg eg kor bjart det var. Eg berre går her utan mål for ferda, usett av andre enn nokre stutkalvar og nokre kråker som kom siglande over bakkekammane. Ja, også kråker siglar iblant, dei flaksar ikkje heile tida. Eg berre går her utan mål for ferda og er følgjeleg ute av stand til å skilje rett frå urett ferd og lei, eg forstår det. Det er ikkje opp til den som fer utan mål, å skilje rett ferd frå urett. Det er ikkje opp til den som fer utan mål, å vere rettskjelde. Ja visst, eg går etter nasen. Eg fer ikkje feil om eg fer oppover. Eg fer ikkje feil om eg fer nedover. Eg fer ikkje feil om eg følgjer vegen. Eg fer ikkje feil om eg tek den mest uvegsame og uframkomelege ruta som tenkjast kan, som ein annan fjellklatrar, eg forstår det. Eg har inga rute å halde meg til, ingen tidstabell. Eg går her og tenkjer på det. Eg tek ikkje den lettaste vegen. Den vanskelegaste vegen er møda verd, meiner dei visst, fjellklatrarane, og dei er framkomne når dei kjem til toppen. Men det er nok likevel ikkje toppen som er målet for ferda, for dei ville ikkje ha nådd målet sitt om dei hadde gått den oppmerkte ruta, teke den lettaste vegen, brukt det mest effektive hjelpemiddelet, så å seie. Eg spør ikkje etter leia. Eg skal ikkje nokon stad. Eg skulle ingen annan stad ha vore. Eg er allereie framkomen. Eg fer ikkje fram som eg stemner. Det er ingen stomn på båten eg stemner med. Eg er min eigen båt, vil eg svare, om nokon skulle kome med innvendingar. Ja, det er ein fridag, visst er det så, men berre den som har noko å

8 |

velje mellom, kan vere fri eller ufri. Det er veljarane som er frie eller ufrie. Berre den som har noko å forsake og noko å forsake det for, kan vere fri eller ufri og velje rett og kome dit ein ville, eller velje urett og ikkje kome dit ein ville. Det er eit spørsmål om vit og forstand. Den som vil noko, kan vere fri eller ufri, og er ein fri og dessutan har vit og forstand nok til å velje rett, kjem ein dit ein ville. Eg skal ingen stad. Eg er viljelaus. Eg har ingen vilje å følgje. Eg skulle ingen stad ha vore. Eg følgjer min natur. Eg følgjer naturen dit han fører meg. Naturen fer av med meg. Den som tek mål av seg til å avgjere om menneskenaturen er god eller vond, må først avgjere om natur kan vere god eller vond. Det er ikkje noko eg skal fram til. Eg er sjalta ut. Eg er bortanfor spørsmålet om fri eller ufri. Eg er borte. Ein sporhund vil saktens kunne rekkje spora etter meg. Men det er ei anna sak. Eg er evnelaus. Det er ikkje noko eg skal fram til. Eg er ikkje til noko. Eg er ikkje til. Eg er rennande vatn. Fri som vatnet. Fri som fuglen. Det er ein fridag. Nei, eg motseier meg sjølv; berre den som vil noko, kan vere fri eller ufri. Berre den som har noko å velje mellom, kan vere fri eller ufri, og berre den som har ønske i strid med kvarandre, har noko å velje mellom. Berre den som har noko å gje avkall på, noko å tole, kan vere fri eller ufri. Eg forstår det. Det er det vi kallar vilje. Eitt ønske åleine er ikkje nok. Vilje er det tale om først når ein har noko å gje avkall på, noko å halde ut på veg til oppfylling. «Tole slit og frost og væte», var det ikkje så? Toleranse og vilje kan ikkje skiljast, eg forstår det. Toleevne og viljestyrke er eitt og det same. Eg forstår at toleranse og viljestyrke er ulike

| 9

namn på same kategorien. Det er så mangt å tenkje på. Eg er utan evne til å skilje rett framferd frå urett framferd. Nei, det er ikkje framferd det er tale om; eg fer ikkje fram. Ein kan knapt seie at eg fer. Eg skil ikkje rett ferd frå urett ferd. Eg er rettferdig, kva eg enn måtte gje meg ut på eller ikkje gje meg ut på av klatreøvingar og fotbad. Eg er ikkje meir rettferdig om eg fer hit og dit, enn eg ville vere om eg berre sette meg på ein stein. Ein spør etter meining med tilværet. For den som vil noko, er det naturleg å vere tilgjord. Ein rettar seg inn mot siktemålet. Ein innrettar seg mot siktemålet. Ein er ei innretning. Ein er til noko. Ein må gjere seg til det ein har å vere til. Det går frå det eine til det andre. Ein er tørst og må gjere seg til middel for å få sløkt tørsten. For tida er eg tørstesløkkjar, kan du svare om einkvan skulle kome til å spørje. Du kunne også svare: Eg er tørst. Du er måten tørsten er på. Du er det ærendet du er til for. Du er sjølvforsynt med ærend å vere til for. Tilvære, seier vi. Det er det eine, og det er det andre. Det skifter frå sut til gaman, seier diktaren. Heimen er både vond og god, seier diktaren. Einkvan græt og vil ha trøyst, og du gjer deg til trøystar. Du gjer deg til verktøy for viljen til den som vil ha trøyst. Du gjer deg til verktøy for ein annan sin vilje. Men det vil du gjerne. Du vil det slik. Du kjenner visst ein ubendig trong til å trøyste. Det er slett inga enkel sak å skilje mellom det ein er til for eigen vilje, og det ein er til for andre sin vilje. Det er slett ikkje like greitt alltid å forklare kva ein er til. Du kan verte hindra. Einkvan som har makt over deg, vil ikkje at den gråtande skal verte trøysta, og hindrar deg frå å trøyste. Du er ikkje fri til å trøyste.

10 |

Du er ikkje fri til å gjere som du vil. Det vanlege er at noko du vil, står i motstrid til noko anna du vil, og så må du velje. Du vil gjerne trøyste, men du vil også berge skinnet frå klørne til makthavaren. Det vanlege er at det er strid i hugen. Det eine står mot det andre i så mange retningar og på så ulike avstandar at du knapt kan gjere greie for kva du vil. Men kven kan vere ein veljar utan strid i hugen, utan noko å velje mellom, og kven kan vere fri eller ufri utan å vere ein veljar? Det skal skarp presisjon til for den som vil drage grensa mellom å bestemme sjølv og bestemme seg for å følgje ordre. Eg har ikkje noko å tape på å ta av frå vegen og gå skråninga nedover. Eg har ikkje noko å tape på å ta av frå vegen og gå skråninga oppover. Ja, ein kan aldri vite. Ein kan trakke ned i eit hòl som var skjult av nokre grastustar, og bryte leggen. Ein gong eg bøygde meg fram, bykste mobiltelefonen ut av brystlomma på skjorta mi og rett ned i den einaste vasspytten på Inste Hesjedalshaugen, ei lita oppkome, eller kva det var, mellom to steinar. Telefonen ville vel ha seg eit svalande laug i varmen. Fri til å velje er ein så lenge ein har noko å tape. Det er når ein har tapt alt, at ein er fri frå fridommen. Det går frå det eine til det andre. Viljen og ærenda skifter i eit einaste køyr. Likevel gjer du krav på å vere eit varig tilvære, ein varig identitet, livet igjennom, som om du har eit varig ærend å vise til, ein stabil tørste, eller jamvel eit kall. Somme viser til ein annan vilje enn sin eigen å vere til for. Skulle ein kunne arbeide for ei sak utan å gjere seg til ei innretning for saka? Skal noko vere til noko, må einkvan vilje noko. Den som vil noko, kjem ikkje unna å vere teknologi for

| 11

eigen vilje, effektiv eller utilstrekkeleg, det kan vere på så mange vis. Men ein kjem ikkje unna. Ein kjem ikkje unna å ha noko å vere til, skal ein vere til. Skal ein vere eit målretta og fornuftig vesen, kjem ein ikkje unna å gjere seg til. Her har eg ikkje noko å gjere meg til for, ikkje i dag. Eg er utan evne til å skilje ferd fram frå ferd attende. Eg berre går her utan mål og meining. Det er ute i tilværet ein er fri eller ufri, rettferdig og urettferdig. Rett ferd fører fram til det ein ville fram til. Eg kunne like godt snu og gå tilbake, det ville vere det same, det ville ikkje føre meg nærmare målet eller fjerne meg frå målet. Eg er utan mål, eg er i mål, eg står ikkje i mål, eg går i mål, eg går og går i mål. Eg berre går her, eg er framkomen, eg er den attkjende, og det er eg som går her og kjenner meg att, og vi veit alle at å snu og gå tilbake er, i ein annan forstand, å gå vidare. Det er ingen veg tilbake, det veit alle. Den som skulle ha vore framkomen til avtalt tid og har oversett eit vegskilje, eit det. Men eg er framkomen; eg er her eg skulle ha vore no. Eg kan snu, slik at vegen til Geiranger skifter namn og vert vegen til Indreeide. Faktum er at eg er framkomen kvar eg enn fer. Faktum er at eg er i ro kvar eg enn fer; eg er komen til meg sjølv, fann fram, og her vert eg verande til så lenge, eit ufråvikeleg fastpunkt, ein stillstand, ikkje til å kome unna så lenge eg varer. Herifrå kjem eg ikkje så lenge eg varer. Eg er her, seier eg, kvar eg enn er. Eg fann fram; eg er funnen, og eg er finnar. Eg er eit funn, ja visst, og eg er finnar, ein observatør, ein av observatørane, ein av finnarane. Eg er observatør, og eg er den observerte. Eg berre går her. Skulle eg vere komen til meg sjølv, lagt merke til at eg

12 |

er til, utan å ha noko å vere til noko for? Hugen skifter, viljen skifter; det vert stadig nye siktemål å vere til for, stadig nye gleder å gle seg til, stadig ny frost og væte å halde ut. Eg har hatt mine ærend. Mangt eit ærend har hatt meg som sin måte å vere på. Mangt eit ærend har hatt meg som sin måte å gjere seg gjeldande på. Sanneleg har eg vore både det eine og det andre å vere til. Men så lenge ein minnest å vere den ein var, er ein eit varig tilvære, ein varig identitet, som ein seier. Eg kan ikkje kome til noko anna. I så måte kjem ein ikkje unna å vere til det ein har vore til så lenge det varer. Nei, eg er ikkje den eg har vore, eg forstår då det. Men så lenge ein minnest å ha vore noko anna enn ein minnest å vere, er ein den ein har vore. Slik må det vel vere. Om det er tinga eller lyset som er synleg, kan diskuterast, eg forstår det, om det måtte ha noko med saka å gjere. Då lyset fekk fart på seg, var tida komen. Først når bølgjer brest og strandar, er det dagsens lys vert til, skreiv diktaren. Om det er lyset som er i ro, så er det observatørane som fekk fart på seg. Stutkalvane ser på meg, eg ser det, krøtterauge, den vitlause forstanden som takserer meg. Nei, dei lèt det vere, dei takserer ikkje. Kva skal dei med meg? Eg vedkjem dei ikkje. Eg er verdilaus, trass i mine eigedommar, min pensjon, mine lovfesta menneskerettar og mitt menneskeverd. For dei er eg ikkje til noko, etter det eg kan sjå. For meg ser det ikkje ut til at dei synest eg er til noko som helst. Ein av dei blæs i nasen, rister og vrengjer på hovudet, til flugene, neppe til meg. Flugene og kalvane driv med sitt. For deira skuld kunne eg gjerne gått naken som Adam i paradis. Kva skulle eg der? Kva skal eg her? Kva

| 13

har eg her og der å gjere? Kva hadde Adam i paradis å gjere? Kva har ein å gjere der alt er som det skulle ha vore? I paradis er det ikkje noko som ikkje er som det skulle ha vore, etter det eg forstår. Det står ein naken mann i Indreeidsdalen omringa av nokre stutkalvar, dei glor på han, likesælt. Dei blæs i nasen og rister av seg flugene.

fråværet av alt som var og alt som blir

Alt som er fornya er det same som det har vore så lenge det varer og så lenge alt er ved det gamle er det enno tid. Det er dei vanlege tinga slike som du og eg som no representerer dei fråverande alle dei som av tidsmessige grunnar ikkje har hatt høve til å møte fram.

| 15

til spørsmålet om eg finst

Eg og meg er éin og same tingen. Slik er ordninga. Det er eg som set spor, men det er meg det er spor etter. Saktens kan spora føre etterforskaren til meg, men om eg er til å finne, er ei anna sak.

16 |

formaning

Helst skulle ein seie

det siste ordet først, for ingen kjenner det første ordet før siste ord er sagt.

| 17

Ja, eg minnest då dagar i vedaskogen i lag med far, varm drikke på termos

brødskivene og dei varme vottane og dragnaden mot stålisen på vatnet

der eg skulle vore og sett nye rekordar. Ja, der ville eg ha vore om eg kunne

men eg kunne ikkje, eg skulle vere med i vedaskogen, gripe tak

i min ende av saga, ta i. Drage i hop greiner og busker, ordne, skulle eg, og slik

var det her eg ville vere. Ja, eg minnest dagar

stuttingen med lass skumpande ned gjel skrensande ned tilfrosne bekkefar, ned på

dei ryddige bøane med stø rensle etter tidlegare lass. Ja, eg minnest

18 |
vedaskogen
dagar i

sola i februar, tobba i skjækene, tolmodig ventande medan vi leste på og av, og dagar som etter kvart

gjekk mot blå kveld. Øksa fasthogd i ein stokk på siste lasset, og det ikkje lenger var arbeidslys.

| 19

gulna fotografi av ung kvinne

Ein mann ser på eit gulna fotografi av ei ung kvinne. Det kan likne

abstraksjon, tidløyse timeleg representert.

20 |

bjørka mot nordvest

Eg ser på bjørka mot nordvest og tek for gitt at ho ikkje anar

at ho er til. For meg er ho til minne om brannen for nokre år sidan.

Vi er til det eine og det andre både ho og eg. Eit parti nokre meter

over bakken er fritt for greiner på den sida som vende mot

huset som brann. Eg ser henne ut gjennom glaset mellom dei

kronglete forgreiningane på kaktusen i vindaugskarmen, det er den kaktusen

eg fekk våren då eg fylte tretti. Bjørka står sommargrøn og vakker og minner

meg om brannen, den uhyggjelege brannen for nokre år sidan, eit frodig minnesmerke

| 21

om den svarte tufta, eit minnesmerke som gror til. Dette nemnt berre som eit døme på meining med tilværa.

22 |

ein finnar If the doors of perception were cleansed every thing would appear to man as it is: Infinite. william blake

Eg brukar bil. Slik identifiserer eg meg som brukar, bilbrukar. Slik vert eg identifisert som bilbrukar. Det er tida som er slik. Ho identifiserer oss som bilbrukarar. Det er bortimot uråd å ikkje verte identifisert som bilbrukar no for tida. Eg er på veg gjennom svarte natta i ein grå Passat. Skulle eg sjå tinga som dei eigentleg er, grenselause, tidlaust infinitive, ikkje definitive og timelege? Er det først når det inga grense er mellom tinga og meg, eg ser dei som dei er? I infinitiv er alle verb formlause og utan grenser mot kvarandre. Sant nok. Å køyre er like ulokalisert som å stå. Det er dei som køyrer og står, som er lokaliserte og avgrensa. Eg har sett mange eksempel på å køyre bil. Men når såg eg «å køyre bil», det prototypiske, så å seie, det dei ulike eksempla på å køyre bil er kvar sin versjon av? Når såg eg eit infinitiv som det er? Nokon bilentusiast kan eg knapt seie eg har vore. Eg har mang ein gong vore lukkeleg og glad for å eige bil, det skortar ikkje på det, men utan nemneverdig sentimentalitet har eg teke avskil med bilane eg har hatt i mitt eige. Dei har vore framkomstmiddel og transportmiddel som eg har hatt eit temmeleg pragmatisk forhold til. Ja, visse atterhald vil eg ta, eg kan ikkje seie anna, det er no så rart med det. Men det var annleis for far då han

| 23

tok avskil med gamlemerra. Dei hadde arbeidt i lag i tjue vintrar og tjue somrar. Tjue år. Våronn, slåttonn, innhausting, møkakøyring i marssola. Frå 1937, då gamlemerra var ungmerra, til 1957, då det var ho som var gamlemerra og ei anna som var ungmerr. Gjennom førkrigstid, som dei då ikkje visste var førkrigstid, gjennom krigen og oppgangstida etter krigen, den utrulege velstanden. Ho var ungfole då løa vart bygd i 1938. Ho var med då dei sette opp utløa inne på Leitet. Ho var med og dyrka opp Leiteteigen, kvadratmeter for kvadratmeter. Eg tenkjer på praten som gjekk mellom dei vaksne om kor lettvint alt var blitt. Då var vi komne utpå femtitalet. Eg var framleis berre småguten. Eg lytta til dei vaksne og såg meg omkring, alle desse moderne tinga, bilar, radioar. Sett herifrå var det langt frå nokon velstand. Men med utsikt bakover frå den tida tok det seg nok annleis ut. Somme meinte at det kunne ikkje vare. Det var lån, meinte dei, og lån må betalast. Eg sit i ein grå Passat og tenkjer på at vi har nok ikkje att så mange turar i lag, han og eg. Eg sit i ein grå Passat som har sett sine beste dagar, som det heiter, og susar av garde og tenkjer på William Blake og på praten eg som smågut sat og lytta til. Eg får meg ikkje heilt til å tru på minnet mitt i susen frå bildekka. Har dette hendt meg, spør eg meg. Er det meg dette har hendt? Det er inga grense mellom meg og han som sat der og lydde, eg forstår det, og han som sat der og lydde, er ingen stad å finne no. Eg forstår det også. Lyset frå lyktene fiktar hit og dit i takt med svingane på vegen, elles er det svarte novembernatta til alle kantar, og eg spør meg om dette er verkeleg. Kva er verkeleg? Er forgassaren

24 |

verkeleg? Kva har han å verke på? Han verkar ikkje på bilen, det er openbert; det er inga grense mellom bil og forgassar, forgassaren er ikkje noko anna enn bilen og kan følgjeleg ikkje verke på bilen. Så i forhold til bilen er ikkje forgassaren verkeleg, det må vere greitt. Men er han verkeleg i forhold til meg? Verkar han på meg? Så lenge bilen går som han skal, er forgassaren verkeleg, han verkar som han skal og er følgjeleg ein verkeleg forgassar, og verkar ikkje forgassaren, er også bilen uverkeleg. Er forgassaren i ustand, er bilen i ustand, ute av stand til å vere bil. Men det eg sit og tenkjer på, er at forgassaren er ikkje verkeleg med omsyn til bilen, og er, i så måte, uverkeleg. Men er forgassaren i ustand, har eg å gjere med ein uverkeleg bil, ein gjenstand eg kallar bil endå han ikkje er nokon bil. Bilen står der han stoppa, seier eg, endå så vel som eg veit at det er ein uverkeleg bil det er tale om, altså ingen bil. Omtrentleg tale er det, for ikkje å seie feilaktig, forvirrande for den som skal analysere verknadene av fenomenet bil. Skal ein ta med i analysen verknadene av ein gjenstand som er uverkeleg? Kva har ein å fortelje? Kva har ein å rekne med? Grenseløyse kan ikkje forsonast med fleirtal. Det vert ikkje fleirtal utan grenser mellom noko og noko anna. Det må vere greitt. Kva har ein då å telje? Kva har ein ting åleine å verke på? Kva er eigentleg ein bil, kan ein spørje. Forgassaren verkar ikkje meir, seier vi, og omtalar følgjeleg ein gjenstand som ikkje lenger er forgassar. Vi heng fast i fortida og omtalar gjenstanden som noko han var, noko han ikkje lenger er, tillegg han ein forlaten identitet, klistrar på han ein identitet han har forlate. Medisinen verkar ikkje, seier vi, og omtalar

| 25

som medisin noko som vi med vår omtale påstår ikkje er medisin. Når skal vi lære oss å snakke presist, gje eksakte uttrykk for kausalitet, verkelegdom? Når skal vi lære oss å omtale tinga med dei rette namna? Når skal vi nå fram til namn som fullt ut representerer tingen dei viser til? Når skal vi nå fram til kunnskap som er den fulle og heile representasjonen av tinga kunnskapen er om? Når skal vi bli eksakte i tanke og handling? Det er inga grense mellom forgassaren og bilen, og tilsvarande er det inga grense mellom meg og verda, universet, eller skal vi seie mellom meg og røynda, verkelegdommen, kausaliteteten, og er universet grenselaust, så er det uverkeleg og finst ikkje. Skal noko vere verkeleg, må noko anna vere påverkeleg. Grenselause ting, infinitive ting, kan ikkje vere verkelege. Ingen ting kan finnast utan å verke på ein finnar, eg forstår då det. Det forstår eg verkeleg. Ingen ting kan vere verkeleg åleine. Ingen ting kan finnast åleine, og her er eg åleine i bilen susande gjennom konsistenslaust mørker, med lyset frå lyktene fiktande framføre meg, frå mørker til mørker. Ikkje frå noko til noko anna, berre til det same som dei kjem ifrå. Kven kan reise utan å kome til noko anna enn det ein kjem ifrå? Om det er så at dersom finnarane fekk sanseportane reinsa, ville dei sjå tinga som dei eigentleg er, grenselause, så er det eigentleg inga grense mellom funn og finnar, og der i mørkeret og susen og med dei fiktande lyktene verkar det påtrengjande sanseleg og innlysande: Eg er ein finnar, men finst ikkje.

flagra forbi

Eit par mannsaldrar flagra forbi. Dører stod opne og slong.

Natt og dag flagra forbi bortover slettene over hustaka og riksvegane som lys og skugge frå skyer i sterk vind.

| 27

Vi går her og minnest, og mang ein bauta er reist over hendingar som ikkje må gløymast. Vi er minnerike minnesmerke, vi går og minnest slikt som har hendt, kvar for seg ein levande bauta over den ein var, og ein spør seg iblant kva slags bauta ein er, og kva ein er bauta over. Kva slags bauta skulle ein ha vore, og kva skulle ein ha vore bauta over? Alle som minnest, har ei fortid, som ein seier. Det vart strid om eit utkast til statue over kong Olav, Olav V; det var noko med armen som var løfta på ein bydande måte. Det var ikkje slik vi mintest han, og det var ikkje slik vi ville minnast han. Han var ingen bydande potentat som løfta armen mot folket. Ein vinterdag i 1973 tok han skiene sine med seg, tusla ned til Nationaltheatret og tok trikken. Om det var akkurat slik det føregjekk, veit eg ikkje, men eg likar å tenkje meg det slik, kongen med skiene på nakken på veg ned frå slottet. Biletet av kongen som løyser billett på trikken, står stødig i den norske skulpturparken. Ein mann er eit minne om ein sommarfugl. Han er ein vanleg mann, og sommarfuglen han er eit minne om, var ein vanleg sommarfugl. Mannen er ein son som minner faren sin om ein sommarfugl. Vi går her og minnest, og kvar og ein er sitt eige avkom og går her og minnest. Den ein er, fortærer den ein var. Det stansar ikkje. Den ein er, har støtt fortært den ein var. Ein er etterkomar av den ein var og alt dette andre ein fortærer og tek opp i seg, gulrøter, songar, eit laug i eit fjellvatn ei sommarnatt,

28 | dei gløymske

alt dette som har sett sine spor, alt dette ein er spor av, alt dette ein er restar av, ruinar av. Fortidsleivningar er vi. Det er så mangfaldig, alt dette ein tek opp i seg, alt dette ein er ei vidareføring av og eit minne om. Alle desse inntrykka, påtrykka og avtrykka, alt dette ein er prega av, alt dette ein har teke opp i seg, er ein eit minne om og ein etterkomar av. Alt dette som hopar seg opp, alle desse ingrediensane som driv i hop og koagulerer til musklar og bein, beingrind, skalle, det eine og det andre, nucleus amygdalae, dalføra i hjernebarken, alle desse verkelege tinga som dannar og omdannar kvarandre. Støtt går dei vidare. Støtt går dei vidare, kvar og ein i kvar sin karriere, verkelege identitetar, kvar i sin funksjon, artar seg og utartar seg. Det er så mange slags karrierar, så mange slags forsamlingar og sameksistensar, konsistensar, alliansar, forbigåande, timelege ting. Denne mannen som minner om ein sommarfugl, liknar ikkje ein sommarfugl, men likevel minner han faren sin om ein sommarfugl, ein sommarfugl faren såg ein gong i ungdommen. Igjen og igjen opp gjennom åra har faren sett på sonen og tenkt på ein sommarfugl han såg ein gong i ungdommen. Sonen minner faren om ein sommarfugl som sette seg i mørkt, bølgjande hår. Det var håret til ei kvinne som seinare vart mor til mannen som minner om ein sommarfugl. Han som vart far til mannen som minner om ein sommarfugl, såg det som hende, og merka seg det. Han såg sommarfuglen kome vinglande gjennom lufta og setje seg i det mørke, bølgjande håret til ei kvinne to benkerader lenger framme, og merka seg det. Han vart merkt for livet av

| 29

det han såg. Det er naturlegvis ikkje noko merkverdig ved det; alle vert merkte for livet av alt dette synlege. Det var songarstemne og friluftskonsert. Det var varm mose på varme steinar, og etter konserten fann mannen eit høve til å setje seg i lag med nokre som sat på ein stor, varm stein, blant dei kvinna med det mørke, bølgjande håret, ho som seinare vart mor til mannen som minner om ein sommarfugl. Mannen som minner om ein sommarfugl, minner ingen andre enn denne eine mannen om ein sommarfugl, for denne eine mannen har halde det for seg sjølv. Han har ikkje sagt noko om dette, ikkje til nokon. Han vil ikkje la det sive ut. Iblant tenkjer han på at hadde ikkje denne sommarfuglen kome vinglande og sett seg i det mørke håret, kunne livet hans blitt eit anna liv, og han ville ikkje hatt eit anna liv. Var det ikkje for denne sommarfuglen, ville han knapt blitt sitjande og glane på denne kvinna som no og då vende seg mot kvinna som sat til venstre for henne. For sitt indre auge ser han sommarfuglen i det mørke, bølgjande håret. Han ser sommarfuglen kome vinglande gjennom lufta og setje seg i dette håret. Han har ikkje sagt noko om det til kvinna som vart mor til han som minner om ein sommarfugl. Han har ikkje sagt noko om det til mannen som minner om ein sommarfugl. Ein mann er eit minne om ein sommarfugl, eit minnesmerke over ein sommarfugl. Kven veit kva ein er? Ein mann minner om ein sommarfugl så lenge det varer. Dagar kjem og går, og ein minnest ikkje å vere det ein har vore. Den dagen faren døyr, vil ikkje mannen som minner om ein sommarfugl, lenger

30 |

vere mannen som minner om ein sommarfugl. I så måte blir han borte i same stunda om faren blir borte. Frå den dagen av minnest ikkje lenger sonen å vere mannen som minner om ein sommarfugl.

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.