Å, menneske, ved juletid av Edvard Hoem

Page 1


Å, MENNESKE, VED JULETID

EDVARD HOEM Å, MENNESKE, VED

JULETID

Salmar, songar, dikt & forteljingar

forlaget oktober 2025

innhald

7 jul, jul, i alle land

11 midt i den brennande byen

13 songen som aldri må stilne

17 barnas julesong

21 krønikeskrivaren i betlehem

31 gjertine i jakthytta

53 gloria magna

55 bibelen og barndommen

59 meisteren er her og spør etter deg

67 eple, kjelke, stare snø

69 den vanskelege freden

81 pengemangelen, julefreden

87 alders hvile

96 å, signa natt

99 meisterfiolinen

109 fangeskipet

113 kva er det for ein herleg ange

114 årstidene

129 den jordiske presten i san judas

133 kampen for landet

138 gjertine blir vaksen

141 sju gleder

143 barndomslandet

146 mor og far i snødrivene

148 å, menneske, ved juletid

jul, jul, i alle land

kjære lesar!

For mange av oss står barndommens jul i eit spesielt lys når mørketid og vinter nærmar seg. For andre er minnet om barndommens jul prega av smerte, sakn og fråvær. Men lengten etter stille stunder og ettertanke deler vi alle, når tilværet synest uroleg og framtida uviss. Den lengten skal julesongen, julehistoriene og julelegendene minne oss om, eller til og med kalle fram.

Min barndoms jul er noko som eg opplevde for lenge sidan, ei landsens jul tidleg på nittenfemtitalet, da det meste var annleis enn det er no. I førjulstida skulle det sparast og spinkast på alt. På frukostbordet, på ein liten vestlandsk bondegard i førjulstida, var brunosten ofte det einaste pålegget. Det sparsame kosthaldet skulle minne oss om alt det gode som skulle bli sett fram når jula endeleg var komen.

Førjulstida var slaktetid, men når grannen kom for å gjera ende på livet til grisen, måtte vi barna halde oss langt unna.

Fryseboksen hadde vi enno ikkje, og for å kunne servere fersk mat, steikte mor svineribbe, skar ribba opp i stykke og la julemiddagen på Norgesglas som ho forsegla med lakk, for å ta kjøtet fram når tida var inne. Når bestefar julaftan

gjekk i skogen for å hente juletre, gjekk eg ofte saman med han. Det var som å vera vitne til ei heilag handling. Å ta ut det rette treet brukte han lang tid på. Men da det var gjort, drygde han ikkje. Da saga han det ned med lange drag. Så var det heim med treet for å pynte det. Det var ikkje bestefars sak, det gjorde mor saman med barna.

Først ved femtida julekvelden var tida endeleg inne. Da klang klokkene frå kyrkja vår, og vi stod ute på trappa og lytta. Så kunne freden senke seg.

Gåvene var få og billige, men gitt av kjærleik og omtanke. Alt som skjedde, stod i skarp kontrast til den overstadige førjulsfeiringa no: lutefiskmiddagane med rikeleg drikke, kjøpehysteriet og mylderet i julehandelen. Når så julekvelden kjem, er alt over, nesten før det har begynt.

I gamle dagar var det romjulstida som var festtida. Da var det juletrefest der vaksne og barn gjekk rundt treet og song. På ein fest fekk eg lesa høgt mitt aller første juledikt, ti år gammal:

Jul, jul, i alle land, kjerringar bakar fattigmann!

Dessverre er resten av julediktet tapt, men sidan har eg skrive ofte om jula. Den gode juleforteljinga skal fylle dei stille stundene våre med høgtid og få dei urolege tankane til å finne fred. God jul!

midt i den b rennande byen

Midt i den brennande byen står ei kvinne ein vinterkveld med eit gråtande barn på armen. Det er fredsfyrsten ho held.

Det folk som vandrar i mørkret skal sjå eit stort lys. Herberget skal opnast for dei som frys.

Midt i den største liding når barn har gråte og blødd, midt i den mørkaste timen blir fredsfyrsten fødd.

songen som aldri må stilne

å sommaren for halvtanna år sidan fekk eg ei oppfordring om å skrive ein enkel song for førjulskonsertane som dotter mi, Ine Kristine Hoem, arrangerer og syng i. Eg skreiv ein liten tekst som på ingen måte var eineståande, men som lik dei fleste julesongar er ein parafrase, eller eit anna uttrykk for den juleforteljinga som kristne menneske verda over har delt i meir enn to tusen år. Eg kalla teksten for «Barnas julesong», og aksen som desse forteljingane dreier rundt, er håpet om ei jord der det rår fred og rettferd.

Så kom terrorangrepet mot Israel den 7. oktober 2023 og deretter ein krig på Gazastripa som hittil har kosta 40 000 palestinarar livet, mange av dei sivile, og mange av dei barn.

Den vesle julesongen framstod brått som ei uanstendig idyllisering og bagatellisering av et mareritt som har forfølgd oss kvar dag sidan, og som vi enno ikkje ser slutten på. Oppdragsgivaren, altså dotter mi, måtte korrigere meg. Songen er ikkje blitt irrelevant, men har skifta karakter: Barnesongen er blitt ein av dei mange fredssongane som menneske har sunge til alle tider, ein song om håpet, ein song om ei rettferd som enno ikkje har skjedd fyllest, og ei undring over kor herleg livet på jorda ville bli, dersom ikkje ufreden og uretten fanst:

Det er ein gammal song vi nesten gløymde, som seier at det skal bli fred på jord.

Det er ein draum som alle slekter drøymde, som er blitt gjenfortalt med vakre ord.

Kroneksemplet i vår nordiske tradisjon på ein slik song, er B.S. Ingemanns «Deilig er jorden», ein song eg som mange andre har sunge med blanda kjensler, før eg innsåg at i mørke tider er også denne songen indirekte ein protest mot all den ulykke som herskarane i denne verda held oss alle fanga i, og som så nådelaust fører til at myrderia og lidinga ikkje får nokon ende.

For åtti år sidan, etter at dei første atombombene fall, stilte skrivande over heile verda spørsmålet: Kan vi skrive om blomster etter Hiroshima og Nagasaki?

Ja, det er nettopp dét vi ikkje berre kan, men må, på same måten som songen om fred på jorda aldri må stilne.

Ingen annan draum har prega menneska til alle tider på same måten som draumen om fred. Draumen strekker seg ut over vår eigen situasjon og gjeld barna våre og dei som skal koma etter oss. Det er det store håpet som bind alle menneske saman.

Da eg for nokre veker sidan vart farfar til mitt sjette barnebarn, sa han som er morfar til barnet, som kjem frå eit anna land enn eg og snakkar eit anna språk enn eg: Tenk om dei mektige kunne stelle seg slik at dette vesle barnet kan få leva i fredelege tider!

Slik er det. Såkalla vanlege menneske ønsker ikkje anna enn fred for seg sjølv og for dei næraste, og for alle andre på denne kloten. Derfor er songen om fred på jorda songen som aldri må stilne.

Når vi tenker etter, var det ikkje alltid urolege tider? I korte periodar har det sett ut til at fredens tid var komen. Men menneskehistoria i tusen år tilbake i tida er ei historie om erobringar og overgrep. Vår tid er ikkje eineståande. Det tjuande hundreåret var eit av dei mørkaste i så måte. Sjeldan har det vel sett så svart ut som ved skyttargravene ved Verdun under den første verdskrigen, da unge menn vart slakta i hundretusental! Eller på trettitalet da nazistane vann makta i Tyskland og sikta mot verdsherredømme?

Bertolt Brecht skreiv diktet «An die Nachgeborenen» medan han var på flukt frå land til land. Plassen tillèt berre at eg gir att eit utdrag:

Kva er det for tider, når ein samtale om tre nesten er eit brotsverk fordi det medfører at ein teier om så mange ugjerningar!

Han som går roleg over gata der, er vel ikkje lenger til å nå for vennene sine som er i naud?

Nordahl Grieg, Brechts samtidige, vart med eit australsk bombefly over Berlin og døde der, da nazismens krigslykke var i ferd med å snu. Etter nokre euforiske fredsår begynte den kalde krigen. Under Cubakrisa i 1962 gjekk vi til skulen i frykt og angst for at livet skulle vera over før vi fekk begynt på det. Så kom Vietnamkrigen, som varte i heile mi ungdomstid. Afghanistan vart ei slagmark i førti år.

Mørke og lyse tider har skifta gjennom heile den kjende historia. Mange av dei heilage skriftene til menneska er eit samanhengande vitnemål om menneskeleg lengsel etter

fred. Jesus frå Nasaret forkynte i Bergpreika at dei som skaper fred, skal kallast Guds barn.

I dag er det den iskalde krigsretorikken og dei fallande bombene som fører oss stadig nærare undergangen. Når skal opptrappinga mot ein ny verdskrig snu? Når skal vi igjen sjå store folkelege demonstrasjonar for fred i gatene, i vårt land og ute i verda?

Medan eg skriv dette, syng dei som kallar seg Artistenes blandakor for Palestina utanfor Utanriksdepartementet i Oslo. Songen dei syng, er «Til ungdommen» av Nordahl Grieg. Ei av initiativtakarane, Charlotte Qvale, skriv: Følelsen av samhold, at vi er flere som er og ønsker det samme, gir en følelse av mening i en tilværelse som fortoner seg som stadig mer håpløs. Men koret vokser. Vi blir flere og flere. Slik er det verden over. At store folkelege demonstrasjonar for fred snart må gå i gatene verda over, og at songen om fred aldri må stilne, er mitt største juleønske.

Trykt i Klassekampen, 2024

barnas julesong

Det er ein gammal song vi nesten gløymde, som seier at det skal bli fred på jord.

Det er ein draum som alle slekter drøymde, som er blitt gjenfortalt med vakre ord. For fredens fyrste var ein liten unge, som kom til verda i ein gissen stall, foreldra hadde ingen stad å vera, og vinternatta var så mørk og kald.

Og brått var himmelkvelven full av englar som song for hyrdane på nattevakt.

Eit lite barn er fødd i vinterkvelden, og det er slutt på mørkrets overmakt. For no i natt skal milde dropar falle, i ørkenland, så roser atter gror.

Eit lite barn er blitt eit bod til alle

Det skal bli fred ein gong, på denne jord. For vi er barn som arver denne jorda, og nye barn i nye tusen år

skal bygge opp, der død og ufred herja, ei rettferds jord der fred og glede rår.

Den gode juleforteljinga skal fylle dei stille stundene våre med høgtid og få dei urolege tankane til å nne fred.

Å, MENNESKE, VED JULETID

er ei samling mektige og vakre salmar, songar, dikt og forteljingar om jula, henta frå Edvard Hoems rike forfattarskap. Jula har alltid vore viktig for Hoem, han har ofte skrive om jula: tida som fører menneska saman, julebodskapen om fred og forsoning, lengten etter stille stunder fylt av ettertanke og høgtid.

EDVARD HOEM er ein av våre mest folkekjære forfattarar. Han er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv».

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.