

UTMARKSRIKET
Telemark i perioden 400–1400
Med illustrasjonar av Ånond Versto
dreyers forlag oslo, 2025
© dreyers forlag – en del av forente forlag as, 2025 omslagsillustrasjon: ånond versto
omslag: erlend askhov trykk: print best oü, estland printed in estonia isbn: 978-82-8265-804-1
Boka er utgitt med støtte frå Kulturhistorisk museum, Seljord kommune og Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Alle kart i boka er av forfattarane om ikkje anna er opplyst. Forkortingar: KHM – Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Dette er ei kulturhistorisk bok om Seljord, Hjartdal, Tinn, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Desse kommunane utgjer i dag øvre del av Telemark, men går me lenger attende i tid blir det klart at det var dette som var Telemark, eller Þelamǫrk. Utgangspunktet for bokprosjektet var arkeologiske utgravingar på Dyrskuplassen i Seljord i 2013 og 2020. Denne boka er også basert på Kjetil Loftsgardens doktorgradsavhandling (2017), men har ei breiare tematisk vinkling og eit vidare kjeldegrunnlag.
Utgravingane på Dyrskuplassen viste spor etter ein velståande og mektig ætt som levde i Seljord for 1600 år sidan. Historia om desse tidlege telemarkingane
FØREORD
finn me ikkje spor etter i skriftlege kjelder, da det ikkje er før på 12- og 1300-talet at mengda historiske dokument aukar i omfang. Men gjennom arkeologiske undersøkingar og funn kan me avdekke menneska i jernalderens Telemark. Me kan sjå kva dei valde å legge i grava til sine forfedrar, me kan sjå kva hus dei bygde og budde i, korleis dei framstilte jern og smidde det til dyrebare våpen og reiskapar, og me kan sjå kva husdyr dei hadde eller kva dyr dei jakta på. Som arkeologar arbeider me, direkte eller indirekte, med spor etter fortidas menneske kvar dag. Men me har ikkje vore flinke nok til å formidle denne fascinerande delen av historia ut forbi fag-
krinsen. Støtte frå dåverande Vestfold og Telemark fylkeskommune og Seljord kommune har gjeve oss høve til å bøte på dette – denne boka er vårt bidrag til å dele kunnskap opparbeid gjennom arkeologisk forsking og undersøkingar. Me vil vise ei fortid som er fjern og kanskje framand, ei tid der ein framstilte sitt eige jern og bytte til seg salt på marknadsplassar, der æra var like viktig som livet, og der blodige hestekampar var den beste form for underhaldning. Men ei fortid som likevel er nær oss i dag, der reinen framleis trekker dei same stadene, og malmen framleis finst i myra, ei fortid me kan sjå og forstå gjennom handfaste funn og spor etter kolgroper, gravhaugar og gardstun.
Kjetil Loftsgarden
Axel Mjærum
– «gigantane»
ARKEOLOGI – Å SAMLE FOR Å DELE
I åra 1810 og 1811 starta Selskabet for Norges Vel innsamlinga av arkeologiske gjenstandar frå øvre Telemark og andre delar av Noreg.1 Denne oldsaksamlinga blei snart ein del av Det Kongelige Frederiks Universitet. Sidan den gong har det blitt samla arkeologisk kunnskap om fortida i Telemark på ein systematisk måte. I byrjinga måtte ein til storbyen for å sjå på gjenstandar og for å leite i arkiv. I dag er mykje av informasjonen digital og open for alle.
Kvar gjenstand har eit C-nummer
Gjenstandane og prøver som gjekk inn i oldsaksamlinga, fekk etter kvart eigne nummer med prefikset C for Christiania. I dag er det over 66 000 slike C-nummer i samlinga og over 2,7 millionar gjenstandar. 1774 C-nr. er knytt til øvre Telemark. Frametter oppgjev me C-nr. for alle einskilde funn. Nummera kan nyttast til å finne meir informasjon om funna på www.unimus.no/portal.
Kvar funnstad har eit id-nummer I dag har Riksantikvaren ansvar for eit register over kulturminne i Noreg. I mars 2025 inneheldt registeret informasjon om omkring 330 000 kulturminne, der 7514
av dei ligg i øvre Telemark. Kvart kulturminne har eit unikt id-nummer, og det kan søkast opp på www.kulturminnesøk.no. I denne boka vert det opplyst om desse idnummera, noko som er ein invitasjon til vidare fordjuping.
Kvar utgraving har ein rapport Det har ofte blitt framheva at arkeologiske utgravingar grunnleggande sett er ein systematisk måte å øydelegge kulturminne på.2 Diverre er det mykje sant i dette. Men målet med undersøkingane er å ta vare på kunnskap om kulturminna for framtida. Difor blir utgravingsarbeidet dokumentert, og blant resultata er ein utgravingsrapport. Rapportar knytt til nær sagt alle undersøkingar på 2000talet, men også eldre arbeid, kan lett søkast opp på www.nva.sikt.no. I mars 2025 låg det 42 rapportar som omhandlar utgravingar i øvre Telemark i dette arkivet. Referansar til rapportar som er nytta i denne boka, finst som sluttnotar og i litteraturlista.

Figur 1: Bjølle C 58922/3 funne i gravhaug id 156636 i samband med ei arkeologisk gransking i Vinje i 2013. Ein kan finne fleire opplysningar om bjølla på www.unimus. no/portal, informasjon om kulturminnet kan søkast i www.nva.sikt.no, medan utgravingsrapporten er lagt ut på www.nva. sikt.no3. (Foto: Aleksi Pienimäki, KHM.)
UTMARKSRIKET TELEMARK
Telemark har fått ei nærast mytisk førhistorie, med minne om eit arkaisk samfunn med blodhemn og prestedrap. Men som me vil vise, skjuler dette historia om ein region som var tett integrert med omverda, me vil syne telemarkingar som innvove i vide økonomiske, sosiale og politiske nettverk – frå eldre jernalder til høgmellomalder.
Arkeologiske utgravingar, i lag med mange gravfunn, viser ei rik og variert førhistorie i øvre Telemark.4 Likevel har dette materialet i liten grad vore gjenstand for forsking og formidling. Difor er vårt mål med boka å få menneska som levde i Telemark i jernalder og mellomalder ut av historia sin skugge, og vise korleis dei levde sine liv og etablere deira rolle i den overordna kulturhistoriske utviklinga.
Med fokus på perioden 400–1400 e.Kr. vil me presentere og forstå den samfunns-
messige, økonomiske, sosiale og politiske utviklinga i øvre Telemark, og korleis menneska i regionen vart integrerte deltakarar i omverda. Me vil formidle arkeologisk og historisk kunnskapsstatus, men også bringe fram ny kunnskap basert på arkeologiske undersøkingar og analysar. Det er ikkje utan grunn me omtalar øvre Telemark som Utmarksriket. Regionen var sentral for tilgangen på skog- og fjellressursar i jernalder og mellomalder, då særleg jern frå myrmalm, brynestein, reinsdyrgevir, skinn og pels. Ein stabil tilgang på desse råvarene var avgjerande for dei folkerike jordbruks- og kystområda. Desse ressursane utgjorde essensielle handelsvarer via vikingbyar som Kaupang i Vestfold og Ribe i Danmark, og seinare mellomalderbyar som Skien og Bergen . Telemarkingane var likevel ikkje passive leverandørar av råvarer. Utgåande mobilitet og auka samhandling med folk frå andre regionar opna
for påverknad og impulsar til Telemark på ein eineståande skala. Me vil utforske dei bakanforliggande faktorane for valet om å sette i gang ein overskotsproduksjon, samt dei økonomiske, politiske og sosiale konsekvensane av produksjon og handel med ressursar frå skog- og fjellområda.
Myten om dei prestedrepande telemarksbøndene
«Indbyggerne ere onde / ugudelige / haarde / vilde oc opprøriske folch / offuer alle som her i
Landet boe / haffde deris største Lyst i gammel
Tid / at dræbe Bisper oc Prester / Fougder oc
Befalningsmænd / som oc paakiender / at til en Kirche i det Læn ere 7 Prester ihielslagne / oc sommesteds en eller to / oc sommesteds flere.
Jeg hafuer kiendt en som der vaar fød / huis
Fader ihielslaget 3 Prester / oc naar denne vaar drucken / bad hand Gud / at han icke maate døe før end hand og finge slaget saa mange Prester ihiel.»
Peder Claussøn Friis5 om Telemark fogderi, dvs. øvre Telemark, i 1632.

Friis si mørke beskriving av telemarkingane har vore tonegjevande, og har dels framleis fotfeste. I ein NRK-artikkel frå 2017 blir det hevda at «da kartografer kom fra Amsterdam for å kartlegge deler av Norge, fikk de beskjed om å ikke reise til Telemark. Sjansen for å komme levende tilbake var svært liten». 6 Og som prov på Telemark som eit mørkets hjarta blir det ofte lagt fram kart over Sør-Noreg frå 1600- og 1700-talet, der Telemark er lite anna enn ein kvit flekk, besynderleg lik samtidige kart over Afrika, jf. figur 2.
Telemark som kvit flekk passa på mange måtar også inn i den nasjonalromantiske ideen om den norske sjølvstendige bonden, ikkje skjemt av dansk påverknad. Som me skal vise, stemmer det at Telemark vart seint integrert i det framveksande kongedømet, men førestillinga om eit usivilisert og lovlaust samfunn er nok sterkt overdrive. Sjølv om det rett nok er ein høg andel drapssaker i Telemark sett opp mot mange andre regionar – i sin omtale av det historiske kjeldetilfanget i Noreg på 1300-talet skriv historikaren Grethe Authén Blom (1922–2004) lakonisk: «[…] skrikene fra drukne slåsskjemper i Telemark overdøver alt annet fra den kanten […]».7 Men Telemarks man-
glande eksistens på kart heng saman med noko så ordinært som den geistleg administrative inndelinga, der opphavet kan sporast attende til stavangerbiskopen Laurids Clausen Scavenius (1562–1626).8
Scavenius fekk gjort eit kart over sitt stift, truleg teikna i 1618. Resultatet var ei detaljert framstilling av Stavanger bispedøme, noko som på den tida også inkluderte Hallingdal og Valdres. Medan områda utanfor, som Telemark og Numedal, vart ikkje med på kartet. Scavenius sitt kart er tapt, men kartet til Scavenius vart ukritisk kopiert av seinare kartografar. I 150 år framover vart dette framstilt som kart over Sør-Noreg, og konteksten til det opphavlege kartet forsvann. Dette bidrog til førestillinga om Telemark som eit mytisk, avsidesliggande og uutforska område. Det kan nok også tenkast at mange telemarkingar i nyare tid villig omfamna tanken på å vere etterkomarar etter eit utamt folk. Men som me vil vise så var telemarkingane tett integrert i omverda, både arkeologiske funn og skriftlege kjelder syner ein region som eksisterte i økonomisk, sosial og politisk samspel med resten av landet og Skandinavia.
DER AUST MØTER VEST
Var Telemark i jernalder og i mellomalder aust, sør eller vest, eller kanskje noko heilt eige?
Forskarar har stridast om spørsmålet sidan 1800-talet med utgangspunkt i studiar av geografi, stadnamn, dialektar, og ikkje minst ut frå arkeologiske kjelder.9 Spørsmålet om telemarkingane sin tidlege identitet har til ein viss grad stilna dei siste åra, sjølv om denne tilhøyrsle er nært knytt til fortidas sosiale og økonomiske tilknytingar. Dei siste tiåra har det kome fram arkeologisk kjeldemateriale som bringer nytt ljos over kulturtilhøva i tida før konge og kyrkjemakt festna eit administrativt grep om regionen. Med den eldre diskusjonen og argumentasjonen som bakteppe, vil me difor ta opp spørsmålet om øvre Telemarks regionale tilknyting til ny vurdering.
Øvre Telemark –landskap og geografi
«Somme dalar i Noreg er store og greie og lange – og kanskje såg Telemark òg slik ut ein rykande morgon før det fekk stivne, men så rørde vel eitkvart rundt i det, og så stivna dei avbrotne dalstubbane i hør og heim.»
Tarjei Vesaas 1947. 10
Øvre Telemark er nær fem gonger større i utstrekning enn Vestfold fylke. Frå Flåvatn, aust i Kviteseid (ca. 70 moh.) og inn til Blyvarden (1446 moh.), i hjartet av Hardangervidda, er det 119 km i luftlinje. Avstandane er store, men regionen si befolkning har tradisjonelt vore bunde saman av vassvegar og dalar, og frå bygdene har ein søkt ut i skogen og opp i fjella for å hauste av utmarkas ressursar.
Austheiane skil øvre Telemark frå Setesdal i vest, medan Blefjell og andre høgdedrag skil Telemark frå Numedal i aust. I nord strekker regionen seg innover Hardangervidda, der det er trekt grenser til Buskerud, Vestland og Rogaland. Søraust for regionen ligg Norsjø og bygdelag med betre høve for jordbruk. Med
I motsetnad til nabodalane i aust og vest, er geografien til Telemark vanskeleg å få grep om. I staden for lange sentrale dalføre er det langstrekte vatn som, saman med dalføre på kryss og tvers, stykkar opp høglandsområda, men som òg bind dei saman (figur 3 og 4). Store vatn finst i dei lågareliggande stroka, slik som til dømes Bandak (72 moh.), Kviteseidvatnet (70 moh.), Seljordsvatn (116 moh.), Flåvatn (70 moh.), Nisser (246 moh.) og Fyresvatn (280 moh.), og dei har vore ein føresetnad for kontakt og varetransport i den austre delen av regionen. På tilsvarande vis har dalstrok og vatn som Totak (687 moh.), Møsvatn (919 moh.), Songavatnet (939 moh.) og Mår (1121 moh.) sikra tilgang til dei vidstrakte skog- og fjellområda, og opna for ferdsel på tvers av regionsgrenser.

utgangspunkt i desse grensedragingane omfattar øvre Telemark åtte av dagens kommunar i den nordvestre av Telemark fylke – Seljord, Hjartdal, Tinn, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje
Nøkkeltal knytt til arealfordeling har endra seg gjennom tida, som eit resultat av naturleg og menneskeskapt påverknad. Likevel kan statistikk frå samtida synleggjere sentrale trekk ved landskapet, trekk
– 16–
Figur 3: Topografisk kart med omriss av kommunane som i dag utgjer øvre Telemark.

ein ikkje alltid er medviten om når ein ferdast eller som med det same kan hentast ut frå ein kart. Tala viser fyrst og fremst at øvre Telemark er prega av utmark, no som i fortida (jf. figur 3, figur 6 og figur 7). Heile 81,9 prosent er skog, fjell (open fastmark og bart fjell) og myr. Mykje av dette landet ligg over 600 moh., dvs. i høgareliggande skogområde og i lågfjellet. Dette er område som har gjeve tilgang på tømmer som brensel, men òg gode høve for jakt på elg, reinsdyr, pelsdyr, og dessutan sanking.

Figur 5: Totak (687 moh.), mot Raulandsfjell. (Foto: Kjetil Loftsgarden, KHM.)
Eit anna viktig forhold er den låge delen av dyrka mark, 0,9 %, som er om lag ein fjerdepart av det norske gjennomsnittet (figur 6). Men i alle dei åtte kommunane er det noko jordbruksland (mellom 0,5 og 2,1 %), for det meste i dalbotnar knytt til vassdraga, og desse områda var avgjerande for kvar gardar og bygder etter kvart vaks fram. Nett denne vide spreiinga av gardar, bygder og folk i regionen frå fjellområda til dei lågtliggande skogtraktene var avgjerande for at øvre Telemark var knytt saman til eit heile i fortida.11
Dei store skog- og fjellområda i Telemark var ein sentral ressurs i jernalderen, og har i våre dagar igjen blitt det i samband hyttebygging og turisme. Vegar, kjøpesenter, bustadfelt, hyttefelt og også Telemarkskanalen har ført til store endringar i landskap og miljø i Telemark – også korleis me oppfattar kommunikasjon, og kva som utgjer sentrale område. I tillegg har vasskraftutbygging ført til store endringar, der elver og fossefall har forsvunne, og innsjøar har vakse. Jernalderens telemarkingar ville nok hatt vanskar med å kjenne seg att ved dagens Møsvatn, Bitdalsvatn eller Songavatnet
Grenselandet
Namnet Þelamǫrk (Telemark) vart opphavleg brukt om den øvre delen av det noverande fylket, vest for Norsjø. Det er lagt fram fleire tolkingsforslag for det fyrste leddet,12 Þela/Þila, men det blir av mange knytt til folkenamnet Þilir (teler), og det kan også førast tilbake til gammalnorsk Þel i tydinga «grunn eller botn» eller Þeli som «jord med islag». Ei anna elegant tolking er at namnet þelli har sitt opphav i treslaget furu, og står såleis i kontrast til det grankledde Grenland, som opphavleg vart brukt om områda rundt Norsjø.13 Denne forklaringa passa godt
då granskogar etablerte seg i Grenland alt omkring 500 e.Kr., mens spreiinga fyrst nådde øvre Telemark fleire hundreår seinare.14 Eit forslag til som ein kan nemne, er at Seljordsvatnet tidlegare vart kalla Þeli, og at dette vatnet gav namnet til heile regionen.15
Det siste leddet, mǫrk, er meir beint fram å tyde og viser til skog eller mark på gammalnorsk, men ordet hadde òg ei eldre germanisk tyding som «grense». Om dette skriv språkforskar Jørn Sandnes (1926–2007)16 at store skogstrekningar i gammal tid ofte danna grense eller «mark» mellom busetjingsområde. Av dette har den seinare tydinga ‘skog’ utvikla seg. Og tydinga ‘bygd grenseområde’ er truleg det som ligg til grunn for gamle landskapsnamn, som til dømes Finnmark, Hedmark, Telemark, Vingulmark og Marker17.
Allereie tilbake i år 551 e.Kr. nemner den bysantinske historikaren Jordanes i underkant av 30 nordiske folke- og landskapsnamn.18 Nokre av dei kan ein ganske sikkert knyte til Telemarks granneområde, Granii (Grenland), Augandzi (Agder) og Rugir (Rogaland). Dei fyrste moglege, men svært usikre, spora etter Þela i Telemark kan også finnast her, då i form av Taotel. Men det har òg vore hevda at Jordanes’ tekst skal lesast annleis, med ei anna deling av orda.19 I så fall kan han ha skrive telrugi, der tel då opptrer i tydinga «grunn eller botn». Jordanes skriv om rogalendingane som var busett i fjordbotnane, og Telemark skal forståast som landet ved grensa til telrygene sitt land. Forklaringa gjev så fall eit svært tidleg, men også usikkert døme på vestlege bindingar frå øvre Telemark.


Figur 6, over: Arealfordeling i øvre Telemark og i Noreg, vist i prosent. (Kjelde: Statistisk sentralbyrå 2023.)
Figur 7, under: Arealfordeling i øvre Telemark fordelt etter høgd over havet. (Kjelde: Statistisk sentralbyrå 2023.)
Telemark og teler møter me så fleire gonger i sagalitteraturen, mellom anna i Snorre Sturlasons (1179–1241), beretningar om vikingtidskongane Harald Hårfagre (– ca. 930), Olav Tryggvason (ca. 968–1000 e.Kr.) og Olav den heilage (995–1030 e.Kr.). Mange historikarar har likevel trekt truverdet til Snorre i tvil på dette punktet,20 og det kan vere at skikkelsane og områdenamna me møter, snarare speglar politiske og geografiske framstillingar som eksisterte på 1100og 1200-talet, då sagaene vart skrive ned. Frå omkring 1200 er likevel (øvre) Telemark godt dokumentert i skriftlege kjelder, 21 sjølv om grensene var dragne annleis.
Fjellbygdmålet
I tidlegare diskusjonar om regionale kontaktar og tilhøyrsle har òg det tradisjonelle talemålet vorte trekt inn. Dialektane i øvre Telemark blir rekna blant dei midtlandske måla, ofte også omtala som fjellbygdmål, og skil seg dermed frå austlandsk, som blir snakka i Grenland og Norsjøområdet. Talemålet i øvre Telemark kan ein vidare dele i to – aust- og vesttelemarksmål. Målføra i Aust-Telemark (Tinn og Hjartdal) har tjukk l og andre fellesdrag med målføret i Numedal Vest-Telemarksmålet har ikkje den tjukke l-lyden, og det slektar òg i andre høve på målføra i Agder og Setesdal.
Tjukk l blei truleg ein del av det austnorske talemålet i tida 1300–1450, medan målmerket aldri spreidde seg til Vest-Telemark og Vest-Noreg.22 Det er lett å sjå for seg korleis denne type likskap og skilje i
talemål blei danna i bygder og dalføre, og at kontaktar på tvers av regionar kan gje impulsar til endring. Men samstundes må ein ikkje undervurdere at det kan vere ein nær samanheng mellom geografisk identitet og utbreiinga av dialekttrekk.23 Dette gjer samanhengen mellom dialektkontakt og endring kompleks, og i nokre høve kan auka kontakt forsterke skilnader, framfor å jamne dei ut.24
Også gardsnamn har av og til vorte trekt inn i diskusjonen om regional identitet,25 blant anna er det fleire namntradisjonar som finst både i øvre Telemark, Rogaland og Agder, men manglar i nedre Telemark. I dette tilfellet er det samsvar mellom stadnamn og dialektar, og begge kjeldene fortel nok fyrst og fremst om at dei sosiale nettverka i øvre Telemark har greina seg ut i mange retningar.
Kva gravfunna fortel om regional tilhøyrsle
I motsetning til Hallingdal og Valdres sokna aldri øvre Telemark formelt sett mot vest. Likevel har det vore stor kontakt og samhandling den vegen. I nyare tid, med utbygginga av Telemarkskanalen, og seinare med raske og relative gode vegfar, er øvre Telemark og nedre Telemark blitt tett kopla saman. Medan tidlegare var særleg opne fjellvidder, breie dalstrok og store innsjøar samanbindande. Eit markant geografiske skilje gjekk mellom dei breie flatbygdene rundt Norsjø med kontaktnettverk vendt mot kysten og austover, og dei meir spreidde fjell- og dalbygdene i indre delar, der ferdsla og kontakten i større grad gjekk mot Agder
og Rogaland, samt over Hardangervidda mot vest.26
Den regionale tilhøyrsla viser seg blant anna i likskapar i bygge- og handverkstradisjonar og arkeologiske funn.27 Med omsyn til eldre jernalder dannar Jens Storm Munch sitt studium av gravfunn frå Telemark ein grunnmur i forståinga av det arkeologiske kjeldematerialet i tida fram mot 550 e.Kr.28 Basert på gravfunn og andre kjelder teiknar han eit heilskapleg bilete av befolkningsutviklinga og kulturtilhøva i øvre Telemark frå det han så som ein koloniseringsfase frå slutten av 300-talet.29
Jens Lauritz Storm Munch (1927–2008), arkeolog. Munch arbeidde særleg med kulturvern og formidling av kulturhistorie i si rolle som fylkeskonservator i Troms 1966–1991. Hans magistergradsoppgåve «Borg og bygd. Studier i Telemarks eldre jernalder» frå 1954 (publisert i 1965) er eit viktig bidrag til vår forståing av Telemark i eldre jernalder.
Som eit uttrykk for kulturtilhøve i nordaust trekker Munch fram to gravfunn daterte til fyrste halvdel av 400-talet frå Rjukan i Tinn (C18378–C18396).30 I gravskikk og gravgods ser han ein klar parallell til Numedal,31 samstundes som eit skår av eit spannforma leirkar (C18388) og ei bronsespenne (C28486) er av vestnorske typar.32 Eit anna uttrykk for den vestlege påverknaden er tre store vestlandskjelar,
frå Tokke (C1673 og C8433) og Vinje (C20933), sjå side 55–57. Slike store kjelar vart laga i kontinental-Europa og om lag femti av dei fann vegen til Noreg i perioden 300–525 e.Kr., hovudsakleg til Vestlandet. I samsvar med denne utbreiinga meiner Munch at kara vart frakta over fjellet frå Rogaland eller Hordaland til Telemark, ei tolking han styrker med det han ser som vestlege trekk ved gravskikken, og andre gjenstandar frå graver i Vinje. Men det har òg blitt føreslått ein annan veg for desse kjelane inn i Telemark, nemleg opp langs Telemarksvassdraget frå sør.33
Leirkar frå Fyresdal og Nissedal (C13780 og C21715) er forstått som eit resultat av kontakt mot Agder og Rogaland , noko Munch underbygger med gravskikken som blei nytta i desse områda. Ein studie av seinare spannforma keramikkar og krossforma draktspenner støttar denne tanken om kontaktar mellom Vinje, Agder og Vestlandet. Dei ofte rikt dekorerte spannforma kara er mest talrike i Rogaland og Agder, men finst også spreidd i øvre Telemark, jf. figur 9. Eit av dei mest slåande funna her er to nesten identiske skår, det eine frå Snartemo i Hægebostad, sør i Agder (C28026) og det andre frå Mogen, ved Møsvatn i Vinje (C30088), jf. side 47–50. Ut frå likskapen har det vorte føreslått at krukka er laga av same keramikar. Ei slik vurdering passar med at hengebogane som kjenneteiknar karet frå Mogen er vanlegast i Vest-Agder. Samstundes har det blitt peika på at «perlene» som dekker enkelte av skåra, er vanlig i Voss og Hardanger.34
Til sist legg Munch vekt på at kontakten mellom norsjøområdet , Seljord og Kviteseid blir tydeleg frå slutten av 300-talet. Følgeleg teiknar Munch eit bilete av øvre Telemark som eit landområde som blei kolonisert frå sør-aust (norsjøområdet), sør (Agder), vest (Rogaland og Hordaland) på 300- og 400-talet. I tillegg ser han påverknad frå nord (Numedal).
Sigrid Hillern Hanssen Kaland står for den andre grundige studien av gravmaterialet frå Telemark.35 Men ho gjer eit om lag 200 år langt tidssprang, og fokuserer på vikingtida. Hennar gjennomgang av 102 sverd synleggjer at alle dei ulike delane av øvre Telemark både har hatt kontakt mot sørvest og mot aust,36 mens til dømes dei fleste sigdblada er av austnorske typar. 37 Kaland framhevar òg tre sigdblad av ein vestlandstype frå nordaustdelen som unntak, funne i

8a: Spannforma leirkar frå grav frå

Figur 8b: Fragment av spannforma leirkar (C30088) frå utgraving av tuft ved Mogen, Møsvatn. (Foto: ukjent, KHM.)
Gransherad, Tinn, og Hjartdal, blad ho meiner har fått forma si som eit resultat av nordvestlege kontaktar.38 Ytterlegare eit døme er skålvekter og vektlodd, der likskap i eit funn frå Valle i Setesdal og Fyresdal viser nord-sør-kontaktar. Vevskeiene, fortel derimot ei noko anna historie. Desse er mest talrike i Oppland, Telemark, Rogaland og Hordaland, og kanskje synleggjer dei at øvre Telemark danna eit band mellom aust og vest.
Sigrid Hillern Hanssen Kaland (1942–), arkeolog. Kaland har leia ei rekke arkeologiske utgravingar i Noreg og på Orknøyene, ho deltok også på undesøkingane av den norrøne busetjinga på L’Anse aux Meadows, Newfoundland. Hennar grundige magisteroppgåve om Telemark frå 1969 gjev ei verdifull innsikt i vikingtida.

var mellommenn mellom Sør-, Aust- og Vestlandet. Telemark knytte landsdelane saman.
Forminga av ein administrativ konstruksjon
Då den nye regionen Vestfold og Telemark fylke vart lansert i 2020, blei den kritisert frå fleire hald og skulda for å vere konstruert og utan ein felles identitet. Vestfold og Telemark fylke vart også eit kortliva eventyr. Telemark fylke har ei betrakteleg lengre historie, men om me går bakover i tid, kan mykje av den same kritikken også rettast mot Telemark fylke. Det openberrar seg eit skilje mellom Grenland og det som i dag kan kallast øvre Telemark, eit skilje som omhandlar meir enn landskap og topografi. Det er blant anna skilnader knytt til verdslege skattar og til geistlege pliktytingar.
Det er truleg at øvre Telemark og Numedal låg utanfor, og vart seint integrert som del av det nasjonale kongedømet. Frå 1200-talet er det ei endring av samhandlinga i innlandsområda som fylgje av den auka betydninga av byane ved kysten, blant anna ved at rurale lagting vart flytt til urbane senter.39 Etter 1223 blir den søre delen av lovområdet Eidsivatingslagen oppdelt, og øvre Telemark og Numedal blir del av Skien lagsokn.40
Ut frå gjennomgangen meiner Kaland at den tidlegare klare skilnaden mellom dei austlege og vestlege delane var viska ut i
vikingtida. Forklaringa hennar er at folk i øvre Telemark ikkje lenger budde i isolerte bygder, og at grensene mellom sokn og landskap var løyst opp. Øvre Telemark var blitt «grensebygder» og befolkninga
Denne endringa, der fjell- og dalbygdene vart samla i lag med Skien, må reknast som eit forsøk på å knyte innlandet sterkare til konge- og kyrkjemakta.41
Mange gonger utover i mellomalderen føregjekk det endringar av verdslege administrative og geistlege grenser,
og desse er sjeldan samanfallande. Eit område kunne geistleg sett ligge under Hamarbiskopen, samstundes som dei også verdsleg sett låg under lagmannen i Skien. Grenser, som vist på kart, er òg ein relativt moderne måte å tenkje på. Det er neppe før på 1100-talet ein kan snakke om tilnærma faste administrative grenser, og det er eit ope spørsmål om kva tyding dette eigentleg hadde for den jamne busetnaden.
Verdsleg inndeling
Ei av få tidlege skriftlege kjelder som beskriv kulturhistoriske regionar, er det latinske verket Historia Norvegiæ (HN).42
Dette vart skrive mellom 1150–1175 som ei krønike over norske kongar, men skildrar også ei geografisk inndeling, der landet er delt inn i tre geografiske hovudområde; Kystlandet Zona itaque maritime, Midteller Fjellandet Mediterranea zona/De montanis Norwegia, og Finnanes land De Finnis. Sistnemnde omhandlar samiske område, då mest sannsynleg delar av innlandet i dagens Nordland og nordover.
Fjellandet er delt inn i fire såkalla patria, desse vart så vidare delt inn i tolv provinsar. Denne inndelinga i tolv kan ein skimte også i tidlegare kjelder. I eit skaldekvad av Sigvat Tordsson , som var skald hjå Olav den heilage , blir det stadfest at Olav den heilage fekk herredøme over elleve menn eller provinsar i Opplandene ( Uppl ǫ nd ), 43 med Ringerike i tillegg, som kongen alt rådde over, blir dette dei tolv provinsane i Fjellandet. Denne hendinga kan vere den same som blir referert i den, litt mindre pålitelege,
legendariske Olavssaga, der Olav fangar elleve kongar eller kongsborne menn og krev at dei underordnar seg han, om dei vil leve.44 Sidan øvre Telemark og Numedal utgjorde både ein provins og patria i Fjellandet, kan dette indikere at det har vore ei form for regional høvding eller stormann her i sein vikingtid – tidleg mellomalder. Det er likevel usikkert kvar han hadde sitt sete, eller kor mykje reell makt han eventuelt kunne ha.
Ved byrjinga av 1200-talet blir den verdsleg administrative inndelinga meir synleg i kjeldene. Arkeolog Frode Iversen (1967–2022) har argumentert for at det i denne perioden var ni sannsynlege lagsokn fordelt på fire lagdøme i Noreg,45 der øvre Telemark var del av Søndre Oppland lagsokn, innanfor Eidsivatingslagen, jf. figur 10.
Dette endrar seg utover 1200-talet, blant anna etter eit stort riksmøte i 1223 då fleire lagting kom til og tidlegare rurale lagting vart flytt til byar.46 Den gamle lagdømeordninga vart supplert med nye lagsokn, eller lagtingskretsar, med mål om å skape overordna domstolar, som kunne verke saman med kvar sin lagmann. Lagmenn tok i stor grad fast opphald i byar eller andre administrative knutepunkt, og stemna folk til seg. 47
Dette gjorde at lagmannsdomstolane i byane vart viktigare enn dei tidlegare rurale stemne eller ting. Dette bidrog til å styrke byen si administrative rolle. Nordre del av Borgartingslagen som vart delt i fire lagsokn, kvart med sentrum i dei viktigaste byane rundt Viken; Tønsberg, Sarpsborg, Skien og Konghelle.48 Også søre del av Eidsivatingslagen blir
oppdelt, øvre Telemark og Numedal blir del av Skien lagsokn, medan Oslo aukar sitt innflytelsesområde til å inkludere Romerike, Ringerike og dessutan Marker og halve Vingulsmark, jf. figur 11. Mellom 1334 og 1368 vart også Valdres og Hallingdal lagt inn under Oslo-lagmannen.49 Det skjer altså ei endring over tid, der det som ein gong blei omtala som Fjellandet vart delt og knytt tettare til mellomalderbyane.
Geistleg inndeling
Som vist er det altså endringar i dei administrative grensene i innlandsområda mot slutten av 1200-talet, mens den geistlege organiseringa blir oppretthalde. Der øvre Telemark og Numedal mest sannsynleg gjekk frå å vere del av Eidsivatingslagen til å bli del av Skien lagsokn, blir områda verande som del av Hamar bispedøme også etter 1200-talet, sjå figur 12. I Telemark gjekk truleg grensa mellom Hamar og Oslo bispedøme mellom Brunkeberg og Kviteseid . 50 Øvre Telemark hadde då sannsynlegvis fire prosti, med hovudsete i Kviteseid, Seljord, Hjartdal og Tinn . 51 Øvre Telemark og Numedal er del av Hamar bispedøme fram til 1600-talet.52 Det same gjeld for Hallingdal og Valdres , som sjølv om dei vart lagt under Oslo-lagmannen frå midten av 1300-talet, blir den geistlege tilknytinga til Stavanger halde ved lag fram til 1600-talet.53
Verdsleg sett mista Stavanger Valdres og Hallingdal til Oslo, og Hamar mista det søre lagsoknet til Skien, Tønsberg og Oslo. Men for biskop-byane Stavanger

og Hamar vart endringane mindre. Øvre Telemark, Numedal, Valdres og Hallingdal sokna altså til ulike regionar, geistleg og verdsleg frå ca. 1300–1350 og fram til 1600-talet.
Ein grunn til dette kan vere at dei verdslege administrative endringane kan ha vore knytt til økonomiske omsyn, og då særleg ressursane i innlandet. Den geistlege organiseringa vore mindre betinga av slike omsyn, og difor har ei endring vore mindre presserande. Befolkningsmengda i fjell- og dalbygdene var nokså låg, og inntektene til kyrkja frå desse områda var såleis truleg små. I tillegg var både øvre Telemark og Numedal unnteke frå tienda, som me også kjem inn på seinare.
Skatteområde og pliktytingar Frå sein vikingtid skjedde ein overgang frå personlege ytingar til skattlegging basert på jord og produksjon.54 Det eldste skattesystemet i landet vaks fram tett kopla opp mot forsvarsordninga leidangen (sjå faktaboks). Sjølv om leidangen som sjømilitær forsvarsordning hadde militær betydning fram til byrjinga av 1300talet, vart delar av leidangsplikta endra til ein skatt allereie på 1100–1200-talet.55 Med landslova av 1274 vart leidangsskatten omgjort frå personskatt til ein fast skatt på eigedom. Landskuld var opphavleg den årlege avgifta leiglendingen betalte til eigaren for bruken av leigd jord, medan i landslova vart landskuld brukt som grunnlag for utlikning av leidangsskatten, og landskuld vart etter kvart ein verdimålar også for sjølveigarbruk.56