Farlege språk
































Farlege språk
Historisk lesebok om språkkonfliktar
dreyers forlag oslo, 2024
© dreyers forlag – ein del av forente forlag as, 2024 bilete framside: ftt.52336 sverresborg trøndelag folkemuseum, museene i sør-trøndelag. foto: erik børseth, sverresborg språkrettar: gode manus v/åsmund forfang
omslag: snitt design
papir: 80 g munken print cream 1,8
trykk: scandbook ab, falun
printed in sweden isbn 978-82-8265-714-3
boka er skriven med stipend frå det faglitterære fond
boka er prenta med tilskot frå skuleboknemndi åt studentmållaget i oslo
For the memory of professor dr. Abu Tayeb Mohammed Anisuzzaman (1937–2020)
Prolog i England
Her tok opprøret til, her tok krigen slutt.
Der eg går oppover mot kyrkjehuset i Sampford Courtenay med sola i ryggen, innser eg at det er mykje å fortelje. St. Andrewkyrkja ligg nedanfor ein låg kolle i ly for vestavêret. Den vestvende kyrkjehusveggen av stein i sjatteringar av grått og brunt og gult er enno kjølig. I kvit skrift på gråblått metall les eg at andre pinsedag 1549, Whit Monday, drap folk den lokale bonden William Hellions her. Etterpå slutta dei seg til eit kornisk opprør mot språkleg og religiøs endring som enda med nederlag mot kongshæren her oppe ved kyrkja.
Eg går mot den utvendige trappa, tek dei tolv steinstega opp til andre etasje, first floor, trør på leivningar av tid festa som lyst lav, myser mot sør, ein nabo feiar vekk støyperusk, ei barnevogn trillar forbi i landsbyen Sampford Courtenay ein busstime vest for Exeter i Devon, langt unna larmen i London.
Vel oppe snur eg meg. Det er her dei kjem med bonden den måndagen.
Hausten 1548 møttest biskopane i Church of England på Windsor for å drøfte framlegget til ei ny altarbok, skriven av Thomas Cranmer, erkebiskopen av Canterbury. Altarboka skal erstatte det katolske missalet og er i både form og innhald noko heilt anna enn det kyrkjelydane er vane med. Reformasjonen kjem.
Prolog
i England
Både Overhuset og Underhuset godkjenner Act of Uniformity og med det den nye altarboka Book of Common Prayer 21. januar 1549. Alt presten treng, og som før har vore spreidd i fire bøker, er endeleg samla i éi bok. Kongsmakta erstattar no den katolske liturgien på latin med ein protestantisk på engelsk. Alt er på engelsk, alt skal gå føre seg på engelsk, og språkføringa er filt setning for setning. Det skal vere éi kyrkje, eitt språk.
Boka er eit ganske gjennomtenkt teologisk kompromiss. Bruken blir derimot vilkårslaus og utan miskunn. Altarboka skal brukast overalt i England, Wales og Cornwall. Den presten som motset seg den nye liturgien, mistar alle sine beneficium – skatteinntekter, rettar og ymse gode – for eitt år. Skjer det ein gong til, mistar han beneficia på livstid og får eitt år i fengsel. Sivile som går til åtak på altarboka eller får nokon til å bruke andre skrifter, blir også straffa. Kyrkjelivet skal endrast med fast hand, klar tale og kald makt. Samstundes innfører parlamentet ei ny avgift på sauehald som tappar allmenta for pengar. Dette politiske reknestykket går ikkje opp for folk i Devon og Cornwall.
Det reformerte kyrkjelivet skal ta til seinast pinsedag 9. juni 1549.
Den gamle forkynninga på latin har for mange vore garantien for ortodoksi og rett lære. Dette nye kan ein ikkje stole på. Ikkje er det til å forstå for alle heller, dette engelske språket. Det er ikkje til å tole, dette, for i Cornwall er banda sørover sjøen sterkare enn landevegen austover. Det tek ei veke å ri til London, éin dag å segle over til Bretagne i god bør.
Dei har gode grunnar til å halde fast ved den gamle trua. Like frå si keltiske tid har dei teke vare på mang ein helgen og endå fleire segner og tradisjonar. Romarane kom aldri lenger vest enn
Exeter på den britiske øya. Særleg Cornwall er som eit utland med sterke band til Bretagne, dit mange utvandra, og der folk difor snakkar mykje godt same språket. Fleire ritual er like i dei to områda, som å setje opp krossar for å vise kvar vegane går.
Avgjerdene i London utløyser eit opprør som tek til i ein liten landsby vest i Devon. I Sampford Courtenay bur om lag 500 menneske, og pinsedag 1549 går mange fleire enn vanleg til messe i St. Andrew-kyrkja. Den tidlegare slottstenaren William Harper forrettar, men alt er så forandra. Ingen prosesjon, ingen gregoriansk song, ingen lys på altaret, ikkje i lektoriet heller. Inne i den granittgrå kyrkja der morgonlys renn gjennom det store vindauget i koret, preikar og forrettar den aldrande presten på engelsk.
Ute på kyrkjebakken etterpå semjest folk om at under messa neste dag skal dei ikkje ha noko av dette nye. Gud skal snakke latin, som han har gjort før. Her skal inkje reformerast, ingen engelske ord og setningar skal sive inn, ikkje enno.
Kyrkjelyden er endå større andre pinsedag, og då den aldrande presten er på veg til kyrkja, blir han stoppa. Eg må følgje lova og bruke den nye altarboka, seier Harper. Nei, det skal du slett ikkje, svarar to menn som er mellom dei fremste i landsbyen. Dei to sperrar døra for han og krev at det gamle blir ført vidare til kong Edvard 6. har fylt 24. Ikkje berre avviser kyrkjelyden den nye altarboka på engelsk. Dei utfordrar også den engelske evangeliske kyrkja.
Ein fribonde i grannelaget, William Hellions, er på parti med presten og vil det nye. No har han drege inn til landsbyen for å seie kraftig frå, men presten bryt lova og held den gamle messa. På latin. William Hellions blir ståande mo åleine, han har mista støtta frå presten, og no mistar han alt.
Prolog i England
Nokon grip tak i han og tek han med opp trappa i kyrkjehuset. Innanfor får han seie kva han meiner, dei svarar med skyljebøtter av spørsmål og kritikk, så luskar han ut. På veg ned trappa blir han slått i nakken med ein lauvkniv, fleire kastar seg over han, nokon har ei greip, dei stikk han til døde, mea culpa, fører den døde bort, parterer liket, vaskar sine hender, mea maxima culpa.
Så seier soga, men ord sagt frå mann til mann blir til uvisse når historiske dokument blir saumfarne. Om fribonden William Hellions er så lite kjent at det ikkje kan seiast sikkert om han blir drepen denne pinsehelga då reformasjonen kjem til Sampford Courtenay, eller om blodet renn i trappa ei veke eller to seinare.
Dei som drep, veit at ein prest mista livet vest i Helston året før. Vestanfrå er ein flokk av opprørarar alt på veg. No flokkar også folk i Sampford Courtenay seg til ferd mot London. Dei går og kan ikkje anna.
Roleg går eg ned trappa att dit eg kom frå, inn i ettertida. Det er ei god trapp å gå i.
Damaskus i dagslys
Den første tanken var av det enkle slaget.
Laurdag ettermiddag 4. februar 2006 sette islamistiske aksjonistar i Damaskus fyr på den danske ambassaden, som også hyste den svenske og den chilenske ambassaden. Fleire tusen gjekk til aksjon, og bygningen blei totalskadd. Med målet nådd drog aksjonistane vidare til den norske ambassaden. Der rakk dei tilsette å kome seg i dekning før aksjonistane nådde fram; ambassadøren var i Jerusalem. Med tåregass og vasskanonar stoppa det syriske opprørspolitiet folkemengda i første omgang, men til slutt kom aksjonistar seg inn og sette fyr. Den franske ambassaden var det tredje målet, men der greidde politiet å stoppe alt. Same kvelden evakuerte norske styresmakter alle norske ambassadetilsette til Beirut, og nordmenn i Syria fekk råd om å kome seg ut av landet.
Slik var førsteinntrykka etter ein reportasje i Dagsrevyen på NRK1 søndagskvelden. «Horder av demonstranter stormet, plyndret og satte fyr på den norske ambassaden i Damaskus», fortalde den norske avisa Aftenposten over åtte sider i søndagsutgåva.1
Månader før, 30. september 2005, hadde den danske avisa Jyllands-Posten publisert tolv teikningar av Muhammed. Danske Kurt Westergaard hadde teikna profeten med truvedkjenninga på
Damaskus i dagslys
turbanen, forma som ei bombe med tend lunte. Den norske, kristenkonservative avisa Magazinet i Oslo trykte teikningane 10. januar og France Soir i Paris 1. februar. Då var alt dei første norske flagga brende på Gazastripa.
I Hillerød nord for København planlegg den høgreekstreme organisasjonen Dansk Front demonstrasjon under sabbaten fredag 3. februar, og det gjekk rykte – som organisasjonen dementerte – om at dei vil brenne Koranen. Dette ryktet når islamistar i Damaskus og gir dei eit påskot eller endå ein grunn til å handle. «Med vårt blod og våre sjeler skal vi forsvare deg, Guds profet», skal demonstrantane i Damaskus ha ropt.2
Den indisk-britiske forfattaren Salman Rushdie hadde gitt ut romanen Sataniske vers hausten 1988. Få månader seinare proklamerte ayatolla Khomeini at boka var blasfemisk mot islam, og lyste forfattaren i bann. Denne fatwaen var ein dødsdom som også truga omsetjarar, forleggjarar og bokhandlarar. Ikkje-muslimar
fekk også lære at den som viser profeten Muhammed, krenkjer islam, endå noko slikt biletforbod ikkje er nemnt i Koranen. Der var fleire passasjar om biletforbod i Det gamle testamentet, men etter 1500-talet var det jamt slutt for kristne biletstormarar. I både den katolske og den protestantiske kyrkja blei gudsbilete etter kvart ein del av forkynninga på linje med Ordet. Frå slutten av 1800-talet var bilete ein så integrert del av blad og bøker at eit biletforbod var vanskeleg å forstå. Då film og fjernsyn fylte kvardagane, blei tanken om eit biletforbod meiningslaus.
Hadde det vore vanskeleg å handtere kulturkonfliktar før, blei det ikkje lettare no.
Det kan godt hende at der hausten 2005 var andre former for meiningsytringar som ville ha vore meir verknadsfulle enn det å
Damaskus i dagslys
teikne Muhammed. I den grad dei fanst, blei dei borte. Då konflikten kvesste til i Damaskus, valde fleire medieverksemder å publisere Muhammed-teikningar, i det minste i faksimile. Litt respekt skader ikkje, sa dei tre unge muslimane Naser Shapoori, Reza Niazi og Horvat Ayarmal i Oslo: «Selv ville vi demonstrert, men ikke brukt vold.»3
fjernsynsreportasjen frå damaskus søndag kveld 5. februar såg eg berre timar etter at eg var komen heim frå hundreårsjubileet for Noregs Mållag. I takt med den vestlege tidsmelodien hadde språkleg og kulturelt mangfald ramma inn den feiringa. Denne kvelden slo det meg at dette var ein annan måte å løyse kulturkonfliktar på enn nordmenn var blitt vane med. Her til lands var verken fysisk eller symbolsk vald legitime handlingar. Nordmenn løyste helst konfliktar gjennom verbal makt, sterke organisasjonar og gjensidig tillit mellom veljarar og valde.
Den norske røynsla er at kulturelle konfliktar kan løysast utan vald. Dette var den enkle tanken, og den tok snarvegen til makta. På oppdrag frå Kulturdepartementet skreiv eg utgreiinga «Makt, språk og demokrati» vinteren 2007. Med mindre endringar blei dette kapittelet «Språk og makt» i ei stortingsmelding om språkpolitikk som regjeringa Stoltenberg la fram året etter. I underkapittelet «Den demokratiske verdien av usemje» formulerte eg for første gong tanken om den norske røynsla:4 «Møte mellom ulike kulturar og verdiar kan både skape positivt mangfald og konfliktfylte situasjonar. Dei kulturelle møta mellom Vesten og islam har særleg i seinare år utløyst mange sterke og brutale reaksjonar, og muslimar har markert tydeleg kva dei opplever som krenkjande handlingar. Desse krenkingane kjem som
Damaskus i dagslys
følgje av mangel på respekt og forståing, og dei representerer bruk av fleirtalsmakt eller ideologisk makt. Slike konfliktar finst også på det språklege området.
Den norske språkstriden har til tider vore intens, men til skilnad frå mange språkkonfliktar i andre land har denne aldri ført til at dei som er i mindretal, har brukt ikkje-demokratiske verkemiddel.
I den nordiske velferdsstatsmodellen er slike demokratiske konfliktløysingsmodellar ein hjørnestein. Her har mindretalet vist fleirtalet kva verdiar som er viktige. Språkstriden har altså vore med og vist korleis konfliktar kan løysast fredeleg. Usemje er bra for demokratiet, og språkstriden har difor vore eit demokratisk gode.»
Stortinget vedtek aldri ei stortingsmelding, men kan slutte seg til hovudlinjene og legg meldinga ved protokollen. Slik gjekk det også med denne meldinga våren 2009.5 Både før og etter drøftinga i Stortinget hadde eg kverna vidare på emnet i artiklar, foredrag og bøker utan at eg grov meg djupt inn i stoffet. At det hadde vore ein norsk tradisjon i nær hundre år å bruke symbolsk vald for å fjerne eit språk, ante eg ikkje før eg skreiv boka Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912–2005 (2022). Den historia sluttar få månader før Muhammed-teikningane tende nye bål.
Regjeringa Stoltenberg hadde altså lagt fram for Stortinget noko som neppe stemte. Dette hadde dei folkevalde både drøfta og lagt ved protokollen. Viss der er ei norsk røynsle med løysing av kulturelle konfliktar, handlar ikkje denne røynsla om løysingar utan bruk av vald. No spør eg for å svare seinare: Kva er den norske røynsla jamført med kulturkonfliktar om tale og skrift over tid i andre land?
eit språk kan bli farleg for regime, andre makthavarar, eit fleirtal eller grupper som ikkje bruker språket. Minst fem faktorar
Damaskus i dagslys
gjer seg gjeldande der nokon meiner at fare er på ferde. Det skjer når eit språk er ein del av ein etnisitet som er omstridd eller ikkje akseptert. Språket kan vere brukt av eit mindretal som utfordrar vilkåra for dei som nyttar eit meir brukt språk eller fleirtalsspråket. Blir ikkje eit språk forstått av mange nok, risikerer gruppa av språkbrukarar å bli mistenkeleggjord. Eit språk blir også farleg når det er brukt til å formidle kunnskap eller tru som andre forkastar eller oppfattar som trugande. Likeins kan eit språk bli farleg når det er knytt til ei gruppe som andre meiner undergrev eller er illojal mot fellesskapen, ein samfunnsformasjon eller ei statsdanning. Slik har det vore lenge, og det er ikkje over.
Kor farlege språk faktisk kan bli som faktor i sosiale og kulturelle konfliktar, har det slett ikkje vore semje om. Den amerikanske sosiologen Rogers Brubaker har sett ord på den forståinga som vann fram.6 Han meiner at religion og språk er dei to viktigaste formene for kulturelle skilnader i vår tid. Språk handlar om skilje mellom språk, medan religion gjeld både skilje mellom religionar og skiljet mellom religion og ikkje-religion. Herskarane i førmoderne tider, altså før opplysningstida på 1700-talet, var med viktige unntak ganske likesæle til kva språk folk brukte, medan verdslege og sakrale makthavarar på alle vis brydde seg om religion. Brubaker kjem til at språkkonfliktar blir mindre skarpe enn konfliktar om religion, og at religion ofte erstattar språk som politiserande faktor i spørsmål om kulturelle skilnader. Ut frå dette skaper altså religion meir konflikt enn språk gjer.
Sosiale faktorar som makt og hegemoni utvidar det språklege og kulturelle konfliktområdet. Sosiologiske og statsvitskaplege forskingsmiljø har gjerne bagatellisert eller oversett den språklege faktoren sjølv i kulturkonfliktar. Samstundes har det helst vore
Damaskus i dagslys
lite å finne av statsvitskap og sosiologi i språkvitskaplege studium av språkkonfliktar.
Som så ofte elles handlar også dette om makt. Sidan 1972 har offentlege utgreiingar av uavhengige utval vore ein systematisk og viktig del av kunnskapsgrunnlaget for meiningsdanninga i Noreg.
To slike utgreiingar har handla om makt – éi under leiing av sosiologen Gudmund Hernes i 1972–82, og éi med statsvitaren Øyvind Østerud som leiar i 1998–2003. Berre Østerud-utvalet drøfta forholdet mellom språk og makt, som viste att alt i definisjonen av makt: «Makt er evne til å nå et mål, skape en virkning. Makt kan utøves direkte i tvangs- og beslutningssituasjoner, eller indirekte gjennom symboler, institusjoner og sosiale strukturer.»7 I kommunikativ forstand er også språk makt, slo utvalet fast, utan å drøfte makt og avmakt hos ulike grupper av språkbrukarar eller forholdet mellom slike grupper innanfor ein stat.
I den stortenkte boka Empires of the word nettopp frå 2006 framhevar den engelske språk- og kulturhistorikaren Nicholas Ostler at kvart einaste språk definerer ein fellesskap for dei som bruker språket eller kan forstå det.8 Ostler viser kor ulikt møte mellom kulturar verkar inn på dei aktuelle språka og gruppene av språkbrukarar. Militær erobring og økonomisk dominans har ikkje alt å seie når språkbruk endrar seg eller eitt språk tek over for eit anna. Det er ikkje eingong sikkert at slike faktorar over tid fører til store språklege endringar. Folkevandringar og organiserte folkeflyttingar har til liks med religiøse rørsler berre i nokre tilfelle sett djupe språklege spor som ikkje har gått bort. Kulturelle skilnader kan ha vore viktige, men ikkje alltid avgjerande. Språk blir spreidde over generasjonar, hundreår, stundom tusenår, og sjølv det mest utbreidde språket kan hamne i klemme. Det som kan
Damaskus i dagslys
forklare framgangen for eitt språk, eller det som truleg har hatt mest å seie for at eit anna språk blir svekt, forklarer altså ikkje all framgang, stagnasjon, tilbakegang.
Språk er så innebygt i samfunnsstrukturane at mange tek det for gitt, og mange tenkjer lite eller inkje over språket sitt. Då blir språk den sjølvsagde faktoren og lett å oversjå i så vel allmenne ordskifte som i studium av samfunn og konfliktar. Tvilen om den norske røynsla får difor eit tungt tillegg: Kor farleg har språk vore i kulturkonfliktar til skiftande tider?
språka har vore der i mange titusen år. Kvart menneske snakkar før det lærer å skrive – om det ikkje blir verande analfabet. Skriftspråk byggjer altså på talt språk. Unntaket er planspråk, som er konstruerte utan å skrive seg frå eit sosialt utvikla talespråk. Dei sosiale, kulturelle og politiske vilkåra for å snakke eit språk kan vere heilt andre enn vilkåra for å skrive det. Talt språk i private samanhengar kan sjeldan regulerast, sjølv om det hender at all bruk av eit språk blir forboden. Derimot kan styresmakter regulere kva språk ein kan snakke i offentlege samanhengar, som i parlament eller rettssalar eller kyrkjer eller massemedium. Mykje det same gjeld for skriftspråk, men det er lettare å regulere, avgrense, påby eller forby det å skrive eit bestemt språk. Dette pregar den lange historia om språkkonfliktar. Dei har handla om talt språk, om skrive språk, eller om både tale og skrift. I opphavet og ævelengder handla det om fedrespråk, sermo patrius. Først frå 1100-talet erstatta etter kvart lingua materna, morsmål, dette uttrykket frå antikkens tankegangar.9 Alt då var bruken av latin under press og på ingen måte morsmål for folk flest. No gir det mest meining å tale om førstespråk, det språket kvar og ein lærer først.
Damaskus i dagslys
Den norske statsvitaren Stein Rokkan har framheva fem faktorar som kan forklare den historiske utviklinga av skriftspråk iallfall i vestlege samfunn.10 Offentleg forvaltning blei sentralisert, eit skulevesen for heile landet blei bygt ut, med boktrykkjarkunsten blei skrifter masseproduserte og massespreidde, varige handelssamband mellom byane blei utvikla, og stabile kommunikasjonsband tok form på tvers av aristokratiske slektsband. Strukturelt blir tale til skrift på område etter område, frå rettskriving via kyrkje og skule til offentleg forvaltning og næringsliv.11
Frå språk og skrift tek skriftkulturar form. For meg er ein skriftkultur institusjonalisert tradering og overføring i skrift av kunnskap og erfaring, kulturelle og kunstnarlege uttrykk, normer og minne gjennom størst mogleg lese- og skrivekunne. Som sosial praksis strekkjer skriftkulturar seg frå hugselapp til røystesetel og vidare endå i mange format, sjangrar og medium.12
Historiske framstillingar om skriftkulturar følgjer gjerne linja frå munnleg kultur via ei handskriftleg tid fram mot kulturar der skrift blir jamt meir dominerande. Gjennom skrift tek både verdsleg handel og religiøs vandel nye former. Verdslege makter standardiserer skriftspråka, ofte ved å overlate dette til private institusjonar av typen språkakademi. Kvar på sin kant, ofte i nært samarbeid, legg verdslege og sakrale instansar nye samfunnsområde inn under dei skriftkulturane som veks fram.
Skriftkulturar stabiliserer samfunn, der skrift er ein nødvendig føresetnad for sosial utvikling, men ingen skriftkultur utgjer noko varig vern mot konfliktar. Same kor sterk ein skriftkultur er, vil der alltid vere emne, område, høve, miljø, grupper der det munnlege framleis rår grunnen. Den som skriv, sluttar sjeldan å snakke sjølv når siste ord er skrive.
Damaskus i dagslys
Alfabetisme og skriftfesting var og er kritiske punkt. Der leseog skrivekunna er lite utbreidd, får avgrensingar i bruk av språket mykje å seie berre for dei skrivekunnige. For allmenta av språkbrukarar vil slike avgrensingar knapt påverke kvardagen utanom rituelle og seremonielle hendingar.
I samfunn dominerte av skriftkultur er borgaren omgitt av skrift, same korleis borgaren sjølv meistrar det å bruke skrifta. Å vere ein del av dette, nytte dei høva ein skriftkultur rommar, og utøve den makta veljarar har i eit demokrati, formar det den norske historikaren Jostein Nerbøvik har kalla myndige menneske.13 Dei er røysteføre, målber synet sitt, bruker språket sitt til å vere deltakarar, ikkje berre tilskodarar.
Fleirtal og majoritet er ikkje alltid to sider av same saka. Det er heller ikkje mindretal og minoritet. I internasjonale avtalar er ein minoritet (eller majoritet) på engelsk anten ei etnisk definert gruppe eller eit mindretal (eller fleirtal), ei numerisk avgrensa gruppe. Ein minoritet er i utgangspunktet ei sosial gruppe som er numerisk underordna andre i samfunnet, og som dermed kan stå utsett til for ein majoritet.14 Denne definisjonen er henta frå engelsk og rommar dermed eit problem.
I germanske språk som svensk, dansk, tysk, nynorsk og bokmål kan ein skilje fagleg mellom majoritet og fleirtal, mindretal og minoritet utan presiserande adjektiv. På tysk kjem dette til uttrykk i ordpara Majorität / Minorität og Mehrheit / Minderheit. Denne grunnleggjande skilnaden finst knapt i engelsk. Minority er minority, anten det er ein etnisk minoritet, ei juridisk eining eller eit numerisk mindretal. Når engelsk er det dominerande fagspråket i verda, fører dette til at relevante nyansar og skilnader forsvinn inn i orda majority og minority.
Damaskus i dagslys
Vel, fullt så enkelt er det ikkje, for der er ein viss språklegkulturell skilnad mellom USA og Europa. I USA har majority og minority vore mest knytte til rase, så lenge det ordet var gyldig, medan desse orda i mange europeiske land er meir definerte ut frå etnisitet eller religion.15 På same måten som språk ikkje kan definerast berre lingvistisk, har det vist seg å vere krevjande å nå fram til noka felles forståing av minoritet.
Eit språk brukt av eit mindretal er altså noko anna enn eit minoritetsspråk. I daglegtalen blir likevel omgrepa blanda saman også på norsk. Frå engelsk har omgrepet a lesser used language kome inn med omsetjingslånet eit mindre brukt språk . Det omgrepet var det EU som skapte då ein skipa European Bureau for Lesser-Used Languages, som var i drift frå 1982 til 2010. Nynorsk er såleis både eit offisielt riksspråk og eit mindre brukt språk. Dette skil nynorsk frå mange språk som også er mindre brukte, men som har regional og ikkje nasjonal status.
konfliktar om tale og skrift bør sjåast nedanfrå og ut frå det verdigrunnlaget som har vore med og utløyst dei. Samfunn blir gjerne forstått som definerte fellesskapar, og konflikt er noko som høyrer slike fellesskapar til. Konfliktar om bruk av språk er ein type kulturkonflikt som kan ta mange former. Mykje handlar om etnisitet og identitet, store ord som utgjer ein berevegg i det byggverket av ord og gjerningar som tillit kan utgjere. Gjennom ikkje-valdeleg sivil motstand eller politisk vald kan kulturkonfliktane eskalere i retning av væpna konflikt eller krig. Nasjonale lovverk og internasjonale avtaleverk gir grupper av språkbrukarar ganske klare rettar, men kan også utløyse nye konfliktar. Den vestlege kolonialismen sette kulturelt og språkleg hegemoni i
Damaskus i dagslys
system, men utløyste ganske ulike språk- og kulturkonfliktar. Dette viser att i dei mange elementa av minnepolitikk som har vore ein grunnleggjande del av det å kome over språkkonfliktar.
Når det kjem til stykket, er ikkje eingong demokratiske prosessar nokon tilstrekkeleg føresetnad for å finne dei beste utvegane.
Alt dette set eg på prøve i sju forteljingar om kulturkonfliktar om tale og skrift i ulike statar gjennom hundrevis av år. I Bibelen står sju for mange og det fullstendige, men her er det eit lite tal.
Konfliktane valde eg utan å vite om dei var reinskorne døme på verken det eine eller det andre. Eg håpa berre at konfliktmønstera ville vise seg å vere ulike, at ikkje alt ville ende godt, og ikkje alt like dårleg. Konfliktar kan vare utan å vise mykje att, og eg valde bort dei dagsaktuelle til fordel for konfliktar som kan gripast i ettertid.
Eg har vore rundt forbi, eg passert væpna vakter og teke heisen opp til ein aldrande aksjonist og nasjonal helt i Dhaka, høyrt ei legende av ei kvinne fortelje minna sine ved eit respatexbord i restauranten 1947 øvst i Vilakazi Road i Soweto, gått opp og ned ei fem hundre år gamal trapp i Sampford Courtenay vest for London, halde i handa ei tung jernøks og prøvt å løyse eit mysterium i Trondheim, avdekt ein nedgrodd minnestein under ei jernbanebru, fått røyne avstandar og topografi.
Rundt om i tre verdsdelar har eg leita etter dei pålitelege kjeldene og dei talande detaljane, stavra meg gjennom franske originaldokument frå revolusjonsåra, oppdaga skilsetjande avsnitt i eit bibliotek i Sønderborg, funne tallause sidevegar og blindspor på internett, lese hundrevis av bøker og andre skrifter, prøvt å vere undrande der det gjerne fell lettare å vere svarande, vore glad og resignert kvar gong ei ny kjelde dukka opp, kjent avstanden auke
Damaskus i dagslys
til ein allvitande forteljar, for når er det nok, når veit eg kva eg ikkje kan skrive, når trur eg at eg har forstått?
Ein velbrukt framgangsmåte er å gå frå ein allmenn eller spesifikk teori til eit emne som blir belyst ut frå denne teorien, som regel med døme og hendingar som illustrerer teorien. Eg går heller andre vegen og prøver først å finne ut av kva som skjedde. Forteljingane i notid kan lesast utan å bla seg inn i dei essayistiske mellomstikka i fortid. Ein viktig del av kvar forteljing blir utdjupa kritisk før essayistiske resonnement som både forenklar og forvanskar forståinga. Kulturkonfliktar om tale og skrift er mangefasetterte. Kapittel for kapittel avdekkjer eg dei viktigaste prinsipielle sidene av saka før dei to innleiande spørsmåla om farlege språk og den norske røynsla blir tekne opp til doms i denne historiske leseboka.
Ikkje noko av dette er ei oppskrift på å gjere det lett for seg. Farlege språk gjer mest av seg i fagleg vide grenseland. Der er det fort gjort å støyte på grensevakter og få passet sitt påskrive, og eg har ikkje anna enn skrift å svare med like til siste sida.
Ei tenåringsjente i Soweto såg politiet drepe fredelege studentar som avviste koloniseringsspråket afrikaans.
Ein prest i Cornwall hang tre år i sitt eige kyrkjetårn fordi han støtta eit språkopprør mot den engelske kyrkja. Ein dansk konge innførte eit prinsipp som blei grunnlaget for norsk språkpolitikk.
Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkonfliktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Ottar Grepstad møter augevitne på fleire kontinent, les bortgøymde dokument på ny og fortel andre historier enn dei vanlege om store konfliktar i verdshistoria. Forfattaren utviklar ei ny forståing av identitetspolitikk, diskuterer problemet mangfald og viser korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal.
Boka opnar med den enkle tanken at språkstrid har vore med og lært nordmenn å løyse kulturelle konfliktar utan vald. Når boka sluttar, har både forfattaren og lesarane fått mykje å tenkje på. Ei slik bok har aldri vore skriven på norsk før. Neppe på noko anna språk heller.
DREYER