Stadnamn på Vestre Hardangervidda (9788245036701) UTVALG

Page 1


STADNAMN PÅ VESTRE HARDANGERVIDDA

Botolv Helleland og Erlend Trones (red.)

STADNAMN PÅ

VESTRE HARDANGERVIDDA

Botolv

Blaaner!

Blaaner i soldisens rike!

Aaser bak aas! stimer lette som spaaner paa hav, seiler sig av ...

Og indover solbjart vidde og myr vandrer kulsvart en skygge fra drivende skyr ...

Her beiter min Bork, min Blak og hans like langs tjern, som speiler sommerhimlens blaat –

Vraal i Paa Rindalslægret (Kinck 1925 s. 89).

Det var svare og til urd saa styg!

Slikt er for gjeit og ei for folk paa over treds. Er dette altsaa Gygrastolens sess i gygrens jomfrubur og sal saa gjæv?

Den er som selve folkemeningen saa bred og tryg; men søtt at sitte er her ikke nett, –selv for en gygres jotun-ræv.

Og der er en av Gygrastolens arme-læner?

Og der er stolens bratte ryg, med kvarts i render mot Ørnfjeldsnipens adelsvaaben og rosett?

Men Svabergsjuvet, det var fælest, lel, dernede med sit grønskesleipe fjeld.

Vraal i Paa Rindalslægret (Kinck 1925 s. 82 f.).

FØREORD

Stadnamn på Vestre Hardangervidda er ei omarbeidd utgåve av hovudoppgåva Noko om stadnamn frå Hardangervidda Vest, som eg leverte inn ved Universitetet i Oslo hausten 1970. Meir enn eit halvt hundreår har gått sidan namnetilfanget til oppgåva vart samla inn. Mange av namna er no gått or bruk. Enno på 1960-talet var dei lokale namnebrukarane godt kjende med namna langs stølsvegane og rundt stølane, men jamvel då kunne sume av informantane seia at eg skulle ha vore der medan foreldra deira levde, for då ville eg ha fått med meg endå fleire namn. Til grunn for hovudoppgåva mi, og dermed i hovudsak for denne boka, ligg eit tilfang på om lag 2500 stadnamn som eg samla inn sumrane 1967–69. I innsamlingsperioden reiste eg rundt i dei gamle herada Ullensvang, Kinsarvik og Eidfjord og intervjua kvinner og menn, flest menn, naturleg nok. Informantane var oppvaksne i bygda og hadde god kjennskap til den delen av Vestvidda dei sokna til. Viktig var òg at dei hadde røynsle frå støling, jakt, fiske og anna hausting i områda dei var fortrulege med. Eg hadde med notisbok, kart og ein liten bandopptakar til registrering av uttalen. Informantane skulle nemna namna på ulike slags lokalitetar dei kjende til langs stølsvegen og i stølsområdet, som nutar og nibber, dalar og dælder, hæve og hellerar, urdar og ufsar, vatn og vassfar, vegar og vegaskil osb. Eg spurde òg etter namn på stader der det vart drive jakt, fiske, veding og molteplukking.

I denne boka har det kome til ein del namn som ikkje var med i hovudoppgåva, m.a. frå skulebornsoppskriftene ved Universitetsbiblioteket i Bergen og seinare litteratur om Hardangervidda. Supplerande opplysningar er òg henta inn frå munnlege kjelder i samband med gjennomgangen av namnetilfanget i boka. Nokre få namn skriv seg frå tida etter 1970, og då gjerne med bakgrunn i anleggsverksemd og turisme. Ei utfordring i innsamlingsarbeidet låg i at området er so stort, og at det difor var vanskeleg å saumfara det for stadnamn på nokre få sumarmånader. Sjølv om eg hadde kontakt med mange heimelspersonar, var det visseleg mange andre som sat inne med namnekunnskap eg kunne hatt nytte av. Det innsamla tilfanget gjev likevel eit representativt bilete av stadnamna som var i bruk på den vestlege delen av Hardangervidda rundt 1970.

No, over eit halvt hundreår år seinare, er mange av dei namna eg samla inn, ikkje lenger i levande bruk. Årsaka er fyrst og fremst nedleggjinga av det gamle stølsbruket og minkande utnytting av fjellbeita. Namn knytte til jakt, fiske og friluftsliv har halde seg betre, likeins namna på større og iaugnefallande lokalitetar. Mange stadnamn er omtala i bøker og artiklar med emne frå Hardangervidda, ikkje minst i årbøkene til Den Norske Turistforening. Elles er Kartverket den viktigaste formidlaren av stadnamn, både på papirkart og i den nyare elektroniske karttenesta Norgeskart.

Stadnamna er ei rik og mangslungen kjelde til kunnskap om natur og menneskeleg verksemd i området dei er henta frå. Dei fortel om terrengtilhøve, vegetasjon, dyreliv, jakt og fiske, ferdsle og støling. Soleis representerer stadnamna ein eineståande topografisk og kulturhistorisk dokumentasjon over området dei er henta frå. Ein kan sjå dei som ein spegel av korleis menneska har opplevt og nytta landskapet gjennom tidene. Slik sett er dei like aktuelle i dag som dei var i 1970, då det meste av tilfanget til boka vart samla inn.

Stadnamna som har funne plass i denne boka, er komne til over eit langt tidsrom. Dei eldste kan gå ned i det fyrste tusenåret etter Kristus. Dei fleste må likevel ha kome til i hundreåra etter reformasjonen, i takt med aukande folkesetnad og meir allsidig utnytting av fjellet. Det er å vona at boka vil gje lesarane høve til å ta del i den store forteljinga som stadnamna frå eit høgfjellsområde som Hardangervidda ber med seg.

Takk til mange

I arbeidet med hovudoppgåva hadde eg god hjelp av dei tilsette på Stadnamnarkivet og Målførearkivet ved Universitetet i Oslo. Det var rettleiaren min, arkivsjef Per Hovda, arkivarane Lars Ekre, Kaare Hoel og Alv Muri, vidare professor Olav T. Beito ved Nordisk institutt og dosent Ingeborg Hoff ved Norsk målførearkiv. Eg vil òg nemna amanuensis Øystein Frøysadal ved Nordisk institutt i Bergen. Han skreiv fleire artiklar om fjellnamn på Vestlandet. Alle desse er no avlidne. Elles kjem eg i hug studiekameratane ved arbeidsbordet på arkivsalen, der mange faglege synspunkt vart utveksla. Ikkje minst går ei takk i ettertid til nemnde og unemnde heimelsmenner og heimelskvinner som gav opplysningar om stadnamna i ulike delar av innsamlingsområdet. Éin av dei var far min, Jon Helleland (f. 1902). Han tok oss borna tidleg med til fjells, både til stølen Vivheller og på fisketurar til Kinsekvelv. Soleis vart me i ung alder fortrulege med fjellet og mange av stadnamna innetter. Ei takk går òg til Ida Nyquist, som hjelpte til med å setja opp namneregisteret til hovudoppgåva.

Denne boka ville ikkje ha vorte til utan Erlend Trones. I 2017 kontakta han meg og spurde om eg kunne tenkja meg å gje ut hovudoppgåva mi i samarbeid med Hardanger folkeminnelag. Han meinte at eit slikt prosjekt ville vera i samsvar med føremålet til Folkeminnelaget, nemleg

å gje ut verk med lokalhistoriske emne. Han kunne då ta på seg å skanna dei 335 sidene i hovudoppgåva og leggja heile teksten inn i ei wordfil. Det takka eg hjarteleg ja til.

Av ulike grunnar drog prosjektet ut. Erlend har vore i fast stilling i Kartverket og måtte ta fritida til hjelp. Sjølv var eg framleis oppteken med namnefaglege gjeremål i Oslo, mellom anna som namnekonsulent (fram til 2021) og med ymse skriveoppgåver.

Erlend har hatt dei beste føresetnadene for å ta på seg utgjevinga av denne boka. Han har tidlegare ordna heile det innsamla stadnamntilfanget i gamle Ullensvang herad og gjeve ut eit band om stadnamn i bygdebokrekkja for Ullensvang (Trones 2016). Han sit soleis inne med store kunnskapar om lokale tilhøve, i tillegg til å ha godt oversyn over stadnamna. Han har gjeve tips om namn som er omtala i lokalhistoriske skrifter og elles opplyst om namn som kunne nyttast til samanlikning.

Den grundige kjennskapen hans til målføret og lokalt ordtilfang har vore til god hjelp i drøftinga av eit stort tal på namn. Ikkje minst har kompetansen hans som namneansvarleg i Kartverket kome til nytte i arbeidet med denne boka. Erlend har òg vore redaktør for kapitlet Stadnamna og stadene, der han har revidert innhaldet og sytt for kartplassering av namna.

Gunnstein Akselberg, som sjølv har skrive hovudoppgåve om stadnamn frå Voss, har gått gjennom heile manuskriptet og kome med mange nyttige innspel. Stor takk til han for det.

Johannes H. Sekse fortener òg takk for arbeidet med å skaffa bilete. Det er han som har teke dei fleste av dei, mellom anna på ein flygande fotosafari i 2019. Den journalistiske røynsla hans har kome til god nytte i arbeidet med boka. Takk òg til Reidar Borgstrøm, som har levert fleire bilete, og til Per Frode Bu, som har hjelpt til med teknisk tilretteleggjing av bileta.

Fagbokforlaget ved Dag Grønnestad skal takkast for gode råd og godt samarbeid fram til boka vart trykt.

Takk til Sparebankstiftinga Hardanger for økonomisk støtte til trykkjing, og til styret i Hardanger folkeminnelag for å ha fylgt opp dette bokprosjektet.

Botolv Helleland

Oslo/Lofthus, 6. mai 2025

IX STADNAMNA OG STADENE

Erlend Trones (red.)

Dette kapitlet inneheld alle dei kring 2500 stadnamna Botolv Helleland samla inn sumrane 1967–1969 i dei dåverande herada Ullenvang, Kinsarvik og Eidfjord. Stadnamna er grovplasserte etter kartrute i høvesvis dei seks M711-kartblada (Norge 1:50 000) 1315-2 (Ringedalsvatnet), 1415-3 (Hårteigen), 1415-2 (Nordmannslågen), 1315-1 (Ullensvang), 1415-4 (Eidfjord) og 1415-1 (Bjoreio), som er trykte opp i kapittel XIV lengst bak i denne boka.

Ved kvart stadnamn står ein kartreferanse som består av fire siffer, t.d. 6672 under kartblad 1315-2. Desse tala refererer til eit rutesystem som er nytta i denne kartserien. Dei to fyrste siffera gjeld austleg retning, medan dei to siste siffera gjeld nordleg retning på det aktuelle kartbladet. Kartrute 6672 vil då seia den ruta som er aust for loddrett line 66 og nord for vassrett line 72 på kartblad 1315-2.

Namna er sorterte etter kartblad, og deretter etter kartrute, slik at namn i same området oftast står nokolunde i nærleiken av kvarandre. Innanfor kvart kartblad tek dette kapitlet for seg namna i éi og éi kolonne frå vest mot aust, slik at ein gradvis arbeider seg lenger inn på fjellet.

Kvar kartrute i Norge 1:50 000 er på 2 x 2 cm, noko som i røynda vil seia 1000 m i kant. Det tyder at ein får ei relativt grov plassering av namna, og ein del lesarar vil venteleg vera interesserte i å få vita nøgnare kvar staden ligg. Me har fått kartplassert dei fleste stadnamna meir nøyaktig i samband med utgjevinga av denne boka. Dei vil verta tilgjengelege på ei nettside med kartløysing for lokalinnsamla stadnamn, i fyrste omgang på Lokalnamn.no. Der vil me òg leggja ut litt fleire stadnamn enn dei Botolv Helleland samla inn i 1960-åra, og som gjeld det same fjellområdet.

1315-2 Ringedalsvatnet

6672 Ullensvang

Bergo bèr`go Bergvegg rett aust for Skjeldåstrædet.

Bjørnasprang bjød`naspraŋg/-spraɲje Bykse over Skjeldvikelvi ovom Skjeldås. «Bjørnen brukte å koma over elva her i gamle dagar».

Bynjo bỳn`jo Haug på ein utslåtteteig ved Skjeldås. Teigen skulle vera sers seig å slå, dei måtte bynja på om dei skulle få graset av.

Fylrumpedalen fỳ:l`rùmpùda:len Lite søkk på nordsida av Skjeldvikelvi. «Det veks visst fylrumpe der, ei bregneplante».

Hovdamyri håv`damy:rɛ Stor myr aust for Skjeldåshovden

Huko hu:`ko Kvile på den gamle stølsvegen opp frå Skjeldås. Jf. Bynjo.

Hulten hùl´ten Berghult eller liten skarvnakke inne på ei slåtte ved Skjeldåstrædet. I boka Namn i fjellet står det at hult er ei sjeldan form av holt utan a-omlyd, og at det førekjem i namnet på små kollar kalla Hulten og Hultane i Odda og Ullensvang.

Krikken krıᶄ´ᶄen Krok i den gamle køyrevegen frå Skjeldås til ei utslåtte.

Legene lè:`gùna Beitemark sør for Huko, stad der Digranes-vegen kryssar elva ved Skjeldås.

Lindeskornalten lın`deskå:rnalten Bergsende, går bratt ned på nedsida. «Det har vel vakse lind der».

Munnfus mùnn`fu:s Nedlagd klybbersteinsgruve nordaust for Skjeldåstrædet. Det står vatn i den djupaste av dei to gangane.

Myrabroti my:`rabrå:tɛ Hallet sørvestover frå Myrane, søraust for Skjeldåshovden.

Myrakvelven my:`rakvèlven Den vestlege delen av Hovdamyri.

Raudnehaugen rèud`nehèujen/rèud`naHaug nord for Skjeldesete der det veks raun.

Rjostet rjos´te Bøstykke, skrinn slåtteteig på Skjeldåstrædet.

Ròsene rå:`sena Gamalt timberløype på nordsida av garden Skjeldås.

Selshaug sè:ls´hèug Haug nær stølsvegen ovanfor Skjeldås. Det er vister etter eit sel der.

Skjeldesete şjèl`desè:tù/-sè:te Liastølen til Skjeldås, ligg 700 moh.

Skjeldvikelvi/Skjeldåna (şjèll`vik)èl´vɛ/ şjèldaona Elva som renn ned mellom Skjeldås og Skjeldvik. Heimelsmannen har høyrt både Skjeldåna og Skjeldvikelvi, men daglegnamnet er Elvi èl´vɛ. Skjeldåshovden şjèld`aoshåvden Rund, skogkledd ås ovanfor Skjeldås. Nepshovden ligg like nordom.

Skjeldåstrædet (şjèld`aos)trè:`e Slåttelende i lia ovom Skjeldås. Etter måten flatt lende der.

Stigaberget stê:`gabèrje Ufsalag ovom Legene. Jf. Stigen, som går opp i Stigaberget.

Stigen sti:`en/sti:´en Oppgang i Stigaberget, langs den gamle stølsvegen til Skjeldås.

Stølsbruna støls´bru:na/-bru:ɛ Bru over Stølselvi like nedom Skjeldesete. Stølselvi støls´èlvɛ Elva som svingar framom Skjeldesete på vestsida, eigentleg del av Skjeldvikelvi.

Svartehelleren svar`tehèldren Stykke på slåtta til Skjeldås. Sjølve helleren ligg bakom stykket. «Vè pao Svarteheldren». Vegenden vè:g`ènden/vȧı`ènden Stad eit stykke opp i lia der vegen stogga ei tid før han vart arbeidd vidare. Namnet er likevel vorte verande på denne staden.

6673 Ullensvang

Kordøregjeli ko:r`dø:rùjê:lɛ Trongt gjel nord for Skjeldåstrædet, mot Fresvik. «Kordøra i kyrkja var smal, og slik var denne gjeli òg.»

Langedalen laɲ`jeda:l(en) Lang, smal dal nordover frå Hovdamyri.

Nepshovden nèps´håvden Rund, nokso stor koll i lia til Skjeldås, nord for Skjeldåshovden.

Storedalsrusti sto:`redalsrùstɛ Bergrygg som fylgjer Storedalen på sørsida, frå Stutaberget og austetter.

Langedalen. Stølen Langedalen ligg ved sørenden av eit dalføre med same namn, som strekkjer seg frå Olbogo i sør til Vivetjørnane i nord. Dalføret vert òg kalla Bortaste Norddalen (sett frå Finnabu). Dette er den austlegaste av tri parallelle dalar som saman vert kalla Norddalane. Teikning: Sigurd Sekse (1996)

Stutaberget stu:`tabèrje Berg på austsida av Langedalen. Vørmamyri vør`mamy:rɛ Ei myr like under Nepshovden.

6771 Odda

Glugganuten glùg`ganu:ten Nut ovom Skjeldås, like sør for grensa mellom Ullensvang og Odda. Frå ei slåtte ovanfor Skjeldås kan ein til visse tider om sumaren sjå eit hòl som ser ut som ein glugge mellom to framstikkande nibber.

6772 Ullensvang

Elvahaugen èl`vahèujen Haug der Storebotnbekken og Myrabekken møtest nord for Skjeldesete.

Fagradalen fa:g`rada:len Dal søraust for Skjeldesete

Fagradalsbekken fa:g`radalsbèᶄᶄen Bekk eller lita elv frå Fagradalen, renn saman med Stølselvi til Skjeldvikelvi like vest for Skjeldesete.

Klyvjabrekkene klỳv`jabrèkkùna Brota opp frå Klyvjadalen. Klyvjadalen klỳv`jada:len Dal som går frå Elvadalen og nordetter.

Klyvjahallet klỳv`jahadle Hall eller skråningar, strekkjer seg frå nordenden av Klyvjadalen og opp mot egga.

Klyvjahaugane klỳv`jahèugane Noko kupert lende på vestsida av Klyvjadalen.

Stølsfolket frå Kvitno og Åse overnatta her når dei buførde til Bjørnabotnen. Kvilingesteinen kvi:`lıŋgùstȧınen Nær elva ovom Stigaberget. Kvile på stølsvegen til Skjeldås.

Myrane my:`rane Større myrlendt område mellom Slòko og Nepshovden, ovom Myrabroti.

Storamyri sto:`ramy:rɛ I same myrlendet som Hovdamyri, men større i utstrekning.

Storebotnen sto:`rebåtnen Vid botn ovom Stølsnuten og Klyvjabrekkene

Stølsbrekkene støls´brèkkùna Brot sør for Storebotnbekken.

Stølsnuten støls´nu:ten Nuten like ovanfor Skjeldesete.

Øyna ǫỳ´na Ved Elvahaugen nord for Skjeldesete deler elva seg, men ho renn saman att lenger nede. Lendet imellom vert kalla Øyna.

6773 Ullensvang

Klyvet klỳ:´ve Fjellparti mellom Fresvik og Skjeldås. Det er råd å gå der.

Klyvsbrekkene klỳ:fs´brèkkùna Brota ned frå Klyvet, anten ein skal mot Fresvik eller Skjeldås.

Langedalsgarden laɲ`jedalsga:ren

Stengje, går frå bekken nedst i Langedalen og bort under Nepshovden i sør.

Storedalen sto:`reda:len Dal austover frå nedste enden i Langedalen.

Storedalsslaet sto:`redalsla:e Skard i Storedalsrusti.

6774 Ullensvang

Fletene flè:`tùna Liastøl til Fresvik, ligg om lag 550 moh.

6871 Odda

Vermålen (Dvergmålen) vè:r`maodlen

Enden på eit nutadrag med ein bratt bergvegg, på nordaustsida av Glugganuten. Kraftig dvergmål (ekko) der. Fjellvegen går like nord for Vermålen. «Dvergane budde og smidde der».

6872 Ullensvang

Gløsarnallen glø:`sar(ù)nadlen

Bergsnakke med godt utsyn i SkjeldåsEspe-området. Dei gløste etter (såg etter) krøtera der. Han stikk spist opp i lendet.

6873 Ullensvang

Klyvsnuten klỳfs´nu:ten Nut på egga nordaust for Skjeldås. Stølsvegen går under han.

Skjenafjelldokki şjê:`nafjèlldåᶄᶄɛ Liten kvelv i Storebotnen sørvest for Søra Skjenafjell.

Skrubbanuten skrùb`banu:ten Nut aust for Fresvik, innom egga.

6874 Ullensvang

Oppsåta/Fresvikestølen ùpp`saoto/ (frıss´vikù)stø:´len Liastøl til Fresvik. På garden seier dei berre Stølen. Storebotnen sto:`rebåtnen Vid botn mellom Bjørnsnuten og Søra Skjenafjell.

6875 Ullensvang

Bjørnsnuten bjønns´nu:ten Nut på egga ovanfor Oppsåta (Fresvikestølen). Sett nordantil ser han ut som eit bjørnehovud.

Kinnskorane ᶄınn`skå:rane Bergskorar på høgd med Skifteshaug. Godt beite.

Skifteshaug şjıf`teshèug Nedste delen av Bjørnsnuten, stikk seg fram i den øvre delen av lia og lagar eit naturleg stengje mellom Oppsåta og Fitjasete. Vegane frå Espe og Fresvik møtest oppunder Skifteshaug.

Øyna ǫỳ´na Mindre bratt lende som ligg mellom Espeelvi og Vetlåna, som renn i Espeelvi frå sørsida. Ligg i høgd med Espe-stølen Svarthammar. Som ein «halv» holme.

6876 Ullensvang

Brekkene brèk`kùna Bratt del av stølsvegen like oppunder Espe-egga.

Dustutyver dust´utỳ:ve Eggjastøl til Brattespe.

Espeelvi/Moso ès`pèèlvɛ/mo:`so Elva som renn frå Mostjørn og ned i Sørfjorden på nordsida av Espe.

Fitjasete fıt`ja(sè:tù)/-sè:te Eggjastøl til Brattespe, ligg om lag 740 moh. I sæterlistene òg kalla Fitja.

Klyvjahaugen klỳv`jahèujen Haug ved stølsvegen nokon oppe i lia, sør for Våga. Løtrædet lø:´trè:(e) Vår- og hauststøl til Espe, om lag 400 moh.

Våga vao`ga Eggjastøl, ligg om lag 800 moh. Til Ytre Meland og Indre Meland.

6877 Ullensvang

Røvillsskarvjøkulen rø:`vılskar(s)jùklen/ rø:´- Stor isjukle som heng utover Røvillsskarv, synleg frå bygda. Når han dett ned, er det teikn på at dei kan buføra. Svarthammar svart`hammar Støl til Espe, ca. 725 moh. Ligg ved ein svart bergvegg.

6878 Ullensvang

Kvalnesstølen (kvall`nès)stø:´len Liastøl eller eggjastøl til Kvalnes.

6880 Ullensvang

Bleiekleivi blȧı`ù`klȧıvɛ Bleiingar, kvestadfolk og rogdingar fór her når dei var på stølsveg til Kvenne-dalføret.

6881 Ullensvang

Gamlemjøstølen gam`lemjøstø:len Eldre mjøstøl i lia ovom Sekse. Jf. Mjøstølen. Mjøstølen mjøs`stø:len Heimestøl til bruk 82/3 på Skredhaugen, like ovom bøgarden på Sekse. Ordet mjøstøl ligg på grensa mellom sernamn og samnamn, dei fleste gardsbruk i Ullensvang har eller har hatt ein mjøstøl (heimestøl).

6973 Ullensvang

Søra Skjenafjell sø:`ra şjê:`nafjèdl Den sørvestlege delen av Skjenafjell.

6974 Ullensvang

Storebotnstjørni sto:`rebå(tn)sᶄødnɛ Tjørn i Storebotnen

6976 Ullensvang

Espebui (ès`pè)bu:´ɛ Steinbu, overnattingsbu på Espe-egga. Når dei skulle til støls i Belebotnen, gjekk dei opp hit om ettermiddagen og overnatta, so gjekk dei vidare neste morgon. Dei andre gardane har sine buer: Brattespebui, Kvalnesbui og Melandsbui. Finnabu fın`nabu: Bu sør for Trettetjørn. Namnet er lite vanleg, dei seier helst Finnabudalen. Finnabudalen fın`nabuda:len Mindre dalføre frå Fitjasete opp mot Finnabunuten. Nokre hæve der. Godt beite. Sume meiner dei har høyrt namnet Finnabu, men helst er det Finnabudalen som vert brukt. Ein heimelsmann assosierte namnet med fenad.

Klòvsteinane klå:v`stȧınane/klỳ:v`- Nokre steinar ved stølsvegen rett opp for Våga, nær Dustutyver.

Tjørnanuten ᶄød`nanu:ten Nut på Espeegga nordvest for Mostjørn.

Treppene trèp´pùna Trepper i Fresvik sin fjellveg opp mot eggjabardet. Dei vart oppmurde for at hestar med klyv lettare skulle kunna gå der.

Øykjakroknovi ǫỳ`ᶄakroknå:vɛ På stølsvegen til Espe.

6977 Ullensvang

Austmannehòlet èuss(t)`mannùhå:le Klype eller gjel like aust for Trettetjørn. Vegen går her gjennom eit skard. Det er leivningar etter gamle dyragraver der. Byrsegøymsla bỳr`sùjǫỳmsle/-jǫỳmslo Stad attmed stølsvegen nær Trettetjørn øvst i Finnabudalen, like innanfor egga. Mykje stor stein der.

Røvillsskarv rø:`vılskarv/rø:´vèls- Eit jamt hallande, ikkje serskilt bratt skarv innpå egga ovom Kvalnes og Meland. Noko langstrekt. På Sekse seier dei Røvillsskarv, på Espe Røvellsskarv.

Trettetjørn trèt`tùᶄødn Tjørn med utlaup or to endar, kvar til sin gard (Brattespe og Meland). «Det var usemje anten det var mykje eller lite vatn».

Vardanuten/Elvanuten va:`ranu:ten/ èl`vanu:ten Høgd mellom Espe-egga og elva Vendo. Vardanuten er det vanlegaste namnet.

6978 Ullensvang

Nautaskardnuten nèu`taskarnu:ten Nut nord for Røvillsskarv, mellom Lausenuten og Vardanuten. Vendo vèn`do/hov`lansèlvɛ Elv, kjem ned på Hovland. Elvefaret gjer ein krok sørvest-nordvest i Vendedalen. Vatnet frå Vendevatnet renn no ned i Tysso. Stundom kalla Hovlandselvi.

6980 Ullensvang

Akslasete aks`lasè:tù Stad i skogabandet øvst i Sekse-lia. Det er ikkje tradisjon om støl der.

Bjørnagròvi bjød`nagrå:vɛ Søkk eller hòle i jorda nedanfor Struten, ved stølsvegen til Sekse. Ho er noko større enn ei kolgròv, og ligg på ein flate, jf. Makter og menneske I, s. 39. H.O. Opedal skriv at etter segna leitte bjørnen opp ei gravid kone her ein gong ho kom frå stølen. Han tok henne over herdane og skrykte henne ned på ein stein. So gav han seg til å grava ei hòle i jorda. Imedan fekk kona lirka børa si av herdane, og hengde skautet over meisbogen på strumpen. So stiltra ho seg frå han, sette på sprang og hoppa over pasgarden til Mjøstølen, der mannen hennar var. Eit bel etter kom bjørnen etter, og han var so nærgåande at han la labbane oppå pasgarden. Hendinga røynde so hardt på kona at ho døydde før ho hadde født barnet.

Bùsekvelv bù:`sùkvèlv Ein kvelv i Sekselia, det veks mykje orreskog der. Det kan verta nokso mørkt der om kvelden når ein kjem frå stølen.

Glåmo glao`mo Mindre elv som renn i Sørfjorden frå aust, byte mellom Sekse og Hovland. Ho renn i eit heller djupt far. På nordsida er det ein haug med godt utsyn, og namnet kan ha samanheng med det.

Jf. haugen Glåmo glao`mo (eller Glåmehaugen glao`mùhèujen) på Børve, som òg kan ha namn etter utsynet på staden. Håkleiv hao´klȧıv I lia, stykke på fjellvegen til Sekse. Det er bratt under. Maurrinden mèu`rınden Skogateig som hovlingane betalte med for å få vegrett opp Sekse-lia. Turt lende, tett med maurtuver der.

6981 Ullensvang

Fletene flè:`tùna Noko flatare lende i øvste delen av Sekse-lia, der vegen går. Fljotebrotet fljo:`tùbrå:te Brot mellom Øvre-Fljoto og Nedre-Fljoto.

Fljotene fljo:`tùna Grasbakkar, delvis tilvaksne med skog, ligg opp mot tregrensa. Det er noko flatare der enn elles i lia.

Gamal liastøl til Øvsta- og Nedsta-Sekse. På nokre store steinar der er det offergroper. Det vert fortalt at det ein gong kom ei stor steinskrede over Fljotene. Er inndelt i Nedre-Fljoto og Øvre-Fljoto (Fljoto).

Galden gal´den/gal`den Fjellnakke på stølsvegen til Sekse i Ytstalii på NedstaSekse.

Gastgjevaren gass`jê:varen Namn på ei kjelde ved fjellvegen til Sekse. Det kjem godt vatn ut or ei sprunge i berget der. Dei har same namnet i Eidfjord.

Halvgjenget hall`jèɲje Halve vegen til liastølen Struten. Det er ein stor, flat stein der som dei kvilde på.

Heggjeflotrindane hèʝ`ʝeflå:trındane

Rindar (smale ryggjer) i øvste delen av Sekse-lia. Det er skog der, men ikkje hegg. I eldre tid var ein pasgard sett opp her for å hegna smalen vår og haust.

Ilagshaug i:`lakshèug/-hèujen Herifrå går Hovdurdi, ei stor urd, opp ein trong dal. Buførevgen til Øvsta-Sekse går oppover der i 19 svingar. På Ilagshaug er det eit ilag (grind) som er noko oppmurd.

Langaskarv laŋ`gaskarv Langstrekt skarv (ryng) sør for Stølen i Sekse-lia.

Nedre-Fljoto nê:`refljo:to/nê(:)s`tafljo:to Flate i elles bratt lende, nedste delen av Fljotene. Det er gjort fornfunn både her og på Øvre-Fljoto. Nedre-Fljoto er nok den mest tradisjonelle namneforma, men Nedsta-Fljoto er vanlegast i dag.

Rusti rùs´tɛ Skogateig i skoggrensa på innsida av Seksehovden. Dei har visstnok teke ved derifrå til stølen Vatnasete. Skredhaugen skrê:`hèujen Haug på Sekse, Mjøstølen på bruk 82/3 ligg der. Haugen fekk ei skrede til å dela seg.

Struten stru:´ten Liastøl i Sekse-lia. Skrånande hjall med berg under.

Stølen stø:´len Liastøl i Sekse-lia, ligg litt høgre enn Struten. På Stølen stod det berre éin flor, medan det på Struten stod seks eller sju.

Svedene svê:`ùna Skrint og turt lende opp mot Stølen, i Sekse-lia. Namnet skal koma av at det var skogbrann som sveid av alt som voks der i si tid.

Svinagarden svi:`naga:ren Garde eller gjerde mellom den nedre hagen og den øvre lia. G.S. meiner namnet kjem av at grisene fylgde etter stølsfolket, og at dei vart jagde attende ved Svinagarden. Tryglaskarv trỳg`laskarv Rundt skarv i Sekse-lia, ser ut som ein rund, holvd trygel. Øvre-Fljoto (Fljoto) (øv`re)fljo:`to/ ø:(f)s`tafljo:to Større flate, øvste del av Fljotene. Det er gjort fornfunn der. Vert stundom berre kalla Fljoto. Øvsta-Fljoto er den vanlegaste seiemåten i dag.

7074 Ullensvang

Bjørnaslepet bjød`naslè:pe Skrånande lende mellom Øvsta Bersarvatnet og Skjenafjell.

Skjenafjell şjê:`nafjèdl(e) To vide høgdedrag aust for Skjeldås, mellom Mostjørn og Bersarvotni. Jf. Nordra og Søra Skjenafjell.

Skjenafjelltjørni şjê:`nafjèlᶄødnɛ Tjørn mellom Søra og Nordra Skinafjell.

7075 Ullensvang

Hudnen hu:d´nen Bergalag, den nordaustlege delen av Nordra Skjenafjell. Har skap som ein hudn sett frå Melandsvegen, dvs. frå Meland sin stølsveg.

Mostjørn mo:s´ᶄødn Nokso lang tjørn like innom egga, kjelde for Espeelvi (Moso). Vert mest delt eit par stader der det er smale sund. Lendet ikring er småkupert, men nokso slett.

Reinsnoshævet rȧıns´nå:shè:ve Eit

krypinn, vart sett i stand av jegeren og gjætaren Ola Reinsnos.

7076 Ullensvang

Finnabunuten fın`nabunu:ten Høgd mellom Mostjørn og Trettetjørn.

7077 Ullensvang

Austmanneminnet èuss(t)`mannùmınne

Vegen mellom Austmannehòlet og Vendedalen går over ein rygg her. Melandsslepa mè:´lanslè:po Stølsvegen frå Meland (gnr. 87 og 88).

Vendedalen vèn`dùda:len Dalen som Vendo renn gjennom frå Vetla Vendevatnet.

Vendedalsbrotet vèn`dùdalsbrå:te Hall aust for Vendehølen. Vendehølen vèn`dùhỳ:len Høl vest for Vetla Vendevatnet, ligg der Vendo gjer ein sving nordetter.

7078 Ullensvang

Tuftadalen tùf`tada:len Sidedal til Vendedalen, nordvest for Vetla Vendevatnet.

7079 Ullensvang

Bergsenden bèrs`ènden Stor nut som stikk seg ut på egga ovanfor Hovland. Kviteggi kvi:t`èʝʝɛ Ljosleta fjellegg ovanfor Hovland.

7080 Ullensvang

Glåmeskardet glao`mùska:r(e) Skard på egga der Glåmo renn gjennom. Jf. «Glomefjeld» på sørsida av skardet i ei rektangelmåling frå 1860.

7081 Ullensvang

Hovdurdi håvd`u:rɛ Bratt urd nedanfor Seksehovden. Vegen krokar seg opp denne urda i 19 svingar.

7172 Ullensvang/Odda

Bersarvotni bèr`sa(rù)våtnɛ To store vatn aust for Fresvik og Skjeldås, Øvsta og Nedsta Bersarvatnet. Båe vatna er regulerte til kraftproduksjon.

7175 Ullensvang

Nordra Skjenafjell no:`ra şjê:`nafjèdl Den nordaustlege delen av Skjenafjell. Rekkjingeskard rèᶄ`ᶄıŋgùska:r Skard mellom dei to delane av Nordra Skjenafjell.

7177 Ullensvang

Brundarstein brùn`dar(ù)stȧın(en)

Kvilestein ved ein bekk nær stølsvegen, aust for Vendedalen. Vetla Vendevatnet vèt`la vèn`dùvatne

Mindre vatn like vest for Stora Vendevatnet. Jf. Vendo.

7179 Ullensvang

Nipo ni:`po Lita høgd mellom Glåmeskard og Vendevatnet.

7180 Ullensvang

Lauvskorenuten lèu`skå:r(ù)nu:ten/ -nu:tane Nut nord for Glåmeskard.

7181 Ullensvang

Budeieklypet bùdȧı´ùkly:pe Stad på stølsvegen til Sekse like innom eggjabardet, attmed Budeietjørn. Her fekk ein sjå kor godt i hold budeiene var når dei kom frå stølen.

Budeietjørn bùdȧı´ùᶄødn(ɛ) Lita tjørn ved stølsvegen like innom egga, på stølsvegen til Espe. Jf. Budeiesteinen.

7273 Ullensvang

Øvsta Bersarvatnet ø:(f)s`ta/ øv`ra bèr`sa(rù)vatne Stort vatn aust for Fresvik. Del av Tyssevassdraget, renn ned i Ringadalsvatnet. Nedsta Bersarvatnet ligg i Odda kommune.

7276 Ullensvang

Longefonn låŋ`gefånn Langstrekt fonn på stølsvegen sør for Stora Vendevatnet. Styggeskavlen stỳʝ`ʝeska:vlen Stor fonn på stølsvegen midt sør for Stora Vendevatnet. Kan vera vanskeleg å koma over om våren.

Vegaskil vè:`gaşjê:l(e) Staden der stølsvegen frå Fresvik og Espe møter Meland og Espe sin stølsveg.

i Sørfjorden ved Hovland. Vendo er delvis regulert som ein del av AS Tyssefaldene.

7277 Ullensvang

Vendevotni vèn`dùvåtnɛ To vatn, Stora og Vetla Vendevatnet.

7280 Ullensvang

Sneisagavlen snȧı`saga:vlen Loddrett gavl eller fjellvegg sørvest for Ysjevatnet. Sneisagavlshøgdi/Øvste Sneisagavlen/ Høgste Sneisagavlen snȧı`saga:vlshøgdɛ/ ø:(f)s`te snȧı`saga:vlen/høks`te snȧı`saga:vlen Høgdedraget som Sneisagavlen er ein del av.

Sneisagavlskroken/Ysjekroken

snȧı`sagavlskro:ᶄen/ỳs`jùkro:ᶄen Her gjer vegen ein krok austom Sneisagavlen. Det er berre Sneisagavlskroken som er kjent som namn på Sekse.

7281 Ullensvang

Sneisagavlsfonni snȧı`sagavlsfånnɛ Fonn som ligg mellom Sneisagavlen og Sneisagavlskroken. Vegen går på fonna der om våren.

7374 Ullensvang

Skadnuten ska:´nu:ten Flat nut på nordsida av Øvsta Bersarvatnet, men han støyper seg 150 meter rett ned i dette vatnet.

7375 Ullensvang

Hardingeslepa ha:`rıŋ(gù)slè:po Den gamle ferdslevegen frå Hardanger til Telemark, tek til på Espe og Meland, og går over Belebotnen. Namnet vert helst nytta i Telemark.

7378 Ullensvang

Håholmen hao´hålmen Holme i Vendevatnet, 1263 moh. Holmen er på skap som ein hatt som flyt på vatnet. Her beitte det geiter i si tid.

Vendevatnet/Stora Vendevatnet (sto:`ra) vèn`dùvatne Det største av Vendevotni, ofte berre kalla Vendevatnet. Vendo kom derifrå før vatnet vart regulert.

7379 Ullensvang

Kvanngrø kvann`grø: Tidleg berr og grøn stad nord for Vendevatnet. Her var det husmannsslått i gamal tid.

7381 Ullensvang

Vigleiksvarden vıg`lȧı(k)sva:ren Varde ved vegen aust for Sneisagavlskroken. Ein stor, ljos stein reist av Vigleik Hansson Rogdo (Rogda-Vigleik), f. 1769. Han gifte seg tridje gong med ei 24 år gamal jente då han var over 70. Det er mange innritingar på steinen.

Vendevatnet har namn etter elva Vendo, ‘den som vender, snur’. Elva renn fyrst mot sørvest og deretter mot nordvest, og kjem ned

7468 Ullensvang/Odda

Tysso tỳs`so Elv som renn i Sørfjorden ved Tyssedal. Ho har utspring i Idlakleivløkjene.

7472 Ullensvang

Bersarveggen bèr`sa(rù)vèʝʝɛn Ein mest stupbratt bergvegg på søraustsida av Øvsta Bersarvatnet, om lag 200 meter høg.

7474 Ullensvang

Kjetilshølen ᶄê(:)`tılshỳ:l(en) Mindre vatn nordaust for Øvsta Bersarvatnet. Jf.

Kjetilsåna

Kjetilsåna ᶄê(:)`tılsaona Elv som renn frå Kjetilsbotnen til Øvsta Bersarvatnet.

7475 Ullensvang

Henrikssteinen hèn´rıkstȧınen Stein nær stølsvegen like nord for Kjetilshølen.

7480 Ullensvang

Høgdi på Krokane/Øvste Krokane/ Høgste Krokane høg´dɛ pao kro:`kane/ ø:(f)s`te kro:`kane/høks`te kro:`kane

Høgste punktet på vegstykket over Krokane nord for Vendevatnet.

Karihella ka:`rihèdlo Ei helle som står på kant på stølsvegen til Sekse, ved Krokane. Skal vera reist opp av ei som heitte Kari. Jf. Madlihella.

Krokane kro:`kane Småkupert lende som stølsvegen til Sekse går gjennom. Eit av dei høgste punkta på vegen. Ligg nord for Vendevatnet.

Madlihella mad´lihèdlo Ei helle som står på kant på stølsvegen til Sekse, ved Krokane. Skal vera reist opp av ei jente som heitte Madli. Jf. Karihella.

7573 Ullensvang

Hærrevardsnutane hèr`revarsnu:tane Høgdedrag vest for Hærrevarden, ovanfor Øvsta Bersarvatnet. Høgste toppen er 1458 moh.

7574 Ullensvang

Brakupsi bra:k`ùpsɛ/-ùfs(ɛ) Bergskorte mellom Henrikssteinen og Kjetilsåna, nærmare sistnemnde. Lendet ligg slik til at duren frå Kjetilsåna møter dei som

er på stølsveg ved Brakupsi. Heimelsmannen viser til same namnet ovom Skjeggjadalen, nær elva Mågo. Brakufs er ein nyare uttale av namnet.

7576 Ullensvang

Honnburusti hånn`burùstɛ Høg fjellrygg søraust for Vendevatnet, godt utsyn derifrå. Jon Bleie: Kanskje av Hornbu-, som ville vorte uttalt hånn`bu-.

7673 Ullensvang

Hærrevarden hèr`reva:ren/hè:`re-/hè:rVarde ved stølsvegen til Espe (Hardingeslepa), mellom Kjetilsåna og Vattagjeli. Synleg frå Vegaskil til Selhæ. Heimelsmannen seier at uttalen med lang vokal i førelekken ikkje lyder framand, men høyrest sjeldan. Ligg på eit av dei høgste punkta av stølsvegen 400 moh., men vegen ved Selhævarden ligg høgre med sine 430 moh.

Hærrevardsbroti hèr`revarsbrå:tɛ Brot opp mot Hærrevarden

7674 Ullensvang

Hærrevardsfennene hèr`revarsfènnùna Fenner attmed Hærrevardssandane. Vegen går til vanleg over nokre fenner her.

Hærrevardssandane hèr`revarsandane Sandflatar ned til Kjetilsåna.

7675 Ullensvang

Kjetilsbotnen ᶄê:`tılsbåtnen Botn nordaust for Øvsta Bersarvatnet. Kjetilsåna kjem derifrå.

7676 Ullensvang

Rekkjingeskard rèᶄ`ᶄıŋgùska:r Øvste delen av Rekkjingedalen.

7677 Ullensvang

Rekkjingedalen rèᶄ`ᶄıŋgùda:len Dal aust for Honnburusti, går på tvers av stølsvegen.

7678 Ullensvang

Digraneslægret di:g`ranè:slè:g(ù)re

Overnattingsplassen til stølsfolket frå Digranes ved elva i Storebotnen.

Storebotnen sto:`rebåtnen Vid botn aust for Stora Vendevatnet.

7770 Ullensvang

Holmavatnet hål`mavatne/-våtnɛ Innskore vatn med mange holmar og steinar. I Tysso, nedanfor Nedsta Tyssevatnet.

7771 Ullensvang

Hagemannsryggen ha:´gùmansrỳʝʝen

Høgd nord for Holmavatnet. Nyare namn etter ingeniør Barthold Hagemann (f. 1889) i AS Tyssefaldene. NGO sette namnet.

7772 Ullensvang

Vattagjelsløkjene vat`tajê:lslø:ᶄena Fleire små, delvis samanhangande småvatn som renn ned mot Nedsta Tyssevatnet.

7773 Ullensvang

Klypet kly:`pe Lite, trongt gjel eller smette som vegen går gjennom like aust for Hærrevarden. Skavlen ska:v´len Snøskavl ved stølsvegen over Vattagjeli. Det er råd å gå over han til langt ut på sumaren.

Vattagjeli vat`tajê:lɛ Trongt gjel med ei lita elv som renn ned i Vattagjelsløkjene.

7777 Ullensvang

Træslåven trèss´laoen/trè:s´laoen Den vestlege delen av Træshøgdi, mot den breiaste og slakaste delen av fonna.

7778 Ullensvang

Brottefonn bråt`tùfånn Fonn i den brattaste delen av Træslåven

7779 Ullensvang

Jarnhaugen jann`hèujen/-hèug Høgd 1622 moh. nord for Træshøgdi, er lægre enn den. Gråsvart på let, vel etter jarn. Ein kunnig mann skal ha vore inn der og sett etter jarn.

Skitnafonn şjıt`nafånn Fonn vest for Jarnhaugen.

7873 Ullensvang

Matskori (ma:t`)skå:´rɛ Stad på stølsvegen ved Vattagjelsløkjene. Det er noko

grasvokster på eit elles steinut område der. Det er små hjallar der, men namnet må vel helst gjelda der vegen går. Vert dels berre kalla Skori.

7877 Ullensvang

Træshøgdi trèss´høgdɛ/trè:s´høgdɛ Vidtfemnande, høgt fjellparti sør for Træsfonn, 1681 moh., 9 meter lægre enn Hårteigen.

7879 Ullensvang

Træsfonn trèss´fånn/trè:s´fånn Etter måten stor fonn 3,5 km aust for Stora Vendevatnet. Ligg sumaren over. 7,3 km2 (etter A. Helland, Norges land og folk, Søndre Bergenhus, s. 772).

7972 Ullensvang

Jånsadokki/Sveigedokki jaonn`sadåᶄᶄɛ/ svȧı`ùdåᶄᶄɛ Lite søkk i lendet der stølsvegen gjer ein sving nord for Nedsta Tyssevatnet. Ein gjætar (kanskje hallingen Ole Dokk) sa at kroken skulle heita Sveigedokki. Gulleik Haugen, ein gamal husmann, meinte òg at Sveigedokki var rett namn, men Jånsadokki er det gamle namnet.

Steinane stȧı`nane Stad der det er tett med større steinar ved stølsvegen vest for Øvsta Tyssevatnet.

7977 Ullensvang

Grjothaugen gr(j)o:t`hèujen Steinut høgd aust for Træshøgdi.

7979 Ullensvang

Træsbotnen trèss´båtnen Vill botn nord for Træsfonn.

8069 Ullensvang

Veidedalen vȧı`ùda:len Sidedal til Tysso søraust for Holmavatnet. Jaktterreng. Veidedalsvotni vȧı`ùdalsvåtnɛ To vatn, Øvsta og Nedsta Veidedalsvatnet.

8071 Ullensvang

Nedsta Tyssevatnet nê(:)s`ta/nê:`ra tỳs`sùvatne Eit mindre vatn, ligg like nedanfor (vest for) Øvsta Tyssevatnet.

8075 Ullensvang

Steinen stȧı´nen Stor stein nær Tyssespranget som det er eit slags hæve under, nær ein fjellveg.

8076 Ullensvang

Nedsta Veidedalsvatnet nê(:)s`ta/nê:`ra vȧı`ùdalsvatne Det nedste av to vatn i Veidedalen, jf. Øvsta Veidedalsvatnet.

8079 Ullensvang

Reppalurane rèp`palu:rane/-lu:ren Eit flatare, men småkupert fjellplatå aust for Træsfonn. Gunnar Sekse: «Reppaluren er ein langstrekt nut som liknar på ein lur.»

8081 Ullensvang

Kjølo ᶄø:`lo Elv som kjem frå Træsfonn, og renn saman med Kjølo før ho går ut i Veivatnet. Ho er kald å vassa. Det er ei lita trebru over elva, men buskapen vassar eller går på snøbru om våren.

8169 Ullensvang

Øvsta Veidedalsvatnet ø:(f)s`ta/øv`ra vȧı`ùdalsvatne Det øvste av to vatn i Veidedalen, jf. Nedsta Veidedalsvatnet.

8170 Ullensvang

Tyssefennene tỳs`sùfènnùna Snøfenner frå Tyssebruna til Ølkono

8171 Ullensvang

Tyssevadet tỳs`sùva:e Vad over Tysso på stølsvegen til Espe, på vestsida av Øvsta Tyssevatnet. Det ligg jamleg ein snøskavl der, og før i tida kryssa dei stundom på skavlen og stundom i vadet. Det heitte seg at dei skulle vassa vadet som ein augut S (spegelvend S). Vart erstatta av Tyssebruna i 1914.

Tysseviki tỳs`sùvi:ᶄɛ Sørvestenden av Øvsta Tyssevatnet. Stølsvegen går framom der.

8172 Ullensvang

Tyssebruna tỳs`sùbru:na Vakker steinkvelvingsbru over Tysso på stølsvegen til Espe, på vestsida av Øvsta Tyssevatnet.

Ligg kloss i dammen som kom med kraftutbyggjinga. Brua vart bygd i 1914. Johan-

nes «skomakaren» Hovland var bas, han var ein sers dugande steinarbeidar. Han hadde med seg Johan Espe (Johan Sandgòto) og Per Fykse, sistnemnde frå Fykse i Kvam. Hovland miste spettet sitt i elva medan dei heldt på. Batt han då eit tòg rundt livet, hoppa uti og henta det. Det seiest at han fraus godt, skomakaren då! Jon Bleie skriv at det kom heimefolk bort medan dei bygde og fortalde at det hadde brote ut krig. «Det ligg vel mobiliseringskort og ventar når me kjem heim!» ottast karane. Før brua vart bygd, gjekk dei dels på skavlen som jamleg ligg her, dels vassa dei Tyssevadet like attmed, og dels gjekk dei over treplankar som dei la ut kvar jonsok. Plankane, som var 5,5 m lange, vart lagde saman att om haustane når krøter og veidefolk var komne vel heim. Elva var stor før reguleringa, so var det husdyr att i fjellet då, var dei sperra inne. I staden laut gå ned på sørsida av elva i Tyssedal. I seinare tid er det kome ei ny bru (Nyabruna) 650 lenger sørvest, der turiststigen går no. Folk til hest fylgjer gjerne framleis gamlevegen over Tyssebruna, for det er eit klyvskot (klype det er ilt å koma framom med hest) på den nye stigen.

Tyssevotni tỳs`sùvåtnɛ Tri vatn i

Tysse-vassdraget, Nedsta, Øvsta og Vetla Tyssevatnet.

Øvsta Tyssevatnet (ø:(f)s`ta/øv`ra) tỳs`sùvatne Det største vatnet i Tysso-vassdraget ovom Ringadalsvatnet, ligg mellom Vetla Tyssevatnet og Nedsta Tyssevatnet. Ofte berre kalla Tyssevatnet.

8173 Ullensvang

Tyssehjallane tỳs`sùjadlane Hjallane og skòrane kring Øvsta Tyssevatnet.

8174 Ullensvang

Tyssespranget tỳs`sùspraɲje Stad der det er råd å hoppa over Tysso.

8176 Ullensvang

Idlakleivløkjene i:d`laklȧıvlø:ᶄena Delvis samanhangande, sundskorne vatn like sør for Idlakleiv. Norges land og folk,

Ølkono. Etter eit langt stykke på fjellvegen til Espe var Ølkono den fyrste staden det var lagleg å drikka. «Å dar kùnne dai fao utysta seg» (sitert etter Jon Bleie). Personen på biletet er Inger Johanne Digranes Dagestad.

Søndre Bergenhus, s. 768 har Ildekleivovatn. Amtskartet har ført opp «Trolle Vde», som ikkje har nokon kjend, lokal tradisjon.

8177 Ullensvang

Simlehaugane sım`lùhèugane Kupert lende nord for Idlakleivløkjene.

8181 Ullensvang

Kjølevadet ᶄø:`lùva:e Vad over Kjølo på vestsida av Veivatnet.

Klypet kly:`pe Stad der ein kan koma over Kjølo ovanfor Kjølevadet. Det går det ei lita trebru over elva. Lendet klyper seg saman her.

8265 Odda

Nybu ny:´bu: Steinbu, gamal jaktbu mellom Øvsta Nybuvatnet og Nedsta Håvardsvatnet, like sør for bytet mellom Ullensvang og Odda.

Nybubakkane ny:´bubakkane Fljote (tidlege) og gode beitestrekningar som høyrer saman med Håvardsbakkane. Nybu og det meste av Nybubakkane ligg i Odda kommune.

8269 Ullensvang

Skjeldåsvarden şjèld`aosva:ren Varde

som er sett opp på ei høgd ved stølsvegen sør for Øvsta Tyssevatnet. Ei brei, høg helle som er sett på kant, bygd av gamle Svein Skjeldås (opplyst i 1969).

Veidedalsbroti vȧı`ùdalsbrå:tɛ Bratt skråning opp til Skjeldåsvarden, ved stølsvegen.

8270 Ullensvang

Ølkono ø:l`kå:no Bekk ved stølsvegen sør for Øvsta Tyssevatnet, renn over ein kant, slik at det er lett å drikka av han. Frå Tyssebruna og dit var det elles lite vatn å finna, serleg utpå sumaren. Ofte måtte dei gå lange stykke på snøfenner.

8273 Ullensvang

Vetla Tyssevatnet vèt`la tỳs`sùvatne Vatn like aust for Øvsta Tyssevatnet.

8277 Ullensvang

Idlakleiv i:d`laklȧıv Lende som er vanskeleg å koma fram i, aust for Simlehaugane.

8279 Ullensvang

Urdadalen u:`rada:len Steinut, trong dal sør for Reppane. Urdavatnet u:`ravatne Vatn eller tjørn i Urdadalen, sør for Reppane.

Stadnamn på Vestre Hardangervidda byggjer på ei hovudoppgåve i nordisk som Botolv Helleland leverte inn ved Universitetet i Oslo hausten 1970. Denne boka er ei omarbeidd utgåve av den opphavlege teksten. Ho omtalar rundt 2500 stadnamn, og er illustrert med mange bilete som viser korleis namngjevarane har gjeve fjellnaturen rom i språket.

ISBN 978-82-450-3670-1

Botolv Helleland, f. 1940 i Ullensvang, er ein av dei fremste formidlarane av stadnamn i Noreg. Han var tilsett som namnegranskar ved Universitetet i Oslo 1972–2020. Han var òg statleg namnekonsulent 1984–2020.

Erlend Trones, f. 1980 i Ullensvang, arbeider i Kartverket som stadnamnansvarleg for region vest. Han var sekretær for Ullensvang bygdeboknemnd i 2010–2016, der han òg var redaktør for bandet om stadnamn. Trones er formann i Hardanger folkeminnelag.

Boka er utgjeven i samarbeid med Hardanger folkeminnelag. Laget vart skipa i 1973, og gjev ut bøker om folkeminne og lokalhistorie frå Hardanger.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Stadnamn på Vestre Hardangervidda (9788245036701) UTVALG by Fagbokforlaget - Issuu