Bergenskeramikken (9788245059168)

Page 1


Bergenskeramikken

Andre verdskrigen er over, og fire unge menneske drar til København for å bli keramikarar. Slik startar soga om bergenskeramikken, for nettopp desse fire blir dei første som etablerer seg med eigne verkstader i Bergen. Forfattaren fortel om opprettinga og utviklinga av eit særeige keramikkmiljø i byen, om samspel og friksjonar mellom driftige enkeltpersonar og sentrale nettverk og om ein bergenskeramikk som etter kvart vinn innpass i dei fremste fagmiljøa både nasjonalt og internasjonalt.

Anne Britt Ylvisåker er kunsthistorikar og har arbeidd i nærare tretti år som førstekonservator ved Kode med fagansvar for tekstil, glas og keramikk generelt og samtidskunsthandverk spesielt.

Bergenskeramikken

Copyright © 2025 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved

@2025 Kode kunstmuseer og komponisthjem www.kodebergen.no

Forfattaren har motteke stønad frå Norsk faglitterær forfatter­ og oversetterforening og Norske Kunsthåndverkere

1. utgåve 2025/1. opplag 2025

ISBN: 978­82­450­5916­8

© Opphavsrett til kunstverk:

BONO – Billedkunst Opphavsrett i Norge, Oslo 2025

Axel Salto / Ann Beate Tempelhaug / Anne Helen Mydland / Anne Lise Karlsen / Anne Thomassen / Astrid Sleire / Audhild Hanstveit Rypdal / Berndt Friberg/ Brita Hungnes / Caroline Slotte / Corinna Thornton / Egil Røed / Eirik Gjedrem / Elina Brandt­Hansen / Elisa Helland­Hansen / Erick Stanley Hanson / Erik Pløen / Eva Stæhr­Nielsen / Geir Tokle / Grete Helland­Hansen Nash / Gunilla Maria Åkesson / Gunnar Thorsen / Hanne Haukom / Hanne Heuch / Harald Solberg / Heidi Bjørgan / Helene Kortner / Inge Pedersen / Ingegjerd Mandt / Irene Nordli / Jaqueline Poncelet / Jens Erland / Jorun Kraft Mo / Jorunn Ohnstad / Kari Skoe Fredriksen / Kari Aasen / Kjell Johannessen / Kjell Rylander / Kjersti Teigen / Linda Maria Jansson Lothe / Lippa Dalén / Madeleine Park / Magni Jensen / Marit Tingleff / Monica Marcella Kjærstad Askim / Nina Malterud / Norvald Hemre / Ole Lislerud / Oscar Mathiesen / Ruth Moen / Svein Thingnes / Terje Westfoss / Tina Jonsbu / Torbjørn Kvasbø / Tovelise Røkke­Olsen / Trond Skog / Traci Kelly / Turi Gramstad Oliver / Veronica Reff / Yngvild Fagerheim

Omslagsbilete: Temp, fat frå installasjonen «Bordet», 2004, IKEA­fat med dekalar og glasur, 27 × 2,7 cm (VK.2005­026).

Irene Nordli, «Arkanum 15», 2023, glasert porselen og tre, 133 × 64 × 52 cm (Kode.00410). Foto: Dag Fosse/Kode

Trykk: Livonia Print, Latvia

Grafisk design: Modest [Rune Døli]

Biletredaktør: Tone Svinningen

Repro: JK Morris, Sverige

Typografi: Larish Neue

Papir: 100 g Munken Print Cream 15, 115 g Arctic Volume White

Spørsmål om denne boka kan rettast: Fagbokforlaget

Kanalveien 51 5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

E­post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn­sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.

16 Eit keramikkmiljø blir til

1950­ og 1960­åra

57 To par – fire keramikarar 59 Kunsthåndværkerskolen i København 60 Alf og Kari Rongved sitt møte med Bergen 62 Odd Gjerstad og Kari Bugge i Danmark 66 Eit nordnorsk intermesso 68 Arno Lehmann og Bernard Leach 70 Prydkunst – Hjertholm og A/S Tekstilkunst 76 Den første bergenskeramikaren – Edith Børs 79 M. Gravdals Keramiske Verksted 81 Foreningen Brukskunst Bergen 82 Utstillinga «Moderne norsk keramikk», 1946 84 Utstillinga «Våre egne brukskunstnere», 1948 85 Finske Kurt Ekholm om norsk keramikk 88 Edith Børs om Axel Salto 90 Edith Børs og ei lita samling «av vor tids danske keramik» 92 Edith Børs og ei samling svensk keramikk 94 Brukskunstkjelleren 1952 96 Eva Børresen og utstillinga «Keramikk» i 1955 102 I takt og utakt med Foreningen Brukskunst Bergen 106 Ein skule i med­ og motgang 106 Dagskule i keramikk ved Bergens Kunsthåndverksskole 1957 109 Verkstadkeramikk eller industri? 111 Første opprør ved keramikkavdelinga 115 Gruppe 66 og eit levande miljø utanfor skulen 118 Skiftande ideal

120 Brytningar og bevegelse

1970­ og 1980­åra

169 Frå brukskunst til kunsthandverk 171 Steinkjelleren Verkstedsutsalg 175 Ein skule i motfase 181 Opprør og nye løysingar 186 Som å vinne i Lotto 190 Brukskunst kontra kunsthandverk i Bergen 192 Utstillingar i Brukskunstkjelleren kring 1970 197 Prydkunst – Hjertholm. Eit kommersielt utstillingsalternativ 198 Foreningen Brukskunst Bergen, Vestlandske kunstindustrimuseum og samtidskeramikken 204 Utstillinga «Norsk brukskunst 1966» 209 Utstillinga «Kunst og kunstnere i Bergen 76 – Kunsthåndverk og billedkunst» 212 «Norsk Kunsthåndverk 1977» – Årsutstilling og lokale kontroversar 217 Profesjonalisering på alle plan 219 Fleire verkstadutsal i Bergen 223 Frå verkstadutsal til galleri 227 Årsutstillingane 233 Hordaland kunstnersenter 235 Galleri 2 238 Galleri NK 244 Galleri NK møter kritikk 247 Nye Hordaland Kunstnersentrum 250 Den første keramikkutstillinga på Hordaland kunstnersenter – Galleri 1/ Galleri NK 1987 255 Kulturhuset USF Verftet 257 Mangfoldige kunstuttrykk under same tak 259 Utstillinga «Made in USF» 260 Bergens Kunsthåndverksskole blir Statens høgskole for kunsthåndverk og design 264 Professor Hanne Heuch 270 Eit nedpakka Vestlandske kunstindustrimuseum

272

Grenselaus keramikk

1990­ og 2000­åra

361 Nasjonal og internasjonal keramikk 361 OICS – Oslo International Ceramic Symposium 363 Keramikkutstillingar i alle galleri 365 Keramikk og kulturarv 366 OL-workshopen «Keramikk Ringebu 1993» 371 Vandreutstillinga «British Ceramics in Norway» 374 Keramiske trau og kister – om å tøye keramiske grenser 378 Vandreutstillinga med Peter Voulkos til Bergen 380 Vandreutstillinga «New York, New York; Clay» 383 Oslo-keramikarar på HKS – Galleri NK 387 Kunsthåndverkernes Landsdelsutstilling Keramikk 1996 392 Sterke stemmer 393 Keramikkprofessor og rektor

Nina Malterud 396 Å ta andre kampar 399 Keramikk som «underdog» 400 Samanslåing og faglege friksjonar

403 Nye taktar – nye utstillingar 405 Funne objekt som keramisk råstoff 406 Formidlingsprosjektet «Det tenkende øye» 409 Det hybride kunsthandverket og kunstindustrimusea 411 Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk 414 Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk – ein bremsekloss for det nye? 418 Keramikkinnkjøp i 1990-åra 420 Stengt museum og store utskiftingar 424 Nye visingsstader i byen 427 Galleri Temp 434 Utstillinga «Bare Temp» 436 Keramikk og forsking 436 Brennpunkt Bergen 441 Høgskulereform, tverrfaglegheit og kunstfagleg forsking 443 K-verdi. Eit forskingsprosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk

448 Bergenskeramikk

Forord

Heilt sidan Kode sine samlingar vart stifta, har keramikk vore ein viktig del av museet si verksemd. Den første direktøren ved Vestlandske kunstindustrimuseum, Johan Bøgh, var oppteken av det gamle, men også begeistra for den nyskapande samtidskeramikken og kjøpte inn dei første radikale stykka til museet på 1890­talet. Føremålet med samlinga på kunstindustrimuseet var å visa publikum det beste av samtidig og historisk kunsthandverk, og med det bidra til utvikling av kunstindustrien på Vestlandet. Denne grunntanken ligg også under museet si aktive rolle i formidling av kunnskap om kunsthandverket. Bøgh og hans etterfølgjarar har skrive i aviser, i vitskapelege tidsskrift, halde foredrag og laga utstillingar. Slik har museet vore viktig i den offentlege samtalen om keramikk i samtida og bidratt til vissa om verdien av dette kunsthandverket. Frå midten av 1960­talet har museet si orientering mot samtidskunsthandverket vore særleg sterk, og det har kvart år blitt kjøpt inn keramikk av norske og internasjonale aktive kunstnarar. I dag utgjer samlinga eit svært viktig dokument over utviklinga av eit handverk og ein industri, men gjev også innblikk i korleis kunsthandverkaren si rolle har endra seg gjennom meir enn eit hundreår. Midt på 1900­talet fekk Bergen ei profesjonell utdanning innan keramikk, mykje takka vera det iherdige arbeidet og engasjementet til enkeltpersonar og ­grupper. Denne profesjonaliseringa og framveksten av eit fagmiljø og eit publikum er ein viktig del av nyare norsk kunsthistorie. Anne Britt Ylvisåker har i mange år følgt keramikkfeltet tett, som seniorkurator for kunsthandverk ved Vestlandske kunstindustrimuseum og deretter ved Kode. I denne boka viser ho korleis utviklinga av norsk samtidskeramikk har vore drive fram av aktørar knytt til institusjonar og verkstader i Bergen. Utgjevinga kjem i fortsetjinga av Kode si fleirårige satsing på å sjå den norske kunsthistoria frå Vestlandet. Viktige norske kunstnarar med tilknyting til Bergen har vore vist i ein eigen serie med oppsummerande separatutstillingar, blant dei keramikarane Nina Malterud og Heidi Bjørgan. No presenterer Anne Britt Ylvisåker eit større historisk sveip. Ut av eit langvarig forskingsarbeid og eit omfattande kjeldemateriale har det kome ei rik, frodig og engasjerande forteljing om det vi kallar Bergenskeramikken. Dette er ei viktig bok for Kode og vi håper den får mange lesarar.

Petter Snare

Line Daatland direktør direktør for samling og utstillinger

Eg har gått svanger med ei bok om bergenskeramikken i årevis, men først med arbeidet kring utstillinga «Nina Malterud. Materielle påstander» sommaren 2022 blei det fortgang i saka. Eg hadde nettopp skrive ein tekst til utstillingskatalogen som handla om Malterud si rolle ved Kunsthøgskolen i Bergen, då direktøren ved Kode, Petter Snare, lurte på om eg ikkje hadde lyst å samle alt materiale eg hadde leita fram kring bergenskeramikken opp gjennom åra, i ei bok. Snakk om timing. For meg gav tilbodet meining langt forbi det direktøren var klar over. Det var nettopp Malterud som hadde pensa meg inn på dette sporet vel tjue år tidlegare, og som no blei den utløysande årsaka til at eg kunne få samle alle «keramikktrådane» mine gjennom eit langt museumsliv. Ringen var på eit vis slutta. Eg trong ikkje å nøydast og fekk dessutan litt skrivetid til å komme meg i gang på. Det var også både motiverande og nyttig å få skrivestipend frå Norsk faglitterær forfatter­ og oversetterforening, og då i tillegg Norske Kunsthåndverkere ville støtte prosjektet økonomisk, byrja boka å sjå ut til å kunne realiserast. At Kode raust gav meg forskingsfri i meir enn eit halvår, var til sist utløysande for å setje i gang for fullt.

I boka har eg valt å konsentrere meg om miljøet keramikken blei skapt i, og eg trekkjer fram det nye som heile tida skjer. Slik vil den historia eg skriv, først og fremst handle om det som kan oppfattast som brot – ja, jamvel paradigmeskifte i høve til det som har vore. Men det er sjeldan slik i røynda. Også når det gjeld eit så spesifikt felt som keramikk, går det mange historier parallelt, av og til utan å tangere kvarandre, for andre gonger å bli vikla saman til eit brokete heile.

For å få så godt innsyn i temaet som råd har eg prøvd å leite fram det eg kan finne av arkivmateriale på aktuelle institusjonar; eg har søkt meg fram i norske tidsskrift og ikkje minst lese avisartiklar flittig. Den aller, aller viktigaste kjelda mi har likevel vore keramikarane sjølve, som generøst har delt erfaringane sine og brukt den verdfulle tida si på meg gjennom dei kring tjuefem åra eg har halde på. Nokre har eg intervjua spesifikt til denne boka. Andre har eg samtalt med i samband med prosjekt lenger attende i tid, men dei har gjeve meg løyve til å bruke materialet på ny. Enkelte av dei eg snakka med tidlegare, er ikkje lenger blant oss. Eg har like fullt tillate meg å bruke utskrifter frå intervjua eg den gongen gjorde med

dei, sidan dei hadde innsyn i fagfeltet i ei tid ingen av oss som lever i dag, kan ha same tilgangen til. Og eg lèt i stor grad kunstnarane komme til orde sjølve ved å bruke deira eigne ord direkte der eg meiner det er naturleg.

Kan hende vil nokon protestere på framstillingane av dette og hint og hevde at dette kan ikkje stemme – det var ikkje slik. Og kanskje har dei rett. Minne er ei underleg greie, og vi vil gjerne både snu på og redigere det vi meiner er fakta, når vi fortel om det vi ein gong var ein del av. Slik har eg fått skildra same hendinga frå ulike personar på ymse måtar, ja, jamvel på ulikt vis frå ein og same personen i ulike samtalar. Kanskje meiner nokon at eg har snakka med feil personar, eller ikkje mange nok. Om utvalet kan verke feil eller tilfeldig, ligg det likevel ein tanke bak, styrt av dei hendingane og milepælane eg meiner det er viktig å få fram. Samstundes kjenner også eg så altfor vel til enkelte som absolutt burde ha fått komme i tale, men som eg var for sein til å få snakke med før dei gjekk ut av tida. Slik er det berre.

Lista over intervjuobjekt blei like fullt ganske lang, og kvar og ein av keramikarane eg har snakka med, fortener ein stor og audmjuk takk for bidraga sine. Dei har opna dører inn til ei spanande verd på eit vis som inga skriftleg kjelde kan gjere på same vis. Men også den siste arbeidsplassen min, Kode, skal med rette få ein ærbødig takk, både for å ha lagt til rette for at eg skal få avslutte yrkeskarrieren min med denne boka, og for at museet ville stå for utgjevinga av det endelege resultatet.

Ein ekstra takk går til Nina Malterud, som ein gong i tida skubba meg i retning av keramikken som fordjupingsfelt og var sparringpartnaren min der og då, og som – ein generasjon seinare – har lese og komme med nyttige innspel til det endelege manuskriptet mitt om bergenskeramikken. Innsatsen hennar kan ikkje skattast høgt nok. Like eins var Ottar Grepstad sine kommentar og forslag til strukturering av det for han ukjente stoffet verdfulle for meg, saman med tips og råd frå redaktør Dag Grønnestad frå Fagbokforlaget.

Sluttresultatet må eg like fullt ta ansvar for åleine.

Anne Britt Ylvisåker Bergen, oktober 2025

Om Bergen og keramikk

På Stockholmsutstillinga i 1897 kjøpte direktør Johan Bøgh (1848–1933) for første gong inn samtidskeramikk til Vestlandske kunstindustrimuseum.1 Gjennom begeistra reisebrev i Bergen Aftenblad skildra han den fantastiske nye keramikken som det mest nyskapande på heile mønstringa «hvorom vor Hovedinteresse uvilkaarlig samler sig».2

Men keramikkinteresserte Bøgh fekk aldri sjølv oppleve eit keramikkmiljø i heimbyen sin. Tvert om skulle det gå heile femti år før dei første verkstadkeramikarane fann vegen til Bergen og famlande innleia det som i ettertid skulle omtalast som bergenskeramikk. Det skulle gå endå eit halvt hundreår til før eg i 1998, som ganske nytilsett konservator ved kunstindustrimuseet, blei oppmoda frå fleire hald om å lage utstilling om keramikkpionerane i byen. Eg var – pinleg nok – så godt som blank på feltet. At samtidskeramikken frå same by var høgt skatta både nasjonalt og internasjonalt, kjende eg til – like eins at keramikkstudiet ved dåverande Kunsthøgskolen i Bergen3 tiltrekte seg søkjarar frå langt utover landegrensene. Men korleis det var blitt slik, visste eg lite om. Kven var eigentleg dei første som våga seg inn i dette framande farvatnet? Kva var det som møtte dei i vestlandsbyen? Og korleis hadde fagfeltet utvikla seg vidare frå den spede starten og til det eg såg rundt meg der og då? I faglitteraturen var det lite hjelp å hente. Tilfanget var magert, og det vesle som var skrive, hadde utspring i hovudstadsmiljøet. Men hellet var med oss: Fire av pionerane – som på dette tidspunktet var nær åtti år gamle – var framleis både aktive og oppegåande, og dei var meir enn klare for ein prat. Dette skulle innleie eit stort engasjement for bergenskeramikken frå museet si side. Hausten 2002 opna Vestlandske kunstindustrimuseum dørene til utstillinga «Brennpunkt Bergen. Keramikk 1950–2000».4 Utstillingsprosjektet drog i grove trekk opp konturane av ei kort, men intens historie full av dramatikk og eigenart. Keramikkmiljøet vi her blei konfronterte med, viste seg å ha ein heilt annan dynamikk enn tilsvarande miljø i hovudstaden, med eigne førebilete, alliansar og faglege nettverk, og ikkje minst med alternative førestillingar om kva keramikk var – eller burde vere.

«De ante ingenting om keramikk slik jeg mente den var. Jeg hadde ingenting der å gjøre», svara då også ein av bergenspionerane på spørsmålet mitt om kvifor ho drog til København i 1945 for å bli

keramikar i staden for å ta studiet som nettopp var komme på plass i Oslo.5 Kva Kari Bugge Gjerstad (1925–2022) la i denne utsegna, skal eg komme attende til, like eins kvifor bølgjene frå studentopprøret i 1968 fekk så dramatiske konsekvensar i Bergen at det vekte oppsikt i vide krinsar. Men begge hendingane kan vere gode døme på korleis keramikkmiljøet i Bergen gjerne har søkt seg utover landegrensene for å løyse faglege flokar. I begge fall kan utfordringane på eit vis knytast opp til refleksjonane Bøgh gjorde seg kring «alle de Gjenstande, der særlig maa betegnes som Kunstfrembringelser og hvor helt moderne, nye tekniske Fremgangsmaader er brakt i Anvendelse» på Stockholmsutstillinga.6 Grovt forenkla kan fagfeltet keramikk historisk sett delast i to retningar, der den eine handlar om form og teikna dekor, og den andre om materialiteten i glasurar og leire. Gjennom tidene har desse to retningane veksla på å dominere fagfeltet, og det var eit slikt skifte Bøgh var vitne til på utstillinga i 1897. Her registrerte han ein tydeleg vilje blant utstillarane til å bryte med arven etter den rikt dekorerte 1700­talskeramikken som hadde dominert så godt som all keramikkproduksjon i Europa så langt. I staden lét produsentane seg inspirere av ein type asiatisk keramikk som europearane ganske nyleg var blitt kjende med gjennom verdsutstillingane, og som handla meir om subtile glasurverknader enn teikna mønsterdekor. «Overalt er Keramikerne paaferde, for at finde nye Glassurkombinationer og nye Skjønhedsvirkninger i denne paa Overraskelser saa rige Teknik», skreiv Bøgh oppglødd over den nye vendinga han såg i fagfeltet.7 På utstillinga i Stockholm fekk dei skandinaviske fabrikantane verkeleg vist kor langt dei var komne i «kappestriden» om å utvikle dei finaste glasurane. Bøgh trekte i første rekkje fram dei godt etablerte produsentane og sikra seg arbeid frå samtlege til museumssamlinga si i Bergen. Han var spesielt nøgd med å ha fått tak i eit par vasar frå svenske Rörstrand Porslinsfabrik [1] (etablert 1726) i den småspetta glasuren «rouge flambé». Denne hadde «stor og ejendommelig Skjønhed, der altsaa udelukkende ligger i den vidunderlige Farveskiftning med Aftoninger og Blandinger i mangfoldige Variationer».8 Den danske fabrikanten Kähler [2] (1839–2008) med sine «egenartede Frembringelser (…) af mange Aars sindrige Eksperimenter» fekk også eit eige kapittel i reisebrevet før han vende seg mot den norske avdelinga. Ho var spinkel.

[1, s. 18]

[2, s. 19]

[3, s. 20]

Korkje Egersund Fayancefabrik (1847–1979) eller Porsgrunds Porselænsfabrik (etablert 1887) var med på utstillinga. Derimot la Bøgh merke til to norske representantar som mangla «mægtige Fabrikanlæg» å lene seg til. Særleg Andreas Schneider [3] (1861–1931) hadde eit potensial, meinte Bøgh: «idet hans Frembringelser overalt viste en paaskjønnelsesværdig Bestræbelse for at give en personlig Opfatning Udtryk.»9 Bøgh visste neppe at han her stod overfor ein av dei første studiokeramikarane i Noreg, som skulle etablere seg med eigen verkstad i Oslo same året og etter kvart trekkje mange praktikantar til faget.

Med introduksjonen av glasureksperimenteringa og det personlege uttrykket forlèt eg både Bøgh og Stockholmsutstillinga, men nettopp desse punkta skal bli gjengangarar i diskusjonane kring bergenskeramikken eit halvt hundreår seinare. I Oslo vaks det derimot fram eit lite keramikkmiljø alt dei første åra etter 1900, som heilt i starten heldt fram med fargerike glasurverknader kjende frå Stockholmsutstillinga. Men innan keramikklinja blei etablert ved Statens håndverks­ og kunstindustriskole (SHKS) i 1939 med Jens von der Lippe (1911–1990) i spissen, hadde endå eit skifte skjedd –attende til den mønstra keramikken. For von der Lippe var tinnglasert fajanse og rikt dekorert trønderkeramikk dei store inspirasjonskjeldene, og han utvikla etter kvart eit stramt og stilisert uttrykk med sterkt slektskap til førebileta sine.10

Jens von der Lippe skulle bli tonesettande for den norske verkstadkeramikken i lang tid både i og utanfor hovudstaden. Han fann meiningsfellane sine i miljøet kring Foreningen Brukskunst (etablert 1918), som i løpet av mellomkrigstida hadde opparbeidd seg ein dominerande posisjon innan eit vidt fagfelt. Medlemsmassen var breitt samansett. Forutan utøvande brukskunstnarar bestod han av arkitektar og interiørarkitektar, husmorlag, museumstilsette og andre interesserte lag og organisasjonar. Også kunsthandverksskulane i Oslo og Bergen hadde sin sjølvsagde plass i foreininga. I 1941 blei tidsskriftet Bonytt oppretta som talerøyr for foreininga med mål om å spreie kunnskap om god form av alle slag, ikkje minst innan keramikk, og Jens von der Lippe skulle vise seg som ein ivrig skribent på feltet.

Det normative synet til Foreningen Brukskunst prega også miljøet som dei første verkstadkeramikarane skulle møte i Bergen

ISBN 978-82-450-5916-8

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.