Page 1

#nynorsk


Karen Marie KvĂĽle Garthus

Anne-Marie Schulze

#nynorsk Antologi med undervisningsopplegg – ekstrakomponent


Copyright © 2016 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved

1. utgåva / 2. opplaget 2017 ISBN: 978-82-11-02302-5

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: Tove Nilsen

Omslagsdesign: Tove Nilsen

Omslagsfoto: Frode Grytten © Paul Sigve Amundsen/Samfoto/NTB scanpix; Agnes Ravatn © Cornelius Poppe/NTB scanpix; Gunhild Oeyehaug © Lise Åserud/NTB scanpix; Hilde Kvalvaag © Agnete Brun; Linda Eide © Cornelius Poppe/NTB scanpix; Ragnar Hovland © Tor Greiner Stenersen/ Aftenposten/NTB scanpix; Marit Eikemo © Mimsy Møller/Samfoto/NTB scanpix; Ruth Lillegraven © Luca Kleve-Ruud/Samfoto/NTB scanpix; Jon Fosse © Tom A. Kolstad/Aftenposten/NTB scanpix; Helga Flatland © Studio Vest AS; Marianne C. Håheim © Andreas E. Nygjerd; Odd Nordstoga © INGAR STORFJELL/Aftenposten/NTB scanpix; Lars Petter Sveen © Nina Hansen/Dagbladet; Åse Marie Nesse © Rolf M. Aagaard/ Aftenposten/NTB scanpix; Brit Bildøen © Tor G. Stenersen/Aftenposten/ NTB scanpix; Einar Økland © Luca Kleve-Ruud/Samfoto/NTB scanpix

Foto og illustrasjonar: side 208

Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 Faks: 55 38 88 01 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Til deg som skal bruke boka! Kvar er den gode nynorske teksten når du treng han? Tenk om nynorske tekstar hadde ein emneknagg som gjorde dei søkbare og lett tilgjengelege? Kan hende har du sjølv leita etter «nynorsk kåseri», eller «nynorsk novelle» på nett? Då veit du at den perfekte teksten ikkje dukkar opp ved hjelp av slike søk. I denne boka har vi difor samla ei rekke gode nynorske samtidstekstar i ulike sjangrar. Vi ønsker òg å få fram at nynorsk er like godt eigna for faktaartiklar og samansette tekstar, som for lyrikk, sakprosa, noveller og romanar. Elevane treng å lese gode tekstar i norskfaget. Tekstane vi les, fungerer både som eksempel for eiga skriving og som døropnarar til nye tankar. Vi har difor valt ut forfattarar og tekstar som både i innhald, språk og stil kan vere gode eksempel, og som også kan gi nokre nye innsikter. Sidan dei aller fleste i Noreg les meir bokmål enn nynorsk, veit vi at alle treng å møte det nynorske språket oftare for å kunne meistre det sjølve. Sidan lesing av tekstar er så viktig når ein skal tileigne seg nynorsk, står tekstane sentralt i denne boka. Men for å gjere nynorskundervisninga endå meir rik og komplett, har vi også lagt til mange og varierte skriveoppgåver. Bak i boka finn du òg ein nynorsk grammatikk med oppgåver knytte til grammatikk og språkbruk. God lesnad! Helsing forfattarane Valdres og Oslo 08.03.2016 Sakprosa Tenkjeskriv Skriv kort (max. 250 ord) Skriv langt (max. 500 ord)


INNHALD Sakprosa Snø (faktatekst/leksikonartikkel) Smørbukk (faktatekst/leksikonartikkel) Yvonne Algrøy Språk, sex og hat (kåseri) Agnes Ravatn Svake menneske. Eller: Korleis kunne det gå så gale? (essay) Ragnar Hovland Sidemålsmonsteret fortel (essay/kåseri) Linda Eide Kvinnedagen – Mottro om 8. mars (kåseri/intervju) Gunhild Øyehaug Hovud og hår (essay) Marit Eikemo Ingen tittel på grava (essay)

8 10 14 18 25 29 36 42

Lyrikk/songtekstar Marianne Clementine Håheim Bilydar (utdrag) Einar Økland Undervisningskunstnaren (Eller: Kva bør alle elevar lese?) Anna Kleiva Vårar seinare (utdrag) Odd Nordstoga Bestevenn Ruth Lillegraven Haust i Hardanger Åse-Marie Nesse Legg ikkje ditt liv i mi hand

56 60 64 66 68 74

Samansette tekstar Tone Damli Aaberge Min dag (spalte) Nataliya Kochergova 3Rips (teikneserie) Sigmund Falch Falcheblikk

78 82 84


Mariell Øyre Five things I want to get better at (personleg blogg) Mariell Øyre Egentlig gjer det meg uvel når fedre følger bruda fram, uansett kor glad eg er i pappaen min (kommentar)

86

88

Noveller Lars Petter Sveen Køyre frå Fræna Lars Petter Sveen Ein gal gut si dagbok Frode Grytten 2CV Rønnaug Kleiva Sluttstykket Jon Fosse Bryggja

94 101 110 116 124

Romanutdrag Suzanne Collins The Hunger Games (utdrag) Hilde K. Kvalvaag Fengsla (utdrag) Helga Flatland Bli hvis du kan, reis hvis du må (utdrag) Linn T. Sunne Saiko (utdrag) Agnes Ravatn Fugletribunalet (utdrag) Brit Bildøen Sju dagar i august (utdrag) Lars Ove Seljestad Blind (utdrag)

185

Tema for skrivedagar/temadagar

191

Grammatikk og språkbruk – oppgåver

195

Nynorsk grammatikk

200

136 142 151 164 172 178


Sakprosa


Side 8: Snø (faktatekst/leksikonartikkel) Side 10: Smørbukk (faktatekst/leksikonartikkel) Side 14: Yvonne Algrøy Språk, sex og hat (kåseri) Side 18: Agnes Ravatn Svake menneske. Eller: Korleis kunne det gå så gale (essay) Side 25: Ragnar Hovland Sidemålsmonsteret fortel (essay/kåseri) Side 29: Linda Eide Kvinnedagen – Mottro om 8. mars (kåseri/intervju) Side 36: Gunnhild Øyehaug Hovud og hår (essay) Side 42: Marit Eikemo Ingen tittel på grava (essay)

Rune Guneriussen: There is no earthly explanation, 2008.


SakproSa

Snø (faktatekst/leksikonartikkel) Snø, nedbør som blir danna ved vekst av snøkrystall inne i ei sky. Nysnø på marka ligg som eit luftig lag og har låg tettleik, gjerne 0,1 kg/l. Ganske raskt vil eit snødekke pakke seg saman og danne større og fastare korn, og tettleiken kan auke til 0,35 kg/l. Som regel svarar 1 cm nysnø til 1 millimeter regn. For klimaet er det svært viktig at snøen reflekterer mesteparten av solstrålane, medan han absorberer langbølgja stråling svært godt. Der sommarvarmen ikkje klarer å smelte snøen, dannar det seg brear. I områda ved Ålfotbreen skjer det over 1200 moh., medan den tilsvarande grensa i Jotunheimen er 2200 moh. Store mengder snø, og då særskilt i fjellområde, kan føre til snøras. Redigert og omsett av Frode Håvik Korneliussen Frå http://www.allkunne.no/framside/sno/63/12938

8


SakproSa

OPPGÅVER 1 Kva får du vite om snø i denne artikkelen? 2 Skriv ein lyrisk versjon av artikkelen. Øv på å framføre med innleving. Skriv kort. 3 Bruk orda luftig, nysnø, sommarvarmen, smelte, brear, stråling, og skriv ein rapp.

4 Plukk ut tre ord frå teksten og skriv leksikontekstar. Skriv kort og informativt.

5 Skriv ei novelle som startar slik: «Nysnø på marka ligg som eit luftig lag og …» Skriv langt. 6 Du har fått i oppdrag å skrive ein tekst for ei stor norsk avis. Teksten skal stå i helgenummeret. Overskrifta er «Snøraset». Skriv langt. 7 Lag ein kortfilm eller eit skodespel som handlar om ei årstid.

9


SakproSa

Smørbukk (faktatekst/leksikonartikkel) Smørbukk er ein av dei klassiske norske teikneseriane. Serien har namn etter hovudpersonen, ein fantasirik gut, og har vore publisert i Norsk Barneblad sidan 1938. Den første Smørbukk-teikneserien stod på trykk i Norsk Barneblad 16. juli 1938 og var illustrasjonar til eventyret om Smørbukk. Serien var teikna av Jens R. Nilssen og dei neste åra kom serien med jamne mellomrom. Smørbukk har hatt fast plass på baksida av Norsk Barneblad sidan 1942. Frå 1941 har det kome Smørbukk-julehefte kvart år, bortsett frå 1944. Frå 1963 til 1970 kom det òg eit Smørbukk-hefte om våren. Tre ulike teiknarar har teikna Smørbukk. Jens R. Nilssen hadde ansvaret frå 1938 til 1959, Solveig Muren Sanden frå 1959 til 1981, og Håkon Aasnes har teikna serien frå 1982. Alle har forma serien på sin måte, men fellestrekka er likevel mange nok til at slektskapen er tydeleg.

Dei første åra Smørbukk viser seg altså første gongen i Norsk Barneblad i 1938. Den dåverande bladstyraren, Andreas Haavoll, skreiv i det same nummeret at Smørbukk kom til å verte eit fast innslag i bladet framover, og han oppmoda lesarane til å sende inn eigne manusførelegg til serien. Om det kom inn brukbare manus på denne måten er ukjent; den første nylaga Smørbukk-forteljinga hadde manus av Haavoll. Her er Smørbukk rundt tre–fire år gamal, og det er helst lite tekst under teikningane. I dei årlege julehefta ligg teksten framleis under bileta, medan det har vore snakkebobler i Smørbukk-rutene i Norsk Barneblad sidan 1985.

Smørbukk og Trond Hovudpersonen i serien er Smørbukk. Alt han gjer, er godt meint, men det endar likevel ofte med uventa og litt problematiske situasjonar, som han greier å kome seg ut av. Smørbukk er ein glad gut, han er kreativ og fantasirik, og han viser stor vilje til å prøve nye ting. Den beste kameraten hans heiter Trond. Ei typisk Smørbukk-historie opnar med at Smørbukk får ei oppgåve, gjerne frå ein av foreldra. Saman med Trond prøver han å løyse denne oppgåva. Noko går gale, slik at dei må ordne opp. Det greier dei alltid, så

10


SakproSa

11


SakproSa

historia sluttar med at dei løyser oppgåva Smørbukk har fått, gjerne kombinert med andre oppgåver som har dukka opp undervegs. Bortsett frå systera Bjørg og andre familiemedlemmer har serien få andre faste bipersonar enn Trond, i alle fall ikkje før den russiske jenta Nadia dukkar opp i 2001. Den første tida var det snakk om korte, avslutta historier i kvart nummer. Etter kvart strekte historiene seg over fleire nummer, slik at både teiknaren og forfattaren fekk fleire strenger å spele på. Likevel har det heile tida vore faste innslag, som til dømes den raude ullgenseren Smørbukk har på seg om vinteren. Då Solveig Muren Sanden tok over som teiknar, dekorerte ho genseren med strekar i staden for dei vanlege prikkane. Då fekk ho spørsmål frå forfattaren om ho ikkje kunne gå over til å teikna prikkar, ho òg. Håkon Aasnes fekk òg mange reaksjonar frå lesarane den gongen Smørbukk drog på seg ei boblejakke over genseren. Han såg behovet for å gi Smørbukk varmare klede vintersdagen, men ville heller ikkje kome på kant med lesarane sine. Resultatet var at Smørbukk fekk ein boblevest.

Tre teiknarar sidan 1938 Dei tre Smørbukk-teiknarane har alle sett sine eigne merke på serien. Nilssen plasserer han i eit udefinert norsk bygdelandskap og teiknar ein Smørbukk som gradvis vert litt eldre. Då Muren Sanden tek over, vert landskapet i serien prega av at ho er frå Telemark, og ho lèt òg Smørbukk verte litt eldre. Då Aasnes tek over, vert serien meir moderne, både gjennom snakkebobler i rutene og ved at Smørbukk tek steget inn i dataverda. Det har altså vore stor stabilitet på teiknesida, på manussida er ikkje biletet like oversiktleg. Nokre har skrive manus til julehefte, andre til stripene i Norsk Barneblad. Lengst fartstid som manusforfattarar har Øyvind Dybvad (1940–55 og 1980–83), Johannes Farestveit (1956–79) og Håkon Aasnes (1988 til i dag), men også Andreas Haavoll, Jostein Krokvik, Olav Norheim, Halvor Kleppen, Ingvar Moe, Velle Espeland og Gard Espeland har skrive tekstførelegg til Smørbukk.

Kjelder Eirik Helleve: Striper, ruter, bobler, utstillingskatalog. Hovdebygda 2003 Olav Norheim (red.): Smørbukk 70 år. Oslo 2008 Eirik Helleve. Frå http://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/ nynorske-aviser-blad-boker-og-tidsskrift/smorbukk/30/913/ 12


SakproSa

OPPGÅVER 1 Kva for teikneseriar, norske og utanlandske, kjenner du til? Kva handlar dei om? 2 Lag eit samandrag av artikkelen. Bruk berre 5–10 setningar. 3 Kva les medelevane dine? Jobb i smågrupper og lag spørsmål. Kartlegg lesevanane i klassen eller på trinnet. Spørsmål som «Kva les dei? Når les dei? Kvifor les dei det dei gjer?» kan vere relevante. Presenter resultatet.

4 Bruk teksten om Smørbukk som inspirasjon og skriv ein faktatekst om ein teikneserie du likar. Skriv kort. 5 Skriv eit portrettintervju med Smørbukk. Kva er han oppteken av? Kva et han? Kva drøymer han om? Kva slags bok har han på nattbordet? Skriv kort.

6 Ei typisk Smørbukk-historie opnar med at Smørbukk får ei oppgåve, og saman med Trond prøver han å løyse denne oppgåva. Noko går gale, slik at dei må ordne opp. Skriv ei slik historie. Skriv langt. 7 Les eit nummer av Smørbukk og gjenfortel ei av historiene med eigne ord. Skriv langt.

13


SakproSa

Yvonne Algrøy Yvonne Algrøy (f. 1970) er frilans skodespelar, artist og skribent.

Kva kan vere samanhengen mellom sex, språk og hat? Tenkjeskriv i to minutt.

Språk, sex og hat (kåseri) Ein nynorskbrukar ville aldri ligge med ein nynorskhatar. Ikkje som omvendingseksperiment eingong. Til naud som feltarbeid. Eg kunne aldri ligge med ein mann som skamlaust delte ord etter innfallsmetoden eller skreiv onsdag med stor bokstav. Han måtte i så fall ha synt meg prov på at han var dyslektikar. Eller liechtensteinar. Om eg ikkje hadde sett eit einaste ord han hadde skrive, før etter vi hadde hatt oss og eg fann ein lapp på puta der det stod: «Takk får i går, det var utanom jordisk deilig» (for det må vi rekne med det var), hadde eg kjølna tvert.

Like fordomsfull mot alle Dette er sjølvsagt mitt problem. Dette er mine meiningslause fordommar som eg ikkje veks frå. Sikkert fordi eg ikkje vil vekse frå det. Eg anar ikkje kvifor det er slik. Menn med dårleg skriftspråk har ikkje skada fleire eller bygd mindre av landet enn menn med godt skriftspråk. Kanskje tvert om, kva veit eg? Eg har ikkje bygd ein drit av landet sjølv. Eg veit ikkje korleis ein gjer det. Eg har berre vond vilje, er tjukk av fordommar og tydelegvis hjelpelaus i landsbygging. Sjarmerande. Eg fortener ikkje denne mannen med lappen uansett, ser eg. Tenk, han skreiv skjønn lapp til meg etter ei dirrande heit natt. På nynorsk til og med. Og eg heiv han ut! Eg raudnar og skjemmest i fleng. Eg har sikkert gått glipp av nokre fantastiske feilstavingar i bingen med denne haldninga. Til mitt forsvar, så er det spjærande likegyldig kva målføre han ikkje meistrar. Eg er like fordomsfull mot alle, det skal eg ha. hon/honen (bergensk uttrykk) = moderat form for fanden

14

Nynorskhatarane Det er mykje kjensler rundt språk. Eg er hon ikkje aleine her. Men sjølv om det handlar om identitet, må ein lure på kvifor folk vert så forbanna humørlause i språkdebatten? Alt dette hatet. Tenk å gidde å vere nynorskhatar, til dømes. Har dei ikkje eit hus å vaske?


SakproSa

«Takk får i går, det var utanom jordisk deilig»


SakproSa

Eg undrar meg på om nynorskhatarar hiv nynorskbrukarar ut or senga når det går opp for dei kva målform vedkomande skriv. Eg trur eigentleg ikkje det. Eg trur sjølverklærte nynorskhatarar har stelt seg slik at dei lyt vere glade for det dei får. Det må vi kunne tru, all den tid det ikkje går an å hate eit språk. Det blir som å hate glade babyar og lodne hundekvelpar på ei sky av såpebobler.

Eksotisk Faren er at om han verkeleg klarar å lande ein nynorskbrukar, kan hataren sjå på brukaren som eit eksotisk leikety. Eit leikety å vise fram på fest: «Se på denne da, dere. Jeg fant den på byen, stakkar. Det er en sjelden rase, dere. Det er nå bare rundt 13 prosent igjen av dem. Men dere må ikke se den inn i øynene, da tror den dere vil slåss.» Dette er sjølvsagt worst case scenario og rein hypotese. Ein nynorskbrukar ville aldri ligge med ein nynorskhatar. Ikkje som omvendingseksperiment eingong. Til naud som feltarbeid. Ein brukar kjenner att ein hatar svært raskt. Vedkomande treng ikkje seie noko særleg, dei har så mange andre påfallande særtrekk. Dei har slappe handtrykk, slappe kjevar og kj-lydar (ein anar ikkje om dei kallar deg skjære eller kjære), vassent blikk, dyre klumpete bilar, dei snyt på skatten, har dårleg ande, slår, foraktar NRK2 og ligg med dyr.

Drit i å hate Ei uskuldig Facebook-side eg fann, heiter «Jeg hater nynorsk». Ho hadde 36 likes og er høgst truleg starta av ein litt villfaren fjortis. Ein skal ta ungdomen alvorleg. Ein bør heller skampryle foreldra. Dette vetlehatet var altså ikkje noko å henge seg opp i. I alle fall ikkje samanlikna med vaksne storhatarar med slagkraft, indignasjon som livsmotto, høg røyst og mykje fritid. Likevel klarte eg å bli utruleg tilfredsstilt då eg på denne sida las: «Heeey heey alle nynorsk hatere». Alt heng i hop. Språkåret 2013 er eit søtt tiltak. Kva er vel deiligare og riktigare enn å hylle det norske språkmangfaldet. Løfte alle fram, gjere alle stolte over eige målføre. Så kan alle drite i å hate. Enten dei er fjorten eller femti. Det er ikkje noko å seie på det. Det er så velmeint. Og det kjem sjølvsagt ikkje til å endre ein skit når det gjeld fordommar og hating. Men det vert skipa til mange kjekke arrangement i samband med Språkåret, og då kjem gjerne folk seg ut meir. Det er ein god ting. Så lenge dei går heimatt med ein god ting òg. Som rett nok heilt umotivert deler ord, men som dønn motivert deler seng. Frå http://www.nrk.no/ytring/sprak_-sex-og-hat-1.11012479, publisert 03.05.2015

16


SakproSa

OPPGÅVER 1 Kva for sjanger meiner du denne teksten er? List opp kjenneteikn på sjanger. 2 Kva er Algrøy sitt hovudsynspunkt i denne teksten? Skriv ein kort tekst på om lag 100 ord der du gjer greie for dette. 3 Kva for appellform er mest tydeleg i teksten? Vis med eksempel. 4 Er du einig eller ueinig i at språkdebatten er humørlaus? Kvifor er det i så fall slik? 5 Kva for språklege verkemiddel finn du i denne teksten? Vis så mange eksempel som du kan finne. Kva for effekt har desse verkemidla?

6 Er rettskriving viktig? Skriv ein kort tekst på 250 ord der du bruker fagkunnskap til å drøfte verdien av rettskriving.

7 Skriv eit kåseri om ordeling/særskriving og andre språkfeil. Hugs ein fengande tittel.

17


#nynorsk er ei tekstsamling med gode samtidstekstar som er skreddarsydde for arbeid med nynorsk i undervisninga. Her finn du eit rikt og variert utval av mellom anna leksikontekstar, essay, noveller, romanutdrag, teikneseriar, blogginnlegg, songtekstar og lyrikk. Boka viser korleis nynorsken er ei levande målform, og passar for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål. • • • •

Breitt utval av samtidstekstar Varierte skriveoppgåver: tenkjeskriv, skriv kort, skriv langt Samanlikningsoppgåver og språklege oppgåver Minigrammatikk

#nynorsk er ei frittståande bok og kan brukast uavhengig av lærebok. Passar for Vg1, Vg2 og Vg3. www.fagbokforlaget.no

#nynorsk www.fagbokforlaget.no

Nynorsk antologi utdrag  
Nynorsk antologi utdrag