Intertekst vg1 utdrag

Page 44

2 TEKSTANE RUNDT OSS

vente. Dette kallar vi for sjangerbrot. Dersom du finn eit sjangerbrot i ein tekst, kan du gå ut frå at det har noko å seie for korleis du skal forstå og tolke teksten.

Episk dikting Gresk epos: ord, forteljing

p

Episk dikting er forteljingar. Med det meiner ein tekstar som har ein hovudperson og ein eller fleire bipersonar. Slike tekstar har også ein konflikt, altså ein situasjon som må få ei løysing. Konflikten og personane skaper handlinga i teksten. Episke tekstar kan vere meir eller mindre handlingsmetta. Nokre er stilleståande og skildrande, mens andre er actionfylte, som for eksempel krim, eventyr og fantasy. Romanen er ein episk sjanger som står sterkt i vår kultur. Dersom du har lese ein del romanar, så veit du at dei kan vere svært ulike i form. Ein roman kan ha mange eller få personar, gå føre seg over eit kort eller langt tidsrom, og han kan ha lite eller mykje handling. Novella er ein annan episk sjanger, men her er variasjonen mindre. Ei klassisk novelle har få personar og går over eit kort tidsrom. Vi finn gjerne eit vendepunkt i handlinga, altså eit punkt der handlinga tek ei ny retning. Deretter kjem oftast klimaks, det punktet i handlinga der spenninga blir utløyst. Slutten i ei klassisk novelle er open, slik at lesaren diktar vidare på ho i sitt eige hovud. Den amerikanske forfattaren Lorrie Moore har sagt det slik: Ei novelle er eit kjærleiksforhold, ein roman er eit ekteskap. Ei novelle er eit fotografi, ein roman er ein film. Kva meiner ho med det, trur du?

Dramatisk dikting Eit drama fortel ei forteljing, men gjer det hovudsakleg gjennom handling og replikkar. Eit drama kan komme i bokform, men det er skrive med framføringa for auge. Dette ser ein tydeleg i scenetilvisingane, der det står kva for rekvisittar som er med, kvar personane står i forhold til kvarandre, osv. Når vi ser teaterstykke, kan det ofte opplevast som om vi kikkar inn i huset eller livet til personane på scenen. Vi observerer handlinga mens ho skjer, her og no. Dette gjer ei teaterframføring til eit svært inntrykksfullt medium. Og det er derfor ei heilt anna oppleving å lese eit drama enn å sjå det framført. Gresk katharsis: I det klassiske dramaet er også målet at publikum skal leve seg inn i reinsing, endring handlinga og identifisere seg med skjebnen til personane. Ved å sjå oppføringa av stykket skulle ein gjennomgå ein katharsis eller ei reinsing.

42


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Intertekst vg1 utdrag by Fagbokforlaget - Issuu