Page 1

CARL JĂ“HAN JENSEN

U-

Historier om djevelskap

SAM L AGET roman


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 2


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 3

Carl Jóhan Jensen

UHistorier om djevelskap Roman Omsett frå færøysk av Lars Moa

Det Norske Samlaget Oslo 2010


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 4

© 2005 Forlaget Sprotin, Tórshavn Originaltittel: Ó – Søgur um djevulsskap © 2010 norsk utgåve: Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Asbjørn Jensen Printed in Norway Boka er sett i Samlaget med Adobe Garamond Papir: 80 g Munken Print Cream 1.5 Trykk og innbinding: AIT Otta AS ISBN 978-82-521-7081-8 Boka er gitt ut med støtte frå Nordisk Ministerråd


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 5

Forspel 1969 Bygda Bygda oppe i dalen er lita og vanskeleg å komme seg til. Rundt omkring er det høge fjell i alle retningar utanom ein, vest mot havet. Ikkje er det noe til veg heller, så ein kjem seg ikkje dit i bil og snautt nok til hest. Reiser du sjøvegen, er stranda høg og bratt som eit berg. Strømhardt er det der og ureint, sjeldan muleg å legge til, bortsett frå når vêret er det aller beste, når sjøen er roleg innmed land. Og her fins ingen ting. Verken vinter eller vår. Sommar eller haust. Heilt tomt. Heile året rundt fins det ingen ting oppe i denne djupe dalen anna enn langdryge dagar. Dagar i samforstand med Gud, med den tronge, ulidelege veremåten ute i småbygder. Dagar i samforstand med togna som temmer alt det som nyfikne, hat og menneskelegdom trår etter. Dagar i samforstand med havet som bryt mot land. Med grasmark og stein. Dagar i samforstand med vêret. Skiftingane. Med fjellskodda som henger seg nedover fjellsidene. Med dalskodda, godvêrsskodda, grautskodda. Dagar i samforstand med vindpusta som spreier skodda, med brisen enten han kjem frå havet eller frå land, og med kulingen og stormen innimellom. Dagar i samforstand med yret som går over i duskregn, til lett regn og til slutt blir regn. Drevregn. Silregn. Styrtregn. Dagen er den 17. juli 1969, og denne dagen er ikkje annleis enn andre sommardagar oppe i dalen. 5


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 6

Ikkje enda. Men til no har dette hendt: Tidleg i otta skya han opp i vest, og sidan har det styrtregna. Regna på klyngene av hus som står og kurar under svarte hamrar, stygge sva, bratter og urer. Einsformige hus. Misfarga. Noen med ark, karnapp og andre utbygg. Teigane oppover mot gjerda. Bakkane opp frå mørke skòrer. Dokkene. Dalsøkka. Alt er grønt. Frodig og skjørt. I augeblikket er det vått og mildt. Skodde dreg seg forsiktig oppover liene som reiser seg opp frå dalbotnen. Ikkje eitt strå rører seg. I sør er det likevel ei lita oppklarning. Somme stader ute på den breie fjorden glitrar det i sydande strøm. Mjølkebåten, som kjem to–tre gonger i veka og har legi utanfor i ein halvtime eller noe slikt, sig sørover langs landet. Dunkinga frå motoren henger seg opp i regnet. I stilla svell jorda. Trotnar. Elvane skummar. Kvar ei grøft flømmer over. Regnet silar ned. Ut gjennom eit vindauge i tunet straks ovanfor Rundingurin, det er nede ved Lágabø, høres nyheitene på radioen, og overalt der ein kan sette fot, er lyden av rennande vatn. Oppe i det øvste tunet sør for Dalsá, det heitte før «oppe ved Lia», men heiter no «oppe på Skúlin», smell regnet jamt og trutt mot det rusta taket på skolen, som er det nedste av husa der oppe. Det øvste huset heiter «i Kjøttbua» og er det eldste. Skolen er ein av dei skolane som vart bygde sist på attenhundretalet dei fleste stadene på øyane. Dei danske i Havn* sørgde for at desse skolane vart reiste. Dei gamle bygde dei mens dei beit tennene saman, fulle av lus og mindreverdskjensler. På loftet på skolen har læraren, frk. Flor, hatt tilhald i femogtjue år. * Daglegtale for Tórshavn, o.m.

6


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 7

Det droplar og dryp frå greinene på lønna som står i tunet mellom skolen og kjøttbua, som er den einaste butikken i bygda. Huset der kjøttbua er i kjellaren, er det andre huset som står på den tomta. Det første, som var gjort av norsk trevirke og i norsk stil, brann ned til grunnen julenatta i 1875. Det huset som no vises over mønet på skolen, stod frå først av i Havn. Ein engelsk konsul, Mr. Mazanti, bygde det først på attensekstitalet. Da konsulen i all hast reiste frå landet unna skam og skandale, kjøpte Dansk-Heine huset, kjøpmannen som da var i kjøttbua. Dansk-Heine lét konsulhuset rive, flytte vestover og sette opp igjen på branntuftene av det førre. Dette var eit stormannshus på den tida med tak av koppar og ark med utbygd tak (arka fekk noverande handelsmann den hendige Lars-Petur hjá Prikkinum til å snekre da han kom heim frå brystsjukehuset i Hoydalar, sør i Havn, sommaren 1923). No er huset i forfall. Det liknar dei andre husa i bygda. Det er spikra opp kassefjøler framfor vindauget i den vêrslitne arka, dei kunstferdig utskorne vindskiene er rotne, og spiret på mønet har brotna. Måla har det ikkje vorti på langsamelege tider, taket mosegrodd på sine stader eller grønt av eir. Kjøttbua eig Bænadikt oppe på Skúlin, Bænadikt Konradsen. Han arva henne etter Dansk-Heine, fosterfar sin, men dei jordiske leivningane hans har ròte og makk for lenge sidan gjort ende på. Dagen er som sagt den 17. juli 1969. Regnet silar ned. Det droplar og dryp frå greinene på lønna som står i tunet oppe på skolen. Dødsstilt er det. Det er liksom ei venting. Andelaus venting på noe. Men enda har ingen ting hendt. Det er fredag.

Forkynnaren Ein lågvaksen, nesten skrøpeleg mann i færøyhuve hinkar tvers over tunet oppe på Skúlin. 7


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 8

Av og til klirrar staven mot stein, piken. Mannen har ei lita reiseveske i handa og ein fiolinkasse hengande i ei reim over aksla. Rett som det er stoppar han opp, gløttar rundt seg, fort. Da han kjem fram til kjøttbua, stør han seg mot muren vendt mot lønna. Han korslegg hendene, står ei stund og bøyer hovudet, før han atter snur seg mot vindauget i kjøttbua. Det er Matthias.1 Matthias J. Danielsen, tidlegare lærar. For ei stund sidan kom han i land frå mjølkebåten. I meir enn seksti år har han ferdas omkring på øyane som ærendsgut for Herren, hans allvitande og veldige konge. Før var han uthaldande og sterk. Tydeleg og veltalande. No er ferdene få og røysta borte, tært bort. Bodskapen fer rundt i bygdene med lesarbreva han regelmessig sender avisene og skriv på gule, ulinjerte ark med skjelven gammalmannshand. Bakken frå Rundingurin opp mot Skúlin bratnar litt om senn og er ikkje tung. Likevel brukte Matthias lang tid på å vinne på

1

Denne Matthias J. Danielsen, forkynnar og forfattar, vart ifølgje kyrkjeboka for Suðurstreymoy sokn døypt i Havn kyrkje den 31. mai 1889 og er der skriven som Matthias Jochum Danielsson (men sjølv skreiv han seg som Matthias J. Danielsen). Foreldra hans var urmakaren Daniel Eydal, ætta frå Ísafjörður på Island, og fru Eleonora Floriana, fødd Lübeck. Matthias las ein kort tidbolk til prest ved universitetet i København, men slutta da faren døydde, og tok sidan lærarprøva på Færøyanes Lærarskole. Det var i 1915. Kort etter vart Matthias «omvend» og gjekk som ein seier «opp i karet» i salen hos Brødresamfunnet i Havn, Ebenezer. Det vart sagt at det var eit hardt slag for mora hans at sonen vende kyrkja ryggen, og formyndaren hans, morbroren C.E. Samuelsen, som seinare sat på tinget for Sambandspartiet, ville ugilde arveretten hans etter foreldra, så ille syntest han systersonen hadde sviki alt som rett var og heilagt. Urmakaren, som døydde i 1913 berre 49 år gammal, hadde sjølv innimellom halla mot Brødresamfunnet, men var undergjeven sterkt drikke og fall kvar gong ifrå. Han var «ufrelst» da han møtte sin daude på ein balubafest på Klubben.

8


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 9

bakken oppover og stoppa fleire gonger, lengst ved brua over Dalsá, og brukte lang tid på å kvile seg opp. Men det er ei spesiell glede i å bli utmatta, det må han sanne som så ofte før, i yngre år, på veg mellom bygdene etter fjellstiar og steinete kleiver. Over brua fór han i små, klossete hopp, for iblant flyt elva over kanten. På den andre sida av brua måtte han stoppe opp igjen. Han halla seg pesande ned på rekkverket og leita fram ein tonestubb i hovudet. Eit tema. Det var frå eit musikkverk av Teleman (dvs. Rondeau frå suite i E-moll). I sjuogførti år har dette enkle og nådefulle temaet knytt han til dalen og bygda. Som brennande greiner har tonane kalla sjela hans til samtale med Gud som få stader har vori han så skremmande nær som her på denne staden. Matthias elskar musikk. Spesielt musikk som i kvart strøk vender seg til forstanden, målbevisst og fast i harmoniske snuningar og vridingar. Musikk som skaper forstandig rørsle i hjernen, i kvar vinding, i kvar celle. Ei rørsle som langsamt skipar om årsak og verknad i organiske så vel som uorganiske faktorar til lysta tar tak i rommet og tilværet, tar kvar motbakke, kvar ørske, og krystalliserer seg til eit auge som ser mellom opphav og ende i lys, som om aldrar og æver kjenner sine verk. Ei lindring er det, så visst ei lindring. Men som han kjem inn i tunet og saktar gangen, vil melodien bli borte og tarmgassmertene gi seg til kjenne på nytt. Nådelaust. Han tåler smertene med same audmjukskap som han har funni seg i å miste stemma. Mennesket spår, Gud rår. Ein solstråle skin plutseleg gjennom regnet ned på tunet. Det dampar av steinsettinga. Matthias blir varm på ryggen. Han går tett inntil vindauget (vindauget er småsprossa og avrunda, utbygd som eit karnapp. Karmen tar nesten heile høgda på grunnmuren, som er mura av tilhoggen stein og rekk ovanfrå 9


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 10

langsyllen og nesten heilt ned. Knapt meir enn eit fingermål eller to mellom nedre kant på karmen og tunet). Han bøyer seg fram litt og myser. Halvlyst er det der inne. Han ser ikkje gjennom refleksane i rutene, som er som svarte, blanke auge. Ser berre fjeset på seg sjølv openberre seg i glaset, langt og rynkete, ruglete som eit skjel. Matthias legg handa over augebryna og skygger for lyset. Jarnkrokane på fjellstaven som heng i olbogekroken hans, slår mot glaset, klirr. Han rykker til med aksla, enda ein gong kjem krokane i ruta. Klinginga og gnislinga mot glaset tar han frå vindauget ut på tunet noen steg. Ei stund står den tidlegare læraren og glor opp mot huset som om han ventar at noen kvart augeblikk skal komme i eit av vindauga ovanpå, sjølv om han veit at der har ingen budd på mange, mange herrens år bortsett frå ein og annan sjeldan utlending som av og til legg vegen oppover dalen for å granske folkelivet i denne bortgjømte avkroken. Frk. Flor bruker å ta seg av dei, og sjølv bur ho også i huset no og da når det blir for kaldt om vinteren på skoleloftet (og dei siste vintrane har vori uvanleg kalde), eller når det blir lekkasje i det rusta taket som ho til fånyttes har prøvd å få bygderådet til å skifte. Matthias tenker med frysningar i kroppen på frk. Flor. Aldri har han tålt dette kvinnfolket. Sjølv det minste ymt om henne er vanskeleg for han enda, fyller sinnet hans med skuldingar, med mørkt hevd-forstands-bryderi (og enda veit han ikkje alt det som litt etter litt skal komme opp på overflata, har inga aning om at frk. Flor og livet hennes er tvinna saman med hans eige på ein måte som, viss han visste om det, utan tvil hadde forherda hjertet hans mot henne enda meir enn det alt er.// Frk. Flor er den eldste og einaste som lever enda av trillingar som ei pur ung og nesten stum jente vart gjort på veg med ein seinsommar først på tjuetalet, da mye rart gikk føre seg oppe i Dalurin.// Hendingar som også i høg grad kom forkynnaren ved, som framleis var lærar da og budde på skoleloftet.// 10


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 11

Minnet om desse hendingane skilte han i mange år frå rådvill gudstru, frå vakenettene da han kraup rundt på harde golv mens han ralla bønner igjen og igjen til knea blødde. Dei viste han vegen til fornuftsmessig tru og nåde. Såg ut til å skape han den syndsbevisstheita som han trudde for alltid kunne forløyse han frå det mørkret av gudløyse og tvil, dei vilkåra som samtida tilbyr.// Likevel var dette ei dyrekjøpt forløysing.// Dyrekjøpt til gagns.// Jenta var ein fremmend fugl.// Ho heitte Saloma, ætta frå ein eller annan stad på Austlandet i Island og enda i Færøyane mest på slump.// For sjuogførti år sidan, sommaren 1923, og helst utan å vite det sjølv, hadde ho kommi Matthias Danielsen så nær som ingen noen gong hadde gjort som levde og kunne fortelje om det før eller sidan). I det heile tatt har kontakten vori kjølig folkeleg mellom Matthias og frk. Flor sidan ho kom hit til bygda for å vere lærar for sjuogtjue år sidan. Sjølv vart han oppsagt frå lærarstillinga. Det var på tjuetalet. Etter kvart som misforholdet mellom bodskapen hans og truvedkjenninga vart meir synleg (han preika m.a. imot barnedåp), begynte fleire og fleire å klage på han, og endskapen vart uunngåeleg at skolestyret fekk tilsendt klage på han frå menneske med makt. Same klager tre år på rad. Kvar gong vart han formana, men ikkje sparka, for det var vanskeleg å bemanne stillingar i avbygda. Men til slutt vart han kalla til Havn på møte med skolestyreformannen, prost Engelknekt. Møtet mellom forkynnaren og prosten var i Havn dagen etter olsok 1927. Og som han står utanfor kjøttbua og glanar oppover husveggen, ser Matthias med skamblanda skrekk i hjertet Engelknekt drive rundt på golvet bakom det uformelege skrivebordet sitt. Liten og tjukk. Jo visst, jo visst, sukkar prosten i forkynnaren sitt minne og greier ut for han om framtida med auge som er raude og sure etter sviren kvelden før. Alle står sjølvsagt fritt til å tru etter sitt eige samvett, held han 11


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 12

fram, men klasserommet er no ingen møtesal, mann, og åtvaringane har De heller ikkje tatt til Dykk. Dessverre, dessverre. Han hadde ikkje noe val, sa skolestyreformannen. Minnet har eit skjær av bitterheit i seg av oppseiinga, peket, som vanekristen for-pult-nuft, sjølvgod og utvatna, meinte seg å ha gjort han, han Matthias J. Danielsen. Men det var tvert imot, denne djevelsdommen gjorde han fastare i trua. Men enda bitrare var det at skolestyret seinare (like etter at heimestyreloven vart gjeldande den 1. april 1949) tilsette frk. Flor i lærarstillinga, eit kvinnfolk som knapt nok trudde på Gud og ingen ting hadde lært bortsett frå handarbeid og det vesle av tysk som ho nådde å få med seg frå universitetet der nede i Danmark, før ho kom seg heim under merkelege omstende om våren i 1941. Men bitrast av alt var det at ingen klaga. Han har bedd og bedd, men får ikkje audmjuka hjertet sitt til å tilgi. Igjen og igjen vil han hugse frk. Flor for dette. Både dette og den andre styggedommen. Ein eller annan gong: – hemne misretten som hevd-forstanden sine barn ser på som rett. Men det blir som Gud vil. Det også tenker den tidlegare skolelæraren og minnes med ei aning misnøye i hjertet, som han veit er synd, alle desse åra han har undervist ungar i fiolinspel. Dei sendte han ungane sine som var sveltefôra på musikk. Dei fine i Havn og dei andre som apa etter dei i by liksom i bygd. Sendte dei til han til plage, til dårleg utkomme. Syntes at han måtte kunne oppgi ordet for å tene ved deires bord. Slik er den der for-muandenufta. Men det er lenge sidan dei begynte å bli færre, dei som gikk til speling hos han. Ungane. Dei med. Alt tar slutt. Ikkje ein einaste igjen og berre-pensjonen-den-almissa-å-flyte-på. – og Guds råd! Matthias lyttar spent, men ikkje eit livsteikn er å sjå i noe vind12


U-historier Ferdig.qxd:U-historier

03-02-10

13:11

Side 13

auge. Han sukkar, sukkar (av meir letnad enn han sjølv får ansa på grunn av lufta som er innestengt i tarmane), stikk handa inn under frakken og grev uret opp av bukselomma. Pitlar opp det fint siselerte lokket med naglen på peikefingeren. Det er eit ganske stort, kjedelaust ur, som faren hans, urmakaren Daniel Eydal, gjorde for femogsytti år sidan etter teikningar av ein berømt engelsk klokkemakar. Ikkje noe ur i landet går rettare. Klokka er fem minutt på halv eitt. Matthias ristar på hovudet slik som han ofte gjorde på møta, berre ørlite, men såpass mye at det ikkje unngikk noen at han mislikte eitkvart. Slik er denne bygda, tenker han idet han legg lokket på igjen og stikk uret i lomma på frakken. Enda like blind for Gud som før. Sjølv på denne dagen. Og han stig opp på dørsteinen. Steinen ruglar under foten. Det er som før. Han tar staven i den eine handa og tar i dørvridaren (for også døra er i engelsk stil med spiraldreidd vridar og fast handtak). Også den er den same. Eirgrøn på framsida. Kanten blank etter ættledd av hender. Kjølda i malmen spreier seg ut i handflata og gjer at han plutseleg blir var handa. Han slepper vridaren, brått. Fingrane er skinnmagre. Handbaken rynkete med store, samanvaksne leverflekkar. Synet får hjertet hans til å dunke hardare, fløkjer eit nett av spent uro rundt tankane hans. Kva gjer han her etter dette lange fråværet, to og eit halvt år, nesten? Her synes ingen ting å vere så ille som han hadde trudd. Alt med det gamle slik som da han kom hit for første gong for meir enn seksti år sidan. Burde han ikkje heller la Gud passe på denne bygda, når no menneska har fred seg imellom, sjølv om ormen deires ikkje dør og elden ikkje sloknar. 13

U-historier  

CARL JÓHAN JENSEN Historier om djevelskap SAM L AGET roman Carl Jóhan Jensen Roman Det Norske Samlaget Oslo 2010 Omsett frå færøysk av Lars...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you