Page 1


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 1


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

Gaute M. Sortland THE RISE AND FALL OF GØRAN TROVÅG Roman

Samlaget Oslo 2013

13:19

Side 3


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 5

GJENNOM SKOGEN

Gjennom skogen kjem det eit lyn. Det ristar og kvin i hjul og kjetting. Sand og grus sprutar til alle kantar. Kan det vere eit menneske som syklar så fort på desse smale stiane? Eller er det ei ørn? Nei, det er Stuart, tenkte Stuart og kjende korleis vinden brøla i øyra og lårmusklane tok til å verke. Han kunne ikkje halde dette tempoet særleg mykje lenger. Men litt til. Stod og trødde så tårene rann til alle kantar. Tårene fekk renne som dei ville, det var ikkje noko å gjere med det. Han sykla forbi ei dame med hund som skvatt til då han brått dukka opp i skogen, og ho sa noko, men han høyrde det ikkje for han var allereie forbi, og då han snudde seg og såg på ho, hadde ho heva armen i vêret og ropa eitt eller anna. Men han var alt rundt svingen, og der fekk ho seg nok ein støkk i livet. Når Stuart sykla så var ingen trygge, tenkte han, og solstrålane frå den låge kveldssola blinka mellom trea og trefte andletet hans, og han sette seg ned på setet og tørka tårene som rann overalt mens vegen flata ut og blei breiare og trea forsvann og han såg vatnet med stupetårnet og timeteren nedanfor seg. Det var nokon der nede. Som alltid. Nokre ungdommar som røykte og kasta steinar, pinnar og drit i vatnet. Han rende vidare i stor fart 5


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 6

gjennom skogen og trong ikkje trø. Over brua og ut på sykkelstien. Måtte begynne å trø igjen før han hoppa på fortauskanten som alltid og landa på asfalten. Trødde forbi turnhallen, ungdomsskulen og svømmehallen og det var rolegare no. Ingen tre som blafra forbi og ingen vind i andletet. Berre roleg trakking. Ingen bilar heller. Han sykla bort til hovudvegen og nedover mot byen. Forbi storkiosken der det stod nokon han gjekk på skulen med, men som han ikkje eigentleg kjende, og nokre andre som sikkert gjekk på Hasselbakken. Dei brøla og lo, og ein svær tjukkas som heitte Daniel, dytta ein han ikkje visste kva heitte, så han fall på baken akkurat idet han sykla forbi. Stuart måtte svinge unna, og ei jente med masse buttons på jakka skreik «Loser» til han og forma ein L med fingrane som ho sette til panna. Han sende ho eit slengkyss tilbake. Ho begynte å le, og han trødde opp den slake hellinga før han sette seg på setet igjen og rende rundt svingen der Eivind stod i krysset med sykkelen sin. Nett som avtalt. Han smilte og peika på klokka si, og Stuart vinka tilbake. Klokkene deira var synkroniserte.


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 7

BAK GYMSALEN

– Du er ein mann til å stole på, Eivind, sa Stuart, hoppa av sykkelen og stansa rett framfor Eivind. Eivind lo og fekk sykkelen sin til å steile. – Du er ein mann som kan klokka, og det set eg pris på. Ein må vere presis i denne verda. Eivind lo av dei merkelege orda hans, og kasta på den lyse luggen. – Kutt ut, din galning, sa han. – Eg er ikkje galen, Eivind, eg er genial, og det veit du. Stuart peika opp i lufta og såg galen ut. – Ja, men seriøst, Gøran. Kutt ut. Eivind lo igjen. – App-app-app, sa Stuart. – Gøran Trovåg er mitt offisielle namn – ja visst, men for deg og alle andre me kjenner, er og blir det Stuart frå no av. – Kva går denne planen din ut på, eigentleg? Stuart smilte til Eivind og la handa si rundt skuldra hans. – Det skal eg fortelje deg mens me går ned til sentrum, sa han og sleppte taket. Dei begynte å gå det siste stykket ned mot byen, mens dei trilla syklane ved sida av seg. Måkene flaug over hovuda deira som alltid i denne byen, og ein kald vind fortalde at vinteren ikkje hadde sleppt taket heilt endå. – Planen er …, sa Stuart, men Eivind braut han av. 7


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 8

– Eg trur forresten at eg får råd til elgitar etter bursdagen min, sa Eivind. Viss eg i tillegg vaskar bilen kvar laurdag. Ah! Det hadde vore feitt. Me må starte bandet vårt snart. Me får sikkert låne eit rom i Rockekjellaren. Dei har trommer der og alt. Då gjer det ingenting om du ikkje har utstyr, Stuart. Dei har alt der. Det er berre å hamre i veg. – Det er vel og bra, sa Stuart. – Men Jokki? Eg er skeptisk til han fyren der. – Jokki? Kvifor det? Han har spelt bass i fleire år allereie. Og han er vel grei nok. – Jo, jo. Han er kanskje det, men … eg kjenner han ikkje. Er han ein gentleman? – Om han er ein gentleman? Eivind himla med auga. – Kva søren betyr det eigentleg, Stuart? Du driv og spør om alle moglege folk er gentlemen. Veit du eigentleg sjølv kva det betyr? – Ja visst veit eg det. Du og eg er ekte gentlemen, Eivind. Og det er heilt avgjerande. Det gjer heile forskjellen. Og eg synest som sagt at det er det bandet vårt burde heite òg. The Gentlemen. Eit perfekt namn! – Det er jo eit heilt sjukt namn, Stuart. Det høyrest jo ut som me skal hoppe rundt i dress og slips, men det har du vel ikkje tenkt? – Me får sjå, me får sjå, svara Stuart. Eivind spytta på asfalten, og dei gjekk over vegen forbi bussterminalen utan eit ord. Først då dei kom til undergangen under hovudvegen, opna Stuart munnen igjen. – Men nok prat om bandet. Me blir sikkert einige 8


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 9

om det der, men du har ikkje fått høyre planen min endå. Det er store ting. Ja, me veit jo no kva som skjer bak gymsalen kvar fredag? – Ja, me såg jo det, svara Eivind. – Nettopp, sa Stuart og tenkte på operasjonen tidlegare på dagen. Då dei hadde spana på heile den ulovlege verksemda. Eivind og Stuart gjekk i 9. klasse, og dei hadde lenge høyrt rykte om kva som gjekk føre seg bak gymsalen etter siste time kvar fredag. Spritsal. Det var to gutar i 10. som hadde kvar sin gymbagg fylt opp med flasker. 96 prosent sprit, fylt på colaflasker. Det sterkaste som fanst. Heimebrent. Eivind hadde først nekta å bli med for å spionere. Han meinte dei begynte å bli for gamle for slike leikar, men det var ikkje berre det. – Dei er farlege, Stuart. Me kan ikkje spøke med dei typane der. Dei har knivar i baggane sine, og du veit at han der Jarle har knust kjeven på ein fyr? Det er fakta, det. Han låg på sjukehus og greier. Dei bryr seg ikkje om lærarar, politi eller noko. Og dei var verkeleg heilt sprø. Men Stuart hadde likevel fått overtalt Eivind, og då det ringde ut etter siste time, var dei klare. Sekkane var pakka, og jakkene hadde dei på seg, allereie før læraren hadde sagt det var greitt. Og så snart det ringde ut, la dei på sprang, ut gjennom korridoren, opp trappa og ut døra til fridommen. Lukta av helg og ein stor, open skuleplass til å styrte over, og så over vegen det raskaste dei kunne, mens dei høyrde korleis dørene blei slått opp bak dei og alle dei andre elevane strøymde ut av skulen som ville hundar, tenkte Stuart. 9


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 10

Dei sprang forbi gymsalen der dei var i skjul for skulegarden, og sneik seg langs veggen på nordsida. Heilt seint og stille no. Sneik seg fram og krabba det siste stykket gjennom gras og buskar til dei låg perfekt i skjul, med god utsikt til baksida av bygget. Og der stod allereie Jarle og kompisen hans og røykte. Stuart tenkte på kor bra det var at dei hadde krabba det siste stykket. Sjølvsagt var dei der alt. Dei var der verkeleg. Det stemte! Dei hadde vel skulka? Det hadde han ikkje tenkt på eingong, men sjølvsagt gjorde dei det. Eivind viste hendene sine til Stuart inne i busken. Dei var fulle av jord og gras og skit. Stuart såg på sine eigne òg. Dei var like skitne. Han hadde ikkje eingong merka det. Dei flirte til kvarandre og kjende korleis hjartet hamra. For no kom dei første kundane. Stuart høyrde Eivind banne lågt ved sida av seg, og såg samstundes ein moped som kom fresande over alle fotballbanane frå den vidaregåande skulen, i retning gymsalen deira. Dette blei heftigare enn dei hadde trudd. Det var likevel ikkje han som kom frå vidaregåande, som var det villaste, tenkte Stuart. Det var alle dei andre som såg heilt vanlege ut. Fotballgutar, nerdar, og dei eldre jentene, som var så fine at det gjorde vondt å sjå på dei. Alle kom dei med ein setel som dei stakk i neven på Jarle eller kompisen hans, og fekk ei flaske med noko blankt i tilbake. Dei fleste var raske med å pakke flaskene sine godt ned i sekken og forsvinne, men nokre blei berre ståande der heilt openlyst og røyke og prate med kvarandre. Stuart la merke til at det stod ei jente ved sida av kompisen til Jarle, og plutseleg begynte dei å kline. Skikkeleg. Dei andre såg ikkje ut til å ense det 10


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 11

eingong, men Stuart høyrde Eivind banne lågt ved sida av seg igjen. Han såg på Eivind, og dei begynte å hikste og le mens dei pressa hendene sine framfor munnen. – Korleis skjedde det? kviskra Eivind. Kvifor vil ho kline med han sjuke fyren der? Stuart berre rista på hovudet. – Kanskje for å få sprit, kviskra han tilbake. – Er ho ei hore, då? – Eg veit ikkje, svara Stuart. – Men no må me stikke, sa Stuart og peika med tommelen bak seg. Han tok eit siste blikk på spritseljarane nedanfor dei. Kompisen til Jarle og ho dama stod lente inntil veggen og gnei seg mot kvarandre og klinte, mens dei andre stod og røykte og prata som før. Merkeleg. Her var det heilt klart ein del han ikkje forstod, tenkte Stuart. Men no var det langt på ettermiddag, og dei var snart nede i sentrum mens Stuart fortalde om planen sin. – Eg har mistanke om at spriten som dei sel, blir laga i ei hytte nede ved sjøen. På Sørøya. Eit lite hus som eg ein gong har sett med eigne auge. Det er mogleg at spriten ikkje blir laga her i landet, men smugla sjøvegen og tatt imot av den gamle fyren som bur i hytta. Mistanken har eg fordi eg såg Jarle i det strøket der ein gong eg var ute og sykla. Han var åleine, og han sneik seg på ein måte vekk derifrå, mens han såg seg rundt til alle kantar. Han oppførte seg rett og slett mistenkeleg, og han hadde gymbaggen med seg. – Hæ, sa Eivind. – Kvifor var du ute på Sørøya? Når er det du driv og syklar rundt utan meg, eigentleg? 11


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 12

– Nei, det var no ein kveld eg hadde drukke for mykje kaffi til at eg klara å sove. – Kaffi? Når begynte du å … ja, ja. Men er det ikkje berre mekanisk verkstad ute på Sørøya, då? – Jo, nesten. Og så ein del gamle hus, og masse høge gjerde med piggtråd på toppen. Og eg tenkte me skulle ta oss ein tur ut dit no. Eivind heva kort på skuldrene, spytta på asfalten og sa: – Ok. Før han kasta seg opp på sykkelsetet. Stuart gjorde det same med sin gamle sykkel. – Det er enormt som du spyttar, forresten, ropa Stuart. – Slikt skal ikkje ein gentleman gjere. Dei lo og Stuart trødde forbi Eivind og ropa: – Følg etter meg! Og han sette opp farten og sykla i eit svimlande tempo ned igjennom dei kveldsstille sentrumsgatene. Opp på fortau og hoppa ned frå fortauskantar. Inn i gågata der dei køyrde slalåm mellom søppelspann, lyktestolpar, reklameskilt og eitt og anna menneske som rusla kveldstur. Eivind følgde like bak, og dei tok brått til høgre og sykla rett fram og over vegen og opp på brua. Det gjekk bratt oppover, og dei såg sundet nedanfor. Sundet som strekte seg heile vegen forbi byen. Og då dei nådde det høgaste punktet på brua, såg dei heile solnedgangen i vest som farga himmelen i dei villaste fargar og langt der ute på oljeplattformene jobba far til Stuart når han ikkje var heime, og måkene flaug over hovuda deira og det var kaldt i trekken der midt oppå brua og dei rende ned den lange bratte bakken på brua og vidare den korte vegen ned til sjøen og hytta.


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 13

EI TID FOR ALT

– Nei, dette gidd me ikkje lenger, sa Eivind. – Det blir for dumt. Dei låg på ei lita høgd eit stykke frå og såg ned på det litle huset ved sjøen. Stuart var einig. Her skjedde ingenting, og det var altfor kaldt. – Du kan jo bli med heim til meg, sa Eivind. – Sidan det er fredag, får eg sikkert mamma til å lage kakao for oss. – Kakao, seier du? sa Stuart og låg framleis urørleg og hakka tenner. – Ja, og kanskje ostesmørbrød? Stuart kjende korleis det begynte å knirke i magen. Dei reiste seg, men akkurat då skjedde noko som fekk dei til å kaste seg ned igjen og klemme seg mot gras og lyng. Døra til hytta gjekk opp med eit smell, og ein eldre mann kom ut. Han lèt døra stå open og blei ståande utanfor med ryggen til dei og sjå ned på sjøen. Dei høyrde han hoste og harke og såg han spytte ei feit klyse på bakken, før han trekte opp ein røykpakke og tende seg ein. Dei kjende røyklukta heilt opp til der dei låg. Så snudde mannen seg mot dei så dei såg andletet hans, før han gjekk inn i huset igjen og lukka døra bak seg. Stuart og Eivind blei liggande ei stund. Men alt var stille. Stuart reiste seg. 13


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 14

– Der fekk me sett spritbrennaren vår, ja. Og det var like før han fekk sett oss òg, men no trur eg me treng litt av den maten du snakka om. Det finst grenser for kor mykje spenning det er verdt å utsette seg for på ein dag. – Sant nok. Og det blir heller ikkje meir spenning i helga, eg skal til besteforeldra mine i morgon. – Å. Må du? sa Stuart og blei stille. Dei gjekk ned til syklane sine. Stuart fraus på hendene, og det svei i huda då han skulle opne låsen. Han håpte det snart ville bli litt varmare. – Men eg kjem tilbake igjen på søndag. Me kan jo stikke ein tur ut då? sa Eivind. – Kan me vel, sa Stuart. – Eg held vel ut til søndag. Berre nok ei elendig helg åleine i byen. Det har eg opplevd før. Eg kan nytte tida til å legge strategiske planar. Null problem, det. Men du skal vite det, Eivind, det blir eit hekkan å vere den einaste gentlemannen i byen. Det var inga mor heime hos Eivind, men det var heldigvis ein far. Og han laga meir enn gjerne noko som smaka kakao, og noko som smaka som ostesmørbrød. Eivind og Stuart såg ein film på tv, og mens dei åt, blei kvelden mørk utanfor. Etter ei stund begynte far til Eivind å sløkke lysa i stova og på kjøkenet. Og han kremta ein heil del. – Eg trur eg må legge meg, sa Eivind til Stuart. – Ok, sa Stuart og reiste seg sakte frå sofaen. Gjekk ut i gangen og knytte skoa. Tok på seg jakka og skjerfet og tenkte etter om han hadde på seg lue då han kom. Han hugsa ikkje, men såg ingen som likna på sine eigne i gangen. Då hadde han vel ikkje det? 14


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 15

– Ha det, ropa han frå gangen. – Ha det, snakkast på søndag, svara Eivind der innefrå ein plass. – Ja! Stuart blei ståande endå ei stund i gangen. Så opna han døra og gjekk ut i mørket, der han visste at alle verdas uvesen låg på lur og venta på han. Små djevlar, psykiatriske pasientar og ville narkomane med skitne sprøytespissar. Han måtte slutte med mørkeredsle no, tenkte han. Det kledde ikkje ein gentleman som han å sykle heim så fort han kunne med vidopne auge.


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 16

MØRKT OG KALDT

Stuart sykla i full fart heilt fram til ytterdøra, bråbremsa, hoppa av og låste sykkelen. Han reiv opp ytterdøra, men så stansa han. Ein heil haug med stemmer blanda seg saman og nådde ned til han. Folk lo og prata oppe i stova. Det var sko og jakker overalt, og det lukta parfyme. Han gjekk inn på do og drakk store slurkar frå vasken. Eg gidd ikkje gå inn, tenkte han. Ikkje endå. Kanskje går dei snart til byen eller noko? Det har skjedd før. Eg kan legge planar i hytta i skogen så lenge. Han gjekk innover i skogen bak huset og tenkte at det var merkeleg at mørket her ikkje gjorde han redd. Det var mørkt som i ein sekk, men etter kvart som han gjekk, vande auga seg til mørket og han kunne sjå alle tre og steinar som han gjekk forbi, og så var han ved hytta. Klatra opp i treet, opna luka og heiste seg ned på golvet. Han tende talglysa som stod på hylla, og såg korleis det gule lyset fylte rommet. Veggane var tjukke og gode, og det låg teppe på golvet. Det var fint, tenkte Stuart. Me laga ei god hytte, sjølv om me ikkje brukar ho så mykje lenger no. Det gjekk an å bu der. I fjor sommar hadde han og Eivind sove der ei natt. Gjekk det an no? Kanskje blei det kaldt, men stearinlysa varma vel litt? Best eg breier over meg teppa som ligg 16


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 17

her, tenkte Stuart. Det ville vore for dumt å bli forkjølt no. Når me har begynt å få oversikt over spritseljarane sine bevegelsar. – Ein etterforskar søv aldri, sa han høgt til seg sjølv. Det var rart å høyre stemma si heilt åleine i hytta, men kvifor ikkje snakke høgt? Det var likevel ingen som høyrde han her. – Eg er hjernen bak aksjonen, fortsette han. – Eivind har så mykje anna å tenke på, han. Han er ein handlingas mann, ein fotballspelar, mens eg sjølv alltid har vore best utan ball. Ein som står bak og trekker i trådane. Slik er eg. Han høyrde etter, men det var stilt i skogen, stilt utanfor hytta. – På ein måte er det finare her inne enn på rommet mitt. Betre stemning, liksom. Sjølv om eg har alle tinga mine på rommet. Pc-en, som eg burde hatt når eg legg planar for korleis me kan komme oss inn i brennarhytta, til dømes. Han kom til å tenke på at det kanskje låg nokon kart på nettet som han kunne skrive ut og nytte som utgangspunkt for planane. Eller eit flyfotografi eller satellittbilete frå Google? – Ja! Det må eg skaffe. Men han kunne berre gløyme pc-en i kveld. – Eg gidd ikkje å komme heim før dei legg seg. Dei er så teite på denne tida av døgnet, og dei merkar ikkje om eg kjem heim eller ikkje uansett. Han fann fram notatblokka og kulepennen som låg på hylla, og begynte å teikne opp området rundt hytta slik han hugsa det, men det var ikkje lett, og etter ei stund reiv han teikninga ut av notatboka og stakk 17


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 18

enden av arket borttil stearinlyset, slik at det tok fyr. Han la arket på den gamle tallerkenen som var fylt med oske frå før, og heile arket brann opp. Det blei ingen bevis igjen, tenkte Stuart og varma hendene sine på flammen. Ein stad hadde han lese at amerikanarane hadde funne ein teknikk for å lese brent papir, så eigentleg burde han ete opp oska for å vere heilt sikker, men han bestemte seg for at det fekk halde. Sjølv om han og Eivind hadde prøvd det før. Den tørre smaken i kjeften. Stuart vakna og fraus. Nakken var stiv og nattekulda sat i veggane og han såg at det kom kvite røykskyer ut munnen når han pusta. Sånn har uteliggarane det, tenkte han. Gjennom gliper og sprekkar i veggane seiv lyset inn i hytta. Talglysa hadde brunne ned, og talgen hadde runne ut over hylla. Stuart reiste seg sakte opp og hutra, løfta takluka og stakk hovudet opp. Ein tjukk, mjølkefarga dis hang over skogen, og det måtte vere svært tidleg på morgonen. Han geispa og heiste seg opp på taket, klatra ned treet og gjekk heim. Det var stille i huset, og han la seg i senga si og blei så varm og god at han måtte le. Dyner er tingen, tenkte han og sovna, og mens han sov, drøymde han ein fantastisk draum om at han var så liten at han kunne gøyme seg i ei fyrstikkeske, men få normal storleik igjen viss han ville. Det var nokon som jaga han i heile draumen, men dei fekk ikkje tak i han same kva. – Hallo, sa Stuart og sette seg ned ved kjøkenbordet. 18


The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia

24-06-13

13:19

Side 19

Far hans geispa og såg trøytt ut. Han sende Stuart brødkorga, før han sette seg til å stire i kaffikoppen. – De må slutte å drikke så mykje alkohol. Eg er framleis berre eit barn og kan ta skade av det, fortsette Stuart og smurde seg ei skive. – Gøran då, sa far hans og sukka. – Me hadde jo selskap. Når kom du eigentleg heim? – Eg kom ikkje heim, svara Stuart og sette tennene i skiva. Far hans berre rista på hovudet.

The rise and fall of Gøran Trovåg  

Ungdomsroman om unggutar på leit. Av Gaute M. Sortland

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you