Page 1


© 2011 Det Norske Samlaget © 2010 Karin Holmberg og Natur & Kultur, Stockholm

Opphavleg tittel: Karins broderier Redaktør: Eva Kruk

Foto: Karin Björkquist

Grafisk form: Victoria Bergmark Omslag: Pernille Wille Våge

Omsetjing til nynorsk: Aud Søyland Repro: Turbin, Västerås

Trykk og innbinding: AIT Otta AS ISBN 978-82-521-7888-3


Karin Holmberg

Stilige

sting

Samlaget


INNHaLd

Forord 9 Landskapssaumar 12 Forklaringar 17 Handkle Delsboblome 19, Handkle Kortstokk 19, Handkle Kvit ranke 20, Forkle Kjøkkenhage 23, Gryteklutar Roser og tulipanar 24, Tehette og bordbrikker Blekingeblomar 28, Hettejakke Bondejente 31, Hettejakke Bondegut 32, Tights Paradis 32, T-skjorte Andre sida av Leksand 34, T-skjorte Porselensblomar 37, T-skjorte Bukett 38, Joggebukse Lita tuve 38, T-skjorte Vesle hjarte 40, Babybody og babylue Ringblome 43, Truser Karamellar 44, Undertøysett Delsborose 47, Strømper Fröken Fräken 47, Pulsvantar Folklore 48, Pute Sydd av meg 51, Pute Praktfull 52, Pute Hage frå Österlen 55, Duk Moderne svartsaum 56, Duk Rosa krans 58, Duk Tradisjonell svartsaum 58, Putevar You can have it all 63, Putevar To hjarte 64, Lampeskjerm Linnea 67, Veggbilete Turtelduer 68, Nålepute Treet 70, Poseveske Peon 70, Pennal Kjærleiken 72, Liten pose Rosa nellikar 73, Pung Nishin 74, Handlebag Brita-Kajsa resikulert 77, Vottar Vinternyper 78, Boktrekk Skånefugl 81

Materiale 82 Reiskapar 85 Overføring av mønster 86 Teknikk og stell 88 Broderiskule 90 Mønsterark 95 Takk, adresser og kjelder 122 Register 125


8


FOrOrd Folkekunsttekstilar, folkedrakter og den rike tradisjonen med brodering som finst i Sverige, har lenge vore den fremste inspirasjonskjelda for meg. Måten ein før i tida kombinerte sterke fargar og fantasifulle mønster på ein ofte eigenrådig måte, er fascinerande og iblant litt overraskande. Alt var ikkje grått vadmål, i staden la folk ned både tid og arbeid i å utsmykke kvardagsgjenstandane sine. Det seier vel noko om det behovet vi menneske har for å vere kreative? Broderi er ein måte å gjere tekstilar i heimen og klede meir personlege, og dessutan er det ganske lett tilgjengeleg. Du treng i utgangspunktet berre nål og tråd for å setje i gang, dermed kan du sy på det meste. Broderiet er òg lett å ta med seg: Du kan sy på toget, på kafé eller hos venner. Denne boka er først og fremst tenkt som ei inspirasjonskjelde. Vil du lage mønstera akkurat slik dei ser ut her, finn du mønsterark bak i boka. Eg har valt ut åtte klassiske landskapsbroderi, og viser korleis dei kan gjerast på tradisjonell vis eller utviklast på nye måtar. Håpet mitt er at du både skal oppdage den tekstilskatten som desse gamle broderia utgjer, og bli inspirert til å lage dine eigne tolkingar av dei. Så ta fram nåla og set i gang med å brodere! Karin

9


bo s l e D

10

anundsjรถsaum


B

lek

ing

es

au

m

m u a

s 책 p

Hall ands saum 11


LaNdskapssaumar

Alle broderiteknikkar eg bruker i denne boka, har opphav i gamle svenske folkekunsttekstilar. Oftast veit vi ikkje akkurat når ein spesiell teknikk vart teken i bruk, eller kven som sydde han først, men truleg begynte det med at dei prøvde å herme etter eksklusive vovne damaskstoff. Seinare lånte dei mønster og malar av kvarandre mellom gardane. Med tida vart visse broderi omtykte og særprega for ulike delar av landet. Järvsösaumen var ein måte for bondekvinnene å vise både sin eigen handverksdugleik og den finansielle statusen til garden. For å vise kva garden var god for, hadde dei ei eller fleire senger som var oppreidde med rikt dekorerte sengeklede, og som berre stod til utstilling. Dei broderte på pyntehandkle og putetrekk med kjøpt, raudfarga bomullsgarn. Ein del av garntypane var ikkje ekte «tyrkisk raudt», og har bleikna med åra slik at dei no ser nesten rosa ut. Motiva er ulike slag blomar, meir eller mindre stiliserte. Teknikkane er einsidig plattsaum og stilkesting (kontursting). Det som pregar järvsösaumen, er dei karakteristiske «duskane» som ein syr med fire eller fem sting. I bøker kan ein iblant sjå at stilen blir kalla nettopp «dusksaum» (sv. tofssöm). Det går ganske fort og lett å sy järvsösaum. Det kan vere lurt å feste ned dei lange stinga i blomane med små sting. Då ligg broderiet betre på plass. Delsbosaumen minner om järvsösaum, men har eit litt anna mønsterbilete. Motiva er oftast blomar og blad, men dei er rundare enn dei litt meir sprikjande formene til järvsösaumen. Også delsbosaumen blir sydd med raudt bomullsgarn og einsidig plattsaum. Her er det vanleg at ein festar ned stinga med ein krans av stilkesting rundt midten av blomen. Mønstera vart ofte streka opp ved hjelp av utskorne malar i papir eller never, som gjekk i arv og vart brukte av mange broderande kvinner. Det kan forklare kvifor mange broderi er så like og stiliserte innanfor ein viss region. Anundsjösaum er den einaste teknikken som er knytt til ein spesiell person, nemleg Brita-Kajsa Karlsdotter. Ho levde i Ångermanland på 1800-talet og begynte å brodere då ho var godt oppi åra, noko som skal vere grunnen til 12


den litt skjelvande og sjarmerande broderistilen. Det blir sagt at ho alltid bad barna og barnebarna træ nålene hennar når dei var på besøk, slik at ho kunne halde fram med å brodere når dei var gått. Motiva var også her raude blomar med tynne stilkar og flika blad, som fekk sin spesielle utsjånad av at ho festa ned det lange stinget med eit lite sting på skrå. Eit drag som går att, er at ho broderte inn initialane sine: BKD, årstal og bokstavane ÄRTHG, som står for ÄRan TillHör Gud. Også anundsjösaum går det ganske fort å sy, og ein treng ikkje vere så nøye med at det skal bli akkurat like lange sting. At blada sprikjer, er jo ein del av sjarmen! Hallandssaum finn vi oftast på putetrekk eller putevar. Dei er berre broderte på den eine kortsida, ettersom det var den som viste ut mot rommet. Mønstera skil seg ganske mykje frå dei andre saumtypane. Hallandssaumen har eit mykje meir stilisert og geometrisk formspråk. Det består av sirklar, triangel, stjerner og hjarteformer, som iblant blir komponerte i hop til blomar og eit slags livstre. Noko anna som skil seg ut, er gitterverka som fyller formene. Dei syr ein gjennom å spenne opp trådar til eit nett, anten trådrett eller diagonalt, som ein etterpå festar ned med ulike sortar sting. Konturane skjuler ein vakkert med kjedesting eller stilkesting. Einsidig plattsaum finst òg, men det er vanlegare at ein dekkjer større flater med kryssesting (heksesting). Dersom også dei stinga blir for lange, kan dei festast ned med kjedeeller stilkesting. Ein bruker oftast raudt og blått bomullsgarn. Berre gjennom å kombinere desse to fargane med ulike gitterverk kan ein få ein nesten uendeleg variasjon i broderiet. Hallandssaum krev rett nok at ein er svært nøye, men ein kjem snart inn i det, og eg synest at det kan vere ganske avslappande å berre sitje og fylle sirklar med ulike sting. Blekingesaum har drag av mange andre landskapssaumar. Den kombinerer einsidig plattsaum, sjattersaum (ofte med to nyansar av garn samantvinna for å få endå meir skiftingar), gitterverk, stilkesting og franske knutar. Motiva er blomar, blomekorger, fuglar, stiliserte menneske og liknande. Saumen blir sydd med bomullsgarn i ulike blå og rosa nyansar. Broderia vart ofte utførte på handkle som ein hengde opp i stova til fest, og kunne då førestelle scener frå Bibelen. Men om ein ikkje er så religiøs av seg, er blekingesaum verkeleg ein sjanse til å ta fram dei mest romantiske sidene i seg og ause på med rosa blomar i mengder.

13


Påsaum er ein dobbeltsidig plattsaum, sydd med ullgarn (ofte kalla «Zephyrgarn», eit ganske mjukt og lode ullgarn i sterke, klare fargar), som i utgangspunktet berre finst på folkedraktene frå Floda i Dalarna. Iblant blir det derfor kalla for Dala-Floda-broderi. Mønsteret består av eit vell av blomar og blad, alt frå naturtru fiolar til fantasiroser. Nokre kvinner i Floda broderte tydeleg heilt fritt, med inspirasjon frå naturen omkring, men mange nytta seg av malar. Ein byrja alltid med dei største blomane, som vart plasserte på lua, jakka og skjørtefalden, og så fylte ein på med blad og mindre blomar. Namnet kjem av at ein sa at ein «sauma på», det vil seie sydde på noko. Fleire kvinner i Floda var så flinke til å brodere at dei kunne livnære seg av å sy og selje arbeida sine. Eg prøver å ikkje favorisere ulike broderiteknikkar, men dette er nok likevel den som eg synest er artigast og gir vakrast resultat. Dessverre gjer det ganske tjukke ullgarnet at teknikken nesten berre passar til klede og ei og anna pute ... Skånsk ullbroderi syr ein òg med ullgarn på vadmål eller klede, men det skil seg frå påsaumen på fleire måtar. Det er ofte sydd med eit garn som er hardare tvinna, noko som gir eit litt grovare uttrykk. Fargeskalaen held seg til raudt, grønt, mørkblått, kvitt og oker. Religiøse motiv er vanleg, særleg Adam og Eva i paradiset, med herleg naivistiske menneske og fullt av vekstar og fantasidyr som fyller opp alt tomrom. I folkekunsten talar ein om ein redsel for tomrom, og det skånske broderiet er eit bra eksempel på dette. Særleg vanleg var det at ein broderte på køyreteppe og puter. Broderiet har både motiv og fargeskala felles med mattene som blir kalla «röllakansvevnader», truleg broderte ein med garnrestar frå vevnadene. Det finst òg broderi som heilt er bygde opp av geometriske former, som stjerner og rombar, og som dermed i endå større grad liknar vevnader. Saumteknikkane er plattsaum, stilkesting, kjedesting (som ofte blir brukte for å fylle store flater) og tvistsaum. Om ein, slik som eg, elskar blomemønster med mange detaljar, er dette ein type saum som det er veldig moro å brodere. Og sidan kjedestinga fyller ei flate bra, tek det ikkje så lang tid som ein kanskje trur. Svartsaum har sitt opphav i hoffdrakter frå kontinentet, der det blir kalla Blackwork, Spanish stitch eller Holbein stitch (etter kunstnaren Hans Holbein d.y., som dyktig måla svartsaumen i kongeportrett). I Sverige finst det mest på halstørkle til folkedrakter frå Leksand, Åhl og Gagnef i 14


Dalarna. Svartsaum er ein kombinasjon av kross-sting, plattsaum og attersting som ein syr med svart silke på fin teljelin. I og med at ein reknar trådar når ein broderer, får ein svært eksakte geometriske mønsterformer. Det krev med andre ord både bra syn og ein engels tolmod, men eg synest det er moro å gjere slikt klosterarbeid ein gong imellom, som ei avveksling. Du kan dessutan eksperimentere meir fritt om du vil, og lage riktig moderne, grafiske broderi med denne teknikken.

15


16


Forklaringar

17


18


HaNdkLe «deLsbObLOme» Sjølve broderiet treng ikkje alltid vere så stort. Her er det berre ein liten delsboblome som får pryde handkleet. Teknikk: Materiale:

Mønster:

delsbosaum 9 raudt perlegarn eller moulinégarn 9 kvitt lintøy, ca. 49 x 64 cm, eller eit ferdigsydd kvitt kjøkkenhandkle i lin, ca. 45 x 60 cm 9 bomullsband til opphenging 9 ev. blondeband Sjå side 95.

Gjer slik: Brett inn kantane rundt og fald tøyet for hand eller på maskin (eller bruk eit ferdigsydd handkle). Sy eventuelt på eit blondeband. Sy fast eit bomullsband til opphenging. Marker midten på handkleet. Før over mønsteret og broder einsidig plattsaum og stilkesting. Bruk ein tråd perlegarn eller tre trådar moulinégarn. Fest alle trådar og stryk handkleet slik at det blir glatt. HaNdkLe «kOrtstOkk» Dei geometriske mønstera i hallandssaumen inspirerte meg til å lage eit kjøkkenhandkle med spelkortmotiv. Bruk han som bakeklede og legg ein kabal mens deigen eser! Teknikk: Materiale:

Mønster:

hallandssaum 9 raudt og svart lingarn 16/2 9 kvitt lerret, ca. 49 x 64 cm, eller eit ferdigsydd kvitt kjøkkenhandkle i bomull, ca. 45 x 60 cm 9 bomullsband til opphenging Sjå side 94.

19


Gjer slik: Brett inn kantane rundt, og fald tøyet for hand eller på maskin (eller bruk eit ferdigsydd handkle). Før over mønsteret og broder med hallandssaum. Det skal vere ulike typar gitterverk i spelkorta og attersting i konturane. HaNdkLe «kvIt raNke» Sjølv om järvsösaum vanlegvis blir sydd med raudt garn på kvitt tøy, treng han ikkje alltid sjå slik ut. Ein kan få spennande effektar berre gjennom å byte om på fargane! Dette handkleet er dessutan sydd med eit bomullsgarn som eigentleg ikkje er berekna til broderi, noko som gir eit litt meir sprikjande inntrykk enn vanleg. Teknikk: Materiale: Mønster:

järvsösaum 9 kvitt bomullsgarn 8/2 9 raudt lerret, ca. 49 x 64 cm, eller eit ferdigsydd raudt kjøkkenhandkle i bomull, ca. 45 x 60 cm Sjå side 95.

Gjer slik: Brett inn kantane rundt og fald tøyet for hand eller på maskin (eller bruk eit ferdigsydd handkle). Strek opp ei bølgjeforma linje på handkleet. Før over järvsöblomar frå mønstersidene og plasser dei der du synest dei passar. Strek opp små stilkar her og der. Broder med einsidig plattsaum og fyll på med dusksaum, som blir blad på stilkane.


21


22


FOrkLe «kjøkkeNHage» Er ein heldig og finn eit fint forkle på loppemarknad eller på mormors loft, og det dessutan er heilt udekorert, er det berre å gå laus på det med nål og tråd og gjere det til sitt eige. Rit opp rundingane etter glas, koppar, telys ... alt etter kva slags storleik du vil ha på det ferdige broderiet. Teknikk: Materiale: Mønster:

hallandssaum 9 eit kvitt forkle i bomull 9 raudt eller blått brodergarn Sjå side 96.

Gjer slik: Strek opp rundingar, hjarte og liknande former som du synest er fine, med blyant eller merkjepenn. Set fast broderramma og ver nøye med å strekkje tøyet jamt og godt. Sy gitterverk i ein eller to fargar med to trådar. Varier gjerne med ulike sting og kantsaumar på forkleet. Lag så mykje eller lite broderi som du synest passar.

23

Stilige sting  

Handverk, broderi, saum

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you