Issuu on Google+

Annemor Sundbø

I den vakre praktboka Norske vottar og vantar blir tradisjonelle norske votte- og vantemønster presenterte på lettfatteleg vis for nye og gamle strikkarar. Annemor Sundbø har valt ut 29 klassiske figurmotiv frå norsk handverkshistorie. I tillegg til dyremønstra viser den prislønte strikkeforfattaren også korleis du kan bruke mønster med figurar og border, på til dømes luer og puter, og gir deg dermed eit skattkammer å hente inspirasjon frå. Boka er ein naturleg oppfølgjar til kjempesuksessen Selbuvotten (2009), der forfattaren bidrog med over halvparten av vottemodellane. La deg inspirere til å ta strikkepinnane fatt!

Norske vottar og vantar

Ein dag i 1983 fekk Annemor Sundbø (f. 1949) ein heil sjoddifabrikk med om lag 1000 ulike vottar i hendene. Dette var starten på eit liv i virke for norsk, klassisk tradisjonshandverk. Forfattaren kjem frå Kristiansand, og har fått fleire prisar for si kulturformidling. Ho er utdanna kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar, og har gitt ut fleire strikkebøker.

ISBN 978-82-521-7772-5

Samlaget.no

ANNEMOR S UNDBØ

Norske vottar og vantar Dyremønster og andre figurar frå norsk strikkearv


ANNEMOR S UNDBØ

Norske vottar og vantar dyremønster og andre figurar frå norsk strikkearv

samlaget oslo


Innhald 7 FORORD 17 GRUNNTEKNIKKAR 27 OPPSKRIFTER 29 Damevott med liljer 33 Barnevott med reinsdyr 36 Hund i hjarte 411 Lykkepar 45 Tryggleiksvott 48 Fugl i glugge 53 Elgen og verdstreet 57 Kongen i skogen 60 Fuglevott i fargar 65 Ungmøya og draumen 68 Elghundvante 73 Reisande rein 77 Fugl Fønix 81 Endelaus kjærleiksvott 84 Vott med raud tråd 89 Edderkoppvott

92 97 100 105 108 1112 117 125 129 135 139 142

Virrevott Askeladden Olivenvott Flørneshunden Vevkjerring Sjøstjerna Hugin og Munin Kaninleik Ekornet og haren Nattverd Elg i solnedgang Kjerringvott

147 EIN VOTT ER EIN MØNSTERBANK 154 Måleskjema for genser 155 Rettleiande måleskjema 157 Kjelder 158 Fargekart Ask Hifa 2


Forord Ein dag i 1983 fekk eg ein heil sjoddifabrikk med om lag 1000 ulike vottar i hendene. Eg hadde eigentleg berre søkt om eit halvt års praksis på Torridal Tweed og Ulldynefabrikk ved Kristiansand, men den gamle fabrikkeigaren stilte eit vilkår for at eg skulle få lov til å vere der: Eg måtte kjøpe fabrikken først! Eg var vevlærar, men fekk no ei ny oppgåve i livet – å handtere gammalt produksjonsutstyr til å gjenvinne strikkeavfall. Eg skulle drive den siste gjenlevande sjoddifabrikken i landet vårt. Bygningen var stappfull av gamle sekker som til saman inneheldt over 16 tonn ullstrikk. Shoddy er eit engelsk ord for

«fillete», og sjoddi vart den norske industrinemninga for resirkulert ull. Slike «fillemøller» var vanlege fram til slutten av 1900-talet. Ein mata maskinane med utslitne genserar, sokkar, handplagg, undertøy – ingen ullrestar var for slitne og ingen trådstumpar var for små til å gjenvinnast. Ut av maskinen kom ein gråmelert fibermasse som vart brukt til stoppull i madrassar, dyner og soveposar. Om fiberkvaliteten var god nok, kunne fibrane spinnast på nytt til tweed, ullteppe og pleddgarn.

Ein tøyrest er vorten til solar, eit fotspor med ei leiestjerne som peiker bakover i strikkehistoria vår.

7


Eg stod med valet mellom å utslette eller bevare ein uendeleg mønsterrikdom.

Ut frå den private samlinga og erfaringane mine vil eg hente fram trådar og nøste meg tilbake for å fortelje om ein del av mønstertradisjonen som har vandra inn i strikkekulturen vår.

Det tok ikkje mange dagar før eg forstod kva slags utrulege mengder strikkehistorie som låg skjult i sekkene. Eg begynte å kaste til side ting som eg følte hadde eit eller anna å fortelje. Med støtte frå Norsk kulturråd klarte eg å søkje gjennom heile råvarelageret på jakt etter kulturskattar. I dag sit eg igjen med ei strikkesamling på rundt eitt tonn. Plagga representerer alt som har vore brukt, frå ytst til inst på kroppen, frå lokal og nasjonal tradisjon, som også har leietrådar ut i verda og bakover i tid.

elg i solnedgang Som lita jente utnytta eg kvar garnstump eg fann, til å strikke dokkeklede. Over barnesenga mi hang eit «elg i solnedgang»-teppe der motiva var laga med små lykkjer – nuppevev. Det var lett å dra ut garnet av biletet. Om eg drog ut annankvar tråd, forsvann ikkje motivet heilt. Enkelte småmotiv på biletet valde eg derimot å fjerne. Etter kvart var teppet nokså ribba. Gjenbruksverksemda mi vart lite verdsett den gongen, etter kvart som sola vart borte, elgen vart ugjenkjenneleg og barskogen grissen på denne pryd-

8


mer for alt som representerte strikketradisjon frå kvardagen i den folkelege kulturen vår, ein strikketradisjon som representerte vår nære fortid, og som ikkje hadde annan verdi på det tidspunktet enn som råvare i fabrikkprodukta. Stadig dukka det opp mønsterfigurar som elgar, reinsdyr, hundar og fuglar. Dei vekte eit jaktinstinkt i meg, og eg bestemte meg for å fange så mange dyr som mogleg i fillehaugen min. Eg stod med eit lagnadsval i hendene: Kva skulle leve vidare, og kva skulle omskapast til stoppull? Eg forstod at valet mitt kunne få mykje å seie for strikkehistoria vår. Og eg fekk ei kjensle av at mønsterfigurane hadde ei slags sjel. Det var som om dei formidla noko eller kviskra små løyndommar frå fortida. Fanst det ei «sjelevandring» frå eldre mønsterkulturar? Var mønstermotiva ein arv frå ei tid då teikn

vevnaden. Om lag tretti år seinare stod eg altså ved ein maskin som hadde ein stor trommel med kvasse ståltenner til å rive opp ullplagg. Etter kvart som eg såg kva for ein uendeleg mønsterrikdom som vart sletta ut i rivemaskinen, gjekk det gradvis opp for meg at eg var i ferd med å viske bort ein viktig del av strikkehistoria og mønstertradisjonen vår. Eg stod med plagg i hendene mine som var tilverka av tusenvis av kvinnehender i eit utal arbeidstimar gjennom dei siste hundre åra. Det var ikkje berre slitasje som prega plagga. Ut av nesten kvar einaste sekk henta eg små mønstermotiv, border og figurar – som dyr, plantar, dansarar og teikn for energikjelder som sol, måne, stjerner. Det gjekk opp for meg at lagerromma ikkje berre var gravhaugar med strikkeavfall, men også skattekam-

Samansetjinga av mønstermotiva verka ikkje tilfeldig på meg.

Ein del trofear som vart programmerte inn i strikkemaskinen min. 9


Eit av dei eldste strikkefunn i Europa. Mafalda, ein medlem i den spanske kongefamilien som vart gravlagd like etter 1275, kvilte hovudet på puta.

og bilete var tillagde energi og magisk, mytologisk, kosmisk og astrologisk kraft? Sjølv om dekor skal glede auget, fekk eg ei kjensle av at formspråket på strikkeplagga også skulle formidle noko meir enn det sansane utan vidare kunne oppfatte. Dekoren og mønsterkombinasjonane verka ikkje tilfeldige.

universelt språk Eg begynte å undre meg over ordtaket «å forsvinne som ei ånd i ein fillehaug». Hadde teikn og biletmotiv i tekstilkunsten ein slags energi, ei magisk og åndeleg kraft? Ville det vere mogleg å mane ut denne ånda? For å finne svar på om dekoren hadde noka meining ut over det estetiske, kasta eg meg over skriftlege kjelder om ulike kulturar, religionar og folketru. I Europa har vi hatt dyrefigurar og symbolske merke lenge før dei kom inn i strikketeknikken. Med tempelriddarar og jorsalferder vart våpenmerka sette i system. Det vart utvikla ein vitskap om merke og kjenneteikn, kjend som heraldikk. Heraldikken er ei forvitneleg blanding av symbolikk og prydkunst som vi fekk gjennom krossfararane i det 11.–13. hundreåret, men som stammar frå urtida 4000–3000 år f.Kr. i Mesopotamia og Babylon – ifølgje Bibelen vogga til menneskeslekta, i dag Irak.

Dersom ein gjentek, spegelvender og repeterer mønster i høgd og breidd, blir symbola til ornament. I folketrua er spegelvending og gjentaking ein måte å gi symbola auka styrke og guddomskraft. Svært mange mønsterfigurar er felles for forskjellige religionar, men symbolikken kan vere ulik og tilpassa kvar enkelt gudstru. Dei tidlegaste europeiske strikkefunna som er bevarte, er frå 1275. To puter er funne i graver i byen Burgos i Nord-Spania, som har ei blanding av muslimsk, kristen og heraldisk mønstertradisjon. Utanom borda i kufisk skrift, som er ei islamsk velsigning, finst fuglar, stjerner, rosettar og liljer, akkurat same motiv som vi strikkar på norske vottar i dag. Mønstera som dukkar opp seinare, er spanske og italienske og har slektskap til Orienten og Asia. Desse kan ha følgt ruta til den gamle Silkevegen frå

10


smykka seg med krigs- og jakttrofear og lysande småting for å hevde seg i kampen eller imponere fienden og til dels også gjere inntrykk på det andre kjønn. Dyr er brukte som motiv så langt tilbake som i holemåleri måla av Cro-Magnon-menneska for 20 000–30 000 år sidan. Vi har nok strikka figurar på norske strikkeplagg i snart 200 år. Vi ser på mønstera som urnorske strikkemotiv og nasjonalsymbol i dag, men motiva finst over heile verda i ulike tekstilteknikkar. Mønsterkretsen til strikkinga har vorte stilisert og tilpassa masketeknikken. Formspråket har variert frå palmar, duer og pinjekonglar sør i Europa til åttebladstjerner, grankvister og reinsdyr i nord. Symbolinnhaldet er forholdsvis likt, sjølv om motiva kjem frå ulike geografiske område. Det handlar om oppståing, siger, paradis og evig liv; om kjærleik, fruktbarheit og verneteikn mot farar. Mønster som vi nordmenn i dag vil kalle typisk norske, finn vi i dei eldste mønsterbøkene frå Italia, Sveits, Frankrike og Tyskland på 1500–1700-talet. Desse mønsterbøkene inneheld heller ikkje nyskapingar frå si eiga tid, men det var boktrykkjarkunsten som gjorde det mogleg å spreie mønsterdiagramma. Forma på motiva vart tilpassa lokal folkekunst og tekstilteknikkar, og har på den måten fått eit eige særpreg. Omgrep som «norsk strikk» og «selbustrikk» har vorte danna i folks medvit. Vi reknar elg, hjort og reinsdyr blant nasjonalsymbola våre. Men kvifor har då «Norwegian knitting» vorte eit internasjonalt omgrep for tofarga mønsterstrikk, når mønstera opphavleg ikkje var så veldig norske? Dyremotiva eg har funne i fillehaugen min, stammar frå første halvdel av 1900-talet og er strikka i regionen og dalføra rundt fabrikken, hovudsakleg i

Kina. Det er svært interessant å kunne følgje figurar på vandring jorda rundt gjennom tusenvis av år. Det viser tydeleg at menneske gjennom tider og land har fellestrekk som ikkje er endra av tid, rasar eller himmelstrøk. Dei fleste motiva er ein arv frå ei tid då det ikkje var sjølvsagt at alle kunne lese, og biletspråk var eit viktig kommunikasjonsmiddel. Ved hjelp av mønster og figurar kan ein formidle noko som kan leie tankar, utfordre sansar og skape assosiasjonar, utan sjølv å vere til stades. Symbol kan elde opp fantasien og overføre idear og kjensler uavhengig av talemål og tabugrenser.

folketru og folkekunst Frå opphavet av den norske tekstilkulturen var folketru og overtru ein del av dagleglivet. Den synlege og usynlege verda levde side om side, og kreftene i naturen, lys og mørke vart personifiserte som vette, tussar og troll som anten levde ved sida av eller vart blanda saman med norrøn gudelære og kristen tru. For å forstå betre den åndelege trua til forfedrane må vi også vite litt om leveforholda i fortida, vi må prøve å setje oss inn i kva slags førestellingar og verdiar folk levde med før det vart vanleg å slå på lys med ein brytar på veggen. Folk trong vern i mørket og det ukjende, og leiestjerner var vegvisarar. Dette gir oss forståing for at åttebladstjerna ofte finst på vottar, nattrøyer og på puter. Det har vore ein skikk frå mellomalderen å gravleggje døde i nattrøyer med hovudet kvilande på puter med åttebladstjerner. Natt var eit symbolord for alt som var mørkt, ukjent og farleg. Vinteren var året si natt, døden var nattriket. Kunsten har frå tidlegaste tider ytra seg som prydkunst i former og fargar. Den primitive mannen

11


Agder-fylka. Mange av hjortedyrfigurane har i tillegg eit grantre, ei sol og ein hund. Nokre har blant anna motiv som kan tolkast som ei kjelde, ei jente og ein olivenkvist. Same mønster finst i mellomalderske krosstingsbroderi og vevnader, og namneklutar frå 1700- og 1800-talet. Namneklutar var ein slags prøvelappar, eit slags pensum i broderiopplæringa for unge kvinner. Dyremotiv finst i mange utformingar og er gjengitt i dei tidlegaste trykte mønsterbøkene. Dei har vandra gjennom dei fleste tekstilteknikkar til dei vart utgitt som strikkemønster frå 1700-talet og fram til vår tid. Hjortedyra vart framstilte ved eit vatn eller ein rennande bekk i ein granskog med ei stor, raudglødande sol i bakgrunnen. Dyremotiv vart mote i norsk strikkekunst på 1930-talet, og det vart vanleg å hengje opp «elg i solnedgang» både som måleri og som veggteppe. Eg har inga anna forklaring på denne moten enn at folk såg på mange av dyra som nokre av nasjonaldyra våre, og meinte dei representerte noko typisk norsk. Etter 1905 og unionsoppløysinga med Sverige var nasjonalsymbol viktige for å profilere landet vårt og setje ein standard for tradisjonsarven og den norske eigenarten. Norges Husflidslag tilsette to unge, nyutdanna tekstilkunstnarar, Annichen Sibbern og Elsa Poulsson, for å samle saman strikkemønster frå heile landet og publisere dette i bokform. Annichen Sibbern gav ut boka Norske Strikkemønstre i 1929 og Elsa Poulsson Rutemønster for strikking og broderi i 1947. Norske Strikkemønstre vart seinare utgitt på engelsk og heitte Norwegian Knitting Designs. Boka er seld i totalt 78 000 eksemplar og er etter mi meining den viktigaste grunnen til det internasjonale strikkeomgrepet «Norwegian Knitting».

lokal tradisjon og internasjonale omgrep Strikkemønstera som Annichen Sibbern bygde si bok på, var henta frå eldre strikkeplagg frå ulike stader i landet, mens Elsa Poulsson brukte mange motiv frå namneklutar, eller stiliserte sjølv motiv for rutemønster som kunne strikkast. Dette var mønster som hadde vore levande i den norske, lokale tekstiltradisjonen på 1800-talet. På 1700-talet finst lite mønsterstrikk, den strikketeknikken kom først til syne i Noreg etter krig og handelsrestriksjonar tidleg på 1800-talet. Kanskje må vi takke Napoleon for blokaden og importstoppen som førte til at nordmenn måtte produsere for eige forbruk med eigne råvarer. Mønstera som vart brukte, vart henta frå utanlandsk stas som var pryda med motiv frå eit universelt symbolspråk. Fram til 1814 og lausrivinga frå Danmark var norske folkedrakter prega av europeisk mote som kom gjennom byane og handelsstadene. Landet vårt hadde tidlegare vorte overfløymt av billige importerte strikkevarer som danske handelskarar kjøpte opp i mengdevis på Jylland og selde vidare i Noreg. I tillegg kan det lesast ut av tollrekneskapar at det vart importert ei mengd eksklusive silkestrikka nattrøyer som oftast var pryda med åttebladsstjerner. Dermed vandra impulsane inn over landegrensene våre og vidare frå bygdelag til bygdelag. Ved at Noreg hadde vorte sjølvstendig, kom det krav om å bruke eigne materiale framfor utanlandsk import. Det var stadig avisdebattar der det vart ytra at ein måtte bremse innførselen av unødvendige varer, og forby unødig luksus. Norsk sjølvstende måtte dyrkast, og kjærleiken til fedrelandet skulle framelskast. I løpet av 1800-talet kom dei norske folkedraktene til å utvikle eit stadig større særpreg, med ein

12


på den spanske armadaen skal ha vore både baltarar og baskarar. Kvar hadde sjømennene i tilfelle sin strikketradisjon ifrå?

stor fargerikdom som vart identitetsmerke for dei ulike bygdelag og dalføre. Samtidig kjem strikketeknikken meir og meir i bruk til dei kleda som er forløparar til dei klassiske strikkeplagga våre i dag. Vi fornorska dei importerte strikkevarene ved å hente element og motiv frå vår eigen tradisjon, men vi sende sjølvsagt også sideblikk til utanlandsk stas. Dessutan var det kamp om å leie på den internasjonale arenaen. Det etniske og folkekunsten var viktig for at nasjonen skulle kunne presentere seg med eigenart, men også for å vise eit skilje mellom det norske og svenske i kampen fram mot ei unionsoppløysing. Husflidsarbeid skulle vere med og forsvare Noregs ære. På den første verdsutstillinga i London i 1851 vart det vist alt frå maskinar og råvarer til ferdige produkt frå alle nasjonar. Ein katalog på London-utstillinga presenterer strikkevarer med 26 ulike namngitte mønster frå Shetland. Eit av mønstera vart kalla «armadakrossen». Dette har sidan skapt myten om at mannskapet frå eit skip i den spanske armadaen som havarerte på ei av småøyane utanfor Shetland, Fair Isle, i 1588, lærte øybuarar å strikke. Det finst ingen strikkeplagg som er bevarte i 300-årsperioden etter havariet på den vesle øygruppa Fair Isle, men likevel har myten medverka til at einsfarga mønster på ein fleirfarga bakgrunn for all ettertid blir kalla «Fair Isle»-strikk i strikketerminologien. Mannskapet

strikkekunst og masseproduksjon Ikkje noko strikkemønster er så populært i Noreg som «selbustrikk». Eg har samla over 1000 ulike vottar og vantar som har samband med selbumønstertradisjonen. På lik linje med den vesle øygruppa Fair Isle har bygda Selbu gitt namn til eit omgrep i strikkekunsten som har vakse seg større enn den tradisjonen som opphavleg vart utvikla i denne trønderbygda.

Eit eksempel på ei votteoppskrift som vart utarbeidd av Husfliden tidleg på 1900-talet (teikninga er merkt nr. 94, signert A.H.).

13


Norske vottar ferdig