Kveitegraut Kokt med mjølk, servert med appelsin- og sitronkompott, skyr og karamelliserte valnøtter Denne grauten smakar fantastisk og er eit godt døme på god balanse mellom det søte og det syrlege, det sprø og det krema. I grauten er det brukt svært grove kveiteflak, som både gir kraft i smaken og god struktur. Den krema grauten står svært godt til den syrlegsøte smaken av appelsin og sitron, den friske skyren og dei litt bitre valnøttene.
Grauten 5 dl kveiteflak, ca. 200 g 5 dl heilmjølk 5 dl vatn 1 ts salt Bland alle ingrediensane i ei gryte og kok opp ved middels varme. La gryna koke til grautkonsistens. Appelsin- og sitronkompott 5 appelsinar 1 sitron 300 g røyrsukker Skyl appelsinar og sitron grundig. Riv skal av sitronen og éin appelsin på eit fint rivjern. Skjer resten av skalet saman
med dei kvite hinnene av alle appelsinane og sitronen, og hakk dei fint. Fjern eventuelle kjernar. Bland appelsin- og sitronhakk og rive skal i ein kasserolle saman med sukkeret, og kok opp ved middels varme i ca. 20 minutt. Konsistensen skal vere samanhengande og tjuktflytande. Smak til med sukker og sitronskal, og sett til kjøling i eit skålda glas. TIPS: Om du vil ha litt orientalsk preg på kompotten, kan du koke den opp med heil stjerneanis eller fennikel for å få fram litt lakrissmak.
Karamelliserte valnøtter 100 g valnøtter utan skal 1 ms honning 1 knivspiss havsalt Rist valnøttene i ei steikepanne til dei blir gylne. Sett dei til sides. Hell honning og salt i panna, la det brune seg litt. Ta panna av varmen og karamelliser valnøttene i honningen. Legg dei karamelliserte valnøttene på ei bakeplate og la dei kjølne. Skyr 4 ms skyr Server kveitegrauten med appelsin- og sitronkompott, ei matskei skyr og ein neve valnøtter.
20 Vinter • Frukostgraut
M_Graut.indd 20
12/12/13 11.48