Graut

Page 13

Bygg

Emmer

Einkorn

Bygg er nærmast ein hovudingrediens i den danske matkulturen, nest etter bacon og poteter. Til dømes er alt ølet vi produserer, laga på ein maltbase utvunnen av byggkorn. Bygg har historisk sett vore den viktigaste kornsorten i Norden fram til mellomalderen. Bygg er så bra på alle måtar – som byggryn og som flak og knust til mjøl. Bygg er lysare i fargen enn havre og har ein litt mildare smak.

Emmer er ein av dei gamle kveitesortane som er blitt gjenoppdaga dei siste åra og som er blitt dyrka på ny igjen. Emmer har til liks med einkorn lågt gluteninnhald, og eignar seg derfor ikkje så godt til baking. Derimot er emmer ideell til ein god porsjon grov graut.

Einkorn er ein gammal kornsort som no blir dyrka igjen. Og verken den bakeglade eller grautglade er lei seg for det! Einkorn er ein kveitesort, men har lågare gluteninnhald, grovare tekstur og ein samansett smak som minner om speltflak.

Graut • Kornslaga

M_Graut.indd 13

13

12/12/13 11.47


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Graut by Det Norske Samlaget - Issuu