Samlaget
Oslo 2024
© Det Norske Samlaget 2024
www.samlaget.no
Bokdesign: Kristoffer Kjølberg
Skrift: Sabon LT Std 14/19
Trykkeri: Livonia Print
Printed in Latvia
ISBN 978-82-340-1232-7
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gje att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følger av avtale med Kopinor.
All bruk av heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilde, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
Me var nesten førti gutar og jenter som møtte opp den første dagen. Trenaren sette oss kjapt i gang. Me sprang etter ballen, alle i ei klynge.
Det første målet mitt kom nærmare og nærmare.
Då skulle eg strekka armane i vêret og ropa «måååål!».
Eg kunne nesten høyra TV-kommentatoren inne i meg:
«For eit mål! Denne guten blir noko stort!»
Men før eg rakk å skåra, såg eg ein ny gut på sidelinja. Han hadde kvitt hår og sideskil. Auga var runde og snille. Han var mindre enn me og heldt far sin i handa.
Faren snakka med trenaren. Og så fekk den nye guten vera med og spela.
«Kom igjen, Erling!» ropte faren.
Guten sprang rett forbi meg. Ballen dabba på den andre sida av banen, og han var allereie på veg.
Han fekk tak i ballen og sprang rett ut av klynga med han. Han førte ballen mot målet og skaut. Pang! Rett i nettet!
Han hadde skåra første gongen han hadde ballen på den første treninga si.
Eg hadde trent i over eitt år og venta framleis på å skåra.
Like etterpå skjedde det igjen. Guten sette fart mot målet og skaut rett i nettet!
«Flott, Erling!» ropte trenaren.
Nå hadde han skåra dei to første gongene han hadde ballen. På eit blunk!
Då eg høyrde kommentatorstemma inne i meg, var det ikkje lenger meg ho snakka om. Ho snakka om Erling.
«Den guten blir noko stort», sa stemma.
Snart var ikkje Erling ny lenger. Alle hadde sett kor rask han var, og kor hardt han skaut. Mange hadde høyrt om far hans òg. Han heitte Alf-Inge og hadde spelt på landslaget. Erling blei fødd i England då faren spelte i Premier League.
Alf-Inge var midtbanespelar og kaptein på Manchester City då han blei skada og måtte slutta med fotball. Erling var tre år då. Familien flytta heim til Bryne, der eg òg budde.
Me gløymde fort at Erling var eitt år yngre enn me andre. Ofte såg me berre ryggen hans der han fór forbi eller jogga tilbake etter å ha laga mål. Han sprang heile tida, frå det eine målet til det andre.
I ti år skulle Erling og eg spela på det same laget i Bryne FK. Til saman var me førti stykke som heldt i lag desse åra. Dei kalla oss «G99», fordi alle utanom Erling var fødde i 1999.
I denne boka vil eg fortelja om oss, om meg sjølv og Erling og om fotballaget vårt, slik eg hugsar det.