I heile Aust- og MellomEuropa finn du ulike variantar av raspa potet blanda med mjøl og kokt i kraft eller mjølk. I heile Aust- og Mellom-Europa finn du ulike variantar av raspa potet blanda med mjøl og kokt i kraft eller mjølk. I Italia kan du kose deg med gnocchi, som eigentleg berre er ein variant over det same temaet: poteter, rå eller kokte, blanda med mjøl og krydra med berre salt. I dei områda som var under fransk styre på nordaust-kysten av det nordamerikanske kontinentet, også kalla Acadia, finn ein retten poutine rapée. Rapée betyr riven og poutine er kanskje ei maltraktering av det engelske ordet pudding. Poutine rapée er så nær ball som ein kan kome på den andre sida av atlanteren, og den vert servert anten med søtt tilbehør som sukker eller sirup, eller som ein middagsrett. Då vert det kalla fricot, og potetballmassen vert forma til små ballar som får koke med i ein slags stuing eller gryterett med kjøt og grønsaker. Tilbehøret og serveringsmåten varierer, men vi elskar alle mest den ballen vi voks opp med, og som vi lengta etter då vi sprang opp trappa med sekken på ryggen og kjende den herlege lukta av ball. Italiensk gnocchi med smør og salvie er noko av det beste eg veit. 20