TETT PÅ: Hotel Alexandra
Billedtekst
Spaavd
elinga
Prinsessa av Loen I vesle Loen inst i Nordfjord har det vore hotell sidan 1884. I dag er familiedrivne Hotel Alexandra mellom dei største i Noreg, og det vil halde fram å vekse, som eige, uavhengig hotell. T e k s t: N i n a B l å g e s ta d
Foto: Hotel Alexandra
4/2010 - www.fjord1.no
– Vi går slett ikkje inn i noka kjede, slår direktør Richard Grov (46) fast. Det er han som i dag driv familiehotellet som tippoldefaren opna i 1884. Sidan då har hotellet vakse bit for bit i takt med tida og er i dag eit moderne hotell og ei hjørnesteinsverksemd i Stryn kommune. – Vi står for mange arbeidsplassar. Det hadde ikkje vore mykje anna i Loen utan hotellet, seier Grov. Royalt Hotel Alexandra er oppkalla etter prinsesse Alexandra av Danmark. Hotellet har i dag 189 rom og eig i tillegg Hotel Loenfjord som ligg like nedanfor hovudhotellet. Hotellet har om lag 80 000 gjestedøgn i året, 100 000 med Loenfjord. Gjestene kjem frå inn- og utland for å finne roa i Loen. – Sommarstid er det mykje utanlandske turistar, vinterstid mykje norsk trafikk frå heile området mellom Bergen og Trondheim, fortel sals- og marknadssjef Elizabeth Bakken. Om hausten og vinteren er mykje av drifta i tillegg basert på konferansar og julebord.
– Vi har stamgjester som kjem att år etter år på juleborda våre, seier Bakken. Spa til 71 millionar I 2004 slo hotellet på stortromma og bygde eit spaanlegg til 71 millionar kroner. – Vi var tidleg ute med spa i Noreg, seier Bakken. 3700 kvadratmeter med vatn, fordelte på inneog utebasseng, eigne barnebasseng, vassklier og spasenter med 40 ulike typar behandling er noko av tilbodet. Hotel Alexandra er òg oppteke av dei yngste gjestene og har mellom anna barnediskotek med eigen DJ. I feriane er det aktivitetar for barn, med klovn og aktivitetsleiarar, og barna har sin eigen barnebuffet i restauranten. Dei fire restaurantane på hotellet legg vekt på norsk mat og serverer kortreist mat så sant dei kan. – Vi er nett blitt medlem av ”Smak av kysten” og kjem til å fokusere på norsk sjømat framover. Spennande, seier Bakken. Shopping i Stryn Sals- og marknadssjefen trur den flotte plasseringa er ein av grunnane til at hotellet
er så populært. Mellom dei mektige fjella og den blanke fjorden ligg forholda til rette både for rolege og avslappande dagar og aktivitetar for dei friluftsinteresserte – med ski, fjell, bre og sjø. – Mange nyttar i tillegg opphaldet hos oss til å dra på shopping i Stryn. Der finst populære butikkar som Moods of Norway, Ricco Vero og Skogstad, seier Bakken, som sjølv stortrivst i Loen. – Eg kom frå Oslo i 1988 og skulle vere i tre år. Det blei mange fleire. Det er godt å vere her, slår ho fast. Aukar kapasiteten Direktør Grov har planar om å gjere hotellet endå større. – I 2011 får vi åtte nye rom. Det er byrjinga på ei utbygging som skal bli ei binding til ei framtidig ny fløy, seier direktøren. Grov understrekar at det ligg utfordringar i å drive hotell på ein liten plass. – Rammevilkåra for mellomstore verksemder i privat eige er ikkje berre gode. Du må betale eigedoms- og formueskatt same kva resultat du presenterer. Det tappar bedrifta, noko ein ikkje kan leve for lenge med, seier han. Likevel var ikkje Grov i 4/2010 - www.fjord1.no
tvil om at han ville ta over familiebedrifta. – Det fall seg naturleg, det var ei avgjerd eg tok då eg var i militæret, seier han. I dag har foreldra pensjonert seg, men dei liker å følgje med på utviklinga på hotellet. Den yngste systera til Grov jobbar òg på Hotel Alexandra. – Det er vi to som blei igjen i Loen, men fire av fem sysken har noko med hotelldrift å gjere, seier han. Då Anders Magnusson Loen starta hotelldrifta, var han ikkje åleine om å satse i den retninga. Mange norske hotell blei starta på den tida, og dei aller fleste er borte i dag. Grov trur grunnen til at Hotel Alexandra har overlevd og blitt eit storhotell, er målretta arbeid der ein har lagt stein på stein og ikkje teke ut store overskot til eigarane. – Trur du det var dette tippoldefar såg for seg då han opna hotellet i 1884? – Kanskje i draume, seier den noverande direktøren og ler.
7