1 minute read

Eg trivst i jobben!

I denne spalten møter vi leger – leger på sykehus og utenfor, leger i distrikt og sentralt, leger tidlig og sent i arbeidslivet (og i livet). De har noenlunde samme utdannelse, men helt ulik arbeidshverdag. Felles for dem er: de trives i jobben!

Siri Liestøl (38)

Fastlege Luster legekontor, Allmenlegeforeningen

– KORLEIS HAR VEGEN FRAM MOT DENNE JOBBEN VORE?

– Eg studerte medisin i Bergen, og var ferdig i 2010. Rett etter turnus i Narvik og Brønnøysund starta eg som fastlege i Luster. Det vil seie at eg har hatt same pasientliste og same kontor i snart 11 år nå, med enkelte avbrekk i foreldrepermisjon, eit år på DPS i Sogndal og eit friår i lag med familien. Nå har eg pasientliste på 750 pasientar, 10 % stilling som tilsynslege på sjukeheim og er også rettleiar for LIS3.

Då eg starta hadde eg større liste og større kommunal stilling enn eg har nå, men sjølv om eg fått meir erfaring og kjenner lista mi godt synast eg ikkje eg jobbar så mykje mindre nå. Det seier vel noko om utviklinga i fastlegeordninga.

– KVA ER VIKTIG FOR DEG FOR Å TRIVAST I JOBBEN?

– Kollegaer! I Luster er me 10 fastleger og ein turnuslege, me møtast til morgonmøte kvar dag og prøvar å vera flinke til å setje oss ned for ein kaffi eller litt prat i løpet av dagen. Fastlegejobb er veldig variert og spennande, men på eit vis ein ganske einsam jobb. Då er det viktig å ha gode kollegaer ein kan spørje om råd, eller berre nokon ein kan lufte gode pasienthistorier eller frustrasjon hos.

I Luster har det også heile tida vore fokus på at me kan ha passe listelengde, at me kjem oss på kurs og at det er moglegheit for permisjon om ein ynskjer eit avbrekk frå jobben. Det trur eg er nokon av årsakene til at me er mange legar som trivs i Luster.

– KVA KAN VERE UTFORDRANDE?

– Når ein føler ein ikkje får tid til alt ein skal rekke. Eg synast det meste i jobben er kjekt, men ikkje om ein må sitje med arbeid langt utover ettermiddagen og kvelden.

– HAR DU EIN HOBBY, INTERESSE, NOKO ANNA DU BRUKER TIDA DI PÅ UTANOM JOBB SOM DU SYNEST ER MEININGSFYLT OG VIKTIG?

– Når ein bur og jobbar som fastlege i ein liten kommune trur eg det er veldig viktig å ha andre interesser og roller også. For min del går det mest i å vera i lag med familien, og nyte fjell og fjordar i Noregs flottaste kommune, Luster.

Til orientering: Siri Liestøl Christensen var rettleiar for Audun Brendbekken, redaktør i Paraplyen, da han som legestudent hadde allmennpraksis i Luster kommune hausten 2022.

This article is from: