2 minute read

Abortbehandling inn i framtida

Ei varsla fornying av abortlova er nært føreståande. Helsepersonell og politikarar bør planleggje for korleis abortbehandling i primærhelsetenesta kan innførast på best mogleg vis.

Mette Løkeland-Stai

Overlege, phd, Kvinneklinikken, Helse Bergen og Abortregisteret, Folkehelseinstituttet mette.lokeland-stai@fhi.no

Abortlova var vedtatt i 1975 med ei endring om sjølvbestemt abort opp til 12 veker i 1978. Regjeringa har satt ned eit utval som ser på revidering av lova. I utgangspunktet var mandatet å sjå på ei eventuell utviding av sjølvbestemde til 18 veker og vurdere nemndene slik dei er i dag.

Eit Samfunn I Utvikling

Utvalet kjem med si innstilling i desember 2023, men har allereie vore ute og sagt at heile lova er under revisjon av di den ikkje lenger kan romme medisinsk, juridisk og samfunnsmessig utvikling. Både menneskerettane, pasientrettar, synet på familie, seksuelle og reproduktive rettar har endra seg i perioden og gir føringar for korleis ein kan regulere abort. Vi menneske sin personelege integritet og rett til å bestemme over oss sjølve har vorte styrka.

Samtidig har det vore stor medisinske utviklingar. Ein har i perioden utvikla assistert befruktning som i dag utgjer 5 % av alle fødde, og ein har fått betre og mykje meir kunnskap om fosteret gjennom fosterdiagnostikk. Den kunstige livmora er under utvikling, og produksjon, og vil utvikle fertilitetsbehandlinga ytterlegare i åra som kjem og utfordre omgrep som levedyktighet.

Enklare Heimeabort

Abortbehandlinga har vore fullstendig revolusjonert. På 70-talet var alle tidlege abortar kirurgiske medan over 90% av alle abortar i dag vert gjort med medikament. Dette har vore ei gradvis utvikling basert på forsking og krav frå kvinner sidan 90-talet. Ein har utvida når i svangerskapet ein kan nytte medikamenta, kor ein kan utføre medikamentell abort og kven som kan utføre den. Det finst multiple studiar som viser at sjukepleiarar og jordmødrer til dømes er vel så gode behandlarar som legar. I dag er det sjukepleiarar som styrer denne behandlinga på

Haukeland universitetssjukehus, slik det også er på mange andre sjukehus.

Dei siste åra har ein også gjort studiar der kvinner har hatt telefon- eller videokonsultasjonar, utan fysiske undersøkingar, og så fått tilsendt medikamentet i posten eller via resept. Det har vist seg å vera trygt og ynskt av mange kvinner. Under covid-pandemien vart det løysinga på korleis ein kunne gi trygg og god abortbehandling i Storbritannia. I 2022 vedtok det britiske parlamentet å vidareføre og legalisere denne behandlinga med støtte frå Royal College of Obstetricians and Gyneacology.

Grunna restriksjonane i lova så må alle abortar i Noreg utførast ved eit sjukehus og av legar, men det er som sagt ikkje lenger medisinsk nødvendig.

I staden tilrår forskingsmiljø og WHO at behandlinga flyttast så nære dei som treng abort som mogleg. 90 % av alle abortar vert utført før veke 10, og desse abortane kan kvinnene trygt utføre heime dersom dei ynskjer det.

Kvinnehelse Med Skreddarsaum

Truleg vil abortutvalet opne for abortbehandling utanfor sjukehus, i primærhelsetenesta, i sine tilrådingar. Det er også grunn til å tru at dei ikkje lenger vil reservere behandlinga berre til legar. Dette vil føre til store endringar i abortbehandlinga. Både politikarar og vi som helsepersonell får sjansen til å leggja til rette for ei god og individuelt basert behandling nært pasienten. Ei behandling med meir skreddarsaum emosjonelt, praktisk og fysisk til den einskilde sitt behov.

Både helsestasjonar, jordmødre og fastlegar bør tenkje på korleis dei kan ivareta denne pasientgruppa, og gi dei eit tilbod dei treng og ynskjer.

This article is from: