Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 46

KAPITTEL 1 OPPGÅVE 1

OPPGÅVE 3

1 Lag eit tankekart med overskrifta

Før i tida hadde ungdom færre valmoglegheiter enn i dag. Jobb saman med læringspartnaren din, og finn ut av kva for valmoglegheiter du hadde hatt dersom du var fødd for 100 år sidan. Vel sjølve korleis de vil presentere funna dykkar for medelevar. Få med:

Du og fellesskapet (s. 9) «Dei sterke sidene mine / positive eigenskapane og interessene mine». Skriv ned alt det du synest er interessant og morosamt å halde på med, og kva for positive eigenskapar du har. Døme kan vere: Eg elskar dyr, eg er omsorgsfull, eg er flink med språk.

2 Skriv eit brev til deg sjølv med overskrifta

«Kjære meg sjølv». Skildre kven du er no, korleis livet ditt er, og kva draumar du har for framtida. Læraren tek vare på brevet ditt og gir deg det når du sluttar i 10. klasse.

Identitet i dag – og før (s. 16–19)

a Kva for valmoglegheiter hadde du hatt? b På kva måte trur du desse valmoglegheitene ville ha påverka kven du er?

c Trur du det er lettare, i dag, å gjere val

i tråd med eigne interesser og draumar enn det var for 100 år sidan? Grunngi meininga di og vis med døme.

OPPGÅVE 2

Kven er du – eigentleg? (s. 10−15) Jobb saman med læringspartnaren din. Lag ein informasjonsbrosjyre eller ein informasjonsfilm med identitet som tema og med «Kva påverkar identiteten vår?» som tittel. Føremålet med denne brosjyren/filmen skal vere å hjelpe ungdommar med å bli medvitne om kva som er med på å forme identiteten deira. Pass på at de får med dette:

a medfødd identitet som kjønn, utsjånad, seksuell orientering og funksjonsvariasjonar

b identitet som eit resultat av påverknad frå kvar

ein kjem frå, kvar ein bur, familie, venner, skule/ lærarar, reklame, kjendisar og påverkarar

c korleis identiteten vår er i endring gjennom heile livet, frå barn til tenåring, vaksen og gammal

d korleis og kvifor tenåra er ein særleg viktig og vanskeleg periode

Pass på at du aktivt brukar omgrep som roller, rollekonflikt, sjølvbilete, sjølvkjensle, sjølvtillit – og sjølvsagt identitet.

OPPGÅVE 4

Finn din plass (s. 20–23)

1 Jobb saman med læringspartnaren og lag ein

biografi om Greta Thunberg. Presenter biografien dykkar anten munnleg eller skriftleg. Få med dette: • kven ho er • kva ho er oppteken av • utfordringar ho har møtt i kampen for det ho brenner for • om du trur ho har opplevd utanforskap • om kampen hennar for miljøet har gitt henne høve til å finne ein tilhøyrsel, og i så fall på kva måte

2 På bakgrunn av biografien, lag eit tenkt intervju med Greta Thunberg eller eit rollespel – pass på at de stiller opne og reflekterte spørsmål. Døme: Kva var det som fekk deg så brennande engasjert i klimasaka?

OPPGÅVE 5

Valfridom (s. 24–25)

1 Jobb saman med læringspartnaren din

44

SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM

og lag eit tankekart med temaet valfridom.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1) by Cappelen Damm - Issuu