Valfridom Dersom du hadde drege 100 000 år tilbake i tid og hadde bede eit menneske om å fortelje historia si, ville du kanskje fått høyre historia til klanen. Ikkje personen si eiga historie. Også i dag finst det nokre mindre samfunn der det kollektive vi-et er viktigare enn enkeltmenneska, men i den vestlege kulturen vår har behovet for å finne og skape sin eigen identitet blitt sterkare enn nokon gong. Det kollektive «vi-et» var mykje sterkare før enn i dag. Men sjølv om vi no er meir opptekne av «eg» enn av «oss alle», kan det framleis vere fint å stå tett i tett saman på ein tribune for å heie på favorittlaget vårt.
Nokre kjenner kanskje at det ligg mykje fridom i det å ha mange val. Andre føler at det berre blir kaos, og at det er for mykje å velje mellom som det er. Berre det å bestemme seg for kva ein skal ha på seg kvar dag, kan bli eit ork.
24
SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM