Finn din plass Verkeleg fridom er å tore å velje kven du sjølv vil vere, og kva du vil gjere. Men i ungdomstida kan det kjennast hardt å stå imot press. Kva om du risikerer å bli skyvd ut av vennegruppa? Av og til orkar du kanskje ikkje å seie ifrå, sjølv om du veit at noko er feil, fordi konsekvensane kan vere tunge å bere. Å ikkje bli akseptert er den største frykta til mange. Derfor bør kanskje de som har venner og kjenner tilhøyrsel til andre, snu dykk litt ekstra rundt og sjå etter om nokon står åleine. Ofte skal det ikkje meir til enn å inkludere eit menneske før heile livet hans eller hennar er positivt forandra.
Du er bra nok! Det er ikkje så lett å oppfylle dei krava det moderne samfunnet set. Nokre kan nærast bli motlause av redsel for at dei aldri blir bra nok, eller for at dei aldri klarer å finne sin eigen veg. Kanskje har dei meir enn nok med berre å komme seg gjennom dagen utan å gå for mykje på trynet. I ungdomstida er sjølvtillit, sjølvkjensle og sjølvbilete viktige omgrep. Vi treng alle å ha tillit til at vi sjølve er bra nok. Det skal så lite til for å øydeleggje desse fine orda – Eg er bra nok! – og rive ned det synet eit menneske har på seg sjølv. Særleg i ungdomstida kan vi ha lett for å oppleve ting andre seier, som kritikk. Eller motsett: Vi risikerer alle å såre andre menneske med ting vi seier, heilt utan å skjøne det sjølve.
Tilhøyrsel – eller utanforskap For mange menneske er det veldig viktig å føle at dei høyrer til ei gruppe. Derfor kan det vere ekstra sårt å ikkje bli inkludert eller akseptert for den du er. Mange vil i periodar av livet sitt oppleve utanforskap, i større eller mindre grad. Nokre kan til og med føle på dette gjennom heile livet. Ein kan føle seg utanfor på så mange ulike måtar. Nokre føler det fordi dei fleste andre i klassen har ein annan hudfarge enn dei. Andre fordi dei har heilt andre fritidsinteresser. Nokre føler rett og slett at dei ikkje passar inn nokon stad. Dei kan føle at den kulturen dei høyrer til heime, ikkje passar med den dei høyrer til på skulen og blant vennene sine.
20
SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM
Sjølvtillit = kor sikker du er på deg sjølv i ein bestemt situasjon Sjølvkjensle = kjenslene du har
om din eigen verdi
Sjølvbilete = det du meiner om
deg sjølv, og det du trur andre meiner om deg