Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 18

Identitet i dag – og før Frå gammalt av ligg det i urinstinktet til mennesket at vi har behov for å bli likte – eller i det minste aksepterte – av flokken vår. Forfedrane våre trong flokken sin for å overleve i naturen. Men gjennom tusenvis av år med utvikling har mennesket fått større og større høve til å skilje seg ut. Dette høvet førte med seg nye behov. Vi fekk behov for å definere vår eigen identitet.

Urinstinkt = medfødd reaksjon eller oppførsel som mennesket alltid har hatt

For å forstå notida må vi også kunne forstå fortida. Alt som skjer i dag, er eit resultat av dei lange linjene i verdshistoria. Alt levande liv har si forklaring. Alle dyreartar, alle planter. Alt det vi kan sjå på planeten no, men også det som ikkje er her lenger. Vi kan ikkje snakke om identitet og moglegheiter utan å sjå det i lys av den kulturen, den historiske perioden og den delen av verda vi sjølve lever i. For i vår del av verda, og i vår tid, har vi utruleg mange val og moglegheiter som ingen menneske hadde før.

«Det var ein gong …» I det tradisjonsbundne samfunnet hadde menneska færre val. Dersom du var dotter i huset, skulle du vere med på å bake brød og passe småsøsken. Dersom du var son, var sjansen stor for at du tok over arbeidet til far din på garden, eller på ein fiskebåt. Du hadde kanskje eitt eller to antrekk til kvardags og eitt til høgtider. Identiteten din var i stor grad det du var fødd inn i. Både i arbeidslivet og i det sosiale livet ville du mest truleg ha halde deg til det familien var, og kvar dei heldt til – heile livet. Tanken på å flytte til ein annan verdsdel og utdanne seg til noko heilt anna enn det foreldra dreiv med, var frykteleg fjern for nesten alle. I vår kultur er det ikkje nødvendigvis slik. I dag er det nesten forventa at unge menneske vel sin eigen veg. Mange begynner å jobbe med det same som foreldra sine, men det er stort sett fordi dei vil, ikkje fordi dei ikkje har nokon andre val.

? ● ? ● 16

Kva for tankar har du gjort deg om framtida? Veit du kva du «vil bli» som vaksen? Kunne du tenkje deg å gjere det same som foreldra dine?

SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM

Tradisjonsbunden = det som er

knytt til eller følgjer tradisjonar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1) by Cappelen Damm - Issuu