14
formverket
Adjektivet eigen får denne bøyinga:
min eigen son – mi eiga dotter – mitt eige barn – mine eigne barn
Adjektivet liten får denne bøyinga:
Ubunden form: ein liten gut – ei lita jente – eit lite barn – små(e) barn Bunden form: den/det vesle guten/jenta/barnet – dei små barna den/det litle guten/jenta/barnet – dei små(e) barna Gradbøying
Vi kan bøye adjektiv i positiv, komparativ og superlativ. Adjektiv med regelrett bøying får -are i komparativ og -ast i superlativ. Når vi bruker partisipp som adjektiv, bøyer vi dei alltid med meir og mest. Det same gjeld lange adjektiv. Positiv
Komparativ
Superlativ
flink
flinkare
flinkast
farleg
farlegare
farlegast
kjend/kjent
meir kjend/kjent
mest kjend/kjent
strålande
meir strålande
mest strålande
takksam
meir takksam
mest takksam
Merk deg at i motsetning til på bokmål bøyer vi farleg og vanskeleg utan samandraging i superlativ. For nokre stadadverb og adjektiv har nynorsk samandregne former der bokmål har full form i superlativ. Nynorsk
Nye vegar til nynorsk.indb 14
Bokmål
Nynorsk
Bokmål
farlegast
farligst
vanskelegast
vanskeligst
øvst
øverst
inst
innerst
nedst
nederst
ytst
ytterst
03.10.13 14:53