Moment1 tekstsamling

Page 82

410

MOMENT 1

at det var synd at ho åt så mykje, for eigentlig var Prinsessa av Burundi ei ­ganske flott dame. Det er ei flott jente inni der, sa folk, det er bare så vanskelig å sjå det når ho er så feit som ho er. Ho hadde prøvd alle slankekurar som finst – diett, trim, aku­ punktur, kornblandingar, slankepulver, cambridgekuren. Eit par gongar greidde ho faktisk å ta av sju–åtte kilo etter å ha sveitta og strevd og pint seg, men då var ho så fornøgd at ho gav seg sjølv lov til å ete litt ekstra som premie, og kiloane la seg raskt på igjen. I november var Prinsessa av Burundi bretta ut over tre sider i KK, ho hadde skrive inn til vekebladet, lagt ved eit bilde av seg sjølv og oppgitt telefonnum­ meret sitt for å komme med i Bli ny-serien. Overskrifta var: Mai Britt (29) – Big is beautiful. Det var eit lite bilde av Prinsessa av Burundi før ho blei kledd opp, ­frisert og sminka. På det bildet stod ho rett opp og ned med hendene langs sida mens ho såg forferdelig trist ut, som om ho hadde fått utlevert all verdas ­problem og måtte løyse dei før lunsj. På dei andre bilda var det ei ny og friskare kvinne, full i liv og fargar. Butik­ kane i Odda måtte ringe og få ekstra eksemplar av det KK-nummeret, alle ville sjå bilda og lese om Prinsessa av Burundi. Livet er stort, stod det. Livet skal leves i stor stil i disse dager. Mai Britt er en stor og flott kvinne med kiloene plassert i harmoni. Prinsessa av Burundi fortalte til bladet at ho ofte følte overvekta som ein mur mellom henne og andre. Det hendte at ho ikkje gikk ut fordi ho visste at folk snakka om henne og diskuterte henne. Ho såg seg sjølv i spegelen og ante ikkje kven det var ho såg. No ville ho bli ny for å vise at ein kunne vere flott sjølv om ein var overvektig. Og alle meinte at ho verkelig hadde stil på dei der fotografia i KK, feiande flott, som det stod i ein bildetekst. Folka inne i Oslo hadde gjort ein god jobb. Dei hadde kledd henne opp i skjorter, kåper, drakter og kjolar som passa henne. Dei hadde ordna håret hennar, og dei hadde lagt ny makeup for å framheve auga og brukt rett leppestift for å vise kor sexy munn ho eigentlig hadde. Folk lo litt av Prinsessa av Burundi då det stod på trykk, men alle syntest det var tøft av henne å stå fram i KK på den måten. Då ho kom heim var det ingen som preika drit om henne, og dei såg ikkje på henne som ein klovn lenger, ho var ikkje ein ufrivillig komikar som kvar kveld gikk på scena nede på Hamburger Heaven. Prinsessa av Burundi hadde fått ein ny vår. Ho hadde begynt å kjøpe seg kles­ plagg i den stilen som bli-ny-folka hadde funne ut passa henne best, og ho tok til å gå ut på sjappene dei kveldane ho hadde fri.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.