Moment1 tekstsamling

Page 81

Prosa (noveller og romanutdrag)

FRODE GRYTTEN fødd i 1960, er ein norsk forfattar. Han er særleg kjent for novellene sine og har gitt ut ei rekke samlingar sidan debutsamlinga, Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, frå 1986. «Prinsessa av Burundi» er frå romanen Bikubesong, som blei gitt ut i 1999. Grytten fekk Brageprisen for romanen same år.

FØR DU LES Kva er det raraste du eller nokon du kjenner har gjort for kjærleiken?

Frode Grytten: Prinsessa av Burundi Dei kalla henne prinsessa av Burundi fordi ho umulig kunne ha noko magemål. Ho stappa i seg all mat og alt snop ho kom i nærleiken av. Og det var ikkje lite, sidan ho jobba på Hamburger Heaven nede i Odda. Det var ikkje botn i henne, og det fanst dei som spøkefullt meinte at ho på eitt tidspunkt gikk over frå å vere loddrett til å vere vassrett. Kallenamnet hennar kom eigentlig frå nokre gullfisk som naboane i Mur­ boligen hadde ein gong. Den typen gullfisk heitte Prinsessa av Burundi, og det spesielle med dei fiskane var at dei åt og åt same kor mykje du fôra dei. Dei blei aldri mette, og kanskje er det sånn med all gullfisk, dei plaskar rundt og rundt inne i ein bolle og har ikkje peiling på den verkelige verda utanfor, dei kjenner ingen grenser og veit ikkje når det er klokt å slutte. I alle fall dødde dei gullfiskane etter at ein av ungane fikk tak i boksen med fôr, gikk bort til akvariet og helte ut alt saman på ein gong. Då foreldra kom heim frå jobb den ettermiddagen, låg alle fiskane urørlige i vasskorpa med buken opp, hadde ete seg stappmette, men dei visste ingen ting om det, skjønte det ikkje, følte seg sikkert ihelsvoltne heilt til dei åt seg til døde. Folk spøkte med at dei ein dag ville finne Prinsessa av Burundi i same til­ stand nede på Hamburger Heaven, drivande rundt med buken opp i eit hav av burgarar, pølser og chips. Dei som kjente henne sa at ho ikkje var sjuk eller noko, ho bare åt og åt, ho var ustoppelig når det gjaldt mat, ho søkte trøst i maten, sa dei, ho er eit ulykkelig menneske. Ho veit ikkje om ho er svolten eller trist, mett eller trøtt, derfor et ho for å kjenne at ho er i live. Folk meinte

409


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.