Sakprosa
Etterpå kom ei stor ro over meg: eg er fri. Eg kan bli den same gamle. Ingen ting er for seint. Dersom me spola tilbake til før denne potensielt lykksalige fredagen, ville me sett ein skikkelse i eit heimekontor, halvt menneske og halvt feittglinsande mus pilande mellom datamaskinen og kjøkkenskapet, gnafsande på rosiner og sol sikkefrø. 18 opne faner i nettlesaren, fire ubesvarte e-postar som har ligge der i tre veker og som det vil ta maks sju minutt å svare på, men det går berre ikkje, fem påbegynte episodar i fem ulike seriar i Netflix, dette djevelens Spotify, åtte opne tekstdokument med lausrivne setningsfragment, ein iPhone 5 i kontakt med handa fem gonger i minuttet, ein hjerne som brenn og brenn energi utan å utføre eit ordentleg arbeid. Det er eitt år sidan eg i fullt alvor begynte å lese sjølvhjelpslitteratur i eit uironisk og inderleg forsøk på å få bukt med mitt nedrige first world problem: prokrastineringa – utsetjingssyndromet – som gjorde at eg kvar kveld gjekk til sengs altfor seint, med ei overveldande tomheitskjensle, stilt hulkande: mitt liv er forbi, og eg er berre tjueåtte! Eg veit jo at eg ikkje er åleine. Eg kjenner knapt éin person i min eigen gene rasjon som ikkje lever i eit ulykkeleg ekteskap med internett. Som utset alt til siste time, som har konstant dårleg samvit, som ikkje klarer å lese bøker lenger, som følgjer absolutt alle innfall hjernen måtte produsere, googlar dei mest ubetydelege tankar som måtte dukke opp, køyrer i seg kaffi og snus til ein har oppnådd fuglepuls. Dersom foreldra mine hadde sett korleis eg driv på ein van leg arbeidsdag, hadde dei forferda tenkt: «Har me gitt liv til dette???» Dei tre bøkene det handlar om denne gongen tilbyr nokså ulike løysingar på dette modernitetens aller skammelegaste problem. Felles for dei er at dei er så lange at dei i seg sjølv fungerer som prokrastinering. Det tyder på at forfattarane ikkje eigentleg forstår problemet så godt. Time Management-guru David Allens klassikar «Getting Things Done» ber dessutan sterkt preg av å halde stø kurs mot historias skraphaug: hans varmaste anbefaling er å gå til innkjøp av ein elektronisk etikettskrivar for å få orden i papira, noko eg kunne vurdert dersom dette var 1978. Sjølv den 150 sider lange «Eat that Frog!» er altfor lang. Tittelen har sitt opp hav i eit Mark Twain-sitat: «Start morgonen med å ete ein levande frosk, og ingenting verre vil hende deg den dagen», og Brian Tracys kongstanke er nett opp å skrive ei liste over absolutt alt du må gjere og deretter utføre den verste oppgåva aller først, før ein gjer noko som helst anna. Dette står på side éin, resten er gjentaking. Både David Allen og Brian Tracy passar best for ein næringslivsleiar som får 250 e-postar til dagen, må gjennomføre medarbeidarsamtalar på sitt uoversikt
365