KRLE 10 frå Cappelen Damm Grunnbok (utdrag)

Page 1



KRLE 10 frå CAPPELEN DAMM Grunnbok

Marius Timmann Mjaaland Ingvild Sælid Gilhus Solbjørg Øvretveit

Nynorsk


Tema i KRLE 8–10 KRLE 8 Kristendom og kulturarv Heilage hus, stader og tekstar Filosofi og etikk KRLE 9 Mangfald og berekraft Høgtider og tradisjonar Identitet og samfunn KRLE 10 Kritisk tenking Nyreligiøsitet og livssyn Liv og død


Kritisk tenking Solbjørg Øvretveit

Nyreligiøsitet og livssyn Ingvild Sælid Gilhus

Liv og død Marius Timmann Mjaaland

Kritisk tenking Å tru og å vite Kva er kritisk tenking? Sokrates viser veg Religionskritikk Ytringsfridom og religionsfridom

4 6 8 16 24 34

Nyreligiøsitet og livssyn Nyreligiøsiteten oppstår Felles kjenneteikn Praksis Nyreligiøsiteten og naturen Nyreligiøsitet i samfunnet Ikkje-religiøse livssyn

40 42 48 52 58 62 66

Liv og død På liv og død Tankar om døden Ved starten på livet Kva er abort? Meininga med livet Overgangsritual Aktiv dødshjelp Ved starten på og slutten av livet

74 76 84 90 92 98 102 110 116


Kritisk tenking Éin ting veit eg: at eg ingenting veit. – Sokrates (469 fvt.–399 fvt.)



1

Å tru og å vite Det begynte med at Fredrik, læraren deira, ville at klassen skulle forklare skilnaden på å tru og å vite noko. Så tok det heilt av. Det gjekk frå å vere ei grei oppgåve til å bli ein skikkeleg vanskeleg diskusjon. Først snakka dei sakleg om religion og vitskap, men så utvikla det seg til noko meir. «Det er jo heilt idiotisk. Vi lever liksom i det 21. hundreåret. Korleis kan nokon tru på noko dei ikkje ser?» Det var Patrick som stilte spørsmålet.

6

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


«Det er liten vits i å sjå på religion og vitskap som motsetnader, vel?» Innvendinga kom frå Shirin. «Verda består jo ikkje berre av ting ein kan sjå. Kva med tankar og kjensler, til dømes? Dessutan er det jo ingen som lærer om livet berre gjennom fakta, liksom?» «Men det er ikkje det eg seier», svara Patrick. «Det er ikkje det som er poenget. Det er heilt greitt å meine at religion er fint, men det er jo fakta og vitskap som gjer at vi har utvikla oss. Før trudde folk at sjukdom var ei straff frå gudane. Vi er jo ikkje akkurat der i dag? Religion passar ikkje saman med framsteg, spør du meg.» Den replikken fekk det til å koke i klasserommet. Fleire melde seg på i diskusjonen. Først ut var Amir: «Eg er samd med deg i at vitskap er viktig, Patrick, men du snakkar som om det ikkje går an å tru på Gud og samtidig støtte vitskapen. Sist eg sjekka, var ikkje det eit problem.» «No synest eg du overdriv, Patrick. Tenk deg om, då.» Sofie kom på bana. «Vitskap og framsteg er vel ikkje alltid det same? Kva med atombomba? Eller teknologi som skadar miljøet? Kallar du det framsteg?» Fredrik avbraut: «Prøv å ikkje ta det som blir sagt, så personleg – same kva de meiner. Vi må alle lære oss å leve med usemje og sterke meiningar.» Kevin høyrde på dei andre, men han sa ingenting. Det var litt fordi han var redd for reaksjonane, men òg fordi han syntest det var vanskeleg å meine noko om desse spørsmåla. Han følte det var så lett for at nokon misforstod det han sa.

-

Kva tenkjer du om det å tru og det å vite?

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

7


1

Kva er kritisk tenking? Denne historia kan seie oss noko om kva kritisk tenking er, men òg kva det ikkje er. Kva betyr det eigentleg å tenkje kritisk? Kritisk tenking handlar om å ikkje trekkje for raske slutningar, men i staden tenkje seg grundig om. I diskusjonar er det viktig å bruke tid på å vurdere ulike argument og følgje spelereglane for ein god og sakleg debatt. Det inneber mellom anna å lytte og vere open for nye tankar og idear. Kritisk tenking betyr at vi stiller spørsmål, både til det vi les, og til det vi blir fortalde. Det er heller ikkje noko gale i å tenkje kritisk om seg sjølv, innrømme feil og skifte meining. Kritisk tenking handlar om at vi ser ei sak frå fleire sider og prøver å forstå perspektiva til kvarandre.

Det er ikkje noko gale i å tenkje kritisk om seg sjølv, innrømme feil og skifte meining.

Korleis vi oppfattar verda, kjem an på kvar vi står.

8

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Sjå verda frå eit anna perspektiv I boka Dead Poets Society følgjer vi livet til ein gutegjeng på ein privatskule i USA. Lærarane er strenge, undervisninga består av rutinar og repetisjon, og elevane blir sjeldan oppmuntra til å stille spørsmål. Ein dag dukkar John Keating opp, ein ny lærar som skal komme til å snu opp ned på mykje av skulekvardagen deira. Han vil mellom anna at gutane skal bryte med negative forventningar og finne si eiga stemme. I ein av dei første timane hoppar han opp på kateteret og inviterer elevane til å gjere det same. «Verda ser annleis ut her oppe», seier han. «Kom opp og sjå sjølve om de ikkje trur meg.» Høgt der oppe frå kateteret viser Keating ei viktig side ved kritisk tenking: Korleis vi oppfattar verda, kjem an på kvar vi står. Røynda ser annleis ut frå ein annan ståstad. Denne innsikta er viktig å ta med seg av fleire grunnar. For det første kan ho hjelpe oss til å lære meir om perspektiva til kvarandre. Kvifor tenkjer andre som dei gjer? Kvifor vel dei annleis enn eg ville gjort? Men minst like viktig er det at vi kan rette blikket mot oss sjølve og stille dei same spørsmåla: Kvifor tenkjer eg som eg gjer? Kvifor gjer eg dei vala eg gjer?

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

9


1

10

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Kritisk tenking og mangfald I alle klasserom og elles i samfunnet finst det eit mangfald av ulike meiningar som gir oss høve til å sjå verda frå ulike perspektiv. Men er vi alltid like flinke til å gripe denne sjansen? Lyttar vi til kvarandre, eller er vi mest opptekne av å vinne diskusjonar? Kritisk tenking handlar om å halde ein sakleg tone og behandle andre med respekt. Det er først når debattklimaet er trygt og inkluderande, at vi verkeleg kan bli kjende med perspektiva til andre. Det er heller ikkje alle som har lyst til å seie kva dei tenkjer om eit tema, i alle fall ikkje med ein gong. Somme kan ha det på same måte som Kevin i innleiingshistoria og tør ikkje seie høgt kva dei meiner. Somme kan òg vere i tvil om kva dei sjølve meiner. Det er viktig å reflektere over korleis vi best kan bidra til å skape eit godt klima for meiningsmangfald – og dermed for kritisk tenking. Tenk tilbake på innleiingshistoria. Her møtte vi elevar som tenkte kritisk, men òg elevar som var kritiske. Kva er skilnaden på å vere kritisk og å tenkje kritisk?

Det er først når debattklimaet er trygt og inkluderande, at vi verkeleg kan bli kjende med perspektiva til andre.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

11


1

Å vere kritisk og å tenkje kritisk Førestill deg ein kritisk person som heile tida set spørsmålsteikn ved korleis noko blir gjort. Kanskje ser du føre deg ein skeptisk type? Ein som konstant er på jakt etter feil, og som er negativt innstilt til alt og alle? Sidan kritikk ofte er knytt til noko negativt, er det ikkje uvanleg med slike koplingar. Men det er skilnad på å vere «kritisk» i tydinga skeptisk eller negativ og det å verkeleg tenkje kritisk. Dei som er kritiske, feller ganske raskt ein dom basert på forventningar eller til og med eit rykte. Men den som tenkjer kritisk, gjer ei langt grundigare vurdering. Her får du møte Elijah og Filip, som snakkar om klassekompisen Viktor. Kven er mest kritisk i denne situasjonen? Og kven tenkjer kritisk?

Elijah: Fekk du med deg det Nora fortalde, eller? Viktor fekk ein firar på KRLE-prøva. Ho seier at han gjekk opp to karakterar på grunn av manifestering. Filip: What? Manifestering? Er ikkje det magi, liksom? Trur verkeleg Viktor på noko sånt? Elijah: Veit ikkje. Det verkar berre for utruleg at han fekk ein firar sånn heilt utan vidare. Men det kan jo hende at han har ei forklaring? Trur du han meinte noko religiøst med manifesteringa? Vi kan jo spørje og høyre kva han seier.

12

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Ut frå samtalen skjønnar vi at både Elijah og Filip er kritiske til manifestering. Likevel er det noko som skil dei. For mens Filip verkar ganske skråsikker, har Elijah ei meir undersøkjande innstilling. Dialogen viser at Elijah òg tenkjer kritisk. Han er open for ny kunnskap og motførestillingar. Dessutan snakkar han om Viktor på ein respektfull måte. Skilnaden mellom å vere kritisk og å tenkje kritisk kjem òg til uttrykk i desse spørsmåla:

manifestering – går ut på at ein ser føre seg at ein har det ein ønskjer seg, og tek opp att dette for seg sjølv eller skriv det ned om att og om att, som om ein allereie skulle ha det

Korleis kan du tru på Gud? Kvifor trur du på Gud? Mens det første spørsmålet har ein kritisk undertone og fort kan bli oppfatta som negativt, er det andre spørsmålet meir ope. Det er absolutt ingenting i vegen for å spørje om noko vi lurar på, men ordval, tonefall og kroppsspråk kan avsløre kva innstilling vi møter andre med. Kritisk tenking om religion og livssyn er ikkje det same som å vere negativt innstilt til den trua eller overtydinga andre folk har. Det handlar heller ikkje om å kritisere menneske som trur eller ikkje trur, men om å vere open for ulike måtar å forstå verda på. Det handlar om å søkje ny kunnskap. Dei som tenkjer kritisk, gjer seg opp ei meining, men viser òg evne til å skifte meining.

Ordval, tonefall og kroppsspråk kan avsløre kva innstilling vi møter andre med.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

13


1

Kritisk tenking som forsvarsverk Du har kanskje opplevd at nokon har prøvd å lure deg? Ei ekkel kjensle, ikkje sant? Den gode nyheita er at det finst ei løysing. Kritisk tenking er den beste måten å unngå å bli lurt på. Dette er noko vi må trene på heile tida. På mange måtar kan det samanliknast med å byggje opp immunforsvaret i kroppen. Akkurat som vi treng motstandskraft for å få bukt med sjukdom, treng vi eit forsvar mot fordomsfulle ytringar og usaklege eller udokumenterte påstandar. Og for kvar gong vi tenkjer kritisk, byggjer vi eit sterkare forsvarsverk.

Still spørsmål – til deg sjølv! Det handlar ikkje berre om å stille kritiske spørsmål til andre, men òg om stille seg kritisk til det vi sjølve meiner og trur. Kvifor meiner eg som eg gjer? Kven får eg informasjonen min frå? Kven stolar eg på, og kvifor? Kritisk tenking handlar om god vurderingsevne og dømmekraft. Ein god hugseregel er å stille spørsmål av denne typen: Prøver nokon å påverke meg? Kva blir eigentleg sagt? Og like viktig: Kva er det som ikkje blir sagt?

14

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Har du vore i ein diskusjon der du kjende deg misforstått? Kva skjedde, og kvifor blei det slik, trur du? Om du ikkje kjem på noko sjølvopplevd, kan du ta utgangspunkt i noko du har sett eller høyrt.

2

Kva kjenneteiknar ein god diskusjon? Set opp ei liste med minst tre «spelereglar». Gi grunnar og snakk med andre. Bli samde om ei felles topp tre-liste.

3

Kva synest du det er best å gjere dersom nokon seier noko som sårar deg? a late som ingenting sjølv om du er lei deg eller sint b la vere å snakke med personen c snakke med personen og seie kva du meiner d få med deg andre på å stengje ute denne personen Diskuter dei ulike alternativa med andre. Hugs å grunngi svaret ditt.

4

Kva ønskte John Keating å formidle til elevane sine?

5

Kva er skilnaden på å «vere kritisk» og å «tenkje kritisk»?

6

Kva er kritisk tenking? Kvifor er kritisk tenking viktig? Forklar og gi døme.

7

Kven av personane i innleiingshistoria synest du tenkjer mest kritisk? Set opp ei rangering. Grunngi rangeringa di.

Oppgåver

1

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

15


1

Sokrates viser veg Den greske filosofen Sokrates påpeika kor viktig det var at ein alltid stiller spørsmål ved det ein blir fortald. I samtalar med andre kom han med spørsmål og fekk svar, som så blei møtte med nye spørsmål. Gjennom denne samtalekunsten avslørte han kor lite folk visste. Med inspirasjon frå Sokrates har nokon seinare laga ein såkalla trippelfiltertest. Testen bestod av tre spørsmål: Er det som blir sagt, sant? Er det som blir sagt, godt? Er det som blir sagt, nyttig? Dersom du stiller kontrollspørsmål til det du høyrer, ser eller les, og silar svara gjennom sanningsfilteret, godleiksfilteret og nyttefilteret, tenkjer du kritisk. Trippelfiltertesten passar godt når vi skal tenkje kritisk om det vi høyrer, men òg når vi sjølve deler noko med andre.

16

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Dersom du til dømes ser ein video som provoserer eller sjokkerer deg, er det freistande å tenkje at denne videoen må eg berre dele. Likevel er det nettopp i slike situasjonar, når vi er kjenslemessig engasjerte og ikkje kjenner til heile historia, at det er grunn til å spørje: Er det som videoen påstår, sant? Er bodskapen god, eller kan han skade nokon? Og er videoen nyttig? Altså: Får han positive konsekvensar?

Éin ting veit eg: at eg ingenting veit. – Sokrates

Det enklaste er å søkje stadfesting på det vi trur stemmer. Hjernen vår leitar automatisk etter mønster og sorterer informasjon som støttar idear vi allereie har. Det som derimot er mykje vanskelegare, er å vere open for informasjon som seier det motsette av det vi trur eller forventar. Forventningane våre er med oss heile tida og formar det vi ser og oppfattar. Det gjeld både for truande og ikkje-truande menneske. Dersom du til dømes synest at religion påverkar folk negativt, vil du vere meir open for argument som stadfestar det du meiner. Det er derimot meir krevjande å vere open for motargument. Slik er det òg dersom du meiner at religion påverkar menneske positivt.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

17


1 Menneske med same religion eller livssyn har ei felles tru, men dei tilhøyrer ikkje ein meiningsfellesskap.

Unngå generaliseringar Somme kritiserer andre ved å generalisere, men kva betyr det? Du har kanskje høyrt nokon beskrive ei heil gruppe menneske som om dei var like? Ein påstand som «ungdom spelar for mykje dataspel» er eit døme på generalisering. Når ei heil gruppe menneske blir sette i same bås, forsvinn nyansane, og resultatet blir ei overforenkling. Vi veit jo at det finst mange unge som ikkje spelar for mykje dataspel. Det same er tilfellet om vi generaliserer menneske på grunnlag av tru eller livssyn. Påstanden «religiøse menneske er fordomsfulle mot skeive» er fordomsfull i seg sjølv. Han er avgrensande og stemmer ikkje med røynda. Menneske med same religion eller livssyn har ei felles tru, men dei tilhøyrer ikkje ein meiningsfellesskap. Alle tenkjer ikkje likt eller meiner det same.

Ulike perspektiv Det at vi ser livet frå ein avgrensa synsvinkel, er eit poeng som kjem fram i historia om dei blinde mennene og elefanten. Ulike variantar av denne forteljinga finst i mange kulturar og religiøse tradisjonar, men sjølv om versjonane er litt ulike, er bodskapen den same.

18

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Dei blinde mennene og elefanten Det var ein gong seks blinde menn som så gjerne ville ha svar på dette spørsmålet: Kva er ein elefant? Omsider kom dei i kontakt med ein, men sidan ingen av dei kunne sjå, måtte dei føle seg fram på elefanten. Den første mannen kolliderte nesten med det store dyret og påstod at det likna ein mur. Nummer to kjende på støyttennene til elefanten og meinte at dyret likna mest på eit spyd. Den tredje mannen la merke til snabelen, som snodde seg frå side til side. «Ein elefant er som ein slange», sa han sjølvsikkert og triumferande. Nestemann støytte inn i kneet på elefanten og syntest at dyret mest av alt minte om eit tre. Så var turen kommen til den femte mannen. Han tenkte med ein gong at dyret minte om ei vifte, fordi han hadde rørt ved øyret på elefanten. Til slutt slapp den sjette mannen til. Etter å ha kjent på halen var han overtydd: «Ein elefant er akkurat som eit tau.»

Det heile endar i ein krangel mellom mennene om kven som har rett. Kva prøver denne historia å fortelje oss? Alle var skråsikre på at dei sjølve visste best. Men sjølv om ingen av dei tok fullstendig feil, var det heller ingen som hadde heilt rett. Kvar enkelt såg berre elefanten frå sitt eige perspektiv.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

19


1

Saman ser vi heile biletet Vi har eit avgrensa blikk på verda, og for å kunne forstå meir av heilskapen må vi gi plass til fleire perspektiv. Kva trur du ville skjedd dersom mennene berre hadde fått kjenne på éin og same del av elefanten? Sjansen er stor for at krangelen kunne vore unngått, men det ville kanskje ikkje berre vore positivt? Når vi skal løyse enkle oppgåver, er det fint å vere samde. Dersom læraren til dømes vil at de skal rydde klasserommet eller samarbeide om ein quiz, er det ein fordel om de tenkjer likt. Då vil resultatet bli bra utan særlege misforståingar eller diskusjonar. Når det derimot er snakk om meir krevjande oppgåver, kan usemje vere nyttig. Kva om læraren ønskjer at de skal beskrive eit «draumesamfunn», eller at de skal undersøkje kvifor religionsfridom er viktig? I slike situasjonar har de behov for mange ulike perspektiv for å klare oppgåva.

20

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Vi må ha evna til å setje oss inn i perspektiva til andre. Mangfald av stemmer og syn Meiningsmangfald er viktig i alle delar av samfunnet. I Noreg i dag lever folk med ulike religionar, livssyn, familietypar, kjønn, seksuelle identitetar og nasjonalitetar side om side. Og sjølv om vi på mange måtar er ulike, er vi bundne saman av felles mål og verdiar. Utfordringar må vi løyse saman, no og i framtida. Vi må ha evna til å setje oss inn i perspektiva til andre. Eit mangfald av perspektiv kan vere berikande. Og det kan vere nødvendig å kjenne ulike perspektiv for å forstå noko fullt ut.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

21


1

Kjeldekritikk I løpet av åra på ungdomsskulen har du sikkert jobba ein del med kjeldekritikk. Kanskje har du lagt merke til at enkelte debattar kan bli ekstra betente og vekkje sterke kjensler? Tema som kjønn, seksualitet, religion og livssyn skapar harde frontar iblant, spesielt i sosiale medium. Det gir grunn til å dobbeltsjekke kjeldene. Det er viktig å få oversikt over faktagrunnlaget før vi tek stilling til kva vi skal meine. Stemmer det til dømes at muslimar ikkje brukar handsprit fordi det strir imot alkoholforbodet i islam? Eller at påskeegg blir fjerna frå butikkane som ein protest mot kristne høgtider? Begge er døme på usanningar som blir spreidde i sosiale medium.

Det er viktig å få oversikt over faktagrunnlaget før vi tek stilling til kva vi skal meine.

22

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Korleis kan trippelfiltertesten til Sokrates hjelpe oss til å tenkje kritisk?

2

Kva er generaliseringar, og på kva måtar kan generaliseringar vere negative?

3

Kva kan historia om dei blinde mennene og elefanten fortelje oss? Kva kan ho fortelje oss om kritisk tenking?

4

Korleis kunne dei blinde mennene blitt samde? Var det viktig at dei blei samde? Kvifor eller kvifor ikkje? Diskuter med andre.

5

Korleis trur du samfunnet ville vore om alle tenkte likt? Kan du sjå føre deg nokon fordelar? Er det nokon ulemper? Kva veg tyngst – fordelane eller ulempene? Forklar.

6

Kvifor er det viktig å vere kjeldekritisk når du les, ser eller høyrer noko om religionar eller livssyn?

Oppgåver

1

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

23


1

Religionskritikk etikk – læra om det som avgjer kva som er moralsk rett eller gale

Nicolaus Copernicus polsk astronom 1473–1543

24

Religionskritikk handlar om å sjå på læra og tradisjonane i religionane med eit kritisk blikk. Nokre religionskritikarar er mest opptekne av kva slags forhold religionane har til vitskap, mens andre legg meir vekt på etiske spørsmål, slik som synet på abort eller haldningar til skeive i religiøse miljø. Om vi går langt tilbake i historia, var det vanleg at kritikken kom innanfrå, frå menneske som sjølve var religiøse. Ein av desse var den polske astronomen Nicolaus Copernicus. Han kritiserte kyrkja for å ha eit utdatert verdssyn. Gjennom forskinga si hadde han komme fram til at det var sola, og ikkje jorda, som var sentrum i universet. Det nye verdsbiletet med sola i sentrum var ekstremt provoserande for mange. Det stemde ikkje med det kyrkja på den tida hadde forkynt om mennesket sin plass og den naturlege jordog solordenen. Men trass i motstanden heldt Copernicus fram med å tru. Han såg føre seg at Gud hadde skapt verda etter eit matematisk mønster.

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Religionskritikk handlar om å sjå på læra og tradisjonane i religionane med eit kritisk blikk.

Framleis finst det truande som kritiserer religionane innanfrå. Tenk berre på meiningsmangfaldet i Den norske kyrkja i dag. Somme medlemmer meiner at kristne miljø har tilpassa seg samfunnet i for stor grad, til dømes ved å tilsetje kvinnelege prestar. Andre meiner at kyrkja framleis er for trongsynt og treng meir modernisering. Felles for begge gruppene er at dei kritiserer fordi dei ønskjer å påverke og forandre kyrkja innanfrå. Likevel kjem den tyngste religionskritikken i dag utanfrå – frå menneske som ikkje trur sjølve. Desse kritikarane kallar seg gjerne ateistar eller agnostikarar. Ein ateist er ein person som ikkje trur på ein gud eller fleire gudar. Ateisten utelukkar at Gud eksisterer, og at det finst eit liv etter døden. Ein agnostikar opnar opp for tvil og avviser ikkje blankt at det kan finnast ei overnaturleg røynd. Ingen kan vite sikkert om Gud eksisterer, poengterer agnostikaren. Både ateistar og agnostikarar har bidratt til å påverke religionar utanfrå og til at religionane har fått ein mindre sentral plass i samfunnet.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

25


1

Opplysningsfilosofane meinte at menneske ikkje skulle godta blindt det dei blei fortalde av dei som styrte i samfunnet.

Opplysningstida

Voltaire fransk historikar 1694–1778

26

Frå slutten av 1600-talet tok fleire europeiske filosofar eit oppgjer med det dei såg på som undertrykkjande idear i samfunnet. Målet var at folk skulle bli klokare og meir klartenkte og kunnskapsrike. Fridom, framsteg og fornuft var kjerneverdiane deira. Opplysningsfilosofane meinte til dømes at menneske ikkje skulle godta blindt det dei blei fortalde av dei som styrte i samfunnet. Dei var opptekne av at kvart enkelt menneske skulle bruke fornufta si og tenkje kritisk. Dei aller fleste opplysningsfilosofane tok ikkje eit oppgjer med kristendommen, men mange av dei var opptekne av maktkritikk. Ein av dei mest kjende, den franske filosofen Voltaire, skulda prestane i kyrkja for å vere intolerante. Det var òg vanleg blant opplysningsfilosofane å kritisere kyrkja for å lære folk om mirakel, noko dei meinte var uvitskapleg. Opplysningsfilosofane sette fridom høgt og sådde tvil om religiøse leiarar som påstod at det berre var dei som kjende sanninga. Det var viktig at folk sjølve fekk høve til å velje fritt om eller på kva måte dei skulle tru.

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Vi kan verken bevise eller motbevise at Gud eksisterer, at sjela er udødeleg, eller at viljen er fri, men ifølgje Kant bør vi rekne med at alt dette er sant. Den tyske filosofen Immanuel Kant er eit av dei store namna frå opplysningstida. Han var overtydd om at fornufta var den beste kjelda til kunnskap. Men fordi vi menneske ser på oss sjølve som ein del av noko større, ønskjer vi heile tida å teste grensene for fornufta. Finst Gud? Har mennesket ei udødeleg sjel? Kva er meininga med livet? Slike spørsmål vil vi aldri kunne svare på ved hjelp av fornufta, meinte Kant. Vi kan til dømes verken bevise eller motbevise at Gud eksisterer, at sjela er udødeleg, eller at viljen er fri, men ifølgje Kant bør vi rekne med at alt saman er sant. Då får mennesket eit meir meiningsfylt liv – det gjeld særleg den moralske sida av livet.

Immanuel Kant tysk filosof 1724–1804

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

27


1

Religionskritikarar på 1800- og 1900-talet

autoritet – ein som har makt og innverknad

På 1800-talet blei religionskritikarane i større grad opptekne av kva påverknadskraft religionen hadde på livet til menneska. Den tyske filosofen Ludwig Feuerbach meinte at mennesket hadde skapt Gud. Biletet vårt av Gud har blitt til ut frå ein idé om korleis menneska sjølve skulle ønskje at dei var: sterke, perfekte og udødelege. Når vi vender oss til Gud for å be, er det eigentleg oss sjølve vi tilber, meinte Feuerbach. Sigmund Freud var ein kjend psykolog som samanlikna religion med ønskjetenking. Han meinte at vi menneske treng gudane for å kjenne oss trygge i ei usikker verd. Mennesket klamrar seg til eit håp om eit liv etter døden, ifølgje Freud. Freud såg på religion som noko røyndomsfjernt. I mange religionar fungerer Gud som ein farsfigur, ein autoritet, som påskjønnar og straffar på same måte som ein far. Fordi vi menneske har eit barnsleg behov for vern, treng vi religion som ei slags trøyst. Freud meinte at vi burde lære oss å takle vår eiga uvisse. I staden for å forhalde oss til ei draumeverd må vi bli modne og ta ansvar for livet vårt.

Freud meinte vi burde lære oss å takle vår eiga uvisse.

28

Ludwig Feuerbach tysk filosof

Sigmund Freud austerriksk psykolog

1804–1872

1856–1939

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Karl Marx var ein filosof og politisk tenkjar som meinte at religion held mennesket fast i ei form for ufridom. «Religion er opium for folket», sa han ein gong, ei setning som har blitt ståande som eit av dei mest berømte sitata av han. Religion sløvar oss ned, bedøver oss og gjer oss mindre skjerpa, akkurat som eit rusmiddel, hevda Marx. Han meinte at fattige blei utnytta økonomisk av rike arbeidsgivarar. Derfor ønskte han at dei skulle gjere motstand og kjempe imot. Ifølgje Marx er problemet med religion at folk lett kan bli likegyldige til det som skjer her og no. Vi bør vakne opp frå «den religiøse rusen» for å skape ei betre verd mens vi lever. Marx frykta at folk blei passive på grunn av religion.

Karl Marx tysk filosof og politisk tenkjar 1818–1883

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

29


1

30

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Dawkins kritiserer religionane for å gi plass til ei overnaturleg røynd. Han meiner at vi må søkje kunnskap gjennom det som lèt seg observere eller teste.

Richard Dawkins, britisk biolog

Religionskritikk i dag Mykje av religionskritikken i dag byggjer vidare på idégrunnlaget frå opplysningstida og tankane til Feuerbach, Freud og Marx. Men i tillegg til denne historiske arven er det særleg eitt tema som har blitt mykje diskutert i vår tid: forholdet mellom religion og vitskap. Ikkje minst har biologen Richard Dawkins (1941–) skapt overskrifter med den skarpe religionskritikken sin. Han har mellom anna delteke i fleire debattar som er publiserte på digitale plattformer og har nådd ut til eit stort publikum. Dawkins både engasjerer og provoserer og er kjend for å stille kritiske spørsmål: Er tru blind aksept? Står religion i vegen for fornuft og vitskapleg tenking? Dawkins kritiserer religionane for å gi plass til ei overnaturleg røynd. Han meiner at vi må søkje kunnskap gjennom det som lèt seg observere eller teste. Ifølgje Dawkins er det vitskapen som fører verda framover. Tenk tilbake på innleiingshistoria. Der argumenterte elevane for at det å tru er noko anna enn det å vite. Fleire av dei trekte dessutan fram at det ikkje er nokon motsetnad mellom tru og vitskap. Tvert imot. Religion og vitskap kan utfylle kvarandre. Vi treng vitskapleg kunnskap for å forstå verda, men andre erfaringar kan òg vere verdifulle.

aksept – det å godta noko

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

31


1

Eit besøk på eit naturhistorisk museum kan lære deg om korleis livet starta, men det er ikkje nødvendigvis der du finn svar på kva som er meininga med livet. Til alle tider har mennesket prøvd å finne svar på eksistensielle spørsmål i ulike religionar eller livssyn. Det finst spørsmål som religionane kan gi svar på, men dei er ikkje nødvendigvis av same typen som dei spørsmåla vitskapen svarar på.

Eit besøk på eit naturhistorisk museum kan lære deg om korleis livet starta, men det er ikkje nødvendigvis der du finn svar på kva som er meininga med livet.

32

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Kva er religionskritikk?

2

Kva er skilnaden på innanfrå- og utanfrå-perspektiv på religionar og livssyn?

3

Kva er ein ateist? Kva er ein agnostikar?

4

Når var opplysningstida i Europa? Kva var spesielt for denne perioden?

5

Skriv to korte tekstar om opplysningsfilosofane Voltaire og Kant. Få fram kven dei var, og kva dei tenkte om religion.

6

Kven var Ludwig Feuerbach, og kva meinte han om religion?

7

Kven var Sigmund Freud? Kva meinte Freud om religion? Skriv ein kort tekst om han. Bruk minst éi anna kjelde i tillegg til boka.

8

Kven var Karl Marx? Kva meinte Marx om religion? Skriv ein kort tekst om han. Bruk minst éi anna kjelde i tillegg til boka.

9

Er det ein motsetnad mellom tru og vitskap? Grunngi svaret ditt.

10

Kva meiner du kan vere positivt med religionskritikk? Kva kan vere negativt?

Oppgåver

1

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

33


1

Ytringsfridom og religionsfridom Ytringsfridom og religionsfridom er verdifulle menneskerettar. Begge er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn og viktige for at vi skal kunne leve eitt fritt liv. Men kva skal vi gjere dersom desse rettane kjem i konflikt med kvarandre? Det finst ikkje eit fasitsvar på det spørsmålet. Her kjem kritisk tenking inn: Kva omsyn skal vege tyngst i ulike situasjonar? Korleis bør til dømes samfunnet reagere dersom religiøse symbol blir øydelagde? Er det best å forby, avgrense eller tillate denne forma for kritikk?

Sitat

34

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Skilnad på kritikk og hets For det første er det viktig å skilje mellom kritikk av religionar og kritikk av dei som trur. Det er eit poeng når vi sjølve deltek i debattar, men òg for rettsstaten vår. Norsk lov fortel oss at religionskritikk er tillate. Religionskritikk føreset ytringsfridom, men hatefulle ytringar er ikkje det same som religionskritikk. Det er lov å kritisere innhaldet i religionane, men det er ikkje lov å hetse folkegrupper eller oppmode til vald. Det er heller ikkje tillate å krenkje nokon ved å angripe menneskeverdet deira. Det er med andre ord greitt å kritisere nokon for det dei meiner, men ikkje for den dei er. Av og til kan det vere vanskeleg å skilje mellom kva som er lovleg religionskritikk, og kva som er hat og rasisme. Det kan vere relevant å stille spørsmål om motivet. Var poenget å utløyse vald eller opptøyar? I slike tilfelle kan det vere snakk om straffbare handlingar. Har du nokon gong lurt på kvifor politiet vernar demonstrantar? I utgangspunktet kan dette verke litt merkeleg, men politiet er ikkje til stades fordi dei støttar meiningane til demonstrantane. Politiet er der for å sørgje for at ytringsfridommen blir respektert. Det er ytringsfridommen som blir verna, ikkje synspunkta.

menneskeverd – verdien til mennesket, det at alle menneske er like mykje verde

Av og til kan det vere vanskeleg å skilje mellom kva som er lovleg religionskritikk, og kva som er hat og rasisme.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

35


1

Kvifor er ytringsfridom og religionsfridom viktig? Ytringsfridommen skal forsvare idear som har eller kan få noko å seie for samfunnet. Tenk på menneske som i si tid kjempa for verdiar vi tek for gitt i dag, men som følte seg motarbeidde då dei levde. Hadde det vore opp til motstandarane deira, hadde dei ikkje fått seie meininga si. Takka vere ytringsfridommen har mange idear ført til samfunnsendringar. I Noreg er Henrik Wergeland (1808–1845) eit døme på dette. Han er kanskje mest kjend som forfattar, men han var òg politisk engasjert. Wergeland gjekk inn for å få oppheva ein paragraf i Grunnlova som nekta jødar å flytte til Noreg. Først i 1851, seks år etter at Henrik Wergeland døydde, fekk forslaget hans gjennomslag. Då blei det fleirtal på Stortinget for å ta bort paragrafen. Vi kan seie at måten Henrik Wergeland brukte ytringsfridommen på, bidrog til meir fridom for andre menneske – i dette tilfellet ein religiøs minoritet. I 1842 blei diktet «De Tre» publisert. Tittelen viser til verdsreligionane islam, jødedom og kristendom. Gjennom diktet får Wergeland fram at religionane er likestilte og likeverdige. Eit kjent sitat frå diktet understrekar dette poenget: «Enhver Religion har et mildt og kjærligt Hjerte.»

Enhver Religion har et mildt og kjærligt Hjerte.

Henrik Wergeland norsk forfattar

1808–1845

36

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Ytringsfridommen, religionsfridommen og religionskritikken trenar oss opp i toleranse, altså til å tole meiningar vi er sterkt usamde i.

Ytringsfridom og religionsfridom heng tett saman. Ytringsfridommen gir menneske rett til å gi uttrykk for idear – òg idear som andre mislikar. På same måte gir religionsfridommen menneske rett til å tru og meine noko som andre tek avstand frå. Om vi vil ha religionsfridom, må vi òg akseptere religionskritikk – og omvendt. Det er nettopp det toleranse handlar om. Ytringsfridommen, religionsfridommen og religionskritikken trenar oss opp i toleranse, altså til å tole meiningar vi er sterkt usamde i. Det er avgjerande i eit fritt og mangfaldig samfunn. Både religionsfridom og religionskritikk føreset ytringsfridom. Det ville til dømes ikkje vore mogleg å snakke om trua si eller å kjempe mot diskriminering utan ytringsfridom. Utan ytringsfridommen kan vi verken forsvare eller kritisere religiøse idear. Ytringsfridommen er med andre ord like viktig for dei som trur, som for dei som ikkje trur.

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

37


1

Fridom og ansvar

sensur – kontroll av til dømes bøker og medium

Av og til skapar hets eit utrygt debattklima. Det kan ramme enkeltmenneske, men er òg eit demokratisk problem. Hets kan skje på nettet, i media eller i fysiske møte mellom menneske. Same kvar hetsen skjer, skadar han ytringsfridommen og religionsfridommen. Om vi vil ta vare på demokratiet vårt, må vi kunne engasjere oss utan frykt for hat, sensur eller utestenging. Samtidig må vi tole kritikk. Dersom nokon er usamd med deg, blir du motsagd. Det betyr ikkje at nokon tek frå deg retten til å seie, meine og tru kva du vil. Det er eit viktig skilje. Eit anna viktig skilje og ei absolutt grense er bruk av vald. Same kven vi er, og kva vi meiner, må vi ta avstand frå vald og trugsmål. Ytringsfridom betyr ikkje at vi må seie alt vi meiner. Ingen får mindre fridom av å ta omsyn til andre. Det kan vere verdifullt å stille seg dette spørsmålet: Står fridommen min i vegen for fridommen til andre? Fridom gir deg ikkje rett til å seie eller gjere alt du vil, men til å vere deg sjølv, setje eigne grenser og gjere eigne val. Fridom og ansvar er to sider av same sak. Derfor må vi forstå at vala våre ikkje berre påverkar oss sjølve, men òg andre menneske. Men kva er rett å gjere i ein bestemd situasjon? Kva val skal vi gjere som er til det beste for oss sjølve og andre? Det er ikkje alltid like lett å vite, men kritisk tenking kan i alle fall støtte oss i krevjande situasjonar og fungere som eit godt verktøy når vi skal gjere kloke val.

Fridom gir deg ikkje rett til å seie eller gjere alt du vil, men til å vere deg sjølv, setje eigne grenser og gjere eigne val.

38

KRLE 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

Det er viktig å forstå at vala våre ikkje berre påverkar oss sjølve, men òg andre menneske.


Kvifor er religionsfridom og ytringsfridom grunnleggjande verdiar i eit demokratisk samfunn? Forklar.

2

Kvifor er det spesielt viktig å tenkje kritisk i debattar der ulike menneskerettar står i konflikt med kvarandre?

3

Kva betyr ytringsfridom? Er ytringsfridommen avgrensa i norsk lov? Undersøk nærmare. Bruk pålitelege kjelder.

4

Kva betyr religionsfridom? Er religionsfridommen avgrensa i norsk lov? Undersøk nærmare. Bruk pålitelege kjelder.

5

Kva er skilnaden på kritikk og hets? Forklar.

6

Er det tillate å kritisere religionar ifølgje norsk lov? Forklar nærmare.

7

Kvifor er ytringsfridom og religionsfridom viktig?

8

Snakk saman, og finn fram til enkeltmenneske, slik som Henrik Wergeland, eller organisasjonar som har brukt ytringsfridommen og kjempa fram samfunnsendringar.

9

Korleis kan vi bidra til trygge debattar i sosiale medium?

10

Tenk deg at du er stranda på ei aude øy saman med 99 andre. Ingen av dykk får kontakt med omverda, og de må mest sannsynleg bli der på ubestemd tid. Korleis vil de skape eit nytt samfunn? Kva verdiar synest de at samfunnet bør styrast etter, og korleis skal de tenkje for at alle skal kjenne seg trygge og inkluderte? Snakk saman, og diskuter ulike forslag til løysingar.

Oppgåver

1

KAPITTEL 1 KRITISK TENKING

39


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.