Kaleido 6 Grunnbok B, kap.1 (nynorsk)

Page 1



Ingeborg Anly Tove Stjern Frønes

Grunnbok B

Nynorsk


INNHALD 5. Fortel meir!

side 4

Å komponere ei forteljing

side 6

7 tips som gjer ei forteljing spennande

side 12

1. Skriv om viktige saker!

side 13

2. Snu om på rekkjefølgja!

side 15

3. Legg inn hindringar!

side 20

4. La lesaren kjenne seg att!

side 25

5. Hald på hemmelegheitane ei stund!

side 34

6. Vis, ikkje forklar!

side 36

7. La tida gå sakte!

side 40

Eksempeltekst:

Forteljing

side 42

Språk og grammatikk:

Verb

side 44

Skriv ei forteljing!

side 53

Oppsummering

side 59

6. Noko å tenkje på

side 60

Kva vil det seie å reflektere?

side 64

Les og reflekter

side 69

Kva passar kvar?

side 73

Å skrive ein reflekterande tekst

side 77

Eksempeltekst:

Reflekterande tekst

side 78

Språk og grammatikk:

Pronomen

side 80

Å dempe eller forsterke språket

side 82

Skriv ein reflekterande tekst!

side 84

Oppsummering

side 89


7. Snakk om språk

side 90

Vi snakkar ulikt

side 92

Ord på vandring

side 100

Tilpass språket ditt!

side 116

Namn på stader og personar

side 121

Språk og grammatikk:

Syntaks

side 129

Ver språkforskar!

side 138

Oppsummering

side 143

8. På ein ny måte

side 144

Adaptasjon – kva er det?

side 146

Til scenen!

side 147

Eksempeltekst:

Frå bok til manus

Lær deg boblespråket

side 159 side 166

Eksempeltekst:

Frå bok til teikneserie

side 179

Språk og grammatikk:

Interjeksjonar

side 185

Del orda rett

side 187

Lag ein adaptasjon!

side 189

Oppsummering

side 195

Rettskriving

side 196

Oppsummering

side 208


5

4

Fortel meir!


FORTEL MEIR! Snakk om biletet

Ekspertord

Kven handlar forteljinga om?

Når og kvar trur de historia skjer?

Kva trur de har hendt før i historia?

Kva trur de har skjedd med statuen?

Kva seier personane? Kom med forslag til replikkar.

Korleis kan situasjonen i forteljinga løysast for den kvitkledde?

komponere konflikt ytre handling indre spenning tilbakeblikk frampeik kronologi

kva som gjer forteljingar spennande å lese

Dette ska du lære: l

å planleggje handlinga i ei forteljing med hjelp av ei tidslinje

tidslinje realistiske forteljingar fantastiske forteljingar forteljarstemme synsvinkel

å velje synsvinkel og forteljemåtar i ei forteljing

verkemiddel

å komponere og skrive ei forteljing

oppslagsform

å bøye verb i fleire tider, i notid, fortid og framtid

forteljemåte

presens perfektum preteritum perfektum

5


5

Fortel meir!

Å komponere ei forteljing Forteljingar kan vere korte eller lange, og dei kan handle om alt mogleg. På skulen snakkar vi vanlegvis om samanhengande tekstar som forteljingar. Men i Kaleido finn du òg mange dikt og songar som fortel ei historie, og som vi kan kalle forteljingar. Teikneseriar kan anten vere korte forteljingar som blir viste i ei stripe, eller lange forteljingar som er teikna over mange sider. Kanskje du kan komme på ein reklame som er ei forteljing òg?

Du finn mange ulike typar forteljingar på side 142–168 i tekstboka.

I dette kapittelet skal du øve på å komponere forteljingar sjølv. Å komponere er å setje saman tekstar, musikkstykke eller bilete til ein heilskap. I musikken har vi klang, rytmar og tempo som hjelper melodien. I fotografi og måleri betyr fargar og plassering mykje for å få fram det biletet viser. I forteljingar er det handlinga som er viktigast. Men at det skjer mykje, er ikkje det einaste som skal til for å skrive ei god forteljing. Når vi snakkar om å komponere forteljingar, meiner vi måten handlinga blir fortald på. Den same historia kan ende opp som svært ulike forteljingar, alt etter korleis dei er komponerte.

Erindringens bestandighet eller Seige minne frå 1931 av Salvador Dalí

6


Fortel meir!

5

To måtar å fortelje den same historia på Les dei to forteljingane, og legg merke til måtane handlinga blir fortald på.

Den store mambaen I boka På egne vinger har Roald Dahl skrive ned historier frå sitt eige liv, mellom anna om då han budde i Tanzania og fekk sjå ein grøn mambaslange ta seg inn den opne døra i eit bustadhus. Han fekk varsla familien som budde i huset, så dei kom seg ut, og så henta dei ein slangefangar. Her står Dahl og Fuller på verandaen og ser på slangefangaren og den dødelege slangen.

Frå På egne vinger av Roald Dahl

No begynte slangemannen sakte, svært svært sakte, å røre seg mot veggen slik at han kunne få auge på slangen som låg bak sofaen. Han rørte seg ikkje på tå, slik du og eg ville ha gjort. Føtene hans løfta seg ikkje frå golvet i det heile. Dei digre kuskinnstøvlane var akkurat som mokasinar. Dei hadde verken solar eller hælar. Ganske roleg arbeidde han seg nærmare veggen, og der han no stod, måtte han sikkert kunne sjå i alle fall hovudet og ein halvmeter eller så av slangekroppen. Men slangen hadde fått auge på han òg. Rørsla var så rask at det ikkje ein gong gjekk å oppfatte ho. Slangehovudet var over halvmeteren over golvet, og kroppen strekte seg bakover, klar til hogg. Nesten samtidig rulla han saman kroppen sin i fleire ringar, klar til å skyte framover. Slangemannen var akkurat litt for langt unna slangen til å nå han med enden av stonga. Han venta, stira på slangen, og slangen stira tilbake med to små, vondskapsfulle svarte auge. Så begynte slangemannen å snakke til slangen: «Kom igjen. Så fin du er», kviskra han med mjuk, smigrande stemme. «Du er så grei, så. Ingen skal gjere deg noko, forstår du. Du er så vakker. Berre ligg heilt stille og ta det med ro …» Han tok eit steg framover mot slangen mens han heldt stonga framfor seg. Det slangen no gjorde, skjedde så fort at heile rørsla ikkje kunne ha teke meir enn eit hundredels sekund. Det var akkurat som klikket frå eit fotografiapparat. I eit grønt glimt kasta slangen seg framover minst tre meter og hogg etter beinet til slangemannen. Ingen kunne ha redda seg unna eit slikt hogg. Eg høyrde slangen smelle mot den tjukke kuskinnstøvelen. Knakk, sa det, lågt og skarpt. Og straks var hovudet tilbake på plass i den same 7


5

Fortel meir!

bakoverbøygde stillinga, klart til å hogge endå ein gong. «Du er ein grei kar», sa slangemannen mjukt. «Flink er du òg. Og så vakker. Du må ikkje bli uroleg. Ta det med ro no, så skal alt gå greitt.» Mens han snakka, seinka han veldig sakte enden av stonga heilt til gaffelen aller ytst var omtrent tretti centimeter over kroppen til slangen. «Så fin du er», kviskra han. «Du er så snill og grei. Ta det berre heilt roleg, guten min. Ligg heilt stille no. Berre ligg heilt stille. Gamlefar skal ikkje gjere deg noko vondt.» Eg såg at det rann ei mørk stripe spytt nedover den høgre støvelen til slangemannen der slangen hadde hogge. Slangen var spent som ei stålfjør, med hovudet løfta bakover, klar til å hogge endå ein gong: «Ver heilt roleg, guten min», kviskra slangemannen. «Ikkje rør deg. Ligg stille. Ingen skal gjere deg noko vondt.» Så svusj fall gummigaffelen rett ned over slangekroppen, omtrent midt på, og no var slangen nagla til golvet. Det einaste eg kunne sjå, var noko grønt, utydeleg noko – slangen kasta seg i alle retningar i eit vilt forsøk på å komme fri, men slangemannen pressa gaffelen hardt mot golvet, og slangen var fanga. Roald Dahl

Den store mambaen – versjon 2 Slangemannen begynte å røre seg sakte mot der slangen låg. Men då fekk slangen auge på han og glei raskt fram frå sofaen. Slangemannen prata lågt til mambaen, men plutseleg hogg slangen til i støvelen til slangemannen. Mens mambaen gjorde seg klar til neste hogg, greidde slangemannen å hypnotisere han med småprat så han ikkje la merke til stonga som nærma seg ovanfrå. Så fanga slangemannen slangen med stonga, som hadde ein gummigaffel i enden.

8


Fortel meir!

5

Oppgåver til tekstane 1. Kva for ein av dei to versjonane synest du er mest spennande? Grunngi svaret ditt. 2. Finn og beskriv skilnader mellom dei to versjonane av «Den store mambaen». Du skal først finne fem skilnader i måten teksten er skriven på. Deretter kan du sjå om du finn fem innhaldselement som er med i den første teksten, men som ikkje er med i kortversjonen. Øv meir på å samanlikne to versjonar av ei forteljing på side 144–145 i tekstboka.

9


5

Fortel meir!

Delane i forteljinga Forteljingar har ei opning, ein slutt og ein eller fleire delar i midten der handlinga skjer. Forteljinga blir ofte meir og meir spennande – til ho når ein spenningstopp som vi kallar høgdepunkt. Slutten på forteljinga roar ned handlinga og rundar av. Ikkje alle forteljingar har eit høgdepunkt, andre har mange høgdepunkt i handlinga. Uansett kor mange høgdepunkt ei forteljing har, så grip ei god forteljing tak i lesarane og held oss fast. Vi lurer på kva som skjer vidare, og korleis det går. Opninga er den viktigaste delen for å gripe fatt i lesaren. I midten blir lesinga driven framover om vi framleis synest det er spennande, og vi blir med til slutten for å finne ut kva som skjer med hovudpersonen.

Oppgåver til teikneserien 1. Sjå på teikneserien saman og diskuter kva som skjer. • • • • •

Kva personar er med i teikneserien? Kva skjer i den første ruta? Korleis reagerer jenta? Forstår du reaksjonen? Kva skjer etter at ho har lagt seg? Det er to ting som gjer at ho blir i betre humør. Kva er dei to?

2. Kva rute synest du inneheld mest spenning? 3. Jobb i par. Skriv ein tekst saman om handlinga i denne forteljinga.

10


Fortel meir!

5

11


5

Fortel meir!

7 tips som gjer ei forteljing spennande Det er lett å tenkje at det som skjer i forteljinga, er det som gjer henne spennande. Men har du tenkt på at nokon har planlagt og skrive historia på ein spesiell måte for at vi skal synast det er spennande? No skal du få høyre korleis ein forfattar tenkjer. Når du byggjer opp spenninga, gjer du lesaren meir og meir utolmodig etter å lese vidare og få vite korleis det går. Eit triks er å ikkje fortelje alt på ein gong, men bruke lang tid på kvar del. Det er fleire måtar å komponere forteljingar på. Her har du sju tips og verkemiddel som forfattarar brukar for å drive lesarane vidare. I resten av kapittelet skal du bli betre kjend med desse tipsa.

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.

Skriv om viktige saker! Snu om på rekkjefølgja! Legg inn hindringar! La lesaren kjenne seg att! Hald på hemmelegheitane ei stund! Vis, ikkje forklar! La tida gå sakte! Du kan lese tekstar der desse verkemidla blir bruka på side 169– 202 i tekstboka.

12


Fortel meir!

5

1. Skriv om viktige saker! Det må bety mykje for hovudpersonen at konflikten blir løyst. Om det er fare for at nokon kan bli skadd eller bli borte for alltid, blir det meir spennande. Men kva som er viktige saker, kjem heilt an på kva du gjer viktig for hovudpersonen – kva som er konflikten i forteljinga. Kanskje nokon blir uvenner og det gjeld å redde eit vennskap? Eller gjeld det å finne att farfars briller før han veit at dei er borte? Berre du skriv godt nok om det, kan lesarane gå med på nesten kva som helst.

Konflikten i forteljinga – ofte eit problem hovudpersonen har, ei oppgåve som må løysast, eller noko som må endrast

Om du finn på karakterar som vi likar, kjenner vi oss lettare att og lever oss inn i forteljinga. Det er meir spennande enn om konflikten gjeld nokon vi ikkje likar. Dei vi heiar på, er nesten alltid heltane, og dei har oftast ein personlegdom som er lett å hugse og lett å like. Berre tenk på Oskeladden, Pippi Langstrømpe, Harry Potter og Gummi-Tarzan – kva er det med desse karakterane som er lett å hugse og lett å like?

Ytre handling Når vi snakkar om å gjere forteljingar spennande, er det lett å sjå for seg at det er mykje som skjer med hovudpersonane. Om nokon reiser eller møtest, eller det hender mykje med personane, kallar vi det ytre handling.

Sjå på illustrasjonen. Kva trur du har hendt?

Les forteljingar med ytre handling på side 146–155 og 181–185 i tekstboka.

13


5

Fortel meir!

Les forteljingar med indre spenning på side 170–176 og 146– 155 i tekstboka. Frå Katten til Ivar Aasen av Ragnar Hovland

Indre spenning Men handlinga kan like gjerne skje inni hovudpersonen, det vi kallar indre spenning. Hovudpersonen kan ha dårleg samvit for noko. Det kan òg vere ei viktig avgjerd som hovudpersonen må ta, eller andre vanskelege tankar som blir løyste i forteljinga.

Lyn og torden Eg håper det snart begynner å lyne og tordne slik at du blir redd og gøymer deg under trappa. Då skal eg kome og halde rundt deg og når alt er over, og du vil ut att, så seier eg: Eg såg eit lyn til. Ragnar Hovland

Oppgåver om ytre handling og indre spenning 1. Jobb saman. Set opp ei liste over viktige saker som forteljingar kan handle om. Bli inspirerte av forteljingar de hugsar frå bøker, spel eller filmar. Kva er problemet som set i gang handlinga? 2. Sjå på «Den store mambaen» på nytt. Er det ytre handling eller indre spenning som er viktigast? 3. Har du lese ei forteljing der det skjer veldig lite, men som likevel er spennande? Del henne med dei andre, eller skriv ned tittelen. 4. Tenk på ein draum du har hatt. Kunne han ha blitt ei spennande forteljing om du skreiv han ned? Del han med dei andre, eller skriv ned ideen din. 5. Les diktet «Lyn og torden». Kva skjer eigentleg med hovudpersonen (eg) i diktet?

14


Fortel meir!

5

2. Snu om på rekkjefølgja! Når du komponerer ei forteljing, treng du ikkje fortelje alt som skjer, i den rekkjefølgja det hender. Det finst andre måtar å få lesaren til å bli nyfiken på kva som eigentleg har hendt. Tilbakeblikk fortel om noko som hende før, og frampeik fortel om noko som kjem seinare. Når du fortel nøyaktig kva som hende, i den same rekkjefølgja alt gjekk føre seg, fortel du i kronologisk rekkjefølgje. Dette er det vanlegaste når vi fortel att noko til kvarandre. Eventyr og andre munnlege forteljingar som fablar og vitsar, følgjer òg kronologisk rekkjefølgje. Vi seier at handlinga er framstilt kronologisk. Ein vanleg måte å begynne slike forteljingar på, er ei skildring av staden der noko skjer, eller av personane som er med. Eventyret om bjørnen som blei stubbrumpa, er ei kronologisk forteljing.

Les forteljingar med tidsveksling på side 162, 177– 180 og 146–155 i tekstboka.

15


5

Fortel meir!

Då bjørnen blei stubbrumpa stubbrumpa – med stutt, kappa hale tverrykkje – dra hardt og brått

Veit du om andre eventyr eller historier der reven er lur?

Bjørnen møtte ein gong reven, som kom luskande med eit knippe fisk han hadde stole. – Kvar har du fått det frå? spurde bjørnen. – Eg har vore ute og fiska, herr bjørn! svara reven. Så fekk bjørnen òg lyst til å lære å fiske og bad reven seie korleis han skulle bere seg åt. – Det er ein enkel kunst for deg, svara reven, og han er snart lært. Du skal berre gå ut på isen, hogge deg eit hol og stikke rumpa nedi, og så må du halde ho der bra lenge. Du må ikkje bry deg om at det svir litt i ho, det er når fisken bit. Di lenger du kan halde ho der, di meir fisk får du. Og rett som det er, skal du tverrykkje opp! Ja, bjørnen gjorde som reven hadde sagt, og heldt rumpa lenge og vel nedi holet, til ho var frosen godt fast. Så tverrykte han rumpa – tvers av. Det er derfor bjørnen er stubbrumpa den dag i dag.

Oppgåver til teksten 1. Kvifor mista bjørnen halen sin? 2. Kan du setje namn på delane i eventyret over? Bruk orda opning, slutt, høgdepunkt og midtdel. 3. Tenk på ein spennande film du har sett. Var det eit høgdepunkt i handlinga? Kva var det som gjorde det spennande fram til då?

16


Fortel meir!

5

Å bryte opp rekkjefølgja Handlinga i ei forteljing kan plasserast inn på ei tidslinje etter den kronologiske rekkjefølgja hendingane skjer i. Dette er ofte ikkje den same rekkjefølgja som handlinga blir fortalt i. Tenk deg at du står midt på tidslinja, der no er. Om du ser deg tilbake (mot det som hende før), er det eit tilbakeblikk. Om du ser framover (mot det som kjem til å hende seinare), er det eit frampeik.

Før

No

Seinare

Når du komponerer forteljingar, kan du bryte opp den kronologiske rekkjefølgja for å gjere det meir spennande. Du kan for eksempel la lesaren komme inn i handlinga i ein spennande augneblink (in medias res) og etter kvart avsløre kva som har hendt før. Då bryt du kronologien med tilbakeblikk. Du kan òg leggje inn hint i teksten om kva som kjem til å skje seinare, det vi kallar frampeik.

For lenge sida

Før

No

Seinare

Før du skriver en fortelling, kan du lage en tidslinje der du skriver eller tegner det som skjer.

Hugsar du dette frå Kaleido 5? ? Tre måtar å begynne ei forteljing på: • in medias res • miljøskildring • personskildring

I framtida

17


5

Fortel meir!

Oppgåver til illustrasjonane 1. Sjå på illustrasjonane, og set dei saman til ein teikneserie som fortel ei historie. Bruk kopioriginalen, klipp ut bileta, og legg dei etter kvarandre. Fleire rekkjefølgjer er moglege. Presenter teikneseriane dykkar for kvarandre. 2. Lag kvar si tidslinje over teikneseriane. Etterpå samanliknar de og ser på korleis forteljinga blir annleis med ulike rekkjefølgjer.

18


Fortel meir!

5

Då reven lurte meg og eg mista rumpa! – Du må ikkje bry deg om at det svir litt når fisken bit, sa reven til meg då han skulle lure meg til å fiske med rumpa. Jommen sa eg smør. Eg kunne jo ikkje vite at han hadde stole dei fiskane og ikkje fiska dei med halen! Det var altså ein dag eg var på veg heim, ganske svolten. Så møtte eg reven med massevis av fisk. – Kvar har du fått dei frå? spurde eg. – Eg har vore ute og fiska, herr bjørn! svara reven med den ekle stemma si. Eg burde jo forstått alt då at han var ute etter å lure meg. – Du kan òg lære det, det er ein enkel kunst, sa han. Og eg gav meg i veg og gjorde akkurat som han hadde forklara. Eg gjekk ut på isen, hogde meg eit hol og stakk rumpa nedi. Reven hadde sagt at di lenger eg heldt rumpa nedi vatnet, di meir fisk ville eg få. Eg sat og eg sat, og det svei verre og verre. Til slutt heldt eg det ikkje ut lenger og rykte til av all kraft – no måtte jo rumpa vere smekkfull av fisk! Då rauk halen tvers over, resten av rumpa sat fast i isen, og ingen har sett halen sidan. Det er historia om då reven lurte meg og eg mista rumpa!

Oppgåver til teksten 1. Les den nye utgåva av eventyret «Då bjørnen blei stubbrumpa». Finn dei stadene i teksten som bryt kronologien. Kva anna er ulikt med tekstane, synest du? 2. Kva er heilt likt i dei to eventyra? 3. Kan du setje namn på delane i eventyret over? Bruk orda start, slutt, høgdepunkt og midtdel. 4. Kva for eventyr likte du best? Grunngi svaret ditt.

19


5

Fortel meir!

3. Legg inn hindringar! Når du skriv, blir det ikkje særleg spennande om konflikten i forteljinga blir løyst på ein, to, tre. Du må leggje inn hindringar for hovudpersonen din på veg mot målet. Di vanskelegare det er å nå målet, di meir spennande blir det for lesaren. Men hugs at både hindringane og måtane dei blir løyste på, må vere truverdige. Vi har sett at forteljingar blir meir spennande om det som står på spel, er veldig viktig for hovudpersonen. I den første teksten i kapittelet, «Den store mambaen», var slangemannen og dei andre i livsfare. På same måten blir det meir spennande om hovudpersonen nesten oppnår det ho vil, fleire gonger. I eventyra er det vanleg at Oskeladden må prøve fleire gonger før han får prinsessa og halve kongeriket. I actionfilmar er heltane ofte i livsfare, men overlever fordi hjelpa kjem akkurat i tide.

Realistiske forteljingar Forteljingar frå vår eiga verd, altså forteljingar som kunne gått føre seg i røynda, kallar vi realistiske forteljingar. Det betyr at noko av det som gjer forteljinga god, er at lesaren kan tru at dette verkeleg kunne ha hendt. Typiske hindringar i realistiske forteljingar er at det bryt ut brann, at nokon kjem for seint, at nokon ikkje held det dei lovar, at nokon tapar ein konkurranse – og alt anna mellom himmel og jord som kan skje i den verkelege verda.

Fantastiske forteljingar Les forteljingar med hindringar på side 146–155 i tekstboka.

20

Slik er det ikkje i det vi kallar fantastiske forteljingar. Det er forteljingar som anten inneheld fantasivesen som troll, alvar, hekser og vampyrar, eller som går føre seg i ei parallell verd. I slike parallelle forteljingsverder kan du leggje inn mange hindringar som ikkje finst i røynda. Om alle har superkrefter, kan dei slutte å verke. Viss du skriv om vampyrar, kan dei bli utsette for sollys. Og dersom du skriv om hekser, kan dei gå tomme for trylledrikk. Du som fortel, kan altså leggje inn så mange fantasielement du vil, så lenge lesaren heng med på det som skjer.


Fortel meir!

5

Oppgåver til illustrasjonen 1. Kva for viktige saker står på spel i illustrasjonen? Kva hindringar møter jenta? Lag ein mogleg slutt på historia der ho kjem seg vidare. 2. I tekstboka finn du både realistiske og fantastiske forteljingar. Lag ei liste over alle forteljingane i tekstboka, og sorter dei i realistiske og fantastiske forteljingar. 3. Kva hindringar er vanlege i komediar og teiknefilmar? Kvifor ler vi av dei? 4. Kjenner du nokon fantastiske historier frå bøker eller filmar? Beskriv kva som er spesielt i den forteljingsverda, og del med ein læringspartnar.

21


5

Fortel meir!

Frå Harry Potter og fangen fra Azkaban av J.K. Rowling

gompepolitiet – vanlege menneske blir kalla gompar i Harry Potteruniverset

22

Harry Potter og tryllestaven Harry Potter er foreldrelaus. Han bur saman med den usympatiske tanta si, onkelen og fetteren (familien Dumling) i ein engelsk småby. Harry er den einaste i familien som har magiske evner, og han går derfor på Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom. Ein av reglane på skulen er at elevar ikkje får bruke magi utanfor skuleområdet. Her er Harry på rømmen etter at han mista fatninga og bles opp tante Maggen til dobbel storleik. Han såg ned på tryllestaven, som han framleis kneip hardt omkring. Viss han alt var utvist (no banka hjartet hans så fort at det gjorde vondt), kunne vel ikkje litt meir magi gjere nokon skade. Han hadde usynlegheitskappa han hadde arva etter far sin – kva om han forheksa kofferten og gjorde han fjørlett, fortøydde han til sopelimen, gøymde seg under kappa og flaug til London? Då kunne han få tak i resten av pengane sine frå kvelvet og … begynne det nye livet som forvist. Det var ein forferdeleg tanke, men han kunne jo ikkje bli sitjande på denne muren i all æve heller, og elles blei han snart nøydd til å forklare for gompepolitiet kvifor han var ute midt på natta med ein koffert full av trolldomsbøker og ein sopelime. Harry opna kofferten igjen og rota gjennom innhaldet på jakt etter usynlegheitskappa – men før han hadde funne henne, retta han seg brått opp og såg seg rundt. Det var ei underleg prikking i nakken, som om nokon såg på han. Men gata låg tilsynelatande øyde og tom, og det var ikkje eit lys å sjå i nokon av dei store, firkanta husa. Han bøygde seg på nytt over kofferten, men han retta seg opp att nesten med det same og tviheldt på tryllestaven. Det var meir som om han hadde ana det enn høyrt det: Nokon eller noko stod i den tronge passasjen mellom garasjen og gjerdet bak han. Harry myste mot det svarte smauet. Om det berre kunne røre seg litt, fekk han iallfall vite om det berre var ein katt eller – noko anna. «Lumos», mumla Harry, og ytst på tryllestaven kom det eit lys så han nesten blei blenda. Han heldt det høgt over hovudet, og murpussveggene på nr. 2 glitra, garasjedøra blinka, og mellom dei såg Harry heilt tydeleg det tunge omrisset av noko kjempestort med svære, skinande auge. Harry rygga. Beina trefte kofferten, og han tok overbalanse. Tryllestaven flaug ut av handa på han då han slo ut for å ta av for fallet, og så landa han med eit klask i rennesteinen.


Fortel meir!

Det kom eit øyredøyvande BANG, og Harry slo hendene for auga for å skjerme dei mot eit plutseleg, blendande lys … Med eit hyl rulla han seg inn på fortauet, akkurat i tide. Sekundet etter hadde nokre gigantiske hjul og frontlykter skrensa inn og stoppa presis der han hadde lege. Dei høyrde til på, såg Harry då han løfta hovudet, ein trippeldekkarbuss i skrikande fiolett som hadde materialisert seg ut frå tomme lufta. I gullbokstavar over frontruta sto det Fnattbussen. Ein augneblink lurte Harry på om han hadde slått seg tullerusk i fallet. Så hoppa ein konduktør i fiolett uniform ned frå bussen og begynte å snakke høgt ut i natta. «Velkommen til Fnattbussen, nødtransport for hekser og trollmenn som er reiste ifrå. Berre rekk ut stavhanda og stig om bord, så køyrer vi Dykk kvar De vil. Namnet mitt er Svinton Slipprush, og eg er konduktør for kvelden –»

5

materialisere – bli synleg, vise seg

J.K. Rowling

Oppgåver til teksten 1. Kvar er Harry når handlinga startar? 2. Finn staden i det første avsnittet som gjer at vi skjønnar at Harry er opprørt. 3. Finn setningar i tekstutdraget som viser at forteljinga ikkje er realistisk. 4. Kva hindringar kan vi seie at Harry har møtt så langt i boka? 5. Kor lang tid tek handlinga i utdraget? 6. Om du kjenner historia eller ikkje: Lag di eiga skildring av det som ser på Harry frå smauet.

23


5

Fortel meir!

Oppgåver om hindringar 1. Tenk på eventyr du kjenner. Kva er hindringane i f.eks. «Dei tre bukkane Bruse» og «Raudhette og ulven»? Korleis ville desse eventyra vore om vi tok bort hindringane? 2. Tekst med hol: Her ser du starten og slutten på forteljinga om Ella. Skriv det avsnittet som manglar, og legg inn hindringar for Ella. «Eg kjem aldri til å rekkje å skrive ned forteljinga ein gong til», stønna Ella. Hunden hennar, Reddik, hadde akkurat velta eit heilt mjølkeglas over skriveboka. Bokstavane flaut saman, og forteljinga var uleseleg! Dei hadde jobba med forteljinga heilt sidan juleferien, og i dag i første time var det Ella sin tur til å presentere for dei andre. Pappa sat alt i bilen utanfor og tuta, og skulen starta om ti minutt. «Åneiåneiånei», ropa Ella fortvila, «ikkje hugsar eg alle dei fine setningane lenger heller. Kva skal eg presentere for klassen no?» […] «Tusen, tusen takk, Ella», sa læraren, «dette var både ei spennande og rørande forteljing på ein gong. Og så fint du har skrive henne inn! No hengjer vi henne opp her i forteljarkroken, så kan alle sjå på illustrasjonane.» «Puh», tenkte Ella. «Det var jammen nære på, tenk at det gjekk så bra. Men eg kan nok aldri fortelje nokon om kva som skjedde, ingen vil vel tru på noko slikt!»

24


Fortel meir!

5

4. La lesaren kjenne seg att! Du kan sørgje for at lesarane kjenner seg att, ved å skildre det personane luktar, ser, føler, høyrer og tenkjer. Du kan bruke ulike forteljemåtar og velje ei forteljarstemme lesaren kjenner seg att i. Lag truverdige personar

Når du skal lage ein eller fleire hovudpersonar, må du først bli kjend med dei sjølv. Du må altså finne på eigenskapar og bakgrunn til personen. Når forteljinga di er ferdig, kan lesaren som oftast svare på desse spørsmåla: Kva er namnet på personen? Kor gammal er han eller ho? Kvar bur personen – og saman med kven? Kva likar og mislikar ho eller han? I tillegg kjenner vi oss lettare igjen i personar vi veit meir om, for eksempel kva dei drøymer om, kva dei er redde for, og om dei har nokre fiendar. Eit triks for å lage truverdige personar er å tenkje på ein verkeleg person. Eit anna triks for å bli kjend med dine eigne personar er å «skrive seg inn i dei», gjerne gjennom dialogar.

Les historier med unge forteljarar på side 146–155, 181– 185 og 195–202 i tekstboka.

25


5

Fortel meir!

Frå filmmanus av Linda May Kallestein

Kule kidz gråter ikke EKSTERIØR: FOTBALLBANE – DAGTID På ein liten fotballbane er GUTAR og JENTER i 11-årsalderen ivrig i gang med å spele fotball. ANJA (11 år), ei energisk og atletisk jente med halvlang bustete hårmanke, sparkar ballen bestemt og hardt. Barna på det motsette laget har ikkje nubbesjanse til å hindre ballen i å smelle inn i målet. LARS (O.S.) Jaaaaaaa! M-m-mål! Anja scorer! Vill jubel på det eine laget. Anja jublar høgast av alle. Rundt halsen hennar heng eit smykke med ein fotball i sølv. Ho kyssar det for hell og lykke. LARS (11 år), ein låg, vakker blond gut med gutaktig sjarm, står på sidelinja, gliser stolt til Anja og held fram handa til high five. Ho spring bort til han og slår til. Så er barna i gang igjen. Anja kastar seg ivrig tilbake i spelet. Lars, frå sida, gjer jobben som kommentator og «dokumenterer» det som skjer med å teikne det. Han kommenterer, endå om han stammar.

O.S. står for «off screen» – lyden høyrest, men biletet på skjermen viser noko anna

LARS (DELVIS O.S.) St-st-stillingen er nå tre m-mot tre. Jonas har ballen. Han s-s-s– springer m-mo-mot mål. K-kan det andre l-l-laget stanse ham? JONAS (13 år), spiss på det andre laget, er ein del høgare enn dei andre fordi han måtte gå om att eit år på skulen. Han driblar elegant. Anja speidar etter nokon på hennar eige lag som kan gripe inn. Lisa er nærast. Anja spring mot Lisa. ANJA (ropar) Løp, Lisa! LISA (11 år), ei spinkel jente med tannregulering og langt hår som når henne til rumpa, kastar seg mot ballen. Ho gjer sitt beste for å få ballen

26


Fortel meir!

5

ifrå Jonas, men han grip tak i det lange håret hennar og dreg til. Ho skrik og fell. Jonas spring vidare med ballen. Lars ser vantru på frå sida. LARS R–rødt kort!! Anja spring så fort ho orkar mot Jonas, og «purkar» han hardt med rumpa. Han mistar balansen. Ho får tak i ballen og spring mot mål. Eit hardt spark og ho scorar!

purke – uttrykk frå filmen, betyr å puffe kvarandre med rumpa

Anja sitt lag jublar. Jonas og hans lag er forbanna. Anja kyssar fotballsmykket sitt igjen. JONAS Det teller ikke! Anja purka meg. Det er frispark til oss! Først no oppdagar Anja at Lisa framleis ligg på bakken. Ho græt. Anja spring mot henne. Bøyer seg over henne. ANJA Hva skjer? LISA Jonas rev meg i håret. Jonas ruslar bort til dei. Anja sender han eit strengt blikk. JONAS Hun falt. Snubla sikkert i egne bein. Lisa protesterer. Grin endå høgare. Jonas ser ned på henne med avsky. JONAS Kule kidz gråter ikke, din pyse. ANJA Å rive noen i håret gir frispark, Jonas Berg. 27


5

Fortel meir!

JONAS Å purke noen gir også frispark, Anja Solbakken. Anja kastar seg mot Jonas. Stiller seg så høgt ho greier på tå, i eit fåfengd forsøk på å nå opp til andletet hans. Stirar utfordrande på han. Klar til kamp. Lisa kavar seg opp på beina, tørkar kjapt tårene sine. Er redd for at situasjonen skal utvikle seg. Vil avleie Anja, men ho er ustoppeleg. LISA Det går bra. Du trenger ikke … Jonas ser på Lisa og fnyser. JONAS Grinejenter med langt hår er ubrukelige fotballspillere. Anja, provosert, kastar eit blikk på det korte håret hans. ANJA Idioter som må ta 7. klasse to ganger, kan ikke brukes til noe som helst. Den siste kommentaren svir. Ho har treft eit ømt punkt hos han. Barna ler av den kjappe kommentaren hennar. Ho snur seg og forlèt åstaden med hovudet høgt heva. Lisa følgjer etter, men er ikkje så sjølvsikker som venninna. Lars smiler breitt mot Anja med eit «godt sagt»-uttrykk i andletet. Bak dei skummar Jonas av raseri. Filmen ligg på lærarnettstaden.

28

Linda May Kallestein


Fortel meir!

5

Oppg책ver til teksten 1. Kva f책r vi vite om eigenskapane til Lars, Lisa, Jonas og Anja i utdraget? Skriv stikkord for kvar av personane. 2. Sj책 p책 stikkorda du skreiv. Merk kva for eigenskapar som blei skrivne direkte, og kva for nokre du blei vist, ikkje fortalt. 3. Synest du personane er truverdige? Kvifor eller kvifor ikkje?

29


5

Fortel meir!

Vel forteljar

Når du skriv ei forteljing, kan du velje om du skal bruke førstepersonsforteljar (eg) eller tredjepersonsforteljar (han/ho)..

Frå Vaffelhjarte av Maria Parr

Før lesing 1. Prøv å finne svaret mens du les: Kven er det som fortel historia?

30

Det første du må velje, er kven som skal fortelje. Forteljaren er den som gjer greie for handlinga, men òg den som snakkar, og som fortel om tankane sine. Det vanlegaste skiljet går mellom førstepersons-forteljar og tredjepersons-forteljar. Ein forteljar i tredje person står utanfor og brukar «han» eller «ho» om dei andre personane. Eventyret «Då bjørnen blei stubbrumpa» har ein tredjepersons-forteljar. Ein forteljar i første person fortel alt med sitt eige blikk og brukar «eg» når han eller ho snakkar. Vi såg at den siste versjonen av eventyret om bjørnen, «Då reven lurte meg og eg mista rumpa!», har ein slik forteljar. I nokre forteljingar følgjer vi fleire personar samtidig.

Sauesanking I utdraget under møter du Trille og Lena som har fått bli med dei vaksne opp på det bratte fjellet Tindane for å leite etter ein sau som ikkje har komme heim til vinters. No har dei delt seg i fleire lag, og onkel Tor, Lena og Trille går saman ute langs fjellkanten og leitar. Onkel er ein slik som går med lange steg, og Lena og eg greidde berre så vidt å henge på. Eg trur han eigentleg meinte at vi var for små til å vere med, og no ville han vise at han hadde rett. – Du passar ikkje særleg godt på oss! ropte Lena sint då ho måtte stoppe og tømme støvelen og onkel Tor berre fortsette. Han høyrde ikkje. – Kom Lena, sa eg. – Nei! – Men vi er på sauesanking! – Ja! Ho sto bom stille. Eg sukka og bretta ned hetta. Og då høyrde eg det også. Ei svak, redd breking som nesten ikkje var breking i det heile. Lena og eg følgde lyden. Han kom frå kanten. Vi la oss på magen og åla oss fram. – Oi! sa eg. Det sto ein sau på ei hylle lenger nede. Ho hadde sikkert stått der lenge. Ho var så svak at ho nesten ikkje orka å breke. Tenk om vi ikkje hadde oppdaga det! Eg kraup endå lenger fram og las på øyremerket. 3011 sto det på eit gult klips.


Fortel meir!

5

– Det er vår. – Eg lurer på korleis ho har kome seg ned dit, sa Lena og åla seg endå lenger fram. – Der, sikkert, sa eg og peika på ei bratt lita kløft som gjekk ned til hylla. Eg reiste meg opp og speida framover Tindane etter onkel Tor. Han var borte. Då eg snudde meg mot Lena igjen, var ho også borte. Hjartet mitt begynte å dunke så hardt at det gjorde vondt. – Lena, kviskra eg. Ingen svara. – Lena! Maria Parr

Etter lesing 2. Kva trur du har hendt med Lena? 3. Kva gjer Trille no? Førestill deg kva som vil skje vidare. 4. Finn to stader i teksten som viser korleis Trille har det, utan at det blir sagt direkte. 5. Skriv sauen si forteljing om kva som hende før ho hamna på fjellhylla.

31


5

Fortel meir!

Vel synsvinkel Mange forteljingar blir fortalde av ein person vi ikkje «ser», ein som veit alt. Forteljaren veit om alt som skjer, og kva alle personane tenkjer. I tillegg kjem han eller ho med eigne kommentarar til det som hender. Denne forteljaren kallar vi allvitande. Ein allvitande forteljar veit alt. Det vil seie at synsvinkelen er vid – auga til forteljaren ser langt og vidt ut. Då kan forteljaren først følgje éin person og så den neste, alt etter kva forteljinga har bruk for. Uansett kva slags forteljar du vel, om han eller ho er allvitande, i første person eller i tredje person, må du bestemme kva ståstad forteljaren har. Skal forteljaren berre sjå og fortelje om det som skjer veldig nært, eller veit han eller ho om ting som skjer langt unna òg?

Jobb meir med forteljar og synsvinkel på side 177–180 og 146–155 i tekstboka.

32

I utdraget frå Vaffelhjarte er det guten Trille som fortel kva som skjer. Men endå om Trille er forteljaren, er han ikkje forfattaren. Forfattaren heiter Maria Parr og er ei dame. Du kan velje mange ulike synsvinklar til forteljingane dine. Mange forteljingar er skrivne med eg-stemme endå om forfattarane ikkje skriv om seg sjølve. Det kan du òg gjere i dine forteljingar og dikte og lyge i veg så mykje du vil!

Når du skriv forteljingar, kan du dikte og lyge så mykje du vil! Den same historia kan ende opp som svært ulike forteljingar, alt etter korleis dei er komponerte.


Fortel meir!

5

Les ei forteljing som handlar om at ein kan ha ulike synsvinklar på side 164–165 i tekstboka.

Oppgåver om forteljar og synsvinkel 1. Skriv om utdraget frå Vaffelhjarte til ei eg-forteljing der det er Lena som fortel. Du kan leggje til så mykje nytt du vil, men halde på handlinga. Begynn slik: «Eg ramla i ein dam og måtte stoppe for å tømme støvelen.» 2. Finn ein tekst i tekstboka med allvitande forteljar og ein med eg-forteljar. Del med dei andre. 3. Samarbeid om å lage ein versjon av Bukkane Bruse frå synsvinkelen til trollet. La trollet fortelje kva som skjer. Sjå på illustrasjonen for å få inspirasjon.

33


5

Fortel meir!

5. Hald på hemmelegheitane ei stund! Du treng ikkje å fortelje alt i opninga av forteljinga, men du kan avsløre meir og meir etter kvart. Forteljinga blir spennande om du held på hemmelegheitane ei stund. Lesaren kan godt bli overraska mens ho les, og glede seg over ein original vri. Ein annan fordel med å ikkje fortelje alt frå starten, er at lesaren kan drivast vidare av spørsmål som blir ståande utan svar. Det kan vere spørsmål om kven hovudpersonen er, kva tidsalder vi er i, eller kva konflikten i forteljinga er. Det er viktig å ikkje overdrive dette, for noko må lesaren få vite for å bli interessert!

Kva for hemmelegheit har jenta i illustrasjonen?

34


Fortel meir!

Med beina på nakken No skal du lese starten på ei bok. Utdraget under er den aller første sida i boka Med beina på nakken. Hovudet ristar når eg lener meg mot vindauget. Eg synest hovudet mitt burde vore produsert med av-og-på-brytar. For hadde eg kunna skru det av, hadde eg ikkje måtta tenkje på det som skjedde. Eg lukkar auga, og alt dukkar opp att. Detaljane er ikkje eingong tåkete. Det var den første skyfrie dagen på lenge. Pappa var veldig sveitt og sa ikkje eingong hei. Alle ropa etter oss. Pappa er så sterk at eg svevde bort til bilen. – Dette kjem til å gå bra! sa han altfor høgt inn i øyret mitt. Då han hadde hive inn stolen min og lukka bildøra, høyrde eg ikkje lenger stemmene til dei andre. Pappa køyrde så fort at bilen sklei endå det ikkje var vinter. Eg greidde ikkje å feste sikkerheitsbeltet. Så då vi køyrde på raudt lys, lukka eg berre auga. Pappa meinte ikkje å miste meg då han løfta meg ut av bilen. Eg begynte å blø frå panna. I lomma hadde pappa ein heil bunke tohundrelappar, og han bad mannen i billettluka skunde seg. Arne Svingen

5

Frå Med beina på nakken av Arne Svingen

Les eit lengre utdrag frå Med beina på nakken på side 170–176 i tekstboka.

Oppgåver til teksten 1. Nærles tekstutdraget setning for setning, linje for linje, og skriv ned alle spørsmåla som står utan svar i teksten. Du kan begynne slik: Første setninga: Kven er «eg»? Kvar er vindauget «eg» lener seg mot? Andre og tredje setninga: Det står at han tenkjer på «det som skjedde». Kva er det som har hendt? 2. Lag ei bakgrunnshistorie saman som kan forklare alle spørsmåla.

35


5

Fortel meir!

6. Vis, ikkje forklar! Eit viktig forteljargrep er «show, don’t tell» – eller «vis, ikkje forklar», som vi kan omsetje uttrykket med. Dette er å tenkje på handlinga meir som ein film enn som noko ein forteljar skildrar for deg. Når du viser i staden for å forklare, treng du for eksempel ikkje seie: «Mona var kjempesint». I staden kan du skildre kva Mona gjorde, eller korleis ho såg ut: «Mona snudde seg brått, heilt raud i toppen, og plutseleg kylte ho vedkubben hardt i veggen.» I den siste setninga kan lesaren sjølv skjønne at Monas reaksjon er sinne. Men kvifor skal vi vise og ikkje forklare? Det skal vi først og fremst gjere fordi det gir lesaren eit sterkare indre bilete av kva som skjer med personane i forteljinga. Då lever lesarane seg mykje meir inn i det som skjer med personane, og dei synest forteljingane både er betre og meir spennande.

Les forteljingar med eksempel på «vis, ikkje forklar» på side 166–168 og 170– 176 i tekstboka.

36


Fortel meir!

I sjuande himmel – NOT Lind går i sjuande klasse. Jentene i klassen har bestemt seg for å slå seg saman i gjengar som skal lage trøbbel for læraren. Dei populære jentene får velje kven dei skal ha med i gjengen sin, på same måten som dei vel lag i gymmen.

5

Frå I sjuende himmel – NOT av Mari Kjetun

Til slutt er vi berre to igjen. Hilde og eg. Forsiktige Hilde, som stammar kvar gong ho blir nervøs, men som likevel har stått imot presset frå dei andre jentene i klassen og vore på mi side. Bestevenninna mi sidan barnehagen. Heilt til for sju veker sidan. Då kom Hilde heim frå Spania, nøttebrun og med solbleika hår og kontaktlinser. – Har du enno ikkje slutta med dei nerdegreiene, sa ho då eg gav henne det nyaste nummeret av Illustrert Vitenskap. Så blei ho bestevenner med Britt. Og så Britt, då, som alltid har kalla henne for s-stamme H-Hilde og stole brillene hennar. Plutseleg var det ikkje Hilde og eg lenger. Gløymde var alle eksperimenta våre. Morellstein-spyttekonkurransane. At vi skulle dele rom på leirskulen etter haustferien. No er det Britt ho skal dele rom med. Britt, som enno ikkje har valt henne, og som tek seg veldig god tid. Hilde stirer ned i asfalten. All fargen er forsvunnen frå andletet hennar, det er like kvitt som strekane i paradiset ho står på. Ho blunkar fortare og fortare, ei blunking som får meg til å ta eit steg fram og stille meg andlet til andlet med Britt, eller andlet til bryst er kanskje rettare å seie. Eg skuler opp på henne og seier: – Kven har bestemt at vi skal delast i tre gjengar? Vi gidd IKKJE å vere med! Kom, Hilde, vi stikk! Eg gløttar bort på Hilde, håpar ho forstår at eg framleis er der for henne, at eg forstår at vekene med Britt berre har vore ein glipp. – D-d … seier Hilde. – Dri-dri … – Einig, svarar eg krigersk. – Dei andre er dritbarnslege. – BRITT, brøler Hilde plutseleg. – E-eg er m-med h-henne. T-trur du eg vil v-vere med d-deg, eller, din freak? Orda treffer meg hardt. Eg svaiar, svimlar, eg kjempar med å halde meg på beina, kjempar alt eg kan, før eg til slutt finn eit slags balansepunkt og måler Hilde med blikket. – Dumt for deg. Di stammeape. Eg stikk i alle fall. 37


5

Fortel meir!

Sjå om de finn to språklege bilete i teksten på denne sida.

38

– Ja, stikk, følgjer Britt opp. Dei raude leppene hennar er giftige som flugesopp. – Du trur du er så mykje betre enn oss berre fordi du er på niandeklassematte. Men du er berre skikkeleg innbilsk. Og frekk i kjeften. – Frekk, glefser eg. – Er det nokon som er frekk i kjeften, så er det deg. Eg håpar stemma mi vil halde, at ho ikkje avslører korleis eg har det innvendig. At hjartet slår så hardt og vondt at blodet mitt sikkert får blåmerke. Mari Kjetun


Fortel meir!

5

Oppgåver til teksten 1. Kva for nokre av utdraga under er eksempel på «vis, ikkje forklar» i teksten om Lind, Hilde og Britt? a) Forsiktige Hilde, som stammar kvar gang ho blir nervøs, men som likevel har stått imot presset frå dei andre jentene i klassen og vore på mi side. b) Hilde stirer ned i asfalten. All fargen er forsvunnen frå andletet hennar, det er like kvitt som strekane i paradiset ho står på. Ho blunkar fortare og fortare, ei blunking som får meg til å ta eit steg fram og stille meg andlet til andlet med Britt, eller andlet til bryst er kanskje rettare å seie. c) Kven har bestemt at vi skal delast i tre gjengar? Vi gidd IKKJE å vere med! Kom, Hilde, vi stikk! d) Eg svaiar, svimlar, eg kjempar med å halde meg på beina, kjempar alt eg kan, før eg til slutt finn eit slags balansepunkt og måler Hilde med blikket. e) – Frekk, glefsar eg. f) At hjartet slår så hardt og vondt at blodet mitt sikkert får blåmerke. 2. Finn minst eitt eksempel på «vis, ikkje forklar» i teksten om Trille og Lena frå Vaffelhjarte. 3. Skriv ein kort tekst der du viser, men ikkje forklarar. Du kan ta for deg denne situasjonen: Petter kjem seint heim. Mamma spør kvar han har vore. Vis at Petter har gjort noko han ikkje får lov til, og lyg til mamma om at han har vore hos ein venn.

39


5

Fortel meir!

7. La tida gå sakte! Hugsar du dette frå Kaleido 5? Når du utvidar augneblinken, brukar du tid på å skildre den dramatiske augneblinken. Skildringane er nøyaktige og detaljerte, og tida stansar nesten opp.

Du kan la tida gå sakte akkurat når det er mest spennande. Det gjer du med å fortelje mykje om noko som skjer nesten samtidig. Då kan det bli så spennande at vi nesten ikkje held ut! I Kaleido 5 kalla vi dette å utvide augneblinken. Men det er andre måtar å la tida gå sakte på òg, slik at vi nesten kjenner at vi er til stades i handlinga sjølve. Fire forteljemåtar

I starten av kapittelet las du to tekstar med same historia om mambaslangen. Den eine, den kortaste, fortalde berre rett fram kva som hende. Den andre hadde både replikkar og skildringar av det som skjedde. Forteljingar blir betre om du vekslar mellom ulike forteljemåtar. Her er fire forteljemåtar du kan bruke når du fortel: handlingsreferat tankereferat replikkar skildring Handlingsreferat er å gi att handlinga på ein enkel måte: Elefanten gjekk rundt den parkerte bilen. Tankereferat skildrar kva som skjer i hovudet til personane: «Den bilen har sikkert motortrøbbel», tenkte elefanten. Replikkar gir att det personane seier, og gjer at forteljinga verkar meir levande: Elefanten brølte: «Hmmmff!».

Jobb meir med forteljemåtar på side 146–155 i tekstboka.

40

Skildring er å beskrive det du sansar. Det vil seie det vi ser, høyrer, luktar, smakar, og det vi kan føle med hendene: Elefanten såg stor ut ved sida av bilen, men det var lukta som gjorde at folk rygga tilbake.


Fortel meir!

5

Oppgåver til illustrasjonen 1. Tenk deg at du er mannen i framgrunnen. Skriv anten eit tankereferat eller ein replikk som skildrar det han opplever akkurat no. 2. Ta utgangspunkt i illustrasjonen og øv på dei ulike forteljemåtane. Bruk fantasien og overdriv mest mogleg når du skriv. Skriv saman med ein læringspartnar, eller del det du har skrive, med andre. • Skriv tre setningar med handlingsreferat om noko som skjer på illustrasjonen. • Skriv to setningar som viser kva ein av personane tenkjer. • Skriv fire replikkar i ein samtale. • Skriv to setningar med skildring av noko som hender i illustrasjonen. 3. Skriv eit avsnitt der du øver på å utvide augneblinken. Beskriv det som skjer i illustrasjonen. Del det du har skrive med ein læringspartnar.

41


5

Fortel meir!

Eksempeltekst Her kan du lese eksempelteksten «Kvisa». Pilene på venstre sida viser delane og dei ulike tidene der det som blir fortalt, eigentleg hende. Pilene til høgre viser forteljemåtane som er bruka i forteljinga.

KVISA Opning In medias res

42

Eg er på veg til skulen og føler at bandasjen lyser opp heile Storgata som ein lyskastar. Eg kan allereie høyre kommentarane frå Petter og William. Anten så går dei på historia mi og gir meg sympati. Men meir sannsynleg så skjønnar dei at eg lyg, og ler seg i hel. Ikkje kan eg skulke heller, sidan vi skal dra rett på telttur etter skulen. Og han vil eg ikkje gå glipp av for alt i verda! Eg rettar ryggen, stryk handa forsiktig over Handlingsreferat bandasjen og svingar inn skuleporten. Mange er komne alt og står borte ved sløydkjellaren. Eg prøver å sjå ut som eg Replikkar har vondt, og går sakte mot dei. «Kva er det med deg, då?» seier Petter mens han leikeslåst med nokon eg ikkje ser kven er. Han meinte nok det at halve hovudet mitt og venstre auget er surra inn i ein kritkvit bandasje. «Næh», mumlar eg. Dette har eg planlagt. Først skal eg vere litt uvillig til å Tankereferat fortelje. Etterpå, når eg er sikker på at alle høyrer etter, må eg trøkke til. «Hæ? Gått for seg i helga, eller?» gryntar William og stikk hovudet fram under Petter. Det var altså han Petter slost med. Sjølv om eg berre ser med eitt auge, merkar eg at fleire i klassen nærmar seg nyfikne og lurer på kva som har hendt. «Tja, kanskje litt verre enn vanleg», seier eg liksom uinteressert. Då kjem begge gutane opp i trynet på meg og vil ta på bandasjen. «Aiaiaiai», skvett eg unna, som om det er veldig vondt. «Møtt dørkarmen, eller?» «Ramla ut av hengjekøya?» Eg høyrer at no er det like før dei begynner å le, og skjønnar at det er no eg har sjansen – no eller aldri. «De gjettar det aldri! Sjølv med ein million sjansar», seier eg og tek forsiktig på bandasjen som står som ein turban på Skildring hovudet mitt. Eigentleg er bandasjen fem av mamma sine


Fortel meir!

Høgdepunkt

Slutt

5

kjøkenhandkle som eg har strimla opp, men det kan ingen sjå. Eg tek ein liten pause, sjekkar at alle følgjer med, og så fortel eg: «Det var på laurdag, litt utpå ettermiddagen. Sånn cirka når mamma brukar å dra ut støvsugaren og krevje at eg hjelper til. Eg låg på sofaen og høyrde at ho gjekk i gangen. Då tenkte eg at om eg berre stuper ut verandadøra, så kan eg fortsetje med å slappe av i hagen. Så lynraskt er eg oppe av sofaen, forbi tv-en og på veg ut verandadøra – men kva trur de skjer då? ‘Dei første peonane er her!’ kvin pappa, på veg inn døra med nokre rosa ballar i den eine handa og rosesaksa i den andre. Eg hadde kanskje kunna manøvrert rundt han, hadde det ikkje vore for at Basse òg rømte frå bråket akkurat i same augneblinken. Og på veg ut døra snublar eg altså i bikkja. Og hovudet mitt svevar i ein perfekt boge nedover mot handa til pappa …» Eg lèt det siste ordet liksom vare like lenge som svevet, for å vere sikker på at alle heng med før eg avsluttar: «Ja, kva skal eg seie – rosesaks, 12 sting og cola heile helga.» Alle ser på meg og måpar. Nokon trekkjer pusten fort inn: «Åhh!» Eg held pusten. Kjem dei til å tru meg – eller skjønnar dei at alt er berre løgn? «Verdas største kvise, eller?» seier William og står alt klar til å halde meg mens Petter riv av bandasjen.

Snakk om eksempelteksten 1. Beskriv synsvinkelen i forteljinga. 2. Kva forteljemåtar finn du døme på? Skriv ned setningane. 3. Kva får vi vite om vennene til hovudpersonen? 4. Kva er den eigentlege grunnen til at hovudpersonen har teke på seg ein kjempebandasje? 5. Greier hovudpersonen å lure Petter og William og dei andre klassekameratane?

43


5

Fortel meir!

Verb «Romeo KYSSA Julie varsamt på munnen sist laurdag i eit tre langt inne i skogen.» Sjå på setninga. Verbet «kysse» er det som styrer heile resten av setninga.

I kapittelet om instruksjonar lærte du om verb i imperativ. Imperativforma blir ofte bruka når du skal gi ein ordre eller ei oppfordring til handling.

a) b) c) d) e)

Romeo kyssa Julie kyssa varsamt kyssa på munnen kyssa sist laurdag kyssa i eit tre langt inne i skogen

Verb er den viktigaste delen av ei setning, på den måten at verba får alt anna til å skje. Utan eit verb kan ikkje personar eller ting gjere noko i setninga! Faktisk er dei kortaste setningane laga av berre eitt ord, nemleg eit verb i imperativ: Køyr! Gå! Stå!

Oppgåver 1. Lag ei lang setning der verbet «å fortelje» er det som skjer i setninga. Bruk setninga om Romeo og Julie over som eksempelsetning. Få med all denne informasjonen: a) b) c) d) e) f)

Kven? Til kven? Korleis? Kvar? Når? Kvifor?

2. Del setningane med kvarandre. Bygg ei av setningane endå meir ut med fleire ledd!

44


Fortel meir!

5

Verbtider Verb er altså ord som får ting til å skje i setninga, anten fordi dei fortel kva vi gjer (danse, køyre), eller korleis vi har det (hate, like). Hovudforma eller oppslagsforma til verba er infinitiv. Om vi skal fortelje kva som hender akkurat no, brukar vi presensformene. Om handlinga har skjedd tidlegare, brukar vi preteritum. Både presens og preteritum har fleire verbtider knytte til seg, slik at vi lett kan snakke om noko som alt har hendt, og om kva som skal skje framover. Denne tabellen viser alle verbtidene i både presens og preteritum:

Infinitiv

Presens

Preteritum Presens perfektum

Preteritum perfektum

Presens futurum

å danse

dansar

dansa

har dansa

hadde dansa

skal danse skulle danse

å like/lika

liker/ likar

likte/lika

har likt/lika

hadde likt/lika skal like

å oppdage oppdagar oppdaga

har oppdaga hadde oppdaga

skal oppdage

Preteritum Presens futurum futurum perfektum skal ha dansa

Preteritum futurum perfektum skulle ha dansa

skulle like

skal ha likt/ skulle ha likt/ lika lika

skulle oppdage

skal ha oppdaga

skulle ha oppdaga

Oppgåver 1. Set inn har eller hadde i setningane: Då trollet vakna i går, oppdaga ho at ho h ________ krympa mens ho sov. «Hjelp! Eg ___ blitt bitteliten», tenkte ho fortumla. I går trudde trollet at ho _____ fått eit nytt hovud, men det var berre ein draum. Så i dag blir ho ikkje redd, ho ___ sikkert ikkje krympa heller. 2. Sjå på tabellen. Lag ein regel som kan passe for presens perfektum og preteritum perfektum. Skriv ned regelen.

45


5

Fortel meir!

Sterke og svake verb Vi har svake og sterke verb. Verba får namn etter om dei blir bøygde etter vanleg mønster (svake) eller etter eige mønster (sterke). Dei svake verba har ending i preteritum. Det finst fire typar svake verb. På nynorsk endar desse verba på -a, -te, -de eller -dde. Hugseregel For å hugse skilnaden mellom svake og sterke verb kan du tenkje at sterke verb er så sterke at dei bryt reglane.

Svake verb Infinitiv å danse å køyre å bøye å ha

Presens dansar køyrer bøyer har

Preteritum dansa køyrde bøygde hadde

Sterke verb

Sterke verb har ikkje ending i preteritum, og dei har ofte ulike vokalar i dei ulike formene. Infinitiv å vere å seie å drikke å gråte

46

Presens er seier drikk græt

Preteritum var sa drakk gret


Fortel meir!

5

Oversikt over presens og preteritum BĂĽde presens og preteritum har fleire verbtider knytte til seg, slik at vi lett kan snakke om noko som alt har hendt, og kva som skal skje framover. Denne tabellen viser alle verbtidene i bĂĽde presens og preteritum: Presenssystemet

Preteritumsystemet

Presens

Preteritum

dansar

dansa

Presens perfektum

Preteritum perfektum

har dansa

hadde dansa

Presens futurum

Preteritum futurum

skal danse

skulle danse

Presens futurum perfektum

Preteritum futurum perfektum

skal ha dansa

skulle ha dansa

47


5

Fortel meir!

«No og då»: presens og preteritum Presens brukar vi på fleire måtar enn preteritum. Vi brukar presens om handlingar som ikkje er ferdige enno. Eksempel

Eg likar kvitost på matpakken. Eg går på hockey på tysdagar. Presens kan dessutan brukast til å beskrive noko som skal skje i framtida. Eksempel

Eg reiser på ferie i morgon. Vi kan òg bruke presens for å fortelje om noko som er særleg spennande. Når du kommenterer hendingar nesten samtidig som dei skjer, kan du bruke presens. Sportsjournalistar gjer det: «Han skyt ballen rett i mål! Han scorar på overtid.» Det forsterkar spenninga ved å bruke presens.

Preteritum brukar vi berre om handlingar som har skjedd i fortida. Eksempel

Ho sprang fortast av alle i gymtimen. Han spelte tuba i korpset.

48


Fortel meir!

5

«Det har hendt», «Det hadde hendt»: perfektum Perfektumformene omtalar noko som alt har starta å hende når vi snakkar. Eksempel

Tomas har alt køyrt forbi butikken, så han kan ikkje stikke innom der. Eg hadde alt hatt meslingar den sommaren, så eg måtte ikkje brekkje beinet òg! Presens perfektum brukar vi når vi ikkje heilt veit når noko hende, eller det ikkje er viktig akkurat når noko skjedde. Eksempel

Eg har budd i Tromsø. Eg har lært brøkrekning. Vi brukar òg presens perfektum om noko i fortida som varar enno. Eksempel

Dei har budd i Tromsø i tre år. Eg har spelt volleyball i fire år og håpar å halde fram til eg blir gammal. Preteritum perfektum brukar vi om noko som skjedde før noko anna i fortid. Eksempel

Eg hadde laga julemiddagen kvelden før. Dei hadde budd i Tromsø i fire år då eg blei fødd. Vi kan òg bruke preteritum perfektum om tenkte tilfelle, noko som kunne komme til å skje. Eksempel

Hadde eg oppdaga stelinga før, så ville eg ha sladra. Tenk om steinen hadde rasa berre tre sekund seinare! 49


5

Fortel meir!

«Det skal hende», «Det skulle hende»: futurum Dei to futurumformene av verba brukar vi for å snakke om framtida. Derfor heiter dei futurum, akkurat som i det engelske ordet «future». Dei heter presens futurum og preteritum futurum. Vi lagar presens futurum med presens av hjelpeverba skulle eller ville + infinitiv av hovudverbet: Vêret skal/vil bli fint. Vi brukar presens futurum om noko som skal hende i framtida: Eksempel

Klart det skal skje, berre vent og sjå! Vêret skal bli fint, så vi kan godt ta med badetøy. Stundom når vi snakkar om noko som har hendt, altså i preteritum, har vi bruk for å fortelje kva som kjem til å hende i framtida. Då brukar vi preteritum futurum. Vi lagar preteritum futurum med preteritum av hjelpeverba skulle eller ville + infinitiv av hovudverbet: Vi trudde at vêret skulle/ville bli fint. Eksempel

På laurdag sa ho at ho skulle skulke øvinga. Dei trudde ho ville ha pizza, men der tok dei feil! Vi kan òg bruke preteritum futurum når vi snakkar om vilkåra for at noko kan skje: Eksempel

Dei ville gjere det viss dei fekk tid. Ho ville heller syngje enn prate.

50


Fortel meir!

5

«Det skal ha hendt», «Det skulle ha hendt»: futurum perfektum Dei to siste formene av verbet kan brukast til å få fram at noko er usikkert, at noko må skje før noko anna, eller om tenkte tilfelle. Presens futurum perfektum brukar vi til å seie noko om den rekkjefølgja noko i framtida må gå føre seg i: Eksempel

Dei skal ha lese ferdig boka før norsktimen på måndag. Dei skal ha rydda opp alt før dei kan levere nøkkelen tilbake.

Eller for å få fram at noko er usikkert: Eksempel

Det skal ha vore mørkt då ho sklei og braut foten. Ho skal ha ringt vennene, men ingen tok telefonen. Preteritum futurum perfektum brukar vi om tenkte tilfelle: Eksempel

Dei skulle ha reist likevel. Det skulle pappa ha fiksa for lenge sidan. 51


5

Fortel meir!

Oppgåver 1. Skriv ei forteljing saman: Nedanfor ser du starten på tre forteljinger. Skriv dei tre opningane øvst på kvart sitt ark. Så skal alle i gruppa leggje til ei setning kvar. NB! Ikkje diskuter på førehand korleis forteljingane skal bli. Pass på at verbtidene blir riktige. «Småungar får ikkje komme inn», seier Ole og gøymer hendene bak garasjedøra. «Stikk!» ropar han sint. «Og så du då, Alina, du av alle veit jo kor lite lyst eg har», sutra mormor mens eg nærast drog henne etter meg. «Eg har det! Kvifor brukar vi ikkje berre trillebår?» spør Alfred og ser fornøgd på oss. «Same det, berre det skjer noko snart, eg greier nesten ikkje å halde kattungane lenger!» sa Julie. 2. Bruk utdraget om mambaslangen på side 7. Skriv ned alle verba i eit tokolonne-notat. I kolonnen til venstre skriv du verba i den forma du fann dei. I den andre kolonnen skriv du kva form dei har, slik: begynte å røre

preteritum infinitiv

3. Sjå over notatet ditt. Kva for verbform står dei fleste verba i?

Verbtider i forteljing I gode forteljingar varierer forfattaren verbtidene i dei ulike delane. I tillegg brukar vi skildrande verb så ikkje teksten blir flat og kjedeleg. Til dømes kan vi variere alle verba for å snakke. Vi får fortalt mykje meir med å bruke ulike verb: Eksempel Øv meir på verb og verbtider på kaleido6.cdu.no.

52

… snerra han … Dei brøla etter henne i kor … … mumla eg … Dei kakla i munnen på kvarandre. Ho stotra fram …


Fortel meir!

5

Skriv ei forteljing! Du har skrive forteljingar før, men denne gongen er det fire ting du skal øve på. Det er å planleggje handlinga med tidslinje og ikkje-kronologisk rekkjefølgje å velje synsvinkel å veksle mellom ulike forteljemåtar å veksle mellom ulike verbtider

53


5

Fortel meir!

Vel éi av oppgåvene, og følg skriveløypa: 1. Skriv ei forteljing som skal heite «Det er no eller aldri». Viss du vil, kan du la deg inspirere anten av fotografiet på side 53 eller av illustrasjonen på side 4. Kva gjer hovudpersonen? Kva trur du kan ha skjedd før, og kva trur du vil skje vidare? 2. Skriv ei forteljing om eit vennskap som står på spel. Først må du bli kjend med hovudpersonane som er venner, og finne ut kvifor dei er i ferd med å bli uvenner. Så kan du bestemme deg for slutten. Greier dei å redde vennskapet? 3. Skriv ei forteljing om ein kval som har stranda i nærleiken og må reddast. Du kan starte historia på denne måten: Ines ropa på meg nede frå stranda. «Nils! Nils! Du må komme!» Eg sprang ned og skulle til å spørje: «Kva skjer?» då eg brått stoppa opp. Eg skjønna grunnen til at Ines ropa. Der, framfor meg, låg ein spekkhoggar! Han var sikkert fem meter lang og låg midt på stranda, langt frå vasskanten. Ines sat ved sida av hovudet hans og sa: «Det er berre ein liten kalv, vi må hjelpe han!» «Ein liten kalv», sa eg, «er du klar over kor mykje den vesle kalven din veg, eller? Sikkert over eit tonn!» Ines såg på meg med tårer i auga: «Men Nils, vi MÅ redde han, han døyr om han ligg her særleg mykje lenger!» 4. Skriv ei forteljing om ein som må gjere eit val. Handlinga skal vere driven av indre spenning, og det er mykje som står på spel for hovudpersonen. Pass på at det er lett å kjenne seg att i både valet som skal gjerast, og måten hovudpersonen tenkjer.

54


Fortel meir!

Før du skriv

5

1

Start med å planleggje den viktigaste handlinga. Kva skal forteljinga di handle om? Hugs at noko viktig må stå på spel for hovudpersonen din. Handlinga treng ikkje å vere ei hending, det kan òg vere ein indre konflikt om kva hovudpersonen føler og tenkjer. Tenkjeskriv om handlinga i to minutt. Lag ei punktliste med stikkord om det du kom på mens du tenkjeskreiv. Føy til fleire handlingspunkt. Rydd og sorter på ei tidslinje. Rydd og sorter i notata dine. Du vel kva du vil ha med i teksten din ved å ryddeskrive. Begynn med å setje ring rundt det du likar best, og stryk det som ikkje er viktig. Lag ei tidslinje over handlinga etter at du ryddeskreiv. Skriv ned fem hendingar som skjer i forteljinga. Kan forteljinga betrast om du vel ei ikkje-kronologisk framstilling? Merk av på tidslinja kvar du skal bruke dei ulike forteljemåtane. Andre ting det er lurt å tenkje gjennom på førehand: Tenkjeskrive

Kven skal vere hovudpersonen i forteljinga? Hugs å lage personar av kjøt og blod! Kva skal vere spennande i forteljinga? Kva er konflikten? Kva for hindringar vil du leggje inn for hovudpersonen? Når og kvar skjer handlinga? Er det ei realistisk eller fantastisk forteljing?

Ryddeskrive

Idémyldre

Liste

over ekspert

KAR

TTA

MO

ord

Samle informas

jon

55


5

Fortel meir!

Korleis skal du byggje opp og auke spenninga? Kan du bruke tidsveksling? Kan du bruke tilbakeblikk for å vise kva som har skjedd, og frampeik for å avsløre litt kva som kjem? Korleis skal slutten vere? Skal han vere lykkeleg, overraskande, trist eller open?

Skriv i veg!

2

Bruk gjerne nokre av småtekstane du har skrive undervegs i kapittelet, om dei passar inn med oppgåva du har valt. Tenk på at lesaren ikkje skal få vite alt med ein gong. Er det ein løyndom du greier å halde på ei stund? Bestem deg for synsvinkel. Du kan velje allvitande forteljar eller ein eg-forteljar. Tenk på at du ikkje skal forklare alt som skjer, men prøve å vise det. Vel ut tre hendingar eller dialogar der du skal bruke «vis, ikkje forklar». Prøv å variere mellom dei ulike forteljemåtane: skildring, handlingsreferat, tankereferat, replikkar. Prøv så godt du kan å halde deg til den planlagde tidslinja. Hugsereglar: – Vi forklarar det som skjer, med handlingsreferat. – Vi fortel kva vi tenkjer, med tankereferat. – Vi gir att nøyaktig det vi seier, med replikk replikk. – Vi beskriv det vi ser, luktar, høyrer, smakar og føler, med skildring. IN

D ME

IAS

RE

S

HINDRINGAR VI

56

S,

SY N S IK

KJ

EF

VINK

OR

KL

EL

AR


Fortel meir!

Gjer teksten betre

5

3

Les teksten høgt for deg sjølv. Då kan det hende du sjølv oppdagar nokre formuleringar som lyder merkelege, eller at noko manglar. Dette kan du gjerne gjere fleire gonger, heilt til du tenkjer forteljinga er klar for ein lyttar. Les det du har skrive for ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemeldingar med to stjerner og eitt ønske. De kan bruke desse spørsmåla: Kva type opning har du skrive? Kva har du gjort for å fange lesaren? Kva er konflikten eller problemet som skal løysast i forteljinga? Korleis byggjer du opp spenninga? Kan du gjere forteljinga endå meir spennande, til dømes med å utvide den augneblinken som er vendepunktet i forteljinga? Korleis er slutten? Lytt til tilbakemeldingane, og sjå om du kan gjere teksten din endå betre. Pass på å merkje av i teksten der det må gjerast endringar. Flytt, stryk, legg til og endre i teksten din. NB! Det du synest er morosamt og spennande, treng ikkje andre alltid å like. Stol på deg sjølv, innspela frå andre er berre forslag.

MOTTAKAR

Kriterium

57


5

Fortel meir!

Gjer teksten ferdig

4

Har du skrive forteljinga di i fortid? Har du greidd å halde deg til fortidsformene, unntatt i replikkar? Sjå spesielt på dette når du les gjennom teksten din. Sjekk teiknsetjing og rettskriving òg. Les teksten høgt for deg sjølv. Det er ein fin måte å sjekke om forteljinga er ferdig på.

Klar, ferdig, presenter!

Øv på å lese teksten din høgt slik at du kan presentere han på ein god måte. Når du er ferdig med forteljinga di, kan du presentere henne munnleg eller skriftleg.

Du kan øve på rettskriving bakarst i grunnboka og på kaleido6.cdu.no.

58

Ordk bo

Sk ret riv t

5


Fortel meir!

5

Kva har du lært? Oppsummering • Forklar kva kronologi og tidslinje er. • Skriv fire setningar med eksempel på skildring, handlingsreferat, tankereferat og replikk. • Kva for synsvinklar kan du nemne? • Bøy verba fly, nyse, hoppe og elske i både presens og preteritum, presens perfektum og preteritum perfektum. • Forklar skilnaden på svake og sterke verb med to setningar. • Forklar ekspertorda på side 5. • Sjå på måla for kapittelet på side 5, og reflekter over om du har nådd dei.

59


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.