En kort introduksjon til husmannsvesenet av Nils Olav Østrem: Utdrag

Page 1



Nils Olav Østrem

En kort introduksjon til husmannsvesenet


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2022 ISBN 978-82-02-75900-1 1. utgave, 1. opplag 2022 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Foto: Universitetsbiblioteket i Bergen side 11, 42, 52, 89 og 139. Oslo museum side 33. Norsk folkemuseum/ Nasjonalbiblioteket side 65, 75, 109, 121 og 151. Omslagsdesign: Kristin Berg Johnsen Sats: Bøk Oslo AS Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, 2022, Latvia Forfattaren har fått støtte fra Det faglitterære fond www.cda.no akademisk@cappelendamm.no


Forord Kva var ein husmann for noko? Ei husmannskone? Kven var han – ho – dei – husmannsgruppa? Kva yrke eller arbeid hadde husmannen og husmannskona? Kor og korleis budde dei? Kva var husmannsvesenet for noko? Gav den ordninga levebrød og livsutkome for folk? Å skriva ei bok, som også skal vera lærebok eller studiebok, er krevjande om ei gruppe som har forsvunne i samfunnet. Husmannsgruppa er borte. Yrket eller levemåten som husmann er forsvunne. I vår tid finst det inga husmannsbefolkning. Å bu ein stad som husmann er det ingen som gjer lenger. Behovet for ei bok om husmennene er likevel sterkt. I hundre år har nokre stereotypiar fått rå om kva ein husmann var. Ståle Dyrvik rettleia meg då eg i 1980-åra skreiv hovudoppgåve i historie om lokalt husmannsvesen. Han har lese, kommentert og utfordra meg til å skriva fram denne større «husmannssoga». Forlaget sin fagfelle gav meg mykje å strekkja meg mot. Henrik Olav Mathiesen har også lese heile manuskriptet, til stor inspirasjon for meg. Klaus Johan Myrvoll kommenterte kapittel 1 på seminar for mine kollegaer ved UiS. Lars Aase i forlaget har gjort samarbeidet med Cappelen Damm Akademisk til ei motiverande skrive­oppleving. Eg takkar alle for hjelpa under skrivinga av denne boka i forskingsterminen eg er glad eg fekk for studieåret 2021/2022. Ansvaret for den endelege boka er mitt eige. Stavanger, 10. juni 2022. Nils Olav Østrem

5



Innhald Forord.. . . . . . . . . . . . . . . .......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

5

Kapittel 1 Den ukjende og skjulte husmannsgruppa............ . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den nest største samfunnsgruppa.. ..................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kontraktsvilkår for husmenn som for leiglendingar?.. . . . . . . . . . . . . . . . . . Standssamfunnet – ikkje rom for husmannsgruppa?.. . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmannsgruppa – ein samfunnsklasse før klassesamfunnet?. . . . . . Aktualisering. . . . . . ........................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 1800-talet – husmennene sitt hundreår. . .............. . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

11 17 17 18 23 26 29

Kapittel 2 Kva var husmannsvesenet?.............................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Å løysa opp i husmannsvesenet. . ......................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Historikarane sine ulike forståingar.. ..................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmennene som undergruppe......................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

33 34 35 36

Kapittel 3 Husmennene som bøndenes «private undergruppe».. . . . . . . . . . . . . . . Husmennene som «privatgruppe» for gardbrukarane.. . . . . . . . . . . . . . . . Mot ein ny «husmannsmodell»........................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Utslag av underordning..................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . .

42 45 48 51

Kapittel 4 Kor gamal er ordninga med husmannsplassar?.. ... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva er ein husmann – og kor gamal er husmannsplassen?.. . . . . . . . . . . Framgangstida 1500–1650 – utan husmenn og plass?.. . . . . . . . . . . . . . . . Vekstfase 1650–1850 og avviklingstid 1850–1930.... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ulike syn på alderen til husmannsvesenet.............. . . . . . . . . . . . . . . . . . . Eit eldre husmannsvesen.................................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

52 54 56 58 60 64

7


innhald

Kapittel 5 Husmannsvesenet – idealtypar – og verkelegdom.. . . . . . . . . . . . . . . . . . . Idealmodellane møter husmannskvardagen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmannsvesenet ved kysten................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmenn og mangfald............................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Idealtype: Undergruppemedlem................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

65 67 68 71 74

Kapittel 6 Husmannen i aust og midt i – Austlandet og Trøndelag.. . . . . . . . . . . . Ringsaker – den typiske austlandske husmannsbygda?. . . . . . . . . . . . . . . . Austlandske husmannsvariasjonar............. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Det mangfaldige austlandske plass-systemet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Trøndelag.. ........................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . I aust og vest........................................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

75 76 82 85 86 88

Kapittel 7 Husmannen i vest – Vestlandet, Sørlandet og Nord-Norge.. . . . . . . . Sogn og Fjordane.................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Møre og Romsdal.. .................................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Nord-Norge........................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Samiske husmenn.................................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Langvarig i Nordland. . .............................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mellomdistriktet Telemark og Agder. . ......... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Setesdal. . . . .......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Frisleppt husmannsvesen?........................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

89 90 96 98 101 102 103 106 107

Kapittel 8 Tema og perspektiv for husmannsvesenet. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Økonomi: fleksibilitet og modernisering.. ...... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sosiale perspektiv: Konsum og helse.. ......... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Politiske perspektiv: Røysterett. . ................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kulturelle perspektiv: «Hørig og lydig»........ . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

109 110 113 115 117

Kapittel 9 Plass-systemet: Kontraktsvilkår, norm og fleksibilitet.. . . . . . . . . . . . . Standardkontraktar................................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmannen som huseigar. . ...................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . «Å festa seg plass»................................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

121 122 123 124

8


innhald

Innfestingspengar............................................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . Leige på livstid. . . . . .......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Plassleiga.. . . . . . . . . . . .......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lite arbeid på tilseiing....................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Plass-systemet: fleksibilitet, produksjon og sjølvberging.. . . . . . . . . . . . . Oppsummering. . . ............................................ . . . . . . . . . . . . . . . . . .

125 128 130 131 133 136

Kapittel 10 Husmannsvesenet i eit generasjons- og kjønnsperspektiv.. . . . . . . . Slit på skrinne husmannsplassar?........................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . Manglande kunnskap om kvinner og born.............. . . . . . . . . . . . . . . . . . . «Husmannsminner»......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . «I husmannsfolkets fotefar» – beinveden veks. . ....... . . . . . . . . . . . . . . . . . .

139 144 146 147 149

Kapittel 11 Avslutning – mangfald og utsyn......................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lovstyrt avvikling av husmannsvesenet................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ein spesiell norsk veg til velstand?. . ..................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Eksempelet Sauda. . ......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Brox på velferdsveg.......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmenn og cottars......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . Emigrerte ikkje husmennene?............................. . . . . . . . . . . . . . . . . . . Husmannsvegen til kapitalisme?. . ........................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . Mot ein ny «husmannsmodell»........................... . . . . . . . . . . . . . . . . . .

151 152 154 157 158 161 163 165 166

Sluttnoter.. . . . . . . . . . ........................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . 169 Litteratur.. . . . . . . . . . . .......................................... . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 176 Stikkordregister.. ............................................ . . . . . . . . . . . . . . . . . . 189

9



Kapittel 1

Den ukjende og skjulte husmannsgruppa

S Ei husmannsstove i Sogn fotografert av Knud Knudsen ca. år 1870.

11


kapittel 1

På 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i det norske samfunnet. Desse arbeidarane, jordleigarane og huseigarane som befolka husmannsgruppa, talde ved midten av hundreåret så mange at berre gardbrukargruppa var større enn husmannsfolket.1 Husmannsgruppa prega også samfunnsutviklinga opp til vår tid, gjennom 200–300 år fram til 1920-/1930-åra. Det er difor viktig å læra gruppa å kjenna. Sjølv om husmannsgruppa er borte, kan ho ikkje bli «nulla ut» i historia og historieforskinga. Ei forsvunnen gruppe er det ekstra spennande å læra om. Ho blomstra fram i gjenveksten etter svartedauden, vaks seg stor fram til midt på 1800-talet – og forsvann med marknadsorienteringa og mekaniseringa i jordbruket kring år 1900. Formelt avvikla jordlova frå 1928 husmannsvesenet. Stereotypiane lever om husmannskontraktar og slaveriliknande arbeidsforhold. Folk flest meiner å vita at husmannsvesenet var eit negativt uvesen. Slik er den vanlege, gjengse oppfatninga av husmannsgruppa og dei husmannsplassane husmennene budde på. Men er dette den einaste og rettaste førestillinga om ei stor samfunnsgruppe for om lag 150 år sidan? Samfunnsformasjonen har endra seg frå husmennene si «glanstid». I det gamle standssamfunnet – som me skal koma tilbake til – blei ikkje husmennene rekna som ein eigen stand. I det nyare klassesamfunnet er det heller ikkje råd å setja opp husmennene som ei eiga, eintydig klasse. Husmannsgruppa eigde sine hus og leigde sine plassar. Dermed har dei nokre trekk ved seg som vanskeleg lar seg innpassa i den vanlege økonomiske og politiske definisjonen av ein samfunnsklasse. Husmennene var ikkje reinspikka proletarar. Husmennene utgjorde ingen eigen stand eller sjølvstendig klasse. I denne statusen slapp dei interessant og viktig nok å betala skatt – heilt til husmannsplassane deira blei skyldsette og skrivne inn i stort tal i eigedomsregistera etter kvart som dei gjekk over til å bli

12


den ukjende og skjulte husmannsgruppa

fast eigedom i form av småbruk. Korleis kunne det skje at utviklinga gjekk frå karrige, skrinne husmannsplassar til velsedde, matproduserande småbruk som mange ennå i dag ser på som populære eigedomar for velvære, ja, endåtil velferd og velstand? Målet er å visa at husmennene og husmannsgruppa representerte eit plass-system som på den eine sida hadde nokre felles strukturelle trekk, og på den andre sida stod for tilpassing, mangfald og variasjon i lokal og regional utforming. Fortida er meir samansett enn me ofte kjem på. Slik er det også med husmannsvesenet. Det utgjorde eit plass-system meir komplekst enn mange tenkjer seg. Mangfaldige og samansette grunnar til utbreiing av husmenn og husmannsplassar er kva som her blir forfekta om plass-systemet for heile landet. Det har gått hundre år sidan ei eiga bok av vitskapleg slag kom ut om husmannsvesenet.2 Behovet er der for ei ny samla framstilling om dette systemet – plassinstitusjonen eller -skipnaden. Korleis skal me finna igjen husmennene og husmannsplassane dei budde på? La oss starta med ei ordbok som språkgranskaren Ivar Aasen laga. Han forklarte kva ein husmann var: Mann som er bosat i eget hus på annen manns jord.3 Aasen forklarte også kven huskona var, nemleg: en husmanns kone.4 Her peikar Aasen på at husmannsomgrepet ikkje er kjønnsnøytralt. Huskvinne eller -kone førekjem som nemning dersom husmannsplassen blei driven av ei kvinne. Dei to – husmannen og husmannskona – hadde felles hus for seg sjølve. At husmennene ofte eigde husa, blir stadig gløymt når omgrepet husmann skal avklarast: I ordet husmann er det altså derimot med. Jordstykket som husmannen festa eller leigde, blir som oftast kalla husmannsplass eller berre plass: «bebygget Jordstykke som er Leiebrug under en Gaard og tjener til Opholdssted for en Familie».5 At der er snakk om leige av eit jordstykke, betyr at dette arealet eller området er eit «ikkje-særskilt matrikulert stykke jord». Registeret over alle gardsbruk i landet blir kalla for matrikkelen. Her er alle

13


kapittel 1

skyldsette, utskilde eigedomar med, berre ikkje husmannsplassar fordi dei utgjorde leigde jordstykke eller -teigar. Å skyldsetja ein eigedom vil seia å gi den eit verdimål etter storleik, jordkvalitet og plassering. Skyld peikar tilbake til det gamle omgrepet landskyld. Ein gardbrukar som leigde garden sin, skulle som leiglending yta varer eller betala pengar etter kva denne taksten eller avgifta utgjorde i verdiar som smør, korn eller fisk.6 Hovudregelen språkleg er at det er tale om plassen, altså eit ord i hankjønn – husmannsplassen. Somme stader i landet bryt dialektformer med denne skrivenorma og talar om plasset, altså eit ord i inkjekjønn.7 Det kan leggjast til at mangfaldet i kva huset og jorda til husmannshushaldet blei kalla, kunne vera stort. Bygslestykket, plassjorda og festetomta førekjem som eksempel på kva arealet til ein husmann kunne bli omtalt som ulike stader i landet – i tillegg til plassen eller plasset. Dei to siste førekjem også som særnamn, jf. Plassen og Plasset. Husmannen med jord blei på Vestlandet ofte kalla ein «plasse­ mann».8 Det kom seg av at huset hans med jordarealet lagt til utgjorde ein husmannsplass. På Austlandet heitte det derimot husmann for alle som brukte eit stykke av jorda til ein gardbrukar – og dessutan: «står i et slags tjenesteforhold til gårdmannen».9 Ivar Aasen peikar ut ein viktig forskjell mellom husmannsvesenet på Vestlandet og på Austlandet. Husmannen austpå gjekk stadig som tenar og arbeidsdreng for husbonden sin. Sjølv om plassmannen vest i landet også kunne ha noko pliktarbeid på garden, var kontraktsforholdet hans med gardbrukaren sterkast prega av at han hadde fått eit hus å bu i på bonden si jord. Husmannsvesenet som ein måte å bu på har dominert forskinga etter Aasen omkring husmennene, gruppa og ordninga på Vestlandet. På same viset har historikarane vore opptekne av at husmennene på Austlandet var for arbeidarar å rekna – til og med noko i retning av arbeidstrælar med uavgrensa plikt til å arbeida fast for

14


den ukjende og skjulte husmannsgruppa

husbøndene sine til låg løn og lita godtgjersle. Husmannsvesenet var derimot ikkje slaveri. Den tidlege påpeikinga frå Ivar Aasen av landsdelsskilnadene for husmannsordninga gjorde at Simen Skappel i den hundre år gamle boka si frå 1922 om husmannsvesenet i Norge slo fast at på Vestlandet fanst bygselhusmannen, på Austlandet dominerte arbeidshusmannen. Ei slik skarpskoren deling mellom aust og vest har eigentleg aldri lete seg forsvara for husmannsvesenet. Det er tvilsamt at husmannsvesenet og plass-systemet i aust og i vest fungerte så ulikt i form av bustad, arbeid og ulike vilkår i husmannskontraktane. Ingrid Semmingsen redigerte i 1960 boka Husmannsminner.10 Boka hennar er både eit klart korrektiv og eit viktig alternativ til Simen Skappels bok frå 1922. Semmingsen leverer ein langt meir nyansert omtale enn Skappel av husmannsvesenet kringom i landet. Boka hennar kan lesast som eit stille, men tydeleg oppgjer med Simen Skappel. Endå om også ho nok var påverka av Skappel si grovmaska og overforenkla inndeling i to landsdelsbaserte husmannstypar, nemner ho korkje Skappel, «arbeidshusmannen» eller «bygselhusmannen» i omtalane sin av husmannsvesenet i dei ulike regionane av landet ho presenterer husmannsminne ifrå. «Bare i flatbygdene øst i landet og i noen grad i Trøndelag var husmannen fast jordbruksarbeider og beskjeftiget hos husbonden storparten av året», skriv Semmingsen.11 Ho hevdar vidare – dels basert på minnestoffet i boka frå husmannsborn og nokre heller få tidlegare husmenn – at i Vest-Norge, Nord-Norge, deler av Trøndelag og i dei fleste fjellbygdene austanfjells arbeidde husmenn flest ikkje for stort meir enn plassleiga. Når dette pliktarbeidet knytt til leiga av husmannsplassen anten var betalt for eller arbeidd for, «hadde husmannen i disse strøkene i regelen ikke plikt til å arbeide mer for husbonden».12

15


kapittel 1

Ingrid Semmingsen er best kjent som utvandringshistorikar. Interessa hennar for husmannsgruppa var likevel stor og står fram som hennar første forskingsfelt. Det er interessant korleis ho legg an eit langt meir positivt syn på dei austlandske husmannsvilkåra enn kva som seinare har festna seg – basert på Simen Skappel sine altfor enkle geografiske husmannstypar. Semmingsen stikk ikkje under stolen at husmenn austpå med kontraktar frå år til år var undergitt og avhengige av husbonden sin. Ho strekar likevel under at dersom husmannen hadde greidd å få til eit godt forhold dei to imellom, kunne den flittige husmannen på ein god husmannsplass i jordbruksbygdene austanføre ha betre utkome enn husmenn andre stader i landet: Han fikk såkorn og hestehjelp til våronna, og han kunne få hjelp med mat og klær om det trengtes. Han hadde større avling på plassen enn husmannen i fjell- og kystbygder når han bare fikk tid til å dyrke den skikkelig.13

I dag er husmennene, husmannsgruppa og husmannsvesenet eller plass-systemet så godt som heilt ukjent og skjult for oss urbane og byorienterte nordmenn. Dei i vår tid ukjende husmennene var alltid ein del av historisk sett dei som er vanskelege å finna i kjeldene, og som ikkje hadde noka tydeleg plassering i samfunnet. Korleis dette arta seg, skal me prøva ut ved å setja arbeids- og bygselhusmannmodellane både opp mot kvarandre og i møte med den historiske praksisen: Korleis ser husmannsvesenet eigentleg ut? Kva fortel kjeldene om korleis plass-systemet fungerte? Sidan Simen Skappel si tid har «husmannsforskinga» gjort nokre steg framover. Formidlings- og forskingsverk har blitt skrivne. Desse verka inkluderer både dei store forlaga sine norgeshistorier, regionsoger og det som har blitt skrive av hovudfagsoppgåver og masteroppgåver. I tillegg kjem dei mange allmenne bygde- eller kulturhistoriene som gjennom nærast uteljande bygdebokverk etter 1922 har fått fram mykje historisk stoff om husmannsordninga. Men ei syntetisering av

16


Kapittel 10

Husmannsvesenet i eit generasjonsog kjønnsperspektiv

S Husmannsplass frå Gudvangen i Sogn fotografert av Knud Knudsen ca. 1870.

139


kapittel 10

Husmannsguten Tobias blei fødd i 1899, heilt på slutten av det hundreåret då det fanst så mange husmenn i landet. Tobias står oppført som eit fattig, årsgamalt barn i folketeljinga 1900. Mor hans – Brønla Helene Knutsdotter – hadde alt før guten mista faren same året, måtta la husmannsguten deira bli utplassert til oppfostring. Det skjedde hjå ei anna husmannskone og mannen hennar på ein naboplass. Deira husmannsplass låg på same garden som Beinveen, plassen til Brønla Helene. Fattigdom og dårleg økonomi kan lett knytast til husmannsordninga. Husmannskonene tok seg av omsorga på husmannsplassane. Omsorga kunne gjelda mann, born og dessutan yngre eller eldre som bygda eller kommunen plasserte ut for at dei skulle bli tatt vare på i eit husmannshushald som fattige, sosialt understøtta. Det skapte utfordringar for husmannskona når ektemannen døydde tidleg. Ei juridisk side kom til syne dersom husmannsenkja ville gifta seg på nytt: Då hamna leigetida hennar på livstid i fare. Plassen var berre festa for levetida om ho forblei verande enkje. Ein ny ektemann måtte ho ikkje berre sjølv vilja ha – han måtte også godkjennast av jordeigaren, husbonden hennar. Husmannslova frå 1851 fastsette at husmannskona i husmannskontrakten ikkje måtte «tilpligtes til Arbeide» på gardsbruket husmannsplassen låg under.300 Dette «framsteget» fridde henne likevel ikkje framleis som enkje å ha fullt ansvar for pliktarbeidet ektemannen hadde tatt på seg som husmann. Lova gav henne rett til ta inn ein person eller eit par som både kunne utføra pliktarbeidet for henne og i tillegg hjelpa henne med drifta av husmannsplassen.301 I husmannslova var det tatt med at både husmenn og husmannskoner eller -enkjer på sine eldre dagar burde få høve og lov til å ta inn slike «Brugsmænd», som det her er tale om. Desse brukarane av husmannsplass ville vera aktuelle når husmannen eller kona sjølve blei sette ut av stand til å driva plassen sin.302

140


husmannsvesenet i eit generasjons- og kjønnsperspektiv

Pliktarbeid hjå husbonden på Frøvik-garden gjorde Tobias og brørne hans for mor si Brønla (Brynhild) etter den munnlege avtalen ho og far til gutane, Torbjørn, hadde inngått med Frøvik-bonden. Tobias Beinveen – Beinveden – namnet tyder kristtorn – frå garden Frøvik i Skjold, Nord-Rogaland vaks opp i ei tid med mykje diskusjon om husmennene som samfunns- eller sosialgruppe. Etter mange år med politisk og juridisk utgreiingsarbeid, mellom anna i ein eigen Husmannskommisjon, vedtok stortinget Jordlova av 1928. Denne lova fastsette at husmenn kunne få løysa inn og kjøpa husmannsplassane sine.303 Husmannskommisjonen starta arbeidet sitt i 1917 og lanserte snart innløysing av husmannsplass som ein utveg for det fleire og fleire meinte var ei utlevd og lite tidhøveleg ordning. For mor til Tobias må forkjøpsretten av plassen som Jordlova mange år seinare gav henne, ha vore eit alternativ. Sjølv tok Tobias og brørne hans seg jord-, stein- og grunnarbeid hjå mellom anna rike skipsreiarar som kjøpte seg villaeigedomar i heimbygda deira.304 Alt før stortingspolitikarane endeleg greidde å få vedtatt Jordlova, blei det i 1920-åra seld frå to naboplass til Beinveen. Klubben blei skyldsett frå plass til bruk i 1926 og fekk bruksnummer 4 på gardsnummeret til Frøvik. Året etter skifta Tømmervik status frå husmannsplass til gardsbruk. Det nye småbruket fekk bruksnummer 5. Fortida som husmannsplass står det ingenting om i skyldsetjingsforretningane. Det einaste som minner om vanlege punkt i husmannskontraktar, var at dei nye småbrukarane fekk rett til beite for vinterfôra dyr forutan lov til å finna seg brensel av ved og torv i gardsutmarka.305 Skyldsetjingane av Klubben og Tømmervik viser korleis husmannsvesenet forsvinn så merkeleg sporlaust. Friare armslag for etablering gav sosial og økonomisk utjamning. At Beinveen aldri blei skyldsett, kan også forståast i denne konteksten og større samanhengen. Å løysa inn heimeplassen Beinveen

141


kapittel 10

og kjøpa plassjorda til eige småbruk var ikkje aktuelt korkje for sønene eller mora. «Beinve-gutane» fann seg heller eigne småbruk andre stader og på andre gardar kringom i heimbygda. Ein av dei tok over småbruket Gjerde, som tidlegare hadde vore husmannsplass. Ein annan av brørne sette bu på Havåsen, også det bruket hadde ei fortid som husmannsplass. Sjølv kjøpte Tobias seg hustomt på eit utmarksareal som han med åra dyrka opp til å bli meir av eit småbruk enn det hadde vore ved denne jordhandelen i 1940. «Solhøgd», som den nye eigedomen fekk som namn, hadde inga fortid som husmannsplass. Oldeforeldra til Tobias, Torbjørn Johannesson (1787–1870) og Ingeleiv Johannesdotter (1783–1866), hadde i 1816 fått festa og tatt til med å rydda og «bebygge» plassen Træet, som høyrde til på Skjold prestegard – ikkje lange vegen borte frå Beinveen og Frøvik. Torbjørn Træet hadde som husmann på prestegarden formelt ikkje fått festa plassen for lengre tid enn soknepresten si embetstid i preste­kallet. Pliktene var flest i husmannskontrakten til Torbjørn. Av rettar stod det ikkje stort meir på kontraktspapiret enn at han skulle ha beite for dyra sine og brensel for familien. Like fullt gav nok det å bli husmann under preste­garden ein høgare status i husmannsgruppa enn det fleirtalet av husmenn i bygda kunne håpa på. Sokneprest Morten Henrich Magnus kravde ikkje noko i inn­ festingsavgift av Torbjørn. Men presten ville ha 2 spesidalar i årleg pengeyting frå Træet-husmannen. Arbeidsprestasjonen sette han til 18 dagar for året. Pliktdagane skulle svarast når prestemannen kravde dei. Utanom den reine plassleiga ville Magnus at Torbjørn stilte opp på prestegarden til løna arbeid når han ønskte det. Torbjørn plikta òg å skyssa folk for presten – det skulle husmannen godtgjerast for med «den ved Lovene bestemte Betaling» for skyssplikt til embetsreisande. Arbeid hjå andre eller reiser for andre måtte Torbjørn «aldeles ikke» ta utan «Tilladelse» frå presten. Torbjørn skulle sjå til at det ikkje kom noko bort frå husmannsplassen. Og han blei mint

142


husmannsvesenet i eit generasjons- og kjønnsperspektiv

om at dersom presten «med hans Opførsel bliver misfornøyet, da skal han uden Proces fravige Pladset».306 Det hende ikkje, og sonen fekk seinare festa Træet og bu der vidare. Ennå bur det etterkomarar av Torbjørn og Ingeleiv på Træet etter at husmannsplassen blei til eige småbruk og gardsbruk i 1890. Tidleg valde husmannssonen Tobias – oldebarn av Torbjørn Træet – å gå i radikal retning politisk ved å slutta seg til Arbeidarpartiet. Stemmerett og friare politiske standpunkt høyrde også den nye tida til. Faren Torbjørn hadde som fattigstøtta blitt automatisk fråtatt den retten alle menn over 25 år fekk i 1898.307 I 1930-åra fekk Tobias seg familie, men flytta mykje rundt på vegarbeid i konkurranse om ulike kontraktar for anlegg og opprusting av vegparsellar. Tobias valde seg anna arbeid og satsa på nye yrke no når «husmannsvesenet» var under avvikling. Etter krigen følgde og føydde livet til Tobias og kona Amanda seg inn i den sosial­ demokratiske orden som utvikla seg fram gjennom 1950- og 1960åra. Han fekk seg meir stabilt arbeid som vegvaktar, og vaksenlivet til husmannsguten utvikla seg til å gå i den velferdsretninga som etterkrigstida la grunnen for. Då livsløpet til Tobias enda i 1983, var borna og barneborna hans tatt opp i ei borgarleg samfunnsutvikling som hadde ført dei inn i ein mellomklasse av menneske i vestlandske bygde- og bysamfunn. Dei stod ganske fjernt frå husmannsstovene far eller bestefar deira – Tobias – hadde vakse opp i som fattigbarn og arbeidsmann. Husmannsguten Tobias Frøvik – han tok som vanleg var, etternamn etter garden som heimeplassen Beinveen låg under – var fjerde generasjon i rekkja av husmenn i slekta hans. Tobias høyrde definitivt til ei av husmannsslektene i bygda. Å få gifta seg med gardbrukardottera Amanda – namnet tyder «ho som er verdt å elska» – sat eit stykke inne for far hennar. Kontraktsvilkår anno 1816 kasta lange skuggar, hundre år og fire generasjonar fram.

143


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.