Bergsøy vs Volda programbladet 2024

Page 1


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

REM OFFSHORE took delivery of our CSOV vessel Rem Wind in Vietnam on the 16th of April 2024. Rem Wind is the 20`th vessel in the Rem Offshore Fleet.

Rem Offshore`s fleet is still growing and we are looking for experienced and dedicated crew members to join our team.

The Rem Offshore Team wishes Bergsøy Fotball the best of luck with the season 2024

DAGENS MOTSTANDAR

Volda har spelt 15 kampar, har vunnet alle, og har ein imponerande målforskjell på 59-9. Det er med andre ord ikkje dagen for undervurdering. Det blei eit 5-0 tap borte for Volda i juni.

Bergsøy har spelt 7 kampar på heimebane og står med 3 sigerar og 4 tap, og har både scora fleire mål og tatt fleire poeng borte enn heime hittil i sesongen.

Historisk har Bergsøy et godt tak på Volda på heimebane, og har kun tapt 4 gangar på 24 forsøk.

Men Volda har vunnet dei tre siste oppgjera mot Bergsøy, og sist laga møttest i Fosnavåg vann Volda med 3-1. Den gang scora Daniel Jøsok Kvalsvik, før han ende opp med eit rødt kort seinare i kampen. Rødt kort fekk også "Pelle" Bjørlykke på

Bergsøybenken den gang, mens fleire andre også fekk tilsnakk og gule kort for å ha klaga på dommaren.

Sist Bergsøy vann heime mot Volda var i 2018. Den gang scora Franjo Tepuric hattrick, mens Håvard Hundnes og Daniel Kvalsvik scora kvar sitt. Den gang fekk Fredrik Muren rødt kort.

Totalt har klubbane møttest 49 gangar i serien.

Bergsøy har 20 sigerar - 11 uavgjort og 18 tap.

Total målforskjell 96-110

På heimebane har Bergsøy denne statistikken mot Volda: 13 sigerar - 7 uavgjort - 4 tap

Målforskjell 59-35

Bildet: Nils Roger Paulsen gir Bergsøy 2-1 ledelse over Volda i 1985. Den gang endte kampen 3-3.

Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

Trenarkommentar

Velkommen til ny kamp på Havila Stadion Fosnavåg. Denne fredagen er det årets lag i 4.divisjon

Sunnmøre som møter oss på motsatt banehalvdel. Volda har vunne alla 15 kampar til no, og har allereide avgjort kampen om kretsmesterskapet.

Med på dette laget så er det også to gamle bekjente.

Pijus Marcinkevicius og Bendik Frøysa er to herøyværingar som vi gjerne skulle spelt på lag med, og ikkje mot.

Sjølv om Volda har vunne alle kampar til no, så går vi på med godt mot og god tru på våre egne ferdigheiter. Hausten 2024 er ei periode for gjenoppbygging, og vil være ei periode der prestasjonane vil svinge. Eit nytt lag med unge lokale gutar er på gong. Og med så mange nye så vil det variere. Men det er godt å sjå at fleire og fleire melder seg på og tar nivået. Etter ein tøff kamp heime mot Stodal/Ørskog, der fleire av dei unge fekk kjørt seg og vart litt anonyme, så var det godt å sjå dei røyse seg mot SIF/Hessa.

No ventar ein av årets tøffaste testar for dette unge laget, men vi skal krumme nakken og gjere vårt beste for å verte det første laget som teke poeng frå Volda i 2024.

På skadefronten så er Nils-Erik og Jøsse er fortsatt ute, og Magnus er tvilsom etter ei liten strekk forrige kamp.

Vel møtt til kamp

Mvh

Anders Helsem Hoff

HAV CUP 2024

Vi gler oss til HAV CUP 2024 som går av stabelen imorgon, lørdag 7 september! Med over 90 lag påmeldt blir det fotballfest frå morgon til kveld, og vi håpar å sjå deg der!

KAMPOPPSETT finn du her: https://havcup.cups.nu/

HAV Group er vår hovedsponsor, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup; «Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og det er derfor naturleg for HAV Group å gi vår støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er stolt over å kunne sette vårt namn på HAV Cup. Vi ønsker alle deltakarar til årets cup lykke til!,» seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group.

www.havgroup.no

Vår offisielle utstyrsleverandør

Frå historikk.com:

Det må skrivast litt om en av dei store historiefortellarane. Vestlandsnytt omtalte han som ein bauta. Det synes eg var en passande beskrivelse. Vi delte ei interesse for historie, men der historikk.com prøvar å ta vare på Bergsøy-historie, så tok denne bautaen på seg å ta vare på historie frå heile Herøy.

Harald Thorseth var virkelig en bauta. Eg har fleire bøker i hylla skrevet av Thorseth, men eg skal halde meg innanfor temaet Bergsøyhistorie. For Harald Thorseth var frilansjournalist i fleire tiår, og med kamera og tekst tok han vare på enormt med historie. Han var dermed også en bauta for Bergsøy, med tanke på å ta vare på klubbens historie.

Bergsøykampane fekk mange fyldige kamprapportar av Harald Thorseth i Sunnmøre Arbeideravis, og engasjementet for fotballen var virkelig på topp i Herøy - spesielt på 1970-tallet. Fotball handlar ikkje berre om kampane, og Thorseth skreiv godt om livet også rundt bana. Fleire intervju hadde han blant anna med Bergsøy sin store patriot Petter K "PIT" Pettersen. Pit var en mann som var nært knytt til Bergsøy, og også til ungdomen i Skarabakken der Thorseth holdt til.

Med god hukommelse huska Thorseth Bergsøykampar heilt tilbake på 1950tallet, den tida dei spelte med grøne drakter i Huldalen.Sjølv var Thorseth utespelar fram til han starta som keeper i junioralder på 1960-tallet. Han debuterte på A-laget til Bergsøy 27.mai 1967 borte mot Rollon. Bergsøy tok ledelsen ved Oskar Waage, men Rollon slo tilbake og vann 2-1. Det sto i kamprapporten at teknikeren Asbjørn Myklebust var et hakk over sine lagkamerater, at Kjartan Fagerlund var god på midtbanen og at Knut Igesund var best i forsvar. Debutanten i mål på 17 år klarte seg godt. Også i sin andre kamp, borte mot Valder, sto det at Bergsøy sin keeper var en av lagets beste spillere. Likevel blei det ikkje så manga kampane for Harald Thorseth på A-laget. Vi har notert ned 2 kampar i 1967 og (minimum) 4 kampar i 1971.

Ein av dei store

I 1971 spelte han blant anna cupkamp mot Hødd. Det var første gang Bergsøy og Hødd spelte en offisiell kamp mot kvarandre, og dette skjedde på Høddvoll i en dramatisk cupkamp. Bergsøy starta best og Knut Teige blei felt. Jack Pettersen ordna mål fra straffemerket. Otto Sundgot utlikna for Hødd til 1-1. Asbjørn Myklebust ordna 2-1 til Bergsøy, men Hødd sikra 2-2 og ekstraomgangar. Der blei Hødd sin kondisjon sterkare, og Kjetil Hasund (3 mål i kampen) var sterkt delaktig i at Hødd vann 5-2.

Etter at han la si aktive Bergsøykarriære på hyllene så fylgte Thorseth laget nært og godt vidare.

I juni 2023 besøkte eg Harald, og vi utveksla vår interesse for Bergsøyhistorie.

Om Bergsøy og spelarane sa Harald blant anna: -" Eg såg opp til dei fordi dei var gode, men like mykje fordi dei letta aldri. Dei fekk ingen nykka. I et lag må alle dra lasset ilag." Ett år seinare, i juni 2024 gjekk han bort i en alder av 74 år. Det var så alt for tidlig.

Bildet: Harald Thorseth slenger seg i mål under kampen mot Langevåg i Huldalen i 1971. På tribuna var det mellom 600-700 tilskuarar.

A-LAGET HERRE

#12 PEDRO L M
#1 DANIEL P
#1 LUKAS G GONZALES JØSOK SOLHEIM
#3 DAVID L
#4 SHADRACK C
#15 PETER F TONEV ONWUBIKO SANDANGER
#5 SANDER
#10 BEN
#8 NILS-ERIK
#16 DANIEL J BØE ROSSITER ENGEN KVALSVIK
#9 MAGNUS W
#24 SANDER M #7 ENRIQUE C MYKLEBUST VIKE SØVIK
#20 LINUS N OLSEN
#25 ROALD ANDREAS K RUNDE
#25 FREDRIK MUREN

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

A-LAGET DAME 2024

#12 FRIDA M LONGVA #23 KAISA LI GJERDE
#20 MAJA VATTØY
#18 ANNA LISA HIDE
#9 IDA K VESTNES
#13 EMMA H VIK
#8 KAMILIA S LEIKANGER
#14 LINE F PAULSEN
#6 MATHEA M PETTERSEN
# 21 SOFIE V ROONEY #17 SYNNE TJERVÅG
#24 VERONICA MADSEN
#11 AMANDA J MYRHOL
#7 TONJE HIDE
#18 PLAMEDIE BUNTU
#4 ISELIN LØVØY

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2024

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Terminliste og Tabell høst 2024

Damelaget med god start

A-lag Damer har vist strålande form i haustens 5.divisjon for kvinner med to sigrar av to mulige.

Tidligare denne veka vann dei 5-3 borte mot Hareid. Ein skikkelig sterk lagseier!

Målscorarar:

Hedda ⚽⚽⚽, Eira ⚽⚽

Heia Bergsøy!

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Oppstart

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet.

Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

våre annonsørar -dei støttar oss!

EIN ARENA FOR ALLE

Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære

forsikringsselskapet på Nordvestlandet.

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Ronny-Pål Kvalsvik, Lasse Myrhol, Terje Teige, Ann-Elin

Myklebust, , Runar Olsen, Ingeborg Farstad, Marthe Vågsholm Sævik

Administrasjons- og sportssjef- Lars-Petter Rønnestad

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Sveinung Storøy, Oddbjørn Åkerø, Per Svenning

Madsen

Arrangementsutvalg - Ingeborg Farstad

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Marthe Vågsholm Sævik,

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik

BERGSØY IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

Bergsøy IL Fotball

bergsoyil

Bergsøy IL Fotball

bergsoyfotball

Historikk.com

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Bergsøy vs Volda programbladet 2024 by bergsoy - Issuu