


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.
Allereie for snart 30 år sidan i 1996 møtte Bergsøy eit andrelag/toarlag for første gang, den gang Hødd2. Så har det blitt mange sesongar med kampar mot Åfk2, mens det også blei kampar mot Volda2 for to sesongar sidan. Denne gangen er det altså eit nytt bekjentskap i form av Spjekavik sine nest beste. Førstelaget til Spjelkavik er i toppen av divisjonen over Bergsøy og møter der heile fem andrelag, som tildømes Molde2 og Rosenborg2.
Omtrent like lenge, snart 30 år, har diskusjonen gått om kor rettferdig det er at desse andrelaga spelar i det samme divisjonssystemet. Kva spelarar andrelaga disponerer frå kamp til kamp har ofte vore ganske variabelt, der enkelte er heldige og møter juniorspelarar mens andre har møtt lag med mange førstelagsspelarar. Det vi veit om Spjelkavik 2 er at dei vann sine tre første kampar med 3-1 mot både SIF/Hessa, Ørsta og Hødd2, for så å tape dei neste to kampane mot Stordal/Ørskog og Rollon. Simon Vågnes er lagets toppscorar med fire mål på like mange kampar.
Når det gjeld Bergsøy si kamphistorie mot Spjelkavik sitt førstelag så strekker den seg tilbake til 1959. Det tok ti forsøk før Bergsøy endelig slo Spjelkavik (3-1) for første gang i 1968 med ett mål kvar av Asbjørn Myklebust, Jack Pettersen og Kjartan Fagerlund. Den gang var Sveinung Frøystad frisk og rask på høgrekanten mens Oskar Waage kjempa godt på midtbana og Kjell Almestad var best i BILforsvaret.
Men Spjelkavik har alltid vore vanskelig for Bergsøy å møte. Det blei berre to sigerar til Bergsøy på dei 22 første seriemøta mellom klubbane, og Spjelkavik har imponerande vunne 50 % av kampane som har blitt spelt i Fosnavåg. Også sist laga møttest i 2016 vann Spjelkavik både heime og borte mot Bergsøy.
Men då snakkar vi sjølvsagt om Spjelkavik sitt førstelag, mens kampen mot Spjelkavik2 den 30.mai vil bli starten på ein heilt ny statistikk. Vi håpar på godt resultat og 3 poeng i det som er ein veldig jamn 4.divisjon der kun 4 poeng skiller laga frå 3.plass til 10.plass på tabellen.
www.historikk.com
Bildet: Einaste Bergsøyspelar som har scora hattrick mot Spjelkavik er Lasse Myrhol. To av måla kom etter straffespark. Sigeren skjedde i 1997 der Bergsøy vann 5-1, og dei fem måla er også det meste Bergsøy har scora mot eit Spjelkaviklag nokongong.
Kan vi få ein ny hattrick-helt i dagens kamp?
Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry
We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
Velkommen til kamp på Havila Stadion Fosnavåg.
I årets tredje heimekamp er det eit nytt bekjentskap som tar turen til Fosnavåg.
Spjelkavik 2 rykte opp frå 5.div i fjor, og har så langt gjort ein god figur i 4.div. Laget består stort sett av tidlegare spelara for Spjelkavik sitt 3.divisjonslag, og er kanskje det mest rutinerte laget i årets 4.divisjon.
Vårt mål er å utvikle det unge laget vårt. Ispedd med litt rutine, så ser vi framsteg veke for veke.
Forrige fredag var vi i Stordal for å måle krefter mot deira gylne generasjon.
I fjor reiste vi heim med eit knusande 6-0 tap, i år er vi veldig skuffa at vi ikkje vann ein jamn og hard kamp. Det tek vi med oss inn i dagens kamp, og med like god innsats er vi trygge på at vi skal site igjen med 3 poeng når kampen er ferdig.
Dagens kamp er vår-sesongens siste heimekamp. Jobben med det nye, og etterlengta, dekket på bana skal begynne 16.juni. Vi gler oss alle til å kunne springe ut på det nye dekket etter sommarferien.
Velkommen til kamp!
Mvh
Anders Helsem Hoff
Tirsdag 3.juni spelar A-Lag Damer heimekamp mot Ørsta! I den anledning arrangerer klubben jentedag på Havila Stadion Fosnavåg der vi inviterer inn alle jenter i klubben til felles fotballøkt i forkant av kampen.
Vi får AaFK Fortuna på besøk. Her vil jentene få gode tips og råd under økta og muligheit til å stille spørsmål etterpå.
Etter trening serverer vi mat og drikke på klubbhuset før dei yngste jentene er maskotar, medan dei eldste jentene er ballhentera!
Ta turen til Havila Stadion Fosnavåg du også og støtt A-Laget vårt i kampen om 3 nye poeng!
Det er kjekt å sjå at alle våre ungdomslag klarar seg godt i sin divisjon denne vårsesongen, der dei fleste har fått opplevd både siger og tap som seg hør og bør! :)
Bergsøy J13 2div:
Bergsøy G13 1div:
Bergsøy G16 2div:
Bergsøy G13 3div:
Bergsøy G14 1div
Bergsøy G19 1div:
Onsdag 28.mai spelte A-Lag Damer borte mot Aksla/Guard 2 på Color Line Stadion.
Eit godt Aksla/Guard lag tek leiinga etter 15min spel. Deretter tek Bergsøy damene meir grep om kampen, noko som gir uttelling 10 min seinare når Hedda Holm sørger for 1-1. Like før pause viser nok ein gong Hedda fram sine målkunstner når ho sørger for Bergsøy leiing til pause.
2.omgong startar med fleire gode sjansar til begge lag uten at nokon klarer å sette ballen i mål. Vi spolar fram til 85 spelte minutt og kampen blir verkeleg spennande!
Aksla/Guard 2 utligner og stillinga er 2-2. Bergsøy har bestemt seg for at kampen ikkje er over før den er over og pressar Aksla/Guard 2. 2min før fulltid er Sofie Rooney på rett plass til rett tid og bankar inn 3-2 til stor jubel i Bergsøy leiren! Det såg lenge til at Bergsøy skulle klare å ta med seg alle poenga heim til Fosnavåg, men Aksla/Guard 2 har eit siste gir som fører til at dei på overtid nok ein gong utligner å kampen ender med poengdeling på Color Line Stadion.
Trenar Jørn Magnussen seier dette om kampen:
«I dag møter vi eit godt lag med mange gode, raske spillere. Vår oppgave er å markere og ta ut hver sin spiller, noe vi har jobba mye med i vinter og vår. No ser vi resultat av det.
Jentene er på i kvar duell og vinne ofte andreballen som gjer at vi kan omstille oss til raske angrep motsatt vei. Vi har ein god del å jobbe med offensivt, men vi ser absolutt at det bedrar seg for kvar kamp.
No begynne vi å spele som et lag. Alt i alt ein god kamp av oss der alle presterar til si evne. Bere synd det ikkje held heilt inn.
No ser vi fram til ny heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg tirsdag 3.juni og håper alle med kjærleik til Bergsøy tek turen å heie fram laget!
1. Jonathan Sandhaug
12.Pedro Luis Moreno Gonzales
6.Sander Makipera7.Enrique Crespo8.Nils-Erik
9.Magnus Waade Vike Søvik Engen Myklebust
10.Kjetil Steinsvik11.Alexander Lillenes14.Elias Skogen15.Peter Fjørtoft Paulsen Hestad Hauge Sandanger
Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.
Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.
Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.
Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.
Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.
Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.
Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.
Fair play er viktig både på og utanfor bana!
Bergsøy IL Fotball ønske flest mulig på fotballbana, og vi har lag fra 6 års alderen og heilt opp til lavterskel dame/herre.
Om ikkje fotballsparkar er heilt for deg kan ein også være med rundt eit lag eller som dommar. Det finnast også andre måtar å engasjere seg i og rundt fotballen!
Ta kontakt om du er interessert i å høyre kva tilbud som finnast: fotball@bergsoy.no
Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?
No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.
Interessert i å leige?
Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.
Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.
Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.
HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.
Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.
Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.
Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ
Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.
Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.
Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
våre annonsørar -dei støttar oss!
Støtt Bergsøy IL Fotball ved å kjøpe sesongkort! Med sesongkort får du inngong til 11 spennande seriekampar på Havila Stadion Fosnavåg i år!
Pris vaksen: kr 800,- | Honnør: kr 400,- | Barn under 18 år har gratis inngong
For spørsmål, ta kontakt: fotball@bergsoy.no
Heia Bergsøy!
I fleire år har Steffen Helsem Kvalsund halde på med eit større prosjekt. Det som byrja som eit mindre prosjekt har no vorte ein trilogi om Bergsøy idrettslag si over 80 år lange historie. I august vert dei to første delane vist på Fosnavåg konserthus.
23.August er det klart for litt over 3 timar med lokal idrettshistorie. Det er altså egentlig to filmar som blir vist på en kveld. Del 1 tek føre seg historia fram mot rundt 1970-tallet, før det blir ei pustepause før film del to tek føre seg historia vidare på 1970 og 1980-tallet.
Les meir her og kjøp billett: https://www.fosnavagkonserthus.no/bergsoyfilmen-wm1y2a/
Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!
Bergsøy IL Fotball
bergsoyil
Bergsøy IL Fotball
bergsoyfotball