

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.
Kjære Bergsøyvenner,
Fotballsesongen er godt igong, til stor glede for våre 400 aktive og mange supporterar. Med over 50 påmeldte lag som skal i sving er det mykje fotballmoro i vente på stadion framover. Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, der over 50 % av guter og jenter spelar fotball i barneklassene, der spesielt auken i aktive jenter er formidabel.
Klubben er prega av stor entusiasme og mange frivillige som stiller opp for våre aktive, noko klubben er særs takknemlege for. Dette gjeld både innanfor dei ulike laga, men også i frivillige roller i og rundt klubben. Det er avgjerande for at en klubb som Bergsøy klarer å halde vårt høge nivå både sportsleg og administrativt, og vi vil rette ei stort takk til alle som brukar mykje tid på klubben.
I 2024 hadde vi eit overskot på 1 million kroner. God drift kombinert med inntekter frå spelarsalet av Martin Håheim-Elveseter frå Hødd til Sarpsborg er bakgrunnen for det sterke resultatet. Vi gleder oss stort over Martin sin overgang, og sjølv om det meste av æra skal gå til Martin sjølv, er vi stolte over at vi som klubb har bidratt til hans utvikling og suksess.
Klubben har ein sunn økonomi, og med bakgrunn i dette har vi tilbydd Herøy Kommune å forskottere nytt kunstgrasdekke på Havila Stadion Fosnavåg. Anbodet har nettopp vore ute, og vi håper at vi kan sette spada i jorda for dette arbeidet når vårsesongen er omme. Vi er glade for at Herøy Kommune til slutt gjekk med på denne løysinga, og med bakgrunn i den høge aktiviteten vi har i klubben må vi snart i gang med eit liknande prosjekt på den gamle kunstgrasbane. Her håper vi å få til et godt samarbeid med det lokale næringslivet, slik at bana igjen kan utvidast til 11ar størrelse.
Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2025.
Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom året. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook.
Heia Bergsøy!
Med sportsleg helsing
Lars Conradi Andersen
Styreleiar Bergsøy Fotball
Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Velkommen til kamp på Havila Stadion Fosnavåg!
I dag er det Hareid som kjem på besøk. Eit Hareid lag som har forsterka seg enormt i vinter, med 10 spelara inn frå nabo Hødd.
Hareid har, som oss, variert litt i dei fyrste kampane, men skal på papiret være eit av dei sterkaste laga i årets 4.divisjon.
Etter to bra kamper, så kom vi knallhardt ned på jorda borte mot Hødd 2 forrige veke. Det var ein prestasjon vi ikkje skal være bekjent med, så gutta er veldig innstilt på å vise seg frå ei bedre side mot Hareid.
Vi har litt skader og sjukdom i troppen. Vår kaptein Pedro skada seg mot Hødd, og Alexander Hestad er usikker pga sjukdom.
Etter ein lang kamp for å fornye banedekket på Havila Stadion Fosnavåg, så er det veldig gledeleg å ha ein dato og sjå fram mot. Medio juni starta arbeidet, og det betyr at kampen i dag er vår-sesongens nest siste kamp på heimebane.
Velkommen til kamp
Mvh
Anders Helsem Hoff
Tradisjon tru vil vi også i år arrangere TUSSA Sommarcamp og HAV CUP!
TUSSA SOMMARCAMP 12-14 august (Fra 6-12 år)
Siste veka før nytt skuleår arrangera vi Tussa Sommarcamp.
Påmeldingsskjema kjem i god tid før sommarferie:)
HAV CUP 2025 13.09 (Fra 6-12år)
Vi gler oss til ei ny kjekk turnering på vårt anlegg når vi arrangere HAV Cup 2025 13.september!
I dag er det klart for lokaloppgjer mot Hareid igjen.
Bergsøy hadde spelt 17 strake kampar mot Hareid uten å tape frå sesongen 2006 og fram til fjorårets seriespel. 19 år altså, før Hareid braut forbannelsen i fjorårets serie med siger både heime og borte.
Den historiske statistikken mot Hareid er med andre ord ganske bra, og det er ingen andre lag Bergsøy har slått fleire gangar hverken på heimebane eller på bortebane.
I Fosnavåg har Bergsøy 17 sigerar mot Hareid, mens ein på bortebane har 15 sigerar. Det tilsvarer at Bergsøy vinner 62% av heimekampane og 54% av bortekampane mot Hareid.
Totalstatistikken mot Hareid er : 55 kampar – 32 sigerar – 8 uavgjort – 15 tap
Målforskjell 127-77
Det tilsvarer 58% sigerar, 15 % uavgjort og 27% tap.
Det er 5 lag Bergsøy har scora meir enn 100 mål mot igjennom seriehistoria, og dei 127 måla mot Hareid toppar lista foran Ørsta (116), Brattvåg (102 ), Stranda (102) og Valder (100).
Bilda viser Bergsøy sin statistikk i seriekampar og cupkampar
Statistikk mot lag på Heimebane. Topp ti rangert etter antall sigerar til Bergsøy på heimebane
1. Jonathan Sandhaug
12.Pedro Luis Moreno Gonzales
6.Sander Makipera7.Enrique Crespo8.Nils-Erik
9.Magnus Waade Vike Søvik Engen Myklebust
10.Kjetil Steinsvik11.Alexander Lillenes14.Elias Skogen15.Peter Fjørtoft Paulsen Hestad Hauge Sandanger
Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.
Bergsøy IL Fotball ønske flest mulig på fotballbana, og vi har lag fra 6 års alderen og heilt opp til lavterskel dame/herre.
Om ikkje fotballsparkar er heilt for deg kan ein også være med rundt eit lag eller som dommar. Det finnast også andre måtar å engasjere seg i og rundt fotballen!
Ta kontakt om du er interessert i å høyre kva tilbud som finnast: fotball@bergsoy.no
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.
Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.
Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
våre annonsørar -dei støttar oss!
Støtt Bergsøy IL Fotball ved å kjøpe sesongkort! Med sesongkort får du inngong til 11 spennande seriekampar på Havila Stadion Fosnavåg i år!
Pris vaksen: kr 800,- | Honnør: kr 400,- | Barn under 18 år har gratis inngong
For spørsmål, ta kontakt: fotball@bergsoy.no
Heia Bergsøy!
I fleire år har Steffen Helsem Kvalsund halde på med eit større prosjekt. Det som byrja som eit mindre prosjekt har no vorte ein trilogi om Bergsøy idrettslag si over 80 år lange historie. I august vert dei to første delane vist på Fosnavåg konserthus.
23.August er det klart for litt over 3 timar med lokal idrettshistorie. Det er altså egentlig to filmar som blir vist på en kveld. Del 1 tek føre seg historia fram mot rundt 1970-tallet, før det blir ei pustepause før film del to tek føre seg historia vidare på 1970 og 1980-tallet.
Les meir her og kjøp billett: https://www.fosnavagkonserthus.no/bergsoyfilmen-wm1y2a/
Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!
Bergsøy IL Fotball
bergsoyil
Bergsøy IL Fotball
bergsoyfotball
2, fredag 30.05 kl 18.30