




A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.
Kjære Bergsøyvenner,
Endeleg er det sesongstart, til stor glede for våre 400 aktive og mange supporterar. Med over 50 påmeldte lag som skal i sving er det mykje fotballmoro i vente på stadion framover. Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, der over 50 % av guter og jenter spelar fotball i barneklassene, der spesielt auken i aktive jenter er formidabel.
Klubben er prega av stor entusiasme og mange frivillige som stiller opp for våre aktive, noko klubben er særs takknemlege for. Dette gjeld både innanfor dei ulike laga, men også i frivillige roller i og rundt klubben. Det er avgjerande for at en klubb som Bergsøy klarer å halde vårt høge nivå både sportsleg og administrativt, og vi vil rette ei stort takk til alle som brukar mykje tid på klubben.
I 2024 hadde vi eit overskot på 1 million kroner. God drift kombinert med inntekter frå spelarsalet av Martin Håheim-Elveseter frå Hødd til Sarpsborg er bakgrunnen for det sterke resultatet. Vi gleder oss stort over Martin sin overgang, og sjølv om det meste av æra skal gå til Martin sjølv, er vi stolte over at vi som klubb har bidratt til hans utvikling og suksess.
Klubben har ein sunn økonomi, og med bakgrunn i dette har vi tilbydd Herøy Kommune å forskottere nytt kunstgrasdekke på Havila Stadion Fosnavåg. Anbodet har nettopp vore ute, og vi håper at vi kan sette spada i jorda for dette arbeidet når vårsesongen er omme. Vi er glade for at Herøy Kommune til slutt gjekk med på denne løysinga, og med bakgrunn i den høge aktiviteten vi har i klubben må vi snart i gang med eit liknande prosjekt på den gamle kunstgrasbane. Her håper vi å få til et godt samarbeid med det lokale næringslivet, slik at bana igjen kan utvidast til 11ar størrelse.
Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2025.
Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom året. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook.
Heia Bergsøy!
Med sportsleg helsing
Lars Conradi Andersen
Styreleiar Bergsøy Fotball
Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry
We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
Velkommen til årets første kamp på
Havila Stadion Fosnavåg!
Endeleg er det klart for kamp på Havila Stadion Fosnavåg igjen. Og etter en litt rufsete start på årets sesong, med mykje nerva som prega laget, så er vi klare til å gi full gass mot SIF/Hessa framfor vårt fantastiske publikum.
2024 vart eit litt trøblete år for oss. Vi mista 12 spelara i løpet av året, og det tar tid å bygge opp eit nytt og slagkraftig lag. Men den erfaringa som dei unge spelarane fekk når dei vart kasta ut på bana i fjor, er uvurderlig.
Vi har i år ein større og meir slagkraftig stall. Beståande av lokale gutar som vil gjere alt dei kan for laget, og alt dei kan for at vårt fantastiske publikum skal føle ein stoltheit av laget sitt. Støtta dei får av dere er uvurderlig.
Velkommen til kamp
Mvh
Anders Helsem Hoff
I fleire år har Steffen Helsem Kvalsund halde på med eit større prosjekt. Det som byrja som eit mindre prosjekt har no vorte ein trilogi om Bergsøy idrettslag si over 80 år lange historie. I august vert dei to første delane vist på Fosnavåg konserthus.
23.August er det klart for litt over 3 timar med lokal idrettshistorie. Det er altså egentlig to filmar som blir vist på en kveld. Del 1 tek føre seg historia fram mot rundt 1970-tallet, før det blir ei pustepause før film del to tek føre seg historia vidare på 1970 og 1980-tallet.
Les meir her og kjøp billett: https://www.fosnavagkonserthus.no/ bergsoy-filmen-wm1y2a/
Bergsøy mot SIF/Hessa: 13 kampar, 8 sigere, 1 uavgjort og 4 tap. Målforskjell 31-18 Bergsøy heime mot Sif/Hessa: 7 kampar, 4 sigere og 3 tap. Målforskjell 17-10.
Bergsøy har vunne dei tre siste møta mot SIF/Hessa, men før det så blei det fire strake tap. Med en uavgjort på 13 kampar har det blitt litt enten eller for Bergsøy mot SIF/Hessa.
I sesongen 2024 vann Bergsøy både borte mot Hovdebygda og heime mot SIF/ Hessa. Etter 0-1 tapet i serieåpninga mot Hovdebygda har Bergsøy no sjølvsagt eit ønske om å snu skuta mot gode trepoengarar.
Etter en vanskelig haustsesong i 2024 har Bergsøy no berre to sigerar på sine 10 siste seriekampar, og 2-1 sigeren borte mot Sif/Hessa i august var ein av desse sigerane. Den gang etter at mål frå Enrique Crespo Søvik og Roald Runde snudde kampen siste kvarteret.
Ser en på fjorårets sesong så var det tre lag som var viktige bidragsytarar til Bergsøy sin poengfangst. Bergsøy vann både heime og borte mot Sif/Hessa, Aksla og Langevåg, og dette sørga for 18 av lagets totale 29 poeng. Aksla måtte ned ein divisjon, mens Langevåg og Sif/Hessa klarte seg like over streken.
Vi håper på ny jubel mot SIF/Hessa i sesongens første heimekamp. Det kan være lov å håpe at historien frå 1988 gjentek seg, då Hessa kom til Fosnavåg i den andre serierunden og Bergsøy gjekk til toppen av tabellen. I 7-0 sigeren mot Hessa i 1988 scora følgande måla: Trond Paulsen 2, Are Blindheim 2, Tony Pettersen, Lars Ove Almestad & Gullik Kjelstadli
Status A-lag dame frå hovudtrenar Jørn:
Årets damelag består for det meste av mange gode og fremadstormende unge jenter ispedd med 3-5 rutinerte.
Treningskvardagen har vore varierende og oppmøte har svingt fra få spelara og heilt opp til 18 spelara. På grunn av få spelara såg vi oss nødde til å melde på lag i 9-ar serien istadenfor 11-ar som var planen.
Treningskampene våre har også vore varierende, men generelt bra innsats av jentene! Her har vi fått kjent på både siger og tap.
Vi har ikkje satt oss noke konkrete mål for årets sesong, men gleder oss veldig til å komme i gang med kamper.
Vi ønsker damelaget lykke til årets sesong!
1.Jonathan Sandhaug2.Gustav
4.Linus Nygård5.Sander Hoff Sande Olsen Bøe
6.Sander Makipera7.Enrique Crespo8.Nils-Erik
9.Magnus Waade Vike Søvik Engen Myklebust
10.Kjetil Steinsvik11.Alexander Lillenes14.Elias Skogen15.Peter Fjørtoft Paulsen Hestad Hauge Sandanger
Jøsok17.Tomas
Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.
Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.
Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.
Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.
Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.
Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.
Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.
Fair play er viktig både på og utanfor bana!
Bergsøy IL Fotball ønske flest mulig på fotballbana, og vi har lag fra 6 års alderen og heilt opp til lavterskel dame/herre.
Om ikkje fotballsparkar er heilt for deg kan ein også være med rundt eit lag eller som dommar. Det finnast også andre måtar å engasjere seg i og rundt fotballen!
Ta kontakt om du er interessert i å høyre kva tilbud som finnast: fotball@bergsoy.no
Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?
No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.
Interessert i å leige?
Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.
Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.
Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.
HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.
Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.
Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.
Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ
Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.
Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.
Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
våre annonsørar -dei støttar oss!
Støtt Bergsøy IL Fotball ved å kjøpe sesongkort! Med sesongkort får du inngong til 11 spennande seriekampar på Havila Stadion Fosnavåg i år!
Pris vaksen: kr 800,- | Honnør: kr 400,- | Barn under 18 år har gratis inngong
For spørsmål, ta kontakt: fotball@bergsoy.no
Heia Bergsøy!
Status ungdomsfotballen:
- G19 er i år kvalifisert til 1.divisjon, og i første kamp før påske blei det tap 2-0 mot Hødd. Denne veka tok dei turen til Rollon og her blei stillinga 1-1.
-G16 starta sin sesong med ein kontrollert 4-1 seier over HaNo/Harøy før påske. Neste kamp er oppsatt 1.mai mot Hareid.
-G14 vann Vintercupen etter ein overbevisande 5-1 seier borte mot Hødd. Dei startar første seriekamp borte mot Emblem søndag 04.05.
-G13 er påmeldt to lag og starta sine seriekampar denne veka med både seier og uavgjort.
-J13 kom allereie igong med seriespel før påske og gikk på et knepent 5-4 tap borte mot Ørsta. Denne veka slo dei tilbake da dei vann 4-1 mot Ellingsøy på heimebane.
Vi ønsker våre ungdomslag lykke til i årets sesong!
Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!
Bergsøy IL Fotball
bergsoyil
Bergsøy IL Fotball
bergsoyfotball