Vestland FrP - Valgbrosjyre 2023-27

Page 1

Verdiskapningsfylket

Vestland

INFORMASJON

Verdiskaping og arbeidsplassar

Det er krevjande tider for næringslivet.

AP/SP-regjeringa har skapt utryggleik for viktige næringar i Vestland, t.d. for havbruksnæringa med lakseskatten og for petroleumsnæringa gjennom avlysing av 26. konsesjonsrunde. Dette går også hardt ut over leverandørindustrien langs kysten. FrP vil gje næringslivet føreseielege rammevilkår, og leggja til rette for vidare vekst og utvikling gjennom satsing på kompetanse, FoU, låge skattar, tilstrekkeleg fornybar energi, investeringar innan samferdsel og JA-haldning i arealpolitikken.

Verdiskapingsfylket

Vestland

Vestland fylke er Norges fremste verdiskapingsregion. Vi har store naturressursar og eit offensivt næringsliv, men regionen slit også med utfordringar. Vi treng store investeringar innan samferdslesektoren, manglar energi til nye næringsetableringar, havbruksnæringa vert hersa med av regjeringa og det er kamp om arbeidskrafta.

Fremskrittspartiet går difor til val på eit offensivt program for å styrkja verdiskapingsregionen Vestland. Vi har eit solid mannskap med mykje og variert erfaring frå nord til sør i fylket. Nedanfor ser du nokre av hovudsakene våre ved fylkestingsvalet 2023. Heile programmet finn du på www.frp.no/ditt-fylke/vestland.

Norge og Vestland treng politisk endring.

AP/SP- regjeringa har allereie øydelagt nok. Bruk stemmeretten, og gje eit signal om skifte allereie ved kommune- og fylkestingsvalet i haust!

Godt val 11.september!

Innan energi vil FrP oppgradera og byggja ut vasskrafta vår, og vi er positiv til etablering av moderne kjernekraft i Vestland. Tilsvarande er vi negativ til naturøydeleggjande vindkraft på land, og i mot at havvind skal subsidierast av skattebetalarane.

FrP vil også vidareutvikla olje- og gassnæringa. Dette er vår desidert mest lønsame næring, og verden treng meir energi. Energipolitikk er også tryggleikspolitikk, og Norge skal væra ein stabil leverandør av olje og gass til Europa i mange tiår framover.

Fritt skuleval for ungdommen

Vidaregåande opplæring er ei hovudoppgåve for fylkeskommunen. Dessverre har det raudgrøne fleirtalet i Vestland fylkesting fjerna fritt skuleval, og innført ein byråkratisk og komplisert inntaksmodell til vidaregåande skule. Dette vil FrP snu. Ungdommane våre skal fritt kunne velja mellom alle skular og utdanningsprogram fylket.

- Stem for eit offensivt Vestland Vestland Frp Fylkesordførarkanidat Terje Søviknes Terje Søviknes, fylkesordførarkanidat

FrP prioriterer også yrkesfag sterkt gjennom fleire yrkesfagplassar og moderne utstyr. Yrkesfagtilbodet må dimensjonerast er næringslivet sitt behov, og FrP ynskjer tettare samarbeid mellom yrkesfagskulane og lokale bedrifter. Tilsvarande arbeider vi for ein god fagskule, og eit desentralisert høgskuletilbod i heile fylket.

Auka satsing på fylkesveg

Både næringsliv og folk flest er heilt avhengig av eit godt fylkesvegnett. Dette er kvardagsvegane våre, men dessverre har Vestland eit stort etterslep på fylkesvegvedlikehaldet. FrP vil derfor auka løyvingane til fylkesveg med 500 mill kr pr år dei neste fire åra, - totalt 2 milliardar kr til auka reasfaltering, vedlikehald og investering i nye fylkesvegprosjekt.

Kollektivtilbod i heile fylket

FrP er seier nei til Bybane over Bryggen i Bergen, og ynskjer heller eit utvida busskonsept til Åsane i kombinasjon med E39 Ringveg Øst. Bybanen til Åsane er no kalkulert til over 23 mrd kr, og vil krevja ein kraftig auke i bompengane i Bergen om den skal realiserast. I tillegg er det stor uro for at driftskostnadane knytt til banen vil gå ut over kollektivtilbodet i resten av Vestland fylke. Det kan ikkje FrP akseptera.

FrP seier nei til bompengar, og meiner nye vegprosjekt skal fullfinansierast av staten. Av store samferdsleprosjekt i Vestland prioriterer vi ferjefri E39 inkl. Hordfast, K5 på E16 Bergen-Voss, E134 Haukelivegen, E39 Ringveg Øst m/Norhordlandstunnelen og Stad skipstunnel.

FrP vil ha eit godt kollektivtilbod m/buss, hurtigbåt og ferje i heile Vestland. Vi prioriterer hyppige avgangar, låge billettprisar og kortast mogeleg reisetid for kundane framfor rådyre klimatiltak i kollektivtilbodet.

JA-haldning i arealsaker

FrP står for JA-haldning i plan- og byggesaker. Alt for ofte opplever imidlertid både innbyggjarane og kommunane at Statsforvaltar, Vestland fylkeskommune og andre statlege instansar kjem med motsegner som overprøver lokaldemokratiet. FrP vil sjå til at fylkeskommunen ikkje opptrer som ein overkommune i arealpolitikken. Vi skal leggja til rette for nye nærings- og bustadareal som bidrar til aktivitet og utvikling i heile fylket, og redusera talet på regionale planar som overstyrer kommunane.

- Stem for eit offensivt Vestland Vestland Frp

Stem for eit offensivt

Vestland

Vi har erfarne lokalpolitikarar frå sør til nord i fylket. Dei er ekte, framoverlente og handlekraftige, og vil væra ombodsmenn og - kvinner for vestlendingane. Ingen sak er for liten, ingen sak er for stor.

I Fremskrittspartiet er vegen kort frå deg som veljar, via lokale FrP’arar og til rikspolitikarane.

Ta gjerne kontakt med oss!

Vestland FrP stiller ei knallsterk liste til fylkestingsvalet 2023:

1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

2. Sigbjørn Framnes (Stord)

3. Renate Møgster Klepsvik (Austevoll)

4. Martine Jordana Baarholm (Bergen)

5. Frank Willy Djuvik (Kinn)

6. Stig Abrahamsen (Askøy)

7. Helge Stormoen (Bergen)

8. Sigurd Andrè Maraas (Fitjar)

9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

10. Rita Navarsete (Sogndal)

11. Hogne Bleie (Stad)

12. Frode Nygård (Kvam)

13. Anita Garlid Johannessen (Øygarden)

14. Martin Virkesdal Jonsterhaug (Bergen)

15. Mary Ann Mostraum (Alver)

INFORMASJON
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.