Vaksdal FrP - Valbrosjyre 2023-27

Page 1

Vaksdal FrP

Vekst og utvikling i Vaksdal

Hovedsaker 2023 - 2027

JA-kommune

Helse, omsorg og oppvekst

Vekst i folketal og næringsliv

Trygg samferdsle

Låge skattar og avgifter

Stå imot Statsforvaltaren!

Vaksdal, ein komande vekstkommune!

Vaksdal går ei spanande tid i møte. Store, positive endringar er i vente som kan gje kommunen utviklingspotensiale me tidlegare berre kunne drømme om. Med Vaksdal FrP og ordførarkandidat Boris Groth i front, er visjonen klar: ein blomstrande vekstkommune for både innbyggjarar og næringsliv for å sikre kommunen si framtid!

Fokus på Vekst og Næringsutvikling

Med Boris Groth på topp er målet til Vaksdal FrP å styrke kommunen som ein vekstkommune både folketalsmessig og innanfor næringsutvikling.

Til no har me vore heldige med ein bra kommuneøkonomi, men framover kan strammare prioriteringar bli eit faktum, om me ikkje klarar skape folketalsauke.

Samarbeid og Moglegheiter

Å utvikle kommunen ynskjer me å gjere i nært samarbeid med både næringslivet og den frivillige sektoren. Med allereie etablerte gode kommunikasjonar som veg og jernbane, samt eit stort uutnytta turistpotensiale, har Vaksdal eit solid utgangspunkt for vekst. Framover vil fokus ligge på å vise fram dei mange gode sidene ved Vaksdal og på å skape eit enda betre miljø for bustad- og næringsutvikling.

Livskvalitet og Kultur i Vaksdal

Innbyggjarane i Vaksdal kan nyte godt av dei korte avstandane til både kultur og jobbmoglegheiter i Bergen og Voss, og med Vaksdalsbygdene sitt rike kulturtilbod, er det mykje å setje pris på. Naturelskarar kan også glede seg over fantastiske fjell, jaktområde og fiskemoglegheiter.

FrP sitt mål er å skape eit blomstrande næringsliv, fremje gode skular og barnehagar, sikre varierte fritidstilbod, gode omsorgstenester, og gi alle innbyggjarar tilgang til gode og trygge samferdsleløysingar.

Vaksdal FrP ber om di støtte ved valet i 2023 for å realisere denne visjonen for Vaksdal.

Meir informasjon finn du på: www.vaksdal-frp.no

Boris Groth
JA
Vaksdal-
Ordførerkandidat Vaksdal Frp
- kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg!
Frp.no

Gode oppvekstmiljø

Det kan vere krevjande å væra ung i dag. Krava er store, presset er høgt og mange slit psykisk. Born og unge er framtida vår. Difor satsar FrP på gode oppvekstmiljø.

Me skal ha kvalitet i dei gode barnehagane og skulane våre, ei god skulehelseteneste og eit variert idretts- og kulturtilbod for ei meiningsfull og aktiv fritid for born og unge.

• Me ynskjer komande periode å få realisert den nye barnehagen på Dale

• Trygge skulevegar

• Forenkle opptaksrutinane i Barnehagane.

• Ferdigstille opprustinga av Geitabakken

• Nulltoleranse for mobbing

• Styrke ungdomsklubbane

Helse og omsorg

I Vaksdal skal ein kunne LEVA HEILE LIVET, og når ein vert eldre!

Mange seniorar lever i dag aktive og gode liv. Samtidig er enkelte uroleg for framtida, og redd for at dei ikkje skal få naudsynte omsorgstenester når helsa eventuelt sviktar.

I inneverande periode har me saman gjort betydelege løft for omsorgsbygg i Vaksdal, og me skal ha eit tydeleg fokus på gode og trygge omsorgs og heimetenester i heile kommunen, så ein kan få bu i eigen heim lengst mogleg. For å oppnå dette med god kvalitet er det og viktig å legge til rette for styrka bruk av Tryggleiksteknologi som kan gjere kvardagen til dei eldre enklare og tryggare!

Den dagen det er behov for høgare pleiebehov enn ein klarar i heimen, vil det vere tilpassa omsorgstilbod på Vaksdal og Dale! Det skal leggast til rette for at sambuar/ektepar kan bu saman!

• Me ynskjer kjøkken tilbake i Vaksdal for «heimelaga kvalitets mat», og god heimelaga matlukt.

• Jobbe for auka grunnbemanning for å betre arbeids og omsorgstilhøva, samt redusere behov for vikarbruk.

JA - kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg! Vaksdal-Frp.no

Nei til eigedomsskatt

Me opplever no galopperande prisar på straum, mat og drivstoff, og rentene stig. På toppen kjem også høge fakturaer for eigedomsskatt og kommunale avgifter. Dei to sistnemde må me halda lågast mogleg i åra som kjem!

FrP vil fortsatt arbeida for å redusera eigedomsskatten for bustad- og fritidseigedomar i Vaksdal kommune dei kommande åra. Me ynskjer på litt lengre sikt å få fjerna eigedomsskatten heilt for bustad- og fritidseigedomar.

Me vil arbeida for at alle avgifter skal haldast på lågast mogleg nivå.

Kommunen må setja tæring etter næring, og kan ikkje forsetta å senda rekninga til innbyggjarane i form av eigedomsskatt.

JA-haldning

Eindel opplever i dag møte med det offentlege og kommunen som litt «vanskeleg», t.d. ved at ulike søknads og planprosessar tar lang tid.

Noko framsteg er gjort i inneverande periode, men FrP vil framleis arbeida for at kommunen skal vera ein imøtekommande og serviceinnstilt JA-KOMMUNE, i møte med eigne innbyggarar, ny-etablerarar og næringslivs grundere!

Me ynskjer å effektivisera og forenkla den kommunale forvaltninga.

Me vil leggja til rette for vekst og utvikling i heile kommunen – også bustadbygging ute i bygdene. Enkelt og greitt ein kommune som seier JA, og lyttar til dine behov!

• JA-haldninga skal bli normen i Vaksdal, særskild fokus innan byggesaker!

• Tilrettelegge og planlegge bustad og næringsområde i påvente av K5.

• Me er positiv til hyttebygging, gode moglegheiter i Stamnesområdet og i dalane våre.

• Me ynskjer å tilrettelegge for reiselivssatsing i heile Vaksdal, både på land og sjø.

JA - kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg! Vaksdal-Frp.no

Frivillig sektor

Det er krevjande tider for frivillig sektor med høge straumprisar, dårleg rekruttering og ei dugnadsånd som kanskje ikkje er som tidlegare. Men vi treng alle idrett, friluftsliv og kultur i liva våre, og dei beste tilboda vert skapt i samarbeid mellom det offentlege, private og frivillig sektor. Derfor satsar FrP på frivilligheita.

Vaksdal kommune skal framleis leggja til rette for frivilligheita. Me skal framleis vera ein medspelar og ta del i spleiselag for å utvikla nye idrettsanlegg, friluftsområde og kulturtilbod.

Me ynskjer m.a. å «ferdigstilla» oppgraderinga av Geitabakken med å «friske opp» kunstgraset på kunstgrasbana, og i vidare samarbeid med idrettslaget få oppgradert anlegget rundt det nye flotte klubbhuset som DIL har fått bygd!

• Me ynskjer å legge til rette møteplassar for unge. • Støtte opp om ungdomsklubbane i kommunen.

• Arbeide for å lempe på urimelige fiskereglar i delar av kommunen.

Samfunnsutvikling

Auka folketal, vekst i næringslivet og trygg samferdsle er essensielt for Vaksdal i åra som kjem. Ny bane og veg - K5(som me håpar får oppstart i 2024) saman med bygging av ny trafostasjon på Dale, vil kunne gje ein «bonanza» i Næringslivet i kommunen i åra som kjem. Så det er viktig å posisjonere kommunen for å bidra til dette, i tillegg til å ta vare på eksisterande verksemder!

FrP held fram arbeidet for å realisere K5-bane og veg! Trygg samferdsle i kommunen er prioritert! Men me må uavhengig av desse prosjekta og jobbe aktivt i åra som kjem med å leggja til rette for nyetablering, grunderverksemd og nye næringsområde for å skape fleire jobbar i kommunen. Det er ofte viktig for familiar som vurderer å busetja seg, at minst ein forelder kan jobba lokalt.

Me vil difor i komande periode ha sterkt fokus på å legga til rette for bustadbygging, samt gjennomføra den nyleg vedtekne næringsplanen or Vaksdal, og offensivt støtta næringsarbeidet i kommunen i åra som kjem!

• Realisere eit Beredskapsenter på Dale med m.a. Brann, Ambulanse, Politi, kombinert med næring, bustader og P-kjellar.

• Me vil satsa offensivt på næringsutvikling, herunder reiseliv.

• Sikre vedlikehald av kommunale bygg, vegar m.m.

JA - kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg! Vaksdal-Frp.no

I år er det både kommune- og fylkestingsval.

I vallokalet finn du to vallister:

Rosa kant for kommunevalet Blå kant for fylkestingsvalet.

I kommunevalet kan du retta på røystesetlane (vegleiing står på røystesetlane):

Setje kryss ved ein kandidat for å gje han/ho en ekstra personstemme

Føre opp ein listekandidat frå et anna parti for å gi han/ho ei ekstra personstemme

Alle som fyller 18 år i løpet av 2023, og er busett i kommunen pr 30. juni, har stemmerett.

Du treng ikkje væra norsk statsborgar for å ha stemmerett ved lokalval; - Nordiske statsborgarar har stemmerett om dei er busett i kommunen før 30. juni

- Utanlandske statsborgarar frå utanfor Norden har også stemmerett om dei har vore busett i Norge dei siste tre åra.

Det einaste du treng å ha med deg i vallokalet er gyldig legitimasjon m/bilde. Du treng ikkje valkortet (blir sendt i Posten), men dette lettar arbeidet i vallokalet.

JA - kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg! Vaksdal-Frp.no

Saman skal me sørgje for endring!

1. Boris Groth Dale Vaksdal Frp 4. John Olav Ørnes Stamnes 7. Geir Hesjedal Stanghelle 2. Trygve Jakobsen Stanghelle 3. Karin Groth Bergsdalen 5. Bernt Åsen Vaksdal 6. Are Frode Fløysand Dale 8. Jostein Tufte Dale
JA - kommunen Vaksdal - Fridom, tryggleik, omsorg! Vaksdal-Frp.no
9. Magne Sv. Lid Bergsdalen

Verdiskapingsfylket Vestland

Stem FrP ved kommuneog fylkestingsvalet!

Fylkesordførarkandidat

Vestland FrP

Terje Søviknes

FrPs prioriteringar i fylket:

- Fritt skuleval og satsing på yrkesfag

- Utbygging og vedlikehald av fylkesveg

- Nei til bybane over Bryggen

- Nei til bompengefinansiert bybane til Åsane

- Ja til eit godt kollektivtilbod i heile fylket

- JA-haldning i arealsaker

- Verdiskaping og arbeidsplassar

Vestland FrP stiller ei knallsterk liste til fylkestingsvalet 2023:

1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

2. Sigbjørn Framnes (Stord)

3. Renate Møgster Klepsvik (Austevoll)

4. Martine Jordana Baarholm (Bergen)

5. Frank Willy Djuvik (Kinn)

6. Stig Abrahamsen (Askøy)

7. Helge Stormoen (Bergen)

8. Sigurd Andrè Maraas (Fitjar)

9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

10. Rita Navarsete (Sogndal)

11. Hogne Bleie (Stad)

12. Frode Nygård (Kvam)

13. Anita Garlid Johannessen (Øygarden)

14. Martin Virkesdal Jonsterhaug (Bergen)

- Stem for eit offensivt Vestland!

15. Mary Ann Mostraum (Alver)

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.