Vekst og utvikling i Vaksdal
Vaksdal går ei spanande tid i møte. Store, positive endringar er i vente som kan gje kommunen utviklingspotensiale me tidlegare berre kunne drømme om.
Med Vaksdal FrP og ordførarkandidat Boris Groth i front, er visjonen klar: ein blomstrande vekstkommune for både innbyggjarar og næringsliv.
Fokus på Vekst og Næringsutvikling
Med Boris Groth som på topp er målet til Vaksdal FrP å styrke kommunen som ein vekstkommune både folketalsmessig og innanfor næringsutvikling. Til no har vi vore heldige med ein bra kommuneøkonomi, men framover kan strammare prioriteringar bli eit faktum.


Samarbeid og Moglegheiter
Å utvikle kommunen ynskjer vi å gjere i nært samarbeid med både næringslivet og den frivillige sektoren. Med allereie etablerte gode kommunikasjonar som veg og jernbane, samt eit stort uutnytta turistpotensiale, har Vaksdal eit solid utgangspunkt for vekst. Framover vil fokus ligge på å vise fram dei mange gode sidene ved Vaksdal og på å skape eit enda betre miljø for bustad- og næringsutvikling.
Livskvalitet og Kultur i Vaksdal
Innbyggjarane i Vaksdal kan nyte godt av eit liv fritt for bystress. Med korte avstandar til både kultur og jobbmoglegheiter i Bergen og Voss, og med Vaksdalsbygdene sitt rike kulturtilbod, er det mykje å setje pris på. Naturelskarar kan også glede seg over fantastiske fjell, jaktområde og fiskemoglegheiter.
FrP sitt mål er å skape eit blomstrande næringsliv, fremje gode skular og barnehagar, sikre varierte fritidstilbod, gode omsorgstenester, og gi alle innbyggjarar tilgang til gode og trygge kommunikasjons- løysingar.
Vaksdal FrP ber om di støtte ved valet i 2023 for å realisere denne visjonen for Vaksdal.
Godt val!

FrPs kandidatar:
1. Boris Groth Dale
2. Trygve aJakobsen Stanghelle


3. Karin Groth Bergsdalen

4. John Olav Ørnes Stamnes
5. Bernt Åsen Vaksdal
6. Are Frode Fløysand Dale
7. Geir Hesjedal Stanghelle
8. Jostein Tufte Dale
9. Magne Sv. Lid Bergsdalen

FrPs hovudsaker 2023-2027

Gode oppvekstmiljø
Det kan vere krevjande å væra ung i dag. Krava er store, presset er høgt og mange slit psykisk. Born og unge er framtida vår. Difor satsar FrP på gode oppvekstmiljø. Me skal ha kvalitet i dei gode barnehagane og skulane våre, ei god skulehelseteneste og eit variert idrettsog kulturtilbod for ei meiningsfull og aktiv fritid for born og unge. Me ynskjer i komande periode å få realisert den nye barnehagen på Dale.
Nei til eigedomsskatt
I tider med stigande straum, mat, drivstoffprisar og renter, kjem og rekningar for eigedomsskatt og kommunale avgifter.
FrP vil redusera eigedomsskatten for bustad- og fritidseigedomar i Vaksdal, og på sikt vil me avskaffa den heilt. Vår målsetning er å halda avgifter så låge som mogleg. Kommunen må justera sine utgifter, og ikkje belasta innbyggjarane med meir skatt.
Helse og omsorg
På Vaksdal ynskjer me at ein skal kunna leva heile livet, også som senior. Mange lever aktivt, men enkelte er urolege for kva framtida bringer. Vårt mål er å tryggje gode omsorgs- og heimetenester i heile kommunen.
Me vil styrkje bruken av tryggleiksteknologi for ein tryggare kvardag. Viss det vert behov for meir omsorg, har me tilpassa tilbod i Vaksdal og Dale, og sambuar/ ektepar skal få bu saman.
Me vil ha eit ekte kjøkken i Vaksdal for heimelaga mat.
JA-haldning
Mange kjenner at det offentlege kan vera utfordrande, særleg når søknads- og planprosessar drøyar. FrP har sett framsteg, men vil fortsetja innsatsen for at Vaksdal skal bli ein JA-KOMMUNE; ein som møter innbyggjarar, ny-etablerarar og næringsliv med openheit. Målet er å effektivisera og gjera forvaltninga enklare. Me vil støtta vekst overalt i kommunen, inkludert bustadbygging i bygdene. Kort sagt, ein kommune som seier JA og høyrer på deg!
Frivillig sektor
Frivillig sektor møter utfordringar som høge straumprisar og redusert dugnadsånd. Men idrett, friluftsliv og kultur er essensielle. Gode tilbod skapast i samspel mellom offentleg, privat og frivillig. Derfor vil FrP styrkja frivilligheita. Vaksdal kommune skal støtta og samarbeida med frivillig sektor, bl.a. for å oppgradera Geitabakken og anlegget ved DIL sitt klubbhus. Vidare vil me fremja møteplassar for ungdom.
Samfunnsutvikling
Vekst, trygg samferdsle og auka folketal er kritisk for Vaksdal framover. K5-bane og veg, pluss ny trafostasjon på Dale, kan boosta næringslivet. FrP prioriterer K5 og tryggleiken på vegane. Utover dette vil me leggja til rette for gründarar, nyetableringar og jobbskaping. For mange familiar er lokale jobbar avgjerande. Difor vil me fokusere på bustadbygging, ny næringsplan og støtte næringsarbeidet. Målet er aktiv samfunnsutvikling.
