Fitjar FrP - Valbrosjyre 2023-27

Page 1

Fitjar FrP

Ekte, Framoverlent, Handlekraftig

Program for 2023 - 2027

Nei til eigedomsskatt

Ja-haldning i arealsaker

Fritt skuleval Helse- og eldreomsorg

Industri, næring og utvikling

Økonomistyring

8.kandidat

Stabil og tydeleg styring

Perioden 2019-23 har vore spanande. Vi har hatt varaordførerposisjonen i Fitjar kommue og vi treng i perioden som kjem, ei stabil og tydeleg politisk leiing som kan setja retning, og få fart på kommunen. Vi er styringsdyktige. Fitjar FrP har eit godt lag med seg inn i valet.

Vi ynskjer at du som innbyggjar skal vere trygg på at dei som jobbar i kommunen vil ditt beste. Når du sender ein søknad, uansett om du vil byggje eit naust, få tryggare skuleveg, eller ynskjer ein plass i barnehage, skule eller sjukeheim - så skal søknaden din bli tatt på alvor. Du skal få raskt svar, og den hjelpa du treng.

Fridom er kjerna i all politikken vår. Det er også eit verdival mellom offentleg kontroll og fridom til enkeltmenneske.

Ein god kommuneøkonomi krev prioritering når vi skal fjerne eigedomsskatten på bustadar, og halde gebyra låge.

Framstegspartiet i Fitjar vil difor prioritere det viktigaste først dei neste fire åra – barnehage, skule, helse, og eldreomsorg. I tillegg skal vi ha ei klår JA-haldning i Fitjar, og utvikla heile kommunen i nært samarbeid med privat og frivillig sektor.

Vi er klar til å ta fatt på jobben om du gjev oss tillit 11.september!

- Meir fridom Fitjar Frp Sigurd Andre Maraas Ordførerkandidat for Fitjar FrP for Vestland FrP Sigurd Andre Maraas ordførarkandidat, Fitjar FrP

• Fitjar kommune skal ikkje bygge opp fonda sine med hjelp av eigendomsskatt!

• Fitjar FrP har lenge arbeida for å redusere eiendomsskatten uten å få gjennomslag. Difor treng vi di stemme i valet slik at me kan lukkast med dette.

• Vi skal lage ein plan for å fase ut denne urettferdige og usosiale skatten på boligen din. Dette klarar vi med og blant anna gradvis auke botnfrådraget samtidig som vi tilpassar kommunens økonomi til inntektsfallet frå denne usosiale skatten.

• Lågast mogeleg gebyr på vatn og avlaup er også ein viktig faktor for oss i Fitjar Framstegsparti. Vi må ta kloke og rette val når vi skal ta igjen etterslepet i denne sektoren. Dette er nødvendig for å halde gebyra lågast mogleg.

- haldning i arealsaker!

• Fitjar FrP vil gje kommunedirektøren eit oppdrag med å utarbeide ein handlingsplan som sikrar at Fitjar kommune vert ein JA-kommune. Dette skal i første omgong gjelde for områda næring, plan og byggjesaker.

• På kort sikt må det etablerast gode arbeidsvanar og felles kultur i all samhandling mellom innbyggjarane og kommunen.

• Fitjar kommune skal i større grad rettleia innbyggjarane i byggjesaker med meir.

• Det skal vera lett å få hjelp i Fitjar kommune.

• Fitjar FrP vil redusere gebyra for førehandskonferanse i plan- og byggjesaker. Første time skal vera gratis.

• Fitjar FrP arbeider for at det skal bli lettare å få bygge i strandsona.

• På lengre sikt kan arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel finna løysingar på kva det inneberer å vera ein Ja-kommune på alle tenesteområder. Innbyggjarar, politikarar, tilsette, organisasjonar, samfunnsaktørar mfl., vil då få ta del i denne diskusjonen gjennom medverknadsarbeidet til planen.

• «Ja» eller «nei» til noko kan opplevast ulikt. Kommunale avgjersler må halda seg innafor lovar og føreskrifter, men det er viktig å vera løysingsorientert innafor regelverket. Ein «Ja-kommune» er også bunden av rammevilkår, og kan til dømes ikkje gje byggjeløyve utan å ha dekning i plan- og bygningslova eller i vedtekne reguleringsplanar.

• Rullering av kommunale planprogram er viktig for oss i Fitjar Framstegsparti.

-
Meir Tryggleik Fitjar Frp
Eigedomsskatten skal fjernast i neste periode! Ja

Fritt skuleval.

• Meir fridom i barnehage og skule.

• I Fitjar har vi full barnehagedekning. Vi har ein kommunal barnehage og fleire private barnehagar med ulike fokusområder. Vi i Fitjar FrP er glade for breidda i tilbodet vårt. Du får sjølv valfridomen til å velje barnehage for bornet ditt. Vi vil arbeida for jamlege og fortlaupande barnehageopptak i Fitjar slik at du får plass når du treng det.

• Fitjar kommune har tre skular med ulik storleik og kvalitetar. Vi meiner at det skal vere fritt skuleval i Fitjar, slik som der er med barnehagen. Uavhengig av kor du bur skal du kunne velje skule utifrå ditt barns behov. Nokon trivs på små skular og andre trivs på ein stor skule. Det er du som føresett som veit best kva som passar for ditt born, ikkje administrasjonen i kommunen.

• Det skal ikkje vere slik at du vert nøydd til å flytte til ein anna del av kommunen for å få plass på den skulen som bornet ditt vil gå på.

• Vi vil setje av midler til fleire miljøarbeidarstillingar i Fitjarskulen.

• Vi vil jobbe for å førebyggje bruk av rusmidler blant elevar. Tidlig innsats for ein tryggare kvardag for alle.

• Vi vil jobbe for at rett innstans skal setjast inn med ein gong når ein elev slit. Hjelpa må kome raskt.

• Skulen skal vera ein trygg og god plass å vera på for alle, både elevar og lærarar og andre tilsette.

Styrkja helseog omsorgstenesta

• Fitjar FrP vil at du skal glede deg til å verta gamal. Ein sjukeheim skal ikkje opplevast som ein siste oppbevaringsplass, men som ein stad som tilbyr ein spanande kvardag for våre eldre gjennom aktivitet og glede. Ein god livskvalitet heilt til livets slutt er ein av våre hjartesaker.

• Dersom ein ynskjer å bu heime skal vi gje dei mogelegheita til det, og sørgje for den hjelpa dei treng for å klara seg sjølve. Om ein ikkje ynskjer å bu heime skal vi bidra til at overgangen til ny bustad vert så god som mogeleg.

• Fitjar FrP vil garantera at kjøkenet ved Fitjar bu- og behandlingssenter skal bestå slik som det er i dag, og i åra som kjem.

• Me vil styrkja pleie- og omsorgstilbodet for eldre som bur heime og på institusjon. Dette vil vi klare med å fortsette arbeidet med vidareutvikling av vikarpoolen vår. Dette vil gje oss fleire fulle stillingar i kommunen.

• Fleire hender på jobb vil føre til reduksjon i vikarbruk og reduksjon i sjukefråver.

• Vi vil også styrkje psykiatritenesta i Fitjar kommune. Dagens ungdom har eit forventningspress og andre utfordringar som gjer kvardagane deira tøffe og vanskelege. Her skal vi jobbe for å styrkja hjelpa til borna og ungdomane våre.

- Meir omsorg Fitjar Frp

Industri, næring og utvikling

• Me vil fortsette å legge til rette for meir industri og nye arbeidsplassar i Fitjar både til lands og til vanns, gjennom å fortsette og utvikle eksisterande industriområde, samt lage nye industriområde i kommunen vår.

• Fitjar FrP har vore ein pådrivar for den nye reguleringsplanen i Årskog, noko me er særs stolte av. Resultatet viser seg no, med tomtesal og store investeringar i området. Dette hadde me ikkje fått til utan engasjerte lokalpolitikarar.

• Fitjar FrP er også med på å utvikle Sandvikvågen næringspark, samt at me vil gjennom arbeidet med ny kommuneplan leggje til rette for blant anna Svartasmoget Sør industriområde.

• Me er og positive til nye næringer, som små kjernekraftanlegg, hydrogenproduksjon, oppdrett på land og anna produksjon av ulik art.

• Me har ein grunnleggande JA-haldning til næringslivet, og vil gje dei raskast mogleg saksbehandling i planog byggesaker.

• Fitjar kommune skal vere ein god kommune og drive næring i.

• Ei slik satsing vil bidra til auka inntekter til Fitjar kommune.

• Me skal ta vare på landbruket i Fitjar, støtte dei som satsar, legge til rette for enklare prosessar for å få dyrka nye område.

• Me vil leggja til rette for vekst i turistnæringa, og gjera Fitjar til ein attraktiv kommune å stoppe i. Her treng me ein meir heilskapeleg og langsiktig plan.

• Fitjar FrP skal arbeida for å selje ut kommunale eigedomar som ikkje er relevante for lovpålagt drift.

• Fitjar FrP meiner at det er kvaliteten på tenesta som er vesentlig for innbyggjarane, og ikkje om den er produsert av private aktørar eller kommunen.

• Vi skal fortsetje å arbeide systematisk med sjukefråværet i Fitjar. Fitjar kommune skal vera ein god arbeidsgjevar.

• Fitjar har store investeringar framfor seg for å sikra nok reint vatn til innbyggjarane. Her må me sjå på finansieringsmodellen, for å sikre lågast mogeleg gebyr.

• Fitjar FrP støttar friviljug arbeid i bygda. Vi set pris på arbeidet som dei ulike friviljuge laga og organisasjonane gjer gjennom året. Dette er eit lim i samfunnet vårt, det skapar samhald og tryggleik. Dette skal vi ta vare på.

• Fitjar FrP arbeider for å betre fritidstilboda til ungdomane våre på kveldstid.

• Vi skal fullføre etableringa av E-sport senteret.

• Vi er positive til eit offentlig privat sammarbeid om bygging og drift av symjeanlegg i Fitjar. Dette kan gje oss eit skikkelig løft som ein framtidsretta, attraktiv og bærekraftig kommune.

• Vi skal sikra at kyrkja i Fitjar har gode driftsvilkår. Kyrkja er viktig i bygda vår.

- Meir økonomisk handlefridom Fitjar Frp
Økonomi og kommunal drift.

Ein kommune for alle

• For Fitjar FrP er det viktig at alle i kommunen blir varetekne. Når ein innbyggjar oppsøker ei kommunal teneste, skal det vere føreseieleg. Dette gjelder både for privatpersonar og næringsliv. Alle skal vera trygge på at dei blir varetekne på best mogeleg måte.

• Ein JA-haldning må vi ha, og ingen skal seie «nei» utan ein god grunn.

• Fitjar FrP ynskjer å utvikle byggeklare tomter i heile kommunen. Folk må få bu der dei ynskjer.

• Vi vil byggje leiligheiter i Fitjar som innbyggjarar kan få leige og på sikt eige, etter «leige før eige» prinsippet. Dette vil gjere det enklare for ulike grupper å komme seg inn på boligmarknaden. Eit område som kan vere eigna til dette er til dømes den gamle kommunale barnehagetomta i Fitjarstølane.

• Fitjar FrP ynskjer at det skal bli enklare å byggje naust, rorbuer og flytebrygger.

• Fitjar FrP ynskjer å sette av attraktive område for ulik næringsveksemd.

• Fitjar FrP vil kjempa mot Statsforvaltaren sine udemokratiske inngrep i våre arealsaker i Fitjar. Det er vi som politikarar som skal setje kursen i Fitjar kommune. NB!

Tidlegstemming starter 3.juli, og ordinær forhåndsstemming er åpen fra 10.august.

I valg lokalet finner du to valglister: Rosa kant for kommunevalget Blå kant for fylkestingsvalget.

I kommunevalget kan du rette på stemmesedlene: Sette kryss ved en kandidat for å gi vedkommende en ekstra personstemme. Før opp en listekandidat fra et annet parti for å gi vedkommende en ekstra personstemme.

Alle som fyller 18 år i løpet av 2023, og er bosatt i kommunen pr 30. juni, har stemmerett.

Du trenger ikke være norsk statsborger for å stemme i lokalvalget. (Personer utenfor Norden må ha 3 års botid i Norge).

Det eneste du trenger å ha med deg i valglokalet er gyldig legitimasjon m/bilde

Du trenger ikke valgkortet (blir sendt i Posten), men dette letter arbeidet i valglokalet.

- Få fart på Fitjar Fitjar Frp
I år er det både kommuneog fylkestingsvalg.

Saman skal me sørgja for forandring i Fitjar

- Stem FrP lokalt Fitjar Frp
1. Sigurd Andre Maraas 2. Jo Kjetil Strand 4. Julian Helland 3. Mariann Bukkøy 5. Frank Solli 7. Johnny Helland 6. Barbara Rimbereid 8. Martha Linn Vik Lekven 10. Karsten Helland
11 Terje Stokken 12 Jon Sigve Opheim 13 Kristine M Heggøy 14 Alf Røyrøy 15 Bjarne Heggøy 16 Odd Jarl Larsen 17 Åge Nesbø 18 Anja Kleppe Maraas 19 Konrad Westvik 20 Karl Even Helland 21 Salomon Aarbø 22 Ole Vidar Helland 23 Ingfrid K. Stadheim Gloppen Vi skal vere  ombudsmenn og ombudskvinner  for innbyggjarane i kommunen vår. Dronefoto: kunstivest.no
9. Audun A. Mehammer

Verdiskapingsfylket Vestland

Stem FrP ved kommuneog fylkestingsvalet!

Fylkesordførarkandidat

Vestland FrP

Terje Søviknes

FrPs prioriteringar i fylket:

- Fritt skuleval og satsing på yrkesfag

- Utbygging og vedlikehald av fylkesveg

- Nei til bybane over Bryggen

- Nei til bompengefinansiert bybane til Åsane

- Ja til eit godt kollektivtilbod i heile fylket

- JA-haldning i arealsaker

- Verdiskaping og arbeidsplassar

Vestland FrP stiller ei knallsterk liste til fylkestingsvalet 2023:

1. Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

2. Sigbjørn Framnes (Stord)

3. Renate Møgster Klepsvik (Austevoll)

4. Martine Jordana Baarholm (Bergen)

5. Frank Willy Djuvik (Kinn)

6. Stig Abrahamsen (Askøy)

7. Helge Stormoen (Bergen)

8. Sigurd Andrè Maraas (Fitjar)

9. Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

10. Rita Navarsete (Sogndal)

11. Hogne Bleie (Stad)

12. Frode Nygård (Kvam)

13. Anita Garlid Johannessen (Øygarden)

14. Martin Virkesdal Jonsterhaug (Bergen)

- Stem for eit offensivt Vestland!

15. Mary Ann Mostraum (Alver)

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.